3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 5 200,2 mrd. kroner ved utgangen av 2013, ein auke på 1 230,5 mrd. kroner frå utgangen av 2012. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
2012 | 2013 | Endring | |
---|---|---|---|
SPU | 3 824 516 | 5 032 397 | 1 207 881 |
SPN | 145 122 | 167 770 | 22 648 |
Statens pensjonsfond | 3 969 638 | 5 200 167 | 1 230 529 |
3.1 Statens pensjonsfond utland
Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2013 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU, berekna til 4 prosent.
SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.
Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane til fondet spesifiserte.
Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 1 207,9 mrd. kroner i 2013. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 345,2 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2013 vart det overført 117,3 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2013 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 980,1 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 125,3 mrd. kroner2 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 99,1 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 464,2 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 291,4 mrd. kroner som følgje av svekt kronekurs i 2013. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 691,5 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2013 er netto avsetjing 227,8 mrd. kroner.3 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.
Tabell 3.2 Kontantoverføringar til SPU (tal i mill. kroner)
Månad | Overføring |
---|---|
Januar | 20 800 |
Februar | 20 800 |
Mars | 20 800 |
April | 19 700 |
Mai | 19 500 |
Juni | 19 200 |
Juli | 19 200 |
August | 19 100 |
September | 20 200 |
Oktober | 19 700 |
November | 19 700 |
Desember | 22 500 |
Sum kontantoverføringar til SPU 2013*) | 241 200 |
– For lite overført til SPU i 2012 | 10 940 |
– Netto avsetjing til SPU i 2013 | 227 812 |
= For mykje overført til SPU i 2013 | 2 448 |
*) For 2013 vart det til saman overført 241,2 mrd. kroner til fondet. I 2012 vart det overført 10 940 mill. kroner for lite frå statskassa til fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2012. Dei kontante overføringane i 2013 vart 2 448 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2012 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane til fondet året etter.
I Meld. St. 1 (2012–2013) varsla departementet endring av reglane for omvekting av SPU. Som ein del av endringane avvikla ein ordninga med delvis rebalansering. I tråd med dette endra Finansdepartementet i oktober 2012 mandatet for Noregs Banks forvaltning av SPU. Etter endringa påverkar kontantoverføringane ikkje lenger den prosentvise aksjedelen i den faktiske referanseindeks. Det vil mellom anna seia at den endeleg storleiken på kontantoverføringane til fondet vert fastsett av Finansdepartementet.4
Samla verdi av fondet ved utgangen av 2013 er bokført til 5 032,4 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 5 034,8 mrd. kroner og mellomrekninga på 2,4 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.
Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtala i Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2013.
Den 28. februar 2014 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.
Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2013. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 5 034,8 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 15,9 prosent for heile 2013 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 26,3 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 0,1 prosent og eigedomsinvesteringane 11,8 prosent.
Verdien av den norske krona svekte seg i 2013 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 291,4 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.
Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2013 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,07 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 0,7 mrd. kroner i 2013, mot 0,3 mrd. i 2012. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 2 889 mill. kroner i 2013. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 5 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2013, og kostnadsutviklinga er nærare omtala i Meld. St. 19 (2013–2014).
Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 19 (2013–2014).
Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1 (tal i mill. kroner)
Tekst | Notar | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|
Statens pensjonsfond utland | |||
Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50) | 1 | 395 483 | 345 151 |
Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96) | 2 | 0 | 0 |
Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50) | 3 | -104 550 | -117 340 |
Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet | 290 933 | 227 812 | |
Avkastning av plasseringane til fondet | 4 | 225 669 | 980 069 |
Samla endring SPU | 516 602 | 1 207 881 |
1 Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.
Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 85 803 | 76 118 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 142 868 | 125 386 | |
74 | Arealavgift m.m. | 1 781 | 1 700 | |
Sum kap. 5507 | 230 452 | 203 204 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 2 251 | 3 293 |
5509 | 70 | Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 4 | -61 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
24 | Driftsresultat | 148 446 | 131 604 | |
30 | Avskrivingar | 19 501 | 20 262 | |
80 | Renter av statens kapital | 6 575 | 6 041 | |
85 | Renter på mellomvære | -22 | -27 | |
Sum kap. 5440 | 174 499 | 157 880 | ||
5685 | 85 | Utbyte Statoil ASA | 13 887 | 14 421 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 421 093 | 378 737 | ||
UTGIFTER | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
30 | Investeringar | 25 610 | 33 585 | |
2442 | Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen | |||
21 | Særskilde driftsutgifter | 0 | 1 | |
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 25 610 | 33 585 | ||
Sum netto kontantstraum | 395 483 | 345 151 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring til fondet | 395 483 | 345 151 |
Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar
Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2012 og 2013.
Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet
Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|---|
5800 | 50 | Overføring frå fondet | 104 550 | 117 340 |
Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet
Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):
2012 | 2013 | |
---|---|---|
Renteinntekter av innskot i bankar | 102 | 61 |
Renteinntekter av utlån knytte til attsalsavtalar | 219 | 150 |
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||
– aksjar og andelar | 349 779 | 681 788 |
– obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 98 337 | 5 897 |
– finansielle derivat | -269 | 1 590 |
– finansielle eigedelar eigedom | 514 | 915 |
– investeringseigedommar | 67 | 707 |
Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom | -250 | 1 846 |
Rentekostnad på innlån knytte til attkjøpsavtalar | -130 | -34 |
Andre renteinntekter og -kostnader | 1 | 2 |
Skattekostnad1) | -864 | -1 291 |
Andre kostnader | -80 | -100 |
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta3) | 447 426 | 691 530 |
Vinst/tap valuta | -219 559 | 287 771 |
Porteføljeresultat | 227 867 | 979 301 |
Forvaltningskostnad | -2 193 | -2 889 |
Periodens resultat | 225 674 | 976 412 |
Valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd | -5 | 3 657 |
Totalresultat2) | 225 669 | 980 069 |
1) Sjå note 4 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.
2) Totalresultatet kjem fram etter omrekning av utanlandske verksemder til norske kroner på rapporteringstidspunktet. Omrekninga følgjer krava i IFRS / IAS 1 Presentasjon av finansrekneskap. Sjå note 1 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.
3) I note 3 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2013 spesifisert slik (tal i mill. kroner):
Renter | Utbyte | Inntekt/kostnad | Real. vinst/tap | Ureal. vinst/tap | Sum | |
---|---|---|---|---|---|---|
Renteinntekter av innskot i bankar | 61 | 61 | ||||
Renteinntekter av utlån knytte til attsalsavtalar | 150 | 150 | ||||
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||||||
– aksjar og andelar | 73 329 | 2 564 | 87 490 | 518 405 | 681 788 | |
– obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 52 279 | 51 | 9 537 | -55 969 | 5 897 | |
– finansielle derivat | -232 | 2 070 | -248 | 1 590 | ||
– finansielle eigedelar eigedom | 99 | 816 | 915 | |||
– investeringseigedommar | 502 | 205 | 707 | |||
– tilknytte selskap og felleskontrollerte verksemder | 837 | 1 008 | 1 846 | |||
Rentekostnad innlån knytte til attkjøpsavtalar | -34 | -34 | ||||
Andre renteinntekter og rentekostnader | 2 | 2 | ||||
Skattekostnad | -1 291 | -1 291 | ||||
Andre kostnader | -100 | -100 | ||||
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar | 52 225 | 74 166 | 1 825 | 99 097 | 464 218 | 691 530 |
Summen av renteinntekter (52,2 mrd. kroner), aksjeutbyte (74,2 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (1,8 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (2,9 mrd. kroner), utgjer 125,3 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.
Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12 (tal i mill. kroner)
Eigedelar | 2012 | 2013 |
---|---|---|
Mellomrekning med statskassa1) | 10 940 | 0 |
Konto i Noregs Bank2) | 3 813 576 | 5 034 846 |
Sum eigedelar | 3 824 516 | 5 034 846 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Mellomrekning med statskassa1) | 0 | 2 448 |
Eigenkapital | 3 824 516 | 5 032 397 |
Sum gjeld og eigenkapital | 3 824 516 | 5 034 846 |
1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2013 vart 2 448 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2013 ein skyldnad for fondet mot statskassa, og vert innløyst med ein reduksjon i overføringa til fondet i 2014. Tilsvarande tal per 31.12.2012 var eit krav på 10 940 mill. kroner i fondets favør som vart innløyst med ein auke i overføringa i 2013.
2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):
Eigedelar | 2012 | 2013 |
---|---|---|
Finansielle eigedelar | ||
Innskot i bankar | 5 864 | 5 294 |
Utlån knytte til attsalsavtalar | 61 440 | 89 189 |
Uoppgjorde handlar | 1 677 | 1 125 |
Aksjar og andelar | 2 212 951 | 2 972 317 |
Utlånte aksjar | 115 041 | 161 150 |
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir *) | 1 428 687 | 1 804 457 |
Utlånte obligasjonar *) | 23 820 | 75 806 |
Finansielle derivat **) | 1 447 | 1 618 |
Finansielle eigedelar eigedom | 4 841 | 7 426 |
Felleskontrollerte verksemder eigedom | 7 431 | 32 261 |
Andre finansielle eigedelar | 4 411 | 3 919 |
Sum finansielle eigedelar | 3 867 610 | 5 154 560 |
Ikkje-finansielle eigedelar | ||
Investeringseigedommar | 9 777 | 11 267 |
Andre ikkje-finansielle eigedelar | 5 | 8 |
Sum ikkje-finansielle eigedelar | 9 782 | 11 275 |
Sum eigedelar | 3 877 392 | 5 165 835 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Kortsiktige innlån | 202 | 29 |
Innlån knytte til attkjøpsavtalar | 19 013 | 69 147 |
Motteken kontantsikring | 33 001 | 48 064 |
Uoppgjorde handlar | 4 442 | 7 654 |
Finansielle derivat **) | 2 600 | 2 357 |
Anna finansiell gjeld | 2 365 | 849 |
Skuldig forvaltningskostnad | 2 193 | 2 889 |
Sum finansiell gjeld | 63 816 | 130 989 |
Eigenkapital SPU | 3 813 576 | 5 034 846 |
Sum gjeld og eigenkapital | 3 877 392 | 5 165 835 |
*) Her er det ei reklassifisering i rekneskapsrapporten til Noregs Bank, jamfør tala som vart framlagde i fjor. Fleire opplysingar står i note 1 i Norges Banks årsmelding om SPU for 2013.
**) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare omtala i note 9 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2013. Delar av note 9 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):
Finansielle derivat per 31.12.2013 | Eksponering | Verkeleg verdi | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kjøpte | Selde | Eigedel | Gjeld | Nettoverdi | ||
Valutahandlar | 46 504 | 0 | 460 | 273 | 187 | |
Børsnoterte futurekontraktar | 8 964 | 26 214 | 147 | 1 033 | -886 | |
Rentebyteavtalar | 2 226 | 16 430 | 574 | 699 | -125 | |
Kredittbyteavtalar | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Aksjebyteavtalar | 131 | 1 265 | 55 | 352 | -297 | |
Sum byteavtalar | 2 357 | 17 695 | 629 | 1 051 | -422 | |
Opsjonar | 382 | 0 | 382 | 0 | 382 | |
Sum finansielle derivat | 58 207 | 43 909 | 1 618 | 2 357 | -739 |
3.2 Statens pensjonsfond Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.
Folketrygdfondet offentleggjorde 5. mars 2014 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2013.
Eigenkapitalen i SPN var 167,8 mrd. kroner ved utgangen av 2013, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 104,8 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 64,0 mrd. kroner. Bokført verdi av finansielle derivat var 1,6 mrd. kroner og samla krav var på 0,6 mrd. kroner. SPN har òg 4,5 mrd. kroner i bankinnskot.6 Det er òg gjeld for motteken kontantsikring på 6,9 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytt til attkjøpsavtalar.
I 2013 syner resultatet til SPN eit overskot på 22,7 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,6 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 3,6 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 16,9 mrd. kroner, med 17,4 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 1,1 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 1,5 mrd. i tap på finansielle derivat. Netto andre inntekter var negative med 0,4 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 138,5 mill. kroner, som er drygt 0,09 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2013. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtala i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 19 (2013–2014).
Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2013. Avkastninga av fondet i 2013 var på 15,7 prosent. Avkastninga av plasseringane i norske renteinstrument var på 1,6 prosent, medan avkastninga av norske aksjar var på 21,6 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 12,2 prosent og 39,7 prosent. Avkastninga av dei nordiske plasseringane er omrekna til norske kroner.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2013 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.
Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)
2012 | 2013 | |
---|---|---|
Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet: | ||
– aksjar | 8 203 | 17 405 |
– obligasjonar og andre renteberande papir | 729 | 1 066 |
– finansielle derivat | 1 072 | -1 534 |
Renteinntekter | 2 607 | 2 637 |
Aksjeutbyte | 3 463 | 3 605 |
Andre porteføljeinntekter/-kostnader | -288 | -357 |
Transaksjonskostnader | -20 | -35 |
Porteføljeresultat | 15 766 | 22 787 |
Forvaltningskostnader | -127 | -139 |
Totalresultat SPN1) | 15 639 | 22 648 |
1) Summen av renteinntekter (2 637 mill. kroner), aksjeutbyte (3 605 mill. kroner) og netto andre inntekter -357 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (139 mill. kroner), utgjer 5 746 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.
Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12 (tal i mill. kroner)
2012 | 2013 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Bankinnskot | 8 759 | 4 518 |
Uoppgjorde handlar | 58 | 13 |
Aksjar | 81 617 | 96 074 |
Utlånte aksjar | 8 821 | 8 705 |
Obligasjonar og andre renteberande papir | 53 273 | 63 986 |
Finansielle derivat | 2 395 | 1 577 |
Krav knytte til attkjøpsavtalar | 0 | 574 |
Krav | 0 | 36 |
Sum eigedelar | 154 923 | 175 483 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Innlån knytt til attkjøpsavtalar | 862 | 0 |
Motteken kontantsikring | 8 218 | 6 871 |
Uoppgjorde handlar | 35 | 41 |
Finansielle derivat | 661 | 739 |
Skuldig forvaltningsgodtgjersle | 24 | 38 |
Andre plikter og avsetjingar | 1 | 24 |
Statens kapitalinnskot | ||
Eigenkapital SPN | 145 122 | 167 770 |
Sum gjeld og eigenkapital | 154 923 | 175 483 |