Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Noregs prioriteringar til FNs 68. generalforsamling

FNs 68. generalforsamling vert innleidd med høgnivåveka 23.–28. september 2013. Den norske delegasjonen vert leidd av statsministeren og omfattar fleire regjeringsmedlemer.

Sentrale programposter er spesialarrangementet om tusenårsmåla, høgnivåmøtet om nedsett funksjonsevne og utvikling i tillegg til Trygve Lie-symposiet, der hatkriminalitet og hatefulle ytringar er tema. Det skal òg haldast eit høgnivåmøte om kjernefysisk nedrusting og ein høgnivådialog om migrasjon og utvikling.

Menneskerettar, rettferdig fordeling og kvinners rettar og likestilling er tverrgåande omsyn Noreg vil leggje vekt på under generalforsamlinga i haust. Noreg vil framleis vere ein pådrivar for modernisering og effektivisering av FN, og for at organisasjonen skal styrkje rolla si som varetakar av fred og tryggleik, internasjonal lov og rett, menneskerettar, humanitære prinsipp og berekraftig utvikling. Vi vil mellom anna ha leiande roller i arbeidet med resolusjonane om menneskerettsforsvararar, om internt fordrivne og om kvinnekonvensjonen.

FNs generalforsamling er den største og viktigaste internasjonale møteplassen i verda, og den norske delegasjonen vil ha ei lang rekkje bilaterale og multilaterale møte innanfor ramma av høgnivåveka, mellom anna eit møte i gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC).

Overordna prioriteringar for Noregs deltaking

Dei overordna prioriteringane frå regjeringa for Noregs arbeid i FN er nedfelte i regjerings- og stortingsdokument, særleg den politiske plattforma for fleirtalsregjeringa 2009–2013, og i dei nyleg lanserte stortingsmeldingane om norsk FN-politikk (Meld. St. 33 (2011–2012)) og rettferdig fordeling (Meld. St. 25 (2012–2013)).

Fred og tryggleik

Vi vil vidareføre engasjementet for å styrkje evna i FN til å førebyggje og løyse væpna konfliktar og til å fremje langsiktig fredsbygging gjennom FN-leidde operasjonar. Kjønnsperspektivet skal vere tydeleg i norsk fredsarbeid, og det skal leggjast vekt på kvinners deltaking i fredsmekling og konsolidering av fredsprosessar. Noreg skal vidareføre engasjementet for å fremje resolusjonane frå Tryggingsrådet og tematiske debattar om kvinner, fred og tryggleik, seksualisert vald, barn i væpna konflikt og vern av sivile i væpna konflikt, i tillegg til engasjementet for ansvaret for å beskytte («Responsibility to Protect», R2P).

Responsen frå FN på situasjonen i Mali, Somalia, Sudan, Sør-Sudan og Syria skal prioriterast. Noreg vil framleis sondere terrenget etter moglege idear som kan bidra til å reformere samansetjinga av Tryggingsrådet. Samtidig skal vi arbeide for eit meir ope og effektivt tryggingsråd, mellom anna gjennom å delta i ei FN-gruppe (ACT) som jobbar for å betre arbeidsmetodane i rådet. Vi har teke eit særleg ansvar for å følgje opp innsatsen rådet gjer innanfor førebyggjande diplomati.

Noreg vil halde fram med å arbeide for å gjere FNs fredsbyggingskommisjon meir relevant for det som skjer på landnivå. Vi vil vidareføre engasjementet for ny dynamikk i det mellomstatlege nedrustingsmaskineriet i FN med særskilt vekt på å motverke dei humanitære skadeverknadene av visse typar våpen. Mellom anna vil vi følgje opp Oslo-konferansen om humanitære konsekvensar av atomvåpen, eit spørsmål som vil bli fronta av Noreg under høgnivåmøtet om kjernefysisk nedrusting, i tillegg til støtta til gjennomføring av handlingsprogrammet som vart vedteke på tilsynskonferansen for avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen (NTP) i 2010. Det er Noregs ønske og mål at ikkje-spreiingsavtalen, som har full avskaffing av kjernevåpen som overordna målsetjing, skal vidareførast. Noreg skal også arbeide for gjennomføring av den nye internasjonale avtalen om våpenhandel («Arms Trade Treaty», ATT).

Noreg skal støtte opp om initiativ for å effektivisere FNs fredsoperasjonar, der bidragsytarar frå det militære, politiet og sivilsamfunnsorganisasjonar utfyller kvarandre. Vi vil fremje tidleg fredsbygging som ein integrert del av fredsoperasjonar, med særleg vekt på reform av tryggingssektoren og utvikling av rettsstaten i land som har vore ramma av konflikt. Vidare vil vi framheve kor viktig det er at FN møter tryggingsutfordringar som grenseoverskridande kriminalitet, terrorisme og sjørøving på ein heilskapleg måte.

FNs utviklingsaktivitetar, berekraftig utvikling, tusenårsmåla og nye globale utviklingsmål

I kraft av å vere ein stor bidragsytar til FNs utviklingsaktivitetar vil Noreg arbeide for at FN skal få ei meir heilskapleg tilnærming til utvikling på landnivå og i større grad vert sett i stand til å levere resultat og dokumentere oppnådd effekt. Vi skal framleis gje tydelege signal om forventningane og krava vi har til utviklingsorganisasjonane i FN. Mellom anna må FN-innsatsen på landnivå samordnast betre gjennom robuste system og kompetent leiing («Eitt FN»-modellen).

Noreg skal vere ein pådrivar for å sikre at alle tusenårsmåla vert nådde innan 2015. Samtidig skal vi framleis arbeide aktivt med utfordringane som følgjer av klimaendringane, og med behovet for god forvaltning av naturressursar. Det er viktig at FN og medlemslanda gjev si klare støtte til fornya innsats for å nå tusenårsmåla, samtidig som dei ser framover mot eit nytt sett globale utviklingsmål etter 2015 der berekraftig utvikling og menneskerettar er gjennomgåande omsyn. Vi vil gjere ein særskilt innsats for rettferdig fordeling og reduserte forskjellar, kvinners rettar og likestilling, global helse, klimavennleg energi og tilgang til energi. Reduksjon av barnedødstal og fremjing av mødrehelse, i tillegg til seksuell og reproduktiv helse og rettar, vil framleis vere norske satsingsområde, på same måten som universell tilgang til helsetenester. Noreg vil ha fokus på kampen mot fattigdom og sårbare grupper. Personar med nedsett funksjonsevne skal gjevast særskilt merksemd. Vi vil leggje spesiell vekt på initiativet frå Generalsekretæren om berekraftig energi til alle, ikkje minst gjennom FN-tiåret som er tileigna dette temaet (2014–2024). Gode oppfølgings- og etterlevingsmekanismar for dei nye utviklingsmåla vil vere viktig.

Oppfølginga av FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio +20) er ein sentral del av arbeidet med nye globale utviklingsmål. Noreg tek sikte på at arbeidet med berekraftsmål, som finn stad i den opne arbeidsgruppa for berekraftsmål (OWG), skal samordnast med det andre arbeidet, og at dei nye utviklingsmåla skal ivareta vedtaket frå Rio om at måla skal gjelde alle land. Noreg vil vidare bidra aktivt til at det vert utvikla nye mål som kvar for seg speglar dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling (miljø, økonomisk utvikling og sosial utvikling). Noreg vil òg arbeide for at FNs nye høgnivåforum for berekraftig utvikling, som etter planen skal møtast for første gong i september 2013, vert eit viktig instrument for å oppnå berekraftig utvikling.

Kvinners rettar og likestilling

Kvinners rettar og likestilling er ei norsk merkesak. Noreg held fram som styremedlem i UN Women og er ein av dei største økonomiske bidragsytarane. Noreg skal støtte opp om UN Women med ei normgjevande rolle internasjonalt, samtidig som likestilling òg må integrerast i utviklingsarbeidet til fonda, programma og særorganisasjonane i FN. Sjølv om likestilling er eit mål i seg sjølv, må dei makroøkonomiske fordelane framhevast. Overgrep mot kvinner, kvinners rett til reproduktiv helse og avkriminalisering av abort vil stå sentralt i arbeidet. I FN-fora er det auka press mot kvinners rettar og likestilling, særleg mot seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR). Noreg vil derfor arbeide systematisk med denne utfordringa, mellom anna ved å byggje nye alliansar. Politisk og økonomisk deltaking og makt for kvinner skal prioriterast.

Humanitære spørsmål

Noreg skal arbeide for at dei humanitære prinsippa vert oppretthaldne, og for at internasjonal humanitærrett vert respektert, slik at sivile vert verna og humanitære aktørar har uhindra tilgang til folkegrupper i nød. Merksemda må i sterkare grad rettast mot ansvaret landa sjølve har for å førebyggje og handtere humanitære kriser, og Noreg vil arbeide for at kontoret for samordning av FNs humanitære verksemd (Ocha) og det humanitære FN-systemet får ein breiare krins av støttespelarar og samarbeidspartnarar blant medlemslanda i FN, blant regionale organisasjonar og i privat sektor. Samtidig vil Noreg framleis vere ein av dei næraste samarbeidspartnarane og støttespelarane til FN i humanitære kriser. Vi vil fortsette å stille krav til effektivisering av Ocha og det internasjonale humanitære systemet og til at det humanitære toppmøtet i 2015 skal bidra til ein meir effektiv og inkluderande humanitær innsats.

Menneskerettar

Noreg skal leie forhandlingane om resolusjonen om menneskerettsforsvararar og vil arbeide for ein substansielt styrkt resolusjon, med god oppslutning som mål. Noreg skal òg leie arbeidet med resolusjonen om internt fordrivne.

Under generalforsamlinga i haust skal Noreg arbeide for at resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Iran får auka oppslutning, og for ei konstruktiv handtering av den tradisjonelle landresolusjonen om Myanmar, sett i lys av den politiske utviklinga. Vi skal vidareføre engasjementet for resolusjonar som kastar lys over menneskerettssituasjonen i Syria og Nord-Korea. Vidare skal vi vere ein aktiv støttespelar for den danske resolusjonen om kamp mot tortur og for den mexicanske resolusjonen om vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme. Saman med nordiske land skal Noreg følgje opp arbeidet FN gjer med å styrke traktatorgana for menneskerettskonvensjonane.

Avhengig av konklusjonane frå den mellomstatlege prosessen om styrking av traktatorgana skal Noreg arbeide for at dei nordiske resolusjonane om traktatorgana for menneskerettskonvensjonane om kvinners rettar (Cedaw), om sivile og politiske rettar og om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar vert vedtekne ved konsensus. Dersom alle resolusjonane om traktatorgana vert slått saman til ein resolusjon, skal Noreg delta aktivt i forhandlingane om denne. Dersom resolusjonane ver vidareførte kvar for seg, skal Noreg (som del av den nordiske rotasjonen) leie arbeidet med Cedaw-resolusjonen, og vi vil òg støtte Finland i arbeidet med resolusjonen om konvensjonane om sivile og politiske rettar og om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Arbeidet for å fremje ytringsfridom og kjempe mot religiøs intoleranse, rasisme og hatefulle ytringar vil ha høg prioritet, og Noreg vil vere aktive i forhandlingar om resolusjonar om dette temaet. Hatkriminalitet og hatefulle ytringar mot minoritetar er i tillegg temaet for Trygve Lie-symposiet i år.

Noreg speler ei leiande rolle i kjernegruppa som fremjar rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT), og dette skal vidareførast. Den norske delegasjonen skal delta aktivt i relevante kvinne- og likestillingsrelaterte resolusjonar. Noreg vil prioritere interaktive dialogar med spesialrepresentantar frå FN og kjempe mot forsøk på å avgrense sjølvstendet og integriteten deira.

Noreg skal delta aktivt under forhandlingar om urfolksspørsmål fram mot verdskonferansen om urfolk i 2014. Vi vil òg arbeide for at urfolk vert representerte i prosessen fram mot og under konferansen. Vidare skal vi arbeide for å sikre at sivilt samfunn deltek i FN-prosesser.

FN-leiinga og budsjettet

Noreg vil styrkje arbeidet for eit moderne og resultatorientert FN. Dette krev reformgrep og effektivisering internt i organisasjonen, samtidig som FN må synleggjere meirverdien sin i form av oppnådde resultat. Noreg støttar femårsprogrammet for den andre perioden til generalsekretæren. Vi vil framleis arbeide for betre samordning av FN-innsatsen på landnivå og for betre vern av FN-personell. Kjerneressursane til FN og det administrative oppsettet må stå i forhold til mandatet organisasjonen er sett til å vareta. Kjernebudsjettet er under kraftig press frå dei største bidragsytarane. Strenge krav om innsparing og effektivitet er utfordrande å gjennomføre så lenge generalforsamlinga er oppteken av å detaljstyre og motarbeider mange forslag til reform.

Noreg skal opptre konstruktivt og kritisk overfor ressursbruken i FN med sikte på meir resultatbasert leiing, auka evne til å dokumentere oppnådde resultat og gode rapporteringsrutinar. Vi skal arbeide for at FN framleis fremjar tiltak mot økonomisk utruskap, sikrar ein kultur for ansvarskjensle og styrkjer innsatsen for tilsyn og kontroll. Vi skal vidareføre det aktive engasjementet for betre FN-leiing på landnivå, i form av konsultasjonsprosessar, forhandlingar og utstrekt dialog med sentrale utviklingsland, gjennom arbeidet med tilrådingane frå FN-reformpanelet, integrerte fredsoperasjonar og den humanitære endringsagendaen og gjennom arbeidet for ei styrkt inkludering av sivilt samfunn og privat sektor.

Fremjing av lov og rett

Havretts- og fiskerispørsmål er høgt prioriterte, mellom anna styrking og vidareutvikling av havrettskonvensjonen. Når det gjeld fiskerispørsmål, vil mattryggleik, botnfiske og arbeid mot ulovleg og uregulert fiske framleis stå sentralt. Innanfor havrettsspørsmål vil norske prioriteringar omfatte mellom anna arbeidet i arbeidsgruppa for vern og berekraftig bruk av det marine artsmangfaldet i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon. Andre prioriterte tema vil vere sikring av legitimiteten og effektiviteten til arbeidet i Kontinentalsokkelkommisjonen, tiltak for kapasitetsbygging i utviklingsland, kamp mot sjørøving og fremjing av reglar for skip som seglar i polare farvatn (den såkalla polarkoden), som er under utarbeiding i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO).

Oppfølginga av høgnivåmøtet om fremjing av rettsstatsprinsipp vil stå sentralt. Sidan dette er eit overgripande og tverrfagleg tema, er det viktig at oppfølginga av møtet finn stad i Generalforsamlinga i plenum og ikkje i FNs 6. komité.

Arbeidet med å kjempe mot straffridom og styrkje internasjonal strafferett skal framleis prioriterast, mellom anna for å få sluttført dei fastlåste forhandlingane om ein heilskapleg antiterrorkonvensjon og diskusjonen om «universaljurisdiksjon». Det er viktig at debatten om det sistnemnde temaet ikkje sporar av eller svekkjer evna verda har til å straffeforfølgje dei alvorlegaste brotsverka.

Noreg vil som alltid følgje arbeidet i Folkerettskommisjonen nøye, særleg spørsmålet om immunitet for statsoverhovud og tema som kan påverke norske kjerneinteresser direkte.

Noreg vil støtte FN i gjennomføringa av den globale antiterrorstrategien og vil òg delta aktivt i arbeidet fram mot tilsynskonferansen i juni 2014. Vi vil arbeide for at vern om menneskerettar er ein integrert del av kvar av dei fire søylene i strategien. I tillegg vil vi arbeide for ein sterk referanse til ein gjennomføringsmekanisme for FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet.

Arbeidet med resolusjonen om narkotika, som vert fremja av Mexico, skal vidareførast. Noreg vil fremje tiltak for å kjempe mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og redusere evna narkotikahandelen har til å undergrave stabilitet og utvikling.