2 Endringsforslag
Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.
Behovet i 2014 blir anslått å gå ned med 26,0 mill. kroner samanlikna med Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot for år 2 til 5.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 821, post 60 med 26,0 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Kommunar som buset einslege, mindreårige flyktningar mottek eit særskilt tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Behovet i 2014 blir anslått å gå ned med 20,6 mill. kroner samanlikna med Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er at det er færre enn tidlegare antatt i målgruppa for tilskotet i 2014.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 821, post 61 med 20,6 mill. kroner.
Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 01 Integreringstilskot for overførings- flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Inntektene på posten blir anslått å gå ned med 8,4 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på overføringsflyktningar som kjem i 2014.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 3821, post 01 med 8,4 mill. kroner.
Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Inntektene på posten blir anslått å auke med 1,2 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein auke i prognosen for einslege mindreårige som blir busett i 2014.
BLD føreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.
Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 22 Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Formålet med løyvinga er gode prøver i norsk og samfunnskunnskap og ei effektiv gjennomføring av prøvene.
Behovet på posten blir anslått å auke med 0,9 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er at Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, har hatt utgifter til sensur av skriftlege prøver for privatistar som ikkje har vore inkludert i budsjettberekningane.
BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 822, post 22 med 0,9 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Behovet i 2014 blir anslått å gå ned med 27,2 mill. kroner samanlikna med Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som vil utløyse tilskot for år 1. Dette er hovudsakleg ein følgje av at prognosen for talet på personar som får opphaldsløyve frå UDI i 2014 har gått ned.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 822, post 60 med 27,2 mill. kroner.
Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Inntektene på posten blir anslått å auke med 5,1 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein auke i prognosen for asylsøkjarar i 2014, og med det ei auking i målgruppa for norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.
BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 3822, post 01 med 5,1 mill. kroner.
Kap. 840 Krisetiltak
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Utgiftene til tilskot til incest- og valdtektssenter i 2014 er anslått til 76 mill. kroner, som er 1,5 mill. kroner mindre enn løyvinga. Mindrebehovet skuldast lågare utbetalingar av tilskot samanlikna med det som blei lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2014.
BLD føreslår å redusere kap. 840, post 61 med 1,5 mill. kroner
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle til meklarar utanfor familievernet er 1,4 mill. kroner lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 841, post 21 med 1,4 mill. kroner.
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til kontantstøtte i 2014 er anslått til 1 390 mill. kroner, som er 10 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Talet på barn med kontantstøtte synest å bli noko høgare enn føresett i Prop. 93 S (2013–2014). Mindrebehovet kjem av lågare gjennomsnittleg utbetaling per barn.
BLD føreslår å redusere kap. 844, post 70 med 10 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til barnetrygd i 2014 er anslått til 15 230 mill. kroner, 5 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem av eit lågare tal på barn det blir utbetalt stønad for enn føresett i anslaget i Prop. 93 S (2013–2014).
BLD føreslår å redusere kap. 845, post 70 med 5 mill. kroner.
Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
BLD føreslår å setje ned løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 858, post 01, jf. nærmare omtale under kap. 858, post 01. Mindreforbruk kjem av seinare oppstart av forskningsprosjekt enn planlagt.
Kap. 852 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Nye prognosar viser at det vil komme 145 adoptivbarn til Noreg i 2014, om lag halvparten av det anslaget som låg til grunn for løyvinga i saldert budsjett.
BLD føreslår å redusere kap. 852, post 70 med 5,9 mill. kroner.
Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Post 01 Driftsutgifter
Det er løyvd 172,2 mill. kroner på posten. Løyvinga skal dekkje lønnsutgifter, saksutgifter som ikkje omfattast av Lov om fri rettshjelp, og diverse andre mindre utgifter. Det er eit meirbehov på 2 mill. kroner på posten som følgje av høgare utgifter til fagkunnige. Departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til kap. 853, post 01 for å dekkje meirbehovet, jf. nærmere omtale under kap 854, post 21.
BLD føreslår vidare å flytte 1,2 mill. kroner frå kap. 853, post 45 til kap. 853, post 01, jf. nærmare omtale under post 45.
Samla føreslår BLD å auke kap. 853, post 01 med 3,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Det er løyvd 19,1 mill. kroner på posten. Løyvinga skal gå til å kjøpe eit nytt saksbehandlingssystem. For å få på plass det nye systemet har det vore naudsynt å bruke interne personalressursar. BLD føreslår derfor å flytte 1,2 mill. kroner frå post 45 til post 01, for å dekkje vikarutgifter og andre ekstra driftskostnadar i fylkesnemndene i samband med prosjektet.
BLD føreslår å redusere kap. 853, post 45 med 1,2 mill. kroner.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Det er løyvd 77 mill. kroner på posten. Løyvinga skal gå til ulike førebyggjande tiltak og kjøp av tenester i samband med utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. I budsjettet for 2014 blei det løyvd 8,5 mill. kroner på posten for å prøve ut eit program for foreldreveiledning, «Nurse Family Partnership», i Noreg. Tiltaket inngår i tiltaksplanen «En god barndom varer livet ut» og vert administrert av Bufdir. Naudsynt utgreiing og forsvarleg forankring av Nurse Family Partnership, mellom anna inngåing av lisensar, har ført til at igangsetjinga av prosjektet har tatt lengre tid enn venta. Det er derfor 7,5 mill. kroner i ubrukte midlar avsett til prosjektet inneverande år.
I tillegg er det noko mindreforbruk til utvikling av masterutdanning om barnevernleiing og utgreiing av sentre for foreldre og barn. Samla er mindreforbruket 8,7 mill. kroner. BLD føreslår å omdisponere delar av midlane.
BLD føreslår at inntil 2 mill. kroner blir nytta til ein konferanse om vern av barn mot vald og seksuelle overgrep. Bufdir skal arrangere konferansen.
BLD føreslår vidare at 2 mill. kroner blir flytta til kap. 853, post 01, for å dekke eit meirbehov i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.
BLD føreslår i tillegg å flytte 1,2 mill. kroner frå posten til post 22 for å dekkje eit meirbehov i Barnesakkunnig kommisjon.
Samla føreslår BLD å redusere kap. 854, post 21 med 6,7 mill. kroner.
Post 22 Barnesakkunnig kommisjon
Det er løyvd 6,5 mill. kroner på posten. Løyvinga på posten går til drift av Barnesakkunnig kommisjon (BSK). Det er eit meirbehov på 1,2 mill. kroner på posten som følgje av at kommisjonsmedlemmane si godtgjersle er gjort om til lønsinntekt og dermed blir også arbeidsgjevaravgift lagt til. I tillegg er det innført ei meir nøyaktig registrering av saksbehandlingstida, som viser at denne er høgare enn tidlegare registrert. BLD føreslår å dekke inn meirutgiftene ved å flytte 1,2 mill. kroner frå post 21.
BLD føreslår å auke kap. 854, post 22 med 1,2 mill. kroner.
Post 65 Refusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Det er løyvd 665 mill. kroner på posten i inneverande år. Løyvinga på posten skal dekke refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette, kor stor del av alle einslege, mindreårige som treng tiltak i barnevernet, og kor store utgiftene er for kvart tiltak.
Grunna ei auke i talet på einslege, mindreårige flyktningar i ordninga og ei auke i dagprisane, er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett. På bakgrunn av nye prognosar føreslår BLD å auke løyvinga på posten med 132,4 mill. kroner.
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Løyvinga på posten er 1 724 mill. kroner. Prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet har eit meirbehov i inneverande år på 53 mill. kroner. Meirbehovet kjem mellom anna av at etaten ikkje klarer å redusere utgiftene i same grad som føresett i den delen av etaten som har nedgang i aktiviteten.
BLD føreslår å flytte 35 mill. kroner frå kap. 856, post 01 til posten for å dekkje noko av meirbehovet. I tillegg føreslår BLD å auke posten med 18 mill. kroner, jf. meirinntekter på kap. 3855.
Samla føreslår BLD å auke kap. 855, post 22 med 53 mill. kroner.
Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 01 Diverse inntekter
I Saldert budsjett 2014 blei det anslått at inntektene på posten ville vere 13,9 mill. kroner. Prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet vil ha meirinntekter på 9 mill. kroner på posten.
BLD føreslår å auke kap. 3855, post 01 med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855, post 22.
Post 60 Kommunale eigendelar
I Saldert budsjett 2014 blei det anslått at inntektene på posten ville vere 1 079 mill. kroner. Posten viser inntekter frå kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og tiltak i heimen. Nye prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet vil ha meirinntekter på 9 mill. kroner på posten.
BLD føreslår å auke kap. 3855, post 60 med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855, post 22.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er 204,2 mill. kroner. Løyvinga på posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, eventuelt kjøp av plassar i private tiltak, og utgifter til arbeidet med å busetje einslege, mindreårige flyktningar under 15 år med vedtak om opphald. Prognosar for 2014 viser ei mindreutgift på 35 mill. kroner. Mindreutgifta skuldast at det er komen færre einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år enn føresett i saldert budsjett. BLD føreslår å flytte 35 mill. kroner til kap. 855, post 22 frå posten.
BLD føreslår å redusere kap. 856, post 01 med 35 mill. kroner.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01
Løyvinga på posten er 234,2 mill. kroner. Det er behov for å styrke Bufdir for å sikre god forvalting av tilskotsordningane direktoratet har ansvar for. Forvaltinga krev meir ressursar enn ein tidlegare har lagt til grunn. Dette har mellom anna samanheng med endringane som blei gjort i Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom ved behandlinga av Prop. 93 S (2013–2014).
BLD føreslår å auke kap. 858, post 01 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 846, post 21.
Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
Løyvinga på posten er 53,7 mill. kroner. Posten dekkjer utbetaling til pensjonskassar der tilsette i Bufetat var medlem før staten tok over det fylkeskommunale barne- og familievernet i 2004.
Tildelinga dekkjer utgifter til ordinær reguleringspremie og eingangspremiar for tidlegpensjon. I tillegg skal det reknast arbeidsgjevaravgift av premiebeløpa. Reguleringspremiane er i hovudsak basert på utvikling i grunnbeløpet i folketrygda, og blir kravd inn etter lønns- og trygdeoppgjeret. Til fråtrekk kjem bruken av avkastninga på premiefond i pensjonskassen. Reguleringspremien varierar difor kvart år. Bruken av premiefond i 2014 er 18 mill. kroner høgare enn i 2013. Dette gjer at utbetalinga til pensjonskassa vil vere lågare enn løyvinga på posten for inneverande år.
BLD føreslår å redusere kap. 858, post 22 med 17,1 mill. kroner.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2014 er anslått til 17 200 mill. kroner, som er 10 mill. kroner meir enn løyvinga. Dette kjem hovudsakleg av høgare vekst i foreldrepengegrunnlaget enn føresett i Prop. 93 S (2013–2014).
BLD føreslår å auke kap. 2530, post 70 med 10 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til eingongsstønad i 2014 er anslått å bli 390 mill. kroner, 5 mill. kroner mindre enn løyvinga. Dette kjem av lågare anslag på talet på fødslar i 2014 enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjing av løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 2530, post 71 med 5 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2014 er ut frå utbetalte beløp anslått til 445 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga.
BLD føreslår å auke kap. 2530, post 72 med 15 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2014 er anslått til 57 mill. kroner, som er 4 mill. kroner meir enn løyvinga. Dette kjem hovudsakleg av at venta nedgang i talet på familiar med foreldrepengar ved adopsjon inneverande år er redusert frå 25 til 20 prosent.
BLD føreslår å auke kap. 2530, post 73 med 4 mill. kroner.