Historisk arkiv

Dugnad for fornying! Personalpolitiske utfordringar i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Akademikernes inntektspolitiske konferanse, 8. februar 2006.

Dugnad for fornying! Personalpolitiske utfordringar i staten

Innlegg av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Akademikernes inntektspolitiske konferanse, 8. februar 2006.

Ein konstruktiv dialog
Aller først - takk for invitasjonen. Det er ei stor glede for meg å vere her! Som fornyings- og administrasjonsminister har eg ansvaret for å samordne regjeringa sitt fornyingsarbeid. Dette arbeidet vil ha høg prioritet. Eg er òg her fordi mitt departement har ansvaret for den overordna arbeidsgivarpolitikken i statleg sektor – og dermed også for staten sin personalpolitikk. Som det går frem av tittelen på innlegget, vil eg først og fremst snakke om fornying - og dei personalpolitiske utfordringane fornyinga reiser i staten.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for denne regjeringa, vil vere å leggje forholda til rette for eit trygt og godt arbeidsliv for alle. Regjeringa vil satse på fellesskapsløysingar og ein sterk offentleg sektor. Vår oppgåve er å styrke, fornye og vidareutvikle det norske velferdssamfunnet. På den måten kan vi sikre innbyggjarane: Gode tenester, valfridom og medverknad.

Skal regjeringa lukkast, treng vi mange gode hjelparar. Vi treng eit aktivt og godt samarbeid med fagrørsla. Ei sterk fagrørsle er ein garanti for demokratiet.

Eg vil difor invitere Akademikarane til ein konstruktiv dialog om dei viktige oppgåvene regjeringa skal ta fatt på. Og eg forventar at Akademikarane stiller opp for å fornye offentleg sektor! Det betyr ikkje at vi vil vere samde om eitt og alt. Og det er greitt. Sjølv i saker der vi er usamde, vil eg leggje opp til ein konstruktiv dialog.

I Soria Moria- erklæringa har regjeringa sett seg ambisiøse mål i fornyingsarbeidet. Desse måla er det ikkje mogleg å nå utan: Felles innsats, entusiasme og pågangsmot.

Full fart i fornyinga av offentleg sektor
Det er gått 20 år sidan dei første ”fornyingsplanane” i staten. Mykje har skjedd sidan administrasjonsdepartementet gav ut planen med tittelen: ”Den nye staten”. Offentleg tilsette har vist ein vilje og evne til å vere med på omstilling eg trur politikarar i dei aller fleste andre land vil misunne oss. Til gjengjeld har vi kanskje fått den beste offentlege sektoren i verda. Vi blir rangerte heilt i verdstoppen både når det gjeld livskvalitet og næringslivet si konkurranseevne.

Denne regjeringa ønskjer å ha full fart framover i fornyinga av offentleg sektor. Gjennom fornyinga vil vi:

  • Innrette tilbodet til brukarane. Vi vil organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov der dei er – uavhengig av lommebok og sosial status. Det skal vere enkelt å ta kontakt med det offentlege – og du skal få rettferdig behandling.
  • Ha som mål å løyse fellesskapsoppgåvene så effektivt som mogleg - for å frigjere pengar til høgt prioriterte oppgåver. Men det skal ikkje gå ut over kvaliteten på tenestene.
  • Arbeide aktivt for ei opa forvaltning som gir folk flest kunnskap om, og innsikt i, offentlege aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat.
  • Offentleg sektor skal vere ein spennande og utviklande stad å jobbe – og vi vil inkludere dei tilsette i arbeidet med fornying.

Kvifor treng vi å fornye?
For det første, fordi vi i regjeringa har høge ambisjonar. Vi vil at det offentlege framleis skal spele ei nøkkelrolle for velferd, sosial tryggleik og verdiskaping. Av omsyn til industrien og nye generasjonar skal vi ha handlingsregelen som rettesnor på bruken av oljepengar. Dersom vi skal klare å innfri våre ambisiøse mål, må vi i tillegg frigjere pengar gjennom effektivisering.

Eldrebølgja gjer det ekstra viktig. La meg illustrere det. I 1995 var det 3 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Litt forenkla kan vi seie at den nyfødde hadde tre oldeforeldre. I 2050 er det ikkje lenger 3, men meir enn 8 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Mange vil oppleve å ha alle oldeforeldre på plass når dei blir fødde.

Den andre grunnen til at vi vil fornye, er at vi vil sikre oss at dei pengane vi set inn i offentleg sektor, faktisk gir dei resultat som innbyggjarane forventar. ”Supergenerasjonen”, dei som no er mellom 40 og 60, vil ikkje nøle med å etterspørje private løysingar om vi ikkje klarer å fornye offentleg sektor. Denne, til no mest privilegerte generasjonen, vil tvinge det offentlege til å tenke nytt. Både når det gjeld brukarmedverknad – og når det gjeld individuell tilpassing av tenestene.

Vi skal lytte til brukarane – og vi skal møte dei med respekt. Vi vil ha ein offentleg sektor som yter tenester av høg kvalitet – og som er tilpassa det brukarane etterspør. Det gjeld alt frå barnehageplass, til informasjon som småbedriftene treng og til fornying av pass og førarkort.

Den siste grunnen til at vi skal fornye, er at vi alltid skal vere sikre på at offentleg sektor er i takt med tida. Vi må difor vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar - og måten desse er organiserte på. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behova endrar seg - for at dei skal bli stadig betre.

Kva vil vi gjere?
Vi er allereie i gang med store reformer som kjem til å bety mykje i åra framover. Det er sjølvsagt viktig at pensjonsreforma kjem i hamn, skal sei litt meir om det mot slutten av innlegget.

Av organisatoriske reformer vil den nye arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) vere den største. Så mykje som ein tredjedel av statsbudsjettet går til denne posten. Reforma vil få verknad for om lag 16 000 årsverk i Aetat, trygdeetaten og på sosialkontora. Vi trur at denne reforma, kan hjelpe oss med eit av dei største problema vi møtte då vi overtok regjeringskontora: Dei nærare 700 000 som står utanfor arbeidslivet på ulike sosial- og trygdeordningar.

Allereie no veit vi noko om dei reformene vi skal ha på teiknebrettet dei neste åra. Forvaltningsreforma vil vere ei av dei viktigaste. Formålet er å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling.

Reformarbeidet vil innebere at det må gjennomførast ei vurdering av fylkesmannsembeta si rolle, oppgåver, organisering og inndeling. Som administrativt overordna fylkesmannsembeta, vil mitt departement ha ei sentral rolle i dette arbeidet.

Timeplanen er realistisk, men ambisiøs; Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreia så lenge, og skuva på fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd.

Dei offentlege oppgåvene skal løysast på ein effektiv og god måte, både sett frå vår side, men ikkje minst frå mottakaren av tenesta si side. Nokre oppgåver løyser faktisk staten best. I motsetning til den førre regjeringa, vil vi leggje mykje større vekt på å inkludere dei tilsette - og deira organisasjonar i dette arbeidet.

Når det er sagt, forventar eg at organisasjonane viser vilje og evne til fornying - både gjennom ord og handling.

Opningstider
Opningstidene i det offentlege må tilpassast behovet til innbyggjarane på ein betre måte. Fysiske opningstider er framleis viktig fleire stader, sjølv om offentlege tenester også blir tilgjengelege på nettet. Mange statlege verksemder er opne for innbyggjarane innanfor den generelle arbeids- tida sommar og vinter. Avtalane i staten er ikkje til hinder for å nytte andre arbeidstidsordningar enn den ordinære. Vi må vise vilje til å prøve ut nye og fleksible arbeidstidsordningar for å oppnå meir brukarvenlege opningstider – også i staten.

Inntektspolitikken
Eg synest det er gledeleg å registrere at næringslivet er optimistiske med omsyn til den framtidige sysselsettinga. Kvar sjette norske arbeidsgivar forventar å tilsette fleire i første kvartal i 2006. Slår desse prognosane til, vil det bety ei auke i sysselsettinga på om lag 40.000 årsverk. Det er ei god utvikling!

Høg sysselsetjing, stabil økonomi og bærekraftig utvikling ligg til grunn Regjeringa sin økonomiske politikk. Inntektspolitikken har lenge vore ein viktig del av den økonomiske politikken. I dag legg inntektspolitikken vekt på samarbeidet med partane i arbeidslivet, langsiktige målsetjingar og ei klar ansvars- og rollefordeling i den økonomiske politikken.

Eit hovudmål for inntektspolitikken er å medverke til at kostnadsveksten i Noreg ikkje kjem ut av kurs i forhold til utviklinga hjå våre handelspartnarar. Ei balansert utvikling i norsk økonomi, krev at omsynet til konkurranseevna skal ligge til grunn for gjennomføringa av inntektsoppgjera. For å møte konkurransen, kan norske bedrifter over tid ikkje ha ein sterkare kostnadsvekst enn våre handelspartnarar.

Sjølve gjennomføringa av inntektsoppgjera er derimot partane sitt eige ansvar.

Frontfagmodellen
Regjeringa meiner at det er nødvendig med ein sterk konkurranseutsatt sektor. Ei nedbygging av konkurranseutsatt næringsliv vil vere uheldig for sysselsetjinga, svekke distrikta og tappe landet for kompetanse.

For å sikre at den samla lønsutviklinga vert tilpassa konkurranseutsatt sektor – er det viktig at denne sektoren inngår avtalar først, og at lønsveksten i dei andre sektorane vert tilpassa den ramma som er lagt. Dette er det også brei semje om. Omsynet til konkurranseutsatt sektor har difor vore ein bærebjelke i frontfagmodellen.

Når det er sagt, bør det også vere slik at det er partane innanfor dei enkelte avtaleområda som sjølv kjem fram til korleis lønsveksten bør fordelast på ulike grupper. Det betyr at vi må kunne ha ei fleksibel innretting mellom dei ulike tariffområda.

Personalpolitikken i staten
Eg vil i det følgjande ta utgangspunkt i verdiar og mål som eg legg til grunn for den overordna statlege personalpolitikken, og omtale nokre av dei områda som mitt departement arbeider med – og som eg vil vere særleg oppteken av i tida framover.

Regjeringa vil sikre ein inkluderande personalpolitikk med vekt på trygge arbeidsvilkår. Personalpolitikken skal medverke til at staten yter eit godt tenestetilbod av høg kvalitet. Staten skal vere ein attraktiv arbeidsgivar og ein spanande arbeidsplass gjennom heile yrkeslivet.

Kvaliteten på statlege tenester er avhengig av at vi har rett kompetanse, og at vi klarer å bruke kompetansen til beste for innbyggjarane og for næringslivet. Personalpolitikken skal stimulere til individuell og kollektiv kompetanseutvikling. Eg er oppteken av at vi tek i bruk dei menneskelege ressursane på ein betre måte gjennom alle livsfasar, og at vi får til ei meir likestilt fordeling av kvinner og menn på alle nivå.

Omstilling i staten skal gjennomførast utan at det fører til utstøyting og auka sjukefråvær. Då må arbeidsgivarane leggje til rette for at den einskilde medarbeidar kan vidareutvikla sin verdi på arbeidsmarknaden gjennom heile yrkeslivet, og ikkje hamne i ei kompetansemessig bakevje. Samstundes er det viktig at den enkelte sjølv tek initiativ til dette.

Leiing og fornying
Vi treng motiverte, kompetente medarbeidarar som er stolte av jobben sin, for å lukkast i fornyingsarbeidet. Og vi treng gode leiarar som lukkast i å engasjere både hjerne og hjarte.

Leiarane i staten spelar ei viktig pådrivarrolle i arbeidet med fornying.

Leiaransvaret inneber mellom anna å vise vegen – og leggje til rette for omstilling og utvikling. Å vere leiar inneber også å sørgje for ei god dagleg drift – og ikkje minst å ivareta arbeidsgivaransvaret og ein god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar. Eg har sjølv erfaring som leiar – og har opplevd det som ei svært utfordrande, men også ei krevjande oppgåve.

Eg vil særleg rette fokus mot det samfunnsansvaret som statlege leiarar har med omsyn til mangfald og inkludering, og til tillit og etikk.

Denne regjeringa er oppteken av at leiarane i staten legg til grunn eit breitt perspektiv på leiing, og eg vil starte med nokre av dei sentrale rammene for så å gå nærare inn på personalpolitiske satsingar.

Embets- og tenestemannslova blei oppheva – den gamle tenestemannslova held fram
Bondevik-II-regjeringa vedtok ei ny embets- og tenestemannslov. Den fjerna mange av dei særskilde vernereglane som gjeld for embets- og tenestemenn i staten. Vi har oppheva embets- og tenestemannslova og Stortinget har vedteke at den nogjeldande tenestemannslova blir ført vidare. Vi har gjort nokre få, tekniske endringar for å tilpasse lova til den nye arbeidsmiljølova, men elles blir tenestemannslova ståande som i dag.

Men det er ikkje alle sider ved tenestemannslova som verkar like godt. Eg har nemnt for hovudsamanslutningane ein tanke om å setje ned eit utval til å sjå nærare på lova – og fått positive tilbakemeldingar på det. Ei årsak til at vi treng å sjå nærare på lova, er prosedyrane for tilsetting. Mange verksemder mister godt kvalifiserte søkjarar, fordi prosessen tek for lang tid. Dette bør det gjerast noko med.

Dessutan treng vi, på sikt, ein grundig gjennomgang av embetsmannsordninga. Dette fall utanfor Arbeidslivslovutvalet sitt mandat. Eg vil sjå om det ikkje er mogeleg å fornye tenestemannslova utan å redusere stillingsvernet til dei statstilsette, men dette skal altså gjerast i samarbeid med organisasjonane.

Hovudtariffavtala i staten
Eg har invitert partane til eit nærare samarbeid om hovudtariffavtala i staten. Eg trur det kan vere gode grunnar til å fornye og forenkle hovudtariffavtala. Det kan difor vere teneleg om partane set seg ned saman, for å sjå både på strukturen og innhaldet i avtala.

Løns- og personalpolitikken i staten bør ta fleire omsyn. Personalpolitikken bør vere både tydeleg, føreseieleg og motiverande.

For meg er det viktig at ei vidareutvikling av løns- og forhandlingssystemet skjer i nært og konstruktivt samarbeid mellom staten og organisasjonane til dei tilsette. Eg har difor tatt initiativ til at staten set seg ned saman med hovudsamanslutningane for å sjå nærare på dette, og eg er trygg på at partane sjølve finn fram til kva form dette samarbeidet bør ha – fram til hovudoppgjeret til våren og kanskje òg over i neste tariffperiode.

Arbeidsgruppa med Akademikerne
For å unngå arbeidskonflikt i 2005, vart som kjent Akademikerne og staten under meklinga samde om å nedsette ei arbeidsgruppe.

Gruppa skal leggje fram forslag som medverkar til at ein større del av lønsfordelinga kan skje lokalt. Gruppa skal utrede dei alternativ som partane meiner er aktuelle for å nå dette målet. Forslag som begge partar tilrår, skal inngå som grunnlag for partane sine vurderingar av framtidige lønsoppgjer, første gong i 2006.

Arbeidsgruppa skal vere ferdig med arbeidet sitt innan 1. mars. Det gjenstår å sjå kva arbeidsgruppa kjem fram til. Etter det eg er kjent med, arbeider begge partane seriøst med dei pliktene som følgjer av møteboka.

Ut over det eg no har sagt, finn eg det ikkje rett å komme med ytterlegare kommentarar til arbeidet i gruppa.

Forsøk med 6-timarsdag/arbeidstidsreform
Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner til å førebu forsøk med ulike organiseringar av arbeidstida – òg kalla 6-timars arbeidsdag (i statlege verksemder) neste år. Dette er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform frå Soria Moria.

Regjeringa ynskjer også å vurdere verknadene av redusert arbeidstid opp mot ei rekkje andre faktorar, mellom anna opp mot målet om eit inkluderande arbeidsliv. I tillegg skal vi sjå om redusert arbeidstid kan gi plass for fleire i arbeidslivet. Det kan òg bidra til at fleire står i jobb fram til pensjonsalderen. Kan vi få folk i deltid til å auke sitt arbeidstilbod? Andre faktorar vil vere: Produktivitet, sjukefråvær og den enkelte sin trivsel og oppleving av tidspress på jobben. Kva arbeidsgivar vinn og taper økonomisk, vil òg bli kartlagt. Vi ynskjer mellom anna å få betre kunnskap om dei makroøkonomiske konsekvensane av ein eventuell reduksjon av normalarbeidstida. I tillegg vil utgreiingane byggje på tidlegare erfaringar med kortare arbeidstid i Noreg - og andre land.

Vi vil sjølvsagt trekkje partane i arbeidslivet med i planlegginga av forsøket.

Eit inkluderande arbeidsliv
Regjeringa har store ambisjonar om å skape eit inkluderande arbeidsliv der ein legg til rette for yrkesdeltaking for alle som kan, og for bruk av arbeidsevna til kvar einskild gjennom eit langt yrkesliv. Det er semje om at erfaringane frå IA-arbeidet skal førast vidare. Den 14. desember i fjor blei partane og styresmaktene samde om innretning og verkemiddel i IA-avtala for dei neste fire åra (2006 – 2009). Den nye IA-avtala har to overordna mål:

  • Å førebyggje sjukefråvær, auke fokus på jobbnærvær og hindre ”utstøyting” frå arbeidslivet
  • Å auke rekrutteringa av personar som ikkje har eit arbeidsforhold

Skal vi nå dei to måla, må vi utvikle arbeidsplassar som reduserer sjukefråværet, og som legg til rette for at dei tilsette kan yte etter beste evne. Samstundes må vi stimulere til større mangfald og toleranse.

Regjeringa ynskjer handling og resultat. Partane vil difor sette konkrete mål og vurdere verkemidla i løpet av våren. Mykje tyder på at eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel gir mindre sjukefråvær. Tilfredse medarbeidarar gir eit betre resultat – både for verksemda og for samfunnet. Eg ynskjer at staten som arbeidsgivar skal gå føre som eit godt eksempel på desse områda.

At tilsette har ulik bakgrunn - gjev ulik erfaring og kunnskap. Det stimulerer igjen til nytenking - og eit rikare sosialt miljø på arbeidsplassen. Det finst fleire gode døme på statlege verksemder, som har gjort ein framifrå jobb her.

Leiarane si involvering i IA-arbeidet har mykje å seie for eit godt resultat. Dei statlege leiarane har med andre ord eit særleg ansvar i denne samanheng. Det er også viktig å lære av korleis samarbeidet med dei tilsette er lagt opp, i dei statlege verksemdene som lukkast best. Eg tek gjerne i mot synspunkt og gode idear på korleis IA-arbeidet kan leggjast opp framover.

Nedsett funksjonsevne
Våren 2004 vedtok regjeringa ein plan for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne i det statlege tariffområdet. Planen er ei oppfølging av delmål 2 i IA- avtala. Målet er at minst 5 prosent av nytilsettingane i ein periode på to år , skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Vi er på gong, har oppnådd ca 2.5 pst –men må jobbe hardt for å nå målet.

I år vil vi introdusere eit trainee-program i sentralforvaltninga for unge, høgt utdanna personar med nedsett funksjonsevne. Erfaringane frå tidlegare program, har vore nyttige å ha med i oppbygginga av det nye.

Det er viktig å gi dei som står utanfor arbeidslivet ein plass innanfor.

Like viktig er det at kollegaer, leiarar og tillitsvalde får erfaring med ein arbeidskamerat som i nokre samanhengar treng tilrettelegging.

Desse tiltaka vil vere til god hjelp i arbeidet med å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne i statleg sektor.

Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn
Også i statleg sektor må vi bli flinkare til å sjå verdien av mangfald. Noreg treng å ta i bruk den arbeidskrafta personar med innvandrarbakgrunn representerer, og dei treng arbeid. Vi veit at arbeid er den viktigaste vegen til integrering.

Sidan 2002 har det vore eit krav om at statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. Om det ikkje vert gjort, skal etatane gjere greie for kvifor.

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen har tatt initiativ til at dette kravet kan verte ei rettesnor for heile arbeidslivet. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Difor er det også viktig for regjeringa å fokusere på dei positive ressursane som ligg i eit fleirkulturelt miljø.

Det er viktig for meg å vere tydeleg på dette: Alle har vi eit ansvar for å integrere tilsette med eit anna språk og ein annan kulturbakgrunn. Eg ventar at statlege arbeidsgivarar og tillitsvalde tek denne utfordringa på strak arm. Vi må bruke dei ressursane vi har, til beste for fellesskapet.

Seniorar som ressurs
Arbeidslivet kan gjere mykje for at seniorane vel å vere yrkesaktive framfor å bli pensjonistar. Departementet har teke initiativ til ei FAFO-undersøking om: Tidligpensjonering og seniorpolitikk i staten (Tove Midtsundstad 2005).

Dei individuelle skilnadene er store. Difor bør verksemdene leggje tilhøva til rette for ei forlenging av yrkeslivet på ein fleksibel måte. Undersøkinga syner at fleire faktorar verkar inn på avgjerda om å fortsette som yrkesaktiv, mellom anna: Leiarskap, deltaking, ansvar (involvering), utdanning og ny teknologi.

Dei neste fire åra har mange høve til å velje tidlegpensjon. Dei som treng det, skal sjølvsagt ha retten til gå ut av arbeidslivet og verte pensjonistar. Vel så viktig, er det at dei som kan og vil arbeide òg må få høve til det.

Vi kan ikkje godta at kvar fjerde AFP-pensjonist som eigentleg ynskjer å arbeide, må gå av med tidlegpensjon slik ei Fafo-undersøking syner. Vi må leggje tilhøva til rette for yrkesdeltaking for alle som kan og vil. Det er bra for den einskilde, for verksemdene og for samfunnet.

Fleire kvinner inn i leiande stillingar i staten
Det er eit mål for regjeringa å ha minst 40 prosent av begge kjønn i statlege leiarstillingar. Eg vil at staten skal vere ein spanande og attraktiv arbeidsplass - for både kvinner og menn. Elles vil vi få dårlegare løysingar. Det har blitt stadig fleire kvinner blant leiarane dei siste åra . På toppnivået har det derimot ikkje vore så store endringar å spore . Av den grunn, vil vi særleg sjå på rekrutteringa til toppleiarstillingane.

Det skortar ikkje på kvalifiserte kvinner. 35 prosent av mellomleiarane i staten er kvinner. I desse stillingane i departementa, er over 40 prosent kvinner. Vi skulle med andre ord ha eit særs godt grunnlag, for å lukkast med å rekruttere fleire kvinner til toppleiarstillingane.

Dei kvinnelege mellomleiarane manglar heller ikkje motivasjon og tru på at dei kan meistre større oppgåver. Mitt departement har gjennomført ei spørjeundersøking blant leiarar i staten. Der seier like mange kvinner som menn, at dei ynskjer ei vidare leiarkarriere i staten. Dei ynskjer å bli toppleiarar . Undersøkinga tyder på at det er mange kvinnelege mellomleiarar som er mogne for større oppgåver. Det er likevel ein viktig skilnad mellom kvinner og menn sine karrieremønster: Kvinnene søker sjeldnare leiarstillingar, om dei ikkje vert oppfordra til det.

Pensjonsreforma
Regjeringa held fram arbeidet med pensjonsreforma i samsvar med avgjerda i Stortinget, og vil legge fram ei Stortingsmelding om dette seinare i år. Meldinga vil innehalde forslag til modell for opptening og uttak av alderspensjon, i tråd med føresetnadane i Stortinget. Folketrygda er grunnmuren i det samla pensjonssystemet. Dei samla ytingane avheng av utforminga av dei øvrige ytingane i pensjonssystemet, som offentleg tenestepensjon, AFP og reglane for kombinasjon av ytingar og arbeidsinntekt. Dette er spørsmål som vi vil komme attende til i den vidare prosessen mot eit pensjonssystem. Arbeidet vert koordinert gjennom Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Vi vil sjølvsagt ha nær kontakt med partane i arbeidslivet i dette arbeidet.

Avslutning
Regjeringa ønskjer fullt trykk på fornyinga i offentleg sektor.

Vi vil ha ein offentleg sektor som forvaltar ressursane til det beste for fellesskapet.

Ved å fornye offentleg sektor tryggjer vi samtidig velferda for dei generasjonar som kjem etter oss. Vår visjon er å overlate til neste generasjon noko som er meir verdifullt enn det vi sjølv overtok.

Skal vi klare det - treng vi ein felles dugnad. Her er alle innspel viktige – ikkje minst frå organisasjonane. Eg håpar Akademikerne vil vere med i ein konstruktiv dialog om dei viktige oppgåvene vi skal ta fatt på.

Eg inviterer dykk til å vere med på ein dugnad.

Fordi felles mål når vi best med felles løft!