Prop. 148 S (2009-2010)

Samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Sankt Lucia om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris 19. mai 2010

Til innhaldsliste

Tilråing

Finansdepartementet

tilrår:

At Dykker Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ein overenskomst mellom Kongeriket Noreg og Sankt Lucia om opplysninger i skattesaker, underskriven i Paris 19. mai 2010.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Sankt Lucia om opplysningar i skattesaker, underskriven i Paris 19. mai 2010 i samsvar med eit vedlagt forslag.