Del 2
Budsjettframlegget for 2015
Nokre generelle nyordningar
Krav om produktivitetsvekst
Den årlege produktivitetveksten er viktig for velstandsauken i eit land. Regjeringa følgjer dette opp i Sundvolden-erklæringa og har sett ned ein eigen produktivitetskommisjon. Regjeringa vil byggje sin politikk på ein effektiv bruk av dei ressursane som er i fellesskapet. Regjeringa har som føresetnad at alle statlege verksemder kvart år gjennomfører tiltak for å auke produktiviteten. For å gje insentiv til meir effektiv statleg drift og med dette skape rom for andre prioriteringar, vil ein setje i gang ein avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Delar av gevinstane frå mindre byråkrati og meir effektiv pengebruk vil ein trekkje inn for å kunne nytte til andre føremål. Denne innhentinga vert sette til 0,5 pst. av driftsutgiftene i verksemdene. For å gjere ordninga føreseieleg, er berekningsgrunnlaget saldert budsjett året før. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015. For budsjettkapitla under Finansdepartementet utgjer innsparinga om lag 42,5 mill. kroner.
Nøytral meirverdiavgift i statsforvaltninga
Frå 2015 går ein over til nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan. Denne ordninga inneber at betalt meirverdiavgift som hovudregel ikkje lenger skal førast som ei driftsutgift på eigne budsjettkapittel. I staden skal avgifta førast sentralt på kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter. I budsjettet for 2015 er postane 01–49 budsjetterte utan meirverdiavgift. Ordninga fjernar ei konkurranseulempe for private aktørar. Nokre forvaltningsorgan vert haldne utanfor ordninga, men dette gjeld ingen instansar under Finansdepartementet. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015. På Finansdepartementets budsjettkapittel er om lag 535 mill. kroner flytta til det nye kap. 1633 frå andre kapittel.
5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.30 Regjeringa
Utgifter under programkategori 00.30, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
20 | Statsministerens kontor | 97 312 | 98 300 | 99 600 | 1,3 |
21 | Statsrådet | 173 324 | 151 300 | 154 700 | 2,2 |
24 | Regjeringsadvokaten | 73 115 | 79 000 | 77 000 | -2,5 |
Sum kategori 00.30 | 343 751 | 328 600 | 331 300 | 0,8 |
Om Statsministerens kontor, Statsrådet og Regjeringsadvokaten
Statsministerens kontor og Statsrådet
Statsministerens kontor hjelper statsministeren med leiing og samordning av arbeidet til regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.
Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møter hjå Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemmane si deltaking i debatter og spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg stø statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret løns- og arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemmane og andre politikarar i departementa.
Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell-, innanriks- og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon. Regjeringa si bilteneste høyrer inn under administrativ og konstitusjonell avdeling.
Regjeringsadvokaten
Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegne av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.
Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.
Kap. 20 Statsministerens kontor
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 97 312 | 98 300 | 99 600 |
Sum kap. 0020 | 97 312 | 98 300 | 99 600 |
Rapport 2013
Post 01 Driftsutgifter
Statsministerens kontor har hjelpt statsministeren med å leie og samordne arbeidet til regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Regjeringsskiftet i oktober førte til auka utgifter til ymse ikt- og kontorutstyr og supplering og vedlikehald av møblar og inventar. I tillegg auka utgiftene i samband med styrking av den overordna koordineringa og oppfølginga av tryggings- og beredskapsarbeidet på tvers av departementa.
Budsjett 2015
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kapittel 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Departementet gjer framlegg om at ramma for 2014 vert ført vidare reelt uendra i 2015.
Kap. 3020 Statsministerens kontor
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 807 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 473 | ||
Sum kap. 3020 | 1 280 |
Kap. 21 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 173 324 | 151 300 | 154 700 |
Sum kap. 0021 | 173 324 | 151 300 | 154 700 |
Post 01 Driftsutgifter
Rapport 2013
Regjeringsskiftet førte til auka utgifter til tryggingstiltak og styrking av den overordna koordineringa og oppfølginga av tryggings- og beredskapsarbeidet på tvers av departementa. Det vart utbetalt sluttyting til politikarane som gjekk av. Utgiftene til regjeringa si bilteneste auka på grunn av auka utskiftingstakt for bilar.
Budsjett 2015
Løyvinga under kap. 21 Statsrådet skal dekkje lønsutgifter for regjeringsmedlemmane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser og besøksreiser for familie, diett ved utgifter til dobbelt hushald og barnehagetilbod for den politiske leiinga.
Løyvinga dekkjer dessutan generelle driftsutgifter for den politiske leiinga i departementa, irekna utgifter til tenestereiser og alle driftsutgifter knytt til Regjeringa si bilteneste.
Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for politisk leiing», fastsett ved kgl.res. 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk leiing», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.
Framlegget inneber ein reell auke av budsjettramma med 5,8 mill. kroner.
5,2 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift, gjeld kjøp av ein ny bil for transport av regjeringa sine medlemmar. 0,6 mill. kroner er vidareføring frå 2014 av tryggingstiltak for regjeringa sine medlemmar.
Fullmakt til overskriding
I samråd med politiet set Statsministerens kontor i verk visse tryggingstiltak for regjeringa. Det er vanskeleg å budsjettera tiltaka, og dei kan endre seg i løpet av budsjettåret. Difor gjer departementet framlegg om samtykkje til at Statsministerens kontor i 2015 kan overskride løyvinga på kapittel 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa, jf. framlegg til romartalsvedtak III.
Kap. 3021 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Leigeinntekter | 232 | 300 | 300 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 848 | ||
Sum kap. 3021 | 1 080 | 300 | 300 |
Post 01 Leigeinntekter
Posten omfattar inntekter ved framleige av ledige pendlarbustader. Departementet gjer framlegg om same løyving for 2015 som for 2014.
Kap. 24 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 57 332 | 61 500 | 62 600 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 15 783 | 17 500 | 14 400 |
Sum kap. 0024 | 73 115 | 79 000 | 77 000 |
Rapport 2013
I 2013 kom det inn 973 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein auke på 77 i høve til 2012. Det var særleg fleire utlendingssaker. Vidare er sakene ofte meir komplekse enn før og krev stadig meir ressursar til førebuing og gjennomføring.
Utviklinga går òg i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.
Av dei nemnde sakene er 766 rettssaker (675 i 2012), 112 rådgjevande fråsegner (119 i 2012) og 103 høyringar (102) i 2012. Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.
Utlendingssakane viser ei ytterlegare auke til 172 saker frå toppåret 2011 (164 saker). Også for psykisk helsevernsakene noterer vi toppnotering med 222 saker, en gjennomsnittleg auke med 16 pst. frå dei tre siste årene. Talet på trygdesaker ligg på same nivå som tidlegare år.
Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er aukande. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Dei fleste krevjande saker og ankesaker må behandlast av Regjeringsadvokaten.
Budsjett 2015
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hjå Regjeringsadvokaten. For å sikre eit kvalifisert advokatkorps i ei tid der sakene stadig vert meir innfløkte, er Regjeringsadvokaten meir enn før nøydd til å halde på dei mest røynde advokatane, særleg dei som har møterett for Høgsterett. Embetet har arbeidd for, og greidd, å halde på mange av desse advokatane. Sidan advokatar kjem i ein høgare lønskategori når dei får møteretten, har dette fylgjer for dei samla lønsutgiftene.
Advokatene hos Regjeringsadvokaten er svært ettertrakta i den private advokatmarknaden, der lønene er høge. Når embetet dessutan taper i lønsutviklinga i samanlikning med andre delar av stats- og kommuneforvaltninga og domstolane, fører det til utfordringar i lønsadministrasjonen. Kompleksiteten i porteføljen gjer at det ikkje er enkelt å erstatte røynde tilsette som sluttar.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar slik som utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker.
Per 11. juni 2014 er talet på trygdesaker svakt aukande.
Sidan andre halvår 2013 har Regjeringsadvokaten sett ein klart aukande tendens i talet på utlendingssaker. Per 11. juni 2014 har embetet registrert ein auke på 62,5 pst. frå same tid året før. Denne tendensen er ei vidareføring frå andre halvår 2013. Det er avgjerande for den samla behandlinga av utlendingsområdet at rettssakene kan behandlast raskt. Det knyter seg stor usikkerheit til tala, sidan grunnlaget for saker er uføreseieleg.
Kap. 3024 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 13 992 | 13 900 | 14 400 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 497 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 728 | ||
Sum kap. 3024 | 16 217 | 13 900 | 14 400 |
Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker
Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten har vore prosessfullmektig. Departementet føreslår at ramma for 2014 vert ført vidare i 2015.
Programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar
Utgifter under programkategori 00.40, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
41 | Stortinget | 1 139 729 | 1 210 800 | 1 413 300 | 16,7 |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | 5 902 | 6 800 | 6 800 | 0,0 |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | 61 542 | 63 300 | 64 300 | 1,6 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 10 892 | 10 400 | 13 000 | 25,0 |
45 | Nasjonal institusjon for menneskerettar | 9 300 | |||
51 | Riksrevisjonen | 459 146 | 476 400 | 481 500 | 1,1 |
Sum kategori 00.40 | 1 677 211 | 1 767 700 | 1 988 200 | 12,5 |
Kap. 41 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 784 548 | 854 500 | 875 000 |
32 | Kjøp av leilegheiter, kan overførast | 56 737 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 125 812 | 176 900 | 346 300 |
70 | Tilskot til partigruppene | 160 780 | 164 000 | 174 000 |
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek | 1 400 | 1 500 | 1 500 |
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 10 452 | 11 400 | 13 000 |
74 | Reisetilskot til skular | 2 500 | 3 500 | |
Sum kap. 0041 | 1 139 729 | 1 210 800 | 1 413 300 |
Hovudoppgåver og organisasjon
Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lov, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvaltning.
Stortingets administrasjon skal organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og leggje til rette for at representantane skal kunne skjøtte verva sine på ein god måte.
Stortingets administrasjon skal formidle kunnskap om Stortingets verksemd og folkestyret.
Stortingets administrasjon skal drifte og modernisere Stortingets bygningar og system på ein måte som tek vare på dei historiske verdiane.
Det administrative arbeidet skal utførast slik at det sikrar omdømet til Stortinget på best mogleg måte. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell, effektiv og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper. Stortingets administrasjon skal ha ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, påliteleg og open.
Direktøren er den øvste administrative leiaren for Stortinget og står direkte under Stortingets presidentskap. Administrasjonen er organisert i fem avdelingar: konstitusjonell avdeling, drifts- og serviceavdelinga, forvaltningsavdelinga, informasjons- og dokumentasjonsavdelinga og internasjonal avdeling. I tillegg ligg sikkerheitsseksjonen, bedriftshelsetenesta og leiingssekretariatet under direktøren.
Rapport 2013
Ny strategi for perioden 2014–2018
I 2013 blei det utarbeidd ein ny strategi for Stortingets administrasjon, som gjeld for perioden 2014–2018. Strategien famnar både den verksemda administrasjonen allereie driv med, samtidig som han strekkjer seg etter nye mål. Administrasjonens kjerneoppgåve er å støtte opp under den parlamentariske verksemda og leggje til rette for å gjere kvardagen til representantane enklare, slik at dei best mogleg kan skjøtte dei politiske verva sine. Over tid har også andre sentrale oppgåver vakse fram, og dette blir gjort tydeleg i den nye strategien.
Stortingsvalet 2013
Stortingsvalet medfører omfattande arbeid i heile organisasjonen. På det parlamentariske området blei eit elektronisk kandidatregister, som danna grunnlag for å overføre det nyvalde stortinget til det elektroniske parlamentariske oppfølgingssystemet (EPOS), registrert før valet. Etter valet bestod arbeidet blant anna av å hjelpe fullmaktskomiteane i prosessen med godkjenning av valet, utarbeide oversyn for bruk i alle delar av organisasjonen, samansetninga av komiteane og diverse val til interne og eksterne organ. Introduksjonsdagar for nye representantar blei haldne 2.–4. oktober. Dag éin handla om Stortingets kjerneverksemd. Dag to handla om det å vere ny på Stortinget med vekt på haldningar, ansvar og rolleforståing. Dag tre handla om Stortingets administrasjon. I tillegg blei ein ekstra introduksjonsdag for nye representantar halden etter regjeringsskiftet, der utvalde delar av dei tre introduksjonsdagane blei presenterte.
Internasjonalt arbeid
Reiser og besøksverksemd
2013 var prega av noko mindre reiseaktivitet for Stortingets presidentskap og delegasjonar på grunn av aktivitetane knytte til stortingsvalet og eit nytt storting.
Samarbeidet med Europaparlamentet
Administrasjonen (inkludert Brussel-kontoret) har gjennomført ulike tiltak for å bidra til auka forståing om EU/EØS-saker på Stortinget. Dette skjer gjennom informasjon og kompetansetiltak, gjennom å svare på spørsmål frå representantane og ved å leggje til rette for møteplassar mellom Stortingets representantar og folkevalde i Europaparlamentet og i dei nasjonale parlamenta i EU.
EU/EØS-informasjon
Administrasjonens faggruppe for EU/EØS-informasjon (stortingsbiblioteket, utgreiingsseksjonen og det internasjonale sekretariatet) utarbeider informasjonspakker til Europautvalets møte og dei europapolitiske utgreiingane til utanriksministeren/statsråden for Europa-saker. Stortingets Brussel-kontor sender også ut informasjon om aktuelle saker. Dei informerer fortløpande om forslag til EØS-relevante rettsakter frå Europakommisjonen. Stortingsbiblioteket utarbeider EU/EØS-nyheitsbrev, som frå mai 2013 blei tilgjengelege på Stortinget.no. Dette førte til at talet på abonnement auka med 75 pst., frå ca. 300 (160 interne og 140 eksterne) til totalt 525 abonnentar.
Parlamentarisk barentssamarbeid
Stortinget var vertskap for den sjette Barents parlamentarikarkonferansen i Harstad den 22.–24. april 2013. Konferansen samla rundt 120 deltakarar frå Noreg, Sverige, Finland, Russland og EU-parlamentet.
Sesjonen til Nordisk råd i Oslo
Den 65. sesjonen til Nordisk råd blei arrangert i Stortinget hausten 2013. I samband med sesjonen blei i tillegg om lag 45 møte haldne i Stortingets møterom, medrekna møta dei nordiske statsministrane hadde.
Verksemdsstyring
I 2013 blei det gjort eit omfattande arbeid for å forbetre verksemdsstyringa i stortingsadministrasjonen. Innføring av økonomireglementet til staten frå 1.1.2013 førte til eit behov for gjennomgang av styringssystemet. Eit heilskapleg oversyn over dei styrande dokumenta til administrasjonen blei utarbeidd. Som ein del av internkontrollen identifiserte ein på bakgrunn av risiko og vesentlegheit eit behov for å utarbeide bedriftspolitikk. Ein utarbeidde bedriftspolitikk for internkontroll på økonomiområdet, økonomistyring, økonomiforvaltning og innkjøp.
Innføring av eit nytt økonomireglement førte også til ein brei gjennomgang av organiseringa og fullmaktene. Det blei utarbeidd ein ny hovudinstruks for verksemdsstyring, som blei sett i verk frå 1.1.2014. Utarbeidinga av ny strategi førte til arbeid med ein ny målstruktur som blei innarbeidd frå og med 2014. Med bakgrunn i den delvis innkjøpsintensive verksemda til administrasjonen var ein oppteken av å gjere innkjøpsverksemda til ein meir integrert del av verksemdsstyringa.
Økonomiforvaltning
Administrasjonen har i 2013 gjennomført tiltak for å forbetre rutinar og kvaliteten i rekneskapsføring og rapportering.
Stortingsadministrasjonen gjorde i 2013 ein avtale med DFØ om kjøp av rekneskapstenester som blei sett i verk frå 1.1.14. Administrasjonen vil i løpet av 2014 gjennomføre ei evaluering av arbeidsdelinga med DFØ med mål om å realisere gevinstar.
Tilgjengeleggjering av informasjon på digitale plattformer
Arbeidet med det nye intranettet har prega administrasjonen i heile 2013. I løpet av året er ei avansert løysing med ei rekkje funksjonar til nytte for brukarane spesifisert og utvikla. Når intranettet står ferdig, vil det blant anna innehalde ein avansert kalenderfunksjon, ei nyheitsteneste som gjev informasjon om nyheiter frå alle brukarportalar, moglegheiter for brukartilpassing, eit søk i alle kjelder og mykje nyttig intern informasjon.
Stortingsbiblioteket la i 2013 til rette ulike typar innhaldstenester på pc og nettbrett. Blant dei mest populære tenestene er nyheitsvarsling, som blir tilbode på iPad, i Løveporten og som e-postvarsling. Ved slutten av 2013 var ca. 400 ulike nyheitsprofilar tilgjengelege, det vil seie lenkjer til førehandsdefinerte nyheitssøk, som dekte alle representantar, statsrådar, parti, komitear og tema. Rundt 380 personar på Stortinget tok imot e-postvarsling når det var noko nytt i media frå dei nyheitsprofilane dei abonnerer på.
Ny mobilstrategi for 2013–15 blei vedteken i mai 2013. Den nye strategien omtaler blant anna fleire plattformer å velje mellom på mobile einingar og ei gradvis utskifting av stasjonære pc-ar til berbart utstyr. Ei enkel mobil produktpakke til nye representantar blei lansert ved valet i haust.
Stortingstorget
I 2013 starta administrasjonen planlegginga av eit utvida servicetorg for representantane – stortingstorget. Ideen bak stortingstorget er at representantane skal ha eitt kontaktpunkt for tenestene til administrasjonen. Behovet for eit slikt kontaktpunkt blir aktualisert ved at fleire av tenestene til administrasjonen blir lokaliserte i Stortingsgata 6 i perioden 2014–2020 i samband med ombygginga av Prinsens gate 26 og fløya mot Akersgata. Stortingstorget blir etablert i 2014, sentralt i første etasje i stortingsbygningen. Her samlast i første omgang tenester frå servicesenteret, ikt-seksjonen, seksjon for representantordningar og kunnskapstenester frå biblioteket, arkivet, utgreiingsseksjonen og informasjonsseksjonen.
Informasjonsskjermar
Prosjektet «Etablering av informasjonsskjermer i mottaksarealer» har som formål å gjere nødvendig praktisk informasjon tilgjengeleg på ein effektiv, brukarvenleg og oversynleg måte. Infoskjermane skal bidra til at representantar, tilsette og besøkande på enkelt vis får godt oversyn over kva som skjer kor og når i Stortingets bygningar.
Skjermane skal vise dagens møteprogram, bilete frå salen og høyringar, med tilhøyrande talarlister og informasjon om andre møte og aktivitetar i Stortinget. Biletkavalkadar med historisk og anna tids- og aktualitetsuavhengig innhald skal også kunne visast.
DigiStorting og elektronisk langtidslagring
27. november 2013 blei stortingsforhandlingar 1814–2001 på nett presenterte for publikum i lagtingssalen. I samarbeid med Nasjonalbiblioteket er stortingsforhandlingane 1814–2001 digitaliserte, filene er strukturerte, og det er etablert lenkjer mellom hovudregisteret og innhaldet i stortingsforhandlingane. For perioden 1814–2001 utgjer dokumenta og referata om lag 3 millionar sider, mens hovudregistra utgjer 18 600 sider.
Stemmerettsjubileet 2013
Sekretariatet for grunnlovsjubileet har i samarbeid med stortingsarkivet hatt ansvaret for Stortingets tiltak ved stemmerettsjubileet. Stortinget heldt eit eige jubileumsmøte 11. juni og markerte med det 100-årsjubileet for allmenn røysterett. Stortingets tredje visepresident Marit Nybakk opna ei utstilling i historisk sal. Temaet for utstillinga var Stortingets behandling av kvinnestemmerettsspørsmålet og det enorme engasjementet til kvinneforeiningane for å påverke Stortingets avgjerd. Utstillinga inneheldt sentrale dokument frå stemmerettskampen frå stortingsarkivet, slik som grunnlovsforslag som blei fremja, underskriftskampanjar og appellar. Utstillinga er tilgjengeleg på nettstaden til Stortinget.
Stortinget gav støtte til ei eiga debattbok som stemmerettskomiteen gav ut til skuleelevar. Stortinget har gjeve bidrag til den digitale læringsressursen «Min stemme» som er ein felles nettstad for barnehagar og skular i høve jubilea i 2013 og 2014.
Grunnlovsjubileet 2014
Førebuingane til grunnlovsjubileet i 2014 er møtte med stor forventing frå mange forskjellige grupper og aktørar i samfunnet. Det vitnar om betydeleg interesse for Noregs konstitusjonelle grunnlag og Stortingets heilt sentrale rolle i dette. Å møte denne interessa er ei viktig oppgåve for administrasjonen.
Hovudoppgåver i 2013 har vore:
utvikling og lansering av det offisielle programmet for jubileet i 2014
marknadsføring av jubileumskalenderen
planlegging av Stortingets hovudarrangement i jubileumsåret
lansering og marknadsføring av visuell identitet/grafisk profil for jubileet både i Noreg og i utlandet
utvikling av nettstaden for jubileet
utvikling av kommunikasjonsplan, formidlingstiltak og faglege ressursar
ferdigstilling av bokprosjektet Stortingets historie 1964–2014
lansering av jubileumssongen «Det går et festtog gjennom landet», Stortingets gåve til kor i høve jubileet
utvikling av fellestiltak og arrangement med vekt på det dansk-norske perspektivet ved jubileet og opningsarrangementet i Kiel
Aktivitetar med barn og unge som målgruppe
Stortingets første ordinære ungdomsparlament blei arrangert 4. og 5. mars 2013. Ungdom mellom 13 og 18 år blei inviterte til Stortinget for å diskutere saker dei er opptekne av. Formålet med samlinga var å gje ungdom ei moglegheit til å uttale seg på nasjonalt plan om saker som angår dei, og å bidra til at ungdom lærer om Stortinget og den demokratiske prosessen. 19 plassar var øyremerkte medverknadsorgan for unge i fylka, og 36 plasser var sette av til enkeltpersonar og var såkalla opne plassar.
Arbeidet med ein ny film til MiniTinget blei sluttført i 2013. Filmen blei teken i bruk i starten av oktober etter gode tilbakemeldingar frå ulike testgrupper.
MiniTinget og 2050 har fått fleire spørsmål knytte opp til utvikling av tilsvarande rollespel i andre verksemder. Det nederlandske parlamentets besøkssenter (ProDemos) og KS var på synfaring i løpet av året. Spela har også blitt besøkte av studentar som arbeider med pedagogiske utviklingsprosjekt.
I 2013 blei det brukt 2 mill. kroner på reisestøtte til klassar som besøkte MiniTinget og «2050-valget er ditt».
Store markeringar og arrangement
I 2013 var det ca. 300 markeringar og demonstrasjonar på Eidsvolls plass. I samband med stortingsvalet 2013 sette Dagbladet opp eit valstudio på plenen mot Rosenkrantzgaten i fire veker. TV 2 nytta plassen til eit flyttbart studio to helgar før valet. I tillegg hadde NRK sendingar frå plassen dagen etter stortingsvalet.
Markering med vinnaren av Nobels fredspris
Vinnaren av Nobels fredspris for 2013, Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen (OPCW), representert av generaldirektør Ahmet Üzümcü, besøkte Stortinget 11. desember. Besøket blei i 2013 arrangert i form av ein samtale mellom generaldirektøren, stortingspresidenten og leiaren for utanriks- og forsvarskomiteen som blei direkte overført på tv.
Inkluderande arbeidsliv
Stortingets administrasjon har frå 2004 vore part i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Ein gjennomførte i 2013 tilretteleggingstiltak overfor ei rekkje medarbeidarar for å sikre at dei kan vende heilt/delvis tilbake i aktivt arbeid etter langtidsfråvær og/eller uførepensjon. Det er sett av særskilde lønsmidlar for å bidra til intern mobilitet. Det blir også gjeve bistand til karriereplanlegging for personar som har behov for å omstille seg. Det er gjennomført ein revisjon av det seniorpolitiske dokumentet til administrasjonen.
Sikkerheit og beredskap
Som oppfølging av 22. juli-hendingane har ein arbeidd med ei rekkje tiltak innanfor sikkerheitsområdet. Ein har sett i verk fleire synlege og ikkje-synlege tiltak for å betre sikkerheita for representantar og dei som har sitt virke på Stortinget. Dette består både av fysiske og tekniske installasjonar og tilhøve av meir administrativ art.
Rehabilitering av Prinsens gate 26 (P26) og tilkomstkulvert
Prosjektet med rehabilitering av Prinsens gate 26 omfattar både rehabilitering av sjølve Prinsens gate 26 og bygging av eit nytt post- og varemottak under Wessels plass med ein tilkomstkulvert frå Rådhusgata. I mai 2013 blei det levert eit forprosjekt for rehabiliteringa av Prinsens gate 26 og nytt post- og varemottak. Parallelt med prosjektering av P26 og post- og varemottak har ein jobba med plassering av innkøyringa til det nye post- og varemottaket. Etter ein lengre prosess med naboar, byantikvar og bymiljøetaten arbeidde ein fram eit alternativ som ein er einige om, med innkøyring frå Rådhusgata. Kostnadsramma for dette er 1,14 mrd. kroner per april 2014.
Prosjektet har forventa byggjestart i juli 2014 og blir gjennomført i samarbeid med bymiljøetaten.
Mål og budsjett 2015
Stortingets strategi for 2014–2018 er lagd til grunn for mål og tiltak i 2015. Strategien inneheld fire hovudsatsingsområde som blir konkretiserte gjennom årlege verksemdsplanar. Tiltak under kvart satsingsområde er såleis aktivitetar som må gjennomførast i 2015 for at Stortinget skal oppnå hovudmåla sine innan 2018.
Kjerneoppgåva til Stortingets administrasjon er å leggje til rette for den parlamentariske verksemda og samtidig ha ansvaret for å formidle kunnskap og informasjon om demokratiet og å ta vare på og modernisere Stortingets bygningar.
Eit vitalt parlamentarisk arbeid
Administrasjonen skal sikre god kvalitet og kontinuitet i støtta til presidentskapet og representantane gjennom hjelp under saksbehandlinga i plenum, komitear og internasjonalt arbeid.
Ein skal utvikle ein IKT-strategi som støttar målet til verksemda om å vareta parlamentariske prosessar gjennom moderne digitale kommunikasjonsløysingar og arbeidsprosessar. Strategien vil gje føringar for vegval og prioriteringar av aktivitetar innanfor strategiperioden 2014–2018.
Nye mobile IKT-løysingar skal forenkle tilgangen til informasjon og fremje effektiv kommunikasjon, uavhengig av tid og stad.
I strategiperioden fram til 2018 arbeider administrasjonen for å utvikle tenestene, slik at produksjonen av dokument knytte til den parlamentariske prosessen i Stortinget blir meir effektiv.
I 2015 vil Stortinget arrangere ein NATO-PA-konferanse. Presidentskapet sette i 2014 ned eit utval som skal evaluere EOS-utvalget, inkludert rammebetingelsane til EOS-utvalget. Det vil vere seks personar i utvalet og dei skal levere ein sluttrapport innan 15. desember 2015.
Aktuell kunnskapsformidling om folkestyret
Stortingets kommunikasjon med omverda skal vere relevant og god og bidra til eit godt omdøme. Han skal også gje befolkninga eit godt grunnlag for demokratideltaking og opne for samhandling mellom veljarane og dei folkevalde.
Det er eit mål at stortinget.no og dei ulike kommunikasjonstenestene til nettstaden er dei føretrekte, interaktive kanalane for kunnskap om folkestyret. Administrasjonen skal utvikle og forvalte IKT-løysingar som gjer aktiv kunnskapsformidling mogleg. Spesielt vil det bli lagt vekt på stabile og sikre løysingar for portalar, både for allmenn tilgang til informasjon og intern informasjonsutveksling.
I 2015 blir arbeidet med å leggje om stortinget.no til plattformuavhengig design tilpassa mobile einingar sluttført.
Ein hovudaktivitet i utviklingsarbeidet for 2015 er arbeidet med ny løysing for videoarkivsystem for publisering av lyd og bilete. Verktøyet DigiStorting skal vidareutviklast med ein fjerde inngang gjennom talarregisteret. Ein plan for gjennomgang og vedlikehald av innhaldet i dokumentarkivet skal også utviklast.
Stortingets administrasjon skal førebu formidlinga av folkestyret i framtida, og det vil i løpet av 2014 bli etablert ein kommunikasjonsstrategi som vil bli følgd opp vidare i 2015. Kommunikasjonsstrategien inneheld blant anna mål, målgrupper og tiltak. Strategien heng saman med strategiplanen for administrasjonen for 2014–2018.
I 2015 skal ein utvikle omvisingstilbod for nye målgrupper i samsvar med ny kommunikasjonsstrategi. Planlagde tiltak i samband med markeringa av jubileet for stortingsbygningen i 2016 vil ha prioritet. Blant desse tiltaka er arbeidet med utvikling av bokverk om stortingsbygningen og arbeidet med å utvikle ei virtuell vandring i stortingsbygningen på stortinget.no.
Smart representantservice
Etableringa av Stortingstorget skal vere eit supplement til Løveporten der representantane får «alle» relevante tenester på ein stad. Servicetilbodet vil bli styrkt og gjort lettare tilgjengeleg gjennom samlokalisering av tenestene i Stortingstorget, som opnar 1.10.2014. Representantane vil i Stortingstorget ha eitt fysisk kontaktpunkt i administrasjonen for spørsmål som gjeld tenestene til administrasjonen. Administrasjonen arbeider for god og effektiv kopling mellom tenestetilbodet på Stortingetorget og i Løveporten.
Administrasjonen skal leggje til rette for enkle, brukarvenlege verktøy og digitale løysingar. Administrasjonen vil utvikle søkbare tenester på intranettet blant anna for å gjere regelverket for den parlamentariske saksbehandlinga meir tilgjengeleg for brukarane. Dei elektroniske systema som støttar den parlamentariske prosessen, vil bli vidareutvikla i 2015 og tilpassa ulike elektroniske plattformer. Nye mobile IKT-løysingar skal forenkle tilgang til informasjon og fremje effektiv kommunikasjon, uavhengig av tid og stad.
Forbetring av administrative støttefunksjonar og representantordningar som reiseoppgjer vil halde fram i 2015.
I 2014 har ein sett i gang eit arbeid som har som målsetjing å etablere eit elektronisk oppslagsverk over dei lover og reglar som regulerer dei administrative tilhøva for representantane, og arbeidet held fram i 2015.
Profesjonell drift og utvikling av bygningane
Stortingets administrasjon skal forvalte, drifte og utvikle Stortingets bygningar og bustader, slik at dei gjev trygge og gode rammer for det parlamentariske arbeidet samtidig som ein kjem funksjonelle behov til møtes og stortingsbygningen blir godt bevart. Vesentlege bygningsmessige oppgåver er planlagde i 2015 og fram til 2017. Store rehabiliteringsarbeid vil vere i gang i Prinsens gate 26, og i tillegg skal ein starte bygging av nytt post- og varemottak og innkøyringstrasé til dette mottaket.
Ombyggingsarbeida, nybygg og innkøyringstrasé (kulvert) har ei total kostnadsramme på 1,14 mrd. kroner per april 2014 og er planlagt ferdigstilte i løpet av 2017. Statistisk sentralbyrås byggjekostnadsindeks for bustader blir lagd til grunn for indeksjusteringa i perioden 2015–2017.
Som ei førebuing til 150-årsjubileet for stortingsbygningen i 2016 er det planlagt rehabilitering og vedlikehald i delar av stortingsbygningen og mindre oppgraderingar av interiøret.
Basert på ein heilskapleg plan for stortingsbygningen som blei utvikla i 2014, vil ein også gjennomføre delprosjekt for å oppgradere interiør og uttrykk i 2015. Her vil både møblering og lyssetjing vere viktige element i ei modernisering, samtidig som ein tek omsyn til dei bevaringsverdige elementa.
Det blei i 2014 sett i verk eit program for oppussing av pendlarbustader, og dette held fram i 2015. I tillegg vil aktivitetar i samband med større oppgraderingsbehov av eksisterande pendlarleilegheiter bli starta opp, eventuelt planlagd utskifting ved kjøp/sal.
Med basis i risikovurderingar vil det bli sett i verk nye sikringstiltak både utvendig og innvendig. Blant anna vil ein utføre arbeid med ei trinnvis utbygging av perimetersikring rundt stortingsbygningen.
Målet om eit «grønt storting» skal vere ein av premissane for utviklingsarbeidet i Stortinget.
Attraktiv, kompetent organisasjon med godt arbeidsmiljø
Stortingets administrasjon skal ha ein kultur der dei etiske retningslinene og verdigrunnlag skal speglast av i haldningane og framferda til den enkelte. Internkommunikasjonen skal vere god og effektiv. Stortingets administrasjon skal ha ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, påliteleg og open.
Stortingets administrasjon skal strekkje seg mot å vere ei føregangsverksemd i heilskapleg leiarskap, medrekna god styring og medarbeidarutvikling. Når det gjeld leiing, betyr dette eit behov for tydeleg målstyring og prioritering av ressursar med god forankring i den overordna strategien.
Den interne styringa skal vere enkel og heilskapleg, med tydelege roller og ansvar og god økonomistyring og verksemdsstyring. Leiarane i administrasjonen skal ha tilgang på god og relevant styringsinformasjon når dei treng det. System og verktøy for styring, innsyn og kontroll skal vidareutviklast i 2015. System for verksemdsstyring skal bli implementerte i 2015, og samtidig skal administrasjonen arbeide vidare med utvikling og implementering av eit heilskapleg system for internkontroll.
Stortingets administrasjon skal arbeide kontinuerleg med målretta kompetanseutvikling, med riktig kompetanse på rett stad. Ein vil fokusere på å nytte eigne tilsette til vedvarande oppgåver, slik at kompetansen blir verande i verksemda. I løpet av 2014 vil det bli etablert ein HR-strategi, som vil bli følgd opp vidare i 2015.
Vidare har ein i 2015 planlagt å implementere eit program for kompetanseutvikling og vurdere innføring av e-læringsverktøy i samband med introduksjonen av nye medarbeidarar og leiarar. Administrasjonen vil i 2015 halde fram med arbeidet med leiarutvikling gjennom eit revidert og oppdatert leiarutviklingsprogram.
Budsjett 2015
Budsjettet omfattar den parlamentariske aktiviteten, medrekna Stortingets deltaking i internasjonale parlamentarikarforsamlingar, reiser elles og godtgjerslene til stortingsrepresentantane. Budsjettet omfattar den administrative drifta og vedlikehaldet av Stortinget.
Stortingets budsjettkapittel viser ein total vekst på 330,5 mill. (27,3 pst.) frå saldert budsjett 2014 til forslag 2015. Etter uttrekk av meirverdiavgift som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift i statsforvaltninga, er veksten 202,5 mill. kroner (16,7 pst.).
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løn og godtgjersler for stortingsrepresentantar og tilsette og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester. Vidare omfattar posten utgifter til reiser og deltaking i faste internasjonale parlamentarikarforsamlingar. Utgifter til trykking av Stortingets publikasjonar, drift av Stortingets bibliotek og arkiv og vedlikehald og drift av bygningane og tenestebustadene til Stortinget er også med i denne posten.
Totalt aukar utgiftene på denne posten med 20,5 mill. kroner, tilsvarande 2,4 pst. frå saldert budsjett 2014 til 2015. Før uttrekk av meirverdiavgiften er auken 62,8 mill. kroner eller 7,3 pst.
Post 32 Kjøp av leilegheiter, kan overførast
Posten omfattar kjøp av pendlarbustader.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar kjøp av teknisk utstyr, fornying og vidareutvikling av Stortingets IKT-system, kjøp av kunst, ombyggingsarbeid og større vedlikehaldsarbeid i Stortinget. I 2015 vil prosjektet med rehabilitering av Prinsens gate 26 halde fram og andre bygningsarbeid starte opp.
Post 70 Tilskot til partigruppene
Posten omfattar tilskota frå Stortinget til gruppesekretariata til partia. Tilskotet til kvar stortingsgruppe er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget. Det blir gjeve eit fast, felles grunntilskot til kvar partigruppe og eit tillegg per stortingsrepresentant.
Post 72 Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek
Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.
Post 73 Kontingentar, internasjonale delegasjonar
Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSE og IPU.
Post 74 Reisetilskot til skular
Posten omfattar støtte til søkjarar frå skular som besøkjer Stortinget.
Kap. 3041 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Salsinntekter | 7 692 | 7 600 | 7 600 |
03 | Leigeinntekter | 2 111 | 1 000 | 900 |
40 | Sal av leilegheiter | 105 000 | ||
Sum kap. 3041 | 9 803 | 113 600 | 8 500 |
Under dette kapittelet blir blant anna salsinntekter, sal av pendlarbustader og leigeinntekter budsjetterte. Salsinntektene kjem stort sett frå kafeteriaene.
Bestillingsfullmakt (romertalsvedtak):
Stortinget samtykkjer i at ein i 2015 kan inngå avtalar for oppgåver som blir avslutta i 2015 og seinare under kap. 41 Stortinget, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, innanfor den kostnadsramma som er nemnd i Prop. 1 S (2014–2015).
Kap. 42 Ombodsmannsnemnda for Forsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 5 902 | 6 800 | 6 800 |
Sum kap. 0042 | 5 902 | 6 800 | 6 800 |
Hovudoppgåver
Ombodsmannsnemnda skal bidra til å sikre dei allmennmenneskelege rettane for personellet i Forsvaret og ved arbeidet sitt prøve å medverke til å effektivisere Forsvaret. Leiaren for nemnda er kalla Ombodsmannen for Forsvaret, er årslønt og leier Ombodsmannens administrasjon.
Vernepliktige mannskap, verva og tilsette i Forsvaret kan føre alle typar saker inn for Ombodsmannen, dersom dei meiner dei er urettmessig, urimeleg eller urettferdig behandla av dei ordinære forvaltningsorgana i Forsvaret. Talet på førespurnader til Ombodsmannen er mange, og dei fleste førespurnadene blir løyste ved dialog og på det lågast moglege nivået. Talet på førespurnader frå vernepliktige, tilsette og veteranar til Ombodsmannen innanfor det ein kan rubrisere som «rådgjevande og rettleiande funksjon», har dei siste åra vist ein aukande tendens, det same har førespurnader frå personellorganisasjonane.
Ombodsmannen er på ei rekkje besøk til militære avdelingar og tenestestader og underviser bl.a. på kurs for dei tillitsvalde. Ombodsmannen får ei rekkje førespurnader frå tenestemannsorganisasjonar, forsvarsrelaterte frivillige organisasjonar, veteranorganisasjonar, veteranar og familiane deira, etterlatne og pårørande, og hjelper personell i eller etter teneste i fleire samanhengar og saker.
Saker av prinsipiell karakter eller som har særleg allmenn interesse, blir lagde fram for nemnda etter at Ombodsmannen har førebudd dei. Som ledd i tilsyn og kontroll av tenesteforholda i Forsvaret har Ombodsmannsnemnda rutinemessige inspeksjonar (synfaringar) til avdelingar, garnisonar og fartøy. Stortinget, forsvarsministeren og forsvarssjefen kan leggje fram saker for Ombodsmannen og Ombodsmannsnemnda til fråsegn.
Ombodsmannen bidreg i eit internasjonalt arbeid i regi av Geneva Centre for the Democratic Control of Armed Forces og deltek i eit internasjonalt samarbeidsforum for ombodsmenn innan hovudsakeleg NATO/OSSE.
Melding til Stortinget
Ombodsmannsnemnda sender årleg melding om verksemda si til Stortinget (Dokument 5). Gjenpart av meldinga blir send Forsvarsdepartementet og Forsvarets organ og avdelingar. Ombodsmannen og nemnda kan også, når dei finn det ønskjeleg, sende melding til Stortinget om enkeltsaker i løpet av året.
Av meldinga for 2013–2014 går det fram at det samla talet på klager held seg stabilt, men enkelte førespurnader og klagesaker omfattar grupper av personell, og talet på personar som er involverte i sakene, er langt høgare enn talet på saker. Dei fleste førespurnadene/sakene blir løyste gjennom rettleiing og råd ved besøk av Ombodsmannen ved avdeling eller per telefon/samtale. Desse sakene blir ikkje registrerte som klagesaker. Meldinga inneheld dessutan ein del faste årlege rapportar som blant anna gjeld Tillitsmannsordninga, HMS, Forsvarets sanitet, Vernepliktsverket, Bustad- og Velferdstenesta, Vaksenopplæringa, Generaladvokaten – og dessutan verksemda og saker hos Ombodsmannen.
Klagesakene hos Ombodsmannen er blant anna knytte til spørsmål vedrørande utsetjing av førstegongsteneste, utsetjing av øvingar, økonomiske ytingar som bustøtte, sosial stønad, økonomisk erstatning, medisinske vedtak, tannpleie, trygd, legevedtak, dei tilsette sine rettar, forbigåing, ytringsfridom, disiplinærsaker, teneste i internasjonale operasjonar, tenestefråsegner, ferie, fritid, mv.
Kap. 43 Stortingets ombodsmann for forvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 61 542 | 63 300 | 64 300 |
Sum kap. 0043 | 61 542 | 63 300 | 64 300 |
Hovudoppgåver og organisering
Sivilombodsmannens formål og oppgåver følgjer av lov om Stortingets ombodsmann for forvaltninga av 22. juni 1962 og Stortingets instruks for ombodsmannen av 19. februar 1980. Sivilombodsmannen er vald av Stortinget for ein periode på fire år.
Som Stortingets tillitsmann skal Sivilombodsmannen føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort urett eller feil mot den enkelte borgaren. Ombodsmannen skal også bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir første og fremst varetekne gjennom undersøkingar og behandling av klager frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodsmannen tek også opp saker på eige initiativ, i hovudsak basert på kjennskap til forhold i forvaltninga som det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Han er på besøk til offentlege etatar, fylkesmenn, kommunar og lukka institusjonar. Der det er behov for det, blir besøka følgde opp for å få betre forholda. For borgarane er Sivilombodsmannen eit alternativ og eit supplement til domstolskontrollen med forvaltninga. Gjennom meldingane sine til Stortinget gjev Sivilombodsmannen informasjon om korleis Grunnlova, lover og Stortingets vedtak i praksis blir brukte i forvaltninga.
Ombodsmannens kontor er organisert i fem avdelingar som behandlar klagesaker innan ulike rettsområde, ei avdeling for førebygging av tortur og ei administrasjonsavdeling.
Rapport for 2013
Ombodsmannens årsmelding for 2013 blei overlevert Stortinget i mars 2014 og er teken inn i Dokument 4 (2013–2014). Meldinga gjer greie for hovudinntrykk frå klagesaksbehandlinga i 2013 og omtaler også enkelte utviklingstrekk i forvaltninga basert på ombodsmannens meir generelle erfaringar.
Klagesaksbehandling
Talet på klagesaker har dei siste åra lege relativt stabilt på rundt 3000 klager i året, etter at ein har hatt ein betydeleg auke gjennom fleire år. Det kom inn 2942 saker i 2013, mot 3011 året før. 45 saker blei tekne opp på eige initiativ i 2013, mot 35 i 2012. Samla tilgang på saker var dermed 2987 i 2013, mot 3046 året før. Saksavviklinga viser at talet har lege omtrent på same nivå som året før (høvesvis 3076 og 3167 saker). Den positive utviklinga i saksbehaldninga har halde fram i 2013, og saksbehaldninga ved årets slutt hadde gått ned til 329 saker, eller med om lag 21 prosent samanlikna med 2012. Om lag 49 prosent av førespurnadene blei realitetsbehandla, og 51 prosent av sakene blei avviste, mot 53 prosent for høvesvis realitetsbehandla og 47 prosent for avviste saker året før. Fordelinga mellom realitetsbehandla og avviste saker har vore relativt stabil gjennom fleire år.
Saksbehandlingstida syner ei positiv utvikling og har gått noko ned for alle saker i 2013. Saksbehandlingstida er dels eit uttrykk for den interne effektiviteten i klagesaksbehandlinga og dels eit uttrykk for kor raskt forvaltninga responderer på førelegg frå ombodsmannen.
Arbeidet med menneskerettar
Noreg ratifiserte 27. juni 2013 tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). I denne samanhengen blei det etablert ei ny ordning med regelmessige besøk frå eit uavhengig organ til stader der menneske er fråtekne fridomen, for å førebyggje tortur og anna rå, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Stortinget vedtok samtidig at Sivilombodsmannen skulle ha ansvaret for denne besøksordninga, også kalla nasjonal førebyggjande mekanisme (NFM). I 2013 var det derfor fokus på å planleggje, utvide arbeidsstokken og leggje til rette for denne funksjonen.
I tillegg arrangerte Sivilombodsmannen det årlege menneskerettsseminaret i 2013. Seminaret gjorde greie for ulike problemstillingar knytte til fridomstapet til mindreårige i politiarrest, fengsel og barnevernsinstitusjonar. Dessutan inngår menneskerettslege problemstillingar også i den ordinære klagesaksbehandlinga.
Anna verksemd
I 2013 blei det gjennomført eit organisasjonsprosjekt der strukturen og arbeidsprosessar i verksemda blei gjennomgått. Enkelte prioriteringar og forenklingar blei innførte.
Mål og budsjett for 2015
Ombodsmannen skal på bakgrunn av klager frå borgarane undersøkje saka og gjere ei rettsleg vurdering av dei spørsmåla som klagene måtte reise. Ombodsmannen står likevel fritt til å ta opp dei spørsmåla han meiner er av interesse. Undersøkinga og vurderinga skal gjerast på ein formålstenleg, effektiv og rasjonell måte. I 2015 vil det bli arbeidd vidare med å behandle saker etter de prioriteringskriteria som blei utvikla for verksemda i 2013. Ein vil leggje vekt på å behandle saker av stor rettssikkerheitsmessig betyding, prinsipielle saker, saker der ombodsmannen er einaste klagemoglegheit, og hastesaker knytte til innsyn og partsinnsyn. Visse typar saker vil ein som hovudregel leggje mindre arbeid i.
Andre viktige mål i 2015 er framleis å leggje vinn på ei effektiv saksbehandling, redusert saksbehandlingstid, god juridisk kvalitet og tillit i samfunnet, gode og effektive interne rutinar og støtteaktivitetar og vidareutvikling av ombodsmannskontoret som ein god arbeidsplass. Ein vil leggje vekt på tiltak som kan bidra til å gjere ombodsmannsordninga betre kjend.
Ein vil leggje vekt på å vidareutvikle funksjonen som nasjonal førebyggjande mekanisme (NFM). I samband med dette vil ein i 2015 besøkje fleire stader der menneske har lide fridomstap, f.eks. fengsel, politiarrestar, psykiatriske institusjonar og barnevernsinstitusjonar.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Sivilombodsmannens kjøp av varer og tenester.
Budsjettauken for 2015 er i hovudsak knytt til auka ressursar for å behandle klager om sein saksbehandling og manglande svar frå forvaltninga, ressursar for å gjere ombodsmannsordninga betre kjend og ressursar til å sikre ei god administrativ støtte for ombodsmannsordninga.
Kap. 3043 Stortingets ombodsmann for forvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 481 | ||
Sum kap. 3043 | 481 |
Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 10 892 | 10 400 | 13 000 |
Sum kap. 0044 | 10 892 | 10 400 | 13 000 |
Budsjettforslag for 2015
Budsjettforslaget for 2015 er på 13,5 mill. kroner før uttrekk av meirverdiavgift med 0,5 mill. kroner. Saldert budsjett for 2014 på 10,4 mill. kroner vert ved Stortingets handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014, auka med 1,9 mill. kroner til 12,3 mill. kroner.
I forslaget for 2015 har ein teke høgd for styrkinga av sekretariatet frå og med andre halvår 2014. Det vil seie at lønskostnader og andre kostnader i samband med utvidinga er tekne med.
I tillegg kjem forventa kostnadsauke elles, medrekna forventa normal lønsutvikling.
Behovet for kr 400 000 under konto 4980 «Datamaskinar» er grunngjeve med at det i 2015 er naudsynt å skifte ut serveren til det sikkerheitsgraderte datanettverket til utvalet. Dagens server er frå 2010, og utvalet eig ikkje reservemaskinvare til han. Ein sårbarheitsanalyse utvalet har utført, syner at det vil vere naudsynt både å skifte ut serveren og å kjøpe reservemaskinvare til han. Det er i forslaget teke høgd for begge delar. Utvalet syner til tidlegare orienteringar til Stortinget om nødvendigheita av eit sikkert gradert datanettverk som fungerer godt, og det forholdet at dette er utstyr som kostar vesentleg meir enn ordinært datautstyr.
Rapport for 2013
EOS-utvalet har i 2013 gjennomført 28 inspeksjonar av ulike etatar og avdelingar. Av desse er 16 inspeksjonar haldne i verksemdene sentralt, 10 i ytre einingar og lokale ledd og ein i ein institusjon som hjelper Politiets tryggingsteneste (PST), og ein inspeksjon som ledd i undersøkinga av ei klagesak. Tre av inspeksjonane var umelde. Det er halde 21 interne arbeidsmøte. Utvalet har i 2012 fått 47 klagesaker, og utvalet har teke opp 26 saker av eige tiltak. Utvalet gav i 2013 frå seg to særskilde meldingar til Stortinget.
Nærare opplysningar om verksemda er gjevne i årsmeldinga frå utvalet for 2013.
Mål for 2015
Hovudoppgåva til utvalet er å føre løpande kontroll med EOS-tenestene. Kontrollen skal gjennomførast i form av inspeksjonar, behandling av klagesaker og behandling av saker som blir tekne opp av eige tiltak. Den faglege verksemda til utvalet blir i hovudsak styrt av det som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesaker, og av dei signala som Stortinget gjev ved behandlinga av årsmeldinga frå utvalet.
Rammene for verksemda til utvalet er fastsett i lov og instruks om kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste. Etter kontrollinstruksen § 11 nr. 2 skal den årlege tilsynsverksemda til utvalet minst omfatte halvårlege inspeksjonar av E-tenesta sentralt, kvartalsvise inspeksjonar i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM), seks inspeksjonar av PST sentralt og tre inspeksjonar av Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet utføre inspeksjonar av PST-einingar i minst fire politidistrikt, minst to av stasjonane til E-tenesta og/eller tryggings- og etterretningsfunksjonar ved militære stabar og avdelingar og av personelltryggingstenesta ved minst to departement eller etatar utanfor NSM.
Som ledd i tilsynsarbeidet vil utvalet i 2014 halde fram med prosjektretta undersøkingar. Det har den seinare tida vore aukande merksemd mot verksemda og regelverket til tenestene, og utvalet vil framleis følgje med på utviklinga i EOS-tenestene. Den auka merksemda fører til at utvalet stadig undersøkjer saker som har vore gjenstand for offentleg kritikk. I 2014 vil utvalet ytterlegare styrkje sekretariatet sitt ved å opprette tre nye stillingar – ein jurist, ein teknolog og ein samfunnsvitar. Utvalet vil stadig nytte teknisk sakkyndige for å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga i EOS-tenestene. Utvalet vil framleis oppretthalde kontakten med andre kontrollmyndigheiter og relevante fagmiljø både i Noreg og internasjonalt.
Kap. 3044 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 455 | ||
Sum kap. 3044 | 455 |
Kap. 45 Nasjonal institusjon for menneskerettar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 9 300 | ||
Sum kap. 0045 | 9 300 |
Ny nasjonal institusjon for menneskerettar skal ifølgje Stortingets vedtak av 19. juni 2014 etablerast frå 1. januar 2015 og skal organisatorisk liggje under Stortinget. Det er en føresetnad at Den nasjonale institusjonen oppfyller FN-prinsippa om nasjonale institusjonars status (Paris-prinsippa). Presidentskapet har fått fullmakt til å utarbeide forslag til lov og instruks for institusjonen. Stortinget vel leiar, og institusjonen skal lokaliserast saman med og ha ei administrativ tilknyting til Sivilombodsmannen. Hovudoppgåva til nasjonal institusjon vil vere å styrkje gjennomføringa av menneskerettane i Noreg.
Kap. 51 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 459 146 | 476 400 | 460 000 |
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 21 500 | ||
Sum kap. 0051 | 459 146 | 476 400 | 481 500 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Riksrevisjonens kjøp av varer og tenester. Ein ventar at lønsutviklinga i Riksrevisjonen følgjer lønsutviklinga i staten elles.
Hovudoppgåver og organisering
Riksrevisjonen blir leidd av eit kollegium som er sett saman av fem riksrevisorar som er valde av Stortinget for ein periode på fire år. Riksrevisjonens formål, oppgåver og rammevilkår følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om verksemda til Riksrevisjonen av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir innbetalte slik det er føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.
Riksrevisjonen kan også etter avtale ta på seg revisjons-, kontroll- og bistandsoppdrag internasjonalt. Stortinget kan påleggje Riksrevisjonen å setje i gang særlege undersøkingar. Oppgåvene er nærare utdjupa i instruksen om verksemda til Riksrevisjonen.
Riksrevisjonen er organisert i sju avdelingar. Kollegiet vedtok i desember 2013 ny organisering av Riksrevisjonen. Per 1. mai 2014 blei det oppretta ei ny avdeling for metodestøtte og utvikling, mens talet på rekneskapsrevisjonsavdelingar blei redusert frå fire til tre. Det er framleis to forvaltningsrevisjonsavdelingar, ei administrasjonsavdeling og ein stabsseksjon direkte knytt til revisjonsråden.
Rapport 2013
Riksrevisjonen har ein fireårig strategisk planperiode. Visjonen for perioden 1. mai 2010 til 30. april 2014 var «å bidra effektivt til Stortingets kontroll og fremme god forvaltning». Fem strategiske hovudmål var definerte for perioden:
Riksrevisjonen har allmenn tillit, og rolla og oppgåvene er godt kjende i Stortinget og forvaltninga.
Revisjonen blir gjennomført på ein einskapleg måte og har høg fagleg kvalitet.
Riksrevisjonen har kompetanse til å gjennomføre arbeidsoppgåvene på ein effektiv og tilfredsstillande måte.
Riksrevisjonen er ein leiande aktør innan utvikling av offentleg revisjon internasjonalt.
Riksrevisjonen er ein god arbeidsplass som tiltrekkjer seg og beheld kompetente og engasjerte medarbeidarar.
Rapporteringa for 2013 viser at revisjonen i hovudsak er gjennomført i tråd med planen. Uføresette forhold medfører likevel alltid eit behov for enkelte omprioriteringar av ressursane. Omprioriteringane er baserte på ei vurdering av vesentlegheit og risiko for feil og manglar.
I 2013 blei det gjennomført ein grundig prosess for å fastsetje ein ny strategisk plan for perioden frå mai 2014 til april 2018. Planen blei vedteken av Riksrevisjonens kollegium i desember 2013.
I 2013 blei 67 prosent av personalressursane brukte på revisjonsfaglege aktivitetar, 4 prosent på internasjonale aktivitetar, 6 prosent på kompetanseutvikling og 22 prosent på leiing, administrasjon og andre støttefunksjonar, som IKT, økonomi, personell, arkiv, bibliotek, reinhald, resepsjon og sentralbord. Den delen av ressursane som er brukt til revisjonsfaglege aktivitetar, har gått opp med to prosentpoeng samanlikna med 2012. Samtidig er delen av ressursane til kompetanseutvikling noko redusert, frå 9 til 6 prosent. Den høge ressursbruken på kompetanseutvikling i 2012 kom av utstrekt opplæring knytt til nye internasjonale revisjonsstandardar, nytt elektronisk revisjonsstøttesystem og innføringa av elektronisk saksbehandling.
Riksrevisjonen har i samarbeid med Noregs kommunerevisorforbund etablert eit vidareutdanningsprogram i offentleg revisjon, som leier fram til ein mastergrad frå NHH. Formålet med ei slik utdanning er å styrkje kvaliteten på offentleg revisjon gjennom å skape eit felles fagleg grunnlag. Denne vidareutdanninga starta opp hausten 2013.
Riksrevisjonen har i samband med bistand til institusjonsutvikling av andre riksrevisjonar innrapportert 11,2 mill. kroner som bistandsmidlar (DAC-midlar) til OECD via Norad i 2013. I 2012 var dette talet 10,7 mill. kroner.
Ei detaljert orientering om verksemda i 2013 blir lagd fram for Stortinget i Dokument 2 (2013–2014).
Mål og budsjett for 2015
Riksrevisjonens visjon for planperioden 2014–2018 er å bidra til betre offentleg ressursbruk. Tre strategiske mål er definerte for perioden:
Aktuell og samfunnsnyttig revisjon
Profesjonell revisjon og kontroll
God leiing og effektiv ressursbruk
For å leggje til rette for best mogleg utnytting av eigne ressursar skal arbeidsprosessar gjerast enklare og bli meir effektive – innanfor både revisjon og administrasjon. I perioden vil det derfor vere behov for kontinuerleg forbetring av revisjonsprosessane, kompetanse og kompetanseutviklingsprosessar og leiing. I budsjettet kjem dette fram ved at budsjettforslaget for 2015 blir redusert samanlikna med budsjettet for 2014. Riksrevisjonen planlegg å redusere talet på årsverk med ca. 15 i 2015, reduksjonen skal skje ved naturleg avgang.
Riksrevisjonens utviklingssamarbeid med riksrevisjonar i andre land vil bli vidareført, og Riksrevisjonen vil framleis samarbeide tett med IDI (INTOSAI Development Initiative), spesielt når det gjeld å bidra til å styrkje regionale INTOSAI-organisasjonar.
I 2016 går leigeavtalen for Riksrevisjonens hovudkontor i Pilestredet 42 ut, og det blir arbeidd med å finne nye eigna lokale. Flytting til nye lokale vil skje anten i 2015 eller i 2016. I Riksrevisjonens budsjettforslag for 2015 er det ikkje teke høgd for dei eingongskostnadene som eventuelt vil oppstå i samband med flyttinga. Flytting til nye lokale kan også medføre at Riksrevisjonens leigekostnader blir endra. Riksrevisjonen vil ved behov kome tilbake til Stortinget om dette.
Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk
Budsjettposten gjeld drifta av sekretariatet til INTOSAI Development Initiative (IDI). Eit mål med IDIs arbeid er å styrkje offentleg revisjon i utviklingsland og gjennom dette bidra til eit godt styresett, utvikling og tiltak mot fattigdom. Over 140 riksrevisjonar i utviklingsland deltek i utviklingsprogram som blir gjennomførte av IDI. Riksrevisjonen overtok ansvaret for IDI i 2001. Overtakinga var godkjend av Stortinget, jf. Dokument 3:14 (1997–98) og Innst. S. nr. 8 (1998–99), og INTOSAIs øvste organ (kongressen) i 1998. IDI er organisert som ei stifting med eit styre, sekretariat og ein rådgjevande komité. Styret av stiftelsen er leia av riksrevisoren.
Finansiering av IDIs utviklingsprogram kjem frå ei rekkje gjevarar, medrekna Det Internasjonale fond for landbruksutvikling, Finland, INTOSAI, Irland, Storbritannia, Sveits, Sverige, USA, Verdsbanken, Østerrike og riksrevisjonane i Kuwait og Saudi Arabia. Ei rekkje riksrevisjonar gjev også støtte til IDIs arbeid i form av ressursar og tenester.
Drifta av IDI-sekretariatet har til og med for budsjettåret 2014 vore finansiert ved tilskot over Utanriksdepartementets budsjett kap. 160, post 75. Riksrevisjonen reviderer Utanriksdepartementet og Norad, og ordninga med finansiering av IDI gjennom Norad kan potensielt representere ein interessekonflikt. Det blir derfor føreslege at tilskot til drift av IDI frå 2015 blir overført frå Utanriksdepartementets budsjett til Riksrevisjonens budsjett. Innvilga tilskot for 2014 var 21 mill. kroner. Føreslege beløp for 2015 er 21,5 mill. kroner, noko som representerer beløpet for 2014 oppjustert for å kompensere for pris- og lønsauke.
Kap. 3051 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Refusjon innland | 1 774 | 1 800 | 1 800 |
02 | Refusjon utland | 870 | 650 | 800 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 4 678 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 959 | ||
Sum kap. 3051 | 11 281 | 2 450 | 2 600 |
Riksrevisjonen vil få refusjonar i samband med inngått leigeavtale med IDI-sekretariatet og internasjonale revisjonsoppdrag.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programkategori 23.10 Finansadministrasjon
Utgifter under programkategori 23.10, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
1600 | Finansdepartementet | 400 592 | 384 400 | 386 000 | 0,4 |
1602 | Finanstilsynet | 345 252 | 339 800 | 338 700 | -0,3 |
1605 | Direktoratet for økonomistyring | 393 950 | 366 211 | 352 500 | -3,7 |
1608 | Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring | 15 971 | 17 000 | 17 400 | 2,4 |
Sum kategori 23.10 | 1 155 765 | 1 107 411 | 1 094 600 | -1,2 |
Kap. 1600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 332 888 | 316 400 | 321 400 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 55 504 | 55 400 | 51 600 |
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 12 200 | 12 600 | 13 000 |
Sum kap. 1600 | 400 592 | 384 400 | 386 000 |
Hovudoppgåver
Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:
Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar
overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga
finanspolitikk
penge- og valutakurspolitikk
inntekts- og fordelingspolitikk
strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene
samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling
internasjonalt økonomisk samarbeid
offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå
Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar
investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg
oppfølging og vidareutvikling av rammeverket for forvaltinga av Statens pensjonsfond
statleg gjeldsforvalting
Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar
utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa
effektivitet og ressursbruk i statsforvaltninga, økonomiske og administrative verknader av offentlege utgifter og ordningane for kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt
forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltninga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for økonomistyring
saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer
Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar
skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken
utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll
fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien
styring av Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten
internasjonalt samarbeid på skatte-, toll- og avgiftsområdet
Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av
finansinstitusjonane (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)
verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)
eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar
struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden
finansiell stabilitet
Rapport
Økonomisk politikk og forvaltning av statsgjelda
Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Politikken og dei analysane han byggjer på, får brei omtale i budsjettdokumenta til Stortinget.
Norsk økonomi har klart seg bra samanlikna med mange andre land. Sysselsetjinga vaks vidare i 2013 og i fyrste halvår 2014, og arbeidsløysa er låg. I 2013 auka brutto nasjonalprodukt for Fastlands-Noreg med 2 pst., som var noko under snittet for dei siste 40 åra. Aktivitetsnivået i fastlandsøkonomien er likevel klårt høgare enn før finanskrisa.
Samstundes er kostnadsnivået i Noreg vorte høgt. Det gjer situasjonen krevjande for fleire utekonkurrerande næringar. Investeringane i føretak på fastlandet har vore låge i fleire år, og vi ser no at også investeringane i petroleumsnæringa går ned. Veksten i produktiviteten har dei siste åra vore lågare enn det vi har vore vane med.
Regjeringa fører ein politikk som legg til rette for ein stabil og vekstkraftig økonomi. Oljepengebruken følgjer handlingsregelen og er tilpassa stoda i norsk økonomi. I tillegg til kor mykje oljeinntekter som vert brukt over budsjettet, legg Regjeringa vekt på at bruken skal underbyggje vekstevna i norsk økonomi. Difor har Regjeringa redusert skattar og auka løyvingane til infrastruktur og utdanning.
Forvaltinga av statsgjelda er omtalt i den årlege lånefullmaktsproposisjonen. Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet og om konsernkontoordninga. Etter desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gje råd om opplåninga til staten, ta seg av den operative forvaltninga av innanlandske låneopptak og pleie andrehandsmarknaden for statspapir. Som varsla i siste lånefullmaktsproposisjon ser departementet nærare på denne arbeidsdelinga med sikte på å reindyrke si rolle som overordna, styrande eining og Noregs Banks rolle som utøvande eining innanfor ramma av eit mandat.
I den årlege finansmarknadsmeldinga står det meir om korleis departementet vurderer utøvinga av pengepolitikken.
Formuesforvalting
Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2013 i Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2013.
Meldinga drøfta fleire sider ved strategien, mellom anna ein brei gjennomgang av Noregs Banks forvalting av SPU. I meldinga vart det lagt opp til endringar i strategien for ansvarlege investeringar for SPU og til å auke ramma for dei miljørelaterte investeringsmandata i SPU frå 20–30 mrd. kroner til 30–50 mrd. kroner. Meldinga inneheldt dessutan analysar av resultata i forvaltinga for 2013 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarlege investeringar. Stortinget hadde meldinga oppe 3. juni 2014.
Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond.
Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten
Finansdepartementet har eit ansvar for effektiv ressursbruk i statsforvaltninga. Dette vert ivareteke mellom anna ved å fastsetje og forvalte sams prinsipp og normer for økonomistyring i staten (økonomiregelverket m.m.) og ved ulike tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i statlege verksemder.
Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har fullmakt til å forvalte hovuddelen av økonomiregelverket, med unntak for fagområdet etatsstyring, som framleis ligg til departementet. Finansdepartementet og DFØ legg til rette for fagleg utvikling og overføring av kompetanse om god verksemds- og økonomistyring i staten.
Som ei oppfølging av tilrådingane i NOU 2012: 16 Samfunnsøkonomiske analyser fastsette Finansdepartementet i 2014 eit nytt rundskriv med prinsipp og krav som skal følgjast i samfunnsøkonomiske analysar som skal inngå i staten sine avgjerder. DFØ utforma same året ei ny rettleiing i samfunnsøkonomisk analyse. Til saman gjev dette eit nytt rammeverk for samfunnsøkonomiske analysar i Noreg.
Ei arbeidsgruppe leidd av Finansdepartementet, leverte i juni 2014 ein rapport med tilråding om reglar for bruken av internrevisjon i statsforvaltninga. Det finst i dag inga sams, fagleg ramme for internrevisjon, og ingen kriterium for kva for verksemder som bør etablere ei slik ordning. Rapporten er sendt på ålmenn høyring med frist 15. oktober 2014.
Finansdepartementet leiar Faggruppa for etatsstyring, eit fagleg nettverk for etatsstyring med deltakarar frå alle departementa. Gruppa skal leggje til rette for informasjonsutveksling og kompetansebygging på tvers av departementsfellesskapen og medverke til fagleg utvikling på dette feltet. I 2014 gjekk Finansdepartementet og Universitetet i Oslo saman om å etablere eit tre-årig forskingsprogram om etatsstyring. Dersom det viser seg mogleg å finne søkjarar med god nok fagleg bakgrunn, vil programmet verte gjennomført i åra 2015–2017. Dette arbeidet vil medverke til å byggje opp og halde ved lag god kunnskap om status på fagområdet etatsstyring. Saman med andre kjelder vil desse tiltaka gje grunnlag for å vurdere om det trengst endringar i regelverket for styringstilhøva mellom departement og verksemd.
Skatte- og avgiftsområdet
Avgrensa skatteplikt for offentleg eigde sjukehusapotek
Departementet sende 6. mai 2014 på høyring eit framlegg om å innføre skatteplikt for inntekter frå publikumsutsal i offentleg eigde sjukehusapotek.
Offentleg eigarskap til norske sjukehusapotek er i dag organisert i fire helseføretak under kvart sitt regionale helseføretaka. Finansdepartementet gjer framlegg om å innføre ei avgrensa skatteplikt for offentleg eigde sjukehusapotek. Framlegget inneber at helseføretak som driv sjukehusapotek, skal skattleggjast for inntekter frå publikumsutsal. Endringsframlegget gjeld ikkje dei delane av verksemda i apoteka som gjeld levering av legemiddel og farmasøytiske tenester til norske offentlege sjukehus.
Framlegget sikrar lik behandling av private og offentlege apotek. Framlegget sikrar òg at Noreg innfrir forbodet mot offentleg stønad i EØS-avtalen. Høyringsfristen var 7. juli 2014, og framlegget vert gjort i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015.
Forskrift om grense for frådrag for gjeldsrenter i interessefellesskap
Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2014 vedtok Stortinget at det skal gjelde ei grense for frådrag for gjeldsrenter til nærståande part. Frådraget kan ikkje gå over 30 pst. av ein særskild fastsett resultatstorleik. Det er i utgangspunktet berre renter til nærståande (interne renter) som skal skjerast bort. Renter på lån frå ein ikkje nærståande part skal likevel reknast som interne renter dersom ein nærståande part har stilt tryggleik for lånet. I desember 2013 sende departementet på høyring eit framlegg til forskrift om unntak frå føresegna om omklassifisering av renter ved tryggleik frå nærståande part. Departementet fastsette forskrift om unntak i april 2014. Dette kan medføre at færre selskap må leggje om finansieringa.
Skatteordningane for landbruket
Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2014 bad Stortinget regjeringa om å gå gjennom skatteregelverket for bønder i lys av endringane i arveavgifta. Dette vart gjort i Meld. St. 2 (2013–2014) Revidert nasjonalbudsjett 2014, kap. 4.3 Gjennomgang av landbruksbeskatningen. Samstundes vart det signalisert at regjeringa vil gå gjennom skattlegginga av landbruket med sikte på å gjere regelverket enklare og meir oversiktleg og betre ressursbruken. Ein tek sikte på å leggje gjennomgangen opp slik at endringar her vert knytte opp mot oppfølging av utgreiinga frå ekspertutvalet til vurdering av skattlegging av føretak (Scheel-utvalet).
Forskrift og lovendring – overgangsregel til friinntektsendring (petroleumsskatt)
Ved handsaminga av Prop. 150 LS (2012–2013) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, vedtok Stortinget å redusere satsen for friinntekt i petroleumsskattelova § 5. Endringa har verknad for kostnader til erverv av driftsmiddel pådratt frå og med 5. mai 2013. Samstundes vart det vedteke ein overgangsregel. Finansdepartementet sende 12. desember 2013 på høyring eit framlegg til forskrift til utfylling og gjennomføring av overgangsregelen, og eit framlegg til endringar i overgangsregelen. Forskrifta vart vedtatt av departementet 25. april 2014 og presiserer overgangsregelen. Lovendringane vart vedtatt ved handsaminga av Prop. 94 LS (2013–2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga. Desse utvidar bruksområdet til overgangsregelen. I tillegg er det teke inn ei endeleg tidsavgrensing for overgangsregelen.
Enklare skattereglar for deltakarlikna selskap
Finansdepartementet sende 15. mai 2014 på høyring framlegg til enklare skattereglar for deltakarlikna selskap. Høyringsfristen var 15. juli 2014, og lovframlegg vert gjort i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015. Endringane vil gje klårt enklare reglar for skattytarane og deira hjelparar (rekneskapsførarar, revisorar og advokatar m.fl.). Dessutan vil dei lette og betre likningsbehandlinga.
Endringar i ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift og kompenserande tiltak
Europakommisjonen fastsette i juni 2013 nye retningsliner for regional statsstønad. I oktober 2013 fastsette ESA, EFTAs overvakingsorgan, tilsvarande retningsliner for EFTA-landa. Desse retningslinene inneber at ordninga med regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift måtte endrast med verknad frå 1. juli 2014. I 2014 har regjeringa fortsatt den omfattande prosessen med ESA og Europakommisjonen for å få aksept for å vidareføre ei best mogleg ordning med differensiert arbeidsgjevaravgift innanfor rammene av dei endra retningslinene for regional statsstøtte. Ordninga vart notifisert til ESA 13. mars 2014. I notifikasjonen vart det presisert at norske styresmakter var usikre på omfanget av sektorunntaka, og at ein ville kome tilbake til dette dersom det seinare viste seg å vere grunnlag for det. Etter fleire møte med Europakommisjonen i mai, vart det klårt at det var grunnlag for snevrare sektorunntak. Ordninga vart difor notifisert på nytt 3. juni, og 6. juni la Finansdepartementet fram Prop. 118 S (2013–2014) Endringer i statsbudsjettet 2014 (endring av den differensierte arbeidsgiveravgiften og kompenserende tiltak). Endringane og dei kompenserande tiltaka vart vedtekne av Stortinget 20. juni 2014 med verknad frå 1. juli 2014.
Skatteforvaltningsprosjektet
Finansdepartementet har i 2014 gjennomgått forvaltningsreglane på skatteområdet, mellom anna skatt, arbeidsgjevaravgift, meirverdiavgift og særavgifter, med sikte på å sende framlegget på høyring hausten 2014. Arbeidet omfattar emne som opplysningsplikt for skatte- og avgiftspliktige, kontrollreglar, partsinnsyn, dekking av sakskostnader m.m. Målet med gjennomgangen er å samle forvaltningsreglane i ei særskild skatteforvaltningslov, for å gjere regelverket meir tilgjengeleg. Dette vil m.a. styrkje rettstryggleiken for skattytarane.
Endringar i klagenemndsordninga på skatte- og avgiftsområdet
Finansdepartementet sende 28. april 2014 framlegg om ny struktur for klagenemndene på skatte- og avgiftsområdet på høyring. Høyringsfristen var 1. august 2014, og framlegg til lovendringar er gjort i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015, kap. 13. Departementet føreslår ei samla klagenemnd for skatt og meirverdiavgift, «Skatteklagenemnda». Skatteklagenemnda skal dekkje heile landet og tre i staden for dei fem regionale skatteklagenemndene vi har i dag, Klagenemnda for meirverdiavgift og skatteklagenemndene ved Sentralskattekontoret for storbedrifter og Sentralskattekontoret for utanlandssaker. Departementet gjer framlegg om at den nye nemnda skal delast i avdelingar, med fleire avdelingar med tre medlemmar (allmenn avdeling) og ein eller fleire avdelingar med fem medlemmar (stor avdeling), og at nemnda får ein leiar og ein nestleiar. Vidare er det føreslått strengare krav til kvalifikasjonane til medlemmane av nemnda, og at departementet skal oppnemne dei. Det er òg føreslått eit eige sekretariat, underlagt Skattedirektoratet, som skal førebu sakene for nemnda.
FATCA – nye opplysningsplikter om finansielle tilhøve
Frå 1. juli 2014 vart likningslova endra ved at ei rekkje finansielle aktørar vart pålagde å gje opplysningar til norske skattestyresmakter om finansielle aktiva som tilhøyrer amerikanske personar. Endringa måtte til for at Noreg skulle kunne hente inn og gje desse opplysningane til amerikanske skattestyresmakter, jf. «avtale mellom Kongeriket Norge og Amerikas Forente Stater om forbedret internasjonal overholdelse av skattelovgivningen og gjennomføring av den amerikanske lovgivningen FATCA» (Foreign Account Tax Compliance Act. Lovføresegna opnar òg for at aktørane skal gje opplysningar om finansielle aktiva for andre personar enn amerikanarar, men ei slik plikt vert ikkje aktuell før det er etablert naudsynte system for det. Sjå omtale i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014, kap. 16.
Høyring – nytt regelverk for kassasystem
Finansdepartementet sende 15. februar 2012 på høyring ei utgreiing frå Skattedirektoratet med framlegg til nytt regelverk for kassasystem, med m.a. krav om nærare spesifiserte funksjonar. Nye reglar vil medføre at leverandørar av kassasystem må oppgradere det systemet dei har i dag, og kome med ei produkterklæring til skattekontoret som syner at funksjonskrava er oppfylte. Den 16. august 2013 vart framlegget sendt på høyring i EØS-området etter EØS-høyringslova § 4. EFTAs overvakingsorgan (ESA) svarte på framlegget 12. november 2013. Forslaget er no til behandling i departementet.
Meirverdiavgift og fast eigedom
Den 1. juli 2014 vart den frivillige registreringsordninga i meirverdiavgiftslova forenkla. Kravet til søknad om frivillig registrering for allereie avgiftsregistrerte utleigarar av bygg eller anlegg vart fjerna. I tillegg vart det endringar i verknadstidspunktet for når den frivillige registreringa skal gjelde frå. Dette gjev utleigarar noko meir tid på å områ seg utan å miste retten til tilbakegåande avgiftsoppgjer. Sjå nærare om endringane i Prop. 94 LS (2013–2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, kap. 4.
Finansmarknadsområdet
Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2013–2014 resultert i desse lovendringane og lovframleggane:
Stortinget vedtok 10. desember 2013, etter framlegg i Prop. 199 L (2012–2013), lov om tenestepensjon (tenestepensjonslova). Lova inneheld rammer for ein ny type skattefavorisert tenestepensjonsordning, som private arbeidsgjevarføretak kan opprette og tilby dei tilsette. Den nye tenestepensjonsordninga er eit sjølvstendig alternativ til ytings- og innskotsordningane, og har trekk frå båe desse ordningane. Lova vart sett i verk 1. januar 2014.
Ved behandlinga av Prop. 1 LS (2013–2014), jf. Innst. 2 S (2013–2014), fatta Stortinget 5. desember 2013 vedtak om å redusere oppbevaringstida for rekneskapsdokumentasjon til 5 år. Samstundes gav Stortinget departementet heimel til ved forskrift å krevje lengre oppbevaringstid for visse slags dokumentasjon. I Prop. 1 LS (2013–2014) står det òg at departementet vil vurdere om Skatteetaten og politiet har naudsynte heimlar til å påleggje lengre oppbevaring ved bokettersyn eller etterforsking i straffesak. Reduksjonen i kravet til oppbevaringstid vart sett i kraft 1. februar 2014. Samstundes gav departementet i oppdrag til Skattedirektoratet å greie ut om det er behov for krav til lengre oppbevaringstid for einskilde slag av rekneskapsdokumentasjon. For å sikre at naudsynt dokumentasjon vert tilgjengeleg medan Skattedirektoratet gjennomfører utgreiinga, vart det fastsett forskrift om overgangsreglar. Utgreiinga vart sendt på høyring med frist for merknader 1. september 2014.
Etter framlegg i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014 vedtok Stortinget 5. desember 2013 også nye reglar om land-for-land rapportering i rekneskapslova og verdipapirhandellova. Etter dei nye reglane skal rekneskapspliktige og føretak som avhendar finansielle instrument noterte på norsk regulert marknad, som driv verksemd innan utvinningsindustrien eller skogsdrift innan ikkje-beplanta skog, utarbeide og offentleggjere ein årleg rapport med opplysningar om betalingar til myndigheiter på land- og prosjektnivå. Stortinget gav også departementet heimel til å fastsetje utfyllande reglar om krav til rapporteringa i forskrift. Det nye lovreglane gjeld for rekneskapsår påbyrja 1. januar 2014 og seinare.
Samstundes med behandlinga av framlegget om nye land-for-land rapporteringskrav i Prop. 1 LS (2013–2014), fatta Stortinget 26. november 2013 følgjande oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringen sikre at det i regelverket om land-for-land-rapportering innarbeides mål om å synliggjøre uønsket skattetilpasning.» For å følgje opp detta har Finansdepartementet fastsett forskrift med utvida regler om land-for-land-rapportering («LLR»). Etter forskrifta er det mellom anna stilt krav om at rapporteringspliktige skal gje opplysningar om dotterselskapa sine, samt rentekostnadene mellom føretak i same konsern. Dei utvida rapporteringskrava vil hjelpe til å synleggjere uønskt skattetilpassing. I Prop. 1 LS (2013–2014) skriv departementet at LLR-regelverket skal evaluerast etter tre år, slik at norske erfaringar og posisjonar eventuelt kan spelast inn overfor EU-kommisjonen i samanheng med evalueringa av EUs eige LLR-regelverk. Finansdepartementet vil i denne evalueringa søkje å få nærmare utgreidd korleis det norske LLR-regelverket ytterlegare kan hjelpe til å synleggjere uønskt skattetilpassing. Ein vil i evalueringa særskilt vurdere ytterlegare rapporteringskrav med omsyn til rapporteringspliktige sin verksemd i andre jurisdiksjonar enn der utvinningskjer, samt andre rapporteringspostar.
Stortinget vedtok 11. april 2014, etter framlegg i Prop. 188 L (2012–2013) Endringer i finansieringsvirksomhetsloven og eiendomsmeglingsloven mv. (klagenemndbehandling, oppgjør av eiendomshandler mv.) nye reglar om nemndbehandling av tvistar mellom finansføretak og forbrukarkundane deira. Reglane gjev heimel til å gje forskrift om at finansføretak skal vere tilslutta ei klagenemnd, og at finansføretak skal dekkje eigne og kunden sine sakskostnader ved ei eventuell rettssak dersom føretaket ikkje følgjer fråsegner frå ei klagenemnd. Det vart òg vedteke endringar i eigedomsmeklingslova om oppgjer av eigedomshandlar, endringar av reglane om teieplikt i finanstilsynslova § 7, sentralbanklova § 12 og folketrygdfondlova § 6, og endringar i verdipapirregisterlova som opnar for å gje innsyn til forskingsføremål i opplysningar i verdipapirregister underlagde lovpålagd teieplikt. Lovendringane vart sette i verk 1. juli 2014.
Stortinget vedtok 10. juni 2014, etter framlegg i Prop. 77 L (2013–2014) Lov om forvaltning av alternative investeringsfond. Lova skal medverke til konkurransedyktige rammevilkår for bransjen og ivareta omsynet til investorvern og verne om forbrukarar. Lova inneber at forvaltarar av ei rekkje kollektive investeringsstrukturer som i dag ikkje er underlagd særskilt regulering, vert lovregulerte. I tillegg vil forvaltarar av nasjonale fond, mellom anna spesialfond, som etter gjeldande rett er regulerte i verdipapirfondlova, verte omfatta av den nye lova. Framlegget gjennomfører venta framtidige EØS-plikter i Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/61/EU, omtalt som AIFM-direktivet («Alternative Investment Fund Managers Directive»). AIFM-direktivet legg til rette for ein intern marknad i EØS for forvaltning av alternative investeringsfond og marknadsføring av slike fond til profesjonelle investorar. I proposisjonen er det òg gjort framlegg om reglar om marknadsføring av alternative investeringsfond til ikkje-profesjonelle investorar. Lova vart sett i verk 1. juli 2014.
Stortinget vedtok 20. juni 2014, etter framlegg i Prop. 87 L (2013–2014) endringar i fleire lovar på finansmarknadsområdet. Børslova og verdipapirhandellova vert endra, og ei ny lov om kredittvurderingsbyrå vert vedteken. Mellom anna vert det vedteke nye reglar om eigarkontroll i børsar og verdipapirregistre, endra reglar om sentrale motpartar, lovregulering av utkontraktering av oppgåver på finansområdet, og krav om kjønnsnøytrale premie og teneste for nye avtaler i private og frivillige forsikringar utanfor arbeidsforhold. Lovendringane vert setje i verk til ulik tid, og ny lov om kredittvurderingsbyrå er gjeldande frå 1. januar 2015.
Finansdepartementet la 20. juni 2014 fram Prop. 125 L (2013–2014) Lov om finansforetak og finanskonsern (finansforetakslova). Lovframlegget inneheld reglar om løyve, organisatoriske reglar, generelle verksemdsreglar, reglar om sikringsordningar og soliditetssvikt og sanksjonsreglar for bankar, forsikringsselskap og andre finansføretak. Det vart føreslått nye kapitalkrav for forsikringsføretak, vidareføring av kapitalkrava for bankane, modernisering og utbygging av reglane om samarbeidsavtaler utanfor konsernforhold, regulering av finansføretaks namnebruk, plikt for bankane til å handtere kontantar og andre materielle endringar. Lovframleggjet byggjer på Banklovkommisjonen si utreiing NOU 2011: 8 Ny finanslovgivning til Finansdepartementet 27. mai 2011. Lovframlegget er no til behandling i Stortinget.
Budsjett 2015
I kap. 2, del I av denne proposisjonen er det omtalt fleire prioriterte oppgåver for Finansdepartementet i 2015. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.
Økonomisk politikk
Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa vil vere ei hovudoppgåve for Finansdepartementet også i 2015. Politikken og dei analysane han byggjer på, vil få ein brei omtale i dei løpande budsjettdokumenta til Stortinget. Sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2014–2015) Nasjonalbudsjettet 2015.
Formuesforvalting
Departementet sitt arbeid med fondet går ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, og å ta vare på fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.
Arbeidet med å utvikla investeringsstrategien for fondet i 2015 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2013. Sjå nærare omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2014–2015) Nasjonalbudsjettet 2015.
Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten
Finansdepartementet og Direktoratet for økonomistyring (DFØ) vil i 2015 vidareføre arbeidet med å leggje til rette for fagleg utvikling og kompetanseoverføring i staten når det gjeld god verksemds- og økonomistyring. Arbeidet i DFØ vil i det komande året vere prega av omstillinga som direktoratet skal gjennom. Det kan gjere at utviklingsoppgåvene ikkje kan prioriterast like høgt som elles, og at direktoratet i staden må leggje størst vekt på å levere gode og trygge løns- og rekneskapstenester som verksemdene i staten er avhengige av.
Finansdepartementet vil gjennom Faggruppa for etatsstyring halde fram arbeidet med å utveksle informasjon og byggje kompetanse på tvers av departementsfellesskapen om styring av underliggjande verksemder.
Ved inngangen til 2014 var det 63 statlege verksemder som nytta dei statlege standardane for periodiserte verksemdsrekneskapar (SRS). 12 verksemder førte periodiserte verksemdsrekneskap, men utan å følgje dei statlege standardane.
Mot slutten av 2014 vil Finansdepartementet sende på høyring eit framlegg om endringar i dei statlege standardane for periodiserte verksemdsrekneskap (SRS). I dag er det opp til verksemdene som fører periodiserte rekneskapar og departementet deira om dei vil følgje desse anbefalte standardane. I samband med revideringa skal standardane gjerast obligatoriske for statlege, periodiserte verksemdsrekneskapar frå 1. januar 2016, dersom høyringa ikkje gjer grunn til noko anna.
Finansdepartementet og DFØ vil arbeide vidare med å få fram ein samla presentasjon av utgiftene og inntektene etter art, no som denne informasjonen vert rapportert til statsrekneskapen frå 2014.
Finansdepartementet vil følgje opp tilrådinga om reglar for bruk av internrevisjon i statsforvaltninga etter høyringsperioden. Departementet vil i 2015 vurdere endringar i økonomiregelverket for å få på plass reglar for internrevisjon i staten, i tråd med tilrådinga frå arbeidsgruppa og høyringsfråsegn i saka.
Finansdepartementet vil følgje opp arbeidet med å kvalitetssikre større statlege investeringsprosjekt, jf. omtale under kap. 1608 Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring.
Skatte- og avgiftsområdet
Enklare reglar for utanlandske arbeidstakarar
Departementet gjennomgår reglane og praksisen for skattlegging og likning av utanlandske arbeidstakarar på kortvarige arbeidsopphald i Noreg. Målet er å gjere det enklare for skattytarane å oppfylle pliktene sine og for likningsstyresmaktene å handsame likninga for denne gruppa arbeidstakarar.
Skatteordningane for landbruket
Regjeringa vil gå gjennom skatteordningane for landbruket for å gjere regelverket enklare og meir oversiktleg. Endringane i skattereglane for landbruket kan bli knytt opp mot oppfølginga av Scheel-utvalet.
Skatteforvaltningsprosjektet
Prosjektet er omtalt i rapportdelen ovanfor. Departementet tek sikte på å sende på høyring eit notat om nye skatteforvaltningsreglar i 2014. I 2015 vil departementet arbeide vidare med forslaget og utarbeide ein lovproposisjon.
Common Reporting Standard (CRS)
OECDs skattekomité vedtok 13. februar 2014 ein global standard for automatisk utveksling av finansielle kontoopplysningar til bruk på skatteområdet, Common Reporting Standard (CRS). På bakgrunn av at Rådet i OECD i sin rekommandasjon 15. juli 2015 har oppmoda både medlemslanda og ikkje-medlemsland om å bruke standarden i sine nasjonale reglar og internasjonale avtaler, tek departementet sikte på å inngå i eit slikt samarbeid innanfor ramma av den multilaterale konvensjonen om administrativt samarbeid i skattesaker. Departementet vil sjå nærare på naudsynte endringar i regelverket for å leggje til rette for meir informasjonsutveksling med andre land.
Meirverdiavgift – endringar i representantordninga
Avgiftssubjekt som ikkje har forretningsstad eller heimstad i meirverdiavgiftsområdet, skal registrere seg ved representant. Departementet arbeider no med ein større gjennomgang av heile representantordninga. Bakgrunnen for dette er at EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) i ei grunngjeven fråsegn i 2012 konkluderte med at representantordninga kan vere i strid med EØS-avtalen. Sjå omtale i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015, kap. 21.
Refusjon av eingongsavgift
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har i ei grunngjeven fråsegn konkludert med at gjeldande regelverk gjer det vanskeleg for utanlandske leasingverksemder å tilby leasingbilar til personar som er busette i Noreg. Toll- og avgiftsdirektoratet har 26. juni 2014 sendt på høyring eit forslag om ei ordning med refusjon av eingongsavgift ved eksport av køyretøy. Departementet tek sikte på at ordninga kan gjennomførast frå 1. januar 2015, sjå omtale i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015, kap. 7.4.2.
Finansmarknadsområdet
I 2015 vil mellom anna desse lovsakene krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:
Rettsakter frå EU
I EU er det dei siste årane vedteke ei rekkje EØS-relevante rettsakter på finansmarknadsområdet, mellom anna det nye kapitalkravsverket for bankar m.m., eit nytt krisehandteringsdirektiv, eit nytt innskotsgarantidirektiv, eit nytt solvensregelverk for forsikringsverksemd, eit konsolidert rekneskapsdirektiv, endringar i revisjonsdirektivet og ei ny forordning om revisjon av allmennyttige føretak. På verdipapirområdet er det mellom anna vedteke MiFID, rapporteringsdirektiv og marknadsmisbruksdirektiv. EU-kommisjonen har òg gjort framlegg om revidert betalingstenestedirektiv og nytt kvitvaskingsdirektiv. Desse framlegga er førebels ikkje vedtekne.
Finansdepartementet vil også i 2015 arbeide med å gjennomføre EØS-relevante rettsakter i norsk rett.
Eit viktig spørsmål for det kommande EØS-arbeidet er den såkalla tilsynsbyråsaka. EU etablerte med verknad frå 1. januar 2011 ein ny sams tilsynsstruktur på finansmarknadsområdet.
EØS-/EFTA-statane og Kommisjonen har sidan 2010 arbeidet for å finne ei EØS-tilpassing til EUs nye finanstilsynsstruktur. Inntil det er funne ei løysing får ein ikkje tatt inn i EØS-avtala rettsaktene som etablerer tilsyna, og heller ikkje nye rettsakter som gjev ytterlegare kompetanse til tilsyna. Sjå nærmare omtale i Meld. St. 1 (2014–2015) Nasjonalbudsjettet 2015.
Vedtekne EØS-relevante rettsaktar som det vil bli arbeidd med, er mellom anna nye reglar om handtering av kriser i finansinstitusjonar, innskotsgarantidirektivet og solvensreglar for forsikring (Solvens II).
Nye reglar om handtering av kriser i finansinstitusjonar
I EU vart det i mai 2014 vedteke eit nytt direktiv om handtering av økonomiske problem i finansinstitusjonar, jf. direktiv 2014/59/EU. Målet med direktivet for krisehandtering er at ein betre skal kunne handtere kriser som oppstår, mellom anna slik at både små og store institusjonar skal kunne avviklast utan at det skaper finansiell ustabilitet, og utan å tyngje offentlege budsjett. Direktivet inneheld reglar om fleire nye tiltak som skal kunne setjast i verk ved ulike typar av problem og kriser. Mellom anna kan nasjonale styresmakter skrive ned og konvertere til eigenkapital skyldnadene til ein institusjon i vanskar (s.k. bail-in), jf. også omtale i pkt. 3.2.5 i Meld. St. 21 (2013–2014) Finansmarknadsmeldinga 2013. Direktivet skal gjennomførast i EU-landa innan utgangen av 2014. Direktivet er ikkje enno teke inn i EØS-avtalen. Dette må ein sjå i samanheng med arbeidet med å finne ei EØS-tilpassing til EUs nye finanstilsynsstruktur.
Det norske systemet for handtering av finansinstitusjonar som hamnar i økonomiske vanskar, er nedfelt i banksikringslova. I brev 26. juni 2009 gav Finansdepartementet Banklovkommisjonen mandat til å greie ut ein revisjon av banksikringslova med forskrifter. Arbeidet skal tilpassast endringar i relevante EU-reglar.
Innskotsgaranti
I april 2014 vedtok EU eit nytt innskotsgarantidirektiv. I det nye direktivet er det eit dekningsnivå på 100 000 euro for innskotsgarantiordningar, og det er gjeve ein overgangsperiode på fem år (fram til utgangen av 2018) for land med høgare dekning enn 100 000 euro. For andre viktige spørsmål, slik som finansiering av fond og utbetalingstid, er det gjeve ti års overgangstid. Fyrst etter desse ti åra har EU eit harmonisert innskotsgarantisystem. Noreg vil kome tilbake til denne saka overfor EU i samband med innlemminga av direktivet i EØS-avtalen. Dette vil fyrst kunne gjerast når det er funne ei EØS-tilpassing til EUs nye finanstilsynsstruktur. I Noreg er bankinnskot garanterte med 2 millionar kroner per innskytar per bank.
Nye solvensreglar for forsikring (Solvens II)
Eit nytt solvensregelverk for forsikringsverksemd, Solvens II, vart vedteke i EU i 2009, jf. direktiv 2009/138 EF. Eit av måla med det nye regelverket er at forsikringsselskapa skal verte underlagde krav om avsetjingar og soliditet som speglar risikoen i forsikringsselskapa betre enn dei noverande reglane. Det har vore trong for å utvikle direktivet på fleire viktige punkt, mellom anna for å tilpasse regelverket til EU sin nye tilsynsstruktur og til nye reglar om langsiktige garantiar. Endringane vert gjort med direktiv 2014/51/EU, det såkalla Omnibus II-direktivet. EU-landa har frist til 31. mars 2015 med å fastsetje nasjonale reglar i tråd med Solvens II-direktivet med endringar. Reglane skal i utgangspunktet og i hovudsak tre i kraft 1. januar 2016, men det er omfattande og langvarige overgangsreglar. Vidare skal utfyllande EU-reglar på fleire nivå setjast i kraft samtidig med direktivreglane.
Solvens II-direktivet er teke inn i EØS-avtala, og Finansdepartementet har gjort framlegg om å gjennomføre hovudreglane frå direktivet i den nye finansføretakslova, jf. Prop. 125 L (2013–2014). Finanstilsynet har i oppdrag å utarbeide utkast til forskriftsreglar for å gjennomføre dei meir detaljerte direktivreglane og dei utfyllande EU-reglane på lågare nivå. Finansdepartementet tek sikte på å sende forskriftsutkasta på høyring på vanleg måte.
Kollektive uførepensjonsordningar i privat sektor
Banklovkommisjonen la 4. desember 2013 fram utgreiinga NOU 2013: 12 Uførepensjon i private tjenestepensjonsordninger, med utkast til reglar for skattefavoriserte kollektive uførepensjonsordningar i privat sektor som er tilpassa hovudprinsippa i ny uføretrygd i folketrygda. Utgreiinga har vore på høyring, og høyringsfristen gjekk ut 6. mars 2014. Finansdepartementet arbeider no med framlegg til nye lovreglar om uførepensjon i private tenestepensjonsordningar som byggjer på Banklovkommisjonen si utgreiing og merknadene frå høyringsinstansane.
Samfunnstryggleik og beredskap
På ansvarsområdet til Finansdepartementet skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har eit beredskapsplanverk for å kunne handtera uynskte hendingar.
Finansdepartementet har inngått ein utvida avtale for utflytting av verksemda i tilfelle departementet må evakuere G-blokka i regjeringskvartalet. Avtalen sikrar departementet kontorplassar og tilgang til fellesareal. Med denne avtalen er departementet betre i stand til å ta hand om avgjerande funksjonar etter ei evakuering. Alle viktige beredskapsplanar og varslingslistar vert oppdaterte jamleg.
Ei hovudutfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for betalingstenester. Finanssektoren vert meir og meir sårbar for svikt i drifta av IKT-system og i tilgangen på telekommunikasjon og straum, jf. skildringa i kapittel 2.7 i Meld. St. 21 (2013–2014) Finansmarknadsmeldinga 2013. Dei siste åra har det vorte arbeidd med å effektivisere og tilpasse beredskapen i finanssektoren med tanke på kor sårbart eit moderne betalingssystem er. I 2000 vart det såleis skipa eit eige beredskapsutval for finanssektoren (BFI). BFI skal sikre ei best mogleg samordning av beredskapsarbeidet i den finansielle infrastrukturen, og utvalet vurderer m.a. driftsstabilitet, risiko og sårbarheit. Utvalet skal kome fram til og samordne tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan gje store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen. Medlemmene i utvalet representerer dei mest sentrale aktørane i den norske finansinfrastrukturen. Finanstilsynet har ansvaret for leiing og sekretariat. Finansdepartementet er observatør på møta.
I fyrste halvdel av 2014 var det to ordinære møter i BFI, og eit til er planlagt seinare i 2014. Det er òg planlagt 1–2 øvingar i utvalet i 2014, slik som i tidlegare år. Det er planlagt minst like stor aktivitet i 2015.
Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet arbeider jamleg med overvaking og regelverksutvikling for å medverke til finansiell stabilitet.
Finansdepartementet har dei seinare åra rapportert til Stortinget om utsiktene for finansiell stabilitet to gonger i året: i finansmarknadsmeldinga (som kjem i april/mai) og i nasjonalbudsjettet (som kjem i oktober). Mange av tiltaka på dette området skjer gjennom regelverksutviklinga. I den siste finansmarknadsmeldinga, Meld. St. 21 (2013–2014) Finansmarknadsmeldinga 2013, er det i kapittel 4 gjort greie for regelverksendringar i 2013. I kapittel 3 i meldinga er det gjort greie for pågåande arbeid med regelverksendringar, så som nye kapitalkrav for finansinstitusjonar, nye reglar for forsikring og pensjon og regelverksutvikling i verdipapirmarknadene. Finansdepartementet har gjort greie for utsiktene og arbeidet for finansiell stabilitet i kapittel 2 i meldinga. I tillegg er dette omtalt mellom anna i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) Endring av Prop. 1 S (2013–2014) Statsbudsjettet 2014 (sjå s. 23–25), og Meld. St. 2 (2013–2014) Revidert nasjonalbudsjett 2014 (sjå s. 57–60).
Også Noregs Bank og Finanstilsynet publiserer jamleg rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet og om risikotilhøva i finanssystemet. Noregs Bank legg fram «Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet» fire gonger i året, og rapportane «Finansiell stabilitet» og «Finansiell infrastruktur» ein gong i året. Finanstilsynet legg fram to årlege rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet, kalla «Finansielt utsyn» og «Finansielle utviklingstrekk», og ein årleg rapport om arbeidet med IKT-tryggleik i finanssektoren («Risiko- og sårbarhetsanalyse«).
Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder, inkludert Folkeregisteret som er eit sentralt grunndataregister for personinformasjon. Det vert arbeidd med å modernisera Folkeregisteret. Arbeidet har ein tidshorisont på fleire år, men tryggleiken i det noverande registeret vert løpande vurdert etter det trugselbiletet som gjeld.
Post 01 Driftsutgifter
Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. Finansdepartementet hadde per 1. mars 2014 ei bemanning som svarer til 297 årsverk. Lønsutgifter m.m. utgjer om lag 77 pst. av budsjettet. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2015 føreslår departementet ei løyving på 321,4 mill. kroner. Det er lagt opp til om lag same aktivitetsnivå som i 2014.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp. Forskingsmidlane vert særleg brukte til program i regi av Noregs forskingsråd, m.a. knytte til skatteøkonomi. Regjeringa har nyleg fastsett nye mål for verksemda i forskingsrådet – sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Kunnskapsdepartementet.
Løyvinga dekkjer òg utgifter til kjøp av utviklingstenester frå Statistisk sentralbyrå. Ei viktig oppgåve som Statistisk sentralbyrå utfører for departementet, er å halde ved like det økonomiske modellapparatet som vert brukt i arbeidet med den økonomiske politikken. I tillegg vert midlane på posten brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver, m.a. kjøp av eksterne konsulenttenester i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond.
For 2015 føreslår departementet ei løyving på 51,6 mill. kroner. Det er rekna med noko større kjøp av utviklingstenester o.l. enn i 2014, og det er også rekna med større utgifter til fleire utval.
Finansdepartementet får refusjonar frå andre offentlege verksemder som departementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1600, post 21 Spesielle driftsutgifter med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden
I samband med statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å bruka ein del av provenyet frå omdanning og sal av Oslo Børs til å skipe eit finansmarknadsfond med ei fondsavsetning på 90 mill. kroner (Finansmarknadsfondet). Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, mellom anna regulering av marknader og marknadsaktørar, og å fremje innsikt og auke medvitet om etikk på finansmarknadsområdet. Fondet skal medverke til forsking, utdanning og allmenn opplysning om finansmarknadsspørsmål.
Fram til utgangen av 2012 var kapitalen i Finansmarknadsfondet plassert som kontolån til staten. Fondsutbytet vart ført som inntekt i statsbudsjettet og gav grunnlag for ei utgiftsløyving til dei nemnde føremåla. Utbytet frå fondskapitalen året før vart ført som inntekt i statsbudsjettet året etter.
I samband med statsbudsjettet for 2013 vart det vedteke å skipa ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet, slik at sjølve fondet vart avvikla 1. januar 2013. Fondskapitalen vart tilført statskassa og erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet frå og med budsjettåret 2013, sjå side 48–50 i Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Med den nye løyvingsmodellen legg ein opp til å halda tildelingane om lag like store som dei var under den tidlegare modellen, målt i faste prisar. For 2012, siste gongen med den tidlegare modellen, vart det løyvd 11,8 mill. kroner.
For 2015 føreslår departementet i samsvar med modellen ei løyving på 12,6 mill. kroner på kap. 1600, post 70.
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år
Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finna ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.
På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.
Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.
Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2014, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.
Kap. 4600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
02 | Diverse refusjonar | 2 140 | 1 000 | 500 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 4 486 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 233 | ||
85 | Avkastning frå Finansmarknadsfondet | 7 478 | ||
95 | Fondskapital | 206 666 | ||
Sum kap. 4600 | 223 003 | 1 000 | 500 |
Post 02 Diverse refusjonar
Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med.
Kap. 1602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 331 914 | 327 500 | 328 500 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 13 338 | 12 300 | 10 200 |
Sum kap. 1602 | 345 252 | 339 800 | 338 700 |
Føremål og hovudoppgåver
Oppgåvene til Finanstilsynet er fastlagde i lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsyn med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynslova), og dei ulike særlovene for områda under tilsyn. Finanstilsynslova § 1 slår fast kva institusjonar det skal førast tilsyn med, og i § 3 er det gitt nokre overordna føresegner om verksemda til Finanstilsynet:
«Tilsynet skal se til at de institusjoner det har tilsyn med, virker på hensiktsmessig og betryggende måte i samsvar med lov og bestemmelser gitt i medhold av lov samt med den hensikt som ligger til grunn for institusjonens opprettelse, dens formål og vedtekter. Tilsynet skal se til at institusjonene under tilsyn i sin virksomhet ivaretar forbrukernes interesser og rettigheter.»
Finanstilsynet vedtok i 2010 ein overordna strategi for perioden 2010–2014. Hovudmåla til Finanstilsynet her er «… å bidra til å sikre finansiell stabilitet og velfungerende markeder…». I strategien er dette konkretisert i dei følgjande delmåla:
solide og likvide finansinstitusjonar
god overvaking av risiko i økonomi og marknader
forbrukarvern gjennom god informasjon og rådgiving
god leiing og verksemdsstyring i føretaka
robust infrastruktur som sikrar betaling, handel og oppgjer
tilstrekkeleg og påliteleg finansiell informasjon
god marknadsåtferd
effektiv krisehandtering
For å nå måla for verksemda bruker tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er:
tilsyn og overvaking
forvalting
regelverksutvikling
informasjon og kommunikasjon
Finansiell stabilitet og velfungerande marknader er hovudmåla for Finanstilsynet. Dette må til for å sikre tillit til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og verne brukarane av finansielle tenester. Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er solid nok til å formidle finansiering, utføre betalingar og fordele risiko på ein tilfredsstillande måte, både i oppgangs- og i nedgangstider. Finanstilsynet skal særleg prioritere dei institusjonane og områda som har meist å seie for finansiell stabilitet og velfungerande marknader, inkludert IKT-systema.
Forbrukarvern er grunnleggjande i heile tilsynsverksemda. Finanstilsynet legg særleg vekt på at føretak som tilbyr finansielle tenester og produkt, oppfyller krav til god kunderådgiving. Dette sikrar at kundane forstår risikoen i dei produkta dei vert tilbodne, og at rådgivinga varetek behova til den enkelte kunden på ein god måte.
Finanstilsynet har definert fleire utfordringar og tiltak på tilsynsområda. Desse er nærare omtalte i strategien, mellom anna under punktet «Utfordringer og tiltak på tilsynsområdene».
Finanstilsynet er leidd av eit styre på fem medlemmar, supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemmene og varamedlemmene vert peika ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Leiargruppa i Finanstilsynet består av seks personar. Verksemda hadde per 1. mars 2014 ei bemanning tilsvarande 270 årsverk.
Rapport 2013
Nedanfor følgjer ein nærmare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2013.
Tabell 5.1 Ressursbruken i Finanstilsynet, fordelt på tilsynsområde
Tilsynsområde | Rekneskap 2012 | Rekneskap 2013 | Plantal 2014 | |||
---|---|---|---|---|---|---|
Årsverk | Prosent | Årsverk | Prosent | Årsverk | Prosent | |
Bankar | 68,1 | 26,2 | 66,0 | 25,4 | 69,4 | 26,5 |
Finansieringsselskap | 3,0 | 1,1 | 3,6 | 1,4 | 3,7 | 1,4 |
Betalingsføretak | 2,5 | 1,0 | 2,7 | 1,0 | - | - |
Kredittføretak | 3,9 | 1,5 | 3,5 | 1,3 | 3,9 | 1,5 |
Prospektkontroll | 12,1 | 4,6 | 10,5 | 4,0 | 10,5 | 4,0 |
Forsikringsselskap | 47,2 | 18,1 | 47,0 | 18,1 | 48,7 | 18,6 |
Holdingselskap | 2,1 | 0,8 | 2,1 | 0,8 | 2,4 | 0,9 |
Pensjonskasser og -fond | 9,4 | 3,6 | 9,8 | 3,8 | 9,9 | 3,8 |
Verdipapirmarknaden | 52,8 | 20,3 | 57,0 | 21,9 | 52,9 | 20,2 |
Eigedomsmekling | 10,3 | 3,9 | 9,6 | 3,7 | 9,4 | 3,6 |
Inkassoføretak | 4,2 | 1,6 | 4,1 | 1,6 | 3,1 | 1,2 |
Revisorar | 17,6 | 6,8 | 16,9 | 6,5 | 17,7 | 6,8 |
Rekneskap generelt | 0,8 | 0,3 | - | - | - | - |
Rekneskapsførarar | 14,0 | 5,4 | 14,5 | 5,6 | 13,6 | 5,2 |
Rekneskapskontrollen | 8,8 | 3,4 | 10,7 | 4,1 | 12,2 | 4,7 |
Andre | 3,5 | 1,4 | 2,3 | 0,9 | 4,5 | 1,7 |
Sum | 260,3 | 100 | 260,3 | 100 | 261,9 | 100 |
Det er godt samsvar, og ingen vesentlege avvik, mellom plantal for 2013 som vart presentert i Prop. 1 S (2012–2013), og rekneskapen for 2013.
Allment
Summen av årsverk i Finanstilsynet var den same i 2013 som i 2012, jf. tabellen ovanfor. Bruken av ressursar på dei fleste tilsynsgruppene var også tilnærma uendra frå 2012 til 2013. Verdipapirmarknaden og rekneskapskontrollen hadde ein liten oppgang, medan bankar og prospektkontrollen hadde ein liten nedgang i ressursbruken.
For å tilpasse seg framtidige krav og utfordringar gjorde Finanstilsynet i 2013 nokre endringar i organisasjonsstrukturen sin. I tillegg prioriterte tilsynet òg i 2013 utviklinga av tekniske løysingar for å auke effektiviteten og betre grunnlaget for tilsynsarbeidet.
Finanstilsynet har sett opp konkrete mål for saksbehandlingstida for eit utval forvaltingssaker og for tilsynsrapportar og -merknader. For dei fleste forvaltingssakene er målet at 90 prosent skal vere ferdig behandla innan 30 dagar. For enkelte kompliserte sakstypar er det sett lengre fristar. Fristen for tilsynsrapportar og -merknader varierer noko mellom dei ulike tilsynsområda. På alle område vart det registrert ein nedgang frå 2012 til 2013. Arbeidet med å redusere saksbehandlingstida vert vidareført.
Arbeid med tryggleik og beredskap er ein integrert del av verksemda. For å betre systematiseringa av arbeidet i eigen organisasjon har Finanstilsynets teke i bruk eit nytt verktøy for tryggleik og beredskap.
Finanstilsynet gjennomførte ei kvantitativ brukarundersøking blant føretak under tilsyn i 2013 etter same lest som i 2006 og 2010. Svarprosenten var på 68 prosent, som er tilfredsstillande. Konklusjonen var at Finanstilsynet på eit overordna nivå vert vurdert godt på dei fleste områda det vart målt på, og ganske likt med resultata frå 2010.
Finanstilsynet gjennomfører forskjellige stresstestar, analysar og inspeksjonar for å følgje utviklinga og avdekkje problem tidleg. Tematilsyn, dokumentbasert tilsyn og stadleg tilsyn er nyttige verkemiddel. Til dømes gjennomførte Finanstilsynet 252 stadlege tilsyn, inkludert 18 IT-tilsyn i 2013, medan talet i 2012 var 255. På verdipapirområdet var enkelte tilsyn særleg krevjande og meir ressurskrevjande enn planlagt.
Nedanfor følgjer ei kort oversikt over aktiviteten i 2013 ut frå prioriteringar i budsjettdokumenta og delmåla i strategien. Ein meir detaljert gjennomgang finst i Meld. St. 21 (2013–2014) Finansmarknadsmeldinga 2013.
Solide og likvide finansinstitusjonar
I vurderingane av soliditeten til bankane vart det gitt tilbakemeldingar til større og til risikoutsette mindre bankar om behov for ytterlegare kapitaloppbygging på bakgrunn av nye kapitalkrav og risiko. Likviditetsrisiko og bankane si finansiering fekk størst merksemd, og bankar med svake verdiar på indikatorar for likviditet og langsiktig finansiering vart følgde opp. Det vart lagt særleg vekt på analysar av kredittrisiko på eksponeringar mot næringseigedom, shipping og oppkjøpsfinansiering, og det har vore gjennomført nærare analysar av kredittrisiko i små bankar. Etterleving av retningslinjer for lån til bustader vart følgde opp. Analyse og tiltak knytte til pantsetting og overføring av bustadlån til føretak som gjev ut obligasjonar med fortrinnsrett (OMF-føretak), vart gjennomførde.
I oppfølginga av soliditet i forsikringsselskap og pensjonskassar vart det lagt særleg vekt på å følgje opp dei soliditetsmessig utsette selskapa.
Kapitaldekning, risikoforhold og økonomisk utvikling i verdipapirføretak og forvaltingsselskap vart følgde opp kvart kvartal. Fleire føretak på verdipapirområdet vart varsla om tilbakekall av løyve på grunn av manglande kapitaldekning, men i alle tilfelle vart forholda retta opp.
Nytt soliditetsregelverk for forsikring (Solvens II) vil tre i kraft 1. januar 2016, og det vert arbeidd med nødvendige tilpassingar i soliditetsovervakinga for perioden fram til dette. Arbeidet med å vurdere føresegner for overgang og arbeidet med forskrifter vart sett i gang.
Førebuingane til rapportering i CRD IV (startar i 2014) og Solvens II (foreløpig rapportering startar i 2015) er omfattande og teknisk utfordrande. Gjennomgang av eksisterande rapportering gjennom finansmarknadsdatabasen med sikte på at denne må tilpassast ny rapportering som følgje av CRD IV og Solvens II, vart starta i 2013. Behandling av søknader om å bruke interne modellar (IRB) er omfattande, og det vart vurdert ulike tiltak for å auke risikovektene på bustadlån. Tiltak vil verte gjennomførde i 2014.
God overvaking av risiko i økonomi og marknader
Vurderingar av utsikter til moglege finansielle stabilitetsproblem vart lagde fram i rapporten Finansielt utsyn2013 i fyrste halvår og i Finansielle utviklingstrekk 2013 i andre halvår. Vidare vart det utarbeidd kvartalsvise resultatrapportar for finansinstitusjonar som la vekt på utvikling i soliditet og likviditet.
Det vert kontinuerleg arbeidd med vidareutvikling av makrotilsyn og metodar for overvaking av finansiell stabilitet, som òg omfattar arbeidet med å forsterke samanhengen mellom analyse av risiko i institusjonar og makroøkonomisk risiko. Arbeid med å vidareutvikle modellar vart intensivert, og det vart knytt nærmare kontakt med akademiske miljø. Det vart lagt vekt på å utvikle modellar for stresstesting av finanssektoren og av enkeltinstitusjonar.
Forbrukarvern gjennom god informasjon og rådgiving
Finanstilsynet har kartlagt og ført tilsyn med verdipapirføretaka og kartlagt privat pensjonssparing. Finanstilsynet har arbeidd med å ivareta forbrukarvern på alle dei sentrale marknadsområdane. Mellom anna vert etterleving av retningslinjene for bustadlån følgde opp gjennom tilsyn og informasjon.
I tilsynet med eigedomsmeklarane vart det sett i verk kontroll av etterleving av reglar som er særleg viktige for forbrukarane, slik som sikring av klientmidlar og utforming av kjøpekontraktar ved sal av nye bustader.
Skikka leiing og tilfredsstillande verksemdstyring i føretaka
Behandling av konsesjonar og meldingar om endringar skjer løpande, og det vart behandla ei rekkje konsesjonssøknader om nyetablering og fusjonar på tilsynsområda i 2013. Omfanget av stadlege tilsyn i føretak under tilsyn vart som planlagt. Elles vart det gjennomført eit stort mengd vurderingar av om styremedlemmar og leiarar av føretak på verdipapirområdet er eigna. Vurderingane vart særleg utførde ved omorganiseringar av verksemdene.
Finanstilsynet peikte på revisorane sitt ansvar for å følgje opp at føretak under tilsyn etterlev lovkrav og krava til verksemdstyring. Det vart mellom anna sendt likelydande brev til revisorar for forsikringsformidlarar og til revisorar for betalingsføretak om dette.
I tilsynet med bankane vert det lagt meir vekt på vurderingar av forretningsmodell og strategi. I ein av bankane vart leiing og styre skifte ut etter tilsyn. I 2013 var det særleg merksemd på risikostyring for kredittrisiko og likviditetsrisiko, og i fleire bankar vart det peikt på svakheiter i risikostyringa på likviditetsområdet. Det vart òg lagt vekt på rammar for, og styring av, marknadsrisiko i små bankar. I forsikring vart det sett i gang arbeid med å gjennomføre samla risikovurdering ut frå Solvens II. På verdipapirområdet er det gjennomført ei kartlegging knytt til den auka aktiviteten i obligasjonsmarknaden.
Robust infrastruktur som sikrar tryggje betalingar, handel og oppgjer
Rapporten Risiko- og sårbarheitsanalyse 2013 om bruk av IKT i finansføretaka vart lagt fram i første halvår. Rapporten la vekt på sårbarheit som følgje av auka omfang av og kompleksitet i teknologiske løysingar i finanssektoren, og sårbarheit i infrastruktur for betalingssystem. I 2013 vart det òg lagt stor vekt på risiko og sårbarheit i betalingssystema, både som følgje av kriminalitet og teknologisk svikt.
Trygging av bruksretten som bankane har til løysingane for sams infrastruktur på betalingsområdet, vart følgt opp, og det vart lagt stor vekt på risikoen ved utkontraktering av sentrale og kritiske funksjonar i betalingssystema.
Det var tilsyn i fleire delar av infrastrukturen på verdipapirområdet, og fleire saker var knytte til regelverk og strukturendringar på området.
Tilstrekkeleg og påliteleg informasjon
Aktiviteten på prospektområdet har vore relativt høg i perioden, med 201 godkjende prospekt. Av desse var det 10 noteringsprospekt. Rekneskapskontrollen vart intensivert, og det vart gjennomført kontroll av 60 årsrekneskap og 10 delårsrekneskap. Dette er ein auke frå tidlegare år.
God marknadsåtferd
Gjennom stadlege tilsyn har Finanstilsynet kontrollert at det er etablert forsvarleg internkontroll, slik at regelverksbrot vert forhindra og moglege brot vert fanga opp. Internkontrollen skal også bidra til at gode etiske normer vert følgde. Etterleving av kvitvaskingsregelverket vart følgt opp i stadlege tilsyn, og i fleire bankar vart det avdekte brot på dette. Ulovleg forsikringsformidling og ulovlig forsikringsverksemd vart avdekte gjennom oppfølging av tips.
Systemet for fastsetjing av NIBOR vart undersøkt i 2013, og Finanstilsynet foreslo fleire tiltak for å gjere det meir robust.
Finanstilsynet arrangerte i 2013 eit seminar for offentleg forvaltning om informasjonshandtering for å sikre god marknadsåtferd. Det vert også gjennomført fleire undersøkingar av marknadsåtferd på ulike område.
Effektiv krisehandtering
Førebuinga til gjennomføring av kriseløysingsdirektivet held fram. Arbeidet med å vurdere institusjonane sine gjenopprettingsplanar vart så langt konsentrert om dei største bankane.
Arbeidet i Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) og rapportering om hendingar legg til rette for effektiv handtering av svikt i infrastrukturen. Det vart gjennomført øvingar for å prøve beredskapen mot svikt i infrastruktur.
Beredskapsplanane i infrastrukturføretaka på verdipapirområdet vart innhenta som eit ledd i Finanstilsynet sin gjennomgang og systematisering av eigne beredskapsplanar. Parallelt med dette vert det utreda behov for betre heimlar for styring av avvikling av verksemd i verdipapirføretak.
Budsjett 2015
Finansiell stabilitet og velfungerande marknader er hovudmål for Finanstilsynet, og skal vere særleg prioriterte i Finanstilsynets arbeid i 2015. Finanstilsynet må til kvar tid innafor gjeldande budsjettramme prioritere oppgåver som bidreg til å nå desse hovudmåla.
For å sikre den finansielle stabiliteten skal Finanstilsynet mellom anna peike på utviklingstrekk i økonomi, marknader og institusjonar som kan truge den finansielle stabiliteten, og rapportere jamleg om utviklinga til allmenta og Finansdepartementet. Stadlege og dokumentbaserte tilsyn med institusjonane som òg leiar til konkrete tilbakemeldingar til institusjonane, er viktige verkemiddel for å nå hovudføremåla. Finanstilsynet skal på eige initiativ setje i verk tiltak overfor enkeltinstitusjonar der det er naudsynt og i tråd med regelverket Finanstilsynet er sett til å forvalte. Det er her viktig med rask og effektiv handtering av eventuelle regelbrot.
Finansdepartement vil stille opp mål for dei einskilde oppgåvene tilsynet har, i tildelingsbrevet for 2015.
Den føreslåtte løyvinga skal brukast i samsvar med strategien og oppgåvene til tilsynet. Departementet føreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2015 til 338,7 mill. kroner. Reelt er budsjettramma litt lågare enn for 2014 idet det er rekna med ein viss produktivitetsvekst. Finanstilsynet må difor prioritere strengt innafor ramma for å følgje opp dei ulike tilsynsområda som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2015 føreslår departementet å løyve 328,5 mill. kroner under post 01. Reelt er dette om lag 1,5 mill. kroner lågare enn saldert budsjett for 2014. Finanstilsynet får stadig nye og endra oppgåver. Tilsynet må til kvar tid kunne løyse aktuelle oppgåver innafor løyvingsramma. Finanstilsynet må òg arbeide for å sikre rasjonell og effektiv drift.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for IT-systema i Finanstilsynet. For 2015 gjeld det m.a. vidare arbeid med å utvikle ei datavarehusløysing for bank- og forsikringsområdet. Denne skal leggje til rette for betre utdrag frå og analysar av innrapporterte data, utvikling av innrapporteringsløysingar for forsikring i samband med Solvens II og innrapporteringsløysingar for bank i samband med CRD IV. Det vil òg bli arbeidd med å tilretteleggje for EØS-krav på verdipapirområdet, vidareutvikle Altinn II og anna planlagt modernisering og effektivisere registerløysingane som støttar kjerneprosessane i Finanstilsynet sitt arbeid med konsesjon og tilsyn.
For 2015 gjer departementet framlegg om å løyve 10,2 mill. kroner, mot 12,3 mill. kroner i saldert budsjett. Korrigert for uttrekk av meirverdiavgift og prisjustering er nivået uendra. I samband med nokre av prosjekta som er nemnde over, kan det vere behov for å tinge for meir enn det som er løyvd. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 10 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Kap. 4602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
03 | Prospektkontrollgebyr | 8 193 | 10 000 | 10 000 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 133 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 365 | ||
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 2 027 | 500 | 500 |
Sum kap. 4602 | 13 718 | 10 500 | 10 500 |
Post 03 Prospektkontrollgebyr
Posten omfattar gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Dei kostnadene som Finanstilsynet har til prospektkontrollen, vert dekte ved at utskrivaren betaler eit gebyr til Finanstilsynet. Finanstilsynet skal sjå til at gebyr i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved prospektkontrollen. Eventuelle avvik mellom dei ilagde gebyra og kostnadene til Finanstilsynet vert fordelte året etter på dei noterte utskrivarføretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter. Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førte på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilskot frå tilsynseiningane.
Post 86 Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.
Posten omfattar inntekter frå vinningsavståing ved brot på verdipapirhandellova. Her vert det dessutan ført inntekter frå gebyr som er ilagde ved for sein innlevering av rekneskap eller brot på føresegnene om melde- og flaggeplikt i verdipapirhandellova. Dessutan kan ein her føre ein del andre regelbrotsgebyr som Finanstilsynet har lovfesta rett til å ileggje. Inntekter som vert førde på denne posten, kan ikkje disponerast av Finanstilsynet.
Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 312 004 | 329 800 | 335 900 |
Sum kap. 5580 | 312 004 | 329 800 | 335 900 |
Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt dekte av institusjonane som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Utlikninga vert gjort av Finanstilsynet, og ho vert godkjend av Finansdepartementet. Inndekkinga av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Det samla tilskotet frå tilsynseiningane i 2015 er budsjettert til 335,9 mill. kroner. Utrekninga og betalinga av tilskotet frå kvar tilsynseining skjer etterskotsvis. Grunnen er at det samla utlikningsbeløpet ikkje vil vere klart før på slutten av budsjettåret, og at oversynet over kva for einingar som skal utliknast, fyrst ligg føre når året er omme. Fram til no har ein utlikna løyvingsbeløpet frå året før, men frå 2015 skal det nyttast rekneskapstal. Dette gjev ei meir presis kostnadsovervelting, men over tid vil utlikna beløp verte om lag uendra.
Forslaget for 2015 er utrekna som sum saldert utgiftsbudsjett for 2014 minus budsjetterte prospektkontrollgebyr for 2014 pluss kompensasjon i 2014 for lønsoppgjeret dette året.
Kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 343 154 | 337 911 | 336 600 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 21 631 | 8 400 | |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 29 165 | 19 900 | 15 900 |
Sum kap. 1605 | 393 950 | 366 211 | 352 500 |
Føremål, hovudmål og organisering
Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er statens ekspertorgan for økonomi- og verksemdsstyring i staten. Med utgangspunkt i Reglement for økonomistyring i staten (økonomiregelverket) og Bestemmelser om økonomistyring i staten skal DFØ leggje til rette for god styring. DFØ skal syte for ei heilskapleg tilnærming på området.
Visjonen til direktoratet er effektiv ressursbruk i staten.
Hovudmåla for DFØ er å leggje til rette for føremålstenlege fellesløysingar og god styring i statlege verksemder. DFØ skal
forvalte økonomiregelverket i staten (så nær som føresegnene om departementa si styring av underliggjande verksemder, etatsstyring); vurdere og eventuelt føreslå endringar for Finansdepartementet slik at regelverket er oppdatert og relevant
forvalte og formidle kunnskap om korleis verksemdene skal etterleve økonomiregelverket i staten; syte for at statlege verksemder får eit godt tilbod om kompetansebygging og røynsleoverføring på fagområdet til direktoratet
forvalte konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning
levere fellestenester på økonomiområdet som gjev synergiar og stordriftsføremoner for staten; vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar mot behovet for spesialtilpassa løysingar for statlege einskildverksemder eller grupper av verksemder
gjennomføre analysar og utgreiingar som grunnlag for utvikling av statleg styring
Dette er måla for DFØ:
DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse.
DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige.
DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner.
I tildelingsbrevet for 2014 fekk DFØ fullmakt til å gjennomføre ei omorganisering slik at DFØ skal ha kontorstader i Oslo, Stavanger og Trondheim. Elektronisk fakturabehandling er allereie sentralisert til Hamar, og skal vidareførast på Hamar fram til DFØ ser det som føremålstenleg å samlokalisere funksjonen med rekneskapsavdelinga. DFØ hadde per 1. mars 2014 ei bemanning tilsvarande 356 årsverk.
Mål og resultat 2013
Hovudmål 1: DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse
DFØ tilbyr kompetansetiltak, metodeutvikling, rettleiing og rådgjeving i tillegg til analyse og informasjonsformidling innanfor sitt ansvarsområde. Det omfattar mellom anna fagområda
mål- og resultatstyring, resultatmålingar og resultatinformasjon
verksemdsstyring og risikostyring
tilskotsforvalting
evalueringar på styringsområdet
samfunnsøkonomiske analysar
statsrekneskap og verksemdsrekneskap
statleg betalingsformidling
DFØ har levert tenester på alle desse områda i 2013. Tenestene er tilgjengelege for alle statlege verksemder, og skal vera til hjelp i arbeidet med betre verksemds- og økonomistyring.
DFØs metodar og kompetansetiltak byggjer på prinsippa og standardane i økonomiregelverket.
DFØ kartla i 2013 behov for kompetanseheving innanfor fagområdet økonomistyring i statlege verksemder. Resultata frå kartlegginga har ført til endringar i tenestene DFØ tilbyr.
Rettleiing i internkontroll for statlege verksemder vart ferdigstilt i 2013. DFØs arbeid med internkontroll er utforma i tråd med resultata frå kompetansekartlegginga. Det er difor for fyrste gong utarbeidd rettleiingar tilpassa målgrupper: ei kort rettleiing for leiarar og ei rettleiing for dei som skal arbeide praktisk med internkontroll.
Hjelp til sjølvhjelp for verksemdene har også vore prioritert. Eit døme er arbeid og rådgjeving overfor fleire verksemder og departement i samband med lansering av samarbeidsforum for internkontroll. Samarbeidsforumet skal vidareutvikle arbeidet med internkontroll i staten.
DFØ har i 2013 også arbeidd med ei ny rettleiing i samfunnsøkonomiske analysar. Den har vore på ei omfattande ekstern høyring, og vart sluttført i fyrste halvår 2014.
Omfanget av kompetansetiltak har vore som tidlegare år, og omfattar mellom anna kurs, seminar og nettverksmøte.
DFØ har i 2013 arbeidd spesielt med informasjon og kompetansebygging overfor verksemder og departement om endringane i økonomiregelverket som tok til å gjelde 1. januar 2014. Dei sentrale områda her er dei nye krava til årsrapport og rekneskapsoppstillingar. Nye rettleiingar er publiserte på nett.
I 2013 har det vore ein omfattande debatt om praktiseringa av mål- og resultatstyring i staten. Røynslene har vist at staten sitt regelverk på dette området er robust og fleksibelt nok, men at praksis mange stader har hatt rom for forbetring og utvikling. DFØ har i 2013 gjennomført fleire kurs og rådgjevingsoppdrag om mål- og resultatstyring i tillegg til å vidareutvikle sin eigen kompetanse. DFØ ynskjer å gjere statlege verksemder betre i stand til å bruke økonomiske data i styringa, slik at dei får føresetnader for å vurdere resultata dei leverer opp mot ressursramma si.
Hovudmål 2: DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige
DFØs løns- og rekneskapstenester
DFØ tilbyr økonomitenester på friviljug basis til verksemder i statsforvaltninga. I 2013 leverte DFØ tenester innan løn og rekneskap med berre marginale avvik. Kundane er samla sett like nøgde som tidligare år, og rundt 79 pst. seier dei alt i alt er nøgde med DFØ som leverandør.
Omfanget av tenester har auka i 2013, og fleire verksemder har kome til som kundar. Den elektroniske fakturabehandlinga aukar framleis i omfang. DFØ si satsing på elektronisk fakturabehandling i statlege verksemder har gjeve administrative innsparingar og betre økonomistyring hos kundane. Utviklinga tyder på at påbodet om frå 1. juli 2012 å krevje elektronisk faktura i nye avtaler med staten verkar i aukande grad.
DFØ har utvikla ei e-handelsløysing som integrerer heile innkjøpsprosessen frå ordre til godkjend faktura. Løysinga samhandlar med e-handelsplattforma til Direktoratet for forvaltning og IKT og er ein integrert, men friviljug del av DFØs tenester på rekneskapsområdet. Ved utgangen av 2013 hadde ti verksemder teke løysinga i bruk. Utviklinga går saktare enn venta. Dette heng saman med at e-handel stiller krav til korleis verksemdene organiserer innkjøpa sine. Samstundes har den teknologiske utviklinga på området tatt lengre tid enn venta.
Det er sett i gang fleire prosjekt som lèt DFØ tilby kundane oppgraderte og moderne løysingar. Eit døme på dette er ei løysing der DFØ går over til ein ny plattform for tilgangsstyring og identitetshandtering. Dette omfattar ei omlegging av administrasjonen av brukarar, tilrettelegging for eingongspålogging og integrering av tenester i verksemda sine eigne løysingar. Det er venta at meir effektiv identitetshandtering vil redusere ressursbruken både hos DFØ og hos kundane. Samstundes vil prosjektet gje ei betre oppleving for brukarane og auka tryggleik og kontroll.
Ved utgangen av 2013 er det utvikla og teke i bruk e-skjema hos alle kundar av DFØ. E-skjema erstattar papirblankettar. Dei gjev meir effektive prosessar i lønssystemet av di ein slepp dobbeltregistreringar. Prosesstida for lønsdata vert òg redusert. Samstundes minkar feilkjeldene i registreringsprosessane.
Eit anna døme er utvikling av ei brukarvenleg elektronisk løysing for oppfølging av sjukefråvær. Ei slik sams løysing gjev lågare investerings- og driftskostnader for DFØ sine kundar. Dette er ein del av DFØs arbeid med å tilby gode fellesløysingar, og medverke til å nå Regjeringa sitt mål om auka digitalisering i offentleg sektor.
Statsrekneskapen, konserntenestene og regelverksforvaltinga
DFØ har ansvaret for å forvalte økonomiregelverket, med unntak av fagansvaret for etatsstyring, som vert forvalta av Finansdepartementet.
I 2013 kom det tolv søknader om unntak frå det statlege økonomiregelverket. Dei fleste var søknader om unntak frå konsernkontoordninga eller andre føresegner om betalingsformidling og søknader om tidsavgrensa unntak frå føring etter standard kontoplan. Alle søknadene vart godkjende. Ved utgangen av 2013 var det 66 gyldige unntak frå regelverket. Av dei er sju varige. Dei fleste unntaka er for valutakonti i verksemder som er koordinator for EU-prosjekter.
DFØ har ansvaret for forvalting og drift av statsrekneskapen. I 2012 var 99,5 pst. av rapportane frå verksemdene til statsrekneskapen fullstendige og kom inn før fristen. Det er på same nivået som i 2012.
DFØ forvaltar rammeavtalar med bankar om betalingstenester i staten. Kvar statlege verksemd får tilgang til tenestene ved å tinge dei frå ein av leverandørane som DFØ har inngått rammeavtale med. Statlege verksemder må bruke avtalane. Gjeldande avtale går ut den 31. desember 2014. Ny rammeavtale med Alliansesamarbeidet Sparebank 1 DA, DNB Bank ASA og Nordea Bank Norge ASA er underskriven i 2014. Det er inngått ein tilleggsavtale med DNB Bank ASA for utbetalingar knytte til statslån.
I 2010 vedtok Finansdepartementet å innføre ein sams standard kontoplan for statlege verksemder. Kontoplanen vart innført som ei friviljug ordning frå 1. januar 2011 og vart obligatorisk frå 1.januar 2014.
DFØ har i 2013 vidareført rekneskapsprogrammet i staten. Gjennom dette programmet er det utvikla eit tenestetilbod som er tilpassa den nye kontoplanen. DFØ har òg gjeve rettleiing til verksemdene om føring av rekneskapen, anten dei bruker kontantprinsippet eller periodiseringsprinsippet. I perioden 2010 til 2014 har DFØ tilbode puljevis, friviljug innføringshjelp til statlege verksemder som har teke i bruk ny kontoplan og/eller nytt rekneskapsprinsipp. Rekneskapsprogrammet er i sluttfasen, og det vert ikkje løyvd pengar til programmet på 21-posten frå og med 2015.
Statsrekneskapsløysinga er lagd til rette slik at dei delane av statsrekneskapen der standard kontoplan inngår, kan gjerast tilgjengelig for brukarane. DFØ har innarbeidd standard kontoplan som ei spesifisering til kapittel og post i rapporteringa til departementa.
Direktoratet har i 2012 og 2013 hatt omfattande oppgåver i samband med revidering av Bestemmelser om økonomistyring i staten. Dei nye føresegnene gjeld frå 1. januar 2014.
Hovudmål 3: DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner
DFØ skal oppnå stordriftsføremoner for staten ved å tilby standardiserte tenester innanfor budsjett og rekneskap og løns- og personaladministrasjon. Over 74 000 tilsette og fleire enn 78 000 honorarlønte i statlege verksemder vart lønte med DFØs lønstenester i 2013, og det vart utarbeidd nærare 170 000 løns- og trekkoppgåver.
Voluma til DFØ heldt fram med å auke i 2013, både fordi sysselsetjinga i staten aukar, men òg fordi stadig fleire verksemder vel å bruke tenestene til DFØ. Mange av kundane er små og mellomstore verksemder. Ved utgangen av 2013 leverte DFØ lønstenester til 168 statlege verksemder og rekneskapstenester til 133 statlege verksemder. DFØ er blant dei største aktørane i landet innanfor løns- og rekneskapstenester, også når ein reknar med privat sektor. Talet på løns- og/eller rekneskapskundar hos DFØ aukar jamt og omfattar no om lag fire av fem statlege verksemder.
DFØs visjon er «effektiv ressursbruk i staten». Direktoratet hjelper verksemdene med å styrkje kompetansen på god styring og leverer fellestenester i store volum, noko som er meir effektivt enn om dei statlege verksemdene skulle utføre oppgåvene kvar for seg. Tenesteproduksjonen til DFØ kjem godt ut når vi samanliknar effektivitet i tenesteproduksjonen med tilsvarande verksemder i Noreg og i andre land. Med ei friviljug løysing har ein såleis fått til viktige stordriftsvinstar i staten.
Med store volum på løns- og rekneskapstenestene kan DFØ samle eit større fagmiljø på dette området enn det ein kan i dei fleste andre statlege verksemder. Store fagmiljø kan gje betre høve til faglege diskusjonar, raskare avklaring av problemstillingar og meir og betre utvikling av tenestene. Dei store voluma gjer òg at DFØ kan gjere investeringar i løns- og rekneskapssystem som ei statleg verksemd åleine ikkje kan forsvare.
I arbeidet med å formidle og overføre kompetanse innanfor statleg økonomistyring, legg direktoratet vekt på å utvikle og tilby tenester som kan nå mange. Det kjem mellom anna til uttrykk i DFØs kurs og rettleiingar. Desse utgjer grunnstammen i kompetansetilbodet frå direktoratet.
Utfordringar
Omstilling til ny organisasjonsstruktur
Løns- og rekneskapsarbeid har med tida endra seg frå manuelle prosessar til digitale tenester som i stor grad er automatiserte. Denne utviklinga held fram og fører til andre arbeidsformer og oppgåver enn før. Det vert stilte store forventningar til tenestene. Ein stadig betre og meir effektiv måte å levere tenester på er blant DFØs viktigaste bidrag til å løyse verksemda sitt samfunnsoppdrag. DFØ starta difor i 2012 å greie ut og vurderte ein ny organisasjonsstruktur som møter krav i framtida til ein kostnadseffektiv leverandør av fellestenester. Med si rolle, sin visjon og sine ansvarsområde må direktoratet gå føre i slike prosessar. Nye rammevilkår for organisering av direktoratet vart omtalt i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014). I tildelingsbrevet frå Finansdepartementet for 2014 fekk DFØ fullmakt til å omorganisere verksemda.
Direktoratet står no midt i ei omstilling der talet på kontorstader skal reduserast frå åtte til tre, samstundes som tenesteleveransane skal haldast oppe i omstillingsperioden. 2014 har vore prega av førebuing av avviklinga av kontorstader og oppbygging av dei som skal bestå og vidareutviklast. DFØ har ansvar for å levere stabile og gode tenester. Omstillingsarbeidet inneber risiko for leveringa av tenestene. Arbeidet med vidareutvikling av tenestene vil i omstillingsperioden heller ikkje kunne prioriterast like høgt. Dessutan må direktoratet vere budd på å ta opp fleire kundar og gje omstillingsstøtte til eksisterande kundar som følgje av eventuell anna omstilling i staten. DFØ må difor arbeide for å minimere og handtere risiko knytt til desse tilhøva.
Etter omstillinga til ny kontorstruktur vil DFØ kunne levere dei same tenestene til ein lågare kostnad og med auka driftstryggleik. Over tid reknar ein med at ei betre organisert verksemd vil gje betre tenester til kundane.
Rekneskap i staten
DFØ forvaltar og gjev råd om forbetring av økonomiregelverket i staten og staten sine konsernsystem. Direktoratet forvaltar og vidareutviklar òg rekneskapsfunksjonen i staten. Verksemda har gjennom fleire år hatt ei sentral rolle i utviklingsarbeidet med rekneskap i staten. Mellom anna vil den nye obligatoriske standard kontoplanen gje meir informasjon om utgifter og inntekter i verksemdene.
Alle statlege verksemder kan òg, i samråd med overordna departement, velje å føre rekneskapen etter dei fastsette standardane for føring av periodisert verksemdsrekneskap i staten. Desse standardane har vore friviljuge, men tilrådde fram til no. I samband med at standardene vert reviderte i 2014–2015 vil dei òg verte fastsette som obligatoriske for statlege, periodiserte verksemdsrekneskapar frå 1. januar 2016, dersom høyringa ikkje gjer grunn til noko anna. Alle verksemder i staten, også dei som fører periodiserte verksemdsrekneskapar, skal rapportere til statsrekneskapen etter kontantprinsippet.
Føremålet med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) er å leggje til rette for eit meir omfattande og standardisert informasjonsgrunnlag for styring i statlege verksemder. Det er no fastsett ein ny sams og overordna mal for årsrapportar frå statlege verksemder, og det er sett krav om publisering på verksemda si nettside. Årsrapportar og -rekneskapar skal gje oversyn over korleis verksemdene har nytta budsjettet sitt og kva resultat dei har nådd i året som er gått. Dei er eit viktig grunnlag for departementa si styring av verksemdene. Desse dokumenta kan òg vere gode informasjonskjelder for publikum.
Den samla rekneskapen for staten vert kvart år lagd fram i Meld. St. 3 Statsrekneskapen. DFØ har ei sentral rolle i utviklingsarbeidet med aggregering og publisering frå statsrekneskapen. Innan nokre få år vil dette mellom anna gje betre grunnlag for å samanlikne rekneskapsinformasjon mellom statlege verksemder og over tid, og eit betre grunnlag for å analysere og samanstille tal for staten sett under eitt. I tillegg vil ein få tilgang til brukarvenlege rapportar som kan gje betre grunnlag for avgjerder i staten og meir innsyn i statsrekneskapen. Dette utviklingsarbeidet er omfattande og vil krevje mykje ressursar i 2015.
Samfunnsøkonomiske analysar
Avgjerder om ressursbruk bør byggje på gode analysar. DFØ har ansvar for kompetansetiltak, metodeutvikling, rettleiing og rådgjeving om samfunnsøkonomisk analyse i staten. Som ei oppfølging av tilrådingane i NOU 2012: 16 Samfunnsøkonomiske analyser fastsette Finansdepartementet i 2014 eit nytt rundskriv med prinsipp og krav som skal følgjast i samfunnsøkonomiske analysar som skal inngå i staten sine avgjerder. DFØ utforma same år ei ny rettleiing i samfunnsøkonomisk analyse. Til saman gjev dette eit nytt rammeverk for samfunnsøkonomiske analysar i Noreg. DFØ er statens ekspertorgan for samfunnsøkonomisk analyse, og må også i 2015 bruke ressursar på å heve kvaliteten og auke bruken av samfunnsøkonomiske analysar som grunnlag for fleire vegval og vedtak i staten.
Digitalisering og samarbeid i staten
DFØ har som mål å realisere stordriftsvinstar for staten ved å tilby standardiserte systemløysingar innanfor løn, rekneskap og statsrekneskap. Desse tenestene eignar seg godt for ytterlegare digitalisering. Sams format og gode teknologiske løysingar legg til rette for å dele informasjon mellom verksemder, og gjev eit godt og naudsynt grunnlag for effektiv utnytting av data på tvers i staten.
DFØ sine tenester vert brukte av dei fleste statlege verksemdene, og direktoratet må difor leggje til rette for integrasjonsløysingar og god datakvalitet. Dette er eit omfattande og langsiktig arbeid. DFØ bidrar med dette til Regjeringa sitt mål om å leggje til rette for utvikling av digitale tenester og produkt basert på offentlege data.
Tryggleik, styring og internkontroll
DFØ forvaltar informasjon om ei stor mengd brukarar. Verksemda yter òg kritiske fellestenester til dei fleste verksemdene i staten. Finansdepartementet legg stor vekt på informasjonstryggleiken i dei underliggjande etatane.
I 2013 peikte Riksrevisjonen på forbetringsområder i informasjonstryggleiken hos DFØ. Saman med DFØs eigne undersøkingar og arbeid med internkontroll danna dette grunnlag for at DFØ utarbeidde ein handlingsplan for IT-tryggleik i 2013. Tiltaka vart gjennomførte etter planen i 2013/14. Alle påpeikingane frå Riksrevisjonen er no følgde opp.
IT-tryggleik er eit område for kontinuerleg overvaking og forbetring, og DFØ vil arbeide vidare i 2015 med å utvikle IT-tryggleiken.
Mål og budsjett 2015
Sjå òg omtale av DFØs hovudmål ovanfor.
Den underliggjande målstrukturen og dei kvalitative og kvantitative resultatmåla er fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og DFØ. Det vert ikkje lagt opp til store endringar i styringsparameterane i 2015, sjølv om etaten er midt i ei omstilling. Dei tilsikta resultata i 2015 skal jamt over vera like gode som resultata i 2013, jf. rapportomtalen ovanfor.
Omstillingsarbeidet i DFØ inneber ein risiko for tenesteproduksjonen, og DFØ vil setje i verk risikoreduserande tiltak for at desse måla skal verte nådd i det komande budsjettåret òg. Likevel inneber omstillinga ein viss auke i risikoen.
Løyvinga skal brukast i samsvar med dei føremåla og hovudoppgåvene som er omtalte ovanfor. Departementet gjer framlegg om å setja budsjettramma til DFØ for 2015 til 352,5 mill. kroner.
DFØ skal gjennomføre endringa i kontorstrukturen innanfor denne budsjettramma.
DFØ har lagt til grunn eit omstillingsbudsjett på 31,5 mill. kroner for perioden 2014–2016. Omstillingskostnadene er venta å kome på høvesvis 12 og 16 mill. kroner dei to fyrste åra og 3,5 mill. kroner i 2016. Omstillingskostnadene er i hovudsak knytt til auka husleigeutgifter og lønsutgifter i overgangsperioden frå gammal til ny kontorstruktur. Dette overslaget tek ikkje med interne ressursar til planlegging og gjennomføring av omstillinga. Interne ressursar vil verte priorterte til opplæring av nye medarbeidarar og omskolering av eksisterande medarbeidarar. Dette betyr lågare kapasitet enn normalt til ny utvikling av DFØ sine tenester på løns- og rekneskapsområdet. Budsjettframlegget inneber difor at driftsløyvinga på post 01 er auka, medan løyvinga til utvikling på post 45 er lågare enn tidlegare.
Årleg gevinst etter omstillinga (frå 2017) er rekna til om lag 20 mill. kroner. Dette er ei varig innsparing for staten. Delar av denne gevinsten kan realiserast allereie frå 2016. Den største gevinsten av omstillinga gjeld reduserte lønsutgifter. Dette kjem av at ein no kan realisere stordriftsføremoner og at omstillinga gjev høve til å effektivisere arbeidsprosessar. I tillegg er gevinsten knytt til reduserte administrative utgifter og til reduserte reiseutgifter.
Det er uvisst kor mange tilsette i DFØ som vil søkje om og få venteløn som følgje av at arbeidsplassen vert flytta i omstillinga. Slike søknader vert behandla og innvilga av Nav, men det er DFØ som må dekkje utgiftene. Den årlege innsparinga som ein reknar med etter omstillinga vil verte redusert tilsvarande utgiftene til venteløn.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og drift og innkjøp av IKT-utstyr m.m. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ein ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av rekneskapsområdet i statlege verksemder. Det vert gjort framlegg om å løyva 336,6 mill. kroner under post 01.
DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder. Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for systema og infrastrukturen til DFØ på IKT-området, medrekna naudsynte oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar og forprosjekt m.m. Posten omfattar dessutan utgifter til ei e-handelsløysing for DFØ sine kundar. Det vert gjort framlegg om å løyve 15,9 mill. kroner under post 45.
Kap. 4605 Direktoratet for økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Økonomitenester | 52 090 | 45 900 | 49 000 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 20 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 2 800 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 5 611 | ||
Sum kap. 4605 | 60 521 | 45 900 | 49 000 |
Post 01 Økonomitenester
Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet.
Kap. 1608 Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 15 971 | 17 000 | 17 400 |
Sum kap. 1608 | 15 971 | 17 000 | 17 400 |
Løyvinga under kap. 1608 går til ulike sams tiltak for å styrkje økonomistyringa i staten og til særlege utviklingstiltak innanfor styring av store statlege investeringsprosjekt.
Økonomistyring
Finansdepartementet sitt arbeid med statleg økonomistyring omfattar mellom anna å fastsetje og forvalte reglement for økonomistyringa i staten og andre sams prinsipp og normer for god økonomistyring, og ulike tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i statlege verksemder. Føremålet med tiltaka er å betre rekneskapsføringa og økonomistyringa i verksemdene og leggje til rette for best mogleg utnytting av ressursane.
I 2013 vart løyvinga og det overførte beløpet frå 2012 mellom anna brukt på DFØ sitt arbeid med aggregering av rekneskapsinformasjon i staten og tilrettelegging av tenestetilbodet til verksemdene, jf. omtale i Gul bok 2013.
Om lag halvparten den føreslegne løyvinga vil gå til å styrkje den statlege økonomistyringa. Merksemda vil i 2015 særleg vera retta mot hjelp til arbeidet i verksemdene med å ta i bruk ny standard kontoplan og rapportere rekneskapsinformasjon etter ny sams standard som gjeld frå og med årsrekneskapen 2014.
I 2015 vil Finansdepartementet arbeide vidare saman med DFØ for å kvalitetssikre tala og presentere samla tal for staten basert på ny artskontoplan.
Ein må òg gjere rekneskapen tilgjengeleg for brukarane på ein høveleg måte. Dette vil gje ålmenta eit betre grunnlag for å gjere seg opp ei meining om kva staten bruker pengar på, og kva ein får igjen for pengebruken.
Sjå òg omtalen av statleg økonomistyring i Gul bok 2015, kap. 7.
Prosjektstyring
I 2000 vart det innført ei ordning med kvalitetssikring av kostnadsoverslaget og styringsunderlaget for alle statlege investeringsprosjekt (så nær som SDØE) med ein kostnad som er rekna til over 500 mill. kroner. Frå 1. januar 2003 vart det i tillegg gjort unntak for helseføretaka. Terskelverd er frå 2011 auka til 750 mill. kroner. Dette er likevel ikkje til hinder for at kvalitetssikringa kan gjennomførast for prosjekt med lågare kostnadsoverslag. Kvalitetssikringa vert utført i to steg:
kvalitetssikring av konseptvalet når forstudien er fullført (KS 1)
kvalitetssikring av kostnadsoverslag og styringsunderlag når forprosjektet er fullført, eller i detaljprosjekteringsfasen for einskilde prosjekt (KS 2)
Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter tevling har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. Det vart inngått ny rammeavtale 4. mars 2011 med fem ulike føretakskonstellasjonar. Rammeavtala gjeld fram til 31. desember 2014. Det kan gjerast unntak frå KS 1 for prosjekt som ikkje har viktige konseptuelle sider, og unntak frå KS 2 for prosjekt der risikoen for ikkje å lukkast med prosjektet er rekna som liten. Som følgje av forvaltingsreforma er fylkesvegnettet utvida ein heil del. Prosjekt på fylkesvegnettet som ligg over terskelverdet, og som heilt eller delvis skal finansierast med bompengar, skal kvalitetssikrast.
Under den gjeldande rammeavtalen frå 4. mars 2011 er det sett i gang om lag 100 oppdrag, og det er levert sluttrapport for om lag 80 av dei.
Finansdepartementet tek sikte på å inngå ei ny rammeavtale om ekstern kvalitetssikring av store statlege prosjekt som vil gjelde frå 2015.
Investeringsprosjekta og kvalitetssikringsarbeidet har sidan 2002 vore følgt opp av eit eige tverrfagleg forskingsprogram: Concept-programmet. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale. I brev om gjennomføring stiller departementet til rådvelde løyvingar til Concept-programmet over kap. 1608.
Concept-programmet arbeider med følgjeforsking på store offentlege investeringar. Det tyder å trekkje ut røynsler frå tilrettelegginga og kvalitetssikringa av prosjekta og forske på problemstillingar som er relevante for å betre dette arbeidet. Målet er større samfunnsøkonomisk nytte av investeringane. Dette arbeidet skal vidareførast i 2015.
Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, vert røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar, samla for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjersler og stå for kvalitetssikring. I 2013 var etterhandsevalueringar ein av hovudaktivitetane for programmet. Dei fyrste resultata frå arbeidet med etterhandsevalueringar er samla i Concept-rapport nr. 30, Etterevaluering av statlige investeringsprosjekter. Konklusjoner, erfaringer og råd basert på pilotevalueringen av fire prosjekt (Volden og Samset, 2013). I tida som kjem skal det leggjast meir vekt på å gjennomføre etterhandsevalueringar sett både i eit KS 1- og eit KS 2-perspektiv. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut, slik at ein kan evaluere effektane etter kvart som prosjekta vert ferdigstilte og har vore i drift ei stund.
Evaluering av KS 1 gjeld verknadene av prosjekta. Her skal ein sjå i kva mon samfunns- og effektmåla vart nådde, og om den samfunnsøkonomiske nytta er verkeleggjort etter føresetnadene. For å få meiningsfulle evalueringar med overføringsverd til andre prosjekt, skal det gjerast effektevalueringar nokre år etter at prosjekta er sette i drift. Det skal takast omsyn til seinare drifts-, vedlikehalds- og oppgraderingskostnader, endringar i nyttebiletet og kor levedyktig investeringa er sett under eitt.
I eit KS 2-perspektiv skal ein sjå om resultatmåla vart nådde, dvs. om innhaldet i prosjektet vart som føresett, og om leveransen skjedde innanfor budsjett- og tidsrammene.
Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege og kan lastast ned frå nettsidene til programmet.
Gjennomføring av systematiske prosjektevalueringar er i pilotfasen. Evalueringane kjem til å krevje auka innsats i åra som kjem. Samstundes skal følgjeforsking, arbeid med kompetansebygging, undervisning og rettleiing av studentar, røynsleutveksling nasjonalt og internasjonalt og forskingsformidling vidareførast på same nivå som før.
For 2015 er det lagt opp til at om lag halve den føreslegne løyvinga under kap. 1608, post 21 går til Concept-programmet.
Programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon
Utgifter under programkategori 23.20, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
1610 | Toll- og avgiftsetaten | 1 618 790 | 1 572 400 | 1 584 900 | 0,8 |
1618 | Skatteetaten | 5 093 283 | 5 114 800 | 5 466 600 | 6,9 |
Sum kategori 23.20 | 6 712 073 | 6 687 200 | 7 051 500 | 5,4 |
Statens innkrevjingssentral er ikkje med i kap. 1618-tala for rekneskap 2013 og saldert budsjett 2014.
Organisering og ansvarsområde
Finansdepartementet har ansvaret for å forvalte skatte- og avgiftssystema. Det omfattar arbeidet med skatte- og avgiftslovgjevinga og styringa av den statlege delen av skatte-, avgifts- og tolladministrasjonen (Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten). Finansdepartementet har òg ansvar for å styre Statens innkrevjingssentral (SI), men 1. januar 2015 vil SI verte innlemma i Skatteetaten, sjå nærare omtale i del I kap. 2.2. Skatteoppkrevjarane høyrer administrativt til kommunane, men dei er underlagde fagleg instruksjon frå Finansdepartementet og Skatteetaten når det gjeld kontrollfunksjonar overfor arbeidsgjevarane og innkrevjing av skatt og folketrygdavgifter. Staten har ansvaret for kontroll og revisjon av skatteoppkrevjarfunksjonen ved høvesvis Skatteetaten og Riksrevisjonen. Regjeringa tek sikte på å flytte skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten, jf. omtale i del I kap. 2.
Finansdepartementet og skatte- og avgiftsadministrasjonen elles skal mellom anna arbeide for at regelverket for skattar, avgifter og toll vert følgt. Etatane har som hovudoppgåver å fastsetje, krevje inn og kontrollere. Ved sida av regelverksutvikling, informasjon og rettleiing er verdikjeda i skatte- og avgiftsadministrasjonen slik det er vist i figur 5.1.
Målet for etatane er å leggje til rette for inntekter til fellesskapet gjennom rett fastsetjing og rettidig innbetaling av skattar, avgifter og toll. I tillegg skal Toll- og avgiftsetaten motverka ulovleg inn- og utførsel av varer. Skatteetaten skal dessutan arbeide for eit korrekt og oppdatert folkeregister. Ein nærare omtale av hovudmåla og resultata til etatane m.m. finst under kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten og kap. 1618 Skatteetaten.
For åra 2011–2013 fordelte skatte- og avgiftsinntektene seg slik det er vist i tabell 5.2.
Tabell 5.2 Innbetaling av skattar, avgifter og toll
Rekneskapstal (mill. kroner) | |||
---|---|---|---|
20111 | 20122 | 20133 | |
Skatt på inntekt og formue | 229 404 | 235 232 | 245 608 |
Arbeidsgjevaravgift | 138 542 | 147 537 | 148 589 |
Trygdeavgift | 102 436 | 104 279 | 120 841 |
Skatt og avgift på utvinning av petroleum | 209 678 | 232 707 | 206 436 |
Meirverdiavgift | 208 747 | 220 713 | 233 874 |
Andre avgifter | 95 673 | 96 584 | 97 024 |
Tollinntekter, medrekna sal av tollkvotar | 2 747 | 3 070 | 3 111 |
Sum skatte-, avgifts- og tollinntekter over statsbudsjettet | 987 227 | 1 040 122 | 1 055 483 |
Kommune- og fylkeskommuneskatt på inntekt og formue4 | 135 519 | 145 178 | 153 398 |
Samla skatte-, avgifts- og tollinntekter | 1 122 746 | 1 185 300 | 1 208 881 |
1 Jf. Meld. St. 3 (2011–2012)
2 Jf. Meld. St. 3 (2012–2013)
3 Jf. Meld. St. 3 (2013–2014)
4 Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Innbetalingsprosenten har dei siste åra vore jamn og høg for dei viktigaste skattane og avgiftene. Dette vert omtalt nærare under kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten og kap. 1618 Skatteetaten.
Kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 1 550 017 | 1 507 500 | 1 543 900 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 68 773 | 64 900 | 41 000 |
Sum kap. 1610 | 1 618 790 | 1 572 400 | 1 584 900 |
Føremål, hovudoppgåver og organisering
Toll- og avgiftsetaten har som mål å motverke ulovleg inn- og utførsel av varer, å leggje til rette for rett fastsetjing og rettidig innbetaling av toll og avgifter og å yte god service. Hovudoppgåvene er å
leggje til rette for effektiv inn- og utførsel av varer
kontrollere gods, reisande og transportmiddel på grensa
forvalte deklarerings-, fastsetjings- og innkrevjingssystema som syter for toll- og avgiftsinntekter til staten
kontrollere grunnlaget for avgifter og toll for å avdekkje unndraging
forvalte regelverket, mellom anna ved å informere og rettleie brukarane
Overføring av oppgåver frå Toll- og avgiftsetaten til Skatteetaten og styrkinga av grensekontrollen i etaten, er nærare omtalt del I kap. 2. Siktemålet er at overføringa av oppgåver skal gjennomførast seinast innan 1. januar 2016.
Etaten består av eit sentralt direktorat og seks underliggjande tollregionar. Regiontollstaden er det administrative senteret i kvar tollregion. Regiontollstadene er i Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. Toll- og avgiftsetaten er òg lokalisert 30 andre stader i landet. I tillegg utfører svenske og finske tollstader på grensa oppgåver for norske tollstyresmakter. Per 1. mars 2014 hadde etaten ei bemanning på 1 861 årsverk.
Mål og resultat 2013
Driftsresultata til Toll- og avgiftsetaten vert vurderte ut frå fire fastsette hovudmål for verksemda, jf. nedanfor. Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vere for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vere medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.
Hovudmål 1: Motverke ulovleg inn- og utførsel av varer
Etaten byggjer i stor grad grensekontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og profittmotivert smugling. Beslaga varierer frå år til år, og einskildbeslag kan gjere store utslag på årsresultatet.
Tabell 5.3 Toll- og avgiftsetaten – statistikk frå grensekontrollen
År | 2011 | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|
Kontrollerte objekt | 215 837 | 216 947 | 212 385 |
Tal på treff | 25 229 | 26 187 | 26 461 |
Treffprosent | 11,7 | 12,1 | 12,5 |
Treffprosent i kontroll av reisande | 13,1 | 13,4 | 13,4 |
Treffprosent i godskontrollen | 5,8 | 6,7 | 8,0 |
Tal på beslag (eitt treff kan omfatta fleire beslag) | 35 519 | 35 879 | 35 729 |
Tal på lovbrot melde til politiet | 6 568 | 6 889 | 8 007 |
Tal på alvorlege lovbrot melde til politiet | 762 | 750 | 785 |
Tal på skanna objekt | 8 891 | 9 445 | 8 743 |
Tal på treff på skanna objekt | 669 | 667 | 696 |
Kontrollverksemda til Toll- og avgiftsetaten har halde seg på om lag same nivå dei siste åra, samtidig som kontrollane er vorte meir målretta. Talet på kontrollerte objekt i 2013 var om lag 212 000, med ein treffprosent på 12,5. Treffprosenten er høgast i kontrollen av reisande og i kontrollen av transportmiddel. Fleire av beslaga i godskontrollen er store.
I 2013 vart om lag 8 000 saker melde til politiet, og 785 av desse var alvorlege lovbrot. Beslaga gjeld profittmotivert smugling, og aktørane er ofte profesjonelle i organiserte nettverk. Det vart òg skrive ut 17 700 forenkla førelegg i 2013. Det er ein nedgang på om lag 6,3 pst. frå 2012.
Frå 2012 til 2013 var det ein markant auke på 32,5 pst. i talet på beslag av narkotika. Det er mellom anna beslag av syntetisk narkotika tinga over Internett, som vert sendt i post- og kurersendingar som har auka dei siste åra. Slik smugling er vanskeleg og ressurskrevjande å avdekkje.
Beslag av øl og vin i 2013 ligg på om lag same nivå som i 2012. Mykje av varene vart beslaglagde ved grensa til Sverige og var meint for vidaresal.
Tabell 5.4 Toll- og avgiftsetaten – grensekontroll – beslagsstatistikk
År | 2011 | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|
Tal på narkotikabeslag | 2 511 | 2 959 | 3 905 |
Cannabis (i kg) | 1 636,31 | 1 253,0 | 866,3 |
Heroin (i kg) | 11,3 | 35,8 | 35,2 |
Amfetamin (i kg) | 54,2 | 110,3 | 235,0 |
Kokain (i kg) | 47,4 | 20,7 | 147,8 |
Ecstasy (i stk. tabl.) | 180 | 4 031 | 10 727 |
Dopingmiddel (einingar) | 130 034 | 205 842 | 104 465 |
Brennevin2 (i liter) | 41 973 | 50 027 | 49 756 |
Sprit3(i liter) | 437 | 5 869 | 205 |
Vin (i liter) | 71 729 | 49 435 | 49 519 |
Øl (i liter) | 414 844 | 401 288 | 395 589 |
Sigarettar (stk.) | 9 061 907 | 10 149 568 | 8 902 887 |
Skytevåpen (stk.) | 22 | 4 | 19 |
Valuta NOK4 | 16 810 000 | 8 804 142 | 7 375 121 |
1 Ved ein feil stod det 1 480,1 i Prop. 1 S (2012–2013)
2 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.
3 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol
4 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve
Etaten disponerte i 2013 fire skannarar. Av dei er tre mobile, medan ein er fast plassert på Svinesund. I 2013 tinga etaten ein ny mobil skannar med levering i 2014. Den skal erstatte den gamle mobile skannaren til Tollregion Aust-Noreg.
Med skannarane kan ein undersøkje om det er andre varer i lasta enn det som er opplyst. Dei er difor eit effektivt verktøy for å velje ut kontrollobjekt. Næringslivet har òg stor nytte av desse skannarane, sidan kontrollane kan gjennomførast raskare og smidigare.
I 2013 vart det skanna 8 743 objekt, og det vart beslaglagt både narkotika, sprit, vin, øl og sigarettar. Treffprosenten gjekk opp frå 15,5 i 2012 til 15,7 i 2013.
I 2013 avdekte etaten brot på deklarasjonsplikta for betalingsmiddel tilsvarande ein verdi på 50,5 mill. kroner, fordelt på om lag 976 høve. Tala for 2012 var 46 mill. kroner og om lag 800 høve. I 2013 vart det skrive ut gebyr for manglande deklarering av betalingsmiddel i 903 saker, og det vart kravd inn slike gebyr for 8,6 mill. kroner. Dei alvorlegaste sakene, der Toll- og avgiftsetaten har mistanke om at betalingsmidla er knytte til straffbare tilhøve, vart melde til politiet. I 2013 vart 73 saker melde til politiet og om lag 7,4 mill. kroner beslaglagde etter mistanke om straffbare tilhøve.
Hovudmål 2: Rett fastsetjing av avgifter og toll
Skal Noreg halde lovnadene som er gjevne i internasjonale avtalar, er etaten nøydd til å behandle og kontrollere den grensekryssande varestraumen med tilhøyrande vareinformasjon og inn- og utførselsdeklarasjonar. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem av innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukt i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer behandlings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.
I 2013 tok Toll- og avgiftsetaten imot om lag 6,8 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 6,4 mill. i 2012. I 2011 var talet 6,3 mill. deklarasjonar, jf. tabell 5.7. Alle deklarasjonane vert behandla elektronisk i TVINN (TollVesenets INformasjonssystem med Næringslivet). 169 000 deklarasjonar vart tekne ut til dokumentkontroll i 2013, mot 177 100 i 2012 og 175 000 i 2011, jf. tabell 1.4.
Fysisk kontroll av dei deklarerte varene vart utført i 9 900 høve, mot 10 500 i 2012 og 9 800 i 2011. Ved kontrollane vart informasjonen i deklarasjonane halden opp mot underliggjande dokumentasjon eller den fysiske vara. Kontrollane i 2013 medførte at deklarasjonane vart korrigerte med 389 mill. kroner til føremon for statskassa, mot 327 mill. kroner i 2012. Auken i korrigert beløp i deklarasjonskontrollen til føremon for staten har truleg si årsak i meir treffsikre kontrollmaskar i TVINN, godt etterretnings- og analysearbeid og målretta kontrollar mot toll- og særavgiftspliktige varer. Deklarasjonskontrollen kan òg føre til grundigare etterkontrollar i det økonomiske kontrollarbeidet.
Etaten gjennomførte i 2013 1 270 kontrollar i toll- og avgiftsrekneskapane til verksemder og kontrollar retta mot ulovleg disponering av motorkøyretøy og innførsel av kapitalvarer. Dette førte til at det vart etterrekna 443 mill. kroner i toll, særavgifter og meirverdiavgift, mot 745 mill. kroner i 2012 og 467 mill. kroner i 2011.
Frå 2011 til 2013 auka talet på særavgiftsoppgåver med om lag 16 pst. I 2013 vart det behandla rundt 12 200 særavgiftsoppgåver, og om lag 5 pst. av oppgåvene vart kontrollerte. Som ei følgje av dette vart det korrigert 3,5 mill. kroner til føremon for staten i 2013, mot 10,5 mill. kroner i 2012, jf. tabell 5.5.
Eit nytt system for elektronisk innrapportering av særavgiftsoppgåver via Altinn vart innført hausten 2011. Ved utgangen av 2013 nytta 1 402 av til saman 1 816 særavgiftspliktige verksemder dette systemet. Målet er at alle registrerte særavgiftspliktige skal nytte det elektroniske innrapporteringssystemet. Særavgiftsoppgåvene som kjem elektronisk, held høgare kvalitet enn dei papirbaserte. Det gjer at etaten kan nytte meir ressursar på målretta økonomiske kontrollar.
Den økonomiske kontrollen som Toll- og avgiftsetaten utøver, er viktig for å motverke økonomisk kriminalitet i samfunnet og for å sikre rett betaling av toll og avgifter. Etaten sitt resultat ved økonomisk kontroll dei tre siste åra, er samanfatta i tabellen nedanfor.
Tabell 5.5 Toll- og avgiftsetaten – resultat for økonomisk kontroll – korrigert til føremon for staten
(i mill. kroner) | |||
---|---|---|---|
År | 2011 | 2012 | 2013 |
Rekneskapskontrollar | 467 | 745 | 443 |
Deklarasjonskontrollar1 | 434 | 520 | 570 |
Kontroll med særavgiftsoppgåver | 3 | 11 | 3,5 |
Valutakontroll | 56 | 46 | 51 |
Piratvarekontroll | 50 | 16 | 18 |
Kontroll av lågverdisendingar | 10 | ||
Kontroll av varer med høg skatt | 90 | ||
Sum | 1 010 | 1 338 | 1 185 |
1 Inkluderer kontroll med mellombels tolldeklarasjonar (i mill. kroner 2011: 77, 2012: 92, 2013: 102) og transitterte varer (i mill. kroner 2011: 154, 2012: 102, 2013: 79).
Dei økonomiske kontrollane til etaten avdekte 185 alvorlege lovbrot i 2013, mot 183 i 2012 og 192 i 2011. 28 av sakene vart melde til politiet, mot 30 i 2012 og 36 i 2011.
Kontroll med forfalska merkevarer og andre krenkingar av immaterielle rettar (IPR-varer) førte til at 147 varesendingar vart haldne att i 2013, mot 281 i 2012 og 533 i 2011. Om lag 53 000 einingar vart haldne att i 2013, mot 279 000 i 2012 og 159 900 i 2011. Nivåendringane kan truleg forklarast med ei dreiing mot meir privat import som ikkje er omfatta av dei immaterielle rettane.
Etaten arbeider for at dei immaterielle rettane vert følgde, til dømes ved å gjere rettshavarar og potensielle kjøparar meir kjende med regelverket.
Til saman avdekte dei økonomiske kontrollane vel 1,2 mrd. kroner i 2013.
Tabell 5.6 Toll- og avgiftsetaten – økonomisk kontroll – kontrollstatistikk
År | 2011 | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|
Tal på innførselsdeklarasjonar | 5 028 580 | 5 231 002 | 5 536 271 |
Tal på dokumentkontrollar ved innførsel | 151 550 | 154 707 | 145 922 |
Treffprosent i innførselskontrollen | 29,1 | 32,7 | 35,9 |
Tal på utførselsdeklarasjonar | 1 249 633 | 1 177 232 | 1 269 026 |
Tal på dokumentkontrollar ved utførsel | 23 327 | 22 379 | 23 405 |
Treffprosent i utførselskontrollen | 41,9 | 36,9 | 38,2 |
Tal på oppgåvekontrollar av registrerte særavgiftspliktige | 558 | 557 | 558 |
Tal på kontrollar av verksemder1 | 1 419 | 1 319 | 1 270 |
Tal på avdekte alvorlege lovbrot | 192 | 183 | 185 |
1 I tillegg utfører etaten årleg om lag 150–200 kontrollar for tollstyresmakter i andre land.
Hovudmål 3: Rettidig innbetaling av avgifter og toll
Toll- og avgiftsetaten er ansvarleg for innkrevjinga av om lag 16 pst. av alle inntektene til staten. Etaten har arbeidd målretta med å utvikle innkrevjinga og kan dei seinare åra syne til gode resultat på dette området.
I 2013 vart det innbetalt 212,2 mrd. kroner til etaten, jf. tabell 5.8. Dette er ein auke på 2,1 mrd. kroner (1 pst.) frå 2012. Hovudårsaka er at inntektene frå meirverdiavgifta ved innførsel auka med 1,8 mrd. kroner (1,5 pst.). Utviklinga i etaten sine inntekter er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015.
Etaten har stabilt låge restansar. I 2013 vart 99,87 pst. av alle beløp med forfall i 2013 betalt. Tilsvarande tal for 2012 og 2011 var 99,86 pst. og 99,90 pst.
Tabell 5.7 Toll- og avgiftsetaten – inntekter og restansar
(mill. kroner) | |||
---|---|---|---|
År | 2011 | 2012 | 2013 |
Inntekter:1 | 204 256 | 210 077 | 212 205 |
– tollinntekter2 | 2 537 | 2 877 | 2 882 |
– meirverdiavgift ved innførsel3 | 115 374 | 120 071 | 121 900 |
– avgift på motorvogner4 | 31 912 | 33 213 | 32 309 |
– andre særavgifter4 | 54 433 | 53 916 | 55 114 |
Akkumulerte restansar5 | 572 | 661 | 633 |
Nye restansar i året5 | 288 | 345 | 326 |
1 Eit meir detaljert oversyn finst i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2014.
2 Unnateke sal av tollkvotar.
3 For meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande gjev den meirverdiavgifta som vert kravd inn ved innførsel, rett til frådrag i meirverdiavgiftsoppgjeret mellom dei og skattekontora, jf. fotnote til tabell 5.8 og under kap. 1618 Skatteetaten.
4 Motorvognavgifter omfattar kapittel/post: 5536/71 Eingongsavgift, 5536/72 Årsavgift, 5536/73 Vektårsavgift, 5536/75 Omregistreringsavgift. Frå 2011 vart bensinavgifta og autodieselavgifta overførte til kapittelet for vegbruksavgift, og vert difor no førte under andre særavgifter. Talet for 2011 er korrigert i samsvar med ny føring.
5 Medrekna kontrollkrav.
Hovudmål 4: Yte god service til brukarane
Toll- og avgiftsetaten arbeider jamt og trutt med å yte betre service til brukarane. Etaten har som mål at nettstaden toll.no skal vere den informasjonskanalen brukarane går til fyrst. I 2013 hadde nettstaden om lag 2 mill. sidevisingar . Det er over 15 pst. meir enn i 2012. Særleg populære tenester er kalkulatoren for innførsel av køyretøy og ordninga for at køyretøyeigarar sjølve kan hente KID-nummeret dei treng for å betale årsavgifta.
Dei regionale informasjonssentera tok imot om lag 107 000 spørsmål i 2013, mot 116 000 i 2012 og 115 000 i 2011. Om lag 80 pst. av spørsmåla kjem per telefon, resten hovudsakleg per e-post.
Etaten har som mål at saksbehandlingstida skal vere kort, samtidig som kvaliteten skal betrast. Nokre søknadstypar frå næringslivet er høgt prioritert, til dømes søknader om tollkreditt. Behandlingstida per søknad var kortare enn to veker i 98,9 pst. av tilfella, medan talet for 2012 var 98,6 pst.
Toll- og avgiftsetaten skal ha høg kvalitet på behandlinga av klagesaker, og saksbehandlingstida skal vere kort. For 2013 var målet at minst 60 pst. av alle særavgiftsklagene skulle vere behandla innan seks månader. Toll- og avgiftsdirektoratet behandla i 2013 65 pst. innan fristen. Tilsvarande tal for 2012 var 68,7 pst. Direktoratet har lenge arbeidd målretta for å betre saksbehandlinga i tollregionane. Dette arbeidet held fram i 2015.
Samla resultatvurdering
Ut ifrå hovudmåla som er sette for Toll- og avgiftsetaten og med dei virkemidla og ressursane som etaten rår over, vurderer Finansdepartementet driftsresultata i 2013 som gjennomgåande gode, og med jamne resultat dei siste åra. Etaten kan vise til gode resultat i grensekontrollen. Beslaget av øl og sigarettar har gått noko ned, medan talet på narkotikabeslag har auka. Finansdepartementet er nøgd med resultata på fastsetjingsområdet, der dei aller fleste resultatmåla vart nådde. På innkrevjingsområdet har det vore ein auke frå 2012 i dei samla inntektene, og restansane held seg låge. Departementet vurderer servicen overfor brukarane som gjennomgåande god, og etaten når dei fastsette servicemåla for saksbehandlingstid.
Sentrale utfordringar og tiltak
Styrking av grensekontrollen og flytting av oppgåver til Skatteetaten
Toll- og avgiftsdirektoratet har fått i oppdrag å greie ut ulike tiltak for å styrkje grensekontrollen. Utgreiinga skal mellom anna sjå på om etaten treng nye verkemiddel og fullmakter, som til dømes avgrensa politimyndigheit. Etaten skal òg sjå på om det er føremålstenleg å gje etaten nye oppgåver på grensa. Utgreiinga skal leverast til Finansdepartementet i november 2014.
Sjå omtale i del I kap. 2.2 om overføringa av oppgåver til Skatteetaten og om styrkinga av grensekontrollen.
Både Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten må i 2015 tilpasse sine IKT-system slik at Skatteetaten kan overta særavgiftsforvaltninga som planlagd frå 1. januar 2016. Dette gjeld særleg maskinvare- og systemtilpassingar. Informasjon må kunne gå frå Toll- og avgiftsetaten sitt innførslesystem (TVINN) til Skatteetatens system. Kostnaden ved dette arbeidet er vurdert til 30 mill. kroner i 2015, med 20 mill. kroner i Toll- og avgiftsetaten og 10 mill. kroner i Skatteetaten.
Vidare må etatane vurdere kor grensesnittet mellom systema til etatane skal vere og flyten av informasjon. Dette må liggje til grunn for systema som skal erstatte dei andre TVIST-systema som ikkje skal overførast til Skatteetaten. Til dette arbeidet er det foreslått avsett 10 mill. kroner til Toll- og avgiftsetaten og 5 mill. kroner til Skatteetaten.
Til dekning av ein del andre, administrative meirkostnader i samband med overføring av oppgåver mellom etatane er det sett av om lag 10 mill. kroner til Toll- og avgiftsetaten og om lag 10 mill. kroner til Skatteetaten.
Til saman er det lagt inn om lag 40 mill. kroner til Toll- og avgiftsetaten til arbeidet med oppgåveoverføringa i 2015.
Tiltak mot toll- og avgiftsunndraging
Den økonomiske kontrollen til Toll- og avgiftsetaten skal avdekkje og førebyggje toll- og avgiftsunndraging. Kontrollane skal i størst mogleg grad sikte seg inn mot aktørar som ikkje rettar seg etter regelverket. Internasjonale tollstrategiar, fastsette av EU og WCO, legg òg auka vekt på bruk av risikovurderingar av varesendingar og aktørar. Dei siste åra har etaten styrkt arbeidet med risikovurderingar og analyse med betre arbeidsmetodar og grunnlagsmateriale. Dette arbeidet skal halde fram i 2015.
Den økonomiske kriminaliteten vert meir samansett og innfløkt, og stadig fleire varer kryssar grensene. Overføringa av informasjon er i stor grad elektronisk, og informasjonen om varestraumen aukar. Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i handelen på Internett. Mange freistar å unndra avgifter ved å setje verdien på varen lågare enn den reelle verdien. I tillegg vert òg varer som det er knytt restriksjonar eller forbod til, tekne inn via postsendingar. Desse utviklingstrekka set store krav til analysekompetansen i Toll- og avgiftsetaten og bruk av ny teknologi i kontrollverksemda.
Kontrollen med vareførselen skal utviklast vidare i 2015. Etaten skal betre metodane på utvalde risikoområde innanfor deklarasjonskontrollen. Røynsler frå kontrollresultat skal brukast meir systematisk, og informasjon frå eigne og eksterne kjelder skal utnyttast betre.
I kampen mot skatte- og avgiftsunndraging skal etaten samarbeide med andre etatar, som Skatteetaten, politiet, Økokrim og Fiskeridirektoratet. Samarbeidet omfattar utveksling av informasjon og sams kontrollar. Etaten skal framleis vere ein aktiv deltakar i Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA), som arbeider mot ulovleg, ikkje-rapportert og uregulert fiske.
Grensekontrollen
Gjennom kontrollen på grensa gjer Toll- og avgiftsetaten ein viktig del av arbeidet med å redusere den risikoen som straumen av varer, transportmiddel og personar inneber. Det internasjonale rammeverket legg viktige føringar på grensekontrollen. Ein vernar samfunnet mest effektivt ved å møte potensielle trugsmål allereie på grensa.
Toll- og avgiftsetaten har dei siste åra sett at smuglarverksemda har vorte meir profesjonalisert. Det vert meir og meir vanleg at smuglarar er organiserte i nettverk og bruker kontraspaning, følgjebilar og sambandsutstyr for ikkje å verte stansa. Beslagsstatistikken syner at smugling over ubemanna grenseovergangar vert stadig meir vanleg. I 2013 kryssa drygt 8,9 mill. køyretøy grensene inn til Noreg, over dei til saman 11 bemanna eller ein av dei 58 ubemanna grenseovergangane.
For å kunne lukkast med grensekontrollen må ein velje dei rette kontrollobjekta. Difor er kontrollen innretta etter vesentlegheit og risiko, mellom anna ved hjelp av internasjonale kontaktverk, etterretningsinformasjon, risikoanalysar og annan relevant informasjon.
I 2013 utvida etaten bruken av elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning på grenseovergangane, særleg dei ubemanna. Systemet varslar og overfører bilete når aktuelle køyretøy passerer ein grenseovergang. Etaten vil halde fram arbeidet med det nye systemet.
Toll- og avgiftsetaten skal i 2015 halde fram med pilotprosjektet med bruk av elektroniske apparat («sniffarar») i grensekontrollen. Dette er utstyr for å avdekkje ulovlege eller farlege stoff med analysar av prøver frå bagasje, klede m.m.
Etaten skal halde fram arbeidet mot innførsel av forfalska varer (IPR-varer). Denne handelen har sterke band til svart økonomi. Mange IPR-varer er utrygge eller farlege. Arbeidet mot slike varer tener forbrukarane og fremjar like konkurransevilkår i næringslivet. Etaten skal vere særleg merksam på forfalska kopiar som trugar helse, miljø og tryggleik.
Etaten arbeidar kontinuerleg for å gjere kontrollane mot valutasmugling meir treffsikre. Brot på plikta til å deklarere valuta og andre betalingsmiddel er i dag eit internasjonalt problem. Etaten vil styrkje arbeidet med etterretningar, anna innsamling av informasjon og samarbeidet med andre instansar, mellom anna Skatteetaten, politiet og Nav. Etaten har hundar som er spesialtrena til å lukte seg fram til pengesetlar. Dei har vist seg å vere eit nyttig hjelpemiddel for å finne valuta som er forsøkt smugla.
Toll- og avgiftsetaten har registert ein auke i beslaga av dopingmiddel. I 2013 vart beslaglagt om lag 104 465 einingar. Etaten inngjekk hausten 2012 ein samarbeidsavtale med Antidoping Norge. Etaten vil halde fram med å utvikle arbeidet mot dopingmiddel i 2015.
Eit prøveprosjekt med forenkla prosedyrar ved flybytte (transfer) skal starte ved Oslo lufthamn, Gardermoen, i 2015. Dette vil gje passasjerar som kjem frå utlandet og skal vidare med innanlandsfly, ei enklare og raskare reise. Prøveprosjektet skal vare i tre år. Regjeringa vil under prøveprosjektet vurdere om ordninga skal gjerast permanent. Prøveprosjektet inneheld ei rekkje tiltak for at tollkontrollen skal bli god nok. Det skal mellom anna setjast i stand eit nytt «tollfilter» for passasjerane som reiser med forenkla transfer. Toll- og avgiftsetatens kostnader til prøveprosjektet er rekna til 36,4 mill. kroner i 2015. Kostnadene er noko usikre. Avinor AS skal dekkje alle kostnader for Toll- og avgiftsetaten i samband med prøveprosjektet.
Prøveprosjekt utrykkingsstatus
Toll- og avgiftsetaten gjennomfører eit prøveprosjekt med bruk av utrykkingskøyretøy og blålys, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Prøveprosjektet starta sommaren 2013.
Prøveprosjektet vert gjennomført i Tollregion Aust-Noreg. Toll- og avgiftsdirektoratet skal evaluere prøveprosjektet i 2015. Det vil gje eit godt grunnlag for å vurdere permanent utrykkingsstatus for Toll- og avgiftsetaten.
Utvikling av inn- og utførselsprosessar
I 2014 oppretta Toll- og avgiftsetaten ei ny utviklingseining for å styrkje arbeidet med å utvikle og modernisere prosedyrar for vareførsel, regelverk og teknologiske løysingar.
Utviklingseininga skal medverke til at dei viktigaste forbetringstiltaka i prosjektet «Forbedring av tollvesenets inn- og utførselsprosesser», jf. Prop. 1 S (2011–2012), vert gjennomførte.
Toll- og avgiftsetatens tilpassingar til nytt Autosys
Nytt Autosys er eit prosjekt i regi av Vegdirektoratet, jf. omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Samferdselsdepartementet og Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane.
Dagens Autosys er kjelderegister for motorvognavgiftene, og det er avgjerande for rett fastsetjing av avgiftene at data frå registeret er korrekte. Den framtidige utforminga av motorvognavgiftene er òg avhengig av at registeret inneheld tilstrekkelege opplysningar om køyretøy og eigar. I 2015 skal ein ekstern kvalitetssikrar etter planen verte ferdig med ei tilråding til Samferdselsdepartementet om det komande arbeidet med Autosys-prosjektet. Toll- og avgiftsetaten skal halde seg informert om arbeidet i prosjektet. Det må gjerast tilpassingar i Toll- og avgiftsetatens IT-system som følgje av nytt Autosys.
Auka sjølvbetening og publikumsservice på toll.no
Nettstaden er ein viktig kommunikasjonskanal for Toll- og avgiftsetaten. Den er ein del av den naudsynte opplæringa og opplysninga for brukarane, og er ein svært viktig del av det førebyggjande arbeidet. Det er difor avgjerande at nettstaden dekker brukarane sitt informasjonsbehov på ei god måte. Etaten vil difor arbeide for å få på plass løysingar som forenklar og digitaliserer kommunikasjonen.
Klart språk
Toll- og avgiftsetaten har gjennomført eit prosjekt innan klarspråksarbeid. Etaten har gått gjennom tekstar som handlar om årsavgifta. Meir forståelege tekstar skal gjere det enklare for folk å handle rett. Eit klarare språk kan òg medverke til at færre tek kontakt med etaten fordi dei ikkje skjønar reglane. Det kan dessutan medverke til færre klagar og enklare saksbehandling. Klarspråkarbeidet kan gje publikum betre tenester og etaten eit styrkt omdøme.
Internasjonalt samarbeid
Oppgåvene til Toll- og avgiftsetaten vert meir og meir prega av den internasjonale utviklinga. Etaten må difor prioritere oppgåvene sine etter det.
Størstedelen av norsk handel med utlandet er med andre europeiske land. Difor er det viktig at regelverk, prosedyrar og kontrollmetodar er godt avstemde med dei europeiske handelspartnarane våre. Etaten følgjer med på og freistar å påverke standardane og regelverket som vert utvikla gjennom Verdas handelsorganisasjon (World Trade Organization, WTO), Verdas tollorganisasjon (World Customs Organization,WCO) og gjennom frihandels- og samarbeidsavtalar som Noreg forhandlar om.
Toll- og avgiftsetaten hjelper òg WCO og WTO med tollfagleg ekspertise i ein del utviklingsland. Målet er å innføre internasjonalt godkjende reglar som legg til rette for ein effektiv verdshandel. Toll- og avgiftsetaten arbeider òg for å setje utviklingsland i betre stand til å bruke handelsavtalane og dei tollpreferansane som desse avtalane gjev. WTO vedtok i ministermøtet på Bali i desember 2013 ein ny avtale om tilrettelegging av prosedyrane for internasjonal handel (Agreement on Trade Facilitation). WTO-avtalen skal etter planen tre i kraft i 2015. Dette vil òg krevje ein større innsats frå Noreg.
Noreg deltek aktivt i frihandelsforhandlingane som vert førte i regi av EFTA. Toll- og avgiftsetaten skal støtte Finansdepartementet og andre departement, særleg Nærings- og fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet, i dette arbeidet. Tiltak for å lette varepasseringa over grensene er òg eit viktig tema i multilaterale forhandlingar om frihandelsavtalar. Toll- og avgiftsdirektoratet skal saman med Finansdepartementet og Utanriksdepartementet ta del i forhandlingar og setje i verk frihandelsavtalar.
Noreg har inngått ei rekkje tollsamarbeidsavtalar om gjensidig administrativ støtte. Det er viktig at Toll- og avgiftsdirektoratet følgjer opp avtalane. Det er òg viktig at etaten kontinuerleg vurderer behovet for nye avtalar og gjev tilråding til Finansdepartementet der ein av tollfaglege grunnar bør få innleidd forhandlingar eller endra inngåtte avtalar.
Mål og budsjett 2015
Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Toll- og avgiftsetaten for 2015:
motverking av ulovleg inn- og utførsel av varer
rett fastsetjing av avgifter og toll
innbetaling av avgifter og toll til rett tid
god service overfor brukarane
Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vere for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vere medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.
Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Toll- og avgiftsetaten i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten. Resultata i 2015 bør jamt over vere like gode som resultata i 2013.
Prosessen med overføring av oppgåver til Skatteetaten er krevjande. Av røynsle er det då risiko for at slike prosessar i ein overgangsperiode kan påverke oppgåveløysinga. Ein kan ikkje fullt ut gardere seg mot noko svakare resultat for ei tid og på einskilde område.
Toll- og avgiftsetaten arbeider jamt og trutt med å løyse oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel eit urealistisk mål. I praksis må etaten vege kvalitet mot effektivitet.
Departementet føreslår å setje utgiftsramma til Toll- og avgiftsetaten til 1 584,9 mill. kroner. Dette er 0,8 pst. høgare enn saldert budsjett 2014.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 543,9 mill. kroner. Det er ein auke med 2,4 pst. frå saldert budsjett 2014.
Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester og 04 Ymse refusjonar, jf. nærare omtale nedanfor.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp til IT-føremål. Posten er budsjettert med 41 mill. kroner. I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å tinge for meir enn det som er løyvt. Departementet ber difor om ei tingingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Kap. 4610 Toll- og avgiftsetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 6 392 | 6 200 | 6 400 |
02 | Andre inntekter | 2 287 | 2 500 | 2 600 |
03 | Refunderte pante- og tinglysingsgebyr | 1 888 | 2 000 | 2 000 |
04 | Diverse refusjonar | 4 779 | 3 200 | 3 300 |
05 | Refusjon frå Avinor AS | 36 400 | ||
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 30 755 | 20 000 | 18 900 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 103 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 13 026 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 33 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 22 768 | ||
85 | Gebyr for regelbrot – valutadeklarering | 8 315 | 6 000 | 6 500 |
Sum kap. 4610 | 90 346 | 39 900 | 76 100 |
Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester
Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadene som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Satsane for privatrekvirert tollbehandling vert auka til 400 kroner for 50 pst. overtid og til 540 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal som i 2014 vere på 200 kroner per påbyrja halvtime.
Post 02 Andre inntekter
Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes gebyr for avskilting, inntekter frå auksjonssal av overliggjande inndregne varer, innkravde sakskostnader og agio. Gebyret for avskilting på 900 kroner er noko høgare enn det kostnadene til etaten tilseier, slik at det òg skal verke preventivt.
Toll- og avgiftsetaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes tepper og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet føreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak IX.1.
Post 03 Refunderte pante- og tinglysingsgebyr
Posten omfattar refusjon av pante- og tinglysingsgebyr som Toll- og avgiftsetaten tidlegare har betalt til dei alminnelege namsmennene for å gjennomføre tvangsinnkrevjing.
Post 04 Ymse refusjonar
Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av og av same slag som den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna tilskot til prosjekt etter oppdrag frå Norad og tilskot frå andre statlege etatar til bestemte prosjekt, kompetansetiltak m.m., inntekter frå kursverksemd for næringslivet, inntekter frå framleige av lokale ved Svinesund tollstad til spedisjonsføretak og provisjonar til dekning av meirutgifter som etaten har ved innkrevjing av gebyr o.l. for andre.
Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 05 Refusjon frå Avinor AS
Avinor AS skal dekkje Toll- og avgiftsetatens meirkostnader i samband med eit prøveprosjekt med forenkla transfer ved Oslo lufthamn, Gardermoen, jf. omtale foran under Grensekontrollen. Refusjonar frå Avinor AS skal førast på denne posten. Fordi meirkostnadene og dermed også refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1
Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar
Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt, slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga, vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadene som Toll- og avgiftsetaten har med tollkredittordninga.
Post 85 Gebyr for regelbrot – valutadeklarering
Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta. Valuta og andre betalingsmiddel med ein verdi på meir enn 25 000 kroner skal meldast og leggjast fram for Toll- og avgiftsetaten ved inn- og utførsel i samsvar med tollova med forskrifter. Når det er konstatert brot på deklareringsplikta, kan det ileggjast eit gebyr, eventuelt kan tilhøvet meldast til politiet. Gebyret kan utgjere opp til 20 pst. av det ikkje-deklarerte beløpet.
Kap. 1618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 4 656 390 | 4 541 400 | 4 877 600 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 135 987 | 167 200 | 157 700 |
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 195 704 | 298 800 | 323 600 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 101 577 | 104 400 | 104 600 |
70 | Tilskot | 3 625 | 3 000 | 3 100 |
Sum kap. 1618 | 5 093 283 | 5 114 800 | 5 466 600 |
Statens innkrevjingssentral er ikkje med i tala for rekneskap 2013 og saldert budsjett 2014.
Føremål, hovudoppgåver og organisering
Skatteetaten skal leggje til rette for rett fastsetjing og innbetaling av skattar, avgifter og andre krav, syte for eit oppdatert folkeregister og yte god service. Hovudoppgåvene til etaten er å:
skrive ut forskotsskatt
sikre skatte- og avgiftsprovenyet, mellom anna ved å kontrollere grunnlaget for oppgåvene frå skatte- og avgiftspliktige og tredjepart
fastsetje og kontrollere folketrygdavgifter og skatt på formue og inntekt
fastsetje, kontrollere og krevje inn meirverdiavgift
kontrollere og føre tilsyn med korleis dei kommunale skatteoppkrevjarane krev inn direkte skattar og arbeidsgjevaravgift
forvalte folkeregisteret
forvalte regelverk, som òg inneber å informere og rettleie publikum
krevje inn straffekrav som er utferda av justisstyresmaktene, og avgifter, gebyr og misleghaldne krav for andre statlege verksemder
Skatteetaten består i 2014 av eit sentralt direktorat, fem skatteregionar (Skatt nord, Skatt Midt-Noreg, Skatt vest, Skatt sør og Skatt aust), Sentralskattekontoret for storbedrifter, Oljeskattekontoret og Skatteopplysninga. Skatteregionane hadde per 1. juni 2014 til saman 113 skattekontoreiningar. I tillegg har Skatteetaten 50 serviceavtalar med andre offentlege kontor. Etaten hadde per 1. mars 2014 ei bemanning tilsvarande 5 801 årsverk.
Frå 1. januar 2015 skal Statens innkrevjingssentral (SI) innlemmast i Skatteetaten. SI har som hovudoppgåve å krevje inn straffekrav som er utferda av justisstyremaktene, og avgifter, gebyr og misleghalde krav for andre statlige verksemder. SI har òg oppgåver knytte til eit saksbehandlarsystem som etaten har sams med dei alminnelege namsmennene.
Overføring av oppgåver frå Toll- og avgiftsetaten og innlemming av Statens innkrevjingssentral er nærare omtalt i del I kap. 2.2.
Mål og resultat 2013
Driftsresultatet til Skatteetaten vert vurdert ut frå fire fastsette hovudmål, jf. nedanfor. Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgde for at det er operasjonelle risikoar som det kan vere for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vera medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.
Mål og resultat 2013 for Statens innkrevjingssentral står under kap. 1634 Statens innkrevjingssentral.
Hovudmål 1: Skattane skal vere fastsette rett og til rett tid
I 2013 vart det fastsett 969,2 mrd. kroner i direkte og indirekte skattar på ansvarsområdet til etaten. Det var 52,1 mrd. kroner meir enn i 2012, jf. tabell 5.8. Trygdeavgifta og arbeidsgjevaravgifta auka med høvesvis 6,4 og 9,5 mrd. kroner. Meirverdiavgifta auka med til saman 14,9 mrd. kroner frå 2012. Meirverdiavgifta på import, fastsett av Toll- og avgiftsetaten, auka med 4,1 mrd. kroner, og meirverdiavgifta fastsett av Skatteetaten, auka med 10,8 mrd. kroner. Det vart utlikna 2,2 mrd. kroner i arveavgift i 2013.
Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2015.
Tabell 5.8 Fastsette skatter og avgifter – oversyn
(mill. kroner) | |||
---|---|---|---|
2011 | 2012 | 2013 | |
Skatt på inntekt og formue | 347 900 | 353 500 | 374 600 |
Trygdeavgift | 93 400 | 103 500 | 109 900 |
Petroleumsskatt | 174 400 | 226 200 | 230 000 |
Sum fastsett ved likningsbehandlinga | 615 700 | 683 200 | 714 500 |
Arbeidsgjevaravgift, unnateke sentralt utrekna arbeidsgjevaravgift | 123 800 | 130 900 | 140 400 |
Meirverdiavgift1 | 209 200 | 220 900 | 235 800 |
Arveavgift | 1 700 | 1 700 | 2 200 |
Sum fastsette skattar og avgifter | 950 400 | 1 036 700 | 1 092 900 |
Sum fastsette skattar og avgifter unnateke meirverdiavgift fastsett av Toll- og avgiftsetaten | 834 400 | 917 100 | 969 200 |
1 Beløpet omfattar meirverdiavgift som Toll- og avgiftsetaten krev inn ved innførsel. Det utgjer 123,7 mrd. kroner for 2013 og 119,6 mrd. kroner for 2012. For meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande gjev meirverdiavgifta som vert kravd inn ved innførsel, rett til frådrag i meirverdiavgiftsoppgjeret mellom dei og skattekontora, jf. fotnote 3 i tabell 5.7 under kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten.
Arbeidet med likninga kan delast inn i fire hovudbolkar: Utskriving og endring av skattekort (grunnlaget for skattetrekk), innhenting av grunnlagsdata, produksjon og behandling av sjølvmeldingar og utsending av skatteoppgjer.
Utskriving og endring av skattekort for inntektsåret 2013
For inntektsåret 2013 vart det i desember 2012 skrive ut vel 3,7 mill. skattekort. Av desse vart 8,2 pst. endra i desember 2012 og januar 2013. Dette er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå eitt år tidlegare. I 2013 vart 23,1 pst. av skattekorta endra. Tilsvarande tal var 23,7 pst. i 2012 og 24,4 pst. i 2011. I 2013 vart det gjennomført prøvedrift for ordninga med e-skattekort, der arbeidsgjevarane vart tilbode å hente skattekorta elektronisk. Røynsla frå denne nyvinninga er god.
Likning for inntektsåret 2012
I 2013 behandla Skatteetaten sjølvmeldingar for inntektsåret 2012 frå om lag 3,6 mill. lønstakarar og pensjonistar, 373 000 personleg næringsdrivande og 256 000 selskap, jf. tabell 5.19.
Innhenting av omfattande grunnlagsdata, som vert førehandsutfylte i sjølvmeldinga, gjev høgare kvalitet på sjølvmeldinga enn om skattytaren sjølv skulle ha fylt ut. Grunnlagsdata er tredjepartsopplysningar som Skatteetaten får frå til dømes bankar, arbeidsgjevarar og frå offentleg forvaltning. Betre og fleire grunnlagsdata gjer det lettare å fastsetje skattane rett. Skatteetaten fekk inn 58,4 mill. oppgåver med grunnlagsdata i samband med likningsarbeidet i 2013. Det er 0,5 mill. fleire oppgåver enn i 2012. I alt 99,5 pst. av oppgåvene med grunnlagsdata vart mottekne innan produksjonsstarten for sjølvmeldinga. Det er ein auke på 0,6 prosentpoeng frå 2012. Kvaliteten på grunnlagsdata vert mellom anna målt ved kor stor del dei uidentifiserte grunnlagsdataoppgåvene utgjorde. For 2013 var målet at den skulle vere mindre enn 1,5 pst. Resultatet vart 0,9 pst.
Tabell 5.9 Tal på behandla sjølvmeldingar m.m.
2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|
Sjølvmelding lønstakarar og pensjonistar | 3 551 500 | 3 556 000 | 3 624 500 |
Sjølvmelding personleg næringsdrivande | 324 000 | 373 000 | 373 000 |
Sjølvmelding etterskotspliktige selskap | 240 000 | 241 000 | 256 800 |
Grunnlagsdata (løns- og trekkoppgåver, bankoppgåver m.m.) | 54 150 000 | 57 885 000 | 58 436 000 |
Produksjonen og kvaliteten på likninga for inntektsåret 2012 var stort sett god.
Ordninga med leveringsfritak for sjølvmeldinga vart innført frå inntektsåret 2007. I 2009 valde 58,3 pst. av lønstakarane og pensjonistane å nytte seg av leveringsfritaket. Talet auka til 69,0 pst. i 2013. Av dei som leverte sjølvmelding, leverte 72,1 pst. elektronisk i 2013, mot 63,5 pst. i 2012.
91,1 pst. av upersonlege skattytarar og personlege skattytarar som driv næring, leverte sjølvmeldinga til rett tid i 2013. I 2012 var andelen 90,6 pst. Målet er at minst 95 pst. skal levere i tide. Fleire tiltak vert vurderte for å betre situasjonen. Av dei som leverte sjølvmelding, leverte 84,5 pst. elektronisk i 2013, mot 83,1 pst. i 2012.
Likning ved sentralskattekontora
Sentralskattekontoret for storbedrifter (SFS) er oppretta for å behandle skattlegging og kontroll av verksemder med omsetnad over ei viss grense. Kontoret likna i 2013 om lag 4 650 selskap, og det vart fastsett skatt for om lag 30,1 mrd. kroner. Det er ein auke på 3,6 mrd. kroner frå 2012. Talet på likna selskap auka med om lag 150. SFS liknar i tillegg alle kraftverk med yting over 5 500 kVA, til saman 141 kraftproduserande selskap. Frå 1. januar 2014 har SFS òg ansvar for kontroll av meirverdiavgift og arbeidsgjevaravgift i verksemder som er tekne med i manntalet til kontoret. SFS er lagt direkte inn under Skattedirektoratet, med tre kontoreiningar. Frå 1. januar 2015 vil talet på verksemder som tilhøyrar manntalet til SFS, auke. Kontoret vil då få ansvaret for alle konsern med omsetning over 3 mrd. kroner. Endringane er ei følgje av Skatteetatens satsing på arbeidet med storbedrifter.
Sentralskattekontoret for utanlandssaker, som er underlagt Skatt vest, er oppretta for å ta seg av visse område innanfor skattlegging av utanlandske selskap og arbeidstakarar med mellombels tilknyting til landet. Kontoret likna 68 700 lønstakarar og sjømenn i 2013. Det er ein auke på 12 pst. frå 2012. Ved den ordinære likninga for 2012 vart det fastsett 3,6 mrd. kroner i skatt for forskotspliktige. Det var 729 mill. kroner meir enn ved likninga for 2011. Kontoret likna til saman 750 selskap og om lag 3 300 forskotspliktige næringsdrivande ved ordinær likning i 2013. Fastsett skatt for etterskotspliktige ved ordinær likning for inntektsåret 2012 var 675 mill. kroner. Det er ein auke på 103 mill. kroner frå 2012.
Oljeskattekontoret, som er underlagt Skattedirektoratet, tek seg av skattlegginga av petroleumsverksemda. Kontoret likna 78 selskap i 2013 og fastsett skatt var 230,0 mrd. kroner. Det er ein auke på 3,8 mrd. frå 2012, jf. tabell 5.8.
Skatteoppgjeret for inntektsåret 2012
Skatteoppgjeret for inntektsåret 2012 vart klart i juni 2013 for om lag 81,0 pst. av lønstakarane og pensjonistane. Året før var talet 83,5 pst. Årsaka til nedgangen er at dei som leverte sjølvmeldinga på papir, ikkje fekk skatteoppgjer før tidlegast i august. Personleg næringsdrivande kunne få tidlege skatteoppgjer frå august og utover. I 2012 fekk 79 pst. personleg næringsdrivande skatteoppgjeret før oktober. I 2013 auka denne delen til 84 pst. Etterskotspliktige skattytarar (selskap m.m.) får alltid skatteoppgjeret i oktober.
I 2013 fekk 726 000 eller 18,2 pst. av dei forskotspliktige skattytarane restskatt, mot 19,2 pst. i 2012. Det gjennomsnittlege restskattebeløpet var om lag 22 000 kroner, eitt tusen kroner høgare enn i 2012. Talet på skattytarar med beløp til gode, var om lag som i 2012. Om lag 3,0 mill. (79 pst.) skattytarar hadde beløp til gode i 2013. Gjennomsnittleg beløp til gode var om lag 12 800 kroner eller til saman 38 mrd. kroner. Det var ein liten auke frå 2012.
Fastsetjing av meirverdiavgift og arveavgift
Ved utgangen av 2013 var det registrert om lag 348 300 verksemder i meirverdiavgiftsmanntalet, og det vart behandla i overkant av 1,6 mill. omsetnadsoppgåver i 2013. 90,9 pst. av oppgåvene vart leverte til rett tid. Det er ein auke på 0,5 prosentpoeng frå 2012. Om lag 92 pst. av skjønsfastsetjingane skjedde innan 80 dagar. Det er ei betring på om lag 5 prosentpoeng frå 2012. Målet er 90 pst. Dei siste åra har resultata i arbeidet med fastsetjing av meirverdiavgift vorte betre.
I 2012 vart det innført pliktig elektronisk levering av meirverdioppgåva, med dispensasjonsordning for dei som ikkje kan levere elektronisk. I 2013 vart 98,8 pst. av meirverdioppgåvene levert elektronisk, mot 98,4 pst. 2012.
I 2013 fekk Skatteetaten om lag 45 900 arve- og gåvemeldingar. Det er om lag det same som i 2012. 80,7 pst. av sakene vart behandla innan 6 månader, mot 67,6 pst. i 2012. Resultatmålet er 90 pst. Restansane er minka frå 18 000 saker til 9 100 saker ved utgangen av 2014. Arveavgifta er avvikla frå 2014. Planen er at alle sakene skal vere avslutta i løpet av 2014.
Kontroll av skattytarar og næringsdrivande
Ein stor del av Skatteetatens kontroll med næringslivet vert utført i samband med den årlege likningsbehandlinga og ved behandlinga av omsetnadsoppgåver. I tillegg gjennomfører Skatteetaten og dei kommunale skatteoppkrevjarane ei rekkje kontrollaktivitetar, mellom anna etterkontrollar (avdekkingskontrollar m.m.).
Skatteetaten har innført kontrollstrategiar der ulike kontrolltypar og andre verkemiddel vert vurderte i samanheng med sikte på eit best mogleg resultat og auka etterleving. For etaten er det dessutan viktig å arbeide førebyggjande, mellom anna gjennom målretta informasjon og rettleiing, for å oppnå mest mogleg korrekt skatte- og avgiftsberekning. Etaten skal informere om resultata av kontrollane, slik at opplevd fare for å verte oppdaga aukar. Frå 2013 har departementet gått bort frå å styre på talet på etterkontrollar og oppgåvekontrollar av meirverdiavgift. Departementet ynskjer å styre etaten meir etter effektmål. Difor skal Skatteetaten vurdere nye parametrar og forklaringsvariablar som kan måle effektar av etaten sitt arbeid. Dei siste åra har Skatteetaten flytta ressursar frå likningsarbeid til utvida kontrollar av næringsdrivande og selskap. Departementet er nøgd med utviklinga.
Skatteetaten legg vekt på å kontrollere mest på dei områda der faren for medvitne feil og unndraging er størst. Utveljinga av saker har vorte betre. Det har ført til avdekking av store, samansette saker med medvitne skatte- og avgiftsunndragingar.
Resultatmåla for gjennomsnittleg avdekt beløp per kontroll for inntekt og meirverdiavgift vart nådde. I gjennomsnitt vart det avdekt 169 000 kroner ved kontroll av inntekt og 61 000 kroner ved kontroll av meirverdiavgift.
I 2013 vart det i gjennomsnitt avdekt 25 000 kroner for kvar kontrollerte omsetnadsoppgåve for meirverdiavgift. Dette er om lag 5 000 kroner høgare enn i 2012, og målet for 2013 er nådd.
Med god samansetjing av kontrollane skal etaten dekkje både dei store, tunge sakene og dei meir typiske kontrollaksjonane der synleggjering av kontrollarbeidet er eit av måla. Skatteetaten har mellom anna valt å måle kontrollarbeidet opp mot opplevd oppdagingsrisiko. I 2011 viste KRISINO-undersøkinga (Kriminalitets- og sikkerheitsundersøkinga i Noreg) at 29 pst. av dei næringsdrivande trudde det var låg eller svært låg risiko for å verte oppdaga ved unndraging av skattar og avgifter. Ved ei tilsvarande undersøking i 2013 trudde 21 pst. det same. Det er positivt at denne har minka. Kor redde folk er for å verte oppdaga har mykje å seie for kor mykje skattar og avgifter som vert unndratt. Sjå elles omtalen nedanfor av arbeidet etaten gjer for å motverke skattekriminalitet.
Hovudmål 2: Skattane skal betalast til rett tid
Innkrevjing av inntekts- og formuesskatt og avgifter til folketrygda (trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift) er lagt til dei kommunale skatteoppkrevjarane, med Skatteetaten som fagleg overordna styresmakt. Skatteetaten er eineansvarleg for innkrevjing av innanlands meirverdiavgift, petroleumsskatt og arveavgift.
Innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift
Per 31. desember 2013 utgjorde samla innbetalingar i forskotsordninga 99,9 pst. av dei fastsette krava for inntektsåret 2012 (forskotsordninga er summen av forskotstrekk og forskotsskatt personar), jf. tabell 5.10. Av dette utgjer 99,2 pst. såkalla friviljuge innbetalingar. Innbetalinga av restskatt frå personar for inntektsåret 2011 var på same nivå som for inntektsåret 2010.
Tabell 5.10 Skatt og arbeidsgjevaravgift for inntektsåra 2010–2012
(mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Inntektsår1 | 2010 | 2011 | 2012 | |
Forskotstrekk2 | Sum krav | 336 991 | 358 556 | 382 665 |
Innbetalt | 99,9 pst. | 99,9 pst. | 99,9 pst | |
Aktiv restanse4 | 175 | 82 | 78 | |
Forskotsskatt (personar)2 | Sum krav | 28 242 | 29 331 | 31 136 |
Innbetalt | 98,9 pst. | 99,2 pst. | 99,2 pst | |
Aktiv restanse4 | 315 | 223 | 232 | |
Forskotsskatt (upersonlege skattytarar)2 | Sum krav | 54 373 | 54 863 | 54 239 |
Innbetalt | 99,9 pst. | 99,9 pst. | 99,9 pst | |
Aktiv restanse4 | 55 | 32 | 25 | |
Restskatt (upersonlege skattytarar)3 | Sum krav | 22 941 | 18 094 | |
Innbetalt | 98,8 pst. | 97,2 pst | ||
Aktiv restanse4 | 90 | 382 | ||
Restskatt (personar)3 | Sum krav | 15 467 | 16 674 | |
Innbetalt | 94,0 pst. | 94,0 pst | ||
Aktiv restanse4 | 861 | 914 | ||
Arbeidsgjevaravgift2 | Sum krav | 123 629 | 130 876 | 140 438 |
Innbetalt | 99,8 pst. | 99,8 pst. | 99,8 pst | |
Aktiv restanse4 | 192 | 76 | 69 |
1 Inntektsåret kjem eitt år før likningsåret.
2 Målt per 31. desember – 1 år etter inntektsåret.
3 Målt per 31. desember – 2 år etter inntektsåret.
4 Med aktiv restanse er meint restanse unnateke krav i konkursbu, utsette krav og krav knytte til gjeldsforhandlingar.
Innkrevjing av meirverdiavgift
Per 31. desember 2013 var 99,4 pst. av meirverdiavgifta som var fastsett for avgiftsåret 2012, innbetalt. Resultatet var det same året før. Resultatet for tvangsinnkrevjing – 74,2 pst. – var litt betre enn året før. Etaten har nådd resultatmåla.
Tabell 5.11 Meirverdiavgift for avgiftsåra 2010–2012
(mill. kroner) | |||
---|---|---|---|
Avgiftsår | 2010 | 2011 | 2012 |
Sum krav1 | 199 680 | 208 462 | 218 476 |
Innbetalt1 | 99,3 pst. | 99,4 pst. | 99,4 pst |
Aktiv restanse2 | 533 | 453 | 441 |
1 Målt per 31. desember – 1 år etter avgiftsåret.
2 Unnateke konkursbu, restkrav, avskrivingar og ettergjevingar. Restansen gjeld berre avgiftsåret.
Samla aktiv restanse – skatt og meirverdiavgift
Samla aktiv restanse var 30,2 mrd. kroner per 31. desember 2013, om lag 2,7 mrd. kroner meir enn året før, jf. tabell 5.12.
Tabell 5.12 Skatteetaten – samla aktiv restanse1
(mill. kroner) | |||
---|---|---|---|
2011 | 2012 | 2013 | |
Skatt og arbeidsgjevaravgift | 23 543 | 20 974 | 23 789 |
Meirverdiavgift2 | 5 420 | 5 945 | 5 890 |
Arveavgift | 533 | 517 | 477 |
Samla aktiv restanse | 29 496 | 27 435 | 30 156 |
1 Med aktiv restanse er meint restanse medrekna krav i konkursbu, men unnateke utsette krav.
2 Omfattar ikkje innførselsmeirverdiavgift som er fastsett av Toll- og avgiftsetaten, eller krav på tilbakebetaling av meirverdiavgift.
Skatteoppkrevjarfunksjonen for kommune 2312 – Skatteoppkrevjar utland
Sentralskattekontoret for utanlandssaker er likningsstyresmakt for sokkelkommunen (kommune 2312), medan skatteinnkrevjinga vert utført at Skatteoppkrevjar utland. Båe kontora er underlagde Skatt vest. Arbeidstakarar og oppdragsgjevarar som har mellombels opphald eller oppdrag på land eller sokkel i Noreg, og som ikkje har tilknyting til andre kommunar, vert knytte til kommune 2312.
Arbeidsoppgåvene til Skatteoppkrevjar utland er særleg krevjande fordi skyldnarane er så kort tid i Noreg. Kontoret nådde resultatmåla for innkrevjing, og resultata vart noko betre enn i 2012. Likevel syner totalrestansen ved Skatteoppkrevjar utland ein auke på om lag 83 mill. kroner i 2013. Restansesituasjonen vart bortimot uendra om ein tek omsyn til ein einskild stor restanse betalt i etterhand.
Samla sett er departementet nøgd med resultatutviklinga ved Skatteoppkrevjar utland, men ventar at direktoratet framleis følgjer opp dette området særskilt.
Kontrollen av skatterekneskapen og den faglege oppfølginga av skatteoppkrevjarane
Kontroll av skatterekneskapen vert utført av regionale kontrolleiningar ved skattekontora. I 2013 vart det gjennomført stadleg kontroll av 82 pst. av skatteoppkrevjarkontora. Dette er ein auke på 4 prosentpoeng frå i 2012 (78 pst.) og 7 prosentpoeng over målet på 75 pst.
Hovudmål 3: Folkeregisteret skal ha høg kvalitet
I 2013 vart det registrert om lag 235 000 nye personar i Folkeregisteret. Av desse er 60 000 fødde i Noreg, 75 000 er innvandra og 100 000 fekk d-nummer.
Eit oppdatert folkeregister er avgjerande for ei rekkje sentrale samfunnsfunksjonar. Eit godt folkeregister føreset at Skatteetaten får inn korrekte opplysningar frå borgarane og andre instansar, og at endringar vert melde raskt. I 2013 vart resultatmåla for saksbehandlinga nådde for seks av åtte styringsparametrar.
Tabell 5.13 Behandla meldingar i Skatteetaten – resultat
2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|
Innflytting og flytting innanfor kommunen – innan 4 dagar | 72,8 pst. | 70,3 pst. | 77,8 pst. |
Inn- og utvandring – innan 9 dagar | 53,4 pst. | 51,6 pst. | 69,6 pst. |
Skilsmål, separasjon, vigsel og dødsmelding – innan 9 dagar | 68,6 pst. | 69,3 pst. | 64,7 pst. |
Fødsel – innan 20 dagar | 97,7 pst. | 97,9 pst. | 98,1 pst |
Fyrstegongs namnesaker – innan 4 dagar | 92,2 pst. | 93,2 pst. | 93,4 pst |
Prøving av ekteskapsvilkår – innan 14 dagar | 80,6 pst. | 87,5 pst. | 84,5 pst |
Registrering i det norske folkeregisteret er attraktivt for mange, og det er ein fare for at nokon skal tileigna seg fødsels- eller d-nummer på gale grunnlag. Ein god id-kontroll ved melding om innvandring eller rekvisisjon av d-nummer er difor viktig. Skatteetaten omorganiserte og styrkte i 2012 id-kontrollen sin. Den er no samla på 42 skattekontor over heile landet. I 2013 avdekte Skatteetaten 59 falske id-dokument, mot 66 i 2012.
Hovudmål 4: Brukarane skal få god service
Skatteetaten legg stor vekt på å yte god service og gje god informasjon til dei skattepliktige, mellom anna for å sikre høg tillit til skattesystemet og etaten. Etaten har dei siste åra styrkt rettleiinga og servicen overfor skattytarane og er opptatt av korleis ein kan kommunisere på ein god og forståeleg måte med publikum. Dette gjeld både personleg via telefon, i skranken og i dei elektroniske kontaktflatene. Dei siste åra har Skatteetaten prioritert å ruste opp skatteetaten.no, som er etatens hovudkanal for service.
Brukargranskingar
Skatteetaten gjennomfører jamleg brukargranskingar blant privatpersonar og hos næringslivet. Ei brukargransking i 2013 syner at publikum stort sett er nøgd med servicen frå Skatteopplysninga. 77 pst. av skattytarane som har hatt kontakt med Skatteetaten, synast servicen er god.
Skatteopplysninga har òg gjennomført ei kvalitetsundersøking av tenesta for rettleiing. Her vart det til saman stilt 400 spørsmål. Undersøkinga syner ein gjennomsnittleg feilprosent på 12,5 pst. på skattespørsmål frå privatpersonar og 14,5 pst. på spørsmål som gjeld folkeregisteret. Departementet er ikkje nøgd med desse resultata. Skatteetaten har sett i gang tiltak for å betre den faglege kvaliteten i fyrstelinjetenesta.
Fyrstelinjetenesta
Den landsdekkjande telefontenesta Skatteopplysninga fekk i 2013 2,15 mill. oppringingar, ein reduksjon på rundt 10 pst. frå året før. Frå 2012 til 2013 gjekk ventetida ned frå 12 til 6 minutt. Svarprosenten auka med over 10 prosentpoeng, frå 73 pst. i 2012 til 84 pst. i 2013. Skatteetaten arbeider systematisk og målretta med å vere tilgjengeleg for brukarane.
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA)
Ved SUA kan både arbeidsgjevarar og utanlandske arbeidstakarar få rettleiing og behandling av søknader. Frammøtet ved sentra i Oslo, Stavanger og Kirkenes har vore så stor at nordiske borgarar ikkje lenger er i målgruppa for desse sentra. Desse borgarane må vitje dei ordinære kontora til Skatteetaten, Politi, UDI og Arbeidstilsynet. I 2013 vitja nesten 116 000 brukarar SUA, mot om lag 120 000 i 2012 og om lag 103 000 i 2011. Nordiske borgarar er ikkje rekna med i tala. I 2013 utgjorde nordiske borgarar åleine om lag tusen brukarar per månad berre i Oslo.
Skattehjelpa
Skattytarane har rett til informasjon og rettleiing, men behovet for slik hjelp varierer. Skattehjelpa er eit tiltak som er retta mot skattytarar som av ulike årsaker ikkje har vore i stand til å oppfylle sine plikter og vareta sine rettar overfor skattestyresmaktene.
Skattehjelpa arbeider førebyggjande gjennom informasjon og rettleiing og vurderer saker som inneber endring av tidlegare fastsetjing, mellom anna heil eller delvis ettergiving av krav. Skattehjelpa skal særleg prioritere saker med skjønnsfastsette krav (manglande eigendeklarering). Samarbeid med andre styresmakter innan til dømes helsesektoren, rusmiddelomsorga, kriminalomsorga og Nav si rettleiingsteneste er viktig for å treffe den rette målgruppa. I fleire tilfelle kontaktar Skattehjelpa òg skattytar sjølve. Det er etablert særskilde einingar i skatteregionane som har ansvar for å koordinere regionen sitt arbeid på området.
I 2013 tok Skattehjelpa 1 241 saker opp til vurdering. Om lag halvparten av sakene førte til endra fastsetjing eller at krav vart ettergitt.
Ordninga med Skattehjelpa skal evaluerast i 2014. Evalueringa skal mellom anna omfatte målgruppene for ordninga, arbeidsmetodar og ressursbruk. Finansdepartementet vil følgje opp evalueringa av Skattehjelpa og vurdere om ordninga bør styrkjast. Sjå òg omtale i Prop. 94 LS (2013–2014).
Behandling av klager på skatte- og arveavgiftsvedtak
Tabell 5.14 syner talet på klagesaker som er behandla ved skattekontora og i nemndene.
Talet på klager som vart behandla ved skattekontora i 2013, minka med over 10 000 frå 2012. I 2013 vart om lag 91 pst. av klagene på likningsbehandlinga behandla innan 3 månader etter at klaga vart motteken. Dette er over resultatmålet på 90 pst. og ein betring på 4 prosentpoeng frå 2012.
Saksbehandlingstida i Klagenemnda for meirverdiavgift har gjennom fleire år utvikla seg positivt. Ved utgangen av 2013 var 84,9 pst. av sakene til nemnda behandla innan 6 månader. Dette er om lag det same som i 2012 (85,1 pst.), men framleis under målet på 90 pst. Talet på saker som vart behandla i nemndene i 2013 er om lag som i 2012. Saksbehandlingstidene ved klagenemndene må ned. Skatteetaten følgjer opp klagenemndene nøye med sikte på dette. Finansdepartementet sendte 28. april 2014 på høyring framlegg til endringar i klagenemndsordninga på skatte- og meirverdiavgiftsområdet, jf. omtale under Sentrale utfordringar og tiltak.
Tabell 5.14 Tal på behandla klager på skattevedtak
2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|
Behandla av skattekontoret sjølv i 1. instans1 | 87 568 | 92 408 | 81 960 |
Behandla i dei regionale skatteklagenemndene | 3 848 | 3 941 | 3 722 |
Behandla i Riksskattenemnda | 118 | 4 | 5 |
Behandla i Klagenemnda for petroleumsskatt | 45 | 23 | 20 |
Behandla i Klagenemnda for meirverdiavgift | 304 | 281 | 390 |
1 Talet omfattar både saker som er omgjorde etter klage og etter eige initiativ.
Skatteetaten har i 2013 nådd resultatmålet for saksbehandlingstid for klager på arveavgiftsvedtak. 83,9 pst. av klagene vart behandla innan 3 månader, mot høvesvis 63,7 pst. og 77 pst. i 2011 og 2012.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet er stort sett nøgd med resultata i 2013 på fastsetjingsområdet. Kvaliteten på opplysningane som etaten får inn som grunnlag for likninga, vert stadig betre, og grunnlagsdata vert i stor mon rapporterte elektronisk. Dei store produksjonane er gjennomførte til rett tid og med tilfredsstillande kvalitet. Det er fortsatt litt for låg del av dei upersonlege skattytarane og personlege skattytarane som driv næring, som leverer sjølvmeldinga til rett tid.
Departementet er stort sett nøgd med resultata til etaten på kontrollområdet. Frå 2013 har departementet gått bort frå å styre på talet på etterkontrollar og oppgåvekontrollar av meirverdiavgift. Departementet ynskjer å styre etaten meir etter effektmål. Skatteetaten har i 2013 gjennomført færre etterkontrollar og oppgåvekontrollar enn i 2012, men samstundes har gjennomsnittleg avdekka beløp auka. Det er viktig å finne rett balanse mellom kontrolltypane. Departementet er nøgd med at etaten har dreia ressursbruken mot større kontrollar og meir komplekse saker. Departementet er òg tilfreds med at etaten prioriterer arbeidet med skattekriminalitet, og at etaten har sett i gang ei rekkje prosjekter og tiltak på dette området.
Resultata på innkrevjingsområdet er gode, men etaten må framleis følgje opp utviklinga i meirverdiavgiftsrestansane særskilt.
Dei fleste resultata på folkeregisterområdet i 2013 oppfyller måla. Saksbehandlingstida på folkeregisterområdet har dei seinare åra gått ned.
Brukargranskingar syner at publikum gjennomgåande er godt nøgd med rettleiinga frå Skatteopplysninga, og at skattytarane er nøgde med servicen til etaten. Skatteetaten må likevel følgje betre opp at den faglege kvaliteten i fyrstelinetenesta er god. På nokre område må ein få saksbehandlingstida ned, særleg ved klagenemndene.
Med dei virkemidla og ressursane som etaten rår over, vurderer departementet resultata til Skatteetaten for 2013 som gode sett under eitt.
Sentrale utfordringar og tiltak
Overføring av oppgåver til Skatteetaten
Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for ei meir heilskapleg og effektiv skatte- og avgiftsforvaltning. Sjå meir omtale i del I kap. 2.2.
Både Skatteetatens og Toll- og avgiftsetaten sine IKT-system må tilpassast i 2015 slik at Skatteetaten kan overta særavgiftsforvaltninga som planlagd frå 1. januar 2016. Dette gjeld særleg maskinvare- og systemtilpassingar. Det må mellom anna sørgjast for informasjonsutveksling frå Toll- og avgiftsetaten sitt innførslesystem (TVINN) til Skatteetatens system. Kostnaden ved dette arbeidet er vurdert til 30 mill. kroner i 2015, med 20 mill. kroner i Toll- og avgiftsetaten og 10 mill. kroner i Skatteetaten.
Vidare må det i 2015 arbeidast med utgreiing av eit konkret grensesnitt mellom systema til etatane og den framtidige informasjonsflyten mellom dei. Dette må liggje til grunn for systema som skal erstatte dei andre TVIST-systema som ikkje skal overførast til Skatteetaten. Til dette arbeidet er det foreslått avsett 10 mill. kroner til Toll- og avgiftsetaten og 5 mill. kroner til Skatteetaten.
Til dekning av ein del andre, administrative meirkostnader i samband med overføring av oppgåver mellom etatane er det sett av om lag 25 mill. kroner til Skatteetaten og om lag 10 mill. kroner til Toll- og avgiftsetaten.
Til saman vert det foreslått avsett 40 mill. kroner til Skatteetaten sitt arbeid med oppgåveoverføringa i 2015.
Ny IKT-løysing for særavgifter
TVIST-systema omfattar mellom anna Toll- og avgiftsetaten sine system for å fastsetje og krevje inn særavgifter. Stønad og feilretting på dagens teknologiske plattform fell bort ved utgangen av 2018. Bortfall av stønad vil hindre vidareutvikling, tilpassingar og feilretting i systema. Dette vil mellom anna gjere det vanskeleg å tilpasse IKT-systema til endringar i avgiftspolitikken.
Regjeringa har starta eit arbeid for ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning, som mellom anna omfattar å overføre særavgiftsforvaltninga til Skatteetaten, jf. omtale i del 1 kap. 2. Arbeidet skal gje Skatteetaten eit heilskapleg ansvar for alle skattetypar, og skal bidra til ei meir eins forvaltning av alle skattetypar i éin etat. Hovudmåla er ei styrking av arbeidet mot svart økonomi, betre grensekontroll, forenkling for innbyggjarar og næringsliv og redusert ressursbruk.
Som følgje av overføringa av ansvaret for særavgiftsforvaltninga vil òg ansvaret for fornyinga av IKT-systema for særavgifter verte overført til Skatteetaten. Skatteetaten har utarbeidt eit forslag til korleis forvaltninga av særavgiftene kan løysast innanfor systemporteføljen til etaten. Forslaget støttar godt opp under Regjeringas hovudmål for arbeidet med ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning.
På grunn av meir gjenbruk av felleskomponentar er førebels overslag for samla kostnad for prosjektet om lag 200 mill. kroner lågare enn for å utvikle tilsvarande funksjonalitet i Toll- og avgiftsetaten. Skatteetaten sitt arbeid med å konkretisere andre synergiar og gevinstar er ikkje avslutta, og etaten vil halde fram arbeidet med å stadfeste og konkretisere gevinstar i den vidare planlegginga av prosjektet. Gevinstane kjem mellom anna av moglege forenklingar av arbeidsprosessar gjennom automatisering av rutineoppgåver, enklare samhandling med næringsliv og innbyggjarar og auka bruk av digitaliserte tenester, eksempelvis sjølvbetenings- og innsynstenester og elektroniske betalingsløysingar. I tillegg vil arbeidet mot svart økonomi styrkjast gjennom breiare tilfang av informasjon og ei betre analyseplattform.
Det saknas framleis enkelte avklaringar av grensesnittet mellom Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten. På grunn av kort tid frå offentleggjering av Regjeringas planar og behovet for å kome raskt i gang, er prosjektdokumentasjonen førebels på eit overordna nivå og tilfredsstiller ikkje dei krava som vert stilte for å kunne føreslå ei kostnadsramme for Stortinget i Prop. 1 S (2014–2015). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med eit forslag til kostnadsramme når det er eit fullstendig grunnlag for ei avgjerd for prosjektet.
Det er avgjerande med god framdrift i prosjektet i 2015. På bakgrunn av overslag for utgiftsbehovet i 2015 er det avsett 104,8 mill. kroner til Skatteetatens vidare arbeid i 2015 med IKT-løysingar for handtering av særavgifter.
Tiltak mot skatte- og avgiftsunndraging
Skatte- og avgiftsunndragingar råkar fellesskapen og svekkjer grunnlaget for velferdsstaten. Det er dessutan grunn til å tru at omfattande skatte- og avgiftsunndraging i eit samfunn er med på å svekkje den allmenne lojaliteten til skattesystemet. Arbeidet med å redusere omfanget av skatte- og avgiftsunndraging er eit av Skatteetatens viktigaste tiltaksområde.
Ein del av skatte- og avgiftskriminaliteten inngår i meir omfattande og organisert kriminell verksemd. Kriminelle bakmenn og nettverk organiserer ulike former for utnytting av arbeidstakarar. Dette kan vere alt frå meir eller mindre grove brot på arbeidsmiljølova til reint tvangsarbeid og menneskehandel. Skatteetaten har i nokre miljø avdekt utstrakt bruk av falske identitetar, både for å kunne ta arbeidstakarar ulovleg inn i landet og for å kunne kvitvaske pengar. Skatteetaten har også sett mykje bruk av ukorrekte eller falske dokument, stråmenn og bruk av kontante betalingsmiddel for å kvitvaske utbytte.
Forpliktande samarbeid med politiet er heilt sentralt i kampen mot skatte- og avgiftsunndraging. Auka aktivitet over landegrensene, arbeidsinnvandring, fleirnasjonale konsern med verksemder i fleire land, nett-tenester o.a. er med på å gjere sakene som Skatteetaten arbeider med, større og meir innfløkte. Skatte- og avgiftsunndragingane vert vanskelegare å spore, avdekkje og hindre. Internasjonal utveksling av røynsler er difor vesentleg.
I bygg- og anleggsbransjen er det avdekt mykje økonomisk kriminalitet. Seriøse verksemder innanfor bygg og anlegg er utsette for konkurransevriding fordi konkurrentar som nyttar svart arbeidskraft og ikkje betaler skatt og avgift, får urettmessige føremonar. Mange av desse problema har ein òg avdekt i reinholdsbransjen. Skatteetaten følgjer opp desse bransjane særskilt.
Meirverdiavgiftssystemet byggjer i stor mon på tillit mellom styresmaktene og næringslivet. Dei næringsdrivande deklarerer sjølve den avgifta som skal betalast inn eller refunderast frå statskassa. Både i utlandet og i Noreg vert det kvart år avdekt omfattande svindel med meirverdiavgifta. Analysar syner òg at det er feil- og underrapportering av omsetnaden i kontantintensive bransjar. Skatteetaten vil framover ha målretta tiltak som kan avdekkje skatte- og avgiftsunndraging i utsette bransjar. Utviklinga dei siste åra syner at svindelmetodane har vorte meir avanserte og omfattar bruk av spesialtilpassa teknologi. Ein rapport frå ei arbeidsgruppe i Skattedirektoratet som kom med framlegg til regelverk om kassasystem, var på høyring i 2012. Framlegget vart i august 2013, i samsvar med krava i EØS-høyringslova, også sendt på høyring i EØS-området. Saka er no til behandling i departementet.
Det er viktig at Skatteetaten samarbeider med politi og andre kontrolletatar for å få eit sams og heilskapleg trugselbilete. Dette vil vere eit utgangspunkt for sams operative tiltak. Det er òg viktig for etaten å vere tidleg ute med målretta val av andre verkemiddel, til dømes regelutvikling, metode- og kompetanseutvikling og informasjon for å oppnå mest mogleg korrekt skatte- og avgiftsutrekning. På område der det har vorte avdekt store unndragingar, vert det arbeidd med å analysere omfang, årsaker og kjenneteikn. Bransje- og temakontrollar har synt seg effektive og får ofte stor merksemd. Dei verkar allmennpreventivt. Skatteetaten skal difor halde fram med desse kontrollane og auke omfanget av førebyggjande tiltak.
Skatteetaten har i 2014 delteke i eit prøveprosjekt i Bergen saman med Arbeidstilsynet for å styrkje samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet, jf. omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Arbeids- og sosialdepartementet. Prøveprosjektet inneber mellom anna at personell frå båe etatar arbeider saman om saker mot dei same aktørane i arbeidslivet. For 2015 er det sett av 8,3 mill. kroner kvar til Skatteetaten, Politiet og Arbeidstilsynet for å vidareutvikle samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet.
Den landsdekkjande ordninga med bistandsrevisorar skal medverke til effektiv etterforsking i melde skatte- og avgiftssaker. Ordninga inneber at skatterevisorar yter politiet bistand i behandlinga av slike saker. Det operative samarbeidet med politiet bør utviklast vidare.
Det er viktig at dei kriminelle ikkje får økonomisk vinst av handlingane sine. Skatteetaten prioriterer difor å sikre og krevje inn uteståande skatte- og avgiftskrav. Skatteetaten vil ha merksemda retta mot bakmenn og medhjelparar som har medverka til skatte- og avgiftskriminalitet, mellom anna ved å melde dei til politiet og å fremje erstatningskrav når det er grunnlag for dette.
Mange unndragingar skjer gjennom bruk av såkalla skatteparadis og gjennom ulovleg flytting av skattefundament ut av landet. For å førebyggje og avdekkje skatte-, avgifts- og tollunndraging følgjer Skatteetaten, saman med Toll- og avgiftsetaten, straumen av pengar, varer og tenester inn og ut av landet. Det er no etablert gode informasjonsutvekslingsavtalar med dei fleste såkalla skatteparadisland. Det vil snart ligge føre eit komplett nettverk av slike avtalar som Skatteetaten vil bruke i kontrollverksemda. Arbeidet med internprising og Skatteetatens e-handelsprosjekt er viktige delar av satsinga på dette området, jf. omtalen nedanfor om internasjonalt arbeid.
Skatteetaten samarbeider med ei rekkje arbeidslivs- og bransjeorganisasjonar, mellom anna gjennom «Samarbeid mot svart økonomi». Dette fremjar seriøsiteten i næringslivet og får fleire til å følgje reglane. Samarbeidet held fram i 2015. Det same gjeld samarbeidet med Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) og Revisorforeininga.
Ny klagenemndsstruktur på området for skatt og meirverdiavgift
Departementet føreslår ei samla klagenemnd for skatt og meirverdiavgift, «Skatteklagenemnda». Skatteklagenemnda skal dekkje heile landet og kjem i staden for dei fem regionale skatteklagenemndene vi har i dag, skatteklagenemndene ved Sentralskattekontoret for storbedrifter og Sentralskattekontoret for utanlandssaker, samt Klagenemnda for meirverdiavgift. Forslaget har vore på høyring, og det er i Prop. 1 LS (2014–2015) gjort framlegg til lovendringar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2014–2015).
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar
I Bergen vert det i 2015 etablert eit nytt servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA). Senteret er eit samarbeid mellom Skatteetaten, politiet, Utlendingsdirektoratet og Arbeidstilsynet. Det er sett av 2,2 mill. kroner til Skatteetaten til dette senteret.
Uførereforma – overgangsreglar
Departementet foreslår at det i samband med uførereforma vert gjeve overgangsreglar for utvalde grupper, jf. omtale i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015. Ordninga vil komplisere forskots- og likningssystema og gje risiko for feil, både ved berekninga av skattefrådraget og ved likninga av andre skattytarar. Truleg vil det òg verte stor pågang frå skattytarar som ynskjer informasjon om overgangsreglane og eventuelle konsekvensar for eiga likning. Det er for 2015 sett av 12 mill. kroner til mellom anna naudsynte systemendringar.
Kvalitet på register og grunnlagsdata
Betre og fleire grunnlagsdata gjer det lettare å fastsetje skattane rett. Skatteprovenyet vert rettare, og rettstryggleiken til skattytarar aukar. I tillegg kjem samfunnsmessige vinstar ved at meir førehandsutfylling av sjølvmeldinga gjer arbeidet lettare for skattytarane, og at fleire kan nytte leveringsfritak. Gode register, både etatens eigne og dei som andre forvaltar, er heilt avgjerande for å få gode resultat på både skatte- og avgiftsområdet og på folkeregisterområdet. Skatteetaten vil halde fram med å heve kvaliteten på grunnlagsdata og på eigne register.
I 2013 skreiv Noreg under på ein avtale med USA om standardisert og automatisk utveksling av informasjon på det finansielle området (FATCA). FATCA-avtalen har verknad frå 30. juni 2014 med fyrste rapportering frå finansnæringa til Skatteetaten i mai 2015. I 2015 må Skatteetaten vere klar til å ta i mot informasjon frå dei som er pliktige til å rapportere i samsvar med FATCA, og sende informasjonen vidare til USA. Skatteetaten og finansbransjen sine organisasjonar må saman ta eit ansvar for at finansbransjen skal greie å oppfylle dei krava som FATCA set til å identifisere rapporteringspliktige kontoar og til at riktig informasjon vert rapportert.
Noreg har, som eit av 44 land, meldt at dei vil vere med og setje i verk «Common Reporting Standard» (CRS) med verknad frå inntektsåret 2016. CRS er ein standardisert datautveksling av finansopplysningar mellom avtalepartane. Avtalane vil gje Skatteetaten gode kontrollopplysningar og vil vere viktige for å førebyggje og avdekkje skjulte inntekter og formue i utlandet. I 2015 vil Skatteetaten utarbeide planar for utvikling av IT-løysing for å kunne ta i mot og distribuere informasjon i samsvar med CRS og for å kunne nytte den informasjonen Skatteetaten tek i mot. Naudsynte endringar i regelverket som følgjer av CRS, må òg på plass i løpet av 2015. Skatteetaten og Finanstilsynet vil medverke til informasjon til næringa, klåre reglar og gode prosessar slik at belastninga på næringa kan minskast.
Avtalane som Noreg inngår om utveksling av informasjon, vil utvide grunnlaget for eit systematisk arbeid for å avdekkje manglande etterleving. Skatteetaten må planleggje og utvikle IT-løysingar og prosessar som effektivt kan nytte denne informasjonen. Rapporteringsløysinga for FATCA skal utviklast av MAG-prosjektet – sjå omtale nedanfor.
Internasjonalt arbeid
Kontrollar har synt at stadig fleire unndragingar har tilknyting til utlandet. Skatteetaten legg difor stor vekt på samarbeid med andre skatteadministrasjonar. Dei nordiske skatteadministrasjonane samarbeider godt. Skatteetaten samarbeider òg med skattestyresmaktene i andre land, mellom anna om utveksling av kontrollopplysningar om formue og inntekt og innkrevjing av skatte- og avgiftskrav. Etaten tek òg aktivt del i arbeidet i OECD og Samarbeidsorganisasjon for europeiske skatteadministrasjonar (IOTA).
Dei seinare åra er det teke store steg i retning av større openheit og utveksling av informasjon mellom skatteadministrasjonane. Det er gjort eit omfattande arbeid med skatteavtalar og avtalar om informasjonsutveksling for at Skatteetaten skal få innsyn i internasjonale transaksjonar og disposisjonar som er viktige for norsk skattlegging. Noreg har per i dag skatteavtalar med 87 land og 41 avtalar om informasjonsutveksling med såkalla skatteparadis. I tillegg har etaten administrativt skattesamarbeid med fleire land gjennom ein nordiske bistandsavtale og ein multilateral avtale om gjensidig administrativ bistand i skattesaker som er utarbeidd av OECD og Europarådet. Målet er å inngå slike avtalar med alle land der norske skattytarar kan gøyme midlar utan å skatte av dei. Avtalane verkar førebyggjande og vil vere til nytte for å hente inn relevante opplysningar i einskildsaker.
Dei siste åra er det òg teke store steg internasjonalt for auka automatisk utveksling av informasjon om finansielle kontoar, jf. avsnitt ovanfor om kvalitet på register og grunnlagsdata.
Riksprosjekt
På utvalde område der det krevst langvarig og systematisk innsats for å auke etterlevinga, har Skatteetaten organisert arbeidet i såkalla riksprosjekt. Riksprosjekta skal gje meir lik behandling, sams kompetanseutvikling og ei samla prioritering av kontrollinnsatsen på området. Prosjekta er nasjonale, men vert leidde og samordna av ein av skatteregionane. Det er etablert riksprosjekt på områda «fisk», «elektronisk handel», «internprising», «finans» og «transaksjonar mellom nærståande».
Kunnskap basert på forsking
Kunnskap og forsking er viktig for Skatteetatens verksemd. I tillegg til etaten sitt eige analysemiljø, har Skatteetaten eit nært samarbeid med eksterne forskingsmiljø. Kunnskap som byggjer på forsking på skatt og etterleving av skatteregelverk er viktig for samfunnet og for det arbeidet Skatteetaten gjer for å halde ved lag den høge etterlevinga i Noreg. Skatteetaten ynskjer å vere ein profesjonell samarbeidspartnar for forskingsmiljøa og søkjer å integrere relevant forsking i utviklinga av tenestene sine. Noregs handelshøgskules (NHH) senter for skatteforsking får finansiering frå mellom anna Skatteetaten og det skatteøkonomiske forskingsprogrammet til Noregs forskingsråd. Skatteetaten samarbeider òg med skatteadministrasjonane i dei nordiske landa for å utveksle røynsler.
Modernisering av folkeregisteret
Skattedirektoratet vil modernisere folkeregisteret slik at det betre kan møte behova i samfunnet, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Viktige område i denne samanhengen er aukande migrasjon, ID-kriminalitet, overgang til digital kommunikasjon og ei meir effektiv samhandling innanfor offentleg sektor og med private verksemder. Skattedirektoratet har i 2013 utarbeidd ein forstudierapport som handlar om ulike sider ved eit moderniseringsarbeid. Skattedirektoratet har òg greidd ut ulike konsept for val av framtidig personindikator/nytt personnummer.
Riksrevisjonen har påpeikt låg kvalitet på dei opplysningane som er i d-nummerdatabasen. Skattedirektoratet arbeider med moglege tiltak for å auke kvaliteten. Det er òg sette i gang eit formalisert arbeid mellom fleire departement om heilskapleg identitetsforvaltning i Noreg.
Modernisering av grunnlagsdata (MAG)
Dagens mange grunnlagsdatasystem i Skatteetaten skal byttast ut med eitt sams grunnlagsdatasystem, jf. Prop. 1 S (2011–2012). Grunnlagsdata er tredjepartsopplysningar som Skatteetaten får inn frå næringslivet, til dømes bankar og arbeidsgjevarar, og frå offentleg forvaltning. For Skatteetaten vert det ei stadig større og viktigare oppgåve å leggje til rette for at informasjonen som vert henta inn, er fullstendig og av god kvalitet. MAG vert grunnstammen i etatens løysingar for elektronisk innhenting av informasjon frå næringslivet. Den nye systemløysinga vert mellom anna eit viktig fundament for nye fellestenester for arbeidsgjevarane ved realiseringa av a-ordninga – sjå omtalen nedanfor.
Den fyrste ordninga i MAG vart sett i drift vinteren 2013. Ordninga omfattar mottak av opplysningar om innskot, utlån og rente frå bankar og finansinstitusjonar. I 2014 vart det sett i drift rapportering for taxi, gåver, tilskott, kontrolloppgåver frå primærnæringa og pass og stell av barn. I 2015 er det planlagt å innføra rapportering frå bustadselskap og bustadsameige. Med unntak av fire ordningar, vil dei attståande ordningane verte utvikla i 2015 og tekne i bruk i 2016. Ein av grunnane til at fire ordningar vert teken ut av MAG-prosjektet, er at rapporteringsløysinga for FATCA (den avtalte automatiske utvekslinga av opplysningar om finansielle produkt mellom Noreg og USA) skal utviklast av MAG-prosjektet og verte ein del av grunnlagsdatarapporteringa til Skatteetaten. Endringa vil ikkje endre kostnadsramma til prosjektet.
I 1. halvår 2014 er uvissa i MAG-prosjektet analysert. Usikkerhetsomstende som påverkar gjennomføringa, er identifisert og vurdert. For 2015 er det sett av 55,4 mill. kroner til utviklinga av eit nytt sams grunnlagsdatasystem. Den prisjusterte kostnadsramma for perioden 2012–2016 for prosjektet er 233,8 mill. kroner inkl. mva og 218,5 mill. kroner eks. mva. I tillegg kjem 29 mill. kroner som er den berekna ressursbruken til Skattedirektoratets linjeorganisasjon i prosjektet. MAG-prosjektet skal utvikle funksjonalitet for innrapportering etter «lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m.» (a-opplysningslova). Det arbeidet kjem i tillegg og vert finansiert gjennom løyvinga til EDAG-prosjektet.
Ny sams ordning for rapportering frå arbeidsgjevarane av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. (a-ordninga/EDAG-prosjektet)
I 2012 vart det vedteke å innføre ei ny sams ordning for rapportering frå arbeidsgjevarane av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Statistisk sentralbyrå (SSB), jf. Prop. 111 S (2011–2012) og lovframlegg i Prop. 112 L (2011–2012). Ordninga er omtalt som a-ordninga etter a-opplysningslova. Målet med ordninga er å samkøyre informasjonskrava frå styresmaktene til arbeidsgjevaren i ei sams ordning og gjere det lettare for arbeidsgjevaren å oppfylle opplysningsplikta si. Det er planlagt å setje ordninga i verk i januar 2015. Sjå tidlegare omtalar av ordninga i Prop. 1 S (2011–2012) og Prop. 1 S (2012–2013).
Ordninga vedkjem regelverka og ansvarsområda til ulike etatar, og ho er difor forankra i ei særskild lov (a-opplysningslova) som gjer regelverket lett tilgjengeleg for arbeidstakarar og mottakarar av løn, pensjon m.m. Lova vil regulere opplysningsplikta til arbeidsgjevaren, forvaltinga av ordninga og måten etatane hentar inn opplysningar på. Forskrift om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningsforskrifta) vart fastsatt 24. juni 2014.
Hausten 2012 sette Skatteetaten, Nav og SSB i gang EDAG hovudprosjekt. Føremålet med prosjektet er å utforme og gjennomføre a-ordninga. Skattedirektoratet har det overordna ansvaret for at EDAG hovudprosjekt vert gjennomført på ein god måte. Hovudprosjektet omfattar utviklingsarbeid og tilrettelegging av innføringa, etatsvise mottaksprosjekt, skiping av eit sams forvaltningsapparat og det fyrste året med drift i 2015. I 2015 skal ein gjennomføre sjølve innføringa av a-ordninga og sørgje for eit velfungerande forvalting gjennom oppretting av Etatenes felles forvaltning (EFF).
I 1. halvår 2014 er uvissa i EDAG-prosjektet analysert. Usikkerhetsomstende som påverkar gjennomføringa, er identifisert og vurdert. Den største risikoen i prosjektet gjeld leverandørane av løn- og personalsystem si evne til å lage gode systemløysingar innanfor tilgjengeleg tid, og dei opplysningspliktige si evne til å tilpasse seg den nye ordninga. Det er satt i verk fleire tiltak for å redusere risikoen.
Den prisjusterte kostnadsramma for perioden 2012–2015 for prosjektet er på 619,0 mill. kroner inkl. mva og 596,4 mill. kroner eks. mva, medrekna ei uvisseavsetning på 143,9 mill. kroner inkl. mva. Uvisseavsetninga heng særleg saman med at prosjektet er innfløkt og involverer fleire etatar.
I 2015 skal prosjektet gjennomføre innføringa av a-ordninga, og sørgje for ein vel fungerande forvaltning gjennom opprettinga av Etatanes felles forvaltning (EFF). I samband med analysen av uvissa i EDAG-prosjektet vart MAG- og EDAG-prosjekta sin del av ny, modernisert driftsplattform vurderte. Det vart konkludert med at MAG-prosjektet bør bere ein større del av kostnadene ved etablering av plattforma. Dette gjev ikkje endringar i dei totale kostnadsrammene til prosjekta. Eksklusiv meirverdiavgift er det satt av 189,1 mill. kroner til EDAG-prosjektet i 2015, og av dette gjeld 179,1 mill. kroner Skatteetaten. Medrekna meirverdiavgift er tala høvesvis 205,2 og 195,2 mill. kroner.
Modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning (SOFUS)
Skatteetaten starta i 2014 arbeidet med å modernisere prosessen og systema for forskotsutskriving og skatteutrekning. Desse systema er gamle, og faren for feil i utrekningane har auka. Dessutan er det ressurs- og kostnadskrevjande å forvalte systema, og teknologiplattforma er utdatert. SOFUS-prosjektet er ein del av eit større arbeid med å fornye skattleggjingsprosessen og leggje til rette for den nye skatteforvaltningslova.
Moderniseringa skal sikre løpande skatteberekning og vise skattytarane dei skattemessige fylgjene av endring i inntekt, frådrag og verde. Dette vil kunne styrkje rettstryggleiken og dialogen med skattytar både ved berekning av forskot og ved skatteoppgjeret. Prosjektet skal gjennom moderniseringa av systemløysingane tryggje løpande produksjon, betre endringsevna og gje redusert vekst i forvaltningskostnadene.
Kostnadsramma i perioden 2014–2017 for prosjektet er 291,2 mill. kroner inkl. mva og 249,8 mill. kroner eks. mva, jf. Prop. 1 S (2013–2014). Prosjektet vil òg ha nokre aktivitetar i 2018, men dette vil ikkje påverke den totale kostnadsramma. Eksklusive meirverdiavgift er det i 2015 sett av 44,6 mill. kroner til arbeidet. Medrekna anslått meirverdiavgift er beløpet 53,7 mill. kroner.
Forenkla sjølvmelding for næringsdrivande med enkle skatteforhold
Skatteetaten skal utvikle ei ny, forenkla sjølvmelding for næringsdrivande med enkle skatteforhold, jf. omtale i Prop. 1 S (2013–2014). Det er rekna med at om lag 200 000, eller ein tredel av alle næringsdrivande, kan nytte ei slik sjølvmelding. Om lag 110 000 av desse nyttar i dag papir eller portalløysinga til Altinn og er hovedmålgruppa for den nye løysinga. Mange av dei som i dag bruker årsoppgjørsprogram eller rekneskapssystem til rapporteringa, kan òg få glede av ei enklare sjølvmelding.
Det er grunn til å tru at verksemder som kan nytte den forenkla sjølvmeldinga, kan få monaleg lågare administrative kostnader. Ei forenkla sjølvmelding vil gje færre feil, raskare behandling og etter kvart truleg redusert ressursbehov i likningsbehandlinga. Den alternative sjølvmeldinga er det fyrste steget i arbeidet med ei fullstendig fornying av sjølvmeldinga for alle grupper næringsdrivande. Kostnadsramme for prosjektet er 51,7 mill. kroner. Det er i 2015 rekna med 10,3 mill. kroner inkl. mva, medan det på kap. 1618, post 22, er sett av 8,4 mill. kroner eks. mva.
Metadataløysing for elektronisk samhandling
For å få til meir elektronisk samhandling i åra framover må offentlege verksemder ha eins data- og omgrepsdefinisjonar (metadata). Inntil vidare nyttar ein SERES (semantikkregisteret for elektronisk samhandling) som løysing for informasjonsforvaltning for tenester i Altinn. Dette arbeidet vert leidd av Brønnøysundregistra. Skatteetaten bidreg i arbeidet. Sjå elles omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Nærings- og fiskeridepartementet.
I 2015 vil Skatteetaten arbeide vidare med informasjonsforvaltning gjennom å utvikle og utbetre etaten sin informasjonsmodell GMS (Generisk Metamodell Skatt). Etaten vil halde fram med å byggje kompetanse på fagfeltet.
Nytt analysesystem for gassalsavtalar (SAGA)
Ved behandlinga av Prop. 126 LS (2009–2010) Endringar i skatte- og avgiftsreglene mv., vart det innført ei føresegn i petroleumsskattelova som pålegg petroleumsselskapa å gje Oljeskattekontoret opplysningar om sal av gass frå norsk sokkel. Føremålet er å hjelpe Skatteetaten i arbeidet med å kontrollere at gassen er verdsatt til marknadsverdi, jf. skattelova § 13-1. Lovendringa med forskrift tok til å gjelde 1. juli 2012.
Skatteetaten starta difor i 2011 å utvikle ei analyseløysing som gjev betre oversikt over og grunnlag for å analysere utvinningsselskapa sine gassalsavtalar. Utviklinga av løysinga er planlagt gjennomført i to fasar. Løysinga for å rapportere inn tilhøyrande analysegrunnlag (fase ein) vart sett i produksjon i 2012. Etter at ein har fått røynsle med å hente inn og analysere denne typen data tek fase to til i fyrste kvartal 2015. I fase to vil ein mellom anna vurdere om dataformatet bør endrast for å betre datakvaliteten og forenkle rapporteringa for selskapa. Ein vil òg vurdere moglege forbetringar av analysane. Prosjektet er planlagt avslutta i 2015, eitt år etter den opphavelege planen. Sjå òg Prop. 1 S (2012–2013).
Elektronisk samhandling ved tvangsfullføring – Statens innkrevjingssentral
Statens innkrevjingssentral har utarbeidd ei løysing for elektronisk samhandling (elektroniske sendingar) mellom alminnelege namsmenn og større inkassobyrå i samband med kravsmål og forliksklagar, jf. orienteringa i Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Løysinga gjev gevinstar for staten, mellom anna kortare registreringstid, raskare innkrevjing, betre kvalitetssikring og færre feilregistreringar, lågare portoutgifter og fjerning av fysisk arkiv. Inkassobransjen får mindre utgifter til porto og papir når han går over til elektronisk registrering.
Sjølv om det er eit stort potensial for effektivisering med elektronisk samhandling, har det vist seg at dette tek tid då inkassobyråa må gjere store endringar i datasystema sine for at saksbehandlinga skal verte digital. Dette har forseinka innføringa. Arbeidet med å få fleire inkassobyrå til å nytte tenesta vil halda fram i 2015.
Elektroniske tenester – Statens innkrevjingssentral
Statens innkrevjingssentral (SI) starta i 2010 eit omfattande arbeid med å utvikle elektroniske tenester på nett. Forvaltninga skal leggje til rette for at borgarane vil velje digitale løysingar i møte med det offentlege. SI har med utgangspunkt i dette utvikla ein ny nettstad der brukarane kan få effektiv og funksjonell sjølvbetening, og råd og rettleiing som er tilpassa deira situasjon. I utviklinga av dei digitale tenestene har det vore viktig for SI å setje brukarbehova i sentrum. I 2012 fekk SI prisen for brukarvennlegheit frå Den norske dataforening for arbeidet med nettstaden. I 2013 fekk SI sølv i Farmandprisen for beste offentlege nettstad, og vart kåra til «årets rakett» av Difi.
Dei elektroniske tenestane på nett er laga for både debitorar (skyldnarar) og kreditorar (oppdragsgjevarar). SI skal òg lage tenester for trekkpliktige (arbeidsgjevarar og Nav). I tillegg skal det lagast opne tenester for borgarane. Tenestene for kreditorar vart sette i drift i november 2013. Arbeidet med å utvikle tenestene både for debitorar og kreditorar held fram i 2014 og 2015.
SI vil i samarbeid med Politidirektoratet og alminneleg namsmann (AN) i 2014 og 2015 greie ut digitalisering av AN sine tenester.
Mål og budsjett 2015
Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Skatteetaten for 2015:
Skattane skal fastsetjast rett og til rett tid
Skattar og andre krav skal betalast til rett tid, og innkrevjast effektivt
Folkeregisteret skal ha høg kvalitet
Brukarane skal få god service
Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgde for at det er operasjonelle risikoar som det kan vere for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vere medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.
Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Skatteetaten i samband med utforminga av tildelingsbrev til etaten for 2015. På bakgrunn av overføringa av oppgåver til Skatteetaten som det er gjort greie for i del I pkt. 2.2, skal etaten i 2015 arbeide vidare med å utvikle målstrukturen.
Resultata i 2015 skal jamt over vere minst like gode som resultata i 2013, jf. omtalen ovanfor, der det mellom anna går fram kva som er satsingsområde og område som kan betrast.
Skatteetaten arbeidar jamt med å løyse oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel eit urealistisk mål. I praksis må etaten vege kvalitet mot effektivitet.
Prosessen med overføring av oppgåver til Skatteetaten er krevjande. Av røynsle er det då risiko for at slike prosessar i ein overgangsperiode kan påverke oppgåveløysinga. Ein kan ikkje fullt ut gardere seg mot noko svakare resultat for ei tid og på einskilde område.
Budsjettramma for Skatteetaten er sett til 5 466,6 mill. kroner i 2015. Det er ein auke på om lag 6,9 pst. frå saldert budsjett 2014. Auken kjem særleg av høgare investeringar og innlemming av Statens innkrevjingssentral i Skatteetaten, medan innføring av nettoordning for meirverdiavgift reduserer løyvingsbehovet her.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr m.m. Posten omfattar òg utgifter til rekneskapsføring, innkrevjing og kontroll av skatt frå oppdrags- og arbeidstakarar som er skattepliktige i Noreg, men som ikkje har tilknyting til nokon kommune. Posten dekkjer mellom anna drift og forvalting av IT-systema til etaten, tiltak mot svart økonomi og skattekriminalitet og arbeid med utanlandske arbeidstakarar. For 2015 er det gjort framlegg om å løyve 4 877,6 mill. kroner under post 01. Det er ein auke på om lag 7,4 pst. Auken kjem særlig av at driftsutgifter for Statens innkrevjingssentral er lagt til og av løns- og prisjustering.
Skatteetaten har nokre inntekter frå sal av tenester til andre statsinstitusjonar og kommunar, og ein del andre inntekter. Fordi det er uvisst kor store inntektene vil vere, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 03 Andre inntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Statens innkrevjingssentral har utgifter til tenester for eksterne oppdragsgjevarar. Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 02 Andre refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 21 Særlege driftsutgifter
Posten omfattar Skatteetatens utgifter til innkrevjing av meirverdiavgift m.m., Skatteetatens del av dei kommunale skatteoppkrevjarane sine utgifter til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt og trygdeavgift, og kostnader med tvangsforretning, tinglysing og garantistilling. For 2015 er det gjort framlegg om å løyve 157,7 mill. kroner under post 21.
Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast
Posten omfattar mellom anna løyving til etaten sitt arbeid med utvikling av sams grunnlagsdatasystem (MAG), EDAG hovudprosjekt og modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning. Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2015 er det gjort framlegg om å løyve 323,6 mill. kroner under post 22.
For desse investeringsprosjekta kan det trengast avtalar som går utover budsjettåret. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak V.2.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar ei avsetning til IT-føremål, medrekna utgifter til større IT-utskiftingar i etaten. Posten kan òg brukast til vedlikehald av programvara til etaten. For 2015 er det gjort framlegg om å løyve 104,6 mill. kroner under post 45.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å tinge for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 35 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Post 70 Tilskot
Posten omfattar tilskot til Senter for skatteforsking ved Noregs handelshøgskule i Bergen, jf. omtale ovanfor. For 2015 er det gjort framlegg om å løyve 3,1 mill. kroner under post 70.
Kap. 4618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 63 971 | 82 000 | 67 000 |
02 | Andre refusjonar | 42 500 | ||
03 | Andre inntekter | 47 438 | 25 800 | 45 000 |
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 38 989 | 28 000 | 40 000 |
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 2 007 | 1 500 | 2 000 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 1 302 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 34 787 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 150 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 84 081 | ||
85 | Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning | 240 000 | ||
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 300 000 | ||
87 | Trafikantsanksjonar | 70 000 | ||
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 200 000 | ||
89 | Gebyr for regelbrot | 100 | 2 500 | |
Sum kap. 4618 | 272 725 | 137 400 | 2 009 000 |
Postane 02, 85, 86, 87 og 88 var tidlegare på kap. 4634 Statens innkrevjingssentral. Inntektene på desse postane er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Særleg har straffekrav frå politi og domstolar variert mykje frå år til år.
Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr
Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av dei alminnelege namsmennene, og staten sin del av dei refusjonane som skatteoppkrevjarane får inn frå debitorane, jf. kap. 1618, post 21.
Post 02 Andre refusjonar
Posten (tidlegare kap. 4634, post 02) omfattar refusjonar for utgifter verksemda ved Statens innkrevjingssentral har til tenester for oppdragsgjevarane. Det gjeld fyrst og fremst innkrevjing av misleghalden kringkastingsavgift.
Post 03 Andre inntekter
Posten (tidlegare post 02) omfattar mellom anna refusjonar for datatenester som er utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar.
Skatteetaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen som det her er mellom utgifter og inntekter, vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.2.
Post 05 Gebyr for utleggsforretningar
Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som skattekontora utfører sjølve.
Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner
Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skattedirektoratet og skattekontora.
Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning
Posten (tidlegare under kap. 4634) omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning.
Post 86 Bøter, inndragingar m.m.
Posten (tidlegare under kap. 4634) omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnader.
Post 87 Trafikantsanksjonar
Posten (tidlegare under kap. 4634) omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.
Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret
Posten (tidlegare under kap. 4634) omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr ilagde av Rekneskapsregisteret.
Post 89 Gebyr for regelbrot
Posten (tidlegare post 85) omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast» arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste. Nye lovføresegner om plikt til å ha personalliste gjeld frå 1. januar 2014. Inntektene i 2015 her er særs uvisse sidan det ved budsjetteringa berre låg føre rekneskapstal for få månader i 2014.
Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet vart det for 2013 gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner. Ved utgangen av 2013 låg det føre slike tilsegner for vel 9,8 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten, post 01 Driftsutgifter og kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter. Vidare har skatteoppkrevjarane etter § 4-6 i skatteoppkrevjarinstruksen høve til å gje tilsegn om opp til 0,5 G til dekking av utgifter til vidare bubehandling. Tilsegna kan utvidast til opp til 1 G etter godkjenning frå skattekontoret. Når det er ein skatteoppkrevjar som gjev tilsegna, vert utbetalinga skuldskriven skatterekneskapen. Tilsegner frå skatteoppkrevjarane er ikkje omfatta av rapporteringa her.
Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadene. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjeven med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer tilhøvet privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.
Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekning av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekning i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.
Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2015 ved å gje Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 23,9 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VIII. Finansdepartementet vil fordele fullmakta mellom dei to direktorata.
Tabell 5.15 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tilsegner | |
Samla ansvar per 1. januar 2013 | 9 826 |
Nye tilsegner i 2013 | 3 609 |
Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i avslutta bu | – 487 |
Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje avslutta bu | – 838 |
Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu | -4 246 |
Samla ansvar per 31. desember 2013 | 7 863 |
Fullmakt til nye tilsegner i 2014 | 8 000 |
Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2015 | 8 000 |
Framlegg til samla fullmakt i 2015 for nye og gamle tilsegner | 23 863 |
Programkategori 23.30 Offisiell statistikk
Utgifter under programkategori 23.30
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
1620 | Statistisk sentralbyrå | 733 733 | 743 400 | 743 000 | -0,1 |
Sum kategori 23.30 | 733 733 | 743 400 | 743 000 | -0,1 |
Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 542 654 | 524 900 | 523 500 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 188 063 | 208 300 | 210 900 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 3 016 | 10 200 | 8 600 |
Sum kap. 1620 | 733 733 | 743 400 | 743 000 |
Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret for å dekkje behovet for statistikk om det norske samfunnet og driv omfattande forskingsverksemd. Offisiell statistikk dekkjer dei fleste samfunnsområde og gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Statistikk er eit viktig grunnlag for planlegging og styring.
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå er regulerte i statistikklova og omfattar
å kartleggje og prioritere behova samfunnet har for offisiell statistikk
å samordne statistikk som vert utarbeidd av forvaltningsorgana
å utvikle statistiske metodar og nytte statistikken til analyse og forsking
å gje opplysningar til statistisk bruk for forskingsføremål og offentleg planlegging
å ha det norske hovudansvaret for internasjonalt statistisk samarbeid
Statistikklova slår fast at Statistisk sentralbyrå er ein fagleg uavhengig institusjon som administrativt er underlagd Finansdepartementet. Sjølvstendet i høve til styresmakter og interessegrupper er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha. Høg kvalitet i statistikken er ein berebjelke i omdømet til Statistisk sentralbyrå. Kvalitet, datatryggleik og personvern er avgjerande føresetnader for tillit hos oppgåvegjevarane og intervjuobjekta, og dermed for verksemda til Statistisk sentralbyrå.
Deltaking i internasjonalt statistisk samarbeid legg sentrale føringar på verksemda i Statistisk sentralbyrå. Deltakinga er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og gjer han lettare å samanlikne med internasjonal statistikk. Den europeiske statistikklova, som inneheld retningsliner for utvikling, produksjon og formidling av europeisk statistikk, er gjort gjeldande i norsk rett. Saman med FNs grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til Statistisk sentralbyrå.
Statistisk sentralbyrå deltar òg i det internasjonale utviklingssamarbeidet for statistikk.
Organisering
Statistisk sentralbyrå prioriterer arbeid som gjev meir effektiv drift av verksemda og betra statistikkproduksjon. Talet på tilsette er redusert med vel 100 frå 2010 til 2013, utan at det har påverka produksjonen. Ved utgangen av 2013 hadde verksemda 912 tilsette, og av dei jobba 561 i Oslo og 351 på Kongsvinger. Statistisk sentralbyrå hadde dessutan 174 intervjuarar. Utanom intervjuorganisasjonen svarer bemanninga per 1. mars 2014 til 850 årsverk.
Departementet understreker at meir effektiv bruk av ressursar er naudsynt for at Statistisk sentralbyrå også i tida framover skal kunne løyse sine oppgåver på ein god måte. Den pågåande standardiseringa av statistikkproduksjonen og andre IKT-satsingar dei siste åra bør gje grunnlag for effektiviseringsgevinstar i verksemda. Ei generell effektivisering bør kunne gje grunnlag for å auke kvaliteten på, og omfanget av, den samla produksjonen av statistikk, også innafor strammare rammer for statsoppdraget. Ein legg til grunn at Statistisk sentralbyrå bruker dei moglegheiter som ligg føre for å nå ei god måloppfylling.
Med heimel i statistikklova peiker Finansdepartementet ut styret for Statistisk sentralbyrå for periodar av normalt fire år. Nytt styre vart utpeika 1. januar 2014. I styret sit leiaren, nestleiaren og fem ordinære medlemer, mellom anna ein representant for dei tilsette. I tillegg har styret tre varamedlemmer. Det er laga ein ny instruks til styret. Instruksen gjeld frå 1. januar 2014.
I samsvar med statistikklova fører styret alminneleg tilsyn med utviklinga i offisiell statistikk og med verksemda til Statistisk sentralbyrå. Styret handsamar og godkjenner strategiar og planar for verksemda etter framlegg frå administrerande direktør. Styret handsamar og godkjenner årsrapporteringa og budsjettframlegga, og legg årsrapporten fram for departementet med ei særskild fråsegn frå styret. Styret skal òg sjå til at verksemda har tilfredsstillande intern kontroll.
Statistikkrådet er eit rådgjevande organ for Statistisk sentralbyrå og andre produsentar av statistikk i Noreg. Rådet skal medverke til samordning av produksjon og formidling av offisiell statistikk. Statistikkrådet er for tida samansett av representantar frå 25 statistikkprodusentar og registereigarar. Administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå leiar rådet.
Statistisk sentralbyrå har tett dialog med representantar for brukarar og oppgåvegjevarar, og utvekslar informasjon med dei. Representantane gjev mellom anna råd om mål og prioriteringar innanfor ulike statistikkområde gjennom ei rekkje rådgjevande utval.
Rapport 2013
Nedanfor følgjer ein nærare omtale av sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2013.
Aktualitet
Som mål på aktualitet til statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Som det går fram av tabell 5.16, var produksjonstida for månads- og kvartalsstatistikkane om lag den same i 2013 som i 2012. For årsstatistikken vart aktualiteten betra.
Tabell 5.16 Aktualiteten til statistikken – talet på veker frå utgangen av referanseperioden til publisering1
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|---|---|
Månadsstatistikk | 4,4 | 4,4 | 4,3 | 4,3 | 4,4 |
Kvartalsstatistikk | 9,0 | 8,7 | 8,7 | 9,0 | 9,0 |
Årsstatistikk | 40,6 | 37,2 | 38,9 | 35,4 | 34,0 |
1 Tala for aktualitet for 2012 og 2013 er reviderte. Dette gjeld særleg for årsstatistikken der fleire statistikkar enn tidlegare no er inkludert. Aktualitetstala før og etter 2011 er difor ikkje direkte samanliknbare.
Punktleg publisering av statistikk
Statistisk sentralbyrå skal annonsere tidspunkta for publisering på førehand. Dette vert gjort i ein kalender på nettsida ssb.no. Statistikken skal som hovudregel publiserast på det tidspunktet som går fram av denne kalenderen. I 2013 vart 88 pst. av statistikkane publisert på det varsla tidspunktet. Av statistikkane med avvik kom ein tredel tidlegare enn varsla og to tredelar seinare.
Tabell 5.17 Publisering av statistikk – avvik frå varsla tidspunkt
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|---|---|
Avvik frå varsla tidspunkt (i pst.) | 12 | 11 | 12 | 13 | 12 |
Svarprosentar
For at statistikken skal halde høg nok kvalitet, er det viktig at svarprosenten er høg. Statistikklova gjev Statistisk sentralbyrå heimel til å bruke oppgåveplikt og eventuelt tvangsmulkt ved innsamling av data. Svarprosenten for Statistisk sentralbyrå sine undersøkingar med oppgåveplikt var den same i 2013 som i 2011 og 2012, jf. tabell 5.18.
For dei friviljuge undersøkingane var svarprosentane lågare i 2013. Utviklinga dei siste åra tyder på at svarprosentane har stabilisert seg på eit lågare nivå. Dette er ei utvikling som statistikkbyrå i fleire andre land òg har erfart. Statistisk sentralbyrå arbeider målretta for å auke svarprosentane, særleg i dei friviljuge undersøkingane. Verksemda arbeider òg for å finne metodar som kan gjere mindre utval meir representative, slik at tala vert meir utsegnskraftige.
Tabell 5.18 Svarprosentar i undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå
Undersøkingar: | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 |
---|---|---|---|---|---|---|
Med oppgåveplikt | 95 | 95 | 96 | 94 | 94 | 94 |
Friviljuge | 73 | 74 | 67 | 61 | 63 | 61 |
Oppgåvebør
Berekningar frå Oppgåveregisteret i Brønnøysundregistera syner at arbeidet med rapportering til Statistisk sentralbyrå svarer til om lag tre pst. av den samla oppgåvebøra for næringslivet i 2013. Som tabell 5.19 syner, har oppgåvebøra, målt i årsverk, gått klårt ned dei siste åra.
Tabell 5.19 Oppgåvebør ved rapportering til Statistisk sentralbyrå
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Samla (årsverk) | 177 | 146 | 137 | 126 | 123 | 108 |
- Næringslivet i alt | 107 | 103 | 100 | 86 | 791 | 85 |
- Andre | 70 | 43 | 37 | 40 | 44 | 23 |
1 Tal for 2012 er korrigert frå Prop. 1 S (2013–2014). Oppgåvebøra er redusert med 11 årsverk.
15 pst. av alle føretak i privat sektor vart bedne om å rapportere til Statistisk sentralbyrå i ei eller fleire undersøkingar i 2013. Nivået var det same som året før. Dei fleste føretaka i privat sektor (94 pst.) har færre enn 10 tilsette, og av dei fekk 11 pst. skjema frå Statistisk sentralbyrå. Dette er ein like stor del som i 2012. Tilsvarande var det 67 pst. av føretak med 10–19 tilsette som fekk skjema, mot 64 pst. året før og 89 pst. av føretak med 20–49 tilsette, mot 86 pst. året før.
Føretak med fleire enn 50 tilsette utgjer om lag 1 pst. av populasjonen. I denne gruppa deltok 99 pst. i minst ei undersøking i 2013, mot 98 pst. året før.
Elektronisk rapportering frå næringslivet
Satsinga på elektronisk rapportering gjer mellom anna at ein ikkje lenger sender ut papirskjema til verksemder og føretak som standard. Oppslutninga om dei elektroniske løysingane aukar framleis, jf. tabell 5.20, og elektronisk rapportering er no norma for rapportering frå næringslivet. I 2013 vart i alt 87 pst. av skjema frå næringslivet til Statistisk sentralbyrå leverte elektronisk.
Tabell 5.20 Prosentdel av oppgåvegjevarane som rapporterer elektronisk
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Elektronisk rapportering | 53 | 63 | 65 | 77 | 84 | 87 |
Frigjevne statistikkar
I 2013 vart det i alt publisert 977 statistikkar frå Statistisk sentralbyrå. Det var 10 fleire enn året før, jf. tabell 5.21.
Tabell 5.21 Frigjevne statistikkar
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Frigjevne statistikkar | 1 009 | 993 | 951 | 980 | 967 | 977 |
Feil i statistikken
Frå september 2012 har Statistisk sentralbyrå systematisk registrert feil i publiseringane av statistikk og rettingar av publisert statistikk. Alle endringar av tal og data i same publisering vert registrerte som berre éin feil. I 2013 registrerte Statistisk sentralbyrå feil i 9,4 pst. av publiseringane. 10 av feila vart vurderte som alvorlege, det vil seie at 1 pst. av publiseringane var råka.
Eurostat vil i 2014 og 2015 utføre ei fagfellevurdering («peer review») av Statistisk sentralbyrå og det norske statistikksystemet. Det kan bidra til betre kvalitet og rutinar i statistikkproduksjonen.
Anna rapportering
Produksjon og formidling av statistikk
Nettstaden til Statistisk sentralbyrå, ssb.no, kom over på ei ny og moderne plattform i 2013. Dei nye systema har vore særs driftssikre, og det har vore få alvorlege tekniske feil etter lanseringa av den nye nettstaden. Ei stor brukarundersøking vart gjennomført tidleg i 2014. Delen tilfredse brukarar var 86 pst., det same som i ei tilsvarande undersøking frå vinteren 2012. Delen brukarar som fann det dei leita etter, auka samstundes frå 83 pst. til 87 pst. Det står samstundes igjen ei rekkje utviklingsoppgåver som ikkje vart prioriterte før lanseringa av nettstaden. Også tilbakemeldingar frå brukarane har vist eit behov for å utvikle nettstaden vidare.
Statistikkbanken er utgangspunktet for publisering av tabellar og datasett. Statistisk sentralbyrå utvidar jamt statistikkbanken med fleire tabellar og lengre tidsseriar. Over hundre av dei mest brukte datasetta er no tilgjengelege i API-format (maskin-til-maskin-format) som opne data.
Internasjonalt samarbeid
Det internasjonale arbeidet på statistikkområdet har med tida auka mykje. Samarbeidet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. For å møte slike krav må ein stadig tilpasse eksisterande statistikkar og utvikle nye. Internasjonale prioriteringar samsvarer ofte, men ikkje alltid, med Statistisk sentralbyrå sine eigne prioriteringar.
Det europeiske samarbeidet har størst omfang. EØS-avtalen sikrar at Noreg får delta i alle saksførebuande komitear og ekspertgrupper i regi av statistikkbyrået i EU (Eurostat). Statistisk sentralbyrå deltok på ei rekkje møte i det statistiske samarbeidet i EØS i 2013.
Relevante statistikkrettsakter som er vedtekne av EU, vert tekne inn i vedlegg XXI om statistikk i EØS-avtalen og deretter innarbeidde i norsk rett. Ved utgangen av 2013 inneheldt vedlegget om lag 350 rettsaktar. EØS-komiteen tok 16 nye rettsakter inn i statistikkvedlegget til EØS-avtalen i 2013.
Internasjonalt utviklingssamarbeid
I tråd med målsetjingar i norsk utanriks- og bistandspolitikk er hovudmålet for Statistisk sentralbyrås utviklingssamarbeid å støtte opp om demokratiutvikling og arbeid mot fattigdom. Det er brei semje om at ein treng statistikk og uavhengige nasjonale statistikkbyrå for å stø opp om utviklingsretta politikk.
Statistisk sentralbyrå har heilt sidan 1960-talet stødd utvikling av statistikk i utviklingsland og i overgangsland. Samstundes har Noreg auka arbeidet med kapasitetsutvikling av offisiell statistikk i samarbeidslanda. Statistisk sentralbyrå bidreg med teknisk rådgjeving i samband med utvikling og iverksetjing av nasjonale strategiar for statistikk- og kapasitetsutvikling i samarbeidslanda sine eigne statistikkbyrå. Arbeidet vert for det meste organisert gjennom institusjonssamarbeid med systerorganisasjonar i utvalde land. I 2013 nytta Statistisk sentralbyrå om lag 20 årsverk til internasjonalt utviklingssamarbeid. Etaten har arbeidsgjevaransvar for dei som driv med dette. Dei internasjonale aktivitetane er finansierte gjennom oppdragsinntekter.
Informasjonstryggleik
Statistisk sentralbyrå syter heile tida for informasjonstryggleik i verksemda. I samband med aktuelle hendingar har ein testa rutinar og prosedyrar. Rutinane knytt til handtering av mindre avvik frå retningslinene, har vore tilfredsstillande handsama. Ny IKT-strategi i verksemda er nylig vedtatt og har gjeve klart auka merksemd om informasjonstryggleik både gjennom endra rutinar og nye IKT-verktøy. Riksrevisjonen har revidert IKT-tryggleik knytt til mobile einingar og rutinar for tilgangar. Funn frå revisjonen vert følgde opp, mellom anna gjennom den nye IKT-strategien for verksemda, og vil bidra til å redusere risikoen på området.
Elektronisk datafangst
Moderniseringa av datafangsten i Statistisk sentralbyrå har resultert i meir effektive arbeidsprosessar og betre kvalitet på statistikken. Dette arbeidet held fram. Deltakinga i EDAG-prosjektet (Elektronisk dialog med arbeidsgjevarane) vart ført vidare, jf. nærare omtale i kap. 1618. Både hovudprosjektet og Statistisk sentralbyrås mottaksprosjekt følgjer stort sett planane.
Nye rettsakter innafor personstatistikk
Sidan juni 2008 er det vedteke 11 EU-rettsakter som har følgjer for personstatistikk, og fleire nye forordningar er i EUs vedtaksprosess. Alle forordningane krev at ein legg om eksisterande statistikk, med meir omfattande intervjuundersøkingar eller heilt nye datainnsamlingar. Dette vil bidra til utvikling av statistikk på fleire område, og til å dekkje behov frå fleire brukarar.
I 2013 har Statistisk sentralbyrå følgt opp krav i forordningar innanfor utdanning, demografi og migrasjon, levekår og helse. Statistisk sentralbyrå har også arbeidd med å utvikle statistikk for arbeidsulykker og rapportering av undersøkinga om vaksne si læring. I 2013 vart det òg arbeidt med rapportering av Folke- og bustadsteljinga til Eurostat. Dette arbeidet vert avslutta i 2014.
Hovudrevisjon av nasjonalrekneskapen m.m.
Revisjonen av nasjonalrekneskapsstatistikkane tek utgangspunkt i dei nye retningslinene som ein finn i FN sitt «System of National Accounts 2008»» og det europiske nasjonalrekneskapssystemet frå 2010. I tillegg reviderer Statistisk sentralbyrå utanriksrekneskapen i tråd med retningslinene frå IMF og OECD. Resultata frå hovudrevisjonen 2014 vert publiserte i november 2014.
Etter finanskrisa etterspør internasjonale organisasjonar stadig meir statistikk. IMF har etablert den nye «Special Data Dissemination Standard (SDDS) Plus» som omfattar datakategoriar innanfor finans- og utlandsstatistikk. Statistisk sentralbyrå har vurdert statistikkrava. Det vil vere behov for overgangsordningar om Noreg skal slutte seg til SDDS Plus.
Sysselsetjings- og lønsstatistikk
I samband med satsinga på EDAG kjem Statistisk sentralbyrå til å utvikle sysselsetjings- og lønsstatistikken sin vidare. EDAG vil gje større og betre grunnlag for statistikkane og gjere sysselsetjingsstatistikken meir aktuell. I 2013 og fyrste del av 2014 har Statistisk sentralbyrå etablert mottaksordninga mellom det sentrale mottaket i Skattedirektoratet og mottaket i Statistisk sentralbyrå. Ei omdanning frå rådata til mikrodata er etablert. Statistisk sentralbyrå har starta arbeidet med overgang frå mikrodata til statistikkdata, der det vert lagt stor vekt på samordning av sysselsetjings- og lønsstatistikken for lønstakarar. Det vert arbeid vidare med korleis Arbeidskraftundersøkinga (AKU) kan dra nytte av det nye datamaterialet frå EDAG.
Forsking og analyse
Forskingsprosjekta følgde stort sett planane gjennom 2013, òg når det gjeld levering av oppdaterte modellar og modelltenester, og gjennomføring av analysar for forvaltninga.
Arbeidet med konjunkturanalysar, makromodellar og modelloppgåver for forvaltninga og Stortinget vart vidareført i 2013. Som planlagt vart det publisert tre konjunkturanalyser i 2013. I makromodellane vart mellom anna samspelseffektar mellom bustadprisar og gjeld i hushalda inkludert. Statistisk sentralbyrå har òg ført vidare arbeidet med langsiktige studiar av samanhengane mellom demografi, statsfinansar og økonomisk utvikling.
Statistisk sentralbyrå har gjennomført skatte- og pensjonsanalysar i tråd med planane, og har halde fram med å levere tenester til forvaltninga og partia på Stortinget. Fordelingsanalysar er utvikla vidare med vekt på fordeling av inntekt og formue og effektar av offentlege velferdsordningar. Skatte- og trygdemodellane vart utvikla vidare. LOTTE-Skatt-modellen vart i 2013 oppdatert med nytt grunnlag mykje tidlegare enn før. Utviklinga av mikrosimuleringsmodellar for trygdeytingar (LOTTE-Trygd) og skattlegging av verksemder (LOTTE-AS) har vorte prioritert.
Gjennom 2013 har Statistisk sentralbyrå vidareutvikla fleire av dei økonomiske modellane for analyse av norsk, europeisk og global økonomi, med særskild vekt på klima og energimarknader. Dei nye modellane har òg vorte aktivt nytta i anvendte økonomiske analysar.
På bakgrunn av verksemda sine mikrodata er det gjennomført analysar av mellom anna tilstrøyming til trygdesystemet, entreprenørskap, produktivitet og skattlegging av verksemder.
Analysar av befolkningssamansetning og demografisk åtferd vart vidareført. Arbeidet med framskrivingane av befolkninga vart omorganisert.
Produktivitet
Statistisk sentralbyrå arbeider kontinuerleg med å effektivisere arbeidsprosessane og auke produktiviteten. I 2013 vart det starta eit eige prosjekt som omfattar heile verksemda og har som mål å betre organisasjonen si evne til omstilling og effektivisering. Statistikkproduksjonen til Statistisk sentralbyrå var i 2013 på om lag same nivå som i 2012. Samstundes vart talet på tilsette redusert frå 958 til 912. Dette syner at Statistisk sentralbyrå auka produktiviteten i 2013.
Sentrale prioriteringar
Statistisk sentralbyrås hovudoppdrag er å produsere statistikk og analysar til nytte for samfunnet. Byrået arbeider systematisk med å utvikle og forbetre statistikken og analysane. Dei sentrale prioriteringane for 2015 tek utgangspunkt i Statistisk sentralbyrås strategiske hovudmål og internasjonale krav til statistikkproduksjonen, særleg EØS-forordningar.
Den gjeldande strategien vart vedteken i 2014. Strategien er bygd opp kring seks hovudmål:
Statistisk sentralbyrå skal vere samfunnet sin leiande faktaleverandør.
Statistikken skal møte behova til brukarane.
Relevant forsking og analyse skal gje meirverdi til statistikken.
Statistisk sentralbyrå skal delta i internasjonalt samarbeid om statistikk.
Statistisk sentralbyrå skal ha god tilgang til datakjelder.
Statistisk sentralbyrå skal vere ein effektiv og kunnskapsbasert organisasjon.
Offisiell statistikk er eit felles gode, og Statistisk sentralbyrås statistikkar og analyser skal kome heile samfunnet til gode. Hovudmåla syner korleis Statistisk sentralbyrå skal forvalte den faglege fridommen, mellom anna korleis ein prioriterer mellom ulike statistikkområder, kva som skal publiserast og korleis det skal gjerast. Hovudmerksemda skal liggje på verksemda sine kjerneoppgåver. Statistisk sentralbyrå vurderer kontinuerleg om det trengst nye statistikkar og kva statistikkar som ein kan leggje ned. Det kan òg vere ein del av vurderinga av å gjere verksemda meir effektiv, jf. eige avsnitt om organisering.
Etterspurnaden etter ny og betre statistikk og analysar aukar, og statistikkane må tilpassast endringar i brukarbehova. Samstundes skal eksisterande statistikk halde like god kvalitet og vere like aktuell som før. På ei rekkje område må statistikken produserast i samsvar med internasjonale krav og retningsliner. Desse må i størst mogleg grad sjåast i samanheng med eigne statistikkprioriteringar.
Det er eit mål å utvikle effektive metodar slik at oppgåvebøra for personar og føretak vert så låg som råd er. Bruk av offentlege register og elektronisk rapportering er viktig for å nå målet, og kan òg medverke til vidare effektivisering.
Statistisk sentralbyrå skal nytte eigne ressursar på ein mest mogleg effektiv måte. Arbeidet med å auke produktiviteten vil halde fram i 2015. Regjeringa legg til grunn at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gje insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar, vil ein trekkje ut delar av desse produktivitetsgevinstane. Statistisk sentralbyrå må dermed vere førebudd på at budsjetta kan verte stramme framover.
Verksemda må leggje betydeleg vekt på kostnadseffektivitet i oppgåveløysinga og organiseringa. Både gjennomført og pågåande standardisering av statistikkproduksjonen og andre IKT-satsingar bør gje grunnlag for effektiviseringsgevinstar i verksemda. Talet på tilsette er redusert med vel 100 personar frå 2010 til 2013, utan at det har redusert den samla produksjonen. Framover bør òg ei generell effektivisering kunne gje grunnlag for å auke kvaliteten på og omfanget av den samla produksjonen av statistikk, òg innanfor strammare rammer for budsjettet og med færre tilsette. Ein legg til grunn at Statistisk sentralbyrå bruker dei moglegheiter som føreligg for å rasjonalisere og omstille verksemda.
Informasjonstryggleik
Arbeidet med datatryggleik skal prioriterast høgt i 2015 òg. Statistisk sentralbyrå vil ta del i relevante, sentrale øvingar der tryggleik og beredskap er tema. Den nye IKT-strategien i verksemda vil òg vere eit viktig verktøy for å auke datatryggleiken.
Formidling av statistikk og analyse
Ssb.no er hovudkanalen for formidling av statistikk og analyse frå SSB. Nettstaden har vorte modernisert i eit fleirårig prosjekt. Den nye nettstaden vart lansert i fyrste kvartal 2013. Brukarundersøkingar har vorte nytta i arbeidet med den nye nettstaden.
Statistikkbanken er eit utgangpunkt for publisering av tabellar og datasett. Statistikkbanken vert heile tida utvida med fleire tabellar og lengre tidsseriar. Alle data er fritt tilgjengelege og kan enkelt lastast ned i ulike format. Både ei brukarundersøking og andre tilbakemeldingar syner at det er eit behov for å utvikle statistikkbanken vidare. Statistisk sentralbyrå utviklar og tek i bruk nye tekniske løysingar for rapportering av data til Eurostat via statistikkbanken på stadig nye statistikkområder i dei nærmaste åra.
Modernisering av datafangst
Statistisk sentralbyrå held stendig fram med å modernisere og effektivisere datainnsamlinga for å møte nye internasjonale krav, betre kvaliteten og avgrense oppgåvebøra.
Elektronisk samhandling gjennom nye rapporteringsløysingar, elektronisk meldingsteneste og meir effektive utval er viktige verkemiddel for å avgrense oppgåvebøra for næringslivet. Nye datafangstløysingar i Altinn II vil gje grunnlag for å redusere talet på portalløysingar gjennom å fase ut Statistisk sentralbyrås eigne system for informasjons- og datautveksling med næringslivet (IDUN). Takk vere dei nye datafangstløysingane i Altinn II vert dagens skjemabaserte løysingar og rapportering på lite tenlege format erstatta med meir moderne og automatiske løysingar for uttrekk av data. Løysingane vil verte meir brukarvennlege og konsistente for Statistisk sentralbyrås oppgåvegjevarar.
Arbeidet med å standardisere og betre statistikkproduksjonen held fram gjennom vidare utvikling av sams datamottak til mellom anna registerinformasjon. Statistisk sentralbyrå skal òg vidareutvikle metadatasystem og etablere eit godt samvirke basert på felles metadata. Utvikling av fellesløysingar vil verte nytta av EDAG og andre prosjekter i Statistisk sentralbyrå, irekna løysingar med kopling mot revisjonssystema ISEE (integrert system for datarevisjon og estimering).
Moderniseringa omfattar òg ein gradvis overgang til full elektronisk kommunikasjon med oppgåvegjevarane.
Forbruksundersøkinga
I 2013 publiserte Statistisk sentralbyrå resultat frå forbruksundersøkinga etter at ho vart lagd om frå ei årleg undersøking til ei periodisk undersøking basert på eit større utval. Resultata frå forbruksundersøkinga vert nytta i ulike samanhengar til dømes i økonomiske analysar og levekårsanalysar. Statistisk sentralbyrå evaluerer resultata frå denne undersøkinga, og er no i gang med å utvikle eit nytt system for innsamling av data til forbruksundersøkinga. Ei ny undersøking er planlagt i 2017.
Forbruksundersøkinga krev omfattande datainnsamling, og svarprosenten har gått ned over tid. Det er difor viktig å sjå på alternative metodar for datafangst og vurdere om det er mogleg å samle inn data elektronisk i større grad enn i dag.
Auka krav til personstatistikk
Etterspurnaden etter personstatistikk har auka, både nasjonalt og internasjonalt. Som følgje av nye internasjonale krav vil Statistisk sentralbyrå i 2015 utvikle ny statistikk og rapportering innanfor demografi, helse og levekår. Ei ny forordning om demografi krev konsistens med forordninga om migrasjon, og ein vil gjere tilpassingar for å møte krava. Statistisk sentralbyrå utviklar ny statistikk over arbeidsulykker. Denne skal oppfylle både nasjonale brukarbehov og internasjonale krav og vil verte publisert i 2015.
Som følgje av ei forordning på helseområdet vil Statistisk sentralbyrå gjennomføre ei nasjonal intervjuundersøking om helse i 2015, med rapportering av resultat til Eurostat i 2016. Statistisk sentralbyrå skal samordne undersøkinga med den nasjonale undersøkinga om helse, og dette medfører at undersøkinga vert lagt om og utvida. Undersøkinga vil gje data som er eigna for internasjonal samanlikning og vil vere ei viktig kjelde for data til offentleg planlegging, forsking og overvaking av helse.
Auka internasjonalisering av næringslivet
Nye, reviderte internasjonale retningsliner vert for tida innarbeidde i nasjonalrekneskapsstatistikkane. Samstundes vurderer Statistisk sentralbyrå andre sider av statistikkgrunnlaget, mellom anna korleis internasjonaliseringa av næringslivet påverkar statistikkane som ein nyttar i nasjonalrekneskapen. Arbeidet inneber å kartleggje store verksemder som handlar med utlandet, eig verksemder i utlandet eller er eigde frå utlandet. Å få auka kvalitet på tala for eksport og import av varer og tenester, i tillegg til finansielle transaksjonar til og frå utlandet, er krevjande. Det vil difor ta tid å fornye og modernisere innsamlinga av data slik at dei tilfredsstiller kvalitetskrava i nasjonalrekneskapen.
Å betre og utvide kjeldene for finansstatistikk overfor utlandet vil vere ei viktig oppgåve i 2015. Internasjonaliseringa av næringslivet gjer det krevjande å halde oversikt over dei store konserna, dele inn i einingar på nasjonalt nivå og samle inn data frå globale føretak. I samband med dette følgjer Statistisk sentralbyrå òg opp framlegget frå Eurostat om ny rammeverksforordning for næringsstatistikk (FRIBS).
Endra tilgang til rekneskapsdata
Rekneskapsdata som vert henta inn frå register i Skatteetaten og Brønnøysund, er sentrale kjelder i den økonomiske statistikken. Omleggingar hos registereigarane gjer at Statistisk sentralbyrå må leggje om produksjonssystemet for statistikkane dette gjeld, og endre løysingane for datafangst.
Forsking og analyse
Statistisk sentralbyrå si forskingsverksemd skal gje statistikken meirverdi gjennom relevant forsking og analyse, og gje ny kunnskap om økonomisk åtferd og økonomiske verknader av ulike hendingar, mellom anna politiske tiltak. Forskinga skal òg verke tilbake på statistikken, og slik gjere statistikkproduktet betre. Forskingsverksemda vil halde fram i 2015. Det vil òg tenestane overfor forvaltninga og partia på Stortinget.
Statistisk sentralbyrå skal oppdatere og utvikle vidare skatte- og pensjonsanalysane. Fordelingsanalysar vil verte vidareutvikla med vekt på fordeling av inntekt og formue og effektar av offentlege velferdsordningar.
Statistisk sentralbyrå skal styrkje den makroøkonomiske forskinga. Konjunkturanalysane held fram. Makromodellane vil verte utvikla vidare i dialog med brukarar. Arbeidet med studiar av dei langsiktige samanhengane mellom demografi, statsfinansar og økonomisk utvikling vert førde vidare.
Analysane av åtferda til verksemder, individ og hushald skal førast vidare. Ein legg vekt på å inkludere resultat frå denne forskinga i modellane. Tema som vert prioriterte er mellom anna entreprenørskap og produktivitet, bedriftsskattar, val av utdanning, pensjon og faktorar som påverkar tilstrøyminga til trygdesystemet.
Studiar av internasjonale energimarknader og av norsk og europeisk energi- og klimapolitikk held fram. Vidare utvikling av analyseverktøy for å studere norsk klimapolitikk i ein internasjonal samanheng vil ha høg prioritet.
Arbeidet med befolkningsframskrivingar held fram. Analysar av innvandring og døyelegheit vert vidareført. Analysar av utviklinga i fruktbarheit vert òg meir omfattande.
Budsjett 2015
Departementet gjer framlegg om ei budsjettramme for Statistisk sentralbyrå i 2015 på 743,0 mill. kroner. Framlegget inneber ein reell reduksjon i løyvinga på nærmare 12 mill. kroner frå 2014.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2015 gjer departementet framlegg om ei løyving på 523,5 mill. kroner under post 01.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2015 gjer departementet framlegg om ei løyving på 210,9 mill. kroner. Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter. Inntektsframlegget overstig utgiftsframlegget med 3,2 mill. kroner. Det svarer til den meirverdiavgiftsutgifta ein reknar med ved brukarfinansierte oppdrag og som skal posterast på kap. 1633.
Statistisk sentralbyrå kan overskride løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romertalsvedtak II.2.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Det meste av løyvinga skal brukast til utvikling av systema for statistikkproduksjon, datatryggleik og Statistisk sentralbyrås teknologiske plattform elles.
Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Salsinntekter | 242 | 300 | 300 |
02 | Oppdragsinntekter | 195 945 | 208 300 | 214 100 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 420 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 7 058 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 9 536 | ||
85 | Tvangsmulkt | 14 754 | 10 000 | 10 000 |
Sum kap. 4620 | 227 955 | 218 600 | 224 400 |
Post 02 Oppdragsinntekter
Sjå omtale under kap. 1620, post 01.
Post 85 Tvangsmulkt
Statistisk sentralbyrå har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt.
Programkategori 23.40 Andre føremål
Utgifter under programkategori 23.40, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 18 785 676 | 21 490 000 | 22 020 000 | 2,5 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 5 150 000 | |||
1634 | Statens innkrevjingssentral | 305 024 | 299 000 | -100,0 | |
1638 | Sal av klimakvotar | 872 276 | 3 700 | -100,0 | |
1645 | Statens finansfond | 3 000 | 3 000 | -100,0 | |
Sum kategori 23.40 | 19 965 976 | 21 795 700 | 27 170 000 | 24,7 |
Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 17 185 303 | 19 800 000 | 20 200 000 |
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 1 600 373 | 1 690 000 | 1 820 000 |
Sum kap. 1632 | 18 785 676 | 21 490 000 | 22 020 000 |
Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverke avgjerdene som kommunane tek om anten å produsere avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private. Ordninga vart finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.
I saldert budsjett for 2014 vart det lagt til grunn ei utgift på 19 800 mill. kroner i momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar. For 2015 er kompensasjonen rekna til 20 200 mill. kroner.
Kommunane sender inn oppgåver over kompensasjon for meirverdiavgift til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levere årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av krav om kompensasjon er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Krav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal kome inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.
Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving
For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.
I saldert budsjett for 2014 vart det lagt til grunn ei utgift på 1 690 mill. kroner på denne posten. For 2015 er kompensasjonen rekna til 1 820 mill. kroner.
Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 5 150 000 | ||
Sum kap. 1633 | 5 150 000 |
Nøytral meirverdiavgift for statsforvaltninga
Regjeringa varsla i Prop. 1 LS Tillegg 1 (2013–2014) at ein ville prioritere arbeidet med å få på plass ei ordning med nøytral meirverdiavgift i statleg sektor og for helseføretaka. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2015 ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift for utgiftene over postane 01–49 for ordinære statlege forvaltningsorgan. For helseføretaka er det naudsynt med fortsatt utgreiing av korleis ei slik ordning kan innrettast.
Store delar av offentleg sektor er i dag utanfor meirverdiavgiftslova, og har difor ikkje frådragsrett for meirverdiavgift på anskaffingar til bruk i verksemda. Når statlege verksemder kjøper tenester frå private må dei betale meirverdiavgift, medan det ikkje kjem til meirverdiavgift dersom verksemda nyttar eigne tilsette til å utføre tenesta. Dagens ordning motiverer til eigenproduksjon av einskilde tenester, og kan vere til hinder for effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Ei ordning som nøytraliserer meirverdiavgifta i statleg sektor, kan difor bidra til ein meir effektiv ressursbruk ved at meirverdiavgifta ikkje lenger er til hinder for at billigaste alternativ vert valt.
I arbeidet med å greie ut nøytral meirverdiavgift er det fleire forhold som må vurderast nøye. Særleg viktig er det at ein ikkje legg til opp til ei ordning som skapar nye konkurransevridningar mot private tilbydarar og at forholdet til statsstøtteregelverket etter EØS-avtalen er vurdert. Ei ordning bør vere budsjettnøytral, slik at løyvingane til statlege verksemder vert sett ned tilsvarande forventa betalt meirverdiavgift. Frå 2015 foreslår Regjeringa å innføre ei ordning for ordinære bruttobudsjetterte statlege forvaltningsorgan.
Ordninga frå 2015 liknar ordninga som regjeringa Bondevik II foreslo i budsjettet for 2006. Det inneber ei ordning med nettobudsjettering, der ordinære forvaltningsorgan ikkje vert belasta meirverdiavgift på sine budsjettkapittel. I staden har verksemdene i ordninga fullmakt til å postere betalt meirverdiavgift på ein eigen utgiftspost – kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter, i statsrekneskapen. Denne ordninga er avgrensa til ordinære forvaltningsorgan som rapporterer sitt løyvingsrekneskap til statsrekneskapen og som har eit mellomvære med statskassa.
Dette inneber at statlege forvaltningsverksemder og nettobudsjetterte verksemder ikkje er omfatta av ordninga no. For å unngå nye konkurransevridningar er i tillegg einskilde ordinære statlege verksemder haldne utanfor ordninga. Så snart som mogleg skal ein søkje å få også desse verksemdene inn i ordninga. Sosiale tenester, undervisningstenester, finansielle tenester, einskilde kulturtenester og omsetjing og utleige av fast eigedom er omsetjing som i hovudsak er unntatt frå meirverdiavgift. Dersom statlege verksemder med slike tenester vert kompenserte for betalt meirverdiavgift, vil det oppstå ny konkurransevridning der statleg eigenproduksjon vert billigare enn å kjøpe tenesta i marknaden. Verksemder som er haldne utanfor ordninga, går fram av tabellen nedanfor.
Tabell 5.22 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift – forvaltningsorgan utanfor ordninga
Forvaltningsorgan haldne utanfor ordninga | Grunngjeving |
---|---|
Arbeids- og velferdsetaten (Nav), Barne-, ungdoms- og familieetaten (BUF-etat) og Utlendingsdirektoratet | Sosiale tenester (unntatt mva.) |
Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar, Statped, Politihøgskolen, sameskolane i Midt-Noreg, Karasjok og Kautokeino, og Det praktisk-teologiske seminar | Undervisningstenester (unntatt mva.) |
Lånekassa, Husbanken og Statens pensjonskasse (boliglånordning) | Finansielle tenester (unntatt mva.) |
Rikskonsertane, Riksteateret og Kunst i offentlege rom | Kulturelle tenester (unntatt mva.) |
Forsvarbygg | Fast eigedom (unntatt mva.) |
Statens vegvesen | Fast eigedom (unntatt mva.) |
Den norske kyrkja (Kirkerådet og Bispedømeråda) | Arbeid med eit tydeleg skilje mellom kyrkja og staten |
Statsbygg, Garanti-instituttet for eksportkreditt, Statens kartverk, Statens pensjonskasse Forvaltningsbedrift, Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE-anlegg og SDØE | Forvaltningsverksemder |
Direktoratet for nødkommunikasjon og Jernbaneverket | Full ut mva-pliktige og får allereie frådragsført all meirverdiavgift |
Verksemder som mottek budsjettet som utbetaling frå sitt fagdepartement på 50-post | Nettobudsjettert verksemd |
Betalt meirverdiavgift som del av eit forvaltningsorgans meirverdiavgiftspliktige omsetjing, får verksemda allereie frådragsført. Den meirverdiavgifta inngår difor ikkje i nettoordninga og kan ikkje posteras på kap. 1633, post 01.
Nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift er ikkje ein del av meirverdiavgiftsordninga. Men ein legg opp til at meirverdiavgift som ikkje gjev rett til frådrag etter meirverdiavgiftslova kap. 8, heller ikkje skal inngå i nettoordninga. Dette gjeld mellom anna meirverdiavgift på varer og tenester som også kan nyttast til private føremål, som servering, personkøyretøy m.m. Dette er dei same avgrensningane som gjeld i frådragsretten for meirverdiavgiftspliktige verksemder og i kompensasjonen for kommunar og fylkeskommunar. Vidare er som hovudregel ikkje meirverdiavgift på kjøp til bygg, anlegg eller annan fast eigedom omfatta av ordninga. Finansdepartementet vil i eit eige rundskriv til forvaltninga gje nærmare føresegner om nettoordninga.
Nettobudsjettering av meirverdiavgift inneber reduserte utgifter for dei verksemdene som er med i ordninga. For at innføringa skal vere budsjettnøytral er løyvingane til dei forvaltningsorgana som ordninga omfattar, reduserte tilsvarande venta utgifter til meirverdiavgift i 2015. Trekket for meirverdiavgift er basert på innrapporterte tal frå departementa. Samla er drifts- og investeringsløyvingane til departementa sett ned vel 5 150 mill. kroner. Same beløp er foreslått løyvd på kap. 1633, post 01. Omlegginga er også omtalt i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015, kap. 21.
Kap. 1634 Statens innkrevjingssentral
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 294 700 | 282 500 | |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 10 324 | 16 500 | |
Sum kap. 1634 | 305 024 | 299 000 |
Føremål, hovudoppgåver og organisering
Statens innkrevjingssentral (SI) skal syte for effektiv og rett innkrevjing på vegne av oppdragsgjevarane og yte god service. SI har som hovudoppgåve å krevje inn straffekrav som er utferda av justisstyresmaktene, og avgifter, gebyr og misleghaldne krav for andre statlege verksemder. Verksemda skal òg drifte og vidareutvikle eit sams saksbehandlarsystem for SI og dei alminnelege namsmennene (SIAN), forvalte ein database for samordning av utleggstrekk og levere økonomitenester til politi- og lensmannsetaten (PLØS).
Verksemda ligg i Mo i Rana og hadde per 1. mars 2014 ei bemanning som tilsvarte 338 årsverk. Per 1. januar 2014 hadde SI 35 statlege oppdragsgjevarar og 191 ulike slags krav til innkrevjing.
1. januar 2015 skal Statens innkrevjingssentral innlemmast i Skatteetaten, jf. omtale i del I kap. 2.2 og kap. 1618.
Mål og resultat 2013
Driftsresultata til SI vert vurderte etter fire hovudmål for verksemda, jf. nedanfor. Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av verksemda tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vere for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vere medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.
Hovudmål 1: Innkrevjinga skal vera effektiv
SI skal syte for ein høg innkrevjingsgrad for både straffekrav utferda av justisstyresmaktene, og for avgifter, gebyr og misleghaldne krav frå andre statlege verksemder.
SI skal ha god ressursutnytting.
Tabell 5.23 Statens innkrevjingssentral – registrerte krav og innkravd beløp per år
2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|
Talet på registrerte krav (i heile 1 000) | 1 191 | 1 207 | 1 196 |
– Straffekrav | 316 | 317 | 305 |
– Andre slags krav | 875 | 890 | 891 |
Samla innkravd beløp (i mill. kroner) | 3 785 | 3 779 | 3 769 |
– Straffekrav | 1 357 | 1 321 | 1 341 |
– Andre slags krav | 2 428 | 2 458 | 2 428 |
Tabell 5.23 syner ein nedgang i talet på registrerte krav frå 2012 til 2013. Talet på registrerte straffekrav har minka med 12 000, medan talet på andre slags krav har auka med 1 000. Det innkravde beløpet gjekk litt ned. Utleggsdatabasen, som SI drifter, inneheld frå 2013 utleggsforretningar frå alle særnamsmenn i Noreg. Alle utleggsforretningar, så nær som utleggsforretningar haldne av SI med resultatet «inkje til utlegg», vert no overførte frå utleggsdatabasen til Lausøyreregisteret, slik at registeret vert eit godt verktøy for kredittvurderingar. Utleggsdatabasen medverkar til korrekt innkrevjing for SI, men er òg med på å sikre rettstryggleiken for skyldnarar ved at det ikkje vert lagt ned trekk det ikkje er rom for i skyldnaren sin økonomi.
Føremålseffektivitet
For å kunne vurdere kor føremålseffektiv verksemda er, er det sett mål for kor stor del av kvar kravtype som er oppgjord (løysingsprosent) og innbetalt (innbetalingsprosent) i perioden.
Tabell 5.24 Statens innkrevjingssentral – innkrevjingseffektivitet (løysings1- og innbetalingsprosent2)
Kravtype | Løysingsprosent | Innbetalingsprosent | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Resultat 2012 | Resultat 2013 | Resultatmål 2013 | Resultat 2012 | Resultat 2013 | Resultatmål 2013 | |
Bøter | 58,3 | 58,2 | 59,1 | 55,8 | 56,2 | 56,5 |
Erstatningar | 4,4 | 4,4 | 5,5 | 3,9 | 3,8 | 4,1 |
Inndragingar | 9,1 | 17,8 | 9,2 | 6,7 | 8,0 | 6,5 |
Misleghaldne studielån | 9,8 | 10,4 | 12,2 | 5,5 | 5,4 | 7,0 |
Regresskrav, sakskostnader m.v. | 34,0 | 39,2 | 35,4 | 13,8 | 8,3 | 12,5 |
Forseinkingsgebyr etter rekneskapslova | 91,1 | 92,4 | 92,0 | 27,7 | 25,8 | 28,0 |
Trafikantsanksjonar | 58,1 | 62,5 | 61,4 | 56,9 | 52,9 | 58,5 |
Gebyr etter skipstryggleikslova | 91,0 | 91,8 | 92,0 | |||
Misleghalden årsavgift på motorvogn | 39,7 | 37,9 | 39,5 | |||
Misleghalden kringkastingsavgift | 34,8 | 32,0 | 33,5 |
1 Del av beløp til innkrevjing som er oppgjord (innbetalt og avskriven) per kravtype i perioden.
2 Del av beløp til innkrevjing som er innbetalt per kravtype i perioden.
Dei fleste resultata i 2013 er litt lågare enn dei måla som vart sette. Avvika er ikkje vesentlege. Eldre krav er generelt vanskelegare å krevje inn enn nyare krav, og kravtilfanget vil difor påverka det samanlagde resultatet. Resultata er òg påverka av at utleggsdatabasen no er teken i bruk av alle særnamsmenn. Dette har mellom anna ført til at SI har mått vike prioritet og dermed få lågare resultat. Departementet vurderer føremålseffektiviteten i innkrevjinga ved SI som tilfredsstillande.
Kostnadseffektivitet
For 2013 vart det brukt to produktivitetsindikatorar for å kaste lys over kostnadseffektiviteten til verksemda, jf. tabell 5.25. Hovudmålet er at produktiviteten skal auke.
Tabell 5.25 Statens innkrevjingssentral – produktivitetsutvikling
Indikator | Resultat 2011 | Resultat 2012 | Resultat 2013 |
---|---|---|---|
Innkravd beløp per årsverk (i mill. kroner) | 12,7 | 12,8 | 12,7 |
Kostnad per innkravde 1 000 kr1 | 64,6 | 68,3 |
1 Kalkylemodellen vart kvalitetssikra i 2013, og tala frå 2011 kan ikkje jamførast direkte med tala for 2012 og 2013. 2011-talet er difor ikkje med i tabellen.
Innkravd beløp er så godt som uendra frå 2011 til 2013. Kostnad per innkravde tusen kroner i 2013 auka noko frå 2012 til 2013, mellom anna på grunn av investeringar i digitalisering av tenester. Desse utgiftene gjev grunnlag for seinare kostnadsreduksjon og betre service. Departementet meiner resultata tyder på at drifta alt i alt er kostnadseffektiv.
Hovudmål 2: Innkrevjingsarbeidet skal ha god kvalitet
SI skal leggje vekt på rettstryggleik og lik behandling i innkrevjingsarbeidet.
Tabell 5.26 Rett saksbehandling
Indikator | 2012 | 2013 |
---|---|---|
Minst 99 pst. av saksbehandlinga ved friviljug innkrevjing skal vere feilfri | 94,4 | 99,4 |
Minst 99 pst. av saksbehandlinga ved tvangsinnkrevjing skal vere feilfri | 98,5 | 99,1 |
Minst 96 pst. av saksbehandlinga ved annan innfordring skal vere feilfri1 | 99,7 |
1 Indikatoren var ny i 2013.
Resultata er basert på stikkprøvar. Alle mål for kvalitet er nådd. Departementet er nøgd med kvaliteten på arbeidet til SI.
Hovudmål 3: Verksemda skal vere serviceorientert
SI skal i saksbehandlinga vege omsynet til oppdragsgjevaren mot omsynet til skyldnaren. Verksemda skal yte god service i innkrevjingsarbeidet.
Tabell 5.27 Statens innkrevjingssentral – servicegrad1
Kategori | Resultatmål | Resultat 2011 | Resultat 2012 | Resultat 2013 |
---|---|---|---|---|
Telefon, fyrsteline | Minst 70 pst. av oppringingane skal svarast på innan 1 minutt | 77 pst | 68 pst. | 72 pst. |
Saksbehandlingstid skriftlege førespurnader i friviljug innkrevjing | Minst 50 pst. av svara skal leverast innan 10 dagar | 71 pst. | ||
Saksbehandlingstid skriftlege førespurnader i tvangsinnkrevjing | Minst 80 pst. av svara skal leverast innan 10 dagar | 84 pst. | ||
Saksbehandlingstid skriftlege førespurnader i annan innfordring | Minst 50 pst. av svara skal leverast innan 10 dagar | 76 pst. | ||
Saksbehandlingstid for klagar på tvangsinnkrevjing | Minst 65 pst. av svara skal leverast innan 10 dagar | 81 pst. |
1 Måla for saksbehandlingstid for skriftlege førespurnader var nye i 2013.
Alle måla for service er nådd. Departementet er godt nøgd med resultata på dette området.
Hovudmål 4: Driftssentralfunksjonane skal ha god kvalitet
SI skal arbeide for at økonomitenestene som verksemda leverer til politi- og lensmannsetaten, held god kvalitet. Dette gjeld politiets økonomisystem (PLØS), systemet for rekneskapsføring av ikkje-statlege midlar (RIM), systemet for elektronisk fakturabehandling (CI), saksbehandlarløysinga for SI og dei alminnelege namsmennene (SIAN) og forvaltinga av utleggsdatabasen (UB). Dei fastsette måla for fagleg utøving av denne delen av verksemda i 2013 vart nådde. Svarprosenten på telefonoppringingar til PLØS har i gjennomsnitt vore 98. Svarprosenten på telefonoppringingar til SIAN og UB var òg 98. Av registrerte saker vart høvesvis 97 pst. (PLØS) og 95 pst. (SIAN og UB) løyste innan ei veke. Det vart gjennomført brukargranskingar i 2013 for både PLØS og SIAN. Desse granskingane synte at brukarane stort sett var nøgde med tenestene.
Samla resultatvurdering
Departementet vurderer driftsresultata i 2013 samla sett som gode med dei ressursane etaten har til rådvelde. Føremålseffektiviteten i innkrevjingsarbeidet var noko svakare i 2013 enn i 2012 på nokre kravtypar. Departementet vurderer drifta av SI som kostnadseffektiv. Kvaliteten på saksbehandlinga og lovbruken er god. SI har innarbeidd gode rutinar for å halde fristane for saksbehandlingstid. SI nådde måla for svarprosent og servicegrad i fyrstelina for telefontenesta. Det er viktig at verksemda prioriterer ei god og effektiv svarteneste. Departementet er nøgd med SIs service overfor skyldnarane. Alle mål er nådde for svarprosent og servicegrad for økonomisystemtenestene til politiet og lensmannsetaten, saksbehandlingsløysinga for dei alminnelege namsmennene og utleggsdatabasen.
Kap. 4634 Statens innkrevjingssentral
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
02 | Refusjonar | 46 421 | 41 400 | |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 4 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 512 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 7 106 | ||
85 | Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning | 254 731 | 240 000 | |
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 312 431 | 1 300 000 | |
87 | Trafikantsanksjonar | 66 799 | 70 000 | |
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 250 661 | 200 000 | |
Sum kap. 4634 | 1 939 665 | 1 851 400 |
Inntektene på kap. 4634 Statens innkrevjingssentral har jamt over vore vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava har vorte ilagde av andre. Særleg har straffekrav frå politi og domstolar variert mykje frå år til år.
Post 02 Refusjonar
Posten omfatta refusjonar for utgifter verksemda hadde til tenester for oppdragsgjevarane. Det gjaldt fyrst og fremst innkrevjing av misleghalden kringkastingsavgift.
Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning
Posten omfatta inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som vart tapsførte i Statens lånekasse for utdanning.
Post 86 Bøter, inndragingar m.m.
Posten omfatta inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnader.
Post 87 Trafikantsanksjonar
Posten omfatta inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.
Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret
Posten omfatta innbetaling av forseinkingsgebyr, ilagde av Rekneskapsregisteret.
Kap. 1638 Sal av klimakvotar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 4 549 | 3 700 | |
21 | Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast | 867 727 | ||
Sum kap. 1638 | 872 276 | 3 700 |
Rapport 2013
I løpet av den fyrste Kyoto-perioden (2008–2012) inngjekk staten avtalar om kjøp av klimakvotar med ein forventa levering på om lag 22,3 mill. kvotar. I 2013 vart det utstedt og levert om lag 13,2 mill. kvotar til ein samla kostnad på om lag 866 mill. kroner. Førebels overslag tyder på at staten har behov for 21,2 mill. kvotar for å nå målet om ei overoppfylling på 10 pst. i den første Kyoto-perioden. Kvotar som ikkje vert nytta i den første Kyoto-perioden (2008–2012), kan overførast til den neste perioden (2013–2020).
2014
Ansvaret for forvaltninga av statens kjøp av klimakvotar vart 1. januar 2014 overført frå Finansdepartementet til Klima- og miljødepartementet. For ein nærare omtale av statens kvotekjøp viser ein til kap. 1481 under Klima- og miljødepartementet.
Kap. 4638 Sal av klimakvotar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Salsinntekter | 5 362 | 539 600 | |
Sum kap. 4638 | 5 362 | 539 600 |
Rapport 2013
I 2013 selde staten den resterande delen av kvotereserven som ikkje vart nytta i perioden 2008–2012. Dette gav ei inntekt på 5,3 mill. kroner. Salet av 2013 kvotar vart utsett som følgje av forseinkingar i arbeidet med å knyte Noreg til den felleseuropeiske auksjonsplattforma.
2014
Ansvaret for sal av klimakvotar vart i 2014 overført frå Finansdepartementet til Klima- og miljødepartementet, jf. omtale i Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014. For ein nærare omtale av statens sal av klimakvoter viser ein til kap. 4481 under Klima- og miljødepartementet.
Kap. 1645 Statens finansfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
70 | Tilskot til drift | 3 000 | 3 000 | |
Sum kap. 1645 | 3 000 | 3 000 |
Rapport
Ved kongeleg resolusjon av 14. februar 2014 vart det bestemt å avvikle Statens finansfond ved utløpet av fyrste kvartal 2014. I Meld. St. 21 (2013–2014) Finansmarknadsmeldinga 2013 er det i kap. 8 gjort greie for verksemda i fondet i 2013.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programkategori 24.1 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.
Utgifter under programkategori 24.10, fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 12 219 638 | 10 758 600 | 12 912 400 | 20,0 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 66 544 000 | 61 419 000 | ||
Sum kategori 24.10 | 78 763 638 | 10 758 600 | 74 331 400 | 590,9 |
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.
Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga skal mellom anna sikre at staten har tilstrekkeleg likviditet til å dekkje daglege betalingar. Finansdepartementet si fullmakt til å låne i marknaden vert fastsett av Stortinget på grunnlag av den årlege stortingsproposisjonen om lånefullmakter, jf. Prop. 24 S (2013–2014) Fullmakt til å ta opp statslån o.a.
Statsgjelda auka sterkt etter at ein i 2008 etablerte ordninga der staten sel statskassevekslar i byte mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF). På det meste var det utferda statskassevekslar for 229 mrd. kroner under byteordninga. Dei siste byteavtalane forfall i juni 2014.
Tabell 5.28 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2013, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.
Tabell 5.28 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2013
Type lån | Beløp (mill. kr) |
---|---|
Faste innanlandske lån | 288 862 |
Statskassevekslar | 161 940 |
Kortsiktige kontolån | 153 243 |
Kontolån frå ordinære fond1 | 85 694 |
Sum | 689 739 |
1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktane.
Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
01 | Driftsutgifter | 33 660 | 33 000 | 40 400 |
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 12 185 978 | 10 725 600 | 12 872 000 |
Sum kap. 1650 | 12 219 638 | 10 758 600 | 12 912 400 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar driftsutgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting. Det gjeld m.a. utgifter til informasjons- og analysesystem, utgifter som Noregs Bank og verdipapirsentralen (VPS) har i samband med behandlinga av staten sine lån, og utgifter knytte til ratingbyråa si vurdering av Noreg. Posten dekkjer òg betaling til Noregs Bank for tenester som banken yter Finansdepartementet i samband med forvaltinga av gjelda og likviditeten til staten, og drift og forvalting av statens kontoar i Noregs Bank.
I Prop. 24 S (2013–2014) Fullmakt til å ta opp statslån o.a, varsla Finansdepartementet at ein vil sjå nærare på arbeidsdelinga med banken «med sikte på å reindyrke si rolle som overordna, styrande eining og Noregs Banks rolle som utøvande eining innafor ramma av eit mandat.» Etter nærmare drøftingar er det no avklårt at banken skal få utvida operative oppgåver i samband med opplåninga i marknaden. Vidare skal han få nye oppgåver med rekneskap og betalingar. Dessutan skal banken ha utvida investorkontakt og betre informasjonen om norske statspapir.
Post 88 Renter og provisjon m.m. på utanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
Det siste utanlandslånet forfall i 2004. Departementet har ikkje bedt om fullmakt til å ta opp nye lån i utanlandsk valuta, og det er difor ikkje budsjettert med rentebetalingar på denne posten.
Dei fleste utanlandslåna var ihendehavarlån, og midlar knytte til uavhenta obligasjonar og rentekupongar står hos betalingsagentar. Ved forelding av lånet skal agenten tilbakeføre uavhenta midlar. Slike midlar skal førast som inntekter på kap. 1650, post 88. Eventuelle seinare krav frå obligasjonseigarane etter at foreldingsfristen er gått ut, skal førast som utgifter på denne posten.
Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
(mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Underpostens betegnelse | Rekneskap 20131 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2015 |
89.11 | Faste lån | 10 414 | 9 029 | 8 106 |
89.12 | Gjenkjøps- og rentebyteavtalar | -3 053 | –2 464 | -2 583 |
89.13 | Kontolån | 183 | 40 | 172 |
89.14 | Kontolån frå ordinære fond | 1 622 | 1 690 | 3 980 |
89.15 | Statskassevekslar | 3 020 | 3 014 | 1 046 |
89.17 | Nye faste lån | 1 492 | 2 150 | |
Sum kap. 1650, post 89 | 12 186 | 12 800 | 12 872 |
1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.
Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2014 og 2015. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.
Underpost 89.11 Faste lån
Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2014. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet, oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2015 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2015.
Renteutgiftene på faste lån er anslått til 8 106 mill. kroner i 2015.
Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar
Posten omfattar renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i desse avtalane. Ettersom ein ventar låge pengemarknadsrenter framover, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 2 583 mill. kroner i 2015.
Underpost 89.13 Kontolån
Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 172 mill. kroner i 2015.
Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond
Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2013 på 85,7 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). For 2015 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 3 980 mill. kroner.
Underpost 89.15 Statskassevekslar
Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.
Ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) innebar at staten og bankane bytte statskassevekslar mot OMF. Bankane fekk utbetalt statskassevekselrenta frå staten i heile avtaleperioden, og den vart ført som utgift under post 89.15.
Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 1 046 mill. kroner i 2015.
Underpost 89.17 Nye faste lån
Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar tekne opp etter 1. januar 2014. Kupongrenta vert betalt årleg og etterskotsvis, og difor er det lagt til grunn i utrekninga at faste lån som er tekne opp i 2015 ikkje gjev renteutgifter i 2015. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2015 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 2 150 mill. kroner.
Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
98 | Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 66 544 000 | 61 419 000 | |
Sum kap. 1651 | 66 544 000 | 61 419 000 |
Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. Det er ikkje mogleg å gje noko godt overslag over omfanget av eventuelle tilbakekjøp og førtidige innfriingar, og ein har difor ikkje innarbeidd dette i budsjettet. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med talfesta overslag, sidan det kan gje staten mindre handlefridom i marknaden. I 2015 forfell eit statsobligasjonslån med anslått avdragsvolum 61 419 mill. kroner.
Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.
Utgifter under programkategori 24.20
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 | Pst. endr. 14/15 |
1670 | Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken | 20 000 | |||
Sum kategori 24.20 | 20 000 |
Kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
50 | Tapsfond for miljølåneordninga | 20 000 |
Den nordiske investeringsbanken (NIB)
Den nordiske investeringsbanken (NIB) vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemer av banken. NIB har hovudkontor i Helsingfors i Finland.
Nærare om låne- og garantiordningane i NIB
Hovudtyngda av verksemda til banken er vanlege investeringsutlån og garantiar. Dei vanlege utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken. Utanom vanlege utlån og garantiar yter banken lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljølån til prosjekt i nærområda til medlemslanda (MIL).
Grunnkapitalen
Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Noregs garantiskyldnad overfor NIB er 1 243 659 651 euro. Finansdepartementet tilrår at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2015 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 243 659 651 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.1.
Prosjektinvesteringslån (PIL)
Gjennom PIL gjev banken lån til finansiering av prosjekt i land med relativt god betalingsevne, fyrst og fremst i Asia, Sentral- og Aust-Europa, Latin-Amerika og Afrika. NIB rapporterer jamleg om engasjementa under PIL. NIB gjev dessutan lån til bedriftsinvesteringar innanfor OECD-området.
Utlånsramma for prosjektlåneordninga (PIL) er 4 000 mill. euro. Garantiansvaret til medlemslanda er avgrensa til 90 pst. av kredittrisikoen ved kvart lån innanfor eit samla beløp på 1 800 mill. euro. Styret i NIB har vedteke at banken skal dekkje eventuelle tap under PIL, opp til ein viss sum som er avsett i eit eige fond. Fondet er bygt opp gradvis. I 2008 sette banken av 43,7 mill. euro av overskotet i 2007 til dette fondet. I tillegg har Noreg sett av 16 mill. kroner til tapsfond for PIL.
Finansdepartementet tilrår at Stortinget for 2015 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB i samband med PIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 329 309 000 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.2.
Miljølåneordninga (MIL)
Gjennom MIL gjev NIB lån til miljøprosjekt i nærområda i Øst-Europa. Føremålet er å minke miljøbøra som nærområda skaper for medlemslanda. Ordninga vert garantert 100 pst. av medlemslanda. Noregs garantiansvar var fram til juli 2014 61 324 000 euro. I åra 1998 til 2004 vart det løyvt til saman 45 mill. kroner til eit tapsfond for denne låneordninga.
Eit utlån under MIL på 25 mill. USD er misleghalde i 2013, og NIB har kravt innløysing av garantiansvaret som medlemslanda har. Noregs del er 5 372 651,79 USD og vart betalt 2. juli 2014 med 33 143 888,49 kroner. Beløpet vart belasta tapsfondet. Noregs garantiansvar under MIL vart dermed redusert til 57 354 136,09 euro. NIB har varsla at det under miljølåneordninga truleg vil kome ytterlegare tap, førebels rekna til 10 mill. USD i 2014 og 5 mill. USD i 2015.
Finansdepartementet tilrår at Stortinget gjev departementet fullmakt til å gje garantiar i 2015 for lån frå NIB under MIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 57 354 136,09 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.3.
Tapsfondet på 45 mill. kroner utgjer snautt 10 pst. av Noregs opphavlege garantiskyldnader under ordninga. På grunn av innløysinga av garantiansvar i 2014 er tapsfondet minska til under 11,9 mill. kroner. Finansdepartementet tilrår at det på kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 50 Tapsfond for miljølåneordninga, vert løyva 20 mill. kroner i 2015 til å byggje opp fondet igjen slik at det vert mogleg å dekkje eventuelle seinare tap under MIL-ordninga. Før moglege tap vil fondet med dette vere på snautt 31,9 mill. kroner ved inngangen til 2015. Tapsfondet vil då utgjere nærmare 7 pst. av Noregs garantiansvar. På grunn av risiko for nye tap under MIL tek ein sikte på ytterlegare avsetjingar, slik at forholdet mellom tapsfondet og Noreg sitt garantiansvar med tida kjem opp at til om lag 10 pst.
Den nordiske investeringsbanken er eit sams nordisk-baltisk tiltak. Reglar for økonomiforvaltninga i den norske statsforvaltninga kan difor ikkje utan vidare gjerast gjeldande. Forvaltinga av Noreg sine garantiskyldnader under PIL-ordninga og MIL-ordninga oppfyller ikkje føresegnene i økonomireglementet om forvalting av statlege garantiar. Dette gjeld reglane om at garantiordninga skal vera sjølvfinansierande og staten skal stille som enkel kausjonist, og krava om lineær nedtrapping av garantiansvaret, om pro rata risikofordeling og om valutaslag.
I tabell 5.29 er det gjeve ei samla oversikt over garantiordningane for Den nordiske investeringsbanken.
Tabell 5.29 Garantiordningar for Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Utbetalt pga. tap i 2013 | Samla garantiansvar 31.12.20131 | Samla fullmakt i 2014 for nye og gamle garantiar2 | Samla fullmakt i 2015 for nye og gamle garantiar2 | |
1. Grunnkapital fråtrekt innbetalt kapital frå Den nordiske investeringsbanken | - | 10 424 977 | 10 138 935 | 10 138 935 |
2. Prosjektinvesteringslån gjennom Den nordiske investeringsbanken | - | 2 858 357 | 2 684 691 | 2 684 692 |
3. Miljølån gjennom Den nordiske investeringsbanken | - | 532 289 | 499 944 | 467 580 |
Sum garantiar under Finansdepartementet | - | 13 815 623 | 13 323 571 | 13 291 206 |
1 Omrekna frå euro 29. desember 2013 (kurs 8,32)
2 Omregna frå euro 29. august 2014 (kurs 8,1525)
Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
91 | Vanlege fordringar | 116 | ||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 247 | 300 | 300 |
98 | Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar | 6 000 000 | 8 000 000 | |
Sum kap. 5341 | 6 000 363 | 300 | 8 000 300 |
Post 91 Vanlege fordringar
På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.
Post 95 Avdrag på lån til andre statar
I 1983 vart det gjeve lån til Jugoslavia på 40 mill. norske kroner, jf. St.prp. nr. 92 (1982–83) og Innst. S. nr. 262 (1982–83). Lånet var eit avdragslån med endeleg forfall i august 1999. Det vart betalt avdrag til og med terminen 1. februar 1991 og renter til og med terminen som forfall 1. februar 1992.
Etter oppløysinga av Jugoslavia vart lånet fordelt på dei enkelte republikkane. Låneskyldnadene for Kroatia, Slovenia og Bosnia-Hercegovina er gjort opp. Etter ein avtale i Paris-klubben fekk Serbia og Montenegro sletta 51 pst. av gjelda i 2002 og tok til å betale renter i 2003. Etter den same avtalen vart 30 pst. til av gjelda sletta i byrjinga av 2006. Det fyrste avdraget på lånet vart betalt i 2008. For 2015 er avdraga rekna til 0,3 mill. kroner.
Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar
Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. I 2015 forfell eit statsobligasjonslån der staten har ein egenbehaldning på 8 000 mill. kroner.
Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
85 | Overføring | 3 000 000 | ||
Sum kap. 5351 | 3 000 000 |
Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjas av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet overførast til statskassa .
Basert på vurderingar av risikoen for svingningar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Dersom kursreguleringsfondet er mindre enn dette, vert det ikkje sett av midlar til overføringsfondet. Retningslinene er nærare omtala i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Kursreguleringsfondet har i fleire år vore lågare enn minstekravet i retningslinene. Rekneskapen for 2013 tilseier at kursreguleringsfondet må byggjast opp til 136,1 mrd. kroner før det vert overført middel til overføringsfondet. Ved utgangen av 2013 var kursreguleringsfondet på 126,7 mrd. kroner, og det er difor no ikkje middel i overføringsfondet. Auka avkastning av valutareservane har løfta kursreguleringsfondet vidare i 2014. Ein reknar no med at det vil vere grunnlag for overføringar til staten frå og med 2015. Venta overføring i 2015 er 3 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2014.
Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 119 | 233 200 | 435 000 |
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 167 | 300 | 200 |
82 | Av innanlandske verdipapir | 1 572 330 | 1 579 500 | 1 760 400 |
83 | Av alminnelege fordringar | 25 406 | 30 000 | 25 000 |
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 199 676 | 309 800 | 253 400 |
85 | Renteinntekter frå byteavtalar m.m. | 2 376 663 | 790 300 | |
86 | Renter av lån til andre statar | 315 | 200 | 100 |
87 | Renteinntekter m.m. frå Statens finansfond | 57 416 | 7 800 | |
89 | Garantiprovisjon | 40 541 | 40 100 | |
Sum kap. 5605 | 4 272 633 | 2 991 200 | 2 474 100 |
Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank
Ved utgangen av 2013 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 89 mrd. kroner, mot 131 mrd. kroner ved utgangen av 2012.
Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.
Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav. For 2015 er dei samla renteinntektene under denne posten anslått til 435 mill. kroner.
Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta
Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2015 er renteinntektene under denne posten anslått til 0,2 mill. kroner.
Post 82 Av innanlandske verdipapir
Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.
For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 98. For 2015 er renteinntektene under denne posten anslått til 1 760 mill. kroner.
Post 83 Av alminnelege fordringar
Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.
Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseia. På usikkert grunnlag er det for 2015 ført opp inntekter på 25 mill. kroner.
Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder
Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83 og kap. 732, post 91. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.
I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.
For 2015 er renteinntektene under denne posten anslått til 253,4 mill. kroner.
Post 85 Renteinntekter frå byteavtalar m.m.
Dei siste avtalane under ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) hadde forfall i 2014.
Post 86 Renter av lån til andre statar
Renteinntekter av lån til Serbia og Montenegro, jf. kap. 5341, post 95, vert førte under denne posten. For 2015 er renteinntektene anslått til 0,1 mill. kroner.
Post 87 Renteinntekter m.m. frå Statens finansfond
Statens finansfond vart avvikla fyrste halvår 2014.
Post 89 Garantiprovisjon
Island gjorde 19. november 2008 ein avtale med Det internasjonale valutafondet (IMF) om eit stabiliseringsprogram. For å finansiera programmet gjekk Noreg saman med Danmark, Finland og Sverige om å tilby langsiktige lån på til saman 2,5 mrd. USD. Det norske lånet var organisert som eit lån frå Noregs Bank til den islandske sentralbanken med garanti frå den islandske og den norske staten. Stortinget gav 14. mai 2009 Finansdepartementet fullmakt til å gje statsgaranti, jf. St.prp. nr. 47 (2008–2009) og Innst. S. nr. 221 (2008–2009). Låneavtalane vart underskrivne 5. juli 2009.
Det samla beløpet for dei nordiske lånetilsegnene vart omrekna til euro og fastsett til 1 775 mill. euro. Den norske delen utgjorde 480 mill. euro. Staten fekk ein garantiprovisjon på 2,5 pst. per år av uteståande lånebeløp. Løpetid for låna vert sett 12 år med fem års avdragfridom.
I løpet av fyrste halvår 2012 valde Island å betale tilbake litt meir enn halvparten av de nordiske låna. Noregs Bank tok då i mot til saman 281 mill. euro i ekstraordinære avdrag. I juli 2014 betalte Island tilbake resten av lånet. Det vil difor ikkje lenger vere noka provisjonsinntekt frå dette lånet.
Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
85 | Utbyte | 73 513 | 77 200 | 82 700 |
Sum kap. 5692 | 73 513 | 77 200 | 82 700 |
Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbytet vert vedteken av styret i banken på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2013 har banken i 2014 betalt utbytte til den norske stat med 10,14 mill. euro eller 82,9 mill. kroner. Basert på same utbyte i 2015 som i 2014 og valutakursen per 29. august 2014 gjer departementet framlegg om å føre opp eit utbyte på 82,7 mill. kroner for 2015.
Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2013 | Saldert budsjett 2014 | Forslag 2015 |
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 927 | 1 100 | 1 500 |
Sum kap. 5693 | 927 | 1 100 | 1 500 |
Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2014 fastsett eit utbytekrav på 1,53 mill. kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2015 er det difor budsjettert med eit utbyte på 1,5 mill. kroner.