1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
1.1 Innleiing
Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2014. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av eventuell avtale med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund som alle deltek i forhandlingane. Endringar i takstane som avtalane inneber, blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane er enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Ved handsaminga av statsbudsjettet 2014 vedtok Stortinget å auke eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi med 1,5 pst. frå 1. juli 2014. Refusjonsutgiftene vert tilpassa dette.
Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2014 – 30. juni 2015, tok til i midten av mai 2014. Det same gjeld tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka. Forhandlingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS starta i byrjinga av mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.
Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til folketrygda som følgje av nye avtalar frå 1. juli med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til, samt endra forskriftar. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.