3 Bakgrunn
I mange år er økonomiske ytingar til soldatar regulert med grunnlag i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har, i tråd med synet til Stortinget, dei seinare åra lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.
Lønsoppgjeret for tilsette i staten i lønsramme 02, lønstrinn 19 gav eit kronetillegg på A-tabellen, som utgjer ei regulering på 2,3 prosent.