Historisk arkiv

Verdas beste offentlege sektor – er digitaliseringa lyøsninga?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg på eForvaltningskonferansen, 19. mars 2007

- Arbeidet med utvikling av felles IT-arkitektur, etablering av fellesløysingar og etablering av forvaltningsstandardar er område som har høg prioritert hos Regjeringa. Dette er naudsynt for at dei offentlege verksemdene skal få etablert gode og effektive løysingar mot innbyggjarane, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys på eForvaltningskonferansen 2007.

Aller fyrst vil eg gje ros til forbunda som saman med Universitetet i Oslo arrangerer konferansen. Eg synest det både er viktig og naturleg at fagrørsla interesserer seg for spørsmål som knyter seg til eForvaltning.

Det er eit imponerande program som er sett saman for denne konferansen. Det vert retta fokus på viktige tema ved utvikling av eForvaltning i offentleg sektor. Det vert stilt mange interessante spørsmål og de har mykje å sjå fram til.

eForvaltning er eit høgt prioritert område for Regjeringa. Vi har, som det vert vist til i tittelen for innlegget mitt, ein visjon om å skape verdas beste offentlege sektor.

Om digitalisering er løysinga, skal eg komme nærare innpå. Men at IKT må spele ei viktig rolle i arbeidet med å skape den beste offentlege sektoren i verda, det er det ikkje tvil om.

Når eg skal snakke om dette, er det nærliggande for meg å nemne stortingsmeldinga om IKT-politikken som Regjeringa la fram før jul. Vi er den fyrste regjering som har lagt fram ein heilskapleg stortingsmelding om IKT-politikken.

Meldinga skal m.a sikre at IT-utviklinga blir eit sentralt tema i samfunnsdebatten, ved å vise kva rolle IKT spelar i økonomien og korleis ein skal nytte teknologien best mogleg, t.d i fornyinga av offentleg sektor og slik  medvirke til å oppfylle våre visjonar for offentleg sektor. Offentleg forvaltning spelar difor ei sentral rolle i meldinga, og eg gløymer sjølvsagt heller ikkje dei som gjer jobben for oss, dei tilsette i stat, fylka og kommunane.

Visjon: Til teneste
Vår visjon om å skape verdas beste offentlege sektor er å  byggje på den nordiske modellen, kor dei viktigaste velferdstenestene vert gitt i offentleg regi. Då må vi heile tida fokusere på korleis vi kan fornye oss, slik at offentleg sektor er slik innbyggjarane forventar. Ein god offentleg sektor er eit viktig bolverk mot privatisering av sentrale velferdsoppgåver. Fagrøyrsla og Regjeringa står saman i dette arbeidet, og det gir oss styrke.

Regjeringa si ambisjon for offentleg sektor er todelt:

  • Vi vil at brukarane skal møte ein open, tilgjengeleg og samanhengande offentleg sektor som tilbyr heilskaplege og fullstendige digitale tenester t.d gjennom gode elektroniske sjølvbetjeningsløysingar på Mi Side eller AltInn.
  • Vi vil effektivisere og frigjere ressursar ved bruk av IKT, for dermed å kunne styrkje det offentlege velferdstilbodet.

Med sterk vektlegging av linjeansvaret i offentleg sektor, kombinert med ei sjølvstyrt kommunal sektor, er elektroniske tenester lite samordna i dag. Vi har 431 kommunar og 341 statlege etatar med eit sjølvstendig avgjerdsansvar for IT. I tillegg finnast det i kvar kommune finst 80-100 forskjellige fagsystem. Løysingane har ofte vore ”lokalt” utvikla, utan at det har vore stilt felles krav frå løysing til løysing. Dette er sløsing med offentlege ressursar! Og slik kan vi ikkje fortsette!

Elektroniske tenester skal bli ein fullverdig kanal mot offentleg sektor. Dette vil krevje ressursar til utvikling og etablering av e-teneste - fyrst og fremst hos dei einskilde verksemdene. Regjeringa vil stille klare krav til at verksemdene i langt større grad må samarbeide om å etablere fleire og betre elektroniske døgnopne tenester. Dette kan nok utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor, men det er naudsynt og vi har KS med oss i tett samarbeid!

Tenestetrappa
Figuren illustrerar at det er høgare terskel, dess meir interaktive og avanserte teneste verksemdene utviklar. Statistisk sentralbyrå har undersøkt korleis IKT vert nytta for å tilby elektroniske tenester i kommunar og statlege verksemder.  Modellen viser at i dag har kun i underkant av 5 % av kommunane og 10 % av dei statlege etatane avanserte tenester på nett – tenester på trinn 4. Mange kommunar bruker heimesida som ei avansert og søkbar informasjonsbrosjyre, men dei utnytter ikkje dei moglegheitene som ligg i å ha interaktive løysingar, til dømes søknad om barnehageplass. Vårt mål må vere å få fleire tenester på trinn 4.

Hovudprinsipp framover vil vere utvikling av elektroniske sjølvbeteningsløysingar, etablering av tverrgåande fellesløysingar og etablering av felles arkitekturprinsipp for offentleg sektor.

Arbeidet med utvikling av felles IT-arkitektur, etablering av fellesløysingar og etablering av forvaltningsstandardar er område som har høg prioritert hos Regjeringa. Dette er naudsynt for at dei offentlege verksemdene skal få etablert gode og effektive løysingar mot innbyggjarane. 

Alle dei relevante tenestene mot innbyggjarane skal ein kunne få på MiSide – som vart lansert før jul. Over 175 000 nordmenn har så langt logga seg inn på sida. MiSide skal vere ein felles inngangsportal til offentlege tenester på nett for innbyggjarane. Innbyggjaren skal ikkje trenge huske kva nettadresse ein må finne for å skifte fastlege, sjekke studielånet, søkje barnehageplass eller melde flytting. Vi samlar alle dei viktigaste tenestene på ein portal for innbyggjaren, med ei felles innloggingsløysing. Vi ønskjer òg å få etablert fellesløysing for elektronisk identifikasjon som kan brukast mot alle offentlege e-tenestar. Eg har nettopp sendt ut på høyring eit forslag til strategi frå ei arbeidsgruppe om elektronisk ID og e-signatur. Vi oppmodar alle om å kome med innspel.

Om nokon lurer på kvifor vi gjer dette? Vi samlar oss til det beste for innbyggjarane. Det er dei offentleg sektor er til for.

Digitalisering er eit viktig bidrag, både for å skape ei brukarvennleg forvaltning og for å yte til effektivisering og frigjering av ressursar. Eg vil i denne samanhengen understreke at det ikkje er slik at regjeringa nødvendigvis tenkjer nedbemanning når det er snakk om effektiviseringsgevinstar. Ein kan heller betre kvaliteten på tenesten enn å nedbemanne. Vi må la maskinane gjere dei oppgåvene dei gjer best, så kan folka gjere dei oppgåvene maskinene ikkje kan gjere. Vi bør ikkje overlate omsorga på sjukeheimane til ei datamaskin, men vi kan godt la ei datamaskin sjå til at sjukepleiaren til ei kvar tid har ein oppdatert journal og at pasientopplysningar blir overført elektronisk mellom sjukehus og fastlege eller sjukeheim.  Det offentlege blir stadig pålagt nye oppgåver både lokalt i kommunane og sentralt. Vinsten av ny teknologi kan òg brukast til å løyse fleire oppgåver innanfor same budsjettramme. Klarer vi å frigjere 1 pst ved t.d å jobbe lurare ved hjelp av IKT, så har vi etter 4 år 15 mrd kr frigjort, som vi kan bruke på dei viktige velferdstenestene våre, i barnehage og skule, i opa omsorg, i psykiatrien og på sjukeheimen.

Samspelande IKT system
For å oppnå målet om ein effektiv og brukarretta offentleg sektor, må vi få IKT-systema våre til å samspele betre.

  • Vi utarbeider ei oversikt (ein Referansekatalog) over opne, internasjonale IKT-standardar som offentlege IKT-system skal eller bør  basere seg på. Og kva er poenget med opne standardar: Føremålet med opne standardar er nettopp at ein skal kunne utveksle data og informasjon mellom ulike system uavhengig av programvareleverandør. (Døme: S.Pedersen frå Norsk telemedisin)
  • Departementet har oppretta eit eige standardiseringsråd som no er i sluttfasen med den fyrste utgåva av Referansekatalogen. Rådet skal gi anbefalingar på kva standardar som må vere obligatoriske, og kva som kan vere tilrådde. KS er med i FADs standardiseringsråd, og har i tillegg sitt parallelle arbeid.
  • Vi vil òg vurdere å samordne prosessane for avgjerder i staten, for å vareta trongen for ei meir langsiktig og heilskapleg IKT-utvikling, spesielt ved planlegging og oppstart av store IKT-prosjekt.

No skal det investerast fleire hundre millionar i nokre store IT-prosjekt i staten, til dømes NAV og AltInn 2. Vi ser på desse utviklingsprosessane, for å vurdere om nokre av komponentane som blir utvikla der kan nyttes som felles komponentar for offentleg sektor. Dette handlar om det som dei fleste har erkjent for lengst: Vi treng ikkje finne opp hjulet meir enn ein gong.

  • Bruk av felles komponentar skal sikre naudsynt gjenbruk av løysingar, at brukarane kjenner seg igjen, og krav til at dei ulike systema er utvikla slik at dei kan samhandle.
  • Felleskomponentar er eit klart raud-grønt stempel i IKT-meldinga!

Programvarepolitikk for framtida
I Soria Moria-erklæringa heiter det at Regjeringa "vil stimulere næringsutvikling og offentlig bruk av åpen programvare". Og kvifor det: Jau, ikkje berre fordi det kan redusere kostnader i samband med lisensar. Det handlar like mykje om kostnadseffektive utviklings- og distribusjonsprosessar og om innovasjon og verdiskaping som vert mogleg av at andre kan bygge vidare og endre kildekode andre har skrive.

  • Bruk av opne standardar hindrar innlåsing til einskilde leverandørar av IT-system, og sikrar soleis ein meir open konkurranse. (Eit døme på dette er Opera Software, som bruker fleire årsverk årleg på internasjonalt standardiseringsarbeid, fordi dei ser at som ein liten norsk aktør, er dei avhengige av at internasjonale opne standardar brukast, slik at ikkje brukarane blir stengde inne hos andre leverandører. Difor er programvarepolitikk også næringspolitikk).
  • Den einskilde brukar skal fritt kunne velje programvare når ho skal kommunisere med offentleg sektor. Nokia-dømet.
  • Offentleg bruk av programvare basert på open kjeldekode skal aukast. Det betyr at alle kan få tilgang til programvaren, og dette betyr mykje for kunnskapsdeling og gjenbruk av løysingar i heile samfunnet.
  • Vi arbeider òg med å opprette eit kompetansemiljø som skal fungere som nøkkelressurs for offentlege verksemder på dette området.
  • Regjeringa tek dette på alvor. For første gong har arbeidet med opne standardar og open kildekode fått si løyving på statsbudsjettet, med 10 millionar kroner for i år.

Vern om deg og ditt
I vårt arbeid med digitalisering og utvikling av eForvaltning i offentleg sektor er det avgjerande at omsyn til god forvaltningsskikk, tufta på rettstryggleik og personvern, blir handtert på ein skikkeleg måte. Innbyggjarane må ha tillit til forvaltninga – offentlig forvaltning er til for alle innbyggjarane våre. Vi må sikre at deira personopplysingar ikkje kjem på avvege.

Samstundes på vi vere klar over at på dei fleste område legg vi att elektroniske spor - når vi handlar og flyttar oss, utan at vi veit særleg mykje om kva informasjonen blir brukt til, eller kven som har tilgang til den. Bomringar, elektroniske betalingskort, søking på nettet mm. Alle røyrsler blir registrerte og alt ein skriv på nettet blir lagra for all framtid, indeksert og gjort søkebart.

  • For halvtanna år sidan fekk eg, i samarbeid med Datatilsynet, gjennomført ei større personvernundersøking. Denne viser at svært få tenkjer særleg over at det vert samla inn opplysningar om dei, eller dei bryr seg ikkje om det. Det er stor tiltru til handsaminga av personopplysningar i offentlege organ og private verksemder. Samstundes viste undersøkinga at få verksemder, både offentlege og private, var seg medvitne det ansvaret dei faktisk har.
  • ”Se&hør”-saka kan gi ei illustrasjon på kva for uheldige konsekvensar dette kan få. Journalistmetodar har ført til  ”overvaking” av til dømes kjendisar sin bankkonto. Dette kan vere døme på fråvær av gode rutinar og system for tilgang hos dei bankane som vert innblanda.

Vi etablerar no ein personvernkommisjon, som skal utføre ein heilskapleg statusgjennomgang og samtidig greie ut korleis personvernet kan unngå å bli skadelidande ved innføring av ny teknologi. Eg håpar òg det vil bli mange debattar i det offentlege rom, som aukar medvitet rundt personvern.

Parallelt andre naudsynte tiltak, med mellom anna fokus på:

  • retten til å vere anonym
  • å stimulere til bruk og utnytting av teknologi på ein måte som styrkjer personvernet, sokalla personvernfremjande teknologi.

Her kan jo nettopp bruk av open kildekode i nokre tilfelle legge grunnlag for at innbyggjarane kan få innsyn i enkelte offentlege prosedyre og automatiserte vedtakssystem, og forvisse seg om at desse fungerer slik dei skal.

Det er viktig at den einskilde innbyggjar, og særleg barn og unge er medvitne korleis teknologien fungerer, og dermed tar ansvar. Difor har Regjeringa løyvd to millionar kroner til Datatilsynet, m.a til eit prosjekt som heiter ”dubestemmer” – ein kampanje i samarbeid mellom datatilsynet, teknologirådet og utdanningsdirektoratet.

IKT for alle
Men dokke: det nyttar ikkje å snakke om ein brukartilpassa offentleg sektor, og regjeringa sine visjonar for det – viss ikkje innbyggjarane våre har tilgang til teknologien og kompetanse til å ta den i bruk. Noreg ligg i verdstoppen med omsyn til utbreiing av IKT i samfunnet, men den norske digitale kvardagen er framleis ikkje ein kvardag for alle. Å inkludere  dei som av ulike grunnar står utanfor informasjonssamfunnet har sjølvsagde gevinstar for den einskilde, men det er òg samfunnsøkonomisk lønnsamt å sørgje for at flest mogeleg deltek aktivt i informasjonsamfunnet.

  • Statistikk viser at tilgang til og bruk av IKT har samanheng med inntekts- og utdanningsnivå. I skulen er det forskjellar både mellom kommunar og mellom grunn- og vidaregåande skular. Dette skal vi gjere noko med!

Tre føresetnader ligg til grunn for digital inkludering
1) Tilgang, 2) Universell utforming og 3) kompetanse.

Bustad skal ikkje ha noko å seie for om du kan delta i informasjonssamfunnet! Regjeringa aukar derfor tilskotta til utbygginga av breiband i 2007 og brukar 122 millionar kroner på dette i år. Digital tilgang krev likevel utstyr - utstyr ikkje alle har - og derfor skal verksemder som bibliotek, kommunale servicekontor og NAV-kontor tilby både tilgang via publikumsterminalar og rettleiing i bruken av desse.

Regjeringa ynskjer at offentlege elektroniske tenester, som omfattar elektroniske automatar som informasjonskioskar, billettautomatar osv skal ha universell utforming, og mitt departement har mellom anna fått i oppdrag å greie ut konsekvensane av å ta IKT inn i ny ikkje-diskrimineringslov.Datamaskiner kan i dag lese opp tekst, gjennom såkalla syntetisk tale. Skal dette fungere på offentlege nettstader, må ein gjere nokon lure val når dei blir utforma. Offentlege nettstader bør vere universelt uforma. Sjølvsagt går òg oppfordringa til privat sektor til òg å skape løysingar som er tilgjengelege for alle.

Det hjelper ikkje å ha tilgang om du ikkje har kompetanse til å bruke det! Regjeringa sitt mål er at norsk skule skal vere ein føregangsskule i verda når det gjeld bruk av IKT i undervisning og læring. Det betyr at satsinga på IKT i skulen skal styrkjast. Vi må og sørgje for ei auka satsing på digitale læremiddel og KD delte før jul ut 50 mill kr til utvikling av digitale læremidlar. Vi må få til eit utdanningssystem som er i teten når det gjeld utvikling og pedagogisk utnytting av IT i undervisning og læring.

Eg reknar og med at ein kommuneøkonomi som har blitt styrka med vel 18 milliardar på to år, òg skal medverke til at det skjer ting på dette området.
I tillegg har regjeringa styrka programmet ”Basiskompetanse i arbeidslivet” med 35,4 mill kr, for å hjelpe arbeidsgivarar med å gi sine tilsette digital kompetanse. Arbeidsgivarane har eit stort ansvar for å gi sine tilsette riktig og nok kompetanse, men ikkje minst òg vedlikehalde den yrkeslivet ut!

For alle pensjonistane i dette landet som ikkje har digital kompetanse, er dei uttallige frivillige lag og organisasjonane våre ein kjemperessurs.   Eit godt døme er Seniornett,  som med ei handfull ildsjeler, og små offentlige midlar,  no har nådd dit at dei er til stades i lokalsamfunna i heile landet med over 30 klubber, kursverksemd og dei årlege Seniorsurfdagane. Ingeborg Moreus Hansen er ein av ildsjelane og i morgon skal ho innleie her konferansen og vil fortelje meir om deira arbeid. Verkelig inkludering oppstår når dette samarbeidet òg fører til at seniorar, innvandrarar på språkkurs, unge med leksehjelp og andre i det frivillige Noreg kan hjelpe kvarandre. Å løfte i flokk på denne måten er naudsynt for å nå våre mål om eit inkluderande informasjonssamfunn for alle.

Digital leiing
Fleire av dykk som sit i salen no er leiarar i offentleg sektor. For at vi skal nå målsetjingane i stortingsmeldinga, er det viktig at toppleiinga så vel som andre leiarar i offentlege verksemder utnyttar digitalisering til strategisk styring av verksemdene. Ein leiar som ikkje gjer det, vil ha vanskar med å få dei andre tilsette til å gjere jobben. IKT er eit leiaransvar, ikkje berre ei administrativ oppgåve som skal takast hand om av administrasjonsavdelinga.

Offentlege leiarar må sjå på IKT som eit middel til å utvikle eigen organisasjon, gjennom betre tenester, betre sakshandsaming, nøgde brukarar, og auka motivasjon blant dei tilsette. Men hugs at den største vinsten kjem som følgje av dei organisasjons- og endringsprosessar digitaliseringa medfører, ikkje av programvare åleine!

Difor bør det utarbeidast konkrete strategiar for korleis dei tilsette kan gjerast i stand å utnytte digitale virkemiddel. Ikkje minst er kompetanse viktig: Kva kompetanse treng mine tilsette for at organisasjonen skal hente ut den effekten vi planlegg?

Samfunnsdebatt
Vi har stor tru på at dei landa som fører ein politikk som tek i bruk moglegheitene og haustar gevinstane ved IKT – samstundes som dei evnar å inkludere alle - òg vil oppnå betre velferd enn dei landa som ikkje tek tak i trongen for endring.

Det er viktig å heve IKT-politikk til toppen av den politiske dagsordenen, slik de m.a gjer med denne konferansen! Eg håpar at vi saman kan skape ein debatt ute i samfunnet, i forvaltninga og ute i næringa.

IKT-debatten må ikkje bli ein debatt berre for ekspertane. Dette er ein heilt sentral samfunnsdebatt som blir viktigare og viktigare. Fleire og fleire nyttar teknologien. I fjor leverte over to millionar nordmenn sjølvmeldinga si elektronisk – alle dei har ei interesse av eit større fokus på IT i samfunnsdebatten. No er stortingsmeldinga til handsaming i Stortinget, i transport- og kommunikasjonskomiteen. Dette er ei sak som bør interessere langt fleire – utdanningskomiteen  bør vere oppteken av digital kompetanse, næringspolitikarane bør vere oppteken av korleis vi kan byggje framtidas næringsliv – ein grøn kunnskapsøkonomi kor kompetanse står sentralt.

Utfordringa eg fekk var: Er digitalisering løsningen for å skape ”verdens beste offentlige sektor”. Eg ser IKT som eit viktig og avgjerande verkemiddel for å nå dei store ambisjonane vi har, og det har eg bygd innlegget mitt på.

Samstundes er det klart at sjølv ein IT-minister veit at digitalisering ikkje er svaret på alt. I vårt arbeid med digitalisering av offentleg sektor er det ulike utfordringar som må handsames. Men JA, eg er overtydt om at digitalisering er ein del av løysinga som vil gi ”fleire hender” til omsorg, for unge og eldre, og som vil sikre effektiv handtering av oppgåver i velferdsstaten. På denne måten er digitalisering eit viktig middel til å nå vår visjon om å skape verdas beste offentlig sektor.

Takk for merksemda og lykke til med resten av konferansen!