Historisk arkiv

Kleppa besøkjer Nederland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Presseinvitasjon 01/2008

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vitjar fredag 18. januar Skandinaviske dagar i Hoevelaken i Nederland for å hjelpa norske kommunar med å profilera seg som attraktive stader å bu.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vitjar fredag 18. januar Skandinaviske dagar i Hoevelaken i Nederland for å hjelpa norske kommunar med å profilera seg som attraktive stader å bu.

35 norske kommunar er med på seminar fredag 18. januar og ei stor messe laurdag 19. januar for å freista sikra seg fleire innbyggjarar.

- Norske kommunar må famna vidt, både nasjonalt og internasjonalt, med tanke på å marknadsføra dei mangfaldige verdiane som norske distrikt står for, seier kommunalminister Kleppa.

- Mange nederlendarar har allereie flytta til Noreg som ein del av eit livsstilprosjekt. Brorparten av dei buset seg i distrikta, og seier sjølve at det handlar om å få meir tid og rom og nye høve til sjølvrealisering. Det at andre ser desse kvalitetane ved Distrikts-Noreg, kan vera med å løfta perspektivet for oss her i landet òg, seier statsråden.

Pressekontakt for statsråden på turen er kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker, tlf. (+47) 99 20 77 08.