Historisk arkiv

Åtte millionar kroner til 16 kollektivprosjekt i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag offentleggjort kva for fylke som får stønad til å gjennomføre ulike demonstrasjonsprosjekt for å betre kollektivtransporten i distrikta.

Samferdselsdepartementet har i dag offentleggjort kva for fylke som får stønad til å gjennomføre ulike demonstrasjonsprosjekt for å betre kollektivtransporten i distrikta.

- Eg er spent på å sjå resultata frå desse prøveprosjekta. Det er viktig å få fram nye erfaringar på korleis vi kan skaffe distrikta eit godt og fleksibelt kollektivtilbod, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Samferdselsdepartementet kunngjorde i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett etablering av ei ny stønadsordning for å prøve ut ulike modellar for betre organisering av kollektivtransporten i distrikta. Det vert gitt stønad for eitt år om gongen. Avhengig av dei komande budsjettbehandlingane er moglegheitene gode for stønad i inntil tre år dersom dei aktuelle prosjekta vert godt utvikla. Dei fleste prosjekt er samarbeidsprosjekt mellom ulike partar.

For 2007 er det løyvd åtte millionar kroner. Samferdselsdepartementet har motteke 39 søknader frå 14 fylker. Totalt er det 16 ulike prosjekt i desse fylka som får stønad.