Historisk arkiv

Utgreiingar om utbygging av E39 Skei – Betna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

På oppdrag frå Samferdelsdepartementet skal Vegdirektoratet no gjennomføra utgreiingar om val av hovudløysingar for vidare utbygging av E39, Kyststamvegen, på strekninga frå Skei i Jølster kommune i Sogn og Fjordane og til Betna i Halsa kommune i Møre og Romsdal.

- Utbygging og utbetring av transportsystemet på denne strekninga er med dette kome eit viktig steg nærmare gjennomføring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

For kvar av desse tre delstrekningane skal det gjennomførast ei såkalla ”konseptvalutgreiing”, KVU:

  • E 39 Skei – Moa (Ålesund)'
  • E 39 Moa (Ålesund) – Bergsøy
  • E 39 Bergsøy – Betna

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Vegdirektoratet utarbeider eit overordna dokument som bind saman dei tre utgreiingane. Departementet gjer det elles klart at utgreiingane må ta for seg løysingar som legg vekt på kollektivtransport der dette er aktuelt.

Utgreiingane skal vera ferdige seinast innan utgangen av mars 2011.

For fleire opplysningar – sjå brev av 22. april frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet