Historisk arkiv

Statsråd Kleppa møtte Norges Blindeforbund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa tok i dag i mot Norges Blindeforbund som overleverte eit brev sendt til alle landets kommunar.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa tok i dag i mot Norges Blindeforbund som overleverte eit brev sendt til alle landets kommunar.

Norges Blindeforbund sender denne veka brev til alle landets kommunar med oppmoding om å tilsette fleire med funksjonshemming.
- Dette er eit godt initiativ frå Blindeforbundet. I dagens samfunn, med mangel på arbeidskraft, vil det vere i kommunane si eigen interesse å dra nytte av den store ressursen synshemma og personar med andre funksjonshemmingar er, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

I brevet ber Blindeforbundet kommunane utnytte den arbeidsressursen svaksynte og funksjonshemma er på ein betre måte.
- Eg ber kommunane ta dette brevet på alvor og sjå på korleis dei konkret kan fylgje opp forslaga til tiltak i brevet, seier statsråden.

Kleppa og Haugsveen.
Gunnar Wollert Haugsveen frå Blindeforbundet overrekte statsråd Magnhild Meltveit Kleppa brevet som er sendt alle landets kommunar.