Historisk arkiv

4 millionar kroner til lokal samfunnsutvikling i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) følgjer fylkeskommunane opp korleis dei kan bli endå betre til å samhandle.

I satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) følgjer fylkeskommunane opp korleis dei kan bli endå betre til å samhandle.

Kommunal- og regionaldepartementet deler no ut 30 nye millionar til fylkeskommunane for at dei skal halde fram med det gode arbeidet å vidareutvikle si samhandling med kommunane. Denne satsinga skal gje kommunane betre vilkår for å planleggje, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak.

- Eg er oppteken av at satsinga skal skape resultat gjennom enda tettare samarbeid mellom kommunar og fylke. Effekten av denne kompetanse- og kapasitetsbygginga skal merkast i kommunane, seier kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Hordaland fylkeskommune har som mål at kommunane skal vere gode initiativtakarar, utviklarar, rådgivarar og pådrivarar for lokale utviklingsprosjekt og nyetablerarar. Kommunane skal i større grad planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre eigne utviklingstiltak i samspel med lokale ressursmiljø, regionråda og andre lokale og regionale utviklingsaktørar. Hordaland tek utgangspunkt i tre kjerneprosjekt, som til saman har som føremål å løfte kommunane som utviklingsaktørar; ”LivOGlyst”, ”www.kom-an.no” og ”Kommuneprosjektet”. Programsatsinga er leia av Hordaland fylkeskommune og er basert på et tett og forpliktande samarbeid med Innovasjon Noreg-Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland.

Hordaland fylkeskommune skal:

  • Vidareutvikle portalen ”Kom-an.no” for å gje eldsjeler og entreprenørar betre rettleiing og for å gjennomføre ”Ei-dør”-strategien og føre portalen inn i som ein meir permanent del av fylkeskommunen sine nettsider.
  • Vidareutvikle og samtidig gradvis avvikle Liv OG Lyst-satsinga  og overføre aktivitetane i dei ordinære linjeorganisasjonane.  
  • Vidareutvikle og samtidig gradvis avvikle kommuneprosjektet for å styrke kommunane som næringsutviklar og overføre aktivitetane i dei ordinære linjeorganisasjonane.
  • Styrke og vidareutvikle kommunane sin kompetanse i samfunnsentreprenørskap, etablerarrettleiing og næringsutvikling ved å tilby systematisk og relevant kompetanseutvikling i samarbeid med høgskule/universitetsmiljøa.
  • Besøke jamleg kommunar og regionar i andre fora der vi blir inviterte.
  • Organisasjonane kvar for seg, og saman, samordnar verkemiddel endå betre slik at dei står fram med ei dør overfor brukarane.

Følgjeevalueringa til satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) har vist at dei som er best på samhandling også er dei som er dei beste utviklingsaktørane. Nettverkssamlingar har gitt fylkeskommunane innspel til korleis samhandlinga kan bli enda betre.

Telemarksforsking og Arbeidsforskningsinstituttet har ansvar for å gje faglege tilskot til utviklingsprosessane i kvart fylke. Blant anna har Telemarksforsking utarbeidd 10 gode råd for samhandling, som eitt av mange innspel til utviklingsarbeidet som fylkeskommunane no set ut i livet.

Fordeling av midlar mellom fylka i 2012

Fylkeskommune

Tildelte midlar 2012

Finnmark

0

Troms

652 000

Nordland

2 160 000

Nord-Trøndelag

2 000 000

Sør-Trøndelag

2 530 000

Møre og Romsdal

2 700 000

Sogn og Fjordane

1 300 000

Hordaland

4 027 000

Rogaland

0

Vest-Agder

1 017 000

Aust-Agder

1 200 000

Telemark

1 765 000

Vestfold

2 650 000

Buskerud

1 300 000

Oppland

1 600 000

Hedmark

1 180 000

Akershus

1 000 000

Østfold

3 410 000

Totalt

30 491 000

 

 

  • Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.