Prop. 1 S (2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Dette er det brei semje om, både i Noreg og internasjonalt. Likevel har tiltaka for å møte dei mest alvorlege utfordringane ikkje vore tilstrekkelege.

På ein del område, slik som lokal forureining, har vi oppnådd mykje i vårt land. På fleire miljøområde er det likevel både rom for og behov for ein meir ambisiøs og handlekraftig politikk.

Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til suksess i klima- og miljøarbeidet. Våre innanlandske miljøutfordringar er ein del av dei samla globale utfordringane. Vi gir våre bidrag til dei internasjonale problema, og vi blir utsette for mange av dei same miljøverknadane som andre land. Skal vi løyse dei internasjonale miljøproblema må vi samtidig løyse våre eigne. Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør og ozonskadelege gassar. Dette gir håp om at vi òg vil klare å løyse dei store klimautfordringane.

Gjennom klimaforliket på Stortinget har vi slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og kva for verkemiddel vi skal nytte i arbeidet. Fram til 2020 skal vi kutte utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av norske utslepp i 1990, gjennom nasjonale reduksjonar og kvotekjøp. I tillegg skal vi omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn fram mot 2050. Noreg arbeider saman med ei rekkje andre land for å hindre ei global oppvarming ut over 2 °C samanlikna med førindustrielt nivå.

Sjølv ein temperaturauke på 2 grader vil skape merkbare endringar og nye utfordringar. Alvorlege flaumar og skred dei seinare åra, både her heime og i andre land, viser kva klimaendringane vil føre til. Fleire stader på jorda er nedbørmangel og tørke eit aukande problem. Sjølv om vi i Noreg har betre føresetnader for å tilpasse oss klimaendringane enn mange andre land, vil dei globale økonomiske, sosiale og økologiske konsekvensane av eit endra klima komme til å merkast hos oss og.

Vi må derfor auke mot klimaendringane parallelt med at vi utformar tiltak for å tilpasse oss dei endringane som uansett vil kome. Infrastruktur, bustadområde og viktige samfunnsfunksjonar må sikrast mot følgjene av eit endra klima. Klimapolitikken vil såleis påverke og omfatte mange område i samfunnet. Klimapolitikken kan berre lukkast dersom sektorane i samfunnet sjølv tar ansvar. Det er òg samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive og ambisiøse tiltak no, samanlikna med å vente og dermed måtte ta større kostnadar seinare. I åra fram mot 2020 må vi få til ei økonomisk vekst og utvikling som ikkje gir like høge utslepp til luft og vatn. Frå 2020 må Noreg, og alle andre land, auke ambisjonsnivået. Klimapolitikken handlar både om å hindre dramatiske klimaendringar og om å utvikle nye næringar, produksjonsmåtar og teknologiske løysingar.

Klimautfordringane vil forsterke behovet for kraftige omstillingar i åra som kjem. Vi må bli mindre avhengige av olje- og gassnæringane, og vi må styrkje kunnskap, kompetanse og utviklingsevne på andre område. Framtidas Noreg skal vere eit høgteknologisamfunn og eit lågutsleppsamfunn. Ein slik omstillingsprosess må byggje på eit nært samarbeid mellom styresmakter og næringsliv. Næringslivet må gjere jobben med å utvikle ny teknologi, nye produksjonsmetodar og meir effektiv energibruk. Styresmaktene må utforme krav og rammevilkår som stimulerer til omstilling. Dersom vi skal kunne sikre gjennomføringskraft i klima- og miljøpolitikken, må offentleg og privat sektor samarbeide om felles mål.

Samtidig må vi stimulere til etterspørsel etter produkt og tenester som er baserte på miljøvennleg teknologi. Gjennom ei rad stimuleringstiltak har vi klart å auke bruken av el-bilar i Noreg. Dette er eit døme på korleis det offentlege kan påverke utvikling og bruk av nye og meir miljøvennlege løysingar i transportsektoren.

Veksten i globale utslepp av klimagassar skriv seg no frå raskt veksande økonomiar, spesielt utviklingsland i Asia. Løysinga på klimautfordringa krev nytenking der alle land tek ansvar i tråd med den reelle kapasiteten og styrken landa har. Vi må samarbeide med utviklingslanda og støtte dei landa som har vilje, men ikkje kapasitet til å gjere grøne val. Dette vil på same tid medverke til å løyse miljøutfordringar og til ei berekraftig utvikling. Den norske klima- og skogsatsinga er eit døme på slikt samarbeid, saman med det breiare miljøsamarbeidet med India, Kina, Sør-Afrika og Brasil.

Dei globale miljøutfordringane krev at miljøomsyn blir innarbeidde i andre delar av det internasjonale samarbeidet òg, til dømes internasjonal handel.

Om lag 2500 arter er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2010. Vidare er om lag 40 naturtypar klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2011. Arealbruksendringar er framleis den viktigaste årsaka til tapet av naturmangfald. Mange arter og naturtypar vil òg vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima, ikkje minst i arktiske strøk. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar spreier seg til nye område. Langs delar av norskekysten står tareskogen i fare for å bli borte. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar mange økosystem og livsformer. Endringane i økosystema vil òg kunne svekkje grunnlaget for matproduksjon, spreie dyre- og plantesjukdomar og skape nye helseutfordringar. Mangfaldet i naturen er med på å halde oppe både økonomiske og sosiale strukturar. Eit svekt naturmangfald vil òg få negative følgjer for økonomi og samfunn i det heile.

Naturens mangfald og dei tenestene naturen gir oss – økosystemtenestene – har stor økonomisk verdi. Det internasjonale prosjektet «The Economics of Ecosystems and Biodiversity» (TEEB) har konkludert med at utnyttinga av naturen no har gått så langt at økosystema si evne til å levere slike tenester globalt sett er redusert. Dei sosiale og økonomiske kostnadane vil komme til å vekse stadig raskare dersom vi ikkje reduserer belastninga på miljøet. Dette krev mellom anna at vi i langt større grad greier å integrere omsynet til økosystem og miljøverdiar i dei politiske og økonomiske avgjerdsprosessane i samfunnet.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar på marknaden er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.

Langtransportert luftforureining fører til vassforsuring, til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av partiklar, nitrogenoksid og bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og materialar. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist i 2012 gjennom revisjon av Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Hovudinnsatsen framover innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er å redusere utsleppa av NOx og ammoniakk i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen.

Den sterke folkeauken i sentrale strok av landet fører til nye og sterkare miljøutfordringar. Luftkvalitet, bu- og bustadmiljø, transportløysingar, rekreasjon og friluftsliv er alle omsyn som må sjåast i samanheng. Det er særleg viktig å få til samordna løysingar, som til dømes at byutvikling og bustadbygging skjer i tilknyting til miljøvennleg, skinnegåande transport. Vi må syte for at byutviklinga skjer på ein måte som sikrar gode bumiljø, som løyser transportutfordringane gjennom meir og betre kollektivtrafikk og som ikkje går ut over bynære natur- og rekreasjonsområde. Prosjektet «Framtidas byar» har her gitt oss gode erfaringar som vi må byggje vidare på.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Dei gir kontinuitet og karakter til dei fysiske omgjevnadene og skapar tilhøyrsle. Kulturminne og kulturmiljø er mange stader også viktige for reiseliv og turisme og kan nyttast som ein ressurs i nærings- og distriktsutviklinga. I ei tid med raske endringar og omstillingar på mange felt er det ekstra viktig å ta vare på dei verdiane som kulturarven representerer. Mellom anna er det viktig å forvalte dei kulturhistoriske verdiane og ressursane i dei store byane på ein god måte, for å sikre gode bymiljø og ei berekraftig utvikling.

Vi skal ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping, både for dagens og framtidas generasjonar. Endringar i klima, næringsstruktur, busetjingsmønster og livsstil kan skape ekstra utfordringar i arbeidet med å ta vare på desse miljøverdiane.

Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole. Vi må òg ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringar. Det internasjonale miljøsamarbeidet innanfor Arktisk Råd er i så måte svært viktig og høgt prioritert frå norsk side. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet.

Sjølv om det kan hentast ut økonomiske gevinstar frå Arktis når havisen trekkjer seg tilbake, er slike gevinstar truleg små samanlikna med dei globale økonomiske kostnadane og miljøproblema som vil kunne oppstå som følgje av klimaendringane i desse områda. Særleg land og regionar lenger sør vil kunne bli hardt råka av vidare global oppvarming, havnivåstiging og endra vêrmønster. Dei fordelane som enkelte land kan oppnå, vil ikkje kunne vege opp for dei globale ulempene som issmeltinga fører med seg.

Som eit rikt og velutvikla land skal Noreg ha ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk, både her heime og internasjonalt. Norsk klima- og miljøpolitikk byggjer på ei rad viktige prinsipp: «Føre var-prinsippet» som inneber at mangel på kunnskap skal komme naturen til gode, prinsippet om at forureinaren skal betale, og prinsippet om samla belastning. Samla belastning inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både økosystem og arter, når planar skal utformast og vedtak fattast. Gjennom forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og plan- og bygningslova er desse prinsippa omsette i gode lov- og regelverk til sikring av natur og miljø. Regjeringa vil leggje desse prinsippa til grunn for vidareutviklinga av miljøpolitikken og arbeide for at miljøomsyn blir ein naturleg del av politikken i alle samfunnssektorar.

2 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2015

Regjeringa har eit generasjonsperspektiv i klima- og miljøpolitikken. Forvaltaransvaret betyr at vi må leggje til rette for ein berekraftig klima- og miljøpolitikk.

Siste rapport fra FN sitt klimapanel viser at vi vil få meir flaum, meir tørke og mindre fisk i havet. Klimapanelet viser at det er nødvendig å redusere klimautsleppa betydeleg. Midt i september vart rapporten The New Climate Economy lansert. Den viser at det ikkje er noko motsetjing mellom økonomisk vekst og reduserte klimagassutslepp, snarare tvert imot.

Regjeringas politikk skal medverke til omstillinga av Noreg til eit lågutsleppsamfunn. Grunnlaget for omstillinga må vere ein langsiktig og ambisiøs klimapolitikk.

Kutt i klimagassutslepp er ofte framstilt som ei bør, og som noko negativt. Vårt lågutsleppsamfunn inneber rein luft, lite støy, grøne arbeidsplassar og eit høgt velstandsnivå. Det blir eit godt samfunn å leve i for kommande generasjonar.

Innanfor eit budsjett som i hovudsak fører vidare nivået frå 2014, styrkjer Regjeringa satsinga på klima i 2015 i tråd med klimaforliket og Sundvolden-erklæringa. I tillegg til løyvingar over Klima- og miljødepartementets eige budsjett, er det mange og viktige klima- og miljøtiltak på budsjetta til andre departement. Regjeringas politikk vert såleis gjennomført i tråd med prinsippet om sektorane sitt ansvar for å medverke til at klima- og miljømåla kan bli nådde, jf. kapittel 3.

Regjeringas hovudprioriteringar i budsjettforslaget for Klima- og miljødepartementet i 2015 er følgjande:

  • Klima- og skogsatsinga

  • Biogasstrategien

  • Brannsikring av stavkyrkjer og tette trehusmiljø

  • Opprydding av forureina sjøbotn

  • Friluftslivets år 2015

Regjeringa prioriterer å auke nivået på klima- og skogsatsinga, som bidreg til den internasjonale innsatsen med å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland. Forslaget inneber at budsjettet aukar med 134,1 mill. kroner til klima- og skogsatsinga, inkludert meirverdiavgift som frå i år blir løyvt under Finansdepartementet. Klima- og skogsatsinga nå ei løyving på 3 mrd. kroner. Noreg er ein viktig pådrivar for å heve ambisjonsnivået i den internasjonale klimapolitikken. Måla for satsinga er ambisiøse og krevjande, like fullt viser resultata så langt at det er mogleg å sikre ein heilskapleg og integrert klimapolitikk samtidig som omsynet til utviklingslanda sine behov blir teke vare på.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner over Klima- og miljødepartementets budsjett til å oppfylle biogasstrategien. Midlane skal gå til forsking og pilotanlegg for biogassproduksjon. Satsinga kan medverke til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass.

For å sikre forsvarleg brannsikring av stavkyrkjene og tette trehusmiljø, foreslår Regjeringa ei satsing på 20 mill. kroner til naudsynt brannsikring for å unngå tap av uerstattelege kulturminneverdiar.

Regjeringa forslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner til opprydding i forureina grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff. Dette gjer blant anna at enkeltprosjekt i Nord-Noreg kan gjennomførast.

I 2015 vil Regjeringa gjennomføre Friluftslivets år, med mål om å auke friluftslivsaktiviteten i befolkninga. Dette er òg eit viktig bidrag til Regjeringas folkehelsearbeid. I løpet av året vil det bli arrangert ei rekkje friluftslivsaktivitetar i heile landet. Dei fleste aktivitetane vil bli arrangerte i nærmiljøet, slik at terskelen for å delta blir låg. Hovudmålgruppa for året er barn, unge og barnefamiliar. Posten som gir tilskot til aktivitetane er styrkt med 10 mill. kroner.

Til etablering av genbank for laks og sjøaure med tilknytning til Hardangerfjorden er budsjettet auka med 27 mill. kroner. I denne sum ligg 2 mill. kroner til drift. I tillegg foreslår Regjeringa ei bestillingsfullmakt på 15 mill. kroner for restkostnader som kjem til utbetaling i 2016. Samla byggjekostad vil være 40 mill. kroner.

Eksempel på andre prioriterte saksområde innanfor Klima- og miljødepartementets budsjett er 10 mill. kroner til ny teljing av isbjørnbestanden i Barentshavet og 7 mill. kroner til generell vassforvaltning. Regjeringa foreslår å oppheve avgiftsfritaket for spillolje. For å sikre ei forsvarleg innsamling og behandling av spillolje foreslår Regjeringa òg å auke tilskotet som blir gitt ved innlevering av spillolje. Dette inneber ei auka løyving på 30 mill. kroner. Regjeringa foreslår at verknaden av oppheving av avgiftsfritaket for spillolje og auka tilskot vert evaluert etter to år. Om det då vert påvist ei negativ utvikling, skal ytterlegare tiltak vurderast.

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet i 2015 har ei utgiftsramme på 8029,3 mill. kroner mot 8202,4 mill. kroner i 2014. Dette er ein netto reduksjon på 173,1 mill. kroner, eller 2,1 prosent, frå saldert budsjett 2014.

Reduksjonen i budsjettet er samansett. Innføring av nøytral meirverdiavgift reduserer budsjettet utan at dette går ut over aktivitetsnivået, og rammeoverføringar frå og til andre departement aukar budsjettet, men påverkar ikkje det samla aktivitetsnivået. Omprioriteringar på det samla statsbudsjettet har òg medført kutt på Klima- og miljødepartementets budsjett. Desse reduksjonane fører i hovudsak til noko lågare aktivitetsnivå på enkelte tiltak under forvaltningsdrift og naturmangfald samanlikna med 2014. Vidare er løyvinga til skogvern redusert med 210 mill. kroner og er no på 2012-nivå. Løyvinga i 2013 vart i hovudsak auka for å sluttføre køen av frivillig skogvernsaker der det var inngått avtale om vern med skogeigarane. Køen er no teken unna. Nasjonalparkplanen er på det næraste sluttført og løyvinga er redusert med 165 mill. kroner som følgje av dette. I tillegg har reforma for mindre byråkrati og meir effektiv bruk av midlane medført mindre reduksjonar på om lag 13 mill. kroner på driftspostane.

3 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

Klima- og miljødepartementet har ei rolle som koordinator og pådrivar for klimavennlege løysingar i alle departementa. Dette kapitlet samanfattar heilskapen i Regjeringas klima- og miljøinnsats på andre departement sine område. Årets klima- og miljøprofil er endra frå tidlegare år. Tabellen med samla miljørelevante utgifter under departementa er fjerna og omtalene under departementa er utvida. Ei utvida omtale under departementa gir eit meir informativt og heilskapleg bilete av klima- og miljøpolitikken. Ny tabell som berre viser nye miljøtiltak med tydeleg miljøgevinst gir òg meir presis informasjon om neste års miljøsatsing. Miljøtilstanden i dei ulike samfunnssektorane er utgangspunktet for målsetjingar Regjeringa har på klima- og miljøområdet. For å oppnå måla for dei forskjellige sektorane er det sett i verk ein brei klima- og miljøpolitikk. Omtalene under departementa er òg baserte på deira eigne miljøomtaler i budsjettproposisjonane.

Tabell 10.4 Prioriterte satsingar i statsbudsjettet for 2015 med tydeleg miljøgevinst på andre departementers område

(i 1000 kr)

Utgifter

Det grøne klimafondet

UD

200000

NORFUND – auka løyving til fornybar energ

UD

125 000

Stimulering auka deltaking i Horisont 2020

KD

115000

Innovasjon Noregs miljøteknologiordning

NFD

50000

Auka kjøp av persontransporttenester med tog

SD

183000

U-864 – miljøtiltak mot kvikksølvforureining – ubåten ved Fedje

SD

150000

Tilskot til gang- og sykkelvegar

SD

10000

Etablere miljøbase/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen

SD

40000

Bymiljøavtaler

SD

70000

Særskilt tilskot til Fornebubana

SD

25000

Jernbane: Nytt dobbelspor Oslo – Ski

SD

1224000

Teknologisenteret på Mongstad – vidareutvikling, modifikasjonar og vedlikehald

OED

65000

Auka avkastning frå Klimafondet til Energifondet under Enova

OED

202000

Utfase oljefyring i Statsbyggs eigedommar

KMD

15000

Fond

Kapitalinnskot i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging

OED

9250000

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Vidare er skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon, forbruk o.a. eit heilt vesentleg verkemiddel som ikkje kjem fram i Regjeringas utgifter på miljøområdet. Likevel er det klart at Regjeringas budsjettinnsats over statsbudsjettet er vesentleg. I Klima- og miljøprofilen er det inkludert ei oversikt over nye viktige satsingar for 2015 som Klima- og miljødepartementet vurderer som miljørelevante og som gir ein tydeleg miljøgevinst.

Regjeringas langsiktige mål er at Noreg skal bli eit lågutsleppsamfunn i 2050. Ei omstilling til lågutsleppsamfunnet vil opne opp høve til framtidig utvikling og vekst.

Noreg har høg kompetanse, kapital og ein næringsstruktur som speglar at vi har ein betydeleg olje- og gassproduksjon. Dette inneber kunnskap og ressursar som kan nyttast til å utvikle grøn konkurransekraft. Innovasjon og teknologiutvikling er naudsynt, saman med eit samarbeid på tvers av sektorar.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet syner mellom anna at fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging vert styrka. Dette vil stimulere til miljøvennleg energiomlegging og medverke til utvikling av energi- og klimateknologi. Vi styrker òg forskinga, og klima, miljø og miljøvennleg energi er prioriterte område for regjeringa si forskingspolitikk. Det vil òg bli gjort store satsingar innan samferdsel. Gjennom innskott i det Grøne klimafondet vert finansieringa av u-landas forpliktingar under Klimakonvensjonen styrka, samt høve til å nå ei tilfredstillande klimaavtale på klimatoppmøtet i Paris 2015. Det vert òg gjort framlegg om at Enovas ordning for ENØK-støtte retta mot private hushald leggjast om og utvidast. Vi tek sikte på at ordninga seinare skal kunne endrast til ei frådragsordning i skattesystemet. Regjeringa vil halde fram med å sikre langsiktige og klåre rammevilkår for næringsliv, kommunar og enkeltmenneske som legg til rette for grøne vegval.

Sektoransvaret ligg til grunn for Regjeringas klima- og miljøpolitikk

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Forureinar betaler-prinsippet er ein viktig del av sektoransvaret. Både miljø- og sektorstyresmaktene på sentralt hald, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i tillegg til private aktørar skal medverke til at miljøomsyn blir tekne vare på.

Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige område som trengst for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. Dei har òg ansvar for å rapportere om miljøutviklinga i sektoren og om resultat av, og kostnader ved verkemiddelbruk og gjennomførte miljøtiltak.

Sektoransvaret medfører eit krav til alle departementa om at dei skal ta miljøomsyn når dei utformar planar og politikk på sine ansvarsområde. Dette gjeld både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet.

Miljøansvar i offentleg sektor

Det blir arbeidd aktivt med miljøansvar i offentleg sektor. Eit godt, enkelt og effektivt miljøleiingssystem, for eksempel ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energi, spesielt til bygg og IKT, transport og avfallshandtering, stå sentralt.

Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon og departementa vil etter planen bli sertifiserte i samsvar med EMAS i løpet av 2014. Ein stor del av departementa sine anskaffingar skjer via rammeavtalene til Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon, der det òg blir stilt miljøkrav. Fleire departement rapporterer òg om at dei har prosedyrar for anskaffingar utanfor rammeavtalene der det blir stilt miljøkrav. Det blir nytta miljøkriterium i tråd med tilrådingane på anskaffelser.no.

Også fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift. Prosjekt «Grønt sjukehus» har for eksempel mål om å innføre miljøleiing og miljøsertifisering (ISO 14001) i alle norske helseføretak i 2014. Vidare har Forsvarsbygg oppført Nord-Noregs første kontorbygg som tilfredsstiller krava til passivbygg som gir redusert energibruk. Pr. august 2014 er det 451 statlege verksemder og over 1200 kommunale og fylkeskommunale verksemder som er Miljøfyrtårnsertifiserte.

Klima- og miljøpolitikk i departementa

Olje- og energidepartementet

Verksemda på kontinentalsokkelen står for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2013 sleppte petroleumsverksemda ut klimagassar tilsvarande 14,0mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp frå brenning og prosessar på offshore- og landanlegg. Ein reknar med at utslepp av klimagassar frå petroleumsverksemda vil auke fram til rundt 2017 for deretter gradvis å minke.

Noregs evne til å produsere elektrisitet frå vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning og energi brukt til oppvarming av bygg i 2013 var i underkant av 3 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Samla utgjer utslepp frå energisektoren innanlands og energi brukt til oppvarming av bygg omlag 6 pst. av dei totale utsleppa i Noreg.

Regjeringa vil foreine Noreg si rolle som stor petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere ein leiande klima- og miljønasjon. Noreg skal vere ein føregangsnasjon på klima- og miljøvennleg energibruk og produksjon og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.

Klimaendringane og verdas aukande energibehov er bakgrunnen for Regjeringas satsing på fangst og lagring av CO2. Regjeringa har utarbeidd ein strategi for arbeidet med CO2-handtering, denne er omtalt i Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2014 – 2015). Regjeringa sine tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. Strategien inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Regjeringa foreslår ei løyving til drift av TCM på 227,5 mill. kroner. i 2015, inkl. mva. I tillegg er det foreslått 65 mill. kroner til investeringar i vidareutvikling og vedlikehaldsmodifikasjonar på anlegget. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon spelar også ei viktig rolle i statens arbeid med CO2-handtering og har ei løyving på 200 mill. kroner for 2015.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering innan 2020. Det er utfordrande å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg i Noreg, blant anna fordi det er få eigna punktutslepp. Det vil bli arbeidd vidare med å kartleggje alternativa for fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. Vidare vil Regjeringa fortløpande vurdere kva alternativ for fullskala demonstrasjon av CO2-handtering som finst i utlandet. Regjeringa vil vurdere verkemiddel og gjennomføre studiar av mogelege fangstprosjekt i Noreg og alternativ for transport og lagring til potensielle fangstprosjekt. Regjeringa vil arbeide vidare med å fremje CO2-handtering internasjonalt.

Regjeringa har foreslått ei driftsløyving på 113 mill. kroner til Gassnova SF.

Olje- og energidepartementet har sidan 2013 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Målsetjinga for arbeidet er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, å etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien og å medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg.

Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltninga av dei norske petroleumsressursane. Miljøvurderingar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutning av produksjon og disponering av innretningane.

Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar. I dag er det fleire felt som får heile eller delar av kraftforsyninga frå land.

Etableringa av Enova og Energifondet i 2001 har vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enova får midlane sine gjennom Energifondet og tilbyr økonomisk støtte og rådgiving for å stimulere til ei miljøvennleg energiomlegging og medverke til utvikling av energi- og klimateknologi. Energifondet er finansiert gjennom eit nettpåslag som er lagt på straumrekninga, og avkastninga frå «Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging».

Regjeringa har styrkt Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging utover ambisjonane i klimaforliket og har lagt fram ein tidsplan for ytterlegare styrking. I forhold til saldert budsjett 2014 er fondet styrket med 9,25 mrd. kroner i 2015. Frå 2015 vil Regjeringa flytte satsinga på miljøvenleg transport frå Transnova til Enova og auke innsatsen på enøk i hushald.

I løpet av 2013 har Enova inngått nye avtaler som gir eit venta (kontraktfesta) energiresultat på om lag 1,4TWh/år. Det blei inngått avtaler om fornybar varmeproduksjon på til saman 420GWh/år i 2013. Samla sett estimerer Enova at dei i 2013 støtta varmeprosjekt og energibrukprosjekt som er venta å medverke til eit redusert oljeforbruk på 19 063tonn pr. år når prosjekta er gjennomførte. Enova har estimert at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til alle energiresultata for 2013 var 114000 tonn CO2–ekvivalentar.

Det har vore aukande interesse for utbygging av vasskraft, vindkraft og kraftleidningar dei siste åra. Noregs vassdrags- og energidirektorat s miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Miljøtilsynet har i 2013 til saman gjennomført 195 inspeksjonar på staden av konsesjonsgitte vassdragsanlegg og sju av konsesjonsgitte energianlegg (kraftleidningar, vindkraftverk og transformatorstasjon).

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er viktig for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og Olje- og energidepartementet vil saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat medverke aktivt til dette. I 2013 har Noregs vassdrags- og energidirektorat gitt innspel til tiltaksanalysane og vore med og kvalitetssikra forslag til tiltak frå andre. Departementet har i 2013 medverka til forsking innan miljøkonsekvensar og miljøtiltak i regulerte vassdrag.

Forsking og utvikling på fornybare energikjelder, klima- og miljøvenlege energiteknologiar og energieffektivisering er viktig for å nå klimamåla. Eit av hovudmåla for forskingsinnsatsen på energi- og petroleumsområdet er å medverke til å redusere negative klima- og miljøverknader. I 2015 blir det løyvd totalt 726 mill. kroner til energi- og petroleumsforsking over Olje- og energidepartementet sitt budsjett, av dette vil 695 mill. kroner gå til ulike program og verkemiddel i Noregs forskingsråd. ENERGIX er Forskingsrådet sitt store, målretta program for forsking på miljøvenleg energi og støttar FoU innan fornybar energi, effektiv energibruk, energisystem og energipolitikk, og miljø- og klimavenleg transport. Programmet hadde sitt første år i drift i 2013 og fekk finansiering frå seks departement. PETROMAKS 2 har òg ei viktig rolle i miljø- og klimarelevant forsking gjennom Noregs forskingsråd. Programmet har som hovudmål å medverke til auka verdiskaping for samfunnet ved at norske petroleumsressursar blir utvikla og nytta optimalt innanfor miljømessig forsvarlege rammer.

Forskingssenteret for auka utvinning ved Universitetet i Stavanger skal mellom anna utvikle metodikk for å velje dei beste og mest effektive injeksjonsmetodane for ulike felt. Når ein skal få mest muleg ut av eksisterande felt er det naudsynt å bruke energieffektive metodar og finne fram til injeksjonsmetodar som ikkje inneheld kjemikaliar som kan skade miljøet.

Olje- og energidepartementet løyvde i 2013 òg midlar til andre forskingsprogram med miljørelevans, som PROOFNY og SEAPOP. Desse programma ser på, i same følgd, langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda, og utviklinga av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona.

Samferdselsdepartementet

Tilstand og utfordringar

Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg. Berre vegtrafikken åleine gav i 2013 klimagassutslepp tilsvarande 10,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar, som var 19 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa. Transport gjev også lokal luftforureining og støy. Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk med eksos og asfaltstøv frå piggdekk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO2 er vegtrafikk. Vegtrafikken er også den største kjelda til støy.

Det kan vere vanskeleg, eller umogleg, å reversere konsekvensane av samferdselsprosjekt for naturmangfaldet. Ein må derfor vere varsam både ved planlegging og bygging av nye samferdselsanlegg og ved drifta av eksisterande anlegg. Vegsalting kan påverke jordsmonn og vegetasjon, grunnvatn og overflatevatn. Av om lag 200 undersøkte innsjøar er 71 påverka av salt eller miljøgifter.

Mål for departementets arbeid med miljøutfordringar

Eitt av hovudmåla er at transportpolitikken skal medverke til å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport, og til å oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på helse- og miljøområdet. Ved behandling av klimameldingen satte Stortinget eit mål om at utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO2/km i 2020.

EUs vassdirektiv set mål om miljøforbetringar og legg rammene for kva som er god vassforvaltning. Vassdirektivet blir gjennomført i Noreg gjennom vassforskrifta. Kystverket, Jernbaneverket, Statens vegvesen og Avinor AS deltek i arbeidet med å følgje opp vassforskrifta.

Resultat i 2013

Klimagassutsleppa frå vegtrafikken har auka med 30 pst. sidan 1990, men har vore om lag uendra i dei seinaste åtte åra. Fleire køyretøy og auka køyrelengder aukar utsleppa. Samtidig gjev meir energieffektive køyretøy, overgang frå bensin til diesel og el-/hybridbilar og innblanding av biodrivstoff lågare utslepp pr. kilometer. Utsleppa frå nye bilar er reduserte frå 177 g CO2 pr. km i 2006 til 123 g/km i 2013 og 110 g/km første halvår 2014. Talet på elbilar var 32500 pr. 1. september 2014 mot 13700 på same tid i 2013.

I 2013 var det til tider høge konsentrasjonar av forureining frå transport i fleire byar, med overskridingar av krava til NO2 og/eller svevestøv i forureiningsforskrifta. NOx-utslepp omfatta av Gøteborgprotokollen gjekk i 2013 ned med 2,4 pst. til 160000 tonn, men dette er framleis 4000 tonn over krava i protokollen.

Den nasjonale handlingsplanen mot støy vart oppdatert i 2014, og transport er ein viktig del av denne.

Jernbaneverket og Statens vegvesen starta i 2013 eit samarbeid om å utvikle metodikk for før- og etterundersøkingar, der konsekvensar for naturmangfald inngår.

Kystverket sine hamne- og farleitiltak kan påverke naturmiljøet m.a. gjennom å spreie partiklar og endre straumforhold og vassutskifting. Kystverket har i fleire tilfelle samarbeidd med kommunar og Miljødirektoratet om fellesprosjekt for å rydde opp i forureina hamnebasseng. I perioden 2008 – 2013 kartla Avinor biologisk mangfald på alle lufthamnene. Lufthamnene blir følgde opp og ei rekkje tiltak blir gjennomført for å unngå konfliktar med naturmangfald.

Ei arbeidsgruppe leidd av Samferdselsdepartementet la i august 2013 fram ein rapport som tilrår at det blir starta pilotprosjekt med fysisk kompensasjon av jordbruks- og naturområde knytt til store samferdselsutbyggingar. Verkemiddelet kan brukast for å erstatte jordbruks- og naturverdiar som elles ville gått tapt.

Statens vegvesen innførte i 2014 ein ny vinterdriftsstandard som kan påverke saltbruken. Frå vinteren 2012/2013 til vinteren 2013/2014 var saltbruken på dei vegane Statens vegvesen har driftskontraktar for, redusert frå om lag 215000 til om lag 185000 tonn.

På Oslo Lufthamn var det i 2013 sju brot på utsleppsløyva for grunnvatnet og eitt brot for vassdrag.

Tiltak og politikk som bidreg til betre måloppnåing på miljøområdet

Det er stor variasjon for når ulike tiltak reduserer klimagassutsleppa. Utvikling av jernbanetilbodet, stimulering til overgang frå veg til sjø og forsking og utvikling vil gi utsleppsreduksjonar på lang sikt, mens t.d. biodrivstoff vil ha ein rask effekt i den nasjonale utsleppsrekneskapen. For å redusere klimagassutsleppa frå vegtrafikken er det viktig med tiltak som gir lågare utslepp frå kvart køyretøy og satsing på kollektivtransport, gange- og sykling i storbyområda. Elbilpolitikken er eit godt døme på at positiv skattestimulans har gode klimaeffektar. Dei viktigaste utsleppsreduserande tiltaka frå luftfart på kort sikt er knytte til flåteutskifting og effektivisering av luftrommet og optimalisering av landingar og avganger. Regjeringa vil satse på tiltak som har effekt både på kort og lang sikt.

Statens vegvesen har eit program for å skaffe meir erfaring med støysvake vegdekke. I tillegg til tiltak som gjeld køyretøy, bildekk og støysvake vegdekke, er det viktig å halde ved like eksisterande støyskjermar. I 2014 starta arbeidet med å konkretisere korleis miljøomsyn kan leggjast til grunn når fartsgrenser skal fastsetjast. Ferdigstilte jernbaneprosjekt i 2014 bidreg til å redusere støy. Venta kraftig auke i trafikkmengda på enkelte jernbanestrekningar i tettbygde strok gjer likevel at fleire kan bli utsette for støy i 2015.

Nye krav til utslepp av NOX og NO2 blir fasa inn i perioden 2014–2016 som følgje av EURO 6/VI-krava. Dette er krav retta mot nye bilar og som vil føre til at nye bilar vil ha svært låge NOX- og NO2-utslepp.

Statens vegvesen skal samarbeide vidare med lokale og statlege miljø- og helsestyresmakter for å få meir treffsikker kunnskap og berekningar av luftkvaliteten, og for å finne tiltak for å betre luftkvaliteten både på kort og lang sikt.

Transportetatane arbeider med å auke kunnskapen på naturmangfaldområdet og integrere han i relevante handbøker og prosedyrar. Råd og resultat frå konsekvensutgreiingar skal takast med i reguleringsføresegner eller i dei ytre miljøplanane i seinare planfasar. Transportetatane skal søkje å unngå inngrep i verna naturområde, tyngre inngrep i større samanhengande naturområde, sårbare naturtypar, verdfulle kulturområde og dyrka jord. Dersom tap av viktige naturverdiar ikkje kan unngåast, skal nødvendige avbøtande og restaurerande tiltak setjast i verk. Statens vegvesen og Jernbaneverket tek del i ei direktoratsgruppe som samarbeider om å kartleggje og overvake naturmangfald. Det gir nyttig kunnskap i arbeidet med å planleggje nye prosjekt og å drifte og halde ved like infrastrukturen.

Ingen samferdselsprosjekt som opnar i 2015 er vurderte til å ha svært stor negativ konsekvens for naturmiljø. Det blir ikkje gjort inngrep med nærføring til nasjonalparkar eller landskapsvernområde i samband med riksveganlegg som opnar i 2015. Fem dekar naturreservat blir påverka. Ni registrerte konfliktar mellom veg og naturmangfald vil bli utbetra i 2015.

Arbeidet med å overvake eit utval av innsjøar som ligg nær ein veg, held fram i 2015. Formålet er å få eit bilete av korleis forureininga utviklar seg og medverke til ny kunnskap om konsekvensane av avrenning frå vegar. Jernbaneverket følgjer opp vassforskrifta ved å utgreie og gjennomføre utbetringstiltak ved fem moglege fiskehinder i Trøndelag, og ved å kartleggje og utgreie to forureina grunnlokalitetar som påverkar vasskvaliteten. Tiltaka er planlagt gjennomførte i 2014–15. Opprydding av gammal forureining, avfall og kjelder til forureining er viktige tiltak for Jernbaneverket som blir prioritert.

Samferdselsdepartementet forvaltar store klima- og miljørelaterte løyvingar. Viktige løyvingar i 2015 er forslag om 17,7 mrd. kroner til Jernbaneverket, ein auke på 1,5 mrd. kroner frå 2014, i tillegg kjem 3,2 mrd. kroner til kjøp av persontransporttenester med tog. Vidare er det foreslått 975,6 mill. kroner til påskjøningsordninga for betre kollektivtransport i byområda, 70 mill. kroner til bymiljøavtaler, 25 mill. kroner i særskilt tilskot til Fornebubana, 386 mill. kroner til gang- og sykkeltiltak, 462 mill. kroner til akutt beredskap ved større forureining inkludert 150 mill. kroner til å etablere støttefylling til ubåten U-864 ved Fedje, 84 mill. kroner til kollektivtiltak på veg og 90 mill. kroner til miljø- og servicetiltak på veg.

Justis- og beredskapsdepartementet

Politi- og lensmannsetaten

Det er ei viktig oppgåve å motverke miljøkriminalitet. Omfanget av miljøkriminalitet er venta å auke i tida framover då presset på naturen aukar i takt med den økonomiske velstanden. For politi- og lensmannsetaten er arbeidsmiljø- og forureiningskriminalitet vurdert som den største risikoen mot miljøet. I tillegg blir natur- og fiskerikriminalitet sett på som store utfordringar. Politiet sine viktigaste oppgåver innanfor miljø er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, og rask og adekvat reaksjon på brot mot lovgivinga som er sett til vern om miljøet. Økokrim har eit særskilt ansvar for miljøkriminaliteten og er kompetansesenter på området for politiet og påtalemakta. For 2015 er det løyvt 60,2 mill. kroner til miljøpolitiske tiltak i Politi- og lensmannsetaten.

Sysselmannen på Svalbard

Det å halde ved lag omfanget av Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande forskrifter tek vare på denne målsetjinga.

Det er store utfordringar knytte til klimaendringar og langtransportert forureining. Klimaendringar kan få konsekvensar for arter og økosystem på Svalbard, og med mindre sjøis vil det kunne bli auka skipstrafikk, auka turisme og auka fiskeriaktivitet.

Aktivitetsnivået innan gruveverksemd og forsking er framleis høgt. Utfordringa er å setje rammer og krav som tek vare på målsetjinga om å bevare Svalbard som eit urørt villmarksområde. Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS leverte våren 2014 førehandsmelding for ny kolgruve i Ispallen som inneber inngrep i eit til no urørt område. Dagens kolkraftverk i Barentsburg og Longyearbyen representerer òg miljømessige utfordringar. Avfallshandteringa på øygruppa er ei utfordring.

I verneområda på Svalbard er utfordringa å utvikle gode strategiar for å balansere bruks- og verneinteressene innanfor ramma av verneformålet. Forvaltningsplanar er eit viktig verktøy når det skal gjerast avvegingar mellom dei ulike interessene i behandlinga av enkeltsaker.

Sysselmannen vil prioritere førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og verksemder også i tida framover. Sysselmannens miljørelaterte verksemd er anslått til 11,6 mill. kroner.

Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd (og energiproduksjon) har miljømessige konsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der òg omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på. Nærings- og fiskeridepartementets overordna mål i miljøpolitikken er størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi, innanfor berekraftige rammer.

Hovuddelen av Nærings- og fiskeridepartementets klima- og miljøinnsats går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av miljøteknologi, tiltak for berekraftig forvaltning av fiskeressursar og berekraftig havbruk, og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

I 2015 er det anslått at 380 mill. kroner over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til Noregs forskingsråd går til miljørelevante prosjekt. Det er eit mål for Nærings- og fiskeridepartementets arbeid på klima- og miljøområdet å føre ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og tenester. For 2015 foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Innovasjon Noregs miljøteknologiordning med totalt 56,6 mill. kroner til 230 mill. kroner. Ordninga gir investeringstilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt, og skal fremje norsk industri si konkurranseevne på lengre sikt og over tid medverke til å realisere Noregs miljømålsetjingar. I 2015 er det anslått at 380 mill. kroner over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til Noregs forskingsråd går til miljørelevante prosjekt.

I kampen mot ulovleg, uregulert og uregistrert fiske prioriterer ein målretta kontroll og samarbeid på tvers av faglege linjer og styresmakter både nasjonalt og internasjonalt. Fiskeriaktiviteten sin påverknad på sjøbotnen og det ytre miljø elles skal reduserast mest mogleg, bl.a. gjennom utvikling av meir skånsame metodar innan alle dei viktigaste fiskeriteknologiane.

Det er eit mål at dei norske maritime næringane skal vere i front på miljøområdet. Nærings- og fiskeridepartementet koordinerer arbeidet med ein strategi om ein heilskapleg maritim næringspolitikk, der miljø er ein viktig del. Strategien skal leggjast fram våren 2015.

Regjeringa vil leggje til rette for ein miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Smittepress frå lakselus og genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks er dei to viktigaste miljøutfordringane i norsk havbruksverksemd på kort sikt. Andre miljøkonsekvensar av havbruksnæringa er produksjon/hausting av fôrråvarer, utslepp av næringssalt og beslag på kystareal. Det er avgjerande at drifta er tilpassa og at det blir utvikla teknologiske løysingar fortløpande for å avgrense konsekvensane av verksemda.

Departementet disponerer òg midlar til opprydding og avgrensing av forureining i tidlegare gruveområde. Utarbeiding av heilskaplege tiltaksplanar for opprydding etter gruveverksemd i Folldal og i Sulitjelma vil bli prioritert i 2015.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Tilstandsbeskriving og utfordringar

Med utgangspunkt i plan- og bygningslova, arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet med berekraftig byutvikling. Dette er ein dynamisk prosess som inneber ei brei tilnærming, der det er fokusert på økonomiske, sosiale og miljømessige aspekt.

Ein berekraftig bystruktur skal sikrast gjennom effektiv arealbruk og styrkt miljøvennleg transport. Konsentrert byutvikling er ein føresetnad for eit effektivt kollektivtrafikktilbod og at fleire syklar og går. Dermed er det òg god klimapolitikk. Betre bustadplanlegging er ein viktig del av byutviklinga, og i arbeidet med å syte for tilstrekkeleg bustadforsyning er det viktig å sjå samanhengane mellom tomteval og høvet til å nytte kollektivtransport, sykling og gåing. I ein berekraftig bystruktur er det lagt vekt på å styrkje sentrum i byar og tettstader og andre knutepunkt i kollektivnettet, saman med tilpassing til klimaendringar og omsynet til å sikre høg kvalitet i byrom og uteareal og ta vare på grønstruktur og naturmangfald.

Bustader og andre bygningar står for ein betydeleg energi- og ressursbruk, og om lag halvparten av energibruken i Noreg skjer i bygningar, anslått til 80 TWh pr. år. Energieffektivisering i bustader og andre bygningar er eit viktig miljøvennleg bidrag.

På vegne av staten forvaltar Statsbygg 2350 eigedommar. Samla klimagassavtrykk frå bygningar i dag er i storleiksordenen mellom 40 og 90 kg CO2-ekvivalentar pr. kvadratmeter pr. år. I Statsbyggs byggjeprosjekt, eigedomsforvaltning og rådgivingsteneste, er miljøvennlege løysingar og reduksjon av klimautslepp i eit livsløpsperspektiv ei sentral føring.

Utfordringa i åra framover er å realisere nybygg og totalrehabiliterte bygningar med null utslepp knytt til produksjon, drift og avhending, og å oppgradere det store volumet av eksisterande eigedommar til eit tilfredsstillande energinivå.

Mål

Gjennom heilskapleg og samordna planlegging etter plan- og bygningslova er det eit mål å medverke til gode og miljøvennlege løysingar for bustadforsyning og transport i byar og byregionar, og å medverke til fleire energieffektive og miljøvennlege bustadar og bygningar. Vidare vil gode og samordna løysingar for knutepunktsutvikling blant anna kunne medverke til betydelege klimagassreduksjonar. I tillegg vil satsing på kollektivtransport, sykling og gange i byane medverke til betre lokal luft. Element i arbeidet vil òg vere høvet til aktivt friluftsliv, å ta vare på kulturminne og betre bymiljø.

Rapport 2013

Byutvikling er eit kommunalt ansvar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet t har likevel ein viktig funksjon som øvste planstyresmakt. I 2013 vart det under dåverande Miljøverndepartementet sendt på høyring eit forslag til reviderte statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transport. Departementet medverka òg med finansiell støtte og starta opp nettverk for regionalt plansamarbeid på bustad-, areal- og transportområdet for dei store byregionane Bergen, Trondheim og Stavanger.

Programmet Framtidas byar vart ført vidare med statlege midlar både til pilotprosjekt og nettverksarbeid. Dette er eit breitt samarbeidsprogram mellom dei 13 største byane i Noreg, fire departement, KS og dei tre største næringsorganisasjonane i Noreg. Hovudmåla for programmet er å medverke til reduserte klimagassutslepp og klimatilpassing i dei største byområda. Programmet blir avslutta i 2014.

I 2013 vart Bjerkedalen park, Grorudparken, første etappe av Verdsparken med parkouranlegg og Rommensletta skulpturpark opna.

Eit hovudformål med låne- og tilskotsordningar i Husbanken er å fremje tilgjenge og redusert energibruk i nye og eksisterande bustader utover minstekrava i byggteknisk forskrift. I alt vart det gitt tilsegn om grunnlån for 16,5 mrd. kroner til 11752 bustader i 2013, dvs. 32 prosent fleire bustader enn i 2012.

Statsbygg arbeider systematisk med energieffektivisering i eksisterande bygningar. For 2013 var gjennomsnittleg energiforbruk 201 kWh/m2, marginalt over målet på 200 kWh/m2.

Arbeidet i 2015 og vidare

Midlane til Lågenergiprogrammet (6,4 mill. kroner), kompetansetilskot til berekraftig bustad- og bygningskvalitet (21,8 mill. kroner), tilskot til bustad-, by og områdeutvikling (60,2 mill. kroner) og ulike forskings- og utviklingsmidlar er miljørelaterte tiltak i tilknyting til budsjettet for 2015. Miljørelatert løyving til Fylkesmannsembeta er anslått til 175 mill. kroner for 2015. I tillegg gir Husbanken grunnlån til oppføring og utbetring av bustader og bygningar med miljøkvalitetar ut over minstekrava i regelverket.

Områdesatsinga i Groruddalen vil vare ut 2016.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil med utgangspunkt i plan- og bygningslova i 2015 føre vidare sitt arbeid knytt til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og byutvikling. Programmet Plansatsing mot store byar (2013–2017) skal førast vidare. Det vil bli gitt tilskot både til regionalt plansamarbeid som er sett i gang og pilot- og førebileteprosjekt i dei største byane. I arbeidet vil omsynet til klima, miljøutfordringar knytte til lokal luftforureining, grønstruktur, bynært friluftsliv, naturmangfald og kulturminne vere viktige premissar.

Det er varsl gjennom klimaforliket og klimameldinga at energikrava for nye bygg skal skjerpast til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Utgreiing og innføring av nye energikrav har høg prioritet i 2015.

Statsbyggs prosjekt skal no oppnå minimum passivhusnivå for nybygg og totalrehabilitering, så langt oppdragsgivar har akseptert ambisjonsnivået. Dette nivået vil bli senka til «nesten nullenerginivå» innan 2018, og til nullutsleppsnivå innan 2030. 35 byggjeprosjekt er no på passivhusnivå eller betre, dette inneber at omkring halvparten av Statsbyggs prosjekt når dette målet, når ein tek høgde for tidsforseinking i prosjekta. Det er likevel eit viktig atterhald at oppdragsgivar aksepterer dette ambisjonsnivået på energi, materialar og transportrelaterte utslepp.

Regjeringa vil forsterke klimaforliket og foreslår at det blir løyvd 15 mill. kroner på Statsbyggs budsjett for 2015 som ledd i arbeidet med å fase ut oljekjelar som hovudenergikjelde i Statsbyggs eigedommar innan utgangen av 2016. Ved å utfase desse anlegga vil Statsbygg fjerne det vesentlege av sitt CO2-utslepp frå olje.

Utanriksdepartementet

Tilstand og utfordringar

Det internasjonale avtaleverket på miljøområdet, under dette særleg Klimakonvensjonen, Konvensjonen om biologisk mangfald og Forørkningskonvensjonen, gir viktige rammer og føringar for departementets arbeid med klima- og miljøtiltak. For departementet er særleg mattryggleik, berekraftig ressursforvaltning og å sikre menneske berekraftig energi viktig.

I dag er 1,2 milliardar menneske utan tilgang til straum og meir enn 2,8 milliardar menneske nyttar tradisjonell biomasse som ved og trekol til matlaging. Energisektoren står for over 60 pst. av utslepp av klimagassar og val av energiberarar har betydelege miljøkonsekvensar. I arbeidet med å auke energitilgang i utviklingsland er det viktig at moglegheitene som ligg i deira fornybare energiressursar (vasskraft, sol og vind) blir utnytta i staden for ytterlegare bruk av fossile energikjelder.

Mål for departementets arbeid med miljøutfordringar

Utanriksdepartementets mål på miljøområdet er å medverke til å førebyggje og løyse globale og regionale klima- og miljøutfordringar gjennom internasjonalt samarbeid. Klima- og miljøomsyn blir integrert i norsk utanriks- og utviklingspolitikk gjennom strategisk innsats. I dette arbeidet vil ein søkje å utvikle effektive modellar for privat/offentleg samarbeid og sjå på korleis bistandsmidlane kan nyttast effektivt for å utløyse investeringar frå privat sektor til klima- og miljøtiltak.

Ifølgje FNs prognosar vil vi vere over ni milliardar menneske innan 2050. For å sikre nok mat til alle har FAO rekna ut at produksjonen av mat må auke med 60 pst. innanfor same tidsperiode. Regjeringas strategi for mattryggleik i eit klimaperspektiv vart lansert i desember 2012. Strategien legg det politiske føringane for all norsk støtte til mattryggleik, gjennom både bilaterale og multilaterale kanalar.

Gjennom vår energibistand har Noreg som mål å medverke betydeleg til energiutbygging i utviklingsland. Satsinga på rein energi i utviklingslanda utgjer ein sentral del av den norske politikken på klima- og energiområdet. Målsetjinga med Energy+ er å medverke til ei oppskalering av prosjektbasert støtte til fornybar energi og energieffektivisering ved ei sektortilnærming, det vil seie at ein ser på heile energisektoren samla. Energy+ kombinerer utviklingspolitikk og klimapolitikk på ein ny måte og gjer Noreg synleg internasjonalt.

Noreg har lansert «1 Giga Ton Coalition» for å vise korleis satsing på fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland kan redusere klimagassutsleppa. For å nå to-gradersmålet er det ifølgje FNs miljøprogram (UNEP) nødvendig å redusere dei globale klimagassutsleppa med 8 – 12 gigatonn pr. år innan 2020, utover det landa til no har forplikta seg til.

Resultat i 2013 – 2014

Den globale miljøfasiliteten (GEF), støttar tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. Etter kapitalpåfylling våren 2014 forvaltar GEF vel USD 4,43 mrd. for perioden 2014 – 2018. Saman med andre nordiske land var Noreg bl.a. pådrivar for ei breiare tilnærming til kjemikalieområdet, inkludert kvikksølv, og avfallshandtering der dette er relevant i forhold til GEFs mandat.

Noreg har følgt opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram (UNEP). Noreg har dei seinare åra støtta UNEP med 100 mill. kroner i året gjennom ein programsamarbeidsavtale. Noreg vart attvalt i UNEA-byrået i juni 2014, og er ein pådrivar for at UNEP skal bli ein meir open og ein medlemsstatsstyrt organisasjon.

Under klimatoppmøtet i september 2014 slutta Noreg seg til FNs generalsekretærs initiativ om ein global allianse for klimasmart landbruk der formålet er auka produktivitet som tek vare på viktige klimamål og hindrar ytterlegare avskoging.

I arbeidet med å sikre verda nok mat er forsking ein vesentleg komponent. Noreg støtta organisasjonen for internasjonal landbruksforsking, CGIAR-institutta (The Consultative Group on International Agricultural Research), med til saman 127,5 mill. kroner i 2013.

Klimaendringar, mattryggleik og mangfald av matplanter er sentralt for Noregs støtte til Den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk og Det globale fondet for mangfald av matplanter (GCDT). I 2013 løyvde Noreg eingongsbeløp på høvesvis 100 mill. kroner til GCDT og 40 mill. kroner til Plantetraktaten.

Noreg har inngått ei avtale med regionale afrikanske organisasjonar om støtte til eit regionalt klimaprogram med vekt på klimatilpassa landbruk. I dei ulike landa har det vore gjennomført tiltak med vekt på klimasmart landbruk, skog, naturressursforvaltning, og biologisk mangfald. Av konkrete resultat kan til dømes nemnast overgang til energieffektive kokeomnar i Malawi, klima- og skogsamarbeid med Tanzania, skogforvaltning og rehabilitering og forvaltning av nasjonalparkar i Uganda og Kenya, Rwanda og DR Kongo.

Internasjonale avtaler og konvensjonar

Noreg er part til ei rekkje internasjonale avtaler på miljøområdet, og Regjeringa vil halde fram med å støtte utviklingsland og deira utvikling av strategiar og planar for å gjennomføre slike avtaler. Støtte vil òg bli gitt til sekretariata for konvensjonane og andre tiltak for å gjennomføre konvensjonane sine formål. Kapasitetsbygging set utviklingslanda betre i stand til å møte miljø- og klimautfordringane.

Multilateralt samarbeid

Mange FN-organ er sentrale aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til da organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåver. Noreg gir dessutan tilleggsmidlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har ein fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg har følgt opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram (UNEP). Noreg skal i 2015 fokusere på å styrkje UNEP og gjennomføre vedtaka frå UNEA-1, spesielt innan områda havforsøpling og mikroplast, luftforureining, og miljøkriminalitet.

Den globale miljøfasiliteten (GEF) støttar tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. Noregs medverknad til den sjette påfyllinga av fondet gjeld for perioden 2014 – 2018, med eit beløp på 432 mill. kroner. Det grøne klimafondet (GCF) har særleg prioritet som finansieringskanal i dei kommande åra. Noreg har spela ei sentral rolle i opprettinga av fondet og er representert i styret. Noreg har annonsert eit bidrag på 200 mill. kroner i 2015. Fondet skal i framtida vere det sentrale verktøyet for finansiering av u-landas forpliktingar under Klimakonvensjonen. Det er svært store forventningar knytte til fondet, og ei solid kapitalisering av fondet i løpet av 2015 vil truleg vere avgjerande for å kunne oppnå ei tilfredsstillande klimaavtale på klimatoppmøtet i Paris i 2015.

Mattryggleik

Norge gir støtte til mattryggleik både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar. Årleg støtte er på ca. 1 mrd. kroner. Noreg støttar òg opp om initiativet som FAO har teke for å redusere tap av mat.

Rein energi

For 2015 vil Noregs bistand til rein energi vere 1090 mill. kroner. I tillegg kjem investeringar i rein energi gjennom Norfund. Løyvinga til Norfund er foreslått auka med 250 mill. kroner til 1480 mill. kroner, med framlegg om at minst halvparten skal gå til fornybar energi. Det internasjonale energi- og klimainitiativet Energy + vil særleg satse på å utvikle den internasjonale partnarskapen og gjere den meir forpliktande. Noreg vil vurdere Energy+ samarbeid med eit par nye utviklingsland. Noreg spelar ei sentral rolle i FNs initiativ Berekraftig Energi for Alle (SE4All). Målsetjinga er innan 2030 å skaffe energitilgang til alle, doble forbetringa av energieffektivitet og doble delen fornybar energi. Noreg arbeider òg aktivt for å få til eit eige energimål under FNs nye berekraftsmål frå 2015. Saman med EU og Tyskland har Noreg medverka til å opprette og utforme eit innovativt fond for fornybar energi og energieffektivisering (GEEREF) i utviklingsland. Noregs bidrag er 110 mill. kroner over fem år.

Multilaterale finansinstitusjonar

Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er viktige aktørar i det multilaterale samarbeidet for å møte klimautfordringane, både i deira generelle portefølje, og gjennom spesialfond. Eit eksempel er Asiabankens Clean Energy Financing Partnership Facility (CEFPF) som er eit multigivarfond, oppretta for å auke investeringar i og tilgang til teknologi innan rein energi. Noreg underteika i 2013 ei ny avtale med Clean Energy Fund (CEF) under CEFPFs på NOK 140 millioner kroner over 3 år (2013 – 16).

Nordisk Miljøfinansieringsselskap (NEFCO), som er dei nordiske landa sin internasjonale finansinstitusjon på tiltak på miljøområdet, forvaltar fleire fond for handel med klimakvotar og utvikling av klimamarknadene. NEFCO forvaltar på vegner av Klima- og miljødepartementet òg Norwegian Carbon Procurement Facility (NorCap), som har som mål å kjøpe inntil 30 millionar utsleppsrettar under Kyotoprotokollens andre tiltaksperiode.

Handel, miljø og klima

Noreg arbeider for å fremje berekraftig utvikling på alle relevante område i Verdas handelsorganisasjon (WTO) og i forhandlingar om frihandelsavtaler. Sommaren 2014 vart det sett i gang forhandlingar om reduserte tollsatsar på miljøvarer- og teknologiar. Noreg støttar òg arbeidet for auka handel med fornybar energi (SETI). OECD er ein viktig premissleverandør for den globale klima- og miljødebatten, eit arbeid Noreg tek del i og har nytte av. I EFTA arbeider Noreg aktivt med å utvikle bindande føresegner om miljø i EFTAs handelsavtaler.

EØS-midlane

Under EØS-midlane for perioden 2009–2014 medverkar Noreg med rundt 15 mrd. kroner til sosial og økonomisk utvikling i 16 EU-land. Om lag ein tredel av EØS-midlane er øyremerkt miljø, tiltak mot klimaendringar og grøn næringsutvikling. Miljø og klima er med dette det største innsatsområdet i perioden 2009 – 2014. Det blir òg i 2015 sett av betydelege pengar til miljørelatert arbeid under EØS-midlane.

Nordområda

Regjeringa vil ytterlegare styrkje samarbeidet om maritim tryggleik innanfor ramma av Arktisk råd. Forvaltningsretta forsking på dei levande ressursane i det marine økosystemet, i samarbeid med både russiske og andre lands forskingsmiljø, vil framleis ha høg prioritet.

Regjeringa vil òg arbeide for at det blir gjort ein større innsats regionalt for å redusere utslepp frå kortlevde klimadrivarar og CO2.

Russland

Noreg har eit betydeleg bilateralt samarbeid med Russland for å møte felles miljøutfordringar, for kompetanseutvikling i miljøforvaltninga og for å fremje russisk tilslutning til internasjonale miljøavtaler. Arbeidet blir gjennomført i eit treårig samarbeidsprogram for 2013–15, med særleg vekt på å beskytte havmiljøet, grensenært samarbeid, biodiversitet og reduksjon av forureining.

Eurasia og Midtausten

Norske aktørar er engasjerte i store energiprosjekt i regionen, og miljøarbeidet er ein av dei prioriterte sektorane for samarbeid med landa i Eurasia regionen.

Prosjekt for utnytting av solenergi er eksempel på miljøsamarbeid i Midtausten.

Afrika

Noreg søkjer å medverke til omlegging av landbruket i Afrika i ei klimarobust og meir produktiv retning. Det er lagt vekt på program og tiltak som medverkar til at afrikanske småbønder får auka tilgang på teknologi, marknader og matplanter som toler klimaet i framtida.

Asia

Kinas utvikling har stor betydning for globale miljø og klimautfordringar. Det er derfor viktig å engasjere Kina i internasjonalt samarbeid på dette området. Noreg held fram med si kjernestøtte til tenketanken China Council for International Cooperation on Environment and Development, som gir policyråd direkte til den kinesiske leiarskapen. Vidare har Regjeringa sett av opptil 60 mill. kroner til støtte for eit europeisk-kinesisk samarbeid om karbonfangst og -lagring ved eit kolkraftverk i Kina (Near Zero Emission Coal).

Forsvarsdepartementet

Forsvarssektoren skal vere ei føregangsverksemd i å ta omsyn til miljøet. Miljøomsyn skal vere ein integrert del av alle plan- og avgjerdsprosessar på alle nivå, og vurderast på lik linje med krav til blant anna yting, kvalitet, kvantitet og økonomi. Forsvaret arbeider blant anna med opprydding i forureina sjøbotn, opprydding av miljøgifter, reduksjon av metallutlekking frå skytefelt, ivaretaking av naturmangfald i samband med bruk og utvikling av område, bevaring av kulturminne i skyte- og øvingsfelt, avfallshandtering, reduksjon av støy, og redusert klimagassutslepp. Innanfor alle desse områda er det lagt vekt på kunnskapsgrunnlag og overvaking.

Operasjonar i utlandet har òg ei oppgåve i å beskytte viktige naturressursar for lokalbefolkninga. All militær aktivitet i eit øvingsområde vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store negative konsekvensar for miljøet.

Kystvakta har lovfesta oppgåver blant anna innan miljøoppsyn, og ein del av Kystvaktas oppdrag har prioritet til verneområde, ulovleg fiske, ulovleg jakt, kulturminne, dykking etc. Kystvakta gjennomførte 15 reine miljøoppsyn i 2013. Fleire av Kystvaktas fartøy har oljevernutstyr om bord, og har ei viktig rolle i den operative nasjonale beredskapen mot oljesøl.

Prosjekt for tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til sivile formål er truleg Noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet hadde i 2013 sitt åttande gjennomføringsår. Revegetering av anleggsflatene er ferdigstilt på Haukberget. På HFK-sletta gjenstår utplanting av vierplanter oppformert frå stadeige stiklingsmateriale og tilsåing med stadeigne frø av grasarta sauesvingel.

Fylkesmannen i Oppland starta i 2013 prosessen med verneplan for Hjerkinn skytefelt. Planen blir utarbeidd med heimel i Naturmangfaldlova. Den skal leggje til rette for framtidig vern av skytefeltarealet i tråd med Stortingets vedtak i 1999 om nedlegging av skytefeltet. Tilrådinga frå Miljødirektoratet skal liggje føre innan utgangen av 2016.

Landbruks- og matdepartementet

Tilstand og utfordringar

Landbruksnæringa produserer viktige fellesgode som ulike former for kulturlandskap, natur- og kulturopplevingar og biologisk mangfald. Samtidig er landbruksdrift ei kjelde til forureining til luft, jord og vatn, og påverkar også truga arter og naturtypar i betydeleg grad. Berekraftig ressursforvaltning er ein føresetnad for å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon i framtida, og å bevare viktige miljøverdiar.

Berekraftig landbruk er eitt av fire overordna mål for norsk landbruks- og matpolitikk, med delmål om å ta vare på jordbrukets kulturlandskap, sikre berekraftig bruk av og vern om landbrukets areal og ressursgrunnlag, sikre reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode miljøtilpassingar.

I skogbruket står arbeidet med skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog, Landsskogtakseringa, og FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald sentralt. Samarbeid med miljømyndigheitene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar til å ta vare på naturmangfaldet i skogen. Samtidig er 1400 truga og nær truga arter etter Norsk raudliste 2010 vurderte til å vere negativt påverka av skogbruksaktivitet. I dei seinare åra er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere desse effektane ved å unngå eller tilpasse hogst på areal som er særleg viktige for raudlistearter.

Landbruket har ei rekkje verkemiddel som skal medverke til eit ope og variert kulturlandskap som tek var på dei natur- og kulturhistoriske verdiane i landskapet. For dyr på beite har det vore ei positiv utvikling med fleire dyr som et grovfôr og fleire dyre på utmarksbeite. Utfordringane framover ligg i å målrette miljøverkemidla til kulturlandskapsareal med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. Om lag 44 pst. av truga arter på Norsk raudliste 2010 er knytte til jordbrukets kulturlandskap.

Kulturminne og bygningar som ikkje er skjøtta eller er i bruk står i fare for å forfalle på linje med meir ekstensivt skjøtta areal. Det blir gitt tilskot til istandsetjing og vedlikehald av freda og verneverdige bygningar, men omfanget avheng i stor grad av interesse og engasjement hos aktørane.

Utsleppa frå norsk jordbruk låg på 8,5 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2013. Det er ein auke på 0,3 pst. sidan 2012. To tredelar av metanutsleppa og halvparten av lystgassutsleppa i Noreg kjem frå jordbruket.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne skade avlingar og føre til meir erosjon. Eit varmare og våtare klima kan gjere at nye sjukdommar og skadegjerarar etablerer seg i Noreg. Desse vil kunne gjere stor skade i plantedyrking og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald, noko som igjen kan føre til auka bruk av plantevernmiddel med uønskte effektar på helse og miljø. Eit varmare klima vil samtidig òg kunne ha positive effektar på norsk mat- og skogproduksjon.

Landbrukseigedommane sin natur, kulturlandskap og kulturarv er av stor verdi for samfunnet. Skogen, utmarksareal, vegane og stigane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Ei sentral utfordring er gjengroing og opphøyr av tilrettelegging på grunn av nedlegging av bruk og fråflytting.

Tap av jord, næringsstoff og plantevernmidlar gir dårleg økologisk tilstand i vatn og vassdrag. Det er ei av dei største miljøutfordringane for jordbruket, og det er derfor sett i verk betydelege tiltak for å redusere tapane. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har medverka til å auke utfordringane ved avrenning. I 2013 vart nesten 40 pst. av dei totale regionale miljøverkemidla nytta til tiltak mot avrenning.

I 2012 stod jordbruket for heile 92 prosent av ammoniakkutsleppa i landet. Ammoniakkgass verkar forsurande på vassmiljøet og aukar avrenninga av nitrogen. Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel er eit viktig tiltak for å redusere ammoniakkutsleppa.

Tidlegare utsleppsproblem frå gjødselslager og siloar er betra gjennom 2013, og bruken av fosfor i landbruket er betre tilpassa opptaket i plantene dei siste åra. Samtidig har areal med ingen/utsett jordarbeiding, som er eit av dei viktigaste og mest omfattande avrenningstiltaka, gått ned dei siste to åra. Auka merksemd på soppsmitte i åkeren og meir målretta tiltak er to av fleire viktige årsaker.

Optimal utnytting av husdyrgjødsel medverkar til å redusere klimagassutsleppa, redusere behovet for handelsgjødsel og betrar vassmiljøet. Etter omlegging til nytt nasjonalt miljøprogram, var det i 2013 ein auke på 63 prosent i areal der husdyrgjødsel vart spreidd med miljøvennlege metodar.

Ved utgangen av 2013 var 714000 dekar skog forvalta som nøkkelbiotopar. Dette er ein auke på 56000 dekar frå 2012. Aktiv planting av skog har òg auka dei siste fire åra, noko som medverkar til å binde meir CO2.

I 2013 gjennomførte 22000 føretak tiltak innanfor dei regionale miljøprogramma.

Tiltak og politikk som medverkar til betre måloppnåing på miljøområdet

Landbruket sitt kulturlandskap og verdifulle naturverdiar vert først og fremst sikra gjennom eit aktivt, berekraftig landbruk, og ved at det blir lagt til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken.

Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv og det internasjonale samarbeidet, blant anna delta aktivt i den internasjonale prosessen som er oppretta for å betre utvekslingsmekanismen for plantegenetiske ressursar under FAOs internasjonale traktat for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk. Landbruks- og matdepartementet arbeider òg aktivt med å førebyggje og redusere matsvinn, blant anna ved støtte til næringslivets ForMat-prosjekt og Matsentralen.

Regjeringa vil som tilsvar på klimautfordringa leggje større vekt på klimapolitiske målsetjingar i forvaltninga av norske skogar. Landbruks- og matdepartementet vil halde oppe satsinga på bioenergi og føre vidare Bioenergiprogrammet som blir forvalta av Innovasjon Noreg.

Skog og skogforvaltning blir eit sentralt tema i forhandlinga om ei ny internasjonal klimaavtale i Paris i 2015. Noreg er òg ein pådrivar for internasjonalt samarbeid om berekraftig skogforvaltning både globalt gjennom FNs skogforum (UNFF) og regionalt gjennom Forest Europe.

Nokre viktige miljørelaterte løyvingar under Landbruks- og matdepartementet for 2015 er blant anna Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) (195 mill. kroner). Formålet med tiltaket er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, og redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Vidare utgjer tilskot til regionale miljøprogram (RMP) (436,5 mill. kroner), tilskot til økologisk landbruk (108,2 mill. kroner) og miljørelatert løyving til Noregs Forskingsråd (133,5 mill. kroner).

Fram til jordbruksforhandlingane 2015 skal det gjennomførast ei heilskapleg utgreiing av miljøverkemidla, med sikte på målretting og forenkling for miljø, næring og forvaltning, redusere talet på støtteordningar og auke formålseffektiviteten ved verkemiddelbruken. Det skal òg gjennomførast ei utgreiing om landbruket sine utfordringar i møte med klimaendringane i løpet av 2015.

Finansdepartementet

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvalting. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

For at ressursane i samfunnet skal nyttast effektivt må omsyn til miljø og andre eksterne effektar reknast med i økonomiske avgjerder. Bruk av økonomiske verkemiddel, som til dømes prising av miljøgode og indirekte verknader av utslepp av klimagassar, gjer at dei som skal ta avgjerdene i alle sektorar og på alle nivå får insentiv til å ta omsyn til miljøet. Dette medverkar til grøn vekst og auka velferd på lang sikt. Finansdepartementet har eit ansvar for innrettinga av avgifter i miljøpolitikken. Avgifter utgjer, saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minke utsleppa der det er billegast og sikrar at forureinarane betaler.

Noreg har ei rekkje miljørelaterte særavgifter. Ei av dei viktigaste avgiftene innanfor miljøpolitikken er CO2-avgifta, som har til formål å medverke til kostnadseffektive reduksjonar av utslepp av klimagassen CO2. Vidare er køyretøyavgiftene viktige, blant anna vegbruksavgiftene og eingongsavgifta. Innføring av CO2-elementet i eingongsavgifta frå 2007 har på køyretøy hatt stor påverknad på endringar i CO2-utsleppet frå nye personbilar. CO2-utsleppa frå nye personbilar har gått ned frå 177g/km i 2006 til 111g/km i dei første åtte månadane av 2014. Auka sal av elbilar er hovudårsaka til nedgangen i utslepp frå nye personbilar dei siste to åra. Elbilsalet utgjorde 13 pst. av samla sal av nye personbilar i dei første åtte månadane av 2014, opp frå knapt 3 pst. i 2012. I arbeidet med bl.a. å utvikle vidare dei miljøpolitiske avgiftene har Regjeringa oppnemnt ein ny grøn skattekommisjon. Hovudmålet for utvalet sitt arbeid er å vurdere om og korleis ein ved auka bruk av klima- og miljørelaterte avgifter, og reduksjonar i andre skattar og avgifter, kan oppnå både lågare utslepp av klimagassar, eit betre miljø og ei god økonomisk utvikling.

Finansdepartementet har òg ansvaret for framskrivingar av miljøskadelege utslepp til luft og analysar av økonomiske sider ved klima- og miljøpolitikken.

Vidare arbeider Finansdepartementets underliggjande etat Statistisk sentralbyrå med statistikk og forsking på miljøområdet. Blant anna produserer dei statistikk på utslepp til luft, avfall og attvinning, arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og viktige statistikkar som er baserte på rapportering i KOSTRA over kommunal og fylkeskommunal miljøforvalting. Frå 2013 vart ei ny EU-forordning for miljørekneskapar sett i kraft, og tal for næringsfordelt utslepp etter nasjonalrekneskapsstandarden, miljørelaterte skattar og rekneskapar for materialstraumar vert rapporterte.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på klima- og miljøfeltet vil ein utvikle vidare fleire økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi og bruke desse til analysar av norsk og europeisk energi- og klimapolitikk, og ressursforvalting i Noreg og Arktis. Statistisk sentralbyrå har òg viktige prosjekt om økosystemtenester og naturressursverdiar innanfor fiske, skog og jordbruk, og forskinga medverkar til statistikkarbeidet på feltet.

I tråd med samarbeidserklæringa og Sundvolden-erklæringa har Regjeringa vurdert eit skattefrådrag for ENØK-tiltak i hushalda. Regjeringa foreslår i fyrste omgang at Enova si ordning for ENØK-støtte retta mot private hushald vert lagt om og utvida. Vi tek sikte på at ordninga seinare skal kunne endrast til ei frådragsordning i skattesystemet med Enova som godkjennar.

Ei viktig endring i omlegginga av ordninga slik ho er i dag, er at støtta vert gjort om til ein rett. Ein vil ikkje lenger trenge førehandsgodkjenning frå Enova for å gjennomføre eit tiltak, men får utbetalt støtta basert på utgifter for utførte tiltak nærare spesifisert av Enova. Samstundes vert den eksisterande støtteordninga utvida med eit mindre tal produkt. Enova vil rette inn støtta til investeringar i energieffektiviseringstiltak frå private hushald slik at dei vil auke med om lag 150 mill. kroner samanlikna med utbetalt støtte i 2013. Den samla støtta til private hushald blir såleis om lag 250 mill. kroner i 2015. Utvidinga dekkjast innanfor Enovas eksisterande budsjett.

Regjeringa vil fremje forslag om gunstigare avskrivingar for vindkraftanlegg. Eit forslag vil bli sendt på høyring. Regjeringa tek sikte på å fremje eit forslag for Stortinget våren 2015 og at dei nye reglane blir gitt verknad for inntektsåret 2015. Innføring av raskare avskrivingar for ei avgrensa gruppe investeringar kan reise EØS-rettslege problemstillingar, og departementet vil vurdere spørsmål om notifikasjonsplikt etter EØS-avtala nærare før forslaget fremjast.

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementets hovudmålsetjing er å oppnå tryggare og meir helsefremjande miljø. Viktige tiltak er blant anna å støtte arbeidet i kommunane med miljøretta helsevern og arbeidet med å førebyggje allergi, astma og inneklimasjukdommar. Dette er aktuelt for miljøfelt som luftforureiningar, støy og helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Oppfølginga av folkehelsemeldinga frå 2012 – 2013 omfattar bidrag til at helseomsyn skal få ein større plass i utviklinga av stader, nærmiljø og lokalsamfunn, under dette at det skal leggjast til rette for helsefremjande transportløysingar.

Statens strålevern tek vare på oppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor fagfeltet radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. Strålevernet har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø.

Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt, og fylkesmennene, er rådgivarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Både folkehelselova og forskrift om miljøretta helsevern peiker på kommunane sitt ansvar for oversikt, rådgiving og medverknad som ledd i arbeidet med å fremje folkehelse og medverke til gode forhold med omsyn til miljøet. Kommunane skal òg gjennom planlegging sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet, bl.a. biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverknad på helsa.

Kunnskapsdepartementet

Det å lære barn og unge å ta vare på naturen og fremje gode haldningar til miljøet er ein del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og grunnskulane. Grunnlaget for gode haldningar blir lagt tidleg, og natur og miljø er derfor er ein naturlig del av verksemda i barnehagane og skulane. Det inneber å tilføre kunnskap, dugleik og haldningar som gir grunnlag for å ta vare på jorda, og til å ta reflekterte val og delta i den demokratiske debatten.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å sikre god miljøopplæring gjennom heile utdanningsløpet gjennom fastsetjing av læreplanar, ansvar for lærarutdanninga, og å sikre gode miljø- og samfunnsrelevante utdanningstilbod i høgare utdanning, og rekruttering av forskarar innanfor miljøområde der samfunnet har bruk for kunnskap.

Kunnskapsdepartementets samla finansiering av miljørelatert forsking gjennom Noregs forskingsråd var i størrelsesorden 390 mill. kroner i 2013. Dette inkluderer både målretta tiltak og forsking finansiert gjennom ulike verkemiddel som ikkje er særskilt målretta mot miljø, som Fri prosjektstøtte (FRIPRO), Senter for fremragende forsking (SFF), Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI), og nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur. Kunnskapsdepartementets midlar går i stor grad til klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi, men ein del går òg til forsking på økosystem- og forureiningsområdet.

I tillegg får Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret 25 mill. kroner årleg. Også Meteorologisk institutt har ei viktig oppgåve i å studere det norske klimaet og gi klimatologiske utgreiingar og formidle resultata av dette arbeidet. Kunnskapsdepartementet foreslår at satsinga på klima- og miljøområdet skal liggje på same nivå i 2015.

For 2015 er det foreslått ei auka løyving til Horisont 2020 på 115 mill. kroner. Å auke deltakinga i Horisont 2020 er eit viktig mål for norsk forskingspolitikk. Midlane stimulerer til auka deltaking på mange område, og av desse er klima- og miljøspørsmål eit av dei viktigaste. Større norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid gjev norske forskarar tilgang på internasjonalt framifrå fagmiljø, også fagmiljø på klima- og miljøområdet, og vil medverke til høgare kvalitet på forskinga.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Dei fleste forbrukarane i Noreg nyter godt av høg og aukande kjøpekraft og velstand. Tilbodet av varer og tenester blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk, kulturell og økonomisk utvikling. Miljøutfordringa knytt til forbruk handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og den samla ressursbruken i samfunnet til det naturen kan tole. Både forbruksvolumet og forbruksmønsteret i samfunnet har innverknad på miljøet og klimaet.

I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til større medvit om miljøutfordringane knytte til forbruket gjennom kunnskapsformidling og informasjon. Det er viktig å (1) leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket, og (2) styrkje kunnskapen til forbrukarane om spørsmål knytte til berekraftig forbruk i vid forstand.

Dei offisielle merkeordningane Svanen og EU Ecolabel er viktige verktøy for å informere forbrukarar og gi grunnlag for miljøbevisste val. Målet er at talet på miljømerka produkt på den norske marknaden skal auke og at forbrukarane i større grad skal etterspørje slike varer. Det er viktig at næringsdrivande ikkje brukar miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa sin.

BLD har saman med KLD finansiert eit undervisningsopplegg om berekraftig forbruk i regi av Ungt Entreprenørskap i 2014. Prosjektet blir foreslått føre vidare i 2015.

BLD deltek i eit samarbeid med KLD, LMD, NFD, varehandelen og næringsmiddelprodusentane om prosjektet ForMat, om å redusere matsvinnet i samfunnet. Prosjektet blir ført vidare i 2015.

Kulturdepartementet

Museumssektoren forvaltar kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap. Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om i alt 4 600 kulturhistoriske bygningar i 2013. Museas bevarings- og formidlingsarbeid medverkar til å spreie kunnskap om og oppleving av desse miljøverdiane. Over Kulturdepartementets budsjett blir det no gitt driftstilskot til 65 konsoliderte museum i det nasjonale museumsnettverket.

I samarbeidsprosjekt mellom fleire museum og Norsk kulturråd blir det utvikla eit betre grunnlag for dokumentasjon og forvaltning, drift og vedlikehald av bygningar og anlegg. Norsk kulturråd forvaltar òg tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga vart det i 2013 innanfor ei ramme på 9,8 mill. kroner gitt tilskot til 42 tiltak fordelt på 28 museum.

Det er kommunane og Kyrkjeleg fellesråd som har ansvar for forvaltning av kyrkjer og gravplassar. I dette ligg bl.a. at kyrkjene skal vere tilfredsstillande sikra og vedlikehaldne. Kulturdepartementet medverkar, gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjer, til dette arbeidet. Målet for ordninga er å stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene og deira utsmykking og inventar. Sidan ordninga vart oppretta i 2005 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for ei samla investeringsramme på nærare 3 mrd. kroner.

Sidan storparten av kyrkjene er eldre bygningar, er det høge kostnader knytte til oppvarming. Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon (KA) samarbeider med Riksantikvaren for å finne nye energisparande varmesystem som samtidig betrar bevaringsmiljøa for bygning og interiør. Det er òg etablert regionale energinettverk for kyrkjebyggjarar for å auke kompetansen på området.

Opplysningsvesenets fond (OVF) eig og forvaltar ein betydeleg eigedoms- og bygningsmasse. Fleire av dei gamle prestegardane er verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Prestebustadene har eit samla areal (inklusive garasjar, uthus m.m.) på ca. 160000 m2, og det vart i 2013 brukt 83 mill. kroner til drift, vedlikehald og rehabilitering. OVF er òg ein av landets største skogeigarar, med ca. 860000 dekar skogareal, der over halvparten av arealet er produktiv skog. Skogbruket skal drivast på ein miljøvennleg og berekraftig måte, og bevaring av biologisk mangfald skal ha høg prioritet.

Staten har hatt ansvaret for gjenreisinga av Nidarosdomen sidan arbeidet vart starta i 1869. Det bygningsmessige vedlikehaldet og den kontinuerlege restaureringa er teke vare på av Nidaros domkyrkjes restaureringsarbeid (NDR). NDR har òg ei overordna oppgåve i å føre vidare og utvikle våre unike handverkstradisjonar, og dei er ein pådrivar i utvikling av berekraftige handverksmiljø som kan forvalte den store nasjonale antikvariske bygningsarven.

Arbeids- og sosialdepartementet

Statens arbeidsmiljøinstitutt er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse. Statens arbeidsmiljøinstitutt skaffar fram avgjerdsunderlag av høg kvalitet som kan brukast innanfor fagfeltet helse- og miljøfarlege kjemikaliar og som har overføringsverdi til det ytre miljø. Eksponeringar, mekanismar og helseeffektar som instituttet studerer, har i ei viss utstrekning relevans også når det gjeld det totale miljøet – dvs. utover den reint arbeidshelseretta konteksten.

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitenes tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og tryggleik. Petroleumstilsynet skal på klima- og miljøområdet medverke til å førebyggje forureining til sjø og til luft frå petroleumsverksemda ved å byggje opp om dei nasjonale klima og miljømåla og klima- og miljøpolitikken.

Petroleumstilsynet overvakar blant anna utviklinga av risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø, under dette storulykkesrisiko. Ein årleg rapport om denne risikoutviklinga, RNNP-akutte utslepp, fungerer som eit underlag for Petroleumstilsynet sitt tilsyn med næringa. I tillegg blir rapporten presentert for næringa for at aktørane skal bruke denne som underlag for tiltak der risikobidraget er størst.

I 2013 skjedde 18 akutte utslepp av råolje til sjø. I perioden 2001–2013 har det vore ein tydeleg reduksjon i talet på akutte råoljeutslepp til sjø for norsk sokkel. Regulære utslepp til sjø omfattar i hovudsak produsert vatn, borekaks og restar av kjemikaliar og sement frå boreoperasjonar og blir regulert gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Petroleumstilsynet vil i 2015 arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket som gjeld for tap av liv, helse, arbeidsmiljø, ytre miljø og økonomiske verdiar slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemda i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikk. Av alt utslepp til sjø frå petroleumsverksemda, inkludert akutte oljeutslepp, står produsert vatn for over 88 pst.

Petroleumstilsynet vil føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar som forvaltar miljø i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda (Barentshavet – Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen – Skagerrak).

4 Oversiktstabellar

4.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 8029,332 mill. kroner på utgiftssida og 614,697 mill. kroner på inntektssida.

4.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1400

Klima- og miljødepartementet

609 721

494 694

435 437

-12,0

1406

Miljøvennleg skipsfart

3 943

4 132

5 111

23,7

1408

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

13 308

12 599

14 200

12,7

1409

MAREANO

12 671

27 500

27 362

-0,5

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

623 559

637 727

635 601

-0,3

Sum kategori 12.10

1 263 202

1 176 652

1 117 711

-5,0

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1420

Miljødirektoratet

2 521 516

2 807 167

2 557 908

-8,9

1425

Vilt- og fisketiltak

81 400

84 700

77 475

-8,5

Sum kategori 12.20

2 602 916

2 891 867

2 635 383

-8,9

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1429

Riksantikvaren

535 594

550 519

554 166

0,7

1432

Norsk kulturminnefond

63 590

65 487

3,0

Sum kategori 12.30

535 594

614 109

619 653

0,9

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1471

Norsk Polarinstitutt

260 088

275 943

280 528

1,7

1472

Svalbard miljøvernfond

16 817

12 320

14 650

18,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

37 362

52 298

52 177

-0,2

Sum kategori 12.60

314 267

340 561

347 355

2,0

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

1481

Klimakvoter

313 300

316 546

1,0

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 865 900

2 992 684

4,4

Sum kategori 12.70

3 179 200

3 309 230

4,1

4.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4400

Klima- og miljødepartementet

5 724

1 959

2 024

3,3

Sum kategori 12.10

5 724

1 959

2 024

3,3

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4420

Miljødirektoratet

120 546

102 104

86 253

-15,5

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

94 417

93 200

90 666

-2,7

Sum kategori 12.20

214 963

195 304

176 919

-9,4

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4429

Riksantikvaren

4 855

5 159

5 328

3,3

4432

Norsk kulturminnefond

1 400000

Sum kategori 12.30

1 404 855

5 159

5 328

3,3

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4471

Norsk Polarinstitutt

70 687

77 723

80 276

3,3

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

16 817

12 320

14 650

18,9

Sum kategori 12.60

87 504

90 043

94 926

5,4

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

 

(i 1000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

4481

Salg av Klimakvotar

335 500

Sum kategori 12.70

335 500

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01 – 01

Driftsutgifter

1 619 030

1 374 911

1 262 507

-8,2

11 – 25

Varer og tenester

1 296 054

1 081 009

1 122 278

3,8

30 – 49

Nybygg, anlegg m.v.

457 386

618 950

223 178

-63,9

50 – 59

Overføringar til andre statsrekneskaper

434 288

501 315

513 042

2,3

60 – 69

Overføringar til kommunar

116 791

64 345

59 620

-7,3

70 – 89

Overføringar til private

1 525 258

4 561 859

4 848 707

6,3

Sum under departementet

5 448 807

8 202 389

8 029 332

-2,1

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01 – 29

Sal av varer og tenester m.v.

932 713

186 945

509 381

172,5

50 – 91

Skattar, avgifter og andre overføringar

1 511 234

105 520

105 316

-0,2

Sum under departementet

2 443 947

292 465

614 697

110,2

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30 – 49

 

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2014

Forslag 2015

Grunngjeving for stikkordet

1400

65

Områdesatsing i byar

10000

1400

74

Tilskot til AMAP

4000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

30 507

1409

21

Spesielle driftsutgifter

27 362

1420

69

Oppryddingstiltak

41 120

1420

70

Tilskott til vassmiljøtiltak

22 600

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

68 077

1420

78

Friluftsformål

137 275

1420

79

Oppryddingstiltak

1 306

1420

81

Verdensarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv

25 521

1420

82

Tilskot til truga arter og naturtypar

33 439

1420

85

Naturinformasjonssentre

47 720

1425

70

Tilskot til fiskeformål

11000

1425

71

Tilskot til viltformål

27 600

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

29 605

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

114 375

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

50 432

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

44 997

1429

74

Tilskot til fartøyvern

56 329

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

6 726

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

7 964

1429

79

Tilskot til verdsarven

38 227

1471

21

Spesielle driftsutgifter

66 160

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

24 177

1474

70

Tilskot til private mottakarar

28000

1481

01

Driftsutgifter

8 746

1481

22

Kvotekjøp, generell ordning

306 300

1481

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser

1 500

1482

73

Klima- og skogsatsinga

2 909 998

5 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 271, 12. desember 2013

Den 12. desember 2013 vedtok Stortinget ei oppmoding til Regjeringa om å komme tilbake til Stortinget med ei sak om innretting av Noregs internasjonale klimainnsats i løpet av vårsesjonen 2014.

Klima- og miljødepartementet uttaler i brev 20.august 2014:

«Regjeringen har besvart anmodningen i Meld St. 2 (2013 – 2014) Revidert nasjonalbudsjett 2014, på sidene 95 – 110, hvor det gis en detaljert redegjørelse for Norges internasjonale klimainnsats.»

Vedtak nr. 473, 12. juni 2014

Stortinget ber Regjeringa i samband med arbeidet med framtidige klimamål, og i samband med vurdering av det føremålstenlege i ei klimalov, vurdere nærare korleis kontroll og overvaking av måloppnåing i klimapolitikken kan gjennomførast.

Klima- og miljødepartementet uttaler i brev 20.august 2014:

«Regjeringen vil utrede hensiktsmessigheten av klimalov, og det legges opp til en åpen innspillsprosess, som vil følges opp høsten 2014. Spørsmål knyttet til kontroll og overvåking av måloppnåelse i klimapolitikken vil være en viktig del av arbeidet. Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget på en egnet måte.»

Vedtak nr. 549, 19. juni 2014

Stortinget ber Regjeringa snarast mogleg leggje fram forslag til endring av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag som sikrar lokal forvaltning innanfor tydelege, nasjonale retningslinjer inntekne i lova.

Klima- og miljødepartementet uttaler i brev 20.august 2014:

«Klima- og miljødepartementet sendte forslag til endringer i regelverket om motorferdsel i utmark på høring 10. juli 2014 med høringsfrist 19. september 2014. Regjeringen tar sikte på å fremme en proposisjon med lovendringsforslag for Stortinget innen utgangen av 2014.»

Til forsida