Historisk arkiv

Enkle tiltak bidrar til lågare klimautslepp frå bilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Saman med bilbransjen vil regjeringa arbeide for å få ned klimautsleppa frå vegtrafikken. Det viser seg at fleire enkle tiltak monnar. I tillegg til at vi sett meir ambisiøse mål når det gjeld miljøeigenskapane ved den enkelte bil og bruker miljøvenlege bilavgifter, kan kvar enkelt av oss bidra ved at vi køyrer meir økonomisk og miljømessig riktig.

Navarsete foran ein hybridbil- Saman med bilbransjen vil regjeringa arbeide for å få ned klimautsleppa frå vegtrafikken. Det viser seg at fleire enkle tiltak monnar. I tillegg til at vi sett meir ambisiøse mål når det gjeld miljøeigenskapane ved den enkelte bil og bruker miljøvenlege bilavgifter, kan kvar enkelt av oss bidra ved at vi køyrer meir økonomisk og miljømessig riktig.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag har møtt representantar for Bilimportørens Landsforening, Noregs Automobil-Forbund og Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund.

Navarsete møter bilbransjenBilindustrien har gjennom si satsing på miljøvenlege bilar ein målsetting om at nye bilar innan 2012 skal ha eit gjennomsnittleg utslepp på 130 gram CO2 per kilometer (i 2005 var gjennomsnittet for bilar i Noreg 187g/km). Ytterlegare tiltak kan bidra til å redusere utsleppa med 10 gram CO2 per kilometer.

Det er viktig å få til ein heilskapleg tenking for å få flest mogleg CO2-reduserande tiltak til å verke i samanheng. Bilbransjen meiner mellom anna at økt fokus på "økokøyring" kan bidra til å redusere CO2-utsleppa.

- Mange spør om korleis dei kan bidra til å få ned miljøutsleppa sine. Eg har stor tru på vi gjennom auka kunnskap om korleis vi køyrer, korleis vi lastar opp bilen og korleis vi fyller luft i dekka, kan bidra til lågare CO2-utslepp frå vegtrafikken.

- Når ein til dømes kan spare så mykje som 5 prosent av drivstoffutgiftene og miljøutsleppa berre ved å fjerne skiboksen når denne ikkje er i bruk, så seier det noko om potensialet som ligg i denne typen enkle tiltak. Tiltak som dei fleste av oss ikkje tenkjer igjennom i det daglege, seier Liv Signe Navarsete.

Les notatet fra Bilimportørenes Landsforening, overlevert på møtet mellom samferdselsminister Liv Signe Navarsete og bilbransjen 10. april 2007.