Historisk arkiv

Maritim toppidrett i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

NCE Maritime i Ålesund vart opna av Dag Terje Andersen og Idar Ulstein fredag. Det maritime ekspertsenteret skal bidra til vidare utvikling for bedriftene i den maritime klynga på Møre.

Maritim toppidrett i Møre og Romsdal

NCE Maritime i Ålesund vart fredag opna av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen og styreleiar Idar Ulstein i Ulsteinkonsernet. Det maritime ekspertsenteret skal bidra til vidare utvikling for bedriftene i den maritime klynga på Møre.

170 bedrifter er med i klynga. Bedriftene sysselset 13 000 personar og har ein omsetning på om lag 25 milliardar kroner. Klynga operer globalt og er internasjonalt leiande. Av store offshore-farty vert over halvparten av verdsflåten bygd i den maritime klynga på Møre.

- Den maritime klynga på Møre er eit svært godt eksempel på at samarbeid og konkurranse gir fortrinn i internasjonal konkurranse, sa Andersen i opningstalen.

Den maritime klynga på Møre er knytt til offshore skipsaktivitetar. Klynga omfattar heile verdikjeda, med aktørar innan reiarlag, skipsdesign, skipsbygging, utstyrsleverandørar, forsking, utdanning og finans.

NCE-programmet (Norwegian Centre of Expertise) er utvikla av SIVA, Noregs forskingsråd og Innovasjon Norge. Programmet tilbyr fagleg og finansiell støtte til utviklingsprosessar i opptil ti år. Målet med NCE er å støtta næringsmiljø som har store moglegheiter for vekst.

Les Dag Terje Andersens tale ved opninga av NCE Maritime: Regjeringens næringspolitikk – satsing på maritimt samspill

Les Dag Terje Andersens kronikk i Sunnmørsposten: Maritim toppidrett i Møre og Romsdal

Les meir på nettsidene til Kunnskapsparken i Ålesund: http://www.aakp.no/default.asp?menu=7&id=2212

Frå ein av skipssimulatorane ved Kunnskapsparken i Ålesund.
Frå ein av skipssimulatorane ved Kunnskapsparken i Ålesund.


30. oktober 2006