Historisk arkiv

Finansdepartementet har oppnemnt eit lovutval som skal vurdere reglane om tilleggsskatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Finansdepartementet

44/2001

Pressemelding

Nr.: 44/2001
Dato: 30.04.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811/
Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 952 14 283

Finansdepartementet har oppnemnt eit lovutval som skal vurdere reglane om tilleggsskatt

Tilleggsskatteutvalet skal vurdere systemet med tilleggsskatt, mellom anna høvet mellom tilleggsskatt og straff ut fra dei krava Menneskerettighetskonvensjonen set. Utvalet skal også foreslå eventuelle endringar i gjeldande ordning.

Dagens reglar om tilleggsskatt har vore praktisert i 14 år, og det har i denne tida oppstått mange og vanskelege tolkingsspørsmål. Mellom anna har Høgsterett avsagt ein dom som slo fast at auka tilleggsskatt må reknast som straff etter Menneskerettighetskonvensjonen.

Eit administrativt reaksjonssystem er påkravd for å kunne handheve den opplysningsplikta som er pålagd det store talet skattytarar effektivt. Utvalet skal likevel sjå på rekkjevidda og den nærare utforminga av systemet.

Utvalet blei oppnemnt 26. april 2001 med medlemene:

Lagdommar Mary-Ann Hedlund (leiar)

Direktør Jan Syversen, Skattebetalerforeningen

Ligningssjef Liv Kari Mjelva, Ligningsutvalget

Advokat Liv Torill Evenrud Kjeldsberg, Advokatforeningen

Advokat Frode Elgesem, Regjeringsadvokaten

Førstestatsadvokat Morten Eriksen, ØKOKRIM

Seniorrådgiver Ellen B. Moi, Skattedirektoratet

Lovrådgiver Bjørn Berre, Finansdepartementet

Utvalet skal levere utgreiinga si innan 31. mai 2002.

Mandat til utvalet er lagt ut her