Historisk arkiv

Nye krav til felleskostnader i burettslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ingen skal bli lokka til å tru at felleskostnadene i burettslag er lågare enn kva dei verkeleg er. Difor har vi laga ei forskrift med nye minstekrav til kva som skal liggje i driftsbudsjettet når eit burettslag blir skipa, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I nokre nye burettslag har felleskostnadene blitt marknadsførte som urealistisk låge. Dette var særleg eit problem med dei såkalla låginnskotsburettslaga. Den nye forskrifta har vore på høyring, og det er bred semje om at burettslagsmodellen som buform blir tryggare.

- Vanlege kostnader som mellom anna forsikringar, godtgjersle til forretningsførar og kostnader til felles kabel-tv må vere med i driftsbudsjettet når burettslaget blir etablert. Det vil gje potensielle kjøparar av nye burettslagsbustader eit mest muleg realistisk bilete av felleskostnadene. Ei slik standardisering vil også gje tryggleik og meir førehandskjende vilkår for burettslaget sin økonomi, seier statsråd Navarsete. 

Den nye forskrifta vil gjelde frå 1. januar 2012.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.