Historisk arkiv

Eigedom som kulturarena

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Opning av Kryss-konferansen ved fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Opning av Kryss-konferansen ved fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Kryss-konferansen er ein del av Statsbyggs satsing på kulturplanlegging i byar og tettstader, med blant annan ein rettleiar for kulturplanlegging og nettstaden kryss.no.
 

Med atterhald om endringar under framføring. Sjå lyssark her (PDF)

 

Godtfolk!
Takk for invitasjonen til å opne denne konferansen.
Flott at de har teke initiativ til å setje temaet kulturplanlegging på dagsorden.

Kulturplanlegging er neppe eit omgrep verken kvinna eller mannen i gata vil gje ein einsarta definisjon av på strak arm. Det er ikkje sikkert dei ville vite kva ordet betyr, ein gong. For meg handlar dette om to jamgode aspekt:
- Kulturell aktivitet i og rundt bygningane
- Kulturelle kvalitetar ved sjølve bygningen

Korleis kan desse utnyttast som ei viktig drivkraft i utviklinga av eit geografisk område? Staten og Statsbygg er viktige aktørar, men eg vil understreke at statleg eigedom er mykje meir enn Statsbygg. Vidare er det avgjerande at stat, kommune, fylke og private trekk i same retning.
 
Statlege eigedomsforvaltarar
Statsbygg forvaltar berre mellom 20 og 25 prosent av staten sine eigedomar. Og då har eg ikkje rekna med statlege føretak og selskap, berre dei verksemdene som høyrer under rettssubjektet 'Staten'. Tar vi med statlege selskap og føretak, har Statsbygg berre ansvar for om lag 15 prosent av den samla bygningsmassen.

Forsvarsbygg, universiteta, Kystverket, Kriminalomsorga, Jernbaneverket og Direktoratet for naturforvaltning er alle eksempel på statlege verksemder med ansvar for å forvalte bygningar og/eller eigedom. I tillegg har vi statlege selskap og føretak som Entra, NSB, Helseføretaka, ROM Eigedom AS, Statskog SF med fleire.

Staten, saman med statlege føretak og selskap, utgjer med andre ord ein gigantisk og mangfaldig eigedomsaktør. Dette gir store og spanande moglegheiter over heile landet innanfor feltet kulturplanlegging. Men det gir òg nokre kraftige utfordringar for dykk som møter staten sine mange aktørar.

Når ein i tillegg er avhengig av gjennomslag og forståing hos kommunale planstyresmakter og ulike tekniske etatar, så er vi nok nær kjernen av dilemmaet i kulturplanlegginga: Det manglar ikkje på sympati og gode ønskjer frå ei rekkje ulike offentlege aktørar, det er mange som vil "hauste fruktene", ikkje like mange som vil "plante trea".

Mangfaldet i staten
Her ser vi nokre eksempel på mangfaldet i staten.

Øvst til venstre ser dykk Snåsa Prestegard i Nord-Trøndelag som vert forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Øvst til høgre er det eit bilete av Staupådalsbua i Beiarn i Nordland. Den er del av Statskog sine opne hytter, buer og gammar. Til glede for turgåarar som treng eit krypinn.

Nedst til høgre ser dykk Stabben fyrstasjon heime hos meg i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Automatisering av fyra gir utfordringar både med omsyn til ny bruk av bygningane og tilgjenge for allmennheita. Her trengst det kulturplanlegging. 

Og nedst til venstre den tidlegare Oslo lærarskule ved Slottsparken i Oslo. Eigar og utleigar er statsaksjeselskapet Entra. Her har det skjedd store ting.

Den gamle lærarskulen er som de fleste veit nyleg blitt til Litteraturhuset i Oslo. Eit lettare sjokkert personale fekk 27 000 personar over dørstokken fyrste veka. Nesten på nivå med tilstrøyminga då den spanske klesskjeden Zara opna butikk litt lenger opp i gata.

Kan hende eit eksempel på at kultur kan selje.
 
Fleire statlege bygg
Øvst til venstre Oscarsborg festning. Ein fantastisk eigedom. Flott lokalisering. Spanande historie. No i ny bruk, med Forsvarsbygg som forvaltar.

Øvst til høgre Blaker Skanse. Litt mindre kjend. Men òg ein heilt særeigen eigedom med ei rik historie. I ny bruk. Staten v/Statsbygg er framleis eigar. 

Nedst til høgre fengselet i Leirvik på Stord i Hordaland. Fengselet vart bygd på 1860-talet. Arkitekt Adolf Schirmer laga typeteikningar, likt for alle fengsla i landet. Han vart seinare leiar for det nyoppretta Statens bygningsinspektorat i 1880-åra, datidas  Statsbygg-direktør. Fengselet vart lagt ned på 1960-talet, og kjøpt av Postverket på 1980-talet. Dei ville rive for å gi plass til nytt posthus.

Nedst til venstre Vestbanen i Oslo. Den gamle søyla minner om at dette eingong var ein togstasjon. Fargebruk og design signaliserer eit spenstig og flunkande nytt innhald; Nobels Fredssenter. Eit formidlingssenter som satsar sterkt på moderne teknologi i formidlinga av bodskapen sin. Statsbygg er utleigar. Senteret er fyrste trinn i nye Vestbanen, som på grunn av kulturelle institusjonar kjem til å trekkje store menneskemengder (håpar vi).

Skodespel og restaurant
Blaker Skanse inneheld i dag ulike aktivitetar. Det lokale engasjementet er stort. Om sommaren deltek fleire hundre menneske i Skansespelet. Spelet tek for seg historiske hendingar knytte til Blaker Skanse. Her slår ein minst tre fluger i ein smekk i form av:

  • Formidling av staden si historie
  • Ny bruk av Blaker Skanse
  • Auka aktivitet og omsetning i lokalmiljøet

Nedst til høgre fengselet i Leirvik igjen. Som eg sa i stad kjøpte Posten bygningen. Dei ville rive for å byggje nytt posthus. Men bygget vart berga av lokale, private interessentar. Posten selde i 1997 til eit arkitektfirma. Bygningen er no i ny bruk, mellom anna som restaurant. Hadde Posten fått byggje nytt Posthus, så hadde vel nybygget allereie vore fråflytt i dag. Slikt sett var vel salet ei lukke både for Posten og huset. Og eit eksempel på at private kan spele ein avgjerande rolle.

Fengselet Mat- og Vinkjellar
No har vi i staden freistande matkultur i historiske lokale, hos Fengselet Mat- og Vinkjellar. Ein kan bli svolten av mindre.

Opera på Oscarsborg
Eg nemnde Oscarsborg. Her eit bilete frå ei operaframsyning som allereie har vorte ein tradisjon. 58 000 vitja festninga i 2005. Blant attraksjonane i Akershus berre overgått av Tusenfryd. 

Kultur som drivkraft?
Eg trur potensialet innanfor det vi kallar kulturplanlegging er enormt. Det skjer allereie mykje spanande som kan koplast til omgrepet kulturplanlegging.

Poenget mitt er at så langt, skjer ting litt her og der. Med auka kunnskap og eit større medvit omkring gevinstane ved å tenkje kulturplanlegging i tidlegfasen - både når det gjeld arbeid med arealplan, eigedomsutvikling og aktiv bruk av kulturhistoriske eigedomar - så trur eg vi kan ta lange steg vidare.

Her kan det offentlege spele ein avgjerande rolle - både som eigedomsaktør, planstyresmakt - og ikkje minst som den aktøren som tenkjer samfunnsøkonomi utover eigne eigedomsgrenser. Eg er av dei som meiner at dersom alle aktørar i eit geografisk område tenkjer maksimal profitt innanfor sitt vesle område, så vert området samla sett fattigare, både sosialt og kulturelt – og paradoksalt nok òg økonomisk.

Difor er det så viktig at nokon tek ansvar for heilheita. Viss ikkje stat, kommune eller fylkeskommune tek dette ansvaret, kven skal då gjere det?

Eit anna viktig poeng i det offentlege sitt arbeid med kulturplanlegging er å leggje til rette for det eg vil kalle byråkratisk kreativitet. Med det meiner eg at vi som politiske styresmakter må gje offentlege etatar og verksemder spelerom, slik at dei kan gå inn i denne type arbeid.

Til dømes er det slik at Statsbygg har som hovudmål å skaffe lokale til statlege verksemder på ein effektiv måte. Det å delta i den type prosessar som kulturplanlegging inneber, er i grunnen litt utafor deira målsetjing. Slik trur eg det er for mange offentlege aktørar. Her må vi som politikarar tenkje annleis, og vi må syte for at handlingsromma kjem på plass. Det formelle må òg vere i orden, slik at ikkje dei offentlege aktørane opplever at dei går ut over fullmaktene sine, og difor må takke nei til deltaking.

Fleire og fleire ser at kulturplanlegging skapar ei utvikling av område i byer og tettstader som gjer dei attraktive òg i økonomisk forstand. Dersom alle forstår verdien av dette i ein tidleg fase av eit utviklingsprosjekt, og er innstilt på samhandling, så er det utruleg kva ein kan få til. Men det må skje frå start av.

Kultur er ikkje noko ein skal pynte kaka med etter at alt anna er ferdig. Då vert det liten vinst å dela.

Eg ynskjer lukke til med konferansen som hermed er opna.  Lukke til òg med kulturplanlegging i tida som kjem. Saman kan vi få til mykje.

Takk for merksemda.