2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
Post 21 Spesielle driftsutgiftar
Løyvinga for 2014 er 62,4 mill. kroner.
Midlar til kunnskapsutvikling i IA-avtalen
I intensjonsavtalen for eit meir inkluderande arbeidsliv 2014–2018 (IA) er partane einige om å leggje større vekt på kunnskapsutvikling, medrekna utprøving og evaluering av verkemiddel. Det er sett av 6 mill. kroner per år gjennom avtaleperioden medrekna 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet har drøfta prioriteringa og bruken av midlane med partane i arbeidslivet. Drøftinga om prioritering og bruk av desse midlane har kome seint i gong. Dette inneber at det i liten grad har vore mogeleg å gjere seg nytte av midlane til kunnskapsutvikling i IA-avtalen i inneverande år.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om at stikkordet «kan overførast» vert knytta til løyvinga på 6 mill. kroner på posten til kunnskapsutvikling i IA-avtalen, jf. romertallsvedtak II. Stikkordet er avgrensa til budsjettåret 2014 og gjeld berre IA-midlane på posten. Midlane som ikkje nyttast i inneverande år vil verte nytta i 2015.
Post 70 Tilskott
Løyvinga for 2014 er 25,9 mill. kroner.
Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2014. Mindreforbruket skuldast i hovudsak ei omlegging av EU-programma som medfører lågare kostnader til EU-kontingentar i 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner.
Kap. 604 Utviklingstiltak i Arbeids- og velferdsforvaltningen
Post 45 Større ustyrsanskaffingar, kan overførast
Løyvinga for 2014 er 571,4 mill. kroner.
I Prop. 1 S (2014–2015) varsla departementet at det i samband med proposisjonen til Stortinget om endringar i budsjettet hausten 2014 og budsjettbehandlingen i 2015 ville kome tilbake til eventuelle budsjettkonsekvenser av replanlegginga av Prosjekt 1 og planane for Prosjekt 2 i IKT-moderniseringsprogrammet i NAV. Departementet vil kome tilbake til saka i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2015.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2014 er 11 041,9 mill. kroner.
Arbeids- og velferdsetaten deltek i eID-programmet. Det er tidligare rammeoverført midlar frå kap. 605, post 01 til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt kap. 540, post 22 for å dekke transaksjonskostnadene i programmet. Rammeoverføringa skal justerast når transaksjonsvoluma for 2014 er klare. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga til Arbeids- og velferdsetatens med 493 000 kroner mot tilsvarande auking i løyvinga under Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt kap. 540, post 22.
Arbeids- og sosialdepartementet er gitt adgang til å omdisponere inntil 40 mill. kroner frå kap. 634, post 76 til kap. 605, post 01, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Innst. 15 S (2013–2014). Omdisponeringsfullmakta er knytta til forsøket med kjerneoppgåver i NAV der det vert lagt opp til at Arbeids- og velferdsetaten i større grad gjennomfører avklarings- og oppfølgingstenester i eigen regi i staden for å kjøpe slike tenester i form av tiltak frå eksterne leverandørar. Departementet foreslår difor å auke Arbeids- og velferdsetaten si driftsløyving med 40 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 634, post 76.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer samla framlegg om å auke løyvinga med 39,5 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving
Post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 på post 01 er 8 729 mill. kroner.
Løyvinga for 2014 på post 22 er 0 mill. kroner.
Løyvinga for 2014 på post 70 er 96 mill. kroner.
Post 01 vert foreslått auka med 198 mill. kroner, post 22 vert foreslått løyvt med 2,3 mill. kroner og post 70 vert foreslått auka med 3 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 612 med totalt 203,3 mill. kroner.
Auken skriv seg frå fleire årsaker:
Overslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er redusert med 176 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg mellom anna frå manglande sluttmelding av medlemer og sein rapportering av medlemsdata i samband med fakturering av 1. termin 2014. Dette resulterte i at overslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2014, som var basert på fakturert premie for 1. termin, vart for høgt.
Oppdaterte overslag for utbetalte pensjonar (alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar) er auka med 100 mill. kroner. Overslaget er basert på faktisk utbetalte pensjonar pr. september 2014 og prognose ut året. Auken skriv seg mellom anna frå at det i tidlegare budsjettframlegg for 2014 er berekna for høg effekt av innsparingstiltaket i samband med at det ikkje er behov for løyving til dette i 2014. At pensjonar under utbetaling vert regulert med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Dette skuldast at det vart fråtrekt 0,75 prosent både i Saldert budsjett 2014 og i framlegget i forbindelse med trygdeoppgjøret 2014. I motsatt retning viser oppdaterte overslag at utbetalingar av refusjonar til andre ordningar i samband med etterbetaling av etterlatnepensjon til enkemenn.
Oppdaterte overslag for utbetalte AFP-pensjonar er redusert med 100 mill. kroner. Overslaget er basert på faktisk utbetalte AFP-pensjonar pr. august 2014 og prognose ut året.
Oppdaterte overslag for avskrivingar er auka med 18 mill. kroner. Overslaget er basert på avskrivingar pr. august 2014 og prognose ut året. Auken skriv seg mellom anna frå gjennomgang av fleire tidligare feilutbetalingssaker.
Det vert foreslått løyvt 2,3 mill. kroner til sluttoppgjer på post 22. Overslaget gjelder utbetaling av sluttoppgjer for Arrive AS på 2,3 mill. kroner.
Andre endringar fører med seg ein netto auke av løyvingsforslaget med 7 mill. kroner.
Kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 på er 1 191 mill. kroner.
Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga, for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens pensjonskasse. Nytt overslag på posten er redusert med 113 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at avslutta stillingsforhold var inkludert i overslaget i Revidert nasjonalbudsjett for 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 113 mill. kroner.
Post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 13 mill. kroner.
Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for andre medlemmer i Statens pensjonskasse som ikkje betaler slikt innskot direkte til Statens pensjonskasse. Nytt overslag på posten er redusert med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 613, post 01.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2014 er 75 mill. kroner.
Nytt overslag på posten baserer seg på føresetnader om færre behandla søknader i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse, jf. kap. 614, post 90.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 29 800 mill. kroner.
Oppdaterte overslag for utbetalte lån i 2014 er redusert med 2 400 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak at talet på innkomne søknader er redusert samanlikna med overslag i Revidert nasjonalbudsjett for 2014. I motsatt retning viser oppdaterte overslag at gjennomsnittleg utbetalt beløp har auka.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 400 mill. kroner.
Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Gebyrinntekter, lån
Løyvinga for 2014 er 67 mill. kroner.
Nytt overslag baserer seg på føresetnader om redusert volum i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse, jf. kap. 614, post 90 og kap. 3614, post 90.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Løyvinga for 2014 er 10 600 mill. kroner.
Nytt overslag skyldast ein auke i talet på innfridde lån og ein auke i størrelsen på gjennomsnittleg innfridd beløp.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 900 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 80 Renter
Løyvinga for 2014 er 2 461 mill. kroner.
Nytt overslag har samanheng med reduksjon i hovudstol og lågare rentenivå for november og desember 2014 enn det som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 100 mill. kroner.
Kap. 615 Yrkesskadeforsikring
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 109 mill. kroner.
Løyvingsforslaget er redusert med 11 mill. kroner til 98 mill. kroner. Overslaget er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2014 og prognose for utbetalingar ut året.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.
Kap. 3615 Yrkesskadeforsikring
Post 01 Premieinntekter
Løyvinga for 2014 er 154 mill. kroner.
Inntektsoverslaget er auka med 3 mill. kroner til 157 mill. kroner. Overslaget er basert på fakturert premie i 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 616 Gruppelivsforsikring
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 178 mill. kroner.
Løyvingsforslaget er auka med 4 mill. kroner til 182 mill. kroner. Overslaget er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2014 og prognose for utbetalingar ut året. Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år og er mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4 mill. kroner.
Kap. 3616 Gruppelivsforsikring
Post 01 Premieinntekter
Løyvinga for 2014 er 97 mill. kroner.
Oppdatert inntektsoverslag er auka med 8 mill. kroner til 105 mill. kroner. Overslaget er basert på fakturert premie i 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 8 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
Post 24 Driftsresultat
Løyvinga for 2014 er -22,632 mill. kroner.
Forslaget til justering av driftsresultatkravet skuldast reduksjon av underpost 24.4 Renter av statens kapital frå 18,578 mill. kroner til 15,887 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 24 med 2,691 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 21 Evaluering, utviklingstiltak mv., kan overførast
Løyvinga for 2014 er på 60,4 mill. kroner.
Ordninga med funksjonsassistanse vart flytta til kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet i Saldert budsjett 2014. Rekneskapsmessig etterslep frå aktivitet i 2013 er rekneskapsført under kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet, men ligg inne i løyvinga under kap. 634, post 21.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634, post 21 med 7 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet.
Post 60 Arbeids- og utdanningsreiser i Oslo, kan nyttast under post 78
Løyvinga for 2014 er på 23,8 mill. kroner.
Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2014. Mindreforbruket er knytt til færre utbetalingar på ordninga enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634, post 60 med 5,6 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast
Løyvinga for 2014 er på 6 184, 3 mill. kroner.
Utfordringar i tiltaksgjennomføringa i 2014
Løyvinga på kap. 634, post 76 og 77 gjer rom for å gjennomføre om lag 12 000 plasser for ledige og om lag 57 700 plassar for personar med nedsett arbeidsevne, der 9 200 plasser finansierast under kap. 634, post 77. I tillegg er det avsett midlar til 400 plasser til forsøket med lønnstilskott for arbeidsgivarar som tilset personar med rett til arbeidsavklaringspengar, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) for Arbeids- og sosialdepartementet.
Til grunn for løyvinga i 2014 låg det ein reduksjon på 4 000 tiltaksplassar for ledige og ein auke på 3 000 plasser for personar med nedsett arbeidsevne samanlikna med 2013. Tiltaksgjennomføringa hittil i år avviker frå dette, med fleire gjennomførte plasser for ledige og færre plasser for personar med nedsett arbeidsevne. Avvika har samanheng med at det har vist seg meir krevjande enn venta å gjennomføre endringane. Målet om å gjennomføre det planlagde tiltaksnivået vil derfor ikkje bli nådd for året sett under eitt. Det ventes ein samla produksjon under kap. 634, post 76 på om lag 3 000 tiltaksplassar under måltallet i 2014. Utfordringane i tiltaksgjennomføringa er også omtalt i revidert nasjonalbudsjett for 2014, jf. Prop. 93 S (2013–2014) og Innst. 260 S (2013–2014).
Mindreforbruk av løyvinga i 2014
Behovet for utbetalingar for rekneskapsmessig etterslep frå aktivitet i 2013 som kom til utbetaling først i 2014, vart mindre enn lagt til grunn for løyvinga. Dette er hovudårsaka til mindreforbruket på løyvinga.
I Prop. 1 S (2013–2014) gav Stortinget Arbeids- og sosialdepartementet åtgang til å omdisponere inntil 40 mill. kroner frå kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar til kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. Fullmakta er knytt til forsøket med kjerneoppgåver i NAV. Omdisponeringsfullmakta vil bli nytta i sin heilskap.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar med 216,3 mill. kroner. Dette inkluderar 40 mill. kroner som omdisponerast frå kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar til kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter.
Post 77 Varig tilrettelagt arbeid, kan overførast
Løyvinga for 2014 på post 77 er på 1 207,8 mill. kroner.
Det vart overført eit mindreforbruk på 36,7 mill. kroner frå 2013 til 2014. Arbeids- og velferdsdirektoratet har vurdert at det ikkje vil vere behov for desse midla i inneverande år. Løyvinga vil etter dette vere tilstrekkeleg for å kunne gjennomføre ei gjennomsnittleg mengd tiltaksplasser på 9200 i 2014. Dette tilsvarer planlagt nivå.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusera løyvinga med 36,7 mill. kroner.
Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet
Løyvinga for 2014 er på 36 mill. kroner.
Rekneskapsmessig etterslep frå aktivitet som gjennomføres i 2013, men som ikkje kjem til utbetaling før i 2014 er rekneskapsført under post 79, men lagt inn i løyvinga under kap. 634, post 21 Evaluering, utviklingstiltak mv., jf. omtale under post 21 ovenfor.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet med 7 mill. kroner, mot at løyvinga under kap. 634, post 21 Evaluering, utviklingstiltak mv. reduserast tilsvarande.
Kap. 642 Petroleumstilsynet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga for 2014 på post 21 er 23,8 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer blant anna reisekostnader o.a. som Petroleumstilsynet har i samband med NORAD si verksemd. Desse utgiftene vert refundert på kap. 3642, post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Utgiftene på posten kan overstige løyvinga mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3642, post 02. Behovet for ei auka løyving er hovudsakeleg knytta til eit høgare aktivitetsnivå enn forventa for Petroleumstilsynet si oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Det er vidare endringar på posten knytte til innføring av statlege rekneskapsstandardar (SRS) i Petroleumstilsynet frå 1. januar 2012. Dette fører mellom anna til at alle kostnader og inntekter knytte til NORAD-prosjekta no vert bokført via inntekts- og kostnadskontoar etter SRS, og slik vert synleggjort i statsrekneskapen. Dette gjer til at inntektene på posten aukar som følgje av at dei samla inntektene frå NORAD vert ført mot post 02. Utgiftene under post 21 vil også auke som følgje av at utlegga vert ført mot post 21.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4,6 mill. kroner mot ei tilsvarande auking på kap. 3642, post 02.
Kap. 3642 Petroleumstilsynet
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd
Løyvinga for 2014 på post 02 er 0,9 mill. kroner.
Posten omfattar refunderbare timar som Petroleumsstilsynet sine tilsette vil utføre og reisekostnader o.a. knytte til NORAD si verksemd.
Petroleumstilsynet kan overskride løyvinga på kap. 642, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på denne posten. Behovet for ei auka løyving er hovudsakleg knytta til eit høgare aktivitetsnivå enn forventa for Petroleumstilsynet si oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Det er vidare endringar på posten knytte til innføring av statlege rekneskapsstandardar (SRS) i Petroleumstilsynet frå 1. januar 2012. Det vises til omtale under kap. 642, post 21.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4,6 mill. kroner, mot ei tilsvarande auking på kap. 642, post 21.
Post 03 Gebyr tilsyn
Løyvinga for 2014 på post 03 er 48,5 mill. kroner.
Posten omfattar gebyr for Petroleumstilsynet sine tilsyn med helse, miljø og sikkerheit i petroleumssektoren.
Prognosar viser at det vil bli auka inntekter på posten på om lag 17,1 mill. kroner for 2014. Dette skuldast mellom anna inntekter utfakturert i 2013, som ikkje vart innbetalt ved forfall. Petroleumstilsynet forsøkte i 2013 å innføre fakturering med kredittid på 21 dagar, mot tidlegare 30 dagar, mellom anna for å redusere forskyvinga av inntektene mellom kalenderåra. Då næringa ikkje kunne klare å omstille seg til ein slik praksis, er ordninga no reversert. Forskyvingar av inntekter mellom gebyr og sektoravgift gjer også til at gebyrinntektene for 2014 aukar.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 17,1 mill. kroner.
Kap. 646 Pionerdykkarar i Nordsjøen
Post 72 Tilskott, kan overførast
Løyvinga for 2014 på post 72 er 3,2 mill. kroner.
Eit samla Storting slutta seg i juni 2014 til ei verdig politisk avslutning i nordsjødykkarsaka, jf. Prop. 88 S (2013–2014) og Innst. 273 S (2013–2014).
Offshore-dykkerunionen (ODU) har no fremma søknad om å få dekt utgifter knytt til å fremme dykkarane si sak. Desse utgiftene vert føreslått dekka sjølv om saka er avslutta, jf. Prop. 88 S (2013–2014). Det vert vist til at det tidlegare (Revidert nasjonalbudsjett 2004 – jf. vedtak i Innst. S. nr. 37 (2003–2004)) vart gitt ei løyving til å dekke slike dokumenterte utgifter for andre pionerdykkarar frå Nordsjødykkeralliansen (NSDA) og personar som har medverka til at pionerdykkarane sin innsats er blitt kompensert og heidra.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår ei løyving på 2,5 mill. kroner på kap. 646, post 72 revidert nasjonalbudsjett til å dekke dokumenterte utgifter som pionerdykkarane har hatt for å fremme si sak.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving
Løyvinga er på 125 mill. kroner.
Posten vert oppjustert med 2 mill. kroner som følgje av mindre justeringar i overslaga for utgifter til militær krigspensjon.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving
Løyvinga er på 306 mill. kroner
Posten vert nedjustert med 1 mill. kroner som følgje av mindre justeringar i overslaga for utgifter til sivil krigspensjon.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
Post 70 Tilskott
Løyvinga for 2014 er på 81 mill. kroner.
Tilskott til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekke delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda i samsvar med staten sitt garantiansvar. Pensjonstrygda for sjømenn vil gå med overskot i 2014 og vil ikkje ha behov for ytterlegare midlar som følgje av staten sitt garantiansvar.
Overslaget for tilskott for ytingane som vert dekte av statstilskottet etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 er oppjustert med 3 mill. kroner. Auken skuldast stort sett ei oppjustering av overslaget for gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskott, overslagsløyving
Løyvinga er på 1 683 mill. kroner
I overslaga er det skilt mellom AFP etter reglane som var gjeldande til og med 2010, og dei nye reglane som gjeld for alle arbeidstakarar som tok ut AFP med verknadstidspunkt tidlegast 1. januar 2011.
Overslaget vert justert ned hovudsakleg som følgje av at gjennomsnittleg yting til mottakarar av gammal AFP ser ut til å bli lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett. Det er elles gjort mindre justeringar i overslaga for gjennomsnittleg yting etter gammal AFP og gjennomsnittleg yting og gjennomsnittleg tal på mottakarar av ny AFP.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år
Post 70 Tilskott, overslagsløyving
Løyvinga er på 429 mill. kroner.
Talet på mottakarar og gjennomsnittleg yting ser ut til å bli litt lågare enn forventa
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.
Kap. 2541 Dagpengar
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 11 400 mill. kroner.
Med grunnlag i utbetalingane av dagpengar så langt i år gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 100 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
Post 01 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Løyvinga for 2014 er 60 mill. kroner.
Med grunnlag i talet på refusjonar så langt i år gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner i 2014.
Post 04 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar mv. busett i Noreg
Løyvinga for 2014 er 6 mill. kroner.
Med grunnlag i talet for refusjonar av dagpengar for grensearbeidarar så langt i år gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 780 mill. kroner.
Hittil i 2014 viser talet på nye konkursar ein auke på 3 pst. samanlikna med same periode i fjor.
Både talet på konkurs og talet på saker inn til lønnsgarantiordninga har auka mindre enn først venta. Ved siste overslag (Revidert nasjonalbudsjett) hadde talet på saker auka med 12,5 pst. Hittil i år er det no kome inn 1 739 saker, ei auke på 7,3 pst. frå i fjor.
Det er samstundes ein reduksjon i talet på tilsette som er omfatte av konkursane. I første halvår 2014 er det ein reduksjon på 23,7 pst. samanlikna med same periode i fjor. Det er fråmleis venta at talet på saker til handsaming i NAV Lønnsgaranti held seg relativt høgt ut året.
Det er slik samla sett venta ein lågare utgifter enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Post 02 Dividende
Løyvinga for 2014 er 180 mill. kroner.
I 2013 var innbetalingane på 165 mill. kroner. Dette var ein reduksjon på 19,2 pst. samanlikna med 2012. Dekkingsgraden var høg i 2012, men vart sterkt redusert i 2013. Hittil i 2014 er innbetalingane nær 49 pst. høgare enn i fjor.
Det er slik venta ein sterkare vekst i innbetalingane enn sist lagt til grunn.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 33 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er på 2 469 mill. kroner.
Utviklinga så langt i år viser at utbetalinga til overgangsstønad bør justerast noko samanlikna med Saldert budsjett 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er på 375 mill. kroner.
Utviklinga så langt i år viser færre mottakarar og lågare gjennomsnittleg stønad enn tidlegare anslått. Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 73 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2014 er på 58 mill. kroner.
Utviklinga så langt i år viser færre mottakarar enn tidlegare anslått.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.
Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag
Løyvinga for 2014 er på 755 mill. kroner.
Talet på mottakarar ser ut til å bli litt høgare enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar mv.
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 33 760 mill. kroner.
I Prop. 93 S (2013–2014) er det lagt til grunn nullvekst i talet på trygdefinansierte sjukepengedagar per sysselsett frå 2013 til 2014.
Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2014 tilseier fortsatt ein nullvekst i talet på sjukepengedagar per sysselsett frå 2013 til 2014. Arbeids- og sosialdepartementet legg i 2014 til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget på 3,3 pst., jf. Prop. 93 S (2013–2014). Samstundes vert det lagt til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 0,9 pst., som er noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Dette inneber samla sett noko høgare sjukepengeutbetalingar i 2014 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 1 640 mill. kroner.
Det trygdefinansierte sjukefråveret for sjølvstendige er venta å bli noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 540 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2014 vert noko lågare enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 1 910 mill. kroner.
Utgiftene i 2014 vil verta noko lågare enn venta på bakgrunn av ein noko lågare feriepengeandel enn tidligare lagt til grunn.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring
Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 34 943 mill. kroner.
Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2014 er om lag det samme som lagt til grunn i Prop. 93 S (2013–2014). Samstundes er utbetalinga per mottakar noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn og dette inneber reduserte utgifter.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 193 mill. kroner.
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 360 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Post 72 Legeerklæringar
Løyvinga for 2014 er 375 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har vore noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 24 392 mill. kroner.
Både talet på mottakarar og gjennomsnitleg pensjonsyting er noko lågare enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 82 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 37 423 mill. kroner.
Talet på mottakarar er lågare enn lagt til grunn for løyvinga. Veksten i utbetalingane per mottaker er også noko lågare enn tidlegare lagt til grunn.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 233 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 2 305 mill. kroner.
Utgiftene i 2014 har auka noko meir enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 75 Mènerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 117 mill. kroner.
Utgiftene ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga vart fastsett.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 65 mill. kroner.
Utgiftene ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga vart fastsett.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 1 675 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning
Løyvinga for 2014 er 147,2 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5,2 mill. kroner.
Post 74 Tilskott til bilar
Løyvinga for 2014 er 790 mill. kroner.
Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har samanheng med ein reduksjon i utgifter til kjøp, ombygging og reparasjonar av bilar.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 60 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2014 er 2 605,1 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 54,9 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Løyvinga for 2014 er 235,4 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2014 er 1 180 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2014 er 475 mill. kroner.
Utgiftene er venta å bli 45 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga som følgje av at volumveksten er høgare enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 45 mill. kroner.
Post 79 Aktivitetshjelpemidlar til personar over 26 år
Løyvinga for 2014 er 55 mill. kroner.
Ordninga med aktivitetshjelpemidlar til personar over 26 år trådte i kraft 1. juli 2014.
På bakgrunn av noko tid til sakshandssaming til valg av hjelpemiddel, eventuell ombygging og tilpasning vert utgiftene utsett i tid. Dette inneber at eit større antall søknader i 2014 først vil koma til utbetaling i 2015, og at ein større andel av løyvinga ikkje vil medgå i 2014.
Dette vil kunne føre til at forventa utgifter i 2015 vil bli høgare enn løyvinga. Det vil difor verte behov for å kunne nytte eit forventa mindreforbruk for 2014 i 2015.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om at stikkordet «kan overførast» vert knytta til løyvinga, jf. romertallsvedtak III.
Kap. 2670 Alderdom
Det nye overslaget for 2014 på kap. 2670 er 667 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett.
Arbeids- og velferdsetaten har gjennomgått av alderspensjonen til gjenlevande ektefellar for å undersøkje om dei har krav på ein høgare pensjon. Ein del alderspensjonistar som har mista ektefellen sin kan ha gått glipp av rettar til gjenlevande ektefeller, ved at dei har unngått å søkje om å få rekna om alderspensjonen etter at dei vart einslege. I vedtatt budsjett, i samsvar med Prop. 93 S (2013–2014), vart det anslått at dette ville gi ei meirutgift på 540 mill. kroner i 2014. I nytt overslag er meirutgiftene i 2014 berekna til 357 mill. kroner.
Resten av reduksjonen i overslaget på kap. 2670 på 484 mill. kroner, skuldast hovudsakleg redusert overslag for gjennomsnittleg tilleggspensjon.
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 60 376 mill. kroner.
Det er gjort mindre justeringar i overslaga for antall mottakarar og gjennomsnittleg yting. Samla vert overslaget justert ned med 26 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 26 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 113 708 mill. kroner.
Overslaget på posten vert redusert med 348 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av redusert overslag for gjennomsnittleg tilleggspensjon.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 348 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 5 813 mill. kroner.
Ein reknar med at antall mottakarar og gjennomsnittleg yting vert noko lågare enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 293 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 1 250 mill. kroner.
Ein reknar med at den gjennomsnittlige grunnpensjonen vil verte litt lågare enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga 20 med mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 978 mill. kroner.
Det er gjort ein mindre oppjustering av overslaget for den gjennomsnittlige tilleggspensjonen.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 100 mill. kroner.
Ein reknar med at det gjennomsnittlige særtillegget vil verte litt lågare enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner
Post 74 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2014 er på 0,5 mill. kroner
På grunn av utviklinga så langt i år vert anslåtte utgifter oppjustert med 0,3 mill. kroner i 2014 gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er på 6 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år vert anslåtte utgifter oppjustert med 1 mill. kroner i 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 2686 Gravferdsstønad
Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2014 er 180 mill. kroner.
Ein reknar med lågare utgifter i 2014 til både behovsprøvd gravferdsstønad, stønad til båretransport og diverse utgifter enn det som enn det som låg til grunn i løyvinga. Både talet på mottakarar og gjennomsnittleg yting ser ut til å bli lågare enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.
Kap. 3635 Ventelønn mv.
Post 01 Refusjon av statleg verksemd mv.
Løyvinga for 2014 er 34,05 mill. kroner.
Departementet anslår refusjon av statleg verksemd i 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3635, post 01 Refusjon av statleg verksemd med 1,95 mill. kroner til 36 mill. kroner i 2014.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
06 Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag
Løyvinga for 2014 er 23 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år er inntektene berekna til 20 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 05 Tvangsmulkt
Løyvinga for 2014 på post 05 er på 2,2 mill. kroner.
Posten omfattar innkravd tvangsmulkt som verksemder har vorte ilagt på grunn av manglande oppfølging av pålegg frå Arbeidstilsynet.
Inntektene på posten er avhengig av talet på tilfelle kor Arbeidstilsynet har måtta bruke verkemiddelet, og er slik særs vanskeleg å budsjettera. Arbeidstilsynet har så langt ilagt fleire tvangsmulkter enn det som låg til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner.
Post 06 Refusjonar
Det er ingen løyving på post 06 for 2014.
Posten omfattar mellom anna refusjonar for mellombelse utlegg og innbetaling av kursavgift der Arbeidstilsynet tar deltakaravgift.
Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga på kap. 640, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på denne posten. Som følgje av auka inntekter for refusjonar av mellombelse utlegg, mellom anna knytte til Arbeidstilsynet si rolle som sekretariat for Nordisk råd og administrasjon og drift knytte til ordninga med regionale verneombod i bygge- og anleggsnæringa, føreslår departementet å auke løyvinga på posten.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 07 Byggesakshandsaming, gebyr
Løyvinga for 2014 på post 07 er 19,8 mill. kroner.
Posten omfattar gebyrinntekter for tenester som Arbeidstilsynet utfører ved handsaming av byggesaker etter arbeidsmiljøloven § 18-9.
Gebyrinntektene er konjunkturavhengige og vil variere i takt med talet på byggesaker. Som følgje av lågare inntekter enn først venta føreslår departementet at løyvinga vert redusert med 3 mill. kroner for 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Det er knytta meirinntektsfullmaktar til både post 06 og post 07 slik at meirinntekter kan nyttas under kap. 640.01. I og med at endringane under dei to postane går mot kvarandre, foreslås det ingen endring på løyvinga på kap. 640, post 01.
Kap. 5701 Diverse inntekter
Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2014 er 60 mill. kroner.
Posten omfattar mellom anna salg av hjelpemidlar og bilar. Samla inntekter er venta å verte 61 mill. kroner på posten for 2014.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2014 er 844 mill. kroner.
Som fylgje av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2013, som er innbetalt til folketrygda i 2014, vert overslaget for 2014 73,8 mill. kroner høgare enn budsjettert.
Arbeids- og sosialsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 73,8 mill. kroner.
Post 73 Refusjon frå bidragspliktige
Løyvinga for 2014 er 270 mill. kroner.
Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til forskottering på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene vert litt høgare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner.