Historisk arkiv

Kollektivtransporten er ein viktig byggjestein i velferdspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- For meg er det viktig at alle - same kvar dei bur - skal få ta del i utviklinga av samfunnet. Det kan vere gamle som treng transport til lege og handlesenter, eller unge som treng transport til ulike fritidsaktivitetar. Kollektivtransporten er ein viktig byggjestein i velferdspolitikken. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag opna eit seminar om kollektivtransport i distrikta.

Foto av Liv Signe Navarsete- For meg er det viktig at alle - same kvar dei bur - skal få ta del i utviklinga av samfunnet. Det kan vere gamle som treng transport til lege og handlesenter, eller unge som treng transport til ulike fritidsaktivitetar. Kollektivtransporten er ein viktig byggjestein i velferdspolitikken.

Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag opna eit seminar om kollektivtransport i distrikta. 60 deltakarar frå kollektivselskap og fylkeskommunar deltok.

Soria Moria-erklæringa slår fast at regjeringa vil utvikle eit brukartilpassa og kostnadseffektivt kollektivtilbod i distrikta gjennom tilbringartenester og tingingsruter med drosje kombinert med buss, båt og tog langs hovudtrafikkårene.

- Noko av det første denne regjeringa gjorde var å syte for ei vesentleg styrking av økonomien til kommunar og fylkeskommunar. Eg legg til grunn at denne styrkinga òg kjem kollektivtransporten i distrikta til gode. Regjeringa ønskjer at det blir etablert fleksible, enkle og kostnadseffektive transportløysingar som så langt som mogleg blir tilpassa transportbehovet til brukarane. Viktige stikkord er ”enkelt” og ”samarbeid” - for å få til eit godt kollektivtilbod i distrikta, seier samferdselsministeren.

Fylkeskommunane er ansvarlege for det lokale kollektivtransporttilbodet. Det er fylkeskommunane som er nærast og som har best kunnskap om transportilbodet i det enkelte fylket. Fylkeskommunane må difor ha stor fridom til å finne fram til dei løysingane som er mest tenlege i dei ulike delane av fylket.

- Fråsegna i Soria Moria-erklæringa betyr difor ikkje at staten på nokon måte skal ta over fylka sine oppgåver. Det vi ønskjer er å leggje forholda til rette for fylkeskommunane, med å gje økonomisk handlingsrom, og med å hjelpe til med formidling av erfaringar mellom fylka, seier samferdselsministeren.

På seminaret vart ein ny rettleiar om "Betre kollektivtransport i distrikta" presentert. Rettleiaren gir råd om utforming av tilbodet for kollektiv og offentleg betalt transport i distrikts- og småbyregionar, og den gir eit samla oversyn over dei tiltaka som er aktuelle for å betre kollektivtilbodet i distrikta.

- Eg håpar at rettleiaren kan vere eit oppslagsverk og ei kjelde til inspirasjon for alle som dagleg arbeider med desse problemstillingane, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Rettleiaren vil bli sendt til alle fylkeskommunar, kommunar og dei viktigaste operatørane.

Last ned presentasjonane til dei andre innleiarane: