Historisk arkiv

Fulufjellet nasjonalpark er oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Verneplan for Fulufjellet i Hedmark fylke ble vedteken av Kongen i statsråd i dag. Fulufjellet er vår 35. nasjonalpark og utgjer ca. 82,5 kvadratkilometer.

Verneplanen omfattar i tillegg til Fulufjellet nasjonalpark også Fregn naturreservat. Verneplanen utgjer til saman ca. 86,4 kvadratkilometer.

-Eg gler meg over at nok eit storslagent naturområde med store naturverdiar blir sikra for våre komande slekter, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Utsikt nordover mot Gnolla fra Storgnollen (Foto: Trygve Opseth.)

Utsikt nordover mot Gnolla fra Storgnollen (Foto: Trygve Opseth.)

Nasjonalparken ligg mellom Ljørdalen i Trysil kommune og svenskegrensa. Den omfattar eit relativt stort, samanhengjande og inngrepsfritt fjellområde. Saman med den tilgrensande nasjonalparken Fulufjället på svensk side, utgjer verneområdet ein stor og heilskapleg økologisk og landskapsmessig eining på til saman ca. 500 kvadratkilometer.

Naturen i dette området representerer ein svært spesiell, ekstremt artsfattig fjellvegetasjon. I einskilde lisider finn ein eldre gran- og furuskog, med einskilde furutre på opptil 350 år. Av arter som er ført opp som trua i Norsk raudliste for arter 2010, kan nemnast soppartane sibirkjuke (sårbar) og sjokoladekjuke (sterkt trua). Både gaupe og brunbjørn er registrert i området.

Utsikt mot Girstakken nordfra (Foto: Trygve Opseth.)

Utsikt mot Girstakken nordfra (Foto: Trygve Opseth.)

I Fregn naturreservat er det store areal med gamal naturskog på kalkrik grunn med rikt mangfald av arter. I den sørlege delen av området står det tre som er mellom 300 og 400 år gamle.

Områda vert mykje nytta til friluftsliv. Jakt, fiske og turgåing er mest vanleg, og dette vil framleis  vere tillate i de to verneområda. 

-Regjeringa ønskjer å styrke lokaldemokratiet i forvaltninga av verneområda. Eg vil difor leggje forvaltningsmynda til eit lokalt nasjonalparkstyre, seier Solhjell.

Inntil det nye nasjonalparkstyret er på plass vil Fylkesmannen i Hedmark vere forvaltningsstyresmakt.

Meir informasjon:

Forskrift:

Kart: