Historisk arkiv

Kvar skal vi bu? – Den store nasjonale utfordringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsrådens innlegg under Byggedagene 2013

Må kontrollerast mot muntlig framføring.

 

God dag, alle saman!

Det er ei glede for meg å få vere her med dykk!

Byggje- og anleggsnæringa er den nest største næringa i landet – både når me måler i verdiskaping og i talet på sysselsette. Det er ingen tvil om at de gjer ein særs viktig jobb for samfunnet vårt!

De byggjer landet vårt, husa våre, vegane og arbeidsplassane våre. De finst i alle kommunar i heile landet. De har viktige jobbar og stort ansvar.

Sidan sist eg stod føre denne forsamlinga, har me lagt fram ei stortingsmelding om bygningspolitikk. Eg er glad for at meldinga blei så godt teken i mot av dykk i næringa.

LYSARK 2 
Bygningsmeldinga

Forenkling av byggjeprosessane var eit sentralt tema i meldinga. Og det er eit arbeid me legg sterk vekt på framover. Unødige hindringar må bort og prosessane må gli greitt.

Me ynskjer at regelverk og byggjesaksprosessar skal vere enkle, føreseielege og brukarvenlege. Ein skal bruke mindre tid, pengar og papir på byråkrati.

Fleire enkle byggjetiltak skal kunne bli sett i verk utan at ein må søkje kommunen først. Målet er å redusere mengda saker med 30 prosent. Kommunane får dermed frigjort ressursar til raskare byggesakshandsaming av dei større sakene.

Me har også anna forenklingsarbeid på gong.

Eit døme er ByggEnkelt. Direktoratet for byggkvalitet sette i gong ByggEnkelt for å få innspel til forenkling av regelverk og administrative rutinar. Eg hadde stor glede av å møte engasjerte representantar frå byggjenæringa, kommunar og ulike fagmiljø som nærast bobla over med gode idear om endringar.

No arbeider me vidare med desse framlegga. Dei vil liggje til grunn for eit lovframlegg eg vil sende på høyring før sommaren.

Smartare bruk av IKT/ByggNett vil også gje meir effektive byggjeprosessar og auka produktivitet. Regjeringa vil at all kommunal sakshandsaming innan 2015 skal vere fulldigitalisert. Folk er vane med å få ordna ting på nett. Det må me også klare når det kjem til byggjesaker. Enkelt og greitt!

LYSARK 3
Folk

Ein undertittel på årets Byggedagar er ”Ein million fleire nordmenn i 2030 – og alle skal bu i byen”.

Ja, me blir fleire og fleire folk her i landet.

Men: Nei, alle skal ikkje bu i byen.

Etter år med nedgang i folketalet har mange distriktskommunar opplevd betre økonomiske tider, vekst i jobbtilbodet og tilflytting. I 2012 hadde alle fylke auke i folketalet. Over 300 kommunar hadde folketilvekst. Og svært mange av desse kommunane er distriktskommunar. Det slo me fast då me la fram distriktsmeldinga sist fredag.

Sentralisering skuldast ikkje fyrst og fremst innanlands flytting. Sentraliseringa skuldast arbeidsinnvandring og fødselstal. Me får arbeidsinnvandrarar til heile landet, sjølv om det kjem flest i sentrale strok.

Regjeringa fører ein politikk som skal sikre verdiskaping i heile Noreg. Me får ikkje brukt ressursane våre godt nok om me klumpar oss saman rundt Oslo alle i hop.

Me må sikre at unge som veks opp i dag finn det attraktivt å bu og arbeide i område med viktige næringar, også utanfor storbyområda. Det krev ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk som kan spreie veksten til små og store arbeidsmarknader i heile landet.

Ved å leggje til rette for at folk kan bu i distrikta, blir presset mindre i dei store byane. God distriktspolitikk er difor òg god bypolitikk.

Men om folk bur her eller der, må dei alle ha ein stad å bu!

Regjeringa har varsla at me legg fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken før påske. Det betyr at ho er rett rundt hjørnet!

Bustadpolitikk er eit viktig politikkområde. Det angår alle. Det er lenge sidan bustadpolitikken engasjerte så sterkt og så mange som no.  

LYSARK 4
Avisoverskrifter

Dette skuldast mellom anna den sterke bustadprisveksten me har hatt dei seinare åra. Sidan 2000 har bustadprisane meir enn dobla seg. Ei viktig årsak til det er at går godt i norsk økonomi. Arbeidsløysa er låg, inntektsutviklinga er god og rentene er låge – alt dette stimulerer til prisveksten i bustadmarknaden.

Men høge prisar gjev også bustadpolitisk utfordringar, mellom anna for vanskelegstilte på bustadmarknaden. I 2010 sette regjeringa ned eit offentleg utval som skulle gjere framlegg om tiltak for ein framtidig sosial bustadpolitikk. Utvalet kom med innstillinga si i 2011. Dei konkluderte med at mange slit på bustadmarknaden og at heile 150 000 personar ikkje har ein god og trygg bustad. Samstundes meinte dei at den bustadpolitikken som har vore ført, jamt over har vore god.

Me har dessutan eit utfordrande bakteppe: Det er økonomisk krevjande tider i mange andre europeiske land. Bustadsektoren har her vore sterkt råka. Mange har mista heimane sine som følgje av arbeidsløyse og betalingsmislighald.

Langt på veg er det den sterke folketilveksten som har endra biletet i bustadpolitikken. I 2011 og 2012 auka folketalet i Noreg med til saman 131.000 personar, ein stor del av veksten var det arbeidsinnvandringa som stod for. Aldri før har folketalet auka så sterkt her i landet. Fleire hushald, fleire menneske, gjev auka press på bustadmarknaden.

Dette gjer det naudsynt å rette den politiske merksemda mot bustadbygginga. For å sikre gode bustader til alle, må det både byggjast nok av dei og dei må ha gode nok kvalitetar.

Eg vil understreke at bustadbygginga har vore på rett veg ei god stund.

I 2012 blei det sett i gong bygging av 30.142 bustader. I Noreg er det ikkje normalen at bustadbygginga passerer 30.000 i løpet av eit år. I dei siste 30 årane har det faktisk berre skjedd fire gonger tidlegare.

Det er særleg i pressområda at utfordringane knytte til bustadbygging er størst.

Mange av dykk som sit her i dag er blant dei som faktisk byggjer bustadene. For at de skal kunne gjere jobben dykkar, må styresmaktene leggje til rette for at bygging skal kunne skje på ein mest mogleg effektiv måte.

Effektive plan- og byggeprosessar er viktig for å halde tempoet oppe. Her har både stat og kommunar ein jobb å gjere. Eg har allereie nemnt nokre forenklingstiltak. Det kjem som varsla fleire etter kvart.

Regjeringa vil som mange av dykk sikkert veit gå gjennom motsegnsinstituttet, mellom anna for å få eit meir effektivt system. Me ynskjer å redusere talet på motsegn og tidsbruken i motsegnssaker. Me vil sjå på tiltak for å få forpliktande deltaking tidleg i prosessane frå motsegnsstyresmakter og korleis statlege styresmakter kan meir samordna.

Skal me få til høg nok bustadbygging, må det også planleggast på regionalt nivå. Regjeringa vil difor utarbeide statlege planretningslinjer for bustadplanlegging. Med desse vil dei nasjonale omsyna for planlegginga bli tydelegare.

Administrerande direktør Jon Sandnes i Byggenæringens Landsforening (BNL) sa til Dagens Næringsliv denne veka at ”samspillet mellom stat, fylke, kommune, innsigelsesmyndigheter og utbyggere fungerer for dårlig”. Å få til eit betre samarbeid rundt infrastruktur er avgjerande for vellykka bustadutvikling, meiner Sandnes. 

Ja, me har alle ein jobb å gjere for å bli betre her.

Kommunane har ansvar for å leggje til rette gode og tilstrekkelege areal til bustadføremål. Regjeringa har sagt at folkeveksten ikkje skal auke bilbruken i dei store byane, men kome på kollektiv, sykkel og gange. Skal me greie det, må ein tidleg i planlegginga ta høgde for dette målet. Regjeringa vil difor utarbeide statlege planretningslinjer for samordna transport-, areal- og bustadplanlegging. Med desse vil dei nasjonale omsyna for planlegginga bli tydelegare.

Då eg var samferdsleminister påla eg plansamarbeid om transport og areal mellom Oslo og Akershus – for å få gode regionale løysingar. No tek me omsyn til bustader inn i desse planane.

For å klare å løyse bustadutfordringane må dei aktuelle kommunane samarbeide tett. Det inneber også eit betre samarbeid om utbygging av kollektivtilbod: buss, trikk og bane.

Så skal staten ta ansvar for det me har ansvar for. Nasjonal Transportplan – NTP 2014-2023 vil bli lagt fram i nær framtid.

Eg vil også nemne to andre grep som me tek opp i den kommande bustadmeldinga.

  1. Rekkjefølgjekrav regulerer kva infrastruktur som må vere på plass før ein utbyggjar kan setje i gong bygging. Me får av og til høyre at kommunar krev at den første utbyggjaren i eit byggjefelt må dekkje all infrastruktur. Dette kan hindre at bustadbygging blir sett i gong fordi dette blir for stor belastning for utbyggjaren. I bustadmeldinga vil me varsle at me kjem til å sjå nærare på bruken av rekkjefølgjekrav i bustadbygginga.
  1. I dag gjeld det ein femårsfrist om at byggjetiltak må vere sette i gong innan fem år etter at ein privat reguleringsplan for området er vedteken. Regelen har verka sidan 2009, og utbyggjar har høve til å søkje om å forlenge fristen. På den eine sida er regelen eit verktøy for å stimulere til at bustadprosjekt blir igangsette innan rimeleg tid. På den andre sida kan regelen verke mot si hensikt ved at utbyggjaren risikerer nye og omfattande planprosessar. Derfor kan det vere behov for å sjå på kor godt denne regelen balanserer fordelar og ulemper i bustadbygginga.

Eg er oppteken av gode, men raske prosessar.

Rask bygging, men med god kvalitet.

Godt samarbeid og smidige løysingar.

Regjeringa varsla i bygningsmeldinga at me vil invitere byggjenæringa og andre aktørar i eit langsiktig og breitt samarbeidsprogram for å utvikle ei kunnskapsbasert byggjenæring og auke kompetansen og gjennomføringsevne i alle ledd i næringa. Programmet er ein unik ambisjon om å samle trådane - både frå styresmakter og aktørar i næringa.

Bygg21 skal det første året utvikle utkast til strategiar for tre hovudområde:

  • Forsking og utvikling og innovasjon
  • Utdanning og kompetanseutvikling
  • Formidling av kunnskap og erfaringar

Etter dette skal Bygg21 foreslå tiltak og prioriteringar innanfor dei tre hovudområda samt forslag til ansvar for oppfølging av tiltak.

Bygg21 skal leiast av eit eksternt styre. Direktoratet for byggkvalitet har den daglege drift og sekretariatet for programmet. Eg er glad for i dag å kunne presentere eit nesten fulltalig styre for Bygg21.

LYSARK 5 
Styret for Bygg21

Petter Eiken har takka ja til oppgåva som styrets leiar. De fleste av dykk kjenner sikkert til Petter Eiken – som tidligare leiar for Skanska, og som ein med mange synspunkt om bygg og byggeprosessar. Han var og styreleiar byggekostnadsprogrammet. Med seg får Eiken som dykk ser ei rekkje dyktige folk i styret. Det manglar eitt namn på lista, og det kjem me tilbake til.

Me treng samarbeid og smarte løysingar for å skaffe folk gode bustader også i framtida. Og dei smarte løysingane finn me best i samarbeid. Difor har eg stor tru på Bygg21 og den positive haldninga eg møter til dette prosjektet hjå dykk i bransjen.

Takk for meg!