Historisk arkiv

Storbyane satsar i arbeidet mot utkastingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 09.12.05

Storbykommunane har sett i gang ei rekke tiltak for å få ned talet på utkastingar frå bustad. Det viser rapporten frå ei kollegavurdering storbyane har gjort.

Pressemelding

Nr.: 297/2005
Dato: 09.12.05

Storbyane satsar i arbeidet mot utkastingar

Storbykommunane har sett i gang ei rekke tiltak for å få ned talet på utkastingar frå bustad. Det viser rapporten frå ei kollegavurdering storbyane har gjort.

- Rapporten er eit godt grunnlag når regjeringa skal gjennomføre målsetjinga om å avskaffe bustadløyse. Vi skal gjennomgå rutinar og kostnader rundt husleigebetaling, utkastingar og tvangssal i 2006, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

I arbeidet med å avskaffe bustadløysa vil regjeringa mellom anna redusere talet på krav om utkastingar og faktiske utkastingar. Difor inviterte regjeringa i mai i år storbykommunane til ei kollegavurdering for å finne måtar å nå regjeringas målsetjingar.

Rapporten fortel om den enkelte storby sitt arbeid på feltet og kva som kan overførast av erfaringar til andre byar og kommunar.

Oslo kommune

Prosjektet til Oslo ”Færre utkastingar” er eit samarbeid mellom namsmannen i Oslo, Boligbygg Oslo KF, to private utleigarar og dei tre bydelane i Oslo indre aust (Gamle Oslo, Sagene og Grünerløkka). Prosjektet kan vise til ei halvering av talet på krav om utkastingar i dei kommunale bustadene frå 2004 til 2005. Suksesskriteria for å førebyggje utkastingar er eit tettare samarbeid mellom namsmannen og kommunen og kjennskap til kven og kvifor leigetakarar blir kasta ut.

Trondheim kommune

Trondheim kommune har sett i verk eit samarbeidsprosjekt mellom Trondheim eigedom, Helse- og velferdstenesta med fire bydelar og Boligetaten. Prosjektet blei støtta av Husbanken. Trondheim har i prosjektet fokusert på tiltak som kan medverke til at leigetakarar i kommunale bustader skal meistre buforholdet og behalde ein tildelt bustad. Trondheim kommune erfarer at suksesskriteriet for å redusere talet på utkastingar ligg i heilskapleg søknadsbehandling, gode løyvingsrutinar og samarbeid ”når ting begynner å gå galt”. Kommunen meiner også at dei kan spare 500 000 kroner dersom kommunen kan førebyggje utkastingar frå kommunale bustader. Kommunen har fått tilskot frå Sosial- og helsedirektoratet til ein koordinator som skal utvikle rutinar, slik at talet på utkastingar frå kommunale bustader blir redusert.

Bergen kommune

Bergen kommune har i tett samarbeid med Husbanken gjennomført eit forprosjekt for å førebyggje utkastingar. Kommunen har mottatt 500 000 kroner til å følgje opp tiltaka i prosjektet. Mellom anna skal det drivast oppsøkjande verksemd overfor personar som misligheld husleigepliktane i kommunale bustader. Husbanken, i samarbeid med bustadbyggjelaga, arrangerte 23. november eit seminar om konsekvensar ved innføring av ny burettslov.

Kristansand kommune

Kristiansand kommune har etablert eit godt samarbeid over tid på tvers av forvaltningseiningar og nivåer. Sosialtenesta er omorganisert og oppfølgjingstenesta styrkt, slik at leigetakarar skal kunne bevare leigeforholdet sitt. Kommunen har erfart at etablering av oppfølgingstenester gjer det enklare å førebyggje problem. I tillegg har mange fått hjelp til å kome seg vidare i livet.

Tromsø kommune

Etter ein stor auke i talet på utkastingar i 2003, har Tromsø kommune innført nye rutinar mellom namsmannen og kommunen. Kommunen har fått midlar av Husbanken til eit prøveprosjekt om burettleiing for kommunale leigetakarar. Namsmannen varslar no sosialkontoret om krav om utkasting samtidig som varselet blir sendt til bebuaren. Sosialkontoret tek kontakt med bebuaren med ein gong, slik at dei kan finne løysingar for å unngå utkasting. Tromsø har erfart at om bebuarane har ein oppfølgjingsplan knytt til husleigekontrakten, går talet på krav om utkastingar ned.

På veg til eigen bustad. Regjeringa sin strategi i kampen mot bustadløyse

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.