Historisk arkiv

Merkedag for norsk romindustri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa har bestemt at Noreg skal be EU om å få delta på EU-sida i utviklingsfasen av det prestisjetunge satelittnavigasjons- systemet Galileo. Noreg bidrar med totalt 152 millionar kroner til prosjektet, og dette vil gje norske høgteknologibedrifter høve til å konkurrera om oppdrag når det gjeld utvikling av satellittar og bakkestasjonar. (02.12.04)

Merkedag for norsk romindustri

Representantar for norsk romindustri venta i spenning då nærings- og handelsminister Børge Brende tysdag kom på besøk til Norsk Romsenter i Oslo. Og applausen let ikkje venta på seg då Brende kunngjorde at Regjeringa vil søkja EU-kommisjonen om å få delta i utviklinga av satellittnavigasjonssystemet Galileo. –Ein merkedag for norsk romindustri, var den unisone tilbakemeldinga frå representantane for blant anna Kongsberg Seatex, Norsk Industriforum for romvirksomhet og Det norske Veritas.

Regjeringa, med Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet i spissen, søkjer no om å få starta forhandlingar om deltaking på EU-sida i utviklinga av Galileo. Noreg bidrar med totalt 152 millionar kroner til utviklingsfasen av prosjektet.

Brende fokuserer på at at dette er ein vinn-vinn-situasjon for Noreg. –Me får innverknad på utviklingsprosessen av Galileo, i tilllegg til at norsk industri får høve til å delta i prosjektet på lik line med bedrifter i EU-land.

Administrerande direktør Rolf Skår ved Norsk Romsenter peika på at dette var ein milepæl for norsk romindustri. – Eg håpar statsråden kan leva med at me har vore svært utålmodige i denne saka, sa Skår i sitt innlegg. Politisk rådgjevar i Fiskeri- og kystdepartementet, Jorhill Andreassen, snakka om kor viktig det er at me får eit navigasjonssystem med god dekning i nordområda. –Galileo vil vera eit stort framsteg, blant anna for redningstenesta, i eit område som er prega av både mørketid og spesielt hardt klima.

Galileo omfattar 30 satellittar for navigering på land, til sjøs og i lufta. EU har sett som mål at Galileo skal kunna vera i drift frå 2008.

Les pressemelding om Galileo.



Nøgde næringslivsleiarar har samla seg rundt representantane frå Regjeringa og Norsk Romsenter.

2. desember 2004