Del 3
Omtale av særlege tema
5 Likestilling i budsjettet og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å:
forvalte dei nasjonale likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett
vere ein pådrivar for likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken til regjeringa
bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus.
Handhevingsapparatet for likestillings- og diskrimineringslovgivinga er Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda. BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytte til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta. BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og barnekonvensjonen til FN og dessutan FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskilt og sjølvstendig tilsynsfunksjon når det gjeld kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med Europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.
BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å sikre samanheng i politikken og samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å medverke til å nå likestillingspolitiske mål.
BLD har etablert ei eiga embetsgruppe for likestilling for dette arbeidet. Sentrale verkemiddel i likestillingsarbeidet til departementa er aktivitets- og rapporteringsplikta i likestillings- og diskrimineringslovgivinga, utgreiingsinstruksen og Finansdepartementet sitt hovudbudsjettskriv. BLD har koordineringsansvaret for sektorovergripande handlingsplanar og tiltak som skal fremme likestilling og hindre diskriminering.
Handlingsplanen Likestilling 2014 går ut ved årsskiftet, og alle tiltak skal da vere avslutta. Handlingsplanen for tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar i livet til unge gjeld for åra 2013–2016. BLD skal utarbeide ein ny handlingsplan for universell utforming med vekt på IKT, som skal gjelde for perioden 2015–2019. BLD skal utarbeide ei oversikt over regjeringa sin samla innsats for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar framover. Departementet vil òg vurdere, i samråd med andre departement, ein målretta og systematisk innsats mot etnisk diskriminering frå 2015 gjennom konkrete tiltak som er i tråd med hovudutfordringane på ulike samfunnsområde.
Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Dette inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa er ansvarlege for å skaffe fram kunnskap om likestilling på sine ansvarsområde i tråd med sektoransvarsprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over den kunnskapen som finst.
BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere ein pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremme likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærmare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under Programkategori 11.10 i del II av budsjettproposisjonen. Dei viktigaste satsingane i budsjettet for 2015 er samanfatta under Hovudmål og politiske prioriteringar i del I.
Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor ordinære system og ordinære tiltak. Denne mainstreampolitikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga og er òg ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale fora.
5.1 Barne- og ungdomstiltak
Departementet arbeider for likeverd og like mogelegheiter for jenter og gutar, mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom dialog og kontakt med ungdomsmiljø. Til dømes er likeverd og likeverdige forhold for jenter og gutar eit kriterium i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som rettar seg mot 23 bykommunar. Her blir det kvart år gitt støtte til fleire prosjekt som skal støtte dette. Både jenter og gutar har rett til deltaking i og innverknad på kvardagslivet og samfunnsutviklinga. Når det gjeld forsking, utvikling av statistikk og anna innhenting av kunnskap om barn og unge, legg departementet vekt på å få informasjon om både jenter og gutar.
5.2 Likestilling blant innvandrarar
Dei aller fleste innvandrarane i Noreg og dei norskfødde barna deira tek del i arbeidsliv og utdanning, er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltek og bidreg på ulike arenaer i samfunnet.
I enkelte innvandrargrupper er det store skilnader mellom kor mykje menn og kvinner deltek i arbeidslivet. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i ein del kvinnegrupper. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av andre i familien. Dei er derfor ikkje i kontakt med Nav eller i gang med noka form for kvalifisering, og ein må jobbe særskilt for å finne dei og motivere dei til å ta del i kvalifisering til arbeid. Det er også ein del menn med innvandrarbakgrunn som har låg tilknyting til arbeidslivet. Ulikt kvinnene med låg sysselsetjing er dei fleste av desse mennene ikkje gifte.
Regjeringa vil føre vidare og utvikle tiltak for å få fleire, både kvinner og menn, med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet og unngå at desse fell ut av arbeidsmarknaden.
Regjeringa vil framleis rette stor merksemd mot opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsordninga. Det er om lag like mange menn og kvinner som deltek i programmet. Samtidig har kjønn og landbakgrunn mykje å seie for resultata i introduksjonsprogrammet. Resultata er nærmare omtalte under delmål 2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar.
Jobbsjansen prøver ut kvalifiseringsprogram, etter den same modellen som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som over fleire år har mangla tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, har vore og er ei av målgruppene. Resultata er omtalte under delmål 2.3 God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet.
5.3 Forbrukarinformasjon og -kunnskap
BLD legg vekt på å styrkje undervisinga i relevante forbrukaremne, slik at begge kjønn skal få betre grunnleggjande føresetnader for å meistre praktiske utfordringar i kvardagslivet knytte til forbruk, anten dei gjeld berekraft, reklame, digitale medium, personleg økonomi eller generelle forbrukarrettar og -plikter. Tiltak blir retta både mot elevar i grunnskolen, den vidaregåande skolen og mot lærarstudentar. Kjønnsroller og forbruk er òg eit relevant tema. Foreldrepraten (foreldrepraten.no) er eit diskusjonsopplegg for foreldre om barns forbruk og mediebruk, der ein mellom anna problematiserer bruk av mobiltelefonar.
5.4 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2013
Likestillingslova § 12, diskrimineringslova om etnisitet § 13, diskriminerings- og tilgjengelova § 18 og diskrimineringslova om seksuell orientering § 12 pålegg offentlege styresmakter ei aktivitetsplikt. Offentlege verksemder skal arbeide aktivt, målretta og planfast for å fremme likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.
Under følgjer tabellar som viser statusen for likestilling i BLD og dei underliggjande verksemdene.
Tabell 5.1 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2013
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M (%) | K (%) | |
Totalt i verksemda | 28,8 | 71,2 | 205 | 185,7 | 100 | 91,7 |
Ekspedisjonssjefar | 50,0 | 50,0 | 6 | 5,0 | 100 | 99,1 |
Avdelingsdirektørar | 39,1 | 60,9 | 23 | 21,8 | 100 | 95,9 |
Fagdirektørar | 28,6 | 71,4 | 7 | 6,8 | 100 | 97,5 |
Seniorrådgivarar | 32,3 | 67,7 | 93 | 83,5 | 100 | 98,3 |
Rådgivarar | 21,9 | 78,1 | 32 | 28,7 | 100 | 100,1 |
Førstekonsulentar og seniorkonsulentar | 20,0 | 80,0 | 30 | 28,6 | 100 | 100,2 |
Konsulentar og sekretærar | 16,7 | 83,3 | 6 | 5 | 100 | 81,9 |
1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.
Tabell 5.2 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid1 | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | Tiltak: Medarbeidar-utviklingsprogram2 | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 5,1 | 14,4 | 8,5 | 10,3 | 14,1 | 85,9 | 1,7 | 4,6 | 8,5 | 10,3 |
1 Deltid refererer til prosentdelen av kvart kjønn som mellombels arbeider deltid pga. graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, etc.).
2 Tala viser til prosentdelen av høvesvis mannlege tilsette og kvinnelege tilsette som deltok i programmet.
Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.13
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M | K | Totalt (N) | Totalt årsverk | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 37,5 | 62,5 | 6775 | 4021 | 100 | 106,5 |
Direktørar og avdelingsdirektørar | 43,2 | 56,8 | 44 | 37,9 | 100 | 89,8 |
Seksjonssjefar og arkivleiarar | 31,4 | 68,6 | 52 | 43,5 | 100 | 100,0 |
Leiarar av institusjonar, familievernkontor | 36 | 64 | 204 | 177,6 | 100 | 100,0 |
Avdelingsleiarar i institusjonar | 29,2 | 70,8 | 215 | 178,6 | 100 | 100,0 |
Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå | 25,5 | 74,5 | 958 | 717,3 | 100 | 96,5 |
Seniorrådgivarar og prosjektleiarar | 39 | 61 | 404 | 325,7 | 100 | 98,2 |
Rådgivarar | 24,1 | 75,9 | 481 | 376,5 | 100 | 98,3 |
Fagstillingar høgskole lågare grad | 40,3 | 59,7 | 2047 | 1068,2 | 100 | 98,4 |
Førstekonsulentar og seniorkonsulentar | 15,8 | 84,2 | 297 | 226,2 | 100 | 96,7 |
Miljøarbeidarar | 61,5 | 38,5 | 1756 | 684,2 | 100 | 100,0 |
Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå | 8,3 | 91,7 | 252 | 162,5 | 100 | 109,8 |
Andre stillingar hushald, drift, reinhald | 30,2 | 69,8 | 65 | 22,8 | 100 | 101,2 |
1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.
Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, tilsette, permisjon, sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K1 % | |
Totalt i verksemda | 38,7 | 61,3 | 46,7 | 53,3 | 12,3 | 87,7 | 7 | 8,2 |
1 Kvinner som arbeidde heiltid.
Tabell 5.5 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet inkludert sekretariatet for Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene – KIM (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2013
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 37 | 63 | 230 | 209,2 | 100 | 98,4 |
Toppleiing (direktør, ass. direktør, avdelings-direktør, fagdirektør) | 41 | 59 | 17 | 15,5 | 100 | 92,9 |
Mellomleiing (underdirektør, arkivleiar og leiar av sekretariatet for KIM) | 46 | 54 | 24 | 21 | 100 | 98,4 |
Seniorrådgivar, prosjektleiarar, utgreiingsleiar | 37 | 63 | 106 | 96,7 | 100 | 99,5 |
Rådgivarar | 34 | 66 | 82 | 75,5 | 100 | 98,2 |
Førstekonsulent | 0 | 100 | 1 | 0,5 | 0 | 100 |
1 Kvinner si lønn i prosent av menn si lønn.
Tabell 5.6 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet inkludert sekretariatet for Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 0 | 7,6 | 7 | 6 | 1,2 | 3,45 | 6,2 | 6,3 |
Tabell 5.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.13
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M | K | Totalt (N) | Totalt årsverk | M % | K % | |
Totalt i verksemda | 24 | 76 | 122 | 114,5 | 100 | 73,8 |
Direktør | 0 | 100 | 1 | 1 | 0 | 100 |
Dagleg leiar/fylkesnemndsleiar | 42 | 58 | 12 | 12 | 100 | 100,2 |
Fylkesnemndsleiarar | 40 | 60 | 58 | 56,7 | 100 | 99,7 |
Rådgjevarar | 0 | 100 | 3 | 3 | 0 | 100 |
Seniorrådgjevarar | 0 | 100 | 1 | 1 | 100 | 100 |
Seniorkonsulentar | 0 | 100 | 24 | 0,8 | 0 | 100 |
Fyrstekonsulentar | 0 | 100 | 24 | 22,1 | 0 | 100 |
Konsulentar | 0 | 100 | 22 | 17,9 | 0 | 100 |
1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.
Tabell 5.8 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, tilsette, permisjon, sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K2 % | |
Totalt i verksemda | 0 | 27,6 | 4,1 | 13,1 | 0 | 100 | 0,1 | 5,2 |
1 4. kvartal 2013.
2 Kvinner som arbeidde heiltid.
Tabell 5.9 Forbrukarombodet (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2013
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M (%) | K (%) | |
Totalt i verksemda | 47 | 53 | 30 | 29,1 | 100 | 112,8 |
Toppleiing (ombod) | 0 | 100 | 1 | 1 | 0 | 100 |
Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektørar, avdelingsdirektør adm. | 60 | 40 | 5 | 5 | 100 | 100,3 |
Seniorrådgivar | 50 | 50 | 6 | 6 | 100 | 95,8 |
Rådgivar | 0 | 100 | 5 | 5 | 100 | 101,6 |
Arkivleiar, førstekonsulent | 70 | 30 | 12 | 11,1 | 100 | 101,6 |
Konsulent/sekretær | 0 | 100 | 1 | 1 | 0 | 100 |
1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.
Tabell 5.10 Forbrukarombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K1 % | |
Totalt i verksemda | 50 | 50 | 0 | 0 | 0 | 100 | 3,5 | 2,6 |
1 Kvinner som arbeidde heiltid.
Tabell 5.11 Barneombodet (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2013
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M (%) | K (%) | |
Totalt i verksemda | 34,3 | 65,7 | 18 | 17,2 | 100 | 101,4 |
1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.
Tabell 5.12 Barneombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K1 % | |
Totalt i verksemda | 16,7 | 25,0 | 0 | 0 | 39,0 | 61,0 | 0,9 | 0,2 |
1 Kvinner som arbeidde heiltid.
Tabell 5.13 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2013
Kjønnsbalanse | Lønn1 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Totalt (N) | Totalt årsverk | M (%) | K (%) | |
Totalt i verksemda | 24 | 76 | 62 | 58,73 | 100 | 99,9 |
Toppleiing (ombod) | 0 | 100 | 1 | 1,0 | 0 | 100 |
Avdelingsleiar | 20 | 80 | 5 | 5,0 | 100 | 101,4 |
Seniorrådgivar | 28 | 72 | 32 | 31,8 | 100 | 99,1 |
Rådgivar | 17 | 83 | 18 | 17,73 | 100 | 103,8 |
Seniorkonsulent | 0 | 100 | 1 | 1,0 | 0 | 100 |
Førstekonsulent | 0 | 100 | 1 | 1,0 | 0 | 100 |
Konsulent | 0 | 100 | 1 | 1,0 | 0 | 100 |
Førstesekretærar | 100 | 0 | 1 | 0,2 | 100 | 0 |
Timebetalt | 50 | 50 | 2 | - | - | - |
1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.
Tabell 5.14 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2013
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K1 % | |
Totalt i verksemda | 8,3 | 2,1 | 0 | 6,4 | 16,7 | 83,3 | 5,0 | 8,3 |
1 Kvinner som arbeidde heiltid.
5.5 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
BLD har som mål at talet på søkjarar frå underrepresenterte grupper skal auke. Det gjeld både kjønn, personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.
Vidare skal lokale og arbeidsverktøy vere universelt utforma og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.
BLD har i sin personalpolitiske strategi vedtatt å bruke moderat kvotering for å oppnå måla som er nemnde ovanfor. Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der kvinnedelen er høg. Departementet har òg passa på å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. 71,2 prosent av dei tilsette er kvinner, og 28,8 prosent er menn. Dei siste fem åra har prosentdelen menn gått ned frå 35,1 prosent i 2009. Det har vore ein liknande nedgang i prosentdelen mannlege søkjarar. BLD har i 2014 sett i gang eit rekrutteringsprosjekt med tiltak for å auke prosentdelen mannlege tilsette i departementet.
Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. BLD legg opp til ei meir målretta profilering overfor dei gruppene som er underrepresenterte, mellom anna ved utforming av stillingsannonsar og utlysing på nettstader for unge funksjonshemma og for innvandrarungdom.
BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav. Den nærmaste leiaren skal ta opp med nytilsette om det er nødvendig med særleg tilrettelegging, i tillegg får alle nytilsette tilbod om arbeidsplassvurdering av bedriftshelsetenesta.
Tabellen om tilstandsrapportering for BLD viser at det totalt sett er ein liten skilnad i lønn mellom kvinner og menn totalt i departementet. Kvinner tener samla sett 91,7 prosent av menns lønn. Ein viktig forklaringsfaktor ligg i at det er få menn i dei lågast lønte stillingskategoriane, medan innanfor kvar stillingskategori er det mindre skilnader.
Per 31. desember 2013 arbeidde 8,5 prosent av mennene og 10 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 5,1 prosent, medan det tilsvarande talet for kvinner er 14,4 prosent.
5.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnedelen er 64 prosent og mannsdelen 36 prosent.
Rekrutteringspolitikken har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den enkelte eininga/avdelinga/seksjonen.
Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at ein oppmodar alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.
Bufetat er ei IA-verksemd.
Bufetat sin strategi for mangfald, likestilling og ikkje-diskriminering 2012–2014, blir forlengd til 2015. Strategien har definerte mål og tiltak for å fremme likestilling, mangfald og hindre diskriminering. Fokus på å oppretthalde prosentdelen medarbeidarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn i etaten blir ført vidare.
Tabell 5.3 viser at det er størst kvinnedel i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 57,7 prosent menn og 42,3 prosent kvinner. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda. Bufetat har ei relativt jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane.
I den grad ein kan peike på skilnad i lønn, går han i favør av mennene i stillingsgruppa direktørar og avdelingsdirektørar. I denne gruppa har kvinner om lag 90 prosent av menns lønn. Samla for verksemda tener likevel kvinner 106,5 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og saksbehandlarar der kvinner er overrepresenterte. I Bufetat utgjer tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing 34 prosent av den totale arbeidsstokken. Denne gruppa består i hovudsak av tilsette i turnus, som gjerne er menn utan formell utdanning og kvinner med formalkompetanse, derfor går skilnaden i lønn i favør av kvinnene.
Per 31. desember 2013 arbeidde 14,9 prosent av kvinnene og 8,8 prosent av mennene i faste stillingar i Bufetat deltid. Tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing har oftast varierande stillingsprosent. Når det gjeld mellombelse tilsetjingar, er delen menn 53,3 prosent, medan den tilsvarande delen for kvinner er 46,7 prosent.
På bakgrunn av at lønnsfordelinga er jamn mellom kjønna, har ikkje Bufetat sett i verk tiltak på desse områda, utover å følgje dei sentrale føringane ved lokale lønnsforhandlingar og pkt. 9 Tilpasningsavtalen til § 21 om likestilling i hovudavtalen.
5.7 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
I tabell 5.5 ser ein at det er fleire kvinner enn menn blant dei tilsette i verksemda i 2013. Det er ikkje vesentlege skilnader i lønn mellom kvinner og menn når ein ser på dei ulike stillingskategoriane.
Eit av måla for personalpolitikken til IMDi er å fremme mangfald, særleg når det gjeld etnisitet, men òg når det gjeld kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og alder.
I april 2011 forlengde IMDi samarbeidsavtalen med Nav om inkluderande arbeidsliv og laga ein mål- og aktivitetsplan for perioden ut 2013. IMDi har vedteke eigne delmål og tiltak på dei tre områda i IA-avtalen.
Internt i IMDi er det mellom anna avtalefesta kjønnsnøytrale mål og kriterium for deltaking i alle stillingsgrupper, utval, prosjekt og anna arbeidsorganisering. Dette gjeld òg for kompetanseheving, rekrutteringsprosessar, lønnsfastsetjing, permisjonsavgjerder og utviklings- og opprykkshøve.
Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje ledige stillingar, og IMDi arbeider systematisk med rekruttering og oppfølging av nytilsette. IMDi tilbyr yrkestilpassa arbeidstrening til fire–åtte personar med innvandrarbakgrunn. IMDi har hatt personar på språk- og arbeidstrening i 2013. IMDi sine lokale i Tollbugata er lagde til rette for tilsette og brukarar med nedsett funksjonsevne.
Målet er at 25 prosent av dei tilsette i IMDi, inklusive personar i permisjon, skal ha innvandrarbakgrunn. Av 235 tilsette per 31. desember 2013 hadde 67 tilsette innvandrarbakgrunn, noko som tilsvarer 29 prosent. 23 prosent (9 av 40) av leiarane og 10 prosent (1 av 10) av dei nytilsette i IMDi har innvandrarbakgrunn.
Til utlyste stillingar der rekrutteringsprosessen blei avslutta innan 31. desember 2013, fekk IMDi inn 428 søknader. Av desse var 125 (29 prosent) frå søkjarar med innvandrarbakgrunn.
IMDi gir utvida tenestefri med lønn til tilsette over 62 år i 14 dagar, som er maksimumsgrensa etter hovudtariffavtalen. Livsfaseperspektivet er innarbeidd i personalpolitikk og anna regelverk.
5.8 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Tabell 5.7 viser at det per desember 2013 var 122 tilsette i fylkesnemndene. Av desse var 24 prosent menn og 76 prosent kvinner. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det berre er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for fylkesnemndsleiarar, men også her er det ei lita overvekt av kvinner. 60 prosent av fylkesnemndsleiarane var kvinner.
Alle nemndleiarane har same lønn, uavhengig av kjønn, medan dei som også er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som er regulert av talet på tilsette i nemnda dei leier.
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at ein oppfordrar alle, uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne, til å søkje ledige stillingar. I tillegg blir kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn inviterte til intervju.
Det er eit mål at alle lokale skal vere tilgjengelege for alle, og universell utforming har spesiell merksemd i planlegging av nye lokale.
5.9 Forbrukarombodet
Forbrukarombodet (FO) har jamn kjønnsfordeling som målsetjing. Det same gjeld kjønnsfordeling innanfor vidareutvikling og kompetanseheving. I 2013 har fordelinga vore 53 prosent kvinner og 47 prosent menn. Kvinner har litt høgare lønn enn menn i dei fleste stillingskategoriane.
Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje på ledige stillingar. FO har motteke søknader frå personar med innvandrarbakgrunn. FO har éin tilsett med innvandrarbakgrunn, noko som svarer til om lag 3 prosent, og ligg på same nivå som året før.
Forbrukarombodet inngjekk nyleg ein avtale om inkluderande arbeidsliv, IA-avtale, som varer til 2018. Eit av måla i avtalen er å hindre fråfall og auke sysselsetjinga av personar med nedsett funksjonsevne. I stillingsannonsar blei mangfaldserklæring nytta, og søkjarar med nedsett funksjonsevne har vore til intervju og blitt vurderte på lik linje med andre søkjarar.
FO følgjer handlingsplanen for universell utforming og betre tilkomstvilkår. Lokala FO flytta inn i mot slutten av 2012, er tilpassa krava i tilgjengelova om universell utforming.
Eit anna mål i IA-avtalen er reduksjon i sjukefråværet. Forbrukarombodet har system for oppfølging av sjukefråvær, og gjennom oppfølgingssamtalar og dialogmøte med langtidssjukmelde ser ein på tiltak som raskare kan få den sjukmelde tilbake i arbeid.
Gjennom seniorpolitikk blei det fokusert på yrkesaktivitet etter 50 år, som også er eit av måla i IA-avtalen.
5.10 Barneombodet
Barneombodet har gjennom fleire år hatt ei overvekt av kvinnelege arbeidstakarar og har arbeidd aktivt for å skape ein betre balanse i kjønnssamansetninga ved kontoret, men dette har vist seg vanskeleg. Av dei kvalifiserte søkjarane dei siste åra er fleirtalet kvinner.
Per i dag har Barneombodet ingen lønnsskilnader, verken i leiargruppa eller i fagstaben, som kan knytast til kjønn. Ombodet arbeider aktivt ved nytilsetjingar for å finne lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som bidreg til likeverd mellom kjønna når det gjeld lønn.
Når det gjeld tiltak for å behalde tilsette som av ulike grunner kan vere i ein spesiell livsfase, prøver Barneombodet å ha ein aktiv politikk på området. Det gjeld både menn og kvinner med særlege omsorgsoppgåver, og eldre arbeidstakarar. Barneombodet søkjer aktivt å leggje til rette for at til dømes omsorga for små barn ikkje skal vere til hinder for fagleg og karrieremessig utvikling i verksemda. Dette blir gjort gjennom fleksible arbeidstidsordningar innanfor regelverket ved tilrettelegging for at barn kan vere med på kontoret, og gjennom aktiv og fleksibel bruk av gjeldande permisjonsordningar, ferie og fridagar.
Når det gjeld eldre arbeidstakarar, prøver Barneombodet aktivt å leggje til rette arbeidsoppgåver, slik at eldre arbeidstakarar kan bruke si erfaring og sin kompetanse på ein konstruktiv måte på kontoret.
Dei same forholda som beskrivne over, gjer seg gjeldande når det gjeld rekruttering av personar med funksjonsnedsetjingar. Her har Barneombodet ikkje lykkast med å rekruttere arbeidstakarar som speglar befolkningssamansetjinga elles. Dels heng dette saman med at dette er eit kontor med låg «turn-over» og dels at personar med funksjonsnedsetjingar ikkje er å finne blant søkjarane til stillingar. 10 prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.
Etaten har prosjektorganisert arbeidet med utarbeiding av rapportar siste år. Dette har gitt ei klar kompetanseheving innan prosjektleiing og prosjektarbeid hos tilsette.
Aktivitetar framover
Individuelle planar for kompetanseheving er under utvikling og vil vere klare medio 2014.
Barneombodet er ei verksemd som skal arbeide for alle barns rettar i samfunnet og må derfor vere opne i rekrutteringsarbeidet for å gi like rettar for søkjarar som bidreg til å spegle det mangfaldet som er blant barn og unge. Dette gjeld både lhbt-personar, personar med ein annan etnisk bakgrunn enn norsk og personar med funksjonsnedsetjingar. Barneombodet har per i dag ingen andre aktive tiltak å setje inn enn å oppfordre til eit mangfald av søkjarar gjennom utlysingar og eit kontinuerleg internt haldningsskapande arbeid blant tilsette.
5.11 Likestillings- og diskrimineringsombodet
Den overordna personalpolitikken til LDO omfattar desse delområda: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er målet om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og god tilgjengelegheit. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.
Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom:
ei jamn kjønnsfordeling i verksemda
at minst 40 prosent av leiarane skal vere av kvart kjønn
at minst 15 prosent skal ha innvandrarbakgrunn
at minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne.
LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass i høgt medvit om dette ved rekruttering til ledige stillingar. Totalt har LDO tilsett 24 prosent menn og 76 prosent kvinner. Tilsvarande tal for 2012 var 27 prosent og 73 prosent. Av 62 tilsette per 31. desember 2013 er 32 seniorrådgivarar, og 28 prosent av seniorrådgivarane er menn. I dei lågaste stillingskodane er det flest kvinner. Kjønnsbalansen i leiinga er uendra sidan 2012, med fire kvinner og éin mann. På seniorrådgivarnivå er kjønnsbalansen noko dårlegare enn i 2012. I dei tre lågaste stillingskategoriane er det nokså jamn kjønnsfordeling. Gjennomsnittsalderen i LDO er 43 år. Kvinnene er i gjennomsnitt 44 år gamle og mennene 41 år.
LDO har medarbeidarar med både innvandrarbakgrunn, og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, og har oppfylt måltala som er sette.
LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. Kvinner tener 99,9 prosent av menns løn. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.
LDO oppmodar mannlege tilsette til å ta større omsorgsansvar for barn og til å ta ut foreldrepermisjon ut over den fastsette kvota for fedrar.
Medarbeidarar som treng tilrettelegging, har fått det, anten det gjeld teknisk utstyr eller sjølve kontoret, eventuelt også etter medverknad frå Nav. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan har LDO etablert ei eiga ordning med samtalar for alle når dei byrjar i LDO, og undervegs i tilsetjingsforholdet. Formålet med desse samtalane er å avdekkje individuelle behov.
Ein rutine for varsling av kritikkverdige forhold i LDO inngår som ein del av HMS-planen (vern mot trakassering). LDO har i 2014 gjennomført ei medarbeidarundersøking og har plukka ut tre område for oppfølging: utviklings- og kompetansemoglegheiter for dei tilsette, ytringsklima og varslingsrutinar.
5.12 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet
Når Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje. Per 31. desember 2013 hadde sekretariatet éin tilsett med innvandrarbakgrunn. Ingen hadde nedsett funksjonsevne.
For å nå betre ut til grupper med innvandrarbakgrunn, er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet omsett til engelsk.
Arbeidsplassen er lagd godt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Sekretariatet har ikkje laga særskilde planar for å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Per 31. januar 2013 hadde sekretariatet ni tilsette, åtte kvinner og éin mann. Alle hadde full stilling, bortsett frå ein kvinneleg sekretær som arbeidde 20 prosent. Sekretariatet har ikkje laga spesielle retningslinjer, planar eller liknande for likestillingsarbeidet.
5.13 Andre kommentarar til omtalen
Som nettobudsjetterte verksemder skal Forbrukarrådet og SIFO rapportere i eigne årsrapportar.
6 Forsking og utvikling
Langsiktig satsing på kunnskap og kompetanse er avgjerande for å kunne utvikle og fornye politikken innanfor Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) sitt ansvarsområde.
BLD har desse måla for forskingsinnsatsen og anna kunnskapsutvikling som departementet finansierer:
Innsatsen skal medverke til langsiktig og målretta kunnskapsbygging innanfor ansvarsområdet til departementet.
Det skal vere nødvendig kunnskap for politikkutforming og forvalting, også kunnskap om måla blir nådd og effektar av tiltak.
Det skal vere kompetente forskingsmiljø på sentrale område som departementet har ansvar for.
Departementet bidreg til langsiktig og målretta kunnskapsbygging og kompetanseutvikling gjennom støtte til langsiktig forsking i regi av Noregs forskingsråd, Kjernemiljø for likestillingsforsking, Statens institutt for forbruksforsking, dei tre regionale kunnskapssentra for barn og unge, Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis, Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, programmet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017, gjennom avtalar med Statistisk sentralbyrå om migrasjons- og innvandrarrelatert og likestillingsrelatert statistikk og gjennom Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet. I tillegg konkurranseutset departementet forskingsoppdrag som grunnlag for politikkutvikling og i enkelte faglege spørsmål.
Departementet sine underliggjande og tilknytte etatar (IMDi, Bufdir og AVdir) har oppgåver knytte til forsking og analyse mellom anna på barnevernsområdet, familievernområdet, personar med nedsett funksjonsevne, lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt), integrering av innvandrarar og barna deira og overføringsordningane til barnefamiliane.
Departementet har nyleg gjennomført ei omorganisering for mellom anna å styrkje kapasiteten, kvaliteten og det tverrfaglege samarbeidet i departementet og skape eit kjernemiljø for analyse og forsking. Departementet arbeider no med å utvikle ein ny forskingsstrategi.
Regjeringa legg saman med budsjettet fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Med langtidsplanen varslar regjeringa ein ambisiøs og føreseieleg politikk for forsking og høgre utdanning. Satsinga gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar, og konkrete satsingar på forskingsinfrastruktur, rekrutteringsstillingar og tiltak for å stimulere til god deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020 . For nærmare omtale, sjå Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 og Prop. 1 S (2014–2015) for Kunnskapsdepartementet.
Den nye forskingsstrategien til BLD, saman med langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og andre meldingar og proposisjonar til Stortinget, vil leggje eit strategisk grunnlag for arbeidet med forskings- og utviklingsarbeid.
Regjeringa har fastsett nye mål for verksemda til Forskingsrådet. Bakgrunnen er at både Riksrevisjonen og evalueringa av Forskingsrådet peikte på utfordringar knytte til det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet (MRS) for Forskingsrådet. Løyvingane til Forskingsrådet går over budsjetta til 15 departement, og Forskingsrådet blir stilt overfor mange mål/delmål og ei rekkje føringar frå departementa.
Formålet er å etablere eit system med meir overordna og strategisk styring av Forskingsrådet frå departementa si side, der den samla styringa blir dreidd meir over i retning av resultat av verksemda til Forskingsrådet, og der Forskingsrådet får større fridom til å forvalte sine program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene. Departementa og Forskingsrådet har delteke i arbeidet med å utvikle det nye systemet.
Regjeringa har fastsett desse måla for verksemda i Forskingsrådet frå 2015:
auka vitskapleg kvalitet
auka verdiskaping i næringslivet
møte med store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgiving.
Systemet for styring av Forskingsrådet vil bli utvikla vidare i løpet av hausten 2014.
7 Internasjonalt arbeid
7.1 Innleiing
Måla for det internasjonale arbeidet er at BLD skal:
Ta hand om nasjonale interesser i all deltaking i internasjonale aktivitetar
Delta i aktuelle internasjonale forum basert på relevans for sektorpolitikken og ressursmessig kapasitet
Følgje opp internasjonale forpliktingar/avtalar og ta initiativ til anna relevant internasjonalt samarbeid ut frå kva som kan tene den nasjonale politikkutviklinga.
7.2 Samarbeid i ulike institusjonar
7.2.1 Nordisk ministerråd og anna nordisk samarbeid
Dei nordiske regjeringane samarbeider i Nordisk ministerråd (NMR). Samarbeidet er organisert med ministerråd (MR) og embetsmannskomitear (EK) der MR-møta blir førebudde. Landa har rullerande formannskap og lagar i formannskapsåret eigne årlege program. Noreg sitt neste formannskap er i 2017. Det nordiske samarbeidet skjer òg utanfor NMR.
Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren deltek i Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM) og kan saman med Helse- og omsorgsministeren og Arbeids- og sosialministeren delta i Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S). Under MR-S skal ein handlingsplan for nordisk samarbeid om funksjonshinder implementerast i 2015. Eit prosjekt om inkludering av utsette unge i arbeidsliv og utdanning blir avslutta i 2016. Meir informasjon om MR-S finst i budsjettproposisjonane til Arbeids- og sosialdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Likestillingspolitikk
I MR-JÄM har 2014 vore prega av feiringa av 40 års samarbeid om likestillingsarbeidet i Norden. Eit likestillingsprogram for 2015–2018 er planlagt vedteke i Nordisk råds sesjon hausten 2014. «Det offentlege rom« og «Velferd og innovasjon« er hovudtema, og aktiv deltaking frå menn og gutar i likestillingsarbeidet på tvers av sektorane blir framheva. Noreg vil i 2015 arbeide for at det nordiske likestillingssamarbeidet blir utvida til å gjelde fleire diskrimeringsgrunnar.
Forbrukarpolitikk
Samarbeidet om forbrukarpolitikk skjer i Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid, Nordkons. Samarbeidet er avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. Embetsmannsgruppa er òg ein arena for å drøfte EU-saker. BLD deltek òg i eit uformelt nordisk-estisk samarbeid om forbrukarundervisning, som mellom anna drøftar oppfølging av OCEDs rekommandasjon for forbrukarpolitikk.
Integreringspolitikk
BLD deltek i nordisk samarbeid om integrering i regi av Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) og i årlege embetsmannsmøte om statsborgarskap og felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. BLD deltek på embetsnivå i eit uformelt nordisk samarbeid om integreringspolitikk.
Barne- og ungdomspolitikk
BLD er representert i Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK), Nordisk Ministerråds rådgivande organ for barne- og ungdomspolitikk, underlagt samarbeidsministrane (MR-SAM). Arbeidet i komiteen er forankra i ein eigen handlings-/strategiplan for det fellesnordiske samarbeidet på det barne- og ungdomspolitiske området. Planen gjeld for perioden 2014–2017.
7.3 Europarådet
Europarådet arbeider med sentrale politikkområde i BLD, som: barne- og ungdomspolitikk, familiepolitikk, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikk, integreringspolitikk, valdsproblematikk, sosial tilhøyrsle og statsborgarskap.
Frå 1. januar 2014 har det tidligare European committee for social cohesion (CDCS) fått eit utvida mandat og heiter no European Committee for Social Cohesion, Human Dignity and Equality (CDDECS). Komiteen vil behandle sentrale område for BLD, som likestilling, ikkje-diskriminering, familie, barn, fattigdom og andre velferds- og sosialpolitiske tema. Komiteen har tre underkomitear, og Noreg vil vere representert i alle desse.
Noreg tek del i eit samarbeid om statsborgarskap under The European Committee on Legal Co-operation(CDCJ). Europarådskonvensjonen av 6. november 1997 om statsborgarskap blei sett i kraft 1. oktober 2009.
7.4 EU/EØS
Noreg tek del i EUs utvikling av ny politikk, medverkar til ny lovgiving og implementerer ulike direktiv og program nasjonalt. Det skjer på tre hovudmåtar:
Politikkutforming
Noreg har to hovudkanalar for å påverke politikkutforminga i EU: 1) politisk deltaking og 2) deltaking i arbeidsgrupper og rådgivande komitear. Politisk deltaking kan skje mellom anna i EUs uformelle ministermøte og ved høyringar i Europaparlamentet. Embetsverket vil i 2015 mellom anna delta i EFTAs arbeidsgruppe for forbrukarsaker og Consumer Policy Network (CPN), EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering og mangfald (GEG), høgnivågruppa om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (DHLG), i EUs rådgivande komité for likestilling mellom kvinner og menn og i EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.
Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration. Nettverket er ein arena for informasjonsutveksling mellom landa.
Regelverk
Norske forbrukarar er aktive på den europeiske marknaden. EU-reglane og EUs forbrukarpolitikk er derfor viktig. BLD vil påverke politikk- og regelutviklinga i 2015 mellom anna med tanke på å styrkje samarbeidet om handheving av forbrukarrettane.
Tre direktiv er føreslått av Europakommisjonen på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet og er til behandling i EU: Svangerskapsdirektivet, Ikkje-diskrimineringsdirektivet og Direktiv for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre.
Programsamarbeid
EUs programsamarbeid i perioden 2014–2020 har mellom anna fokus på utveksling av felles kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag for nasjonal politikkutvikling og gjensidig læring gjennom utveksling av erfaringar og informasjon.
På BLD sine område deltek Noreg i to program i perioden 2014–2020: Forbrukarprogrammet og EU sitt program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+. Ved deltaking i Forbrukarprogrammet får Noreg til dømes tilgang til europeiske nettverk for samarbeid og handheving av forbrukarrettar. Ved deltaking i Erasmus+ får Noreg tilgang til europeiske nettverk for ungdomspolitikk. Meir informasjon om Erasmus+ finst i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet.
7.5 FN
Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere om implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noreg sine forpliktingar som følgjer av FN-konvensjonen om barnerettane, FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering og FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne.
BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale FN-resolusjonar på departementet sitt fagområde.
BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, i møta i tredje komité i Generalforsamlinga og i FNs sosialkommisjon. BLD vil halde fram med å delta i samarbeid om gjenbusetjing av overføringsflyktningar i regi av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).
BLD vil i 2015 intensivere arbeidet med ny landrapportering som oppfølging av avsluttande merknader frå FNs barnekomité av januar 2010.
7.6 Andre internasjonale forum
OECD
Departementet deltek i OECDs komité for forbrukarsaker. Evaluering og revisjon av retningslinjene frå 1999 om elektronisk handel skal sluttførast i 2015. Aktuelle område for nye retningslinjer er forbrukarvern ved betaling via mobiltelefon og Internett, sosiale medium og digitale innhaldsprodukt. Desse vil, saman med revidert utgåve av dei generelle retningslinjene, vere innspel til Internet Ministerial i 2016.
BLD deltek òg i OECDs Working Party on Migration med hovudoppgåve å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar og OECD-landa sin politikk for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar.
Meir om migrasjon og integrering
BLD tek del i Global Forum on Migration and Development (GFMD). GFMD er ein uformell, ikkje bindande internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling.
Metropolis er eit internasjonalt uformelt nettverk og forum for forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrering av innvandrarar og etniske relasjonar. Noreg er med i forumet og møter i styret.
Vidare tek Noreg del i Transatlantic Council on Migration, som er eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika.
Noreg er òg med i Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC), som er eit uformelt forum for gjensidig utveksling av informasjon om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land.
Barentsregionen/nordområdepolitikken
Programmet Children and Youth at Risk, (CYAR II – 2012–2015) er eit samarbeidsprogram under Programme on Health and Related Social Issues in the Barents Euro-Arctic Region (JWGHS). Programmet utvekslar ekspertkunnskap om utsette barn og unge. Resultata er positive, og programmet blir ført vidare ut 2015.
Barentsrådet har ei ungdomspolitisk gruppe Joint Working Group Youth (JWGY) og eit kontor for informasjon og rettleiing Barents Youth Coordination Office – BYCO. Hovudoppgåvene er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen. Barentsregionen er avhengig av at barn og unge blir verande i regionen. Samarbeid om barne- og ungdomspolitiske utvekslingar, aktivitetar og prosjekt speler ei viktig rolle i å styrkje mellomfolkeleg forståing. BLD vil arbeide for å medverke til dette. Ordninga blir ført vidare i 2015.
Austersjøsamarbeidet
I Austersjørådet (CBSS) inngår 11 land i tillegg til EU. I Expert group for cooperation on children at risk (EGCC) vil Noreg halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge innanfor tre prioriterte område: vern mot vald og seksuelle overgrep, einslege mindreårige i migrasjon, menneskehandel og barn sine rettar på institusjon.
Anna
Noreg vil halde fram deltakinga i det europeiske mellomstatlege lhbt-nettverket (LGBT-Informal Govermental Focalpoint), som er viktig for fagleg-politisk utvikling i Europa og internasjonalt.
8 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft
Det er innført ei ny organisering av BLD med foremål å styrkje kapasitet og kvalitet i departementet og gjere organisasjonen meir robust med betre ressursutnytting og fleksibilitet. Den nye organiseringa gjer det mogleg å omprioritere ressursar og medverkar til ei vidareutvikling av fagområda ved at ulike fagområde og ulike arbeidsmåtar er lagt inn i nye avdelingar. Departementet har òg utarbeidd ein ny målstruktur for 2015 med færre hovudmål og delmål.
Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av sentrale ytingar på BLDs ansvarsområde. Dette gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og regelverket for barnebidrag.
IKT-moderniseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsetaten starta opp i 2012. Eit hovudmål med programmet er å gi betre tenester for brukarane og auka effektivitet i saksbehandlinga. Hovudstrategien er å gi brukarane betre tilgang til og innsyn i si eiga sak, døgnopne dialogtenester over nettet og fleire sjølvbeteningsløysingar knytte til sentrale ytingar.
Prosjekt 1 i moderniseringsprogrammet skal avsluttast våren 2015 med mellom anna moderniserte løysingar for ny uføretrygd. Samtidig blir det arbeidd med oppstart av Prosjekt 2 for ytterlegare forenkling og digitalisering av tenestene til etaten.
Modernisering av forvaltinga på foreldrepengeområdet er høgt prioritert, men det er ikkje fastsett ein endeleg framdriftsplan for denne delen av arbeidet.
Det er gjort nærmare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.
BLD har i 2013 og 2014 hatt auka merksemd på å målrette styringa av IMDi og Vox. Det har mellom anna vore arbeidd med kvaliteten i tildelingsbrev og instruks og utvikling av meir treffsikre mål og styringsparametrar. Arbeidet blir ført vidare i 2015.
IMDi er evaluert. Det er spesiell merksemd på desse områda: busetjing av flyktningar i kommunane, kunnskapsutvikling, IMDi si rolle som fagleg rådgivar for politikkutvikling og intern styring og organisering i IMDi. Departementet følgjer opp funna frå evalueringa.
IMDi har sidan 2011 arbeidd med ei større IKT-satsing, innføringa av IMpact. Formålet med satsinga er utvikling og innføring av eit støtteverktøy for heile IMDis verksemd for å effektivisere busetjingsarbeidet, auke kvaliteten i dialogen med kommunane om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapporteringa på resultat. Satsinga vil òg bidra til effektivisering i kommunane.
Å gi riktig hjelp tidleg i eit barns liv kan vera avgjerande for barnets utvikling, og er samfunnsøkonomisk lønsamt. Familievernets og barnevernets førebyggjande arbeid og hjelp til utsatte barn og familiar er svært viktig. Det bidreg til å gi barn gode, trygge og utviklingsfremjande oppvekstvilkår. Familievernet hindrer at familieproblemer utviklar seg og førebyggjar derfor problem på ei rekkje anna samfunnsområde som for eksempel vald, rus og psykiatri. Det blir arbeidd aktivt med forenkling, modernisering og betre gjennomføringskraft i barnevernet, og nokre av innsatsområda blir nemnde under.
Oppfølginga av Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven fører til endra roller for etaten og direktoratet. Bufdir har gått gjennom alle tenesteområda, og departementet legg til grunn at direktoratet og etaten i omstillinga held fram arbeidet med å effektivisere etaten gjennom standardisering og samorganisering. Etaten skal ikkje drive eller finansiere aktivitetar innan kommunane sine lovpålagde oppgåver, og er i ferd med å fase desse oppgåvene ut. Bufdir skal i 2015 arbeide vidare med spesialisering av tilbodet og målgruppedifferensiering av institusjonane, og dette skal bidra til betre kvalitet og gjennomføringskraft.
Vidare slutta Stortinget seg til forslaga i Prop. 106 L (2012–2013) om ei tydeleg ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern. Departementet vil forsterke dette arbeidet i tråd med regjeringa sitt mål om større ansvar til kommunane. Departementet har starta arbeidet med strukturendringar og tek sikte på å prøve ut ny organisering i form av forsøksverksemd i eit lite utval av kommunar med oppstart i 2016.
Bufdir er også godt i gang med å effektivisere og forenkle verksemda. Gjennom opprettinga av Bufetat senter for administrasjon og utvikling (BSA) blei administrative funksjonar samla og administrative stillingar reduserte med knapt 90 årsverk. Samlinga av dei administrative funksjonane bidreg til forenkling i form av standardisering av prosessar og oppgåver og effektivisering av etablerte rutinar.
Regjeringa arbeider med ei felles likestillings- og diskrimineringslov. Å samle diskrimineringsvernet, som i dag er spreidd på fleire lover, i éi lov, vil gi eit enklare, meir tilgjengeleg og oversiktleg vern mot diskriminering.
Det er òg sett i gang eit arbeid med å vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Formålet er mellom anna å gi ei mest mogleg effektiv gjennomføring av forbrukarpolitikken.
9 Omtale av klima- og miljøprofilen i budsjettet
9.1 Forbrukarområdet
9.1.1 Miljøutfordringar
Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande kjøpekraft og velstand. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk, kulturell og økonomisk utvikling. Samtidig utgjer vårt materielle forbruk ei belasting for ressursgrunnlaget.
Miljøutfordringa knytt til forbruk handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tole. Både forbruksvolumet og forbruksmønsteret i samfunnet har innverknad på miljøet og klimaet.
Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster i retning av eit redusert samla ressursforbruk vil krevje endringar i så vel haldningar, åtferd og livsstil som i teknologi og økonomisk politikk.
9.1.2 Mål for arbeidet
I forbrukarpolitikken er det eit mål å medverke til større medvit om miljøutfordringane knytte til forbruket gjennom kunnskapsformidling og informasjon. Skal forbrukarane kunne ta miljøtilpassa (berekraftige) kjøpsval, og gjennom medviten etterspurnad medverke til berekraftig produksjon, må det finnast lett tilgjengeleg, påliteleg og tilstrekkeleg informasjon om miljøaspekta ved produkta.
Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som gir minst mogleg belasting på miljøet. Medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar kan gjennom etterspurnad påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.
BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket, og styrkje kunnskapen til forbrukarane om spørsmål knytte til berekraftig forbruk i vid forstand.
Informasjon om miljømessige aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, undervisning om forbrukstema i skolen og ved positiv miljømerking. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i symbola Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU). Regjeringa vil støtte opp om desse miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag i marknaden.
9.1.3 Rapport for 2013
Arbeidet med miljømerkeordningane Svana og EU Ecolabel blei ført vidare i 2013. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) oppdaterte og produserte ny informasjon om miljømerkte produkt som enkle og trygge miljø- og klimaval i kvardagen.
For å fremme gode miljøvanar hos nye generasjonar har Miljømerking i fleire år retta kommunikasjonsarbeidet særleg mot barn og deira omgivnader. I 2013 lanserte Miljømerking eit miljøundervisningsopplegg med maskoten Svanhild som gjennomgangsfigur. Opplegget er retta mot barnehagebarn i alderen 3–7 år og familiane deira. Om lag 600 barnehagar fekk pakka i 2013, og distribusjonen heldt fram i 2014.
For 2013 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av befolkninga skulle ha kjennskap til Svana. Den årlege kjennskapsundersøkinga (januar 2014) viste at kjennskapen var på 94 prosent (mot 93 prosent i 2013). Kjennskapen til EU Ecolabel var på 10 prosent (mot 11 prosent i 2013).
BLD deltok i arbeidsgruppa under Nordisk Ministerråd som følgjer opp visjonen for Svana 2015 (vedteke av miljøministrane i 2010). Arbeidet skal medverke til at Svana forsterkar posisjonen sin som det mest relevante miljømerket i Norden, samtidig som det blir utvikla samspel med andre miljøinformasjonssystem. Ei midtvegsevaluering hausten 2013 viste at arbeidet med å nå visjonsmåla har hatt god framgang. Arbeidet blir ført vidare i 2014.
Ved utgangen av 2013 fanst det 634 gyldige lisensar og registreringar for miljømerket Svana i Noreg. Dette er ein nettoauke på 25 frå 2012.
I undervisninga i forbrukaremne i skolen er det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk innverkar på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljømedvite. I tråd med dette fekk Høgskolen i Hedmark i 2013 midlar frå BLD til å vere sekretariat for utdanningsprosjektet PERL (Partnership for Education and Research about Responsible Living). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i meir enn 50 land som mellom anna utviklar undervisningsmateriell og utvekslar kompetanse om berekraftig forbruk og livsstil.
9.1.4 Vidare arbeid
Departementet vil i 2015 arbeide for å gi forbrukarane betre grunnlag for å gjere miljømedvitne val. Dette inneber for det første å byggje opp under tiltak som kan gi forbrukarane miljøinformasjon om varer og tenester. Dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel er viktige verktøy i den samanhengen. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike. For det andre inneber det å styrkje kunnskapsgrunnlaget om utviklinga i forbruket, og konsekvensane dette har for miljøet.
Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljøargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa si. Forbrukarombodet, som forvaltar marknadsføringslova, arbeider for at forbrukarane skal få riktig og relevant informasjon òg om miljømessige forhold ved varer og tenester.
Arbeidet med å fremme undervisning om berekraftig forbruk vil bli ført vidare i 2015. BLD har saman med Klima- og miljødepartementet gitt midlar til eit undervisingsopplegg om berekraftig forbruk i regi av Ungt Entreprenørskap i 2014. Dette samarbeidsprosjektet blir føreslått ført vidare i 2015.
10 BLD sitt arbeid med menneskerettar
FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948 slår fast at «alle menneske er født frie og med same menneskeverd og menneskerettar.» Det handlar om likestilling, ikkje-diskriminering og fridom for alle, vaksne og barn, uavhengig av eigenskapar som kjønn, etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering. Menneskerettane er universelle, udelelege og gjensidig forsterkande. Mykje av BLDs arbeid dreier seg om oppfølging og sikring av menneskerettar.
I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådet sine konvensjonar, deriblant landrapporteringar, dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådet sitt arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid spesielt. Mellom anna koordinerer BLD Noreg sin kontakt mot Europarådets kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI). ECRI besøkte Noreg våren 2014 som førebuing til sin neste rapport.
Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere på implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noregs forpliktingar som følgjer av FN-konvensjonen om barnets rettar, FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering og FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne. Noreg jobbar systematisk med å følgje opp konvensjonane.
FN-konvensjonen om barnets rettar
BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FN-konvensjonen om barnerettane. Barnekonvensjonen er et viktig instrument for å ivareta barn sine rettar og konvensjonen gir gode retningslinjer for korleis dei kan bli ivaretatt og vidareutvikla i samfunnet vårt.
Barnekonvensjonens artikkel 12 slår fast at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt skal ha rett til fritt å gi uttrykk for disse i alle forhold som vedrører barnet. Reglane i barnekonvensjonen kjem til utrykk i mellom anna adopsjonslova, barnelova og barnevernlova. I tråd med konvensjonen såg departementet behovet for å styrkje barn og unges behov for innflytelse i eigen barnevernssak. Derfor blei det vedtatt ein ny regel i barnevernlova § 4-1 som slår fast at barnet skal gis moglegheit til medverking. Departementet har i tillegg gitt nærmare forskrifter om medverking og om tillitspersonens oppgåver og funksjon. Lovregelen og den nye forskrifta trådde i kraft 1. juni 2014.
I 2014 er barnekonvensjonen 25 år. Dette har mellom anna blitt markert gjennom ein nasjonal konferanse som Fylkesmannen i Troms arrangerer på oppdrag frå departementet. På regionalt plan er Fylkesmannen i Troms tildelt midlar i 2014 frå BLD, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet for å arbeide med «Sjumilssteget». Sjumilssteget handlar om å verksette barnekonvensjonen i kommunane og skal hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen slik at disse kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge.
Barnekomiteen sine merknader frå 2010 har blitt gjennomgått av relevante departement. BLD har etablert eit kontaktforum for departementa. BLD og fleire andre departement har også hatt dialogar og kontaktmøte med frivillige organisasjonar. FN sin barnekomité har bede Noreg om å levere neste rapport om oppfølging av barnekonvensjonen i 2016.
FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner
På bakgrunn av Noreg sin åttande rapport til FN om oppfølginga av FN sin kvinnediskrimineringskonvensjon og eksaminasjon i 2012 mottok Noreg anbefalingar frå FN sin kvinnediskrimineringskomité. Det blei etablert eit samarbeid både med relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga. På spørsmål frå komiteen, blei ein midtvegsrapport utarbeida og oversendt i 2014. Noreg leverer sin niande rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i 2016.
FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering
Den første norske rapporten til rasediskrimineringskomiteen blei levert i 2013, og neste høyring er i 2015. BLD arbeider med førebuing til høyringa i samarbeid med andre departement.
FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne
Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013, og leverer sin fyrste rapport til komiteen sommaren 2015. Arbeidet med rapporteringa er i gang.
Anna arbeid
I tillegg har BLD fagansvar for å medverke til implementering av og rapportering på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet, og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som blir koordinert av Utanriksdepartementet. BLD hadde mellom anna ei aktiv rolle i førebuinga til høyringa i samband med sistnemnte konvensjon hausten 2013. I tillegg bidreg BLD til Universal Periodic Review (UPR)-prosessen under FNs menneskerettsråd. BLD deltok i den norske delegasjonen som møtte for høyring i rådet våren 2014.
Beijing-erklæringa og handlingsplan om kvinners rettar blei vedteken under FN sin fjerde kvinnekonferanse i Beijing i 1995. Statane rapporterer på oppfølginga kvart femte år. I 2015 er det 20 år sidan Beijing-konferansen, og statane skulle i 2014 utarbeide ein statusrapport. Arbeidet med rapporten blei koordinert av BLD og oversendt FN våren 2014.
BLD deltek også i dei årlege møta i tredje komité i generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn o.a.BLD har også oppfølgingsansvar for FN-resolusjonar på departementets ansvarsområde.
BLD deltek på dei årlege møta i FN sin kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa. Vidare deltek BLD i FN sin sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når tema på dagsordenen tilseier det.
11 Mål for integrering
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa. Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å gi innvandrarar like høve, rettar og plikter på sitt område, og til å bidra til at måla i integreringspolitikken blir nådd.
Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarbefolkninga er ein føresetnad for at BLD skal kunne vareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne vareta ansvaret sitt.
Mål for integrering er eit viktig verktøy for å syne utvikling over tid på viktige område for innvandrarar i Noreg. Ordninga blei introdusert i statsbudsjettet for 2006. Det blir rapportert årleg i statsbudsjettet. Departementa skal nytte informasjonen i ordninga i sitt ordinære arbeid på sine ansvarsområde.
Rapporteringa på Mål for integrering gir eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe: det er folk som kjem frå EØS-land for å ta arbeid, andre kjem grunna krig og forfølging i heimlandet, og nokre kjem for å leve saman med familie som bur i Noreg. Dei er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år. Dette er alle sentrale faktorar som forklarer endringar.
Hovudmålet for integreringspolitikken er at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet. Dette er òg målet for ordninga. Indikatorane i ordninga er delt inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; frivillig verksemd og deltaking. Indikatorane som er plukka ut er relevante for departementa si eiga politikkutvikling. Dette kan endre seg, og tilgangen til statistikk endrar seg. Difor er indikatorane under utvikling.
11.1 Arbeid og sysselsetjing
Noreg har hatt ein sterk vekst i innvandringa dei siste ti åra, mellom anna som følgje av den store arbeidsinnvandringa etter 2004. Denne auken utgjorde 60 prosent av den totale sysselsetjingsveksten mellom 2002 og 2012.
Delen sysselsette innvandrarar har auka det siste året, men framleis er skilnaden stor frå befolkninga til saman. Talet på sysselsette frå EU-landa i aust har auka mest, men dei fleste gruppene har hatt ein sterk vekst. Det er store skilnader innanfor gruppa innvandrarar, og det er framleis store grupper der knapt halvparten er i arbeid. Sysselsetjinga varierer med kor lenge dei har budd i Noreg, kva land dei kjem frå, alder og kjønn.
Arbeidsløysa blant innvandrarar har gått opp det siste året, og har i store trekk følgt utviklinga i den samla arbeidsløysa. Arbeidsløysa i gruppa blir påverka av konjunkturar om lag som for andre, men talet på arbeidslause innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høgt som for befolkninga som heilskap.
Innvandrarar i Noreg har i internasjonal samanheng høg sysselsetjing. Samtidig viser statistikken på feltet at det er eit sysselsetjingsgap mellom innvandrarar og befolkninga som heilskap. Så lenge det kjem innvandrarar til Noreg som treng norskopplæring og ofte anna kvalifisering for å komme i arbeid, vil det vere eit slik gap, men ulike tiltak er retta inn mot å gjere gapet mindre.
11.1.1 Delen sysselsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
Status (per fjerde kvartal 2013)
Del sysselsette
Sjølv om delen sysselsette innvandrarar har auka mykje det siste året, gjekk delen sysselsette innvandrarar i prosent av busette innvandrarar i aldersgruppa 15–74 år i alt opp med berre 0,3 prosentpoeng, frå 62,8 prosent i 2012 til 63,1 prosent i 2013. Dette kjem av at talet på busette innvandrarar auka nesten like mykje som talet på sysselsette innvandrarar i løpet av 2013. I heile den norske befolkninga i same aldersgruppe, altså 15–74 år, var 68,6 prosent sysselsette. Her var det ein svak nedgang på 0,1 prosentpoeng frå året før, noko som mellom anna må sjåast på bakgrunn av at det har vore ein auke i talet på personar over 67 år i befolkninga.
Skilnaden i sysselsetjing er på om lag 5,5 prosentpoeng mellom innvandrarar og befolkninga i alderen 15–74 år. Dette er 0,4 prosentpoeng lågare enn året før, og har truleg samanheng med at innvandrarane har ein mindre prosentdel personar i dei eldre aldersgruppene.
Kjønn
Blant innvandrarar i aldersgruppa 15–74 år var 67,9 prosent av mennene og 57,7 prosent av kvinnene sysselsette i 4. kvartal 2013. Dette gir ein differanse på 10,2 prosentpoeng. I befolkninga totalt var differansen berre på 5,8 prosentpoeng, der 71,4 prosent av mennene og 65,6 prosent av kvinnene var sysselsette.
Når det gjeld norskfødde med innvandrarforeldre, er det ingen skilnad mellom menn og kvinner. I 4. kvartal 2013 var 53,2 prosent av både mennene og kvinnene sysselsette. Talet var det same som året før for menn, og 1 prosentpoeng meir for kvinner. At sysselsetjingsraten for norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar, må ein sjå i samanheng med at mange norskfødde med innvandrarforeldre er unge og framleis går på skule. Ein skal derfor òg vere varsam med å samanlikne desse tala med tala for dei andre gruppene.
Landbakgrunn
Blant innvandrarar frå EØS-området er tilgang til arbeid ei viktig årsak til innvandringa, noko som gir seg utslag i eit høgt sysselsetjingsnivå. I 4. kvartal 2013 var prosentdelen sysselsette for desse gruppene 76,3 prosent for dei nordiske landa, 72,9 prosent for personar frå EU-land i Aust-Europa og 70,7 prosent for innvandrarar frå Vest-Europa.
Dernest kom innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania med 66 prosent sysselsette. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa utanom EU låg ganske likt på rundt 63 prosent sysselsette. Gruppa frå Asia låg ein del lågare med 55,2 prosent, medan innvandrarar frå Afrika hadde 41,9 prosent sysselsette.
Talet på sysselsette innvandrarar frå EU-landa i aust auka med 0,1 prosentpoeng (11 550 personar) frå 2012 til 2013. Svært mange av desse var nykomarar som busette seg i Noreg i 2013. Tek vi med innvandrarar frå dei andre EØS-landa, var det til saman ein auke på 14 800 sysselsette i desse gruppene. Av dei resterande innvandrargruppene var det dei frå Asia som hadde størst sysselsetjingsvekst, med 0,6 prosentpoeng frå året før – i underkant av 5 300 personar. Blant innvandrarar frå Afrika var det ein nedgang i sysselsetjing på 0,6 prosentpoeng. Talet på sysselsette innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika viser òg ein nedgang, men berre på 0,1 prosentpoeng frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013.
Skilnadene mellom gruppene har halde seg nokså uendra over tid, uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden.
Butid
Gruppene frå Asia og Afrika har eit større innslag av flyktningar med kortare butid i Noreg enn andre grupper. I særleg grad gjeld dette den afrikanske gruppa. Lengre butid i Noreg fører til eit høgare sysselsetjingsnivå i dei fleste innvandrargrupper, men skilnadene gruppene imellom jamnar seg likevel ikkje ut. Mellom dei med butid på over 10 år ligg dei afrikanske innvandrarane lågast med ein sysselsetjingsdel langt under gjennomsnittet for innvandrarar.
Dessutan er sysselsetjingsnivået blant kvinner frå somme land i Asia og Afrika svært lågt uavhengig av butid. Dette trekkjer òg gjennomsnittet ned i desse gruppene.
Talet på sysselsette innvandrarar med butid under 4 år var på 58,5 prosent per 4. kvartal 2013. Dette er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå same tid i 2012. Dei med butid mellom 4 og 6 år var på 69,9 prosent i 2013, noko som er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng. Samtidig var talet på sysselsette innvandrarar med butid på 7 år eller meir på 63,8 prosent i 4. kvartal 2013, noko som er 0,7 prosentpoeng meir enn året før.
Alder
I aldersgruppa 15–74 år, er det ein skilnad i sysselsetjingsprosenten på 5,5 prosentpoeng mellom innvandrarar og heile befolkninga. Ser vi på dei mest yrkesaktive aldersgruppene, kjem det derimot fram skilnader, som til dømes 11,6 prosentpoeng for aldersgruppa 25–39 år og 13,3 prosentpoeng for dei mellom 40 og 54 år.Befolkninga totalt sett har ein mykje høgare del personar i aldersgruppa 67–74 år enn det innvandrarar har. Dette er ei aldersgruppe med svært låg sysselsetjingsprosent, noko som trekkjer gjennomsnittet ned i majoriteten når ein ser på aldersgruppa 15–74 år under eitt.
Tabell 11.1 Delen sysselsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
4. kvartal 2012 | 4. kvartal 2013 | Differanse | ||
---|---|---|---|---|
Prosent | Prosent | Prosent-poeng | ||
Samanlikna med befolkninga i alt | Heile befolkninga: | 68,7 | 68,6 | +0,1 |
Innvandrarar: | 62,8 | 63,1 | +0.3 | |
Fordelte på kjønn, innvandrarar | Kvinner: | 57,3 | 57,7 | +0,4 |
Menn: | 67,8 | 67,9 | +0,1 | |
Fordelte på landbakgrunn | Norden: | 76,1 | 76,3 | +0,2 |
Vest-Europa elles: | 70,0 | 70,7 | +0,7 | |
EU-land i Aust-Europa: | 72,8 | 72,9 | +0,1 | |
Aust-Europa utanfor EU | 62,1 | 62,8 | +0,7 | |
Nord-Amerika og Oseania: | 66,4 | 66,0 | -0,4 | |
Asia: | 54,6 | 55,2 | +0,6 | |
Afrika: | 42,5 | 41,9 | -0,6 | |
Sør- og Mellom-Amerika: | 63,2 | 63,1 | +0,1 | |
Fordelte på butid | Busett under 4 år: | 58,7 | 58,5 | +0,2 |
Busett 4-6 år: | 70,3 | 69,9 | -0,4 | |
Busett 7 år og meir: | 63,1 | 63,8 | +0,7 | |
Fordelte på alder – befolkninga i alt | 15-19 år: | 33,5 | ||
20-24 år: | 67,0 | |||
25-39 år: | 80,7 | |||
40-54 år: | 83,5 | |||
55-66 år: | 67,7 | |||
67-74 år: | 21,9 | |||
Fordelte på alder – innvandrarar | 15-19 år: | 21,1 | 20,4 | -0,7 |
20-24 år: | 54,8 | 54,5 | -0,3 | |
25-39 år: | 68,9 | 69,1 | +0,2 | |
40-54 år: | 70,7 | 70,2 | +0,2 | |
55-66 år: | 55,2 | 55,7 | +0,5 | |
67-74 år: | 17,5 | 18,2 | +0,7 | |
Norskfødde med innvandrarforeldre | Alle norskfødde: | 52,7 | 53,2 | 0,5 |
Menn: | 53,2 | 53,2 | 0,0 | |
Kvinner: | 52,2 | 53,2 | 1,0 | |
Alle norskfødde fordelte på alder | 15-19 år: | 25,0 | ||
20-24 år: | 63,5 | |||
25-29 år: | 71,7 | |||
30-39 år: | 76,0 | |||
40 år eller eldre: | 79,8 |
11.1.2 Delen arbeidslause innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
Status
Del arbeidslause
Utviklinga i arbeidsløysa blant innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i den samla arbeidsløysa. Den registrerte arbeidsløysa blant busette innvandrarar i Noreg gjekk opp frå 6,8 prosent i februar 2013 til 7,3 prosent i februar 2014. I den resterande befolkninga var det ein auke frå 2,0 til 2,1 prosent i den same perioden. Arbeidsløysa i gruppa blir påverka av konjunkturar om lag som for andre, men prosentdelen arbeidslause for innvandrarar er stadig om lag tre gonger så høg som for befolkninga i alt.
Frå 1. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014 auka talet på heilt arbeidslause innvandrarar med litt over 3 700 i absolutte tal, noko som svarer til 0,5 prosentpoeng. Nesten halvparten av desse kom frå EU-landa i Aust-Europa, og eit stort fleirtal av dei var menn. Talet på heilt ledige i alt auka med nærmare 7 900. Innvandrarar utgjorde såleis 47 prosent av veksten i registrert arbeidsløyse frå februar 2013 til februar 2014.
I alt var i underkant av 78 000 personar registrerte som heilt arbeidslause i 1. kvartal 2014. Av desse var over 28 000 innvandrarar, det vil seie at innvandrarar utgjorde 36,5 prosent av heilt arbeidslause totalt.
Norskfødde med innvandrarforeldre
Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer framleis ei lita gruppe arbeidslause, sjølv om ho auka noko det siste året. Gruppa bestod av snautt 1 100 registrerte heilt ledige i 1. kvartal 2014. I denne befolkningsgruppa er majoriteten mellom 15 og 29 år, og blant dei var arbeidsløysa på 5,8 prosent. Dette er 2,2 prosentpoeng lågare enn mellom innvandrarar på same alder, 8 prosent. Det er samtidig 2 prosentpoeng høgare enn dei jamgamle i resten av befolkninga, der 3,8 prosent var heilt arbeidslause.
Arbeidsløysa blant norskfødde med innvandrarforeldre i aldersgruppa 15–29 år auka med 0,8 prosentpoeng frå 1. kvartal 2013. Same aldersgruppe i befolkninga elles hadde ein auke på 0,3 prosentpoeng, medan same gruppe blant innvandrarar hadde ein auke på 0,2 prosentpoeng.
Kjønn
Innvandrarmenn hadde i alt ei arbeidsløyse på 7,2 prosent, medan innvandrarkvinnene ligg så vidt over med 7,3 prosent heilt arbeidslause. I befolkninga elles var det ei arbeidsløyse på 2,5 prosent blant menn og 1,8 prosent blant kvinner.
Arbeidsløysa for innvandrarmenn gjekk opp med 0,4 prosentpoeng, og for innvandrarkvinner steig arbeidsløysa med 0,6 prosentpoeng. I befolkninga som heilskap var oppgangen i arbeidsløysa mellom menn og kvinner den same, 0,2 prosentpoeng.
Landbakgrunn
Innvandrarar i den afrikanske gruppa har som tidlegare høgast registrert arbeidsløyse med 13,4 prosent. Deretter kjem innvandrarar frå Asia og EU-landa i Aust-Europa, begge med 8,3 prosent heilt arbeidslause. Innvandrarar frå Latin-Amerika og Aust-Europa utanom EU ligg òg ganske likt med høvesvis 7,5 og 7,2 prosent. I dei andre gruppene er nivået som vanleg ein del lågare. Innvandrarar frå Norden og Nord-Amerika/Oseania hadde lågast arbeidsløyse, begge med 2,9 prosent, medan den vesteuropeiske gruppa var registrert med 3,4 prosent heilt arbeidslause.
Innvandrarar frå Aust-Europa hadde den sterkaste auken i prosentdel registrerte heilt arbeidslause, med 0,6 prosentpoeng både i gruppa innanfor og i gruppa utanfor EU. Vesteuropeiske innvandrarar hadde den svakaste veksten i arbeidsløyse, på 0,2 prosentpoeng, medan innvandrarar frå dei andre verdsregionane hadde ein auke på mellom 0,3 og 0,5 prosentpoeng.
Butid
Når det gjeld prosentdelen heilt arbeidslause innvandrarar etter butid, er arbeidsløysa størst blant dei som har vore busette i Noreg i 4–6 år. Delen har auka mellom 1. kvartal 2013 og same tid 2014 med 0,3 prosentpoeng, frå 6,4 prosent til 6,7 prosent. Det har òg vore ein auke frå 4,2 prosent til 4,5 prosent for dei med butid under 4 år. For dei med butid på 7 år eller meir har det vore ein auke frå 4,1 prosent til 4,5 prosent.
Alder
I aldersgruppa 15–29 år er 8 prosent av alle innvandrarar heilt arbeidslause per 1. kvartal 2014. Dette er ein auke på 0,2 prosentpoeng i løpet av eitt år. I aldersgruppa 30 år eller eldre utgjer dei som er heilt arbeidslause, 7,1 prosent, medan det var 6,5 prosent på same tid i 2013.
Tabell 11.2 Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
1. kvartal 2013 | 1. kvartal 2014 | Differanse | ||
---|---|---|---|---|
Prosent | Prosent | |||
Samanlikna med befolkningen i alt | Heile befolkninga: | 2,6 | 2,9 | +0,3 |
Innvandrarar: | 6,8 | 7,3 | -0,5 | |
Fordelte på kjønn, innvandrarar | Kvinner: | 6,7 | 7,3 | +0,6 |
Menn: | 6,8 | 7,2 | +0,4 | |
Fordelte på landbakgrunn | Norden: | 2,6 | 2,9 | +0,3 |
Vest-Europa elles: | 3,2 | 3,4 | +0,2 | |
EU-land i Aust-Europa: | 7,7 | 8,3 | +0,6 | |
Aust-Europa elles: | 6,6 | 7,2 | +0,6 | |
Nord-Amerika og Oseania: | 2,4 | 2,9 | +0,5 | |
Asia m. Tyrkia: | 7,9 | 8,3 | +0,4 | |
Afrika: | 12,9 | 13,4 | +0,5 | |
Sør- og Mellom-Amerika: | 7,1 | 7,5 | +0,4 | |
Fordelte på butid | Busett under 4 år: | 4,2 | 4,5 | +0,3 |
Busett 4-6 år: | 6,4 | 6,7 | +0,3 | |
Busett 7 år og meir: | 4,1 | 4,5 | +0,4 | |
Fordelte på alder | 15-29 år: | 7,8 | 8,0 | +0,2 |
30 år og eldre: | 6,5 | 7,1 | +0,6 | |
Norskfødde med innvandrarforeldre | Alle norskfødde: | 4,6 | 5,1 | +0,5 |
Kvinner: | 3,9 | 4,2 | +0,3 | |
Menn: | 5,3 | 5,9 | +0,6 | |
Alle norsfødde 15-29 år: | 5,0 | 5,8 | +0,8 |
11.2 Utdanning og kvalifisering
Det er fleire positive utviklingstrekk på indikatorar for deltaking i barnehage og i høgare utdanning.
Det er urovekkjande å sjå at delen 16–25-åringar som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, aukar. Når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring, er det særleg elevar med kort butid som har særskilde utfordringar, og gutar gjør det dårlegare enn jenter.
Grunnskolepoeng er nytta som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Når det gjeld talet på grunnskolepoeng, er avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar liten. Avstanden mellom innvandrarar og andre elevar er langt større. Avstanden mellom innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar har endra seg marginalt dei siste tre åra. Det er store ulikskapar mellom elevar med ulik landbakgrunn, og nokre minoritetsgrupper oppnår – basert på foreldra sin landbakgrunn – betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar.1 For dei som ikkje lykkast så godt, er sosial bakgrunn og manglande norskdugleikar viktige forklaringar.
Det har over tid vore ein positiv auke i delen minoritetsspråklege barn i barnehage. Særleg har det vore ein auke i delen 2-åringar dei siste tre åra.
Det har vore ei svak betring i talet på elevarar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år blant elevar med norsk bakgrunn. Det har òg vore ei svak betring blant elevar som sjølve har innvandra, sjølv om desse elevane framleis gjer det vesentleg dårlegare enn andre elevar. Det har vore ein svak nedgang i gjennomføringstala når ein ser på norskfødde elevar med innvandrarforeldre. Det er gutane som står for nedgangen. Butida har mykje å seie for fullføringsprosenten.
Når det gjeld søkjarar med læreplass som førsteval som har fått godkjend lærekontrakt, er det positivt å sjå at det er små skilnader mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar. Når ein ser på delen i alderen 16-25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring kjem dei som sjølve har innvandra dårlegast ut. Også norskfødde gutar med innvandrarforeldre er overrepresenterte samanlikna med andre gutar. Det har vore ei negativ utvikling dei siste tre åra. Tidlegare forsking syner at når ein tar omsyn til foreldra sin utdanningsbakgrunn og karakterar frå grunnskolen forsvinn forskjellen i delen elevar sm fullfører vidaregåande opplæring.2
Alderen når ein kjem til landet, betyr mykje for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Ei kartlegging Rambøll har gjort av innføringstilboda for nykomne elevar, stadfestar at desse elevane i mange tilfelle har særskilde utfordringar. Dei skal på kort tid både lære seg eit nytt språk og ta igjen tapt skolegang.3 Jentene klarer seg betre enn gutane uansett alder ved innvandringa. Det har vore ei svak negativ utvikling i gjennomføringstala dei siste tre åra for innvandrarar med kort butid, og det er særleg gutane som bidreg til denne utviklinga.
Delen vaksne over 25 år med innvandrarbakgrunn som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år, har gått ned dei tre siste åra. I fleire år har ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre vore i høgare utdanning enn både delen av innvandrarar og delen av befolkninga elles. Studentar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte innanfor nokre studium. Dessverre er dei med innvandrarbakgrunn underrepresenterte i lærarutdanningane.
11.2.1 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage
Status
Minoritetsspråklege barn er definerte som barn av foreldre med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. I 2013 gjekk 77 prosent av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehagen, mot 92 prosent av andre barn i same aldersgruppe. Delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, aukar i takt med alderen på barna (figur 11.1). For 4- og 5-åringar er delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nær den same som for andre barn. For 1–3-åringar er delen betydeleg mindre enn for andre barn, men i dei siste tre åra det har vore ei positiv utvikling. Det har særleg vore ein auke i delen 2-åringar dei siste tre åra.
11.2.2 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre under utdanning for å bli barnehagelærar
Status
Av 7 740 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2013 utgjer dei med innvandrarbakgrunn4 8,2 prosent av studentane (figur 11.2). Dette er noko lågare enn delen personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga, som utgjer 15 prosent (SSB). Berre 1,5 prosent av desse studentane er norskfødde med innvandrarforeldre. Delen med innvandrarbakgrunn blant mannlege studentar er noko høgare enn blant kvinnelege studentar. Delen med innvandrarbakgrunn, både blant menn og kvinner og blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, har auka svakt dei siste tre åra.
11.2.3 Grunnskolepoeng for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre
Grunnskolepoeng frå grunnskolen blir nytta som inntaksgrunnlag til vidaregåande opplæring. Poenga er berekna ved å ta snittet av alle standpunkt- og eksamenskarakterane og multiplisere med ti. Elevar som manglar sluttvurdering i meir enn halvparten av faga, får ikkje berekna grunnskolepoeng, og må takast inn på individuelt grunnlag til vidaregåande.
Status
Avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar når det gjeld talet på grunnskolepoeng, er liten. Berre 1,6 poeng skil desse i 2013. Avstanden mellom innvandrarar og andre er langt større. Nesten 7 poeng skil desse i 2013. Det er vanskeleg å vurdere resultata til elevar som har innvandra da mange av dei ikkje kan vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. Litt over ein fjerdedel av elevane som har innvandra har ikkje fått berekna grunnskolepoeng i 2013. Det er særleg dei med 0–2 års butid, 45 prosent, som ikkje har fått berekna grunnskolepoeng. Butida har stor betydning for kor mange grunnskolepoeng innvandrarane har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 11 års butid at talet på grunnskolepoeng nærmar seg talet på grunnskolepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.
Jenter får i snitt fire grunnskolepoeng meir enn gutane. Avstanden mellom innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar har endra seg marginalt dei siste tre åra.
11.2.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole
Status
Berre éin av tre innvandrarar som avslutta grunnskolen skoleåret 2007/2008, fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år (figur 11.4). Dette er betydeleg færre enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre som oppnår full kompetanse etter fem år. Det har vore ei svak positiv utvikling i delen som oppnår full kompetanse, både blant gutar og jenter, dei siste tre åra. For norskfødde gutar med innvandrarforeldre har det vore ei svak negativ utvikling. Butida har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2013 visar at 51 prosent av dei som har budd meir enn seks år i landet, fullfører og består innan fem år. Av dei som har budd meir enn 11 år i landet, fullfører og består 62 prosent.
11.2.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som førsteval som har godkjend lærekontrakt
Status
Av nær 40 000 søkjarar med læreplass som førsteval per 15. juli 2013 hadde éin av fire fått ein godkjend kontrakt innan 1. oktober 2013. Delen innvandrarar som har fått lærekontrakt i 2013, er nær nivået til andre elevar (figur 11.5). For norskfødde med innvandrarforeldre er delen som oppnår læreplass i 2013, høgare enn for andre elevar. Årsaka til dette er ein stor auke i delen norskfødde jenter med innvandrarforeldre som får lærekontrakt det siste året. Tala frå 1. oktober er ei tidleg måling, og dei fleste søkjarane får godkjend kontrakten sin etter denne datoen. Tala vil derfor endre seg. Tabellen viser likevel at det ikkje er store skilnader mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar.
11.2.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre 16-25 år som verken er i utdanning eller har fullført og bestått vidaregåande opplæring, og som heller ikkje er i arbeid
Status
Når ein ser på delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, kjem gutar og jenter som sjølve har innvandra, dårlegast ut. Også norskfødde gutar med innvandrarforeldre er overrepresenterte samanlikna med andre gutar. Det har vore ei negativ utvikling dei siste tre åra. Tidlegare forsking viser at når ein tek omsyn til foreldra sin utdanningsbakgrunn og karakterar frå grunnskolen, forsvinn skilnaden i delen elevar som fullfører vidaregåande opplæring.5
I 2013 er éin av ti innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring (figur 11.6). Tala er litt lågare for norskfødde med innvandrarforeldre, knapt 8 prosent. 7 prosent av andre i alderen 16–25 år er verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Generelt er ein høgare del av mennene enn kvinnene representert i denne gruppa. Særleg er det ein kjønnsforskjell blant norskfødde med innvandrarforeldre. Norskfødde kvinner med innvandrarforeldre er representerte i like stor grad som andre kvinner, medan mennene er representerte i høgare grad enn andre menn. Delen innvandrarar i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, har auka svakt det siste året.
11.2.7 Delen av dei som innvandra i ungdomsskolealder / vidaregåande alder som har fullført og bestått vidaregåande opplæring før dei fylte 30 år
Alderen når ein kjem til landet, har stor betydning for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring (figur 11.7). I tillegg klarer jenter som kjem til landet seint i skoleløpet, i større grad enn gutane å bestå vidaregåande opplæring innan dei fyller 30. Særleg av dei som kjem til landet i alderen 13–15 år (ungdomstrinnet), klarer jentene seg betre enn gutane.
Status
Delen som har innvandra i alderen 13–15 år, og som har bestått vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år, har ikkje endra seg mykje dei siste tre åra. Det har vore ein nedgang på berre 1,7 prosentpoeng. For dei som kom til landet i vidaregåande alder (16–18 år), har det vore ein litt større nedgang, på 3 prosentpoeng, frå 2011 til 2013. For begge aldersgruppene er det gutane som i størst grad bidreg til denne utviklinga.
11.2.8 Delen vaksne innvandrarar med fullført grunnskoleutdanning
Status
Av alle innvandrarar i 2013 mellom 16 og 60 år, er 71 prosent registrerte med ei fullført grunnskoleutdanning (figur 11.8). Ein større del av innvandrarkvinnene enn innvandrarmennene er registrerte med ei fullført grunnskoleutdanning. I tillegg til dei som er registrerte med ei fullført grunnskoleutdanning, er det 26 prosent som har ukjend utdanningsbakgrunn. Blant dei med kort butid, null til fire år, er utdanningsbakgrunnen ukjend for 46 prosent. Frå 2012 til 2013 auka delen innvandrarar med ukjend utdanningsbakgrunn med 3 prosentpoeng. Dette forklarer nedgangen i talet på dei med fullført grunnskoleutdanning det siste året i figur 8. For dei som har budd i landet i meir enn 12 år, er litt over 90 prosent registrerte med fullført grunnskoleutdanning, medan 6,4 prosent har ukjend utdanningsbakgrunn.
11.2.9 Delen personar med innvandrarbakgrunn som har bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år, 25 år og eldre
Status
Av totalt 8 500 vaksne som starta i vidaregåande opplæring for første gong skoleåret 2007/2008, var det berre 48 prosent som fullførte og bestod i løpet av fem år. Delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, er ein del lågare enn for andre vaksne (figur 11.9). Det er store kjønnsskilnader blant dei vaksne med innvandrarbakgrunn. Kvinner med innvandrarbakgrunn klarer i større grad å fullføre og bestå enn andre kvinner, medan det er motsett for menn. Samla sett har det vore ei negativ utvikling i delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år, dei siste tre åra.
11.2.10 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i høgare utdanning
Ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre er i høgare utdanning enn både delen av innvandrarar og befolkninga elles, og slik har det vore i fleire år.6
Tabell 11.3 Studentar i høgare utdanning, etter alder, innvandringskategori og tid. Prosentdel av befolkninga.
I alt | Innvandrarar | Norskfødde med innvandrarforeldre | Resten av befolkninga | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2009 | 2011 | 2013 | 2009 | 2011 | 2013 | 2009 | 2011 | 2013 | 2009 | 2011 | 2013 | |
Studentar 19–24 år | 30,7 | 31,6 | 33,7 | 16,9 | 15,8 | 16,2 | 37,1 | 38,7 | 40,6 | 32,2 | 33,6 | 35,9 |
Studentar 25–29 år | 14,7 | 15 | 15 | 9,3 | 8,9 | 8,4 | 17,1 | 19,4 | 20,4 | 15,9 | 16,7 | 17 |
Studentar omfattar berre studentar som er registrert busette i Noreg per 1. oktober.
Kjelde: SSB
I 2013 var 33,7 prosent av årskulla 19–24 år i høgare utdanning. Delen norskfødde med innvandrarforeldre som tek høgare utdanning er 40,6 prosent, medan delen i befolkninga elles er 35,9 prosent. Av innvandrarane er det færre som er i høgare utdanning enn befolkninga elles – rundt 16 prosent av årskulla 19–24 år.
At norskfødde med innvandrarforeldre i så stor grad tek høgare utdanning, tyder på at ein stor del av dei er godt integrerte. At innvandrar – som utgjer ei langt større gruppe – i mindre grad gjer det same, kan kome av at innvandrarane i snitt har kortare butid og dermed svakare språkkunnskapar enn det som er nødvendig for å ta høgare utdanning. Ei anna delforklaring er at ein del av innvandrarane har høgare utdanning når dei innvandrar. Innvandrarar som gruppe har ein større del med lang utdanning enn befolkninga elles.
Det er derfor ikkje å vente at innvandrarar er like tilbøyelege til å ta høgare utdanning i Noreg som dei norskfødde med innvandrarforeldre eller som befolkninga elles.
Kjønnsfordelinga mellom dei som har teke høgare utdanning dei seinare åra, har vore at kvinnene er i fleirtal. Innvandrarbefolkninga skil seg ikkje frå befolkninga elles på dette punktet. I denne tabellen ser vi kor stor del som er i høgare utdanning av dei ulike kategoriane i aldersgruppa 19–34 år:
Tabell 11.4 Studentar i høgare utdanning, alder 19–34 år, etter statistikkvariabel, innvandringskategori, kjønn i 2013.
Menn % | Kvinner % | |
---|---|---|
Alle 19–34 år | 16,0 | 22,8 |
Innvandrarar | 7,1 | 9,8 |
Norskfødde med innvandrarforeldre | 26,9 | 33,6 |
Resten av befolkninga | 18,0 | 25,9 |
Studentar omfattar berre studentar busette i Noreg per 1. oktober.
Kjelde: SSB
16 prosent av mennene i denne aldersgruppa er i høgare utdanning, medan 22,8 prosent av kvinnene er det. Av innvandrarane er delen studentar respektive 7,1 og 9,8 prosent, og av dei norskfødde med innvandrarforeldre er det 26,9 og 33,6 prosent som er studentar. Av befolkninga elles er det 18 prosent av mennene og 25,9 prosent av kvinnene som er i høgare utdanning. Uavhengig av kategori er det kvinnene som i størst grad tek høgare utdanning.
11.2.11 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre under utdanning for å bli lærar
Status
Når det gjeld delen innvandrarar i lærarutdanningane våre, er biletet eit anna enn for høgare utdanning generelt. Innvandrarbefolkninga utgjer 14,9 prosent av befolkninga på landbasis (2014). Lærarstudentar med innvandrarbakgrunn utgjer berre 6,5 prosent av talet på lærarstudentar. Gitt at ein ønsker at lærarane skal spegle befolkninga, er dette lågt, og lågare enn i mange andre profesjonsutdanningar: I ingeniør-, siviløkonom-, sjukepleiar- og medisinstudia er delen av innvandrarbefolkninga rundt 12 prosent. Talet på studentar i lærarutdanning har auka noko sidan 2008, men delen av lærarstudentar med innvandrarbakgrunn har halde seg på vel 6 prosent.
I denne tabellen ser ein på lærarstudentar i ulike lærarutdanningar og totalt.
Tabell 11.5 Studentar i lærarutdanningar etter innvandringskategori. 2013.
I alt | Innvandrarar | Norskfødde med innvandrar- foreldre | Befolkningen elles | Innvandrarar i prosent | Norskfødde med innvandrarforeldre i prosent | Befolkninga elles i prosent | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk-pedagogisk utd. (PPU) | 3252 | 278 | 12 | 2962 | 8,5 | 0,4 | 91,1 |
Førskolelærar/barnehagelærar | 7738 | 522 | 114 | 7102 | 6,7 | 1,5 | 91,8 |
Fag- og yrkesfaglærar | 1446 | 137 | 23 | 1286 | 9,5 | 1,6 | 88,9 |
Allmennlærar-/grunnskolelærar | 8397 | 181 | 106 | 8110 | 2,2 | 1,3 | 96,6 |
Faglærar, praktisk-estetiske fag | 14 | 0 | 0 | 14 | 0 | 0 | 100 |
Lektor, kultur-, språk- og samfunnsfag | 2120 | 90 | 48 | 1982 | 4,2 | 2,3 | 93,5 |
Lektor, realfag | 670 | 37 | 20 | 613 | 5,5 | 3 | 91,5 |
Master, grunnskolelærar | 60 | 1 | 0 | 59 | 1,7 | 0 | 98,3 |
Master, grunnskoleutd. 1.–7. trinn | 173 | 3 | 0 | 170 | 1,7 | 0 | 98,3 |
Master, grunnskoleutd. 5.–10. trinn | 297 | 6 | 0 | 291 | 2 | 0 | 98 |
I alt | 24167 | 1255 | 323 | 22589 | 5,2 | 1,3 | 93,5 |
Kjelde: SSB
I lærarutdanningane er det omvendt forhold mellom dei to gruppene med innvandrarbakgrunn: Det er ein større del innvandrarar som tek lærarutdanning samanlikna med norskfødde med innvandrarforeldre. Det er i det heile svært få norskfødde med innvandrarforeldre som tek lærarutdanning. Dette viser at analysen til Støren i NOU 2009: 18 Rett til læring7 gjeld framleis:
Støren (2009) har også sett på hvilke studier ungdom med innvandrerbakgrunn velger. Spesielt de som er født i Norge av innvandrerforeldre velger oftere prestisjefylte studier enn studenter med norsk bakgrunn. Dette er studier som medisin, odontologi, siviløkonom, juss og sivilingeniør. Lærerutdanning og andre studier innenfor pedagogikk er ikke populære blant denne gruppen.
Det er òg verdt å merke seg at på den aller største av lærarutdanningane – grunnskolelærarutdanninga (tidlegare allmennlærarutdanninga) – er delen med innvandrarbakgrunn spesielt låg: 1,7–3,5 prosent av studentane har slik bakgrunn.
Norske lærarutdanningar har eit stort fleirtal av kvinnelege studentar. I nokre av utdanningane er kjønnsbalansen skeivare enn i andre. Til dømes er 75 prosent av studentane på dei 4-årige allmennlærar/grunnskolelærarutdanningane kvinner, og heile 89 prosent på master i grunnskolelærarutdanning for 1.–7. trinn. I førskolelærarutdanninga er kvinnedelen 86 prosent. Blant studentane med innvandrarbakgrunn er kjønnsfordelinga meir balansert. Rett nok er det få studentar med slik bakgrunn på akkurat desse studia, men 9,3 prosent av innvandrarstudentane er menn, mot 8,1 prosent kvinner.
11.2.12 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader om generell godkjenning i NOKUT
Status
På området utanlandsk utdanning har etterspurnaden etter NOKUT sine tenester auka kraftig dei siste åra. Det gjeld både pågangen av søknader til godkjenningsordninga, generell godkjenning og saksmengda på området informasjon og rådgiving. I 2013 fekk NOKUT inn til saman 6 163 søknader om generell godkjenning. Samanlikna med 2012 er dette ein auke på heile 20 prosent. NOKUT ferdigbehandla 7 410 søknader, ein auke på 68 prosent om ein samanliknar med 2012. Den store auken i ferdigbehandla søknader er eit resultat av at NOKUT har innført tiltak som har gjort saksbehandlinga meir effektiv, og av at saksbehandlingskapasiteten er blitt styrkt. Ein del av auken kjem av at eit ventearkiv som inneheldt gamle saker som ikkje var klare til behandling, er avvikla. Trass i auken i talet på nye saker har restansane gått ned i løpet av 2013. Gjennomsnittlig saksbehandlingstid var 3,2 månader for 2013, ei auke frå 2,8 månader i 2013.
NOKUT etablerte ei ny godkjenningsordning for personar utan verifiserbar dokumentasjon i 2013. Til saman 25 saker blei ferdigbehandla, og det er i tråd med prognosen som NOKUT hadde i samband med tildelinga i revidert nasjonalbudsjett. Av desse 25 sakene blei det gjort 18 positive vedtak. Til saman mottok NOKUT 260 søknader til den nye godkjenningsordninga. Ordninga framstår som solid, og for 2014 har NOKUT som mål å gjennomføre 120 nye vurderingar og vedtak. NOKUT har ambisjonar om ei vidare oppskalering i 2015.
11.3 Levekår
Det er godt dokumentert at det er systematiske skilnader i levekår mellom innvandrarar og befolkninga elles. Ein måler gjerne levekår gjennom ulike sosioøkonomiske variablar som sysselsetjing og låginntekt, men korleis ein bur, og kva slags helse ein har, seier òg mykje om levekåra til folk.
Delen innvandrarar med låginntekt har halde seg stabil i fleire år, og innvandrarar er framleis overrepresenterte i låginntekt. Låginntekt heng nært saman med låg yrkesaktivitet.
Barn som er innvandrarar, eller norskfødde med innvandrarforeldre er langt meir utsette for å vekse opp i eit hushald med vedvarande låginntekt enn det som er gjennomsnittet for alle barn. Sjølv om statistikken viser ei betring i delen barn som lever i familiar med låginntekt, har talet auka.
I Noreg bur dei aller fleste godt og trygt. Åtte av ti eig bustaden sin, ein eigardel som har halde seg stabil i mange år. Tal tyder på at vi bur romslegare enn for 10–15 år sidan, og at bustandarden stadig blir betre. Bustad er likevel ikkje eit gode som er likt fordelt. Jo lågare inntekt, desto meir utsett er ein for bustadproblem i ei eller anna form.
11.3.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt
Status
Innvandrarar er klart overrepresenterte i gruppa med vedvarande låginntekt8, noko som kjem tydeleg fram i figur 11.10. Medan prosenten har variert frå 8,2 til 7,9 i befolkninga i dei åra vi ser på her, har han halde seg mellom 26,7 og 24,9 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det var ein viss nedgang frå 2007 til 2011, men i 2012 har prosenten auka att, til 25,9. Dei viktigaste forklaringane på at personar har vedvarande låginntekt, finn vi i manglande eller liten yrkesaktivitet i hushaldet. Dette bidreg òg til å forklare kvifor innvandrarar er spesielt utsette for låginntekt, særleg gjeld det innvandrargrupper med liten yrkesaktivitet.
Vedvarande låginntekt er vanlegare blant kvinner enn menn. I befolkninga har om lag 9 prosent av kvinnene og 7 prosent av menn vedvarande låginntekt. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er skilnaden motsett, og noko mindre. I perioden 2010–2012 hadde 25,5 prosent av mennene låginntekt, medan delen var eitt prosentpoeng lågare for kvinner.
I folkesetnaden i alt er det minst vanleg å ha låginntekt for dei som er i alderen 35-66 år, medan delen med låginntekt er noko høgare mellom unge i etableringsfasen (18-34 år) og eldre på 67 eller meir, der dei fleste har gått ut av arbeidslivet. Born i alderen 0-17 år ligg omtrent på gjennomsnittet for busetnaden totalt. For innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er aldersprofilen noko annleis. Låginntekt er vanlegast mellom borna i alderen 0-17 år. Litt over ein av tre har i denne aldersgruppa har vore utsett for låginntekt i den perioden vi ser på. Delen med låginntekt fell noko med alder fram mot 66 år, og lågast er delen for 50-66 åringar der 17,5 prosent hadde låginntekt i 2010–2012. Mellom dei eldste, er delen noko høgare att, 20,6 prosent i 2012.
Utviklinga i låginntekt mellom innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har vore prega av stabilitet for aldersgruppene 18-66 år i perioden 2007 til 2012. For dei yngste og eldste var det er positiv utvikling fram mot 2011, men i 2012 (som dekkjer inntekter 2010–2012) var det igjen ei auke. Denne utviklinga og skilnadene mellom aldersgrupper kan skuldast fleire faktorar, der den viktigaste er ulikskapar i yrkesaktivitet. Det at så mange born er utsette skuldast i hovudsak at dei høyrer til i relativt store hushald med låg yrkesinntekt.
Sjølv om innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte med vedvarande låginntekt, er det store skilnader i gruppa, mellom anna etter butid og landbakgrunn.
Figur 11.11 viser at det er ein klar samanheng mellom butid og låginntekt. Årsaka er at det tek tid å bli integrert, spesielt på arbeidsmarknaden. Innvandrarar med kort butid er stort sett dårlegare knytte til arbeidsmarknaden enn innvandrarar som har budd i landet over lengre tid. Figuren viser òg at dei tre siste åra har prosentdelen med låginntekt blant dei med kortast butid auka, frå 39,9 prosent i 2008–2010 til 48,0 prosent i 2010–2012. Dette kan truleg ha samanheng med kva innvandrargrupper som har kome til landet dei siste åra, og at arbeidsmarknaden er vanskeleg for dei som nyleg har kome. For innvandrarar med lengre butid er trenden at prosentdelen med låginntekt fell noko. I 2007–2009 hadde 31,2 prosent av dei med butid på 4–9 år låginntekt, i 2010–2012 var dei nede på 25,9 prosent. Tilsvarande utvikling for dei med butid på 10 år og lenger var frå 19,2 til 18,8 prosent. Sjølv dei med lang butid har klart større fare for å vere i låginntektsgruppa enn gjennomsnittet i befolkninga, men med lengre butid er faren mindre.
Figur 11.12 viser at innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika har langt høgare risiko for å vere i låginntektsgruppa samanlikna med innvandrarar frå Norden, Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania. Ein rapport frå 2009 viser at den først nemnde gruppa har auka risiko for låginntekt uavhengig av korleis ein definerer grensa for låginntekt (Normann 2009).
Blant innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika fall delen med låginntekt noko frå 2007 til 2011, men i 2012 var det ein auke igjen, til 28,4 prosent. I den andre gruppa, dei frå Norden etc., er delen med låginntekt langt lågare, men samtidig noko høgare enn det ein finn i befolkninga totalt. Her har dessutan prosentdelen med låginntekt auka noko dei siste åra, frå 10,9 prosent i 2007 til 11,8 prosent i 2012.
Går ein nærmare inn i tala bak figur 11.12 og bryt ned etter kva land innvandrarane kjem frå, blir det enda tydelegare at enkelte landgrupper er langt meir utsette enn andre (tabell 11.6). I 2012 hadde heile 63,9 prosent av innvandrarane frå Somalia låginntekt. Sjølv blant somaliske innvandrarar med lang butid var delen med låginntekt høg. Nesten seks av ti med butid på 10 år eller lengre hadde låginntekt (Kaur 2013). To andre landgrupper som skil seg ut, er Irak og Afghanistan, der 47,2 og 45,9 prosent hadde låginntekt i 2012. Også i desse gruppene hadde mange låginntekt sjølv med lang butid. Nokre av dei som høyrer til i gruppa Aust-Europa, Asia etc., skilde seg og ut i ei meir positiv retning. Blant innvandrarar frå India og Sri Lanka hadde 11,5 og 14,7 prosent låginntekt i 2012.
Det er litt ulik utvikling dersom ein samanliknar mellom ulike landbakgrunnar. Mellom anna har prosentdelen med låginntekt blant innvandrarar frå Tyrkia, Pakistan og Iran blitt merkbart redusert frå 2007 til 2012. Dette kan henge saman med at den gjennomsnittlege butida i desse gruppene har auka. For innvandrarar frå Polen er utviklinga motsett, her aukar prosentdelen med låginntekt frå 2007 til 2012. Mest sannsynleg heng det saman med ein vanskelegare arbeidsmarknad etter finanskrisa.
Tabell 11.6 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter landbakgrunn. Prosent. 2005/2007 – 2010/2012.
2005–2007 | 2006–2008 | 2007–2009 | 2008–2010 | 2009–2011 | 2010–2012 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Danmark | 9,1 | 9,4 | 9,1 | 9,1 | 8,9 | 8,1 |
Sverige | 9,8 | 10,0 | 10,0 | 10,0 | 9,8 | 9,8 |
Storbritannia | 9,1 | 9,8 | 9,7 | 9,6 | 10,0 | 10,3 |
India | 12,6 | 11,5 | ||||
Tyskland | 11,2 | 11,8 | 13,7 | 14,1 | 13,3 | 13,0 |
Sri-Lanka | 17,7 | 16,5 | 15,8 | 14,9 | 14,0 | 14,7 |
Bosnia-Hercegovina | 19,2 | 18,1 | 17,7 | 16,4 | 14,6 | 15,5 |
Filippinene | 16,8 | 16,8 | 15,7 | 17,2 | ||
Vietnam | 22,4 | 21,9 | 20,8 | 19,5 | 18,1 | 18,2 |
Iran | 28,8 | 26,6 | 24,7 | 22,2 | 21,0 | 22,1 |
Russland | 28,1 | 26,6 | 25,6 | 24,6 | 23,0 | 23,7 |
Polen | 19,3 | 21,3 | 25,3 | 25,3 | 25,9 | 25,4 |
Tyrkia | 33,6 | 32,1 | 29,5 | 28,3 | 27,2 | 27,2 |
Pakistan | 36,4 | 34,8 | 33,1 | 31,8 | 30,6 | 29,8 |
Marokko | 29,6 | 30,5 | ||||
Afghanistan | 46,5 | 42,0 | 42,2 | 45,9 | ||
Irak | 52,1 | 49,9 | 47,4 | 45,3 | 44,7 | 47,2 |
Somalia | 66,1 | 67,4 | 66,3 | 63,1 | 61,0 | 63,9 |
Kjelde: SSB
11.3.2 Delen barn under 18 år, innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, som lever i husstandar med vedvarande låginntekt
Som figur 11.13 viser, er barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre langt meir utsette for å vekse opp i eit hushald med vedvarande låginntekt enn det som er gjennomsnittet for alle barn. Om lag eitt av tre barn med innvandrarbakgrunn veks opp i eit låginntektshushald, medan det gjeld om lag kvart trettande av alle barn.
Delen med låginntekt blant barn med innvandrarbakgrunn fall noko frå perioden 2006–2008 til 2009–2011. Samtidig heldt den totale delen barn i låginntektshushald seg nokså stabil. I 2010–2012 auka delen barn med låginntekt når ein samanliknar med perioden før. Blant barn med innvandrarbakgrunn var auken 1,3 prosentpoeng, medan han var 0,4 prosentpoeng blant alle barn. Det betyr at nesten annakvart barn i låginntektshushald hadde innvandrarbakgrunn.
Kor utsette barn med innvandrarbakgrunn er, varierer ein god del avhengig av kva land dei har bakgrunn frå. Barn med bakgrunn frå Aust-Europa, Afrika, Asia eller Latin-Amerika er mest utsette, men òg i denne gruppa er det store skilnader. Barn med bakgrunn frå Irak, Afghanistan, Somalia og til dels Pakistan veks oftare opp i låginntektshushald enn barn med annan landbakgrunn (Kaur 2013).
At landbakgrunn betyr så mykje, kan det vere fleire årsaker til. Mellom anna kan butida til foreldra påverke i kva grad dei er i inntektsgivande arbeid. Det har òg vist seg at barn med bakgrunn frå landgrupper der familiane er store og yrkesaktiviteten blant mødrer låg, er klart overrepresenterte i låginntektsgruppa.
Referansar:
Bhuller, Manudeep og Rolf Aaberge (2010): Vedvarande økonomisk fattigdom blant innvandrere. En empirisk analyse for perioden 1993–2007. Rapporter 32/2010 Statistisk sentralbyrå
Kaur, Ranjit (red.) (2013): Økonomi og levekår for ulike lavinntektsgrupper 2013. Rapporter 32/2013 Statistisk sentralbyrå
Normann, Tor Morten (2009): Fattigdomsrisiko. En levekårstilnærming. Rapporter 2009/11 Statistisk sentralbyrå.
11.3.3 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som eig og leiger bustad
Status
Delen innvandrarar som eig bustaden sin, er mindre enn for resten av befolkninga. Om lag 58 prosent av innvandrarane frå EU, Nord-Amerika etc.9 er sjølveigarar10 og om lag 42 prosent leiger ein bustad. Blant befolkninga elles er om lag 87 prosent sjølveigarar, og om lag 13 prosent leiger ein bustad.
Det er noko meir vanleg at innvandrarkvinner eig bustaden sin enn menn. Blant innvandrarane frå Asia, Afrika etc.11 er om lag 44 prosent av kvinnene sjølveigarar, medan rundt 38 prosent av mennene er det. Blant innvandrarane frå EU, Nord-Amerika etc. er om lag 52 prosent av kvinnene sjølveigarar, medan om lag 47 prosent av mennene er det.
Kor stor del av innvandrarbefolkninga som eig eller leiger, endrar seg med butid i Noreg. Innvandrarar med lang butid i Noreg har eit eige- og leigemønster som liknar på resten av befolkninga. Spesielt gjeld dette for innvandrarar frå EU, Nord-Amerika etc. For denne gruppa, med butid over 15 år, er prosentdelen som leiger, nesten den same som for resten av befolkninga. Sjølv om prosentdelen som leiger bustad, også minkar med butid for innvandrarar frå Asia, Afrika etc. og prosentdelen som eig bustaden sin, aukar, er prosentdelen som leiger bustad, framleis om lag 20 prosent etter 15 år eller meir i Noreg.
11.3.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som bur trongt
Status
Å bu trongt er her definert som einpersonshushald som berre har eitt opphaldsrom, hushald med fleire personar enn talet på opphaldsrom, og at hushaldet har mindre enn 20 kvadratmeter buareal (p-areal) per person i hushaldet. Innvandrarar, spesielt frå Asia, Afrika etc. er overrepresenterte blant dei som bur trongt. Om lag 23 prosent av innvandrarane frå Asia, Afrika etc. bur trongt, medan dette gjeld om lag 9 prosent av dei frå EU, Nord-Amerika etc. Av resten av befolkninga er det om lag 4 pst. som bur trongt.
Blant dei norskfødde med innvandrarforeldre er det heile 37 prosent som er trongbudde. Dette kan tyde på at mange unge med innvandrarforeldre bur i hushald som er spesielt utsette på bustadmarknaden.
Det skjer ei klar endring med auka butid. Innvandrarar frå EU, Nord-Amerika etc. med lang butid er nær snittet som for befolkninga elles, medan ein stor del av innvandrarane frå Asia, Afrika etc. framleis bur trongt trass i lang butid.
11.4 Frivillig verksemd og deltaking
Den norske velferdsstaten har eit breitt tilbod av gratis eller lågt prisa offentlege tenester. Tenestene verkar inn på livskvaliteten og moglegheitene til det enkelte mennesket, og påverkar derfor føresetnadene for å delta i samfunnslivet. Måten tenestene er utforma på, påverkar moglegheita til å bruke tenestene.
Dei offentlege tenestene skal vere tilgjengelege for alle og ta utgangspunkt i føresetnadene og behova til den enkelte. Delen tilsette innvandrarar i ulike yrke kan seie noko om føresetnaden for at tenestene er tilpassa mangfaldet i befolkninga. Dette er særleg viktig i tenester som utøver myndigheit over andre. Representasjon av ulike grupper i tenestene har òg betydning for opplevinga av tillit til dei.
For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samtidig som borgarane ved å stemme aukar innverknaden på sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å gjere borgarane ansvarlege og medvitne.
Statistikken viser at representasjonen av innvandrarar i offentleg sektor går opp. Denne utviklinga gjeld òg mange av dei yrka som er presenterte under, som tilsette i barnehagar, skolar og politi.
11.4.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er tilsette i offentleg sektor
Status
Statsadministrasjonen, eller det statlege tariffområdet, omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Delen tilsette i det statlege tariffområdet som har innvandrarbakgrunn, var per 1. oktober 2011 på 8,2 prosent, per 1. oktober 2012 på 8,8 prosent og per 1. oktober 2013 på 9.1 prosent. Dette omfattar både EU/EØS etc. (landgruppe 1) og Afrika, Asia etc. (landgruppe 2).
Delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2 var per 1. oktober 2011 på 4,0 prosent, per 1. oktober 2012 på 4,3 prosent og per 1. oktober 2013 på 4,4 posent.
For landgruppe 2 har delen menn auka frå 3,9 prosent i 2011 til 4,1 prosent i 2012, og per 1. oktober 2013 var han 4,3 prosent. For landgruppe 2 har delen kvinner auka frå 4,0 prosent i 2011 til 4,4 prosent i 2012, og per 1. oktober 2013 var han 4,7 prosent.
Størstedelen av dei tilsette i staten frå landgruppe 2 er dei med butid på 7 år eller meir. Denne delen har auka frå 71,2 prosent i 2011 til 73,2 prosent i 2012. Per 1 oktober 2013 var han 74,6 prosent.
Aldersgruppa 25–39 år har størst del av dei tilsette i statleg forvalting frå landgruppe 2. I 4. kvartal 2012 var denne delen 48,8 prosent og i 4. kvartal 2013 var denne delen 49 prosent.
11.4.2 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre innan politi og påtalemakta og retts- og fengselsvesenet
Status
I 2013 hadde 4,1 prosent av dei tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 3,9 prosent i 2012. Av desse var 340 menn og 385 kvinner. 279 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 80 frå Afrika og 195 frå Aust-Europa. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjer innvandrarar 82 prosent og norskfødde med innvandrarforeldre 18 prosent. Som det går fram av tabell 11.7, har det vore ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn sidan 2005.
I 2013 hadde 3,8 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, ei auke frå 3,3 i 2012. Dette utgjorde 269 personar, herunder 125 menn og 144 kvinner. Av desse var 109 menn og 90 kvinner tilsett i kriminalomsorga. 87 av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde bakgrunn frå Asia, 18 frå Afrika, medan 85 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjer innvandrarar 87 pst. og norskfødde med innvandrarforeldre 23 pst. Det har vore ei stigning sidan 2006, da 1,9 prosent av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde innvandrarbakgrunn.
Tabell 11.7 Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i retts- og fengselvesenet
Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta | Tilsette med innvandrarbakgrunn i retts- og fengselsvesenet | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Prosent totalt | Totalt (tal) | Menn (tal) | Kvinner (tal) | Prosent totalt | Totalt (tal) | Menn (tal) | Kvinner (tal) | |
2005 | 2,0 | 299 | 124 | 175 | 2,2 | 144 | 62 | 82 |
2006 | 2,2 | 334 | 134 | 200 | 1,9 | 122 | 57 | 65 |
2007 | 2,6 | 398 | 155 | 243 | 2,1 | 130 | 61 | 69 |
2008 | 2,8 | 437 | 183 | 254 | 2,4 | 151 | 79 | 72 |
2009 | 3,3 | 520 | 221 | 299 | 2,7 | 180 | 87 | 93 |
2010 | 3,4 | 553 | 241 | 312 | 2,9 | 191 | 92 | 99 |
2011 | 3,6 | 588 | 259 | 329 | 3,3 | 237 | 118 | 119 |
2012 | 3,9 | 659 | 290 | 369 | 3,3 | 236 | 105 | 131 |
2013 | 4,1 | 725 | 340 | 385 | 3,8 | 269 | 125 | 144 |
Kjelde: SSB
11.4.3 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av basispersonalet i barnehagane
Status
Talet på basispersonale12 i barnehagar i 2013 var 88 000. I underkant av 9 prosent av desse var menn. I 2013 utgjer delen av basispersonalet med innvandrarbakgrunn nær 13 prosent. Av desse utgjer norskfødde med innvandrarforeldre berre 0,5 prosent. Delen med innvandrarbakgrunn blant basispersonalet som er menn, er litt høgare enn blant kvinnene. Dei siste tre åra har delen basispersonale med innvandrarbakgrunn auka svakt. Det kjem hovudsakleg av ein auke i delen innvandrarkvinner.
11.4.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som underviser i grunnskolen og den vidaregåande skolen
Status
Delen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgare for fylkeskommunale vidaregåande skolar enn for dei kommunale grunnskolane (figur 11.15). Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Delen med innvandrarbakgrunn blant mannleg undervisningspersonale i kommunale grunnskolar er litt høgare enn blant dei kvinnelege. I fylkeskommunale vidaregåande skolar er det motsett. Delen med innvandrarbakgrunn blant kvinneleg undervisningspersonale er høgare enn blant dei mannlege. Det har vore ein svak vekst i delen tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste tre åra, både i kommunale grunnskolar og i fylkeskommunale vidaregåande skolar.
11.4.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er tilsette i barnevernet
Status
I 2013 hadde i alt 1 029 tilsette i barnevernet innvandrarbakgrunn (945 innvandrarar og 84 norskfødde med innvandrarforeldre).
Dette utgjer om lag 6,8 prosent av den totale delen tilsette i barnevernet (15 137).
Prosentdelen tilsette menn med innvandrarbakgrunn utgjer om lag 2,3 prosent (mot 26,2 prosent i befolkninga totalt)
Tilsette kvinner med innvandrarbakgrunn utgjer om lag 3,8 prosent (mot 73,8 prosent i befolkninga totalt)
Det har vore ein jamn auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet dei siste åra (frå 4,7 prosent i 2007 til 6,2 prosent i 2011, 6,7 prosent i 2012 og 6,8 prosent i 2013).
Tabell 11.8 Tilsette i barnevernstenesten etter innvandringsbakgrunn og kjønn, 4. kvartal 2013
I alt | Menn | Kvinner | |
---|---|---|---|
I alt | 15 137 | 3 967 | 11 170 |
Ingen innvandrarbakgrunn | 14 108 | 3 517 | 10 591 |
Landgruppe 1 | 398 | 152 | 246 |
Landgruppe 2 | 631 | 298 | 333 |
I alt | 100,0 | 100,0 | 100,0 |
Ingen innvandrarbakgrunn | 93,2 | 88,7 | 94,8 |
Landgruppe 1 | 2,6 | 3,8 | 2,2 |
Landgruppe 2 | 4,2 | 7,5 | 3,0 |
I alt | 100,0 | 26,2 | 73,8 |
Ingen innvandrarbakgrunn | 100,0 | 24,9 | 75,1 |
Innvandrara og norskfødde osv. | 100,0 | 43,7 | 56,3 |
Landgruppe 1 | 100,0 | 38,2 | 61,8 |
Landgruppe 2 | 100,0 | 47,2 | 52,8 |
Kjelde: SSB
11.4.6 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren
Status
Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer i 2013 8,3 prosent av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. 4,5 prosent er kvinner og 3,8 prosent menn. Resultata viser ein liten auke frå 2012 og 2011, da arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren utgjorde 8,1 prosent og 7,5 prosent.
Tabell 11.9 Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren
Sektor | Totalt | Kvinner | Menn | Totalt % | Kvinner % | Menn % |
---|---|---|---|---|---|---|
Film og video | 346 | 160 | 186 | 8,9 | 46 | 54 |
Radio og fjernsyn | 288 | 136 | 152 | 4,6 | 47 | 53 |
Sjølvstendig kunstnarleg verksemd | 573 | 286 | 287 | 10,9 | 50 | 50 |
Drift av lokale knytt til kunstnarleg verksemd | 84 | 37 | 47 | 8,7 | 44 | 56 |
Bibliotek og arkiv | 327 | 233 | 94 | 8,2 | 71 | 29 |
Museum, vern av historiske stader og bygningar | 395 | 247 | 148 | 10,4 | 63 | 37 |
Kjelde: SSB
11.4.7 Delen som søkjer statsborgarskap, av dei som fyller kravet til butid statsborgarlova
Status
Overgang til eit anna statsborgarskap ved søknad blir kalla naturalisering. Naturaliseringsraten er definert som talet på årlege naturaliseringar per 100 busette med utanlandsk statsborgarskap. Generelt seier naturaliseringsraten noko om kor mange av dei som eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap, som faktisk har gjort det dette året. SSB har gitt ut ein rapport som viser naturaliseringsraten for innvandrarar for alle åra 1977–2011.
Tala frå SSB viser at blant alle innvandrarar som var busette i Noreg i 2011, og som har vore busette i minst 7 år, er det i alt 63 prosent som har skifta til norsk statsborgarskap. Blant flyktningar og innvandrarar frå Afrika og Asia (med Tyrkia), har over 80 prosent blitt norske borgarar, medan talet er 69 prosent av busette frå Aust-Europa. Mellom 19 og 25 prosent av innvandrarane frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Oseania og Norden har blitt norske borgarar. Lågast er tala for arbeidsinnvandrarar som har kome etter 1989, av dei er det berre 13 prosent av dei som kan skifte, som har gjort det.
Som tabellen nedanfor viser, var naturaliseringsraten for kvinner 10,5 og for menn 8,6 i 2011. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som har vore i Noreg i minst 7 år, er raten relativt lik for kvinner og menn, med unntak av dei som kom frå Afrika. Raten blant kvinner frå Afrika har sidan slutten av 1990-talet vore langt høgare enn for menn.
Tabell 11.10 Talet årlege naturaliseringar per 100 busett med norsk statsborgarskap, etter innvandringsårsak og kjøn. Ikkje-nordiske innvandrarar med minst 7 års butid som har kome til Noreg i 1990 eller seinare. 2011. Prosent.
Totalt | Kvinner | Menn | |
---|---|---|---|
I alt | 9,6 | 10,5 | 8,6 |
Arbeid | 2,2 | 3,4 | 1,7 |
Familie, i alt | 11,2 | 12,3 | 9,4 |
Familie, gjenforening og medfølging | 13,4 | 15 | 11,2 |
Familie, etablering | 9,5 | 10,5 | 7,4 |
Flukt | 31,6 | 42,6 | 26,6 |
Utdanning | 6,1 | 6 | 6,2 |
Kjelde: SSB
11.4.8 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som stemte ved siste stortingsval
Status
Ei undersøking frå SSB viser at 53 prosent av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, det vil seie innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, brukte stemmeretten sin ved stortingsvalet i 2013. Den generelle valdeltakinga var på 78 prosent. Også ved tidlegare stortingsval har deltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn vore langt lågare enn i befolkninga elles. Valdeltakinga blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har vore stabil på rundt 50 prosent ved dei fire siste stortingsvala.
Tabell 11.11 Innvandrarar med norsk statsborgarskap. Valdeltaking 2001–2013.
Valår | 2001 | 2005 | 2009 | 2013 |
---|---|---|---|---|
Valdeltaking i prosent | 52 | 53 | 52 | 53 |
Kjelde: SSB
Valdeltakinga varierer mykje etter landbakgrunn. Både den høgaste og den lågaste deltakinga finst blant personar med europeisk landbakgrunn. Samla deltek 55 prosent av dei med europeisk bakgrunn. Blant personar med bakgrunn frå Danmark, Sverige og Tyskland var deltakinga om lag den same som i befolkninga elles. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Balkan var deltakinga mykje lågare. Av dei med bakgrunn frå Kroatia, Makedonia og Kosovo deltok berre rundt ein tredjedel av dei med stemmerett. Også ved vala i 2005 og 2009 hadde personar med bakgrunn frå Balkan låg deltaking.
Utanfor Europa var det høgast deltaking blant personar med bakgrunn frå Sri Lanka, Somalia og Eritrea, alle med om lag 60 prosent. Samanlikna med valet i 2009 er det personar med innvandrarbakgrunn frå Vietnam som har hatt størst auke i valdeltakinga, frå 36 til 49 prosent. Nedgangen er størst blant innvandrarar med indisk opphav. Her er det ein nedgang frå 60 til 53 prosent.
Kvinnene nytta stemmeretten i større grad enn menn. 55 prosent av kvinnene med innvandrarbakgrunn deltok ved stortingsvalet i 2013, til samanlikning deltok 50 prosent av mennene. Ved valet i 2009 var det ingen skilnad mellom menns og kvinners valdeltaking, begge kjønn hadde ei deltaking på 52 prosent. For nokre enkeltland er skilnadene særleg store. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Somalia deltok 66 prosent av kvinnene, mot berre 51 prosent av mennene.
Tabell 11.12 Stortingsvalet 2013. Valdeltaking i prosent i utvalte av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap. Etter landbakgrunn og kjønn. Prosent.
Begge kjønn | Menn | Kvinner | |
---|---|---|---|
I alt | 53 | 50 | 55 |
Norden | 79 | 74 | 82 |
Vest-Europa | 76 | 76 | 76 |
Aust-Europa | 47 | 45 | 49 |
Nord-Amerika og Oseania | 64 | 60 | 67 |
Asia med Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika | 51 | 49 | 53 |
Kjelde: SSB
Valdeltakinga aukar med butid og med alder, men denne tendensen var i 2013 mindre eintydig enn ved tidligare val. For personar med innvandrarbakgrunn samla gjeld dette framleis. Men for personar med afrikansk bakgrunn har dei med kortast butid høgast valdeltaking, og dei i den yngste aldersgruppa (18-25 år) har høgare valdeltaking enn dei eldste (60 år og over).
12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder
I tilknyting til budsjettproposisjonen for 2015 er det sett opp tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet, Forbrukarrådet og SIFO:
Tabell 1. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.
Tabell 2. Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike kjeldene.
Tabell 3. Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.
12.1 Likestillings- og diskrimineringsombodet
Tabell 12.1 Utgifter og inntekter etter art
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 37 686 237 | 40 902 781 | 40 995 270 | 41 548 000 |
Varer og tenester | 18 721 939 | 14 066 830 | 11 837 960 | 18 145 000 |
Sum driftsutgifter | 56 408 176 | 54 969 611 | 52 833 230 | 59 693 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 900 520 | 134 792 | 0 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 900 520 | 134 792 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekne-skapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 57 308 696 | 55 104 403 | 52 833 230 | 59 693 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 975 513 | 1 951 620 | 1 834 167 | 953 000 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 975 513 | 1 951 620 | 1 834 167 | 953 000 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | ||||
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 52 713 000 | 54 347 000 | 54 140 000 | 54 035 000 |
Andre innbetalingar | 1 509 596 | 3 413 969 | 2 704 742 | 1 892 000 |
Sum overføringar til verksemda | 54 222 596 | 57 760 969 | 56 844 742 | 55 927 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetaling frå sal av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 55 198 109 | 59 712 589 | 58 678 909 | 56 880 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | -2 110 587 | 4 608 186 | 5 845 679 | -2 813 000 |
Tabell 12.2 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 52 713 000 | 54 347 000 | 54 140 000 | 54 035 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 52 713 000 | 54 347 000 | 54 140 000 | 54 035 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkes-kommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale -organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter m.m. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 1 415 586 | 3 294 848 | 2 507 855 | 1 892 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkes-kommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter og tidsavgrensingar | 1 069 523 | 2 070 741 | 2 031 054 | 953 000 |
Sum oppdragsinntekter m.m. | 2 485 109 | 5 365 589 | 4 538 909 | 2 845 000 |
Sum inntekter | 55 198 109 | 59 712 589 | 58 678 909 | 56 880 000 |
Tabell 12.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til
Balansedag 31. desember | 2011 | 2012 | 2013 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2012–2013 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 6 077 955 | 10 686 141 | 16 531 820 | 5 845 679 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 6 077 955 | 10 686 141 | 16 531 820 | 5 845 679 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar m.m. | 3 198 314 | 3 370 063 | 3 261 359 | -108 704 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 666 801 | 2 864 415 | 2 869 058 | 4 643 |
Gjeld til leverandørar | 422 955 | 770 298 | -201 768 | -972 066 |
Gjeld til oppdragsgivarar | -1 186 840 | -558 104 | 246 873 | 804 976 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 1 736 767 | 1 441 132 | 1 806 664 | 365 532 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 6 837 997 | 7 887 804 | 7 982 185 | 94 381 |
Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål | -760 042 | 2 798 337 | 8 549 635 | 5 751 298 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetjingar | -760 042 | 2 798 337 | 8 549 635 | 5 751 298 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 6 077 955 | 10 686 141 | 16 531 820 | 5 845 679 |
12.2 Forbrukarrådet
Tabell 12.4 Utgifter og inntekter etter art
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 82 900 035 | 85 834 719 | 84 894 714 | 87 677 000 |
Varer og tenester | 40 246 256 | 29 289 519 | 36 043 266 | 41 539 000 |
Sum driftsutgifter | 123 146 291 | 115 124 237 | 120 937 980 | 129 216 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 19 407 493 | 5 449 856 | 2 729 217 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 19 407 493 | 5 449 856 | 2 739 217 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre verksemder | 387 000 | 387 000 | 200 000 | 200 000 |
Sum overføringar frå verksemda | 387 000 | 387 000 | 200 000 | 200 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 5 993 | 21 938 | 1 637 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 5 993 | 21 938 | 1 637 | 0 |
Sum utgifter | 142 946 778 | 120 983 032 | 123 878 835 | 129 416 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 1 149 472 | 2 163 771 | 5 594 453 | 200 000 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 3 969 634 | 2 645 174 | 4 373 462 | 3 000 000 |
Andre driftsinntekter | 196 944 | 194 386 | 137 292 | 0 |
Sum driftsinntekter | 5 316 051 | 5 003 331 | 10 105 206 | 3 200 000 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 127 085 834 | 114 771 000 | 119 273 274 | 123 024 000 |
Andre innbetalingar | 4 535 765 | 4 477 503 | 2 353 050 | 2 088 000 |
Sum overføringar til verksemda | 131 621 600 | 119 248 503 | 121 626 324 | 125 112 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetaling frå sal av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar (f.eks. innbetaling av rente) | 1 593 | 732 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 1 593 | 732 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 136 939 243 | 124 252 566 | 131 731 530 | 128 312 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | -6 007 535 | 3 269 534 | 7 852 696 | -1 104 000 |
Tabell 12.5 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 129 976 438 | 117 671 000 | 119 273 274 | 123 024 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 516 240 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 129 976 438 | 117 671 000 | 119 789 514 | 123 024 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 76 240 | 116 240 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 1 497 399 | 1 649 511 | 1 699 946 | 2 088 000 |
Sum bidrag | 1 573 639 | 1 765 751 | 1 699 946 | 2 088 000 |
Oppdragsinntekter m.m. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 3 969 634 | 2 645 174 | 4 373 462 | 3 000 000 |
Andre inntekter og tidsavgrensingar | 1 419 532 | 2 170 641 | 5 868 609 | 200 000 |
Sum oppdragsinntekter m.m. | 5 389 166 | 4 815 815 | 10 242 071 | 3 200 000 |
Sum inntekter | 136 939 243 | 124 252 566 | 131 731 530 | 128 312 000 |
Tabell 12.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til
Balansedag 31. desember | 2011 | 2012 | 2013 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2012–2013 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 16 544 732 | 17 452 090 | 25 304 192 | 7 852 102 |
Behaldning på andre bankkonti | -2 362 770 | -594 | 0 | 594 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 14 181 963 | 17 451 496 | 25 304 192 | 7 852 696 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar m.m. | 6 859 687 | 7 033 115 | 7 214 519 | 181 404 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 5 511 978 | 5 725 188 | 5 973 348 | 248 160 |
Gjeld til leverandørar | 1 555 476 | 2 799 702 | 3 509 608 | 709 906 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 1 276 873 | 775 301 | 778 423 | 3 122 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 2 179 989 | 1 703 449 | 4 516 444 | 2 812 995 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 17 384 003 | 18 036 756 | 21 992 342 | 3 955 587 |
Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større, fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål | -1 536 786 | -714 959 | -741 169 | -26 210 |
Fri verksemdskapital | -1 555 029 | 239 925 | 4 053 020 | 3 813 096 |
Sum andre avsetjingar | -3 091 816 | -475 034 | 3 311 851 | 3 786 885 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | -110 225 | -110 225 | -1 | 110 224 |
Sum langsiktig gjeld | -110 225 | -110 225 | -1 | 110 224 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 14 181 963 | 17 451 496 | 25 304 192 | 7 852 696 |
12.3 Statens institutt for forbruksforsking
Tabell 12.7 Utgifter og inntekter etter art
Rekneskap | Budsjett | |||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 28 560 960 | 29 437 046 | 29 401 533 | 29 950 000 |
Varer og tenester | 20 925 745 | 16 204 132 | 17 099 236 | 13 290 000 |
Sum driftsutgifter | 49 486 705 | 45 641 178 | 46 500 769 | 43 240 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Utbetalingar til andre verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 2 000 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 2 000 |
Sum utgifter | 49 486 705 | 45 641 178 | 46 500 769 | 43 424 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 1 092 857 | 969 324 | 842 670 | 700 000 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 1 902 857 | 969 324 | 842 670 | 700 000 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 27 041 000 | 27 879 000 | 30 049 000 | 26 307 000 |
Andre innbetalingar | 25 580 330 | 18 256 168 | 15 841 686 | 13 300 000 |
Sum overføringar til verksemda | 52 624 330 | 46 135 168 | 45 890 686 | 39 607 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetaling frå sal av aksjar og partar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 53 714 187 | 47 104 492 | 46 268 182 | 40 307 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | 4 227 482 | 1 463 314 | -232 587 | -2 935 000 |
Tabell 12.8 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 27 041 000 | 27 879 000 | 30 049 000 | 26 307 000 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 16 894 100 | 11 184 051 | 12 130 943 | 10 000 000 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 43 935 100 | 39 063 051 | 42 179 943 | 36 307 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 7 334 569 | 6 687 699 | 2 939 396 | 2 000 000 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 1 351 661 | 1 353 742 | 1 148 843 | 1 000 000 |
Sum bidrag | 8 686 230 | 8 041 441 | 4 088 239 | 3 000 000 |
Oppdragsinntekter m.m. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter og tidsavgrensingar | 1 092 857 | 0 | 0 | 1 000 000 |
Sum oppdragsinntekter m.m. | 1 092 857 | 0 | 0 | 1 000 000 |
Sum inntekter | 53 714 187 | 47 104 492 | 46 268 182 | 40 307 000 |
Tabell 12.9 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til
Balansedag 31. desember | 2011 | 2012 | 2013 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2012–2013 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 17 277 785 | 18 741 099 | 18 508 512 | -232 587 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 17 277 785 | 18 741 099 | 18 508 512 | -232 587 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar m.m. | 2 757 965 | 2 810 874 | 2 828 894 | 18 020 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 155 015 | 2 436 771 | 1 976 471 | -460 300 |
Gjeld til leverandørar | 123 | -4682 | 0 | 4 682 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 1 969 530 | 4 126 248 | 5 138 374 | 1 012 126 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 6 882 633 | 9 369 211 | 9 943 739 | 574 528 |
Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større, fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 1 250 000 | 1 250 000 | 0 | -1 250 000 |
Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 1 250 000 | 1 250 000 | 0 | -1 250 000 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 9 145 152 | 8 121 888 | 8 564 773 | 442 885 |
Sum andre avsetjingar | 9 145 152 | 8 121 888 | 8 564 773 | 442 885 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 17 277 785 | 18 741 099 | 18 508 512 | -232 587 |
Fotnotar
Bakken, A. og Elstad , J.I.(2012): For store forventinger? NOVA Rapport nr 7/12. Se også Birkelud og Mastekaasa (red.)(2009): Integrert? Innvandrere og barn av innvandrere i utdanning og arbeidsliv. Oslo: Abstrakt forlag
Falch, Borge, Lujala, Nyhus og Strøm (2010): Årsaker til og konsekvenser av manglende fullførinng av videregående opplæring. SØF-rapport nr. 03/10.
Rambøll (2013): Kartlegging av innføringstilbud til elever som kommer til Norge i ungdomsskolealder og som har få års skolegang før ankomst. Oslo: Utdanningsdirektoratet.
Med innvandrarbakgrunn meiner vi personar som sjølve har innvandra, og personar som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre.
Falch, Borge, Lujala, Nyhus og Strøm (2010): Årsaker til og konsekvenser av manglende fullføring av videregående opplæring. SØF-rapport nr. 03/10.
Sjå til dømes NOU 2009: 18 Rett til læring kap. 13, s. 283 ff.
NOU 2009: 18 s. 285. Støren, Liv Anne (2009): Choice of Study and Persistence in Higher Education by Immigrant Background, Gender, and Social Background. Rapport 43/2009. NIFUSTEP.
Vedvarande låginntekt er her definert som personar i hushald der gjennomsnittleg ekvivalensinntekt for hushaldet over ein treårsperiode er mindre enn 60 prosent av medianen for alle hushald. Ekvivalensinntekt tyder at hushaldet si samla inntekt er vekta for å ta omsyn til stordriftsføremoner. Vekta er EUs ekvivalensskala der første vaksne får vekta 1, andre vaksne får vekta 0,5 og born vekta 0,3. Omregna på dette viset får eit hushald med to vaksne og to born ei vekt på 2,1, noko som tyder at hushaldet må ha ei inntekt som er 2,1 gonger høgare enn inntekta til ein einsleg person for å ha same velferdsnivå. Studentar er haldne utanfor i berekningar av låginntekt.
«EU, Nord-Amerika etc.» er ei forkorting for EU/EØS-land, USA, Canada, Australia og New Zealand. Inkluderer også Sveits.
Inkludert deleigarer i burettslag.
«Afrika, Asia etc.» er ei forkorting for Asia (inkl. Tyrkia), Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania utanom Australia og New Zealand, og Europa utanom EU/EØS.
Basispersonalet omfattar barnehagelærarar, anna pedagogisk personale og barnehageassistentar.