Historisk arkiv

Nye reglar for opptak til medisin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

22.11.00 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har fastsett nye reglar for opptak til medisinstudiet. Dei nye reglane skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2002-03.

Pressemelding

Nr.: 095-00
Dato: 22.11.00

Nye reglar for opptak til medisinstudiet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har fastsett nye reglar for opptak til medisinstudiet. Dei nye reglane skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2002-03. Reglane er delvis ei vidareføring av dei reglane som no gjeld for opptak medisinstudiet ved universiteta. Samstundes er dei nye opptaksreglane for medisin ein del av regelverket som gjeld for dei andre grunnstudia ved universiteta og høgskolane.

Reglane for medisin avvik frå dei felles reglane når det gjeld tilleggspoeng. Her kan søkjarar maksimalt få 12 tilleggspoeng. Det vert ikkje gitt alderspoeng ved opptak til medisinstudiet.

Det skal framleis vere høve til å oppnå tilleggspoeng for 2 års høgre utdanning, men avbroten profesjons- eller yrkesutdanning skal ikkje lenger kunne gi poeng.

Det skal framleis vere høve til å få tilleggspoeng for arbeidspraksis, men det blir stilt krav om at arbeidspraksis som skal gi poeng må vere relevant for medisinstudiet.

Rundskriv F-051-00