1 Samandrag
Den internasjonale kaffiavtalen av 28. september 2007 har som føremål å styrkje den internasjonale kaffisektoren og hjelpe til ei berekraftig utviding av sektoren i eit marknadsbasert klima, til beste for alle som deltar i sektoren. Avtalen skal sikre internasjonalt samarbeid mellom regjeringane og med privat sektor gjennom Den internasjonale kaffiorganisasjonen, og oppmode medlemene til å utvikle ein berekraftig kaffisektor både økonomisk, sosialt og for miljøet. Samarbeidet gjeld utviklingsprosjekt, kvalitetsforbetring, finansiering i kaffisektoren, informasjonsutveksling, auka kaffiforbruk, beredskap mot sjukdomar med vidare. Kaffi er mellom dei råvarene som mottar prosjektstøtte gjennom Fellesfondet for råvarer.
Noreg sine økonomiske plikter i følgje avtalen vil vere avgrensa til eit årleg tilskot til Kaffiorganisasjonen sitt administrasjonsbudsjett. Tilskotet utgjorde i 2009 kr. 156 215. I og med at gjennomføring av avtalen krev løyvingsvedtak, er Stortingets samtykke til ratifikasjon naudsynt i medhald av § 26, andre leddet i Grunnlova.
Kaffiavtalen 2007 i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.