Historisk arkiv

Gode transport- og teletenester sikrar positiv utvikling i nordområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Gode transport- og teletenester er nødvendig for å utvikle handel og økonomisk verksemd. Regjeringa går difor inn for at samferdselsinfrastrukturen i nordområda skal utviklast vidare, for mellom anna å redusere avstandskostnader for folk og næringsliv.

Pressemelding

Nr.: 114/06
Dato: 01.12.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete:

Gode transport- og teletenester sikrar positiv utvikling i nordområda

- Gode transport- og teletenester er nødvendig for å utvikle handel og økonomisk verksemd. Regjeringa går difor inn for at samferdselsinfrastrukturen i nordområda skal utviklast vidare, for mellom anna å redusere avstandskostnader for folk og næringsliv.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at regjeringa i dag legg fram ”Nordområdestrategien”.

- Det er viktig å sikre Nord-Noreg direkte tilgang til store internasjonale marknader. Dette vil opne for vidare utvikling av industri og næringsliv i nord. Innanfor samferdselsområdet er det nødvendig å forbetre sambanda mellom aust og vest, i tillegg til gode samband nord-sør. Som ein del av arbeidet med Nasjonal transportplan 2010-2019 vil vi gjennomføre ein omfattande analyse av eksisterande transportinfrastruktur, med sikte på å finne fram til tiltak og prosjekt som kan sikre ei best mogeleg utvikling. Samferdselsdepartementet skal no ha møte og direkte samarbeid med dei tre nord-norske fylkeskommunane for å klarleggje korleis vi best skal utvikle transportsystemet i nordområda.

- Ei positiv utvikling i nordområda er også avhengig av at telenett og system for elektronisk kommunikasjon har tilstrekkeleg kapasitet til å kunne bere store datamengder og vere tilpassa nye bruksområde. Regjeringa legg vekt på å byggje opp god infrastruktur for elektronisk kommunikasjon ved hjelp av teknologiar som satellitt, fiber og landbasert radio. God tilgang til IKT-infrastruktur er viktig for næringsutvikling og busetting i nord, seier samferdselsministeren.

Lenkje til Nordområdestrategien

Pressemelding på engelsk/press release in English