Historisk arkiv

Kinoane kulturpolitisk viktige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 101/00
Dato: 13.12.2000
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Roy Kristiansen, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 04

Kinoane kulturpolitisk viktige

- Kinoen er mellom dei mest populære kulturtilboda våre og er kulturpolitisk viktig, understreka kulturminister Ellen Horn onsdag, då ho tok mot utgreiinga frå leiaren i Kinopolitikkutvalet Dagfinn Sundsbø.

- Ein godt fungerande kinosektor står sentralt i arbeidet med å gi filmen best moglege rammevilkår, sa statsråd Horn. På pressekonferansen viste ho til arbeidsdelinga som gir staten ansvaret for å leggje tilhøva til rette for filmproduksjon, mens kommunane har ansvaret for kinoane.

Utvalet har sett på utfordringar som kan føre til endringar i kinostrukturen, eigarskapen og drifta av kinoane, gått gjennom mål og verkemiddel i kinopolitikken og legg fram ei rekkje forslag på grunnlag av dette. Kulturdepartementet vil no sende utgreiinga på høyring.

Vedlegg (Pressemelding frå Kinopolitikkutvalet om utgreiinga)

Utgreiinga blir lagd ut på Internett:

http://odin.dep.no/kd/norsk/publ/utredninger/p10001868/