Historisk arkiv

Første runde fjøs for mjølkekyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det første rundet fjøset for mjølkekyr i Norge blir offisielt opna i dag. Staden er Bioforsk Tingvoll. Styreleier Bjørn Iversen i Bioforsk fekk æra av å erklære fjøset for opna.

Det første rundet fjøset i Norge for mjølkekyr blir offisielt opna i dag. Staden er Bioforsk Tingvoll. Styreleier Bjørn Iversen i Bioforsk fekk æra av å erklære fjøset for opna.

Det er Bioforsk Økologisk som har satsa på å byggje eit rundt fjøs. I byggeprosjektet er det lagt vekt på å nytte miljøvennlege materialar – spesielt tre. Fjøset er uisolert eller naturlig isolert. Høg grad av dyrevelferd har også stått sentralt. Blant anna får kyra høve til å gå ut på ”verandaen” heile året.

Demonstrasjonsfjøs
Nær 40 inviterte gjestar tek del i opninga.  Det vankar både lunsj, informasjon om byggjeprosessen og om kva plass fjøset skal ha i forskingsarbeidet. Rundfjøset er også meint å vere eit demonstrasjonsfjøs som skal sjå bra ut, men som også skal vere mogleg å byggje andre stader.

Arrangementet tok til på føremiddagen. Styreleiar Bjørn Iversen klipte snora kl. 11.15. Rundt 14.00 er arrangementet over.


Det første rundet fjøset i Norge blir offisielt opna i dag.  I byggeprosjektet er det lagt vekt på å nytte miljøvennlege materialar – spesielt tre. Foto: Bioforsk.