2 Endringsforslag
Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Det visast til nærare omtale av budsjett- og ressurssituasjonen til Konkurransetilsynet under kap. 911, post 01, og behovet for å tilføre verksemda ytterlegare ressursar i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 336,856 til 334,156 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 911, post 01.
Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast
Grunna utfordringar med å få på plass ei deponiløysing for avfallet ved Søve gruve, der staten har teke på seg å finansiere og gjennomføre opprydding, har tildeling av oppdraget med opprydding blitt utsett. Som følgje av utsetjinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner i 2014 mot å løyve same beløp i 2015. Det visast til nærare omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Nærings- og fiskeridepartementet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner, frå 20,5 til 1,3 mill. kroner.
Kap. 904 Brønnøysundregistra
Post 01 Driftsutgifter
Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) har på vegne av offentlege verksemder inngått ein avtale om leveranse av sikker eID. Avtalen gjer at Brønnøysundregistra må overføre vel 1,1 mill. kroner til DIFI.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,105 mill. kroner, frå 324,550 til 323,445 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 540, post 22.
Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast
Utgifter knytt til drift av Altinn skal finansierast av tenesteeigarane. Brønnøysundregistra blir fakturert for utgifter og vidarefakturerar deretter tenesteeigarane i samsvar med gjeldande fordelingsnøkkel i inngått samarbeidsavtale. Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter og inntekter som følgje av fleire tenesteeigarar, fleire applikasjonar og oppdrag frå Skattedirektoratet i samband med nye versjonar av Altinn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 235,2 til 250,2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 3904, post 03.
Kap. 911 Konkurransetilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Konkurransetilsynet har i 2014 ein pressa budsjett- og ressurssituasjon, mellom anna på grunn av fleire store fusjonssaker og andre ressurskrevjande konkurransesaker. Dette til tross for at Konkurransetilsynet allereie har gjort betydelege innsparingar og innført stillingsstopp.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 88,965 til 91,665 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 900, post 01, jf. omtale over.
Kap. 919 Ymse fiskeriformål
Post 60 Tilskot til kommunar, kan overførast
I 2013 vart det lyst ut 45 nye grøne oppdrettsløyve. Dei samla inntektane frå tildelinga av konsesjonar vart i revidert budsjett 2014 berekna til 1 204,2 mill. kroner. Det er lagt til grunn at vertskommunane skal motta 40 pst. av vederlaget, berekna til 481,7 mill. kroner. Konsesjonar med fastsett lokalitet per 1. november 2014 skal leggjast til grunn ved utrekninga.
Per 1. november 2014 var det gitt endeleg tilsagn om 15 av 45 løyve. Nærings- og fiskeridepartementet behandlar klagar på tildelinga av dei resterande 30 løyva. Innbetalingane knytt til tildelingsrunden er derfor førebels begrensa til dei 15 løyva som vart tildelte i lukka budrunde. Samla vederlag for desse utgjer 904,2 mill. kroner. Kommunane der dei nye løyva blir fordelte får 40 pst. av vederlaget. Ettersom det ikkje skiljast mellom storleiken på vederlaget som er betalt for det einskilde løyve, får kvar kommune kr 10,7 mill. kroner som er ein pro-rata del av det samla vederlaget. Dersom løyvet vert knytt til lokalitetar i meir enn ein kommune, fordelast beløpet likt mellom kommunane. Departementet legg til grunn at det i 2014 kun vert utbetalt vederlag for dei 15 løyva i lukka budrunde, til saman 160,6 mill. kroner.
Det gjenstår å tildele inntil 30 løyve. Klagebehandlinga for desse løyva vil ikkje vere avslutta før 2015. Innbetaling av vederlag for desse løyva og fordeling av kommunane sin del vil ikkje kunne gjerast før i 2015. Nærings- og fiskeridepartementet foreslår at kommunane sin del av desse løyva fordelast etter løyve knytt til lokalitet per 1. april 2015.
Som følgje av dette må løyvinga i 2014 på kap. 919, post 60 reduserast med 321,1 mill. kroner og kap. 3917, post 13 må reduserast med 300 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag om tilsvarande auking av løyvingane i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 321,108 mill. kroner, frå 481,662 til 160,554 mill. kroner.
Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar
Det visast til nærare omtale av saken under kap. 919, post 60.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 1 204,155 til 904,155 mill. kroner.
Kap. 922 Romverksemd
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2014 vart det gitt ei tilleggsløyving på 17,4 mill. kroner for å kompensere for styrka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for høgt, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 4,6 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner, frå 164,9 til 160,3 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, til andre valutakursar enn dei som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2014 vart det gitt ei tilleggsløyving på 34,6 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist seg at anslaga var for høge og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 2,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner, frå 344,3 til 341,5 mill. kroner.
Post 73 EU sine romprogram
Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014. Samstundes skal løyvinga justerast i henhald til gjeldande EØS-prosedyre om det har vore endringar i oppkallinga frå EU.
Noreg har hatt innbetalingar til EU til andre valutakursar enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014. Endringane utgjer ei auke på 34,4 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga frå EU, som utgjer ei auke på 4,3 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 38,7 mill kroner, frå 258,5 til 297,2 mill. kroner.
Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
Post 70 Tilskot
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma.
Løyvinga på 54,9 mill. kroner i Saldert budsjett 2014 vart fastsett på grunnlag av forventa eurokurs og budsjettanslag frå Europakommisjonen. Faktiske utbetalinger til Europakommisjonen har vore lågere enn forventa, mellom anna som følgje av lågare kontingentinnbetaling. Samstundes har eurokursen vore høgare enn føresett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner, frå 54,9 til 49,5 mill. kroner.
Kap. 926 Drift av forskningsfartøy
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overførast
Det er inngått kontrakt med det italienske verftet Fincantieri om bygging av nytt isgåande forskingsfartøy. Ut frå betalingsplanen i kontrakten er gjeldande løyving sett til 213,3 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet er orientert om at det pågår forhandlingar mellom partane for å kome fram til ei omtrent forståing av enkelte forhold under kontrakten. Framdrifta i byggjeprosjektet ligg no etter tidsplanen som er fastsett i kontrakten, og det vil ikkje bli utbetalt noko til verftet i 2014. Det vil derfor berre vere behov for midlar til designtenester, godkjenning av klasseteikningar og drift av prosjektet. Det er ikkje avklart om forseinkinga i framdrifta vil påverke tidspunktet for når fartøyet er klart til bruk.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 173,5 mill. kroner, frå 213,28 til 39,78 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I Saldert budsjett 2014 er det løyvd 25,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er knytt ei overskridingsfullmakt til posten.
Dei samla utgiftene for 2014 er anslått til vel 98 mill. kroner. Kjøp av tenester frå eksterne rådgjevarar og meglerforetak i samband med privatisering av statleg eigde selskap, herunder børsnotering av Entra ASA, står for hovuddelen av utgiftene.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 72,6 mill. kroner, frå 25,7 til 98,3 mill. kroner.
Kap. 960 Raufoss ASA
Post 71 Refusjon for miljøtiltak
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 8,3 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til vel 4 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner, frå 8,3 til 4,4 mill. kroner.
Kap. 2421 Innovasjon Noreg
Post 70 Bedriftsutvikling og administrasjon
I statsbudsjettet for 2015 har Regjeringa gjort framlegg om å auke einskilde landsdekkande verkemiddel i Innovasjon Noreg, mellom anna etablerartilskot- og miljøteknologiordningane. Regjeringa vurderer det generelt som føremålstenleg med breitt innretta program utan tematiske avgrensingar, med betydeleg konkurranse om midla. Dette skal bidra til at støtta går til dei kvalitativt beste prosjekta, med størst verdiskapingspotensial og samfunnsøkonomisk effekt. Det er samstundes gjort framlegg om å redusere midla til Innovasjon Noreg sine bransjespesifikke verkemiddel over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet for 2015, som er retta mot marin og maritim sektor og reiselivsnæringa. Dei bransjeretta ordningane som vert avvikla eller reduserte i framlegget til 2015-budsjett, er vidare meir bemanningsintensive enn dei ordningane som det er gjort framlegg om å styrke. Vidare har Regjeringa foreslått ein reduksjon i løyvinga til administrasjon av selskapet for å auke effektiviteten. Samla tyder dette at Innovasjon Noreg i 2015 må omstille si verksemd og redusere antal tilsette. Denne prosessen har selskapet no starta, for å betre møte næringslivet sine behov og med ein riktig kostnadsstruktur. Dette medfører behov for ei særskilt løyving til nedbemanning og omstilling i 2014. Det er rekna ut at selskapet må nedbemanne med mellom 40 og 55 årsverk. Løyvinga skal dekke lønskostnader fram til ny organisasjon er på plass og i oppseiingsperioden, kostnader knytt til juridisk bistand, karriererettleiing m.m. Det vert ikkje gjeve lønskompensasjon for å slutte i selskapet.
Selskapet har ikkje eigenkapital til dekkje omstillingskostnader, og i tråd med Lov om Innovasjon Noreg framgår det at eigarane må dekkje forpliktingane til selskapet. Middel til omstilling må settes av i selskapet sin rekneskap det året avgjerda blir gjort.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 43,5 mill. kroner, frå 356,65 til 400,15 mill. kroner.
Post 75 Marint verdskapingsprogram
Tilføying av stikkord
Det vil kunne ta tid frå det blir gitt tilsegn til tilskotet blir utbetalt. For å kunne overføre den delen av tilskotet som ikkje blir utbetalt i 2014 til 2015, foreslår Nærings- og fiskeridepartementet at løyvinga blir gjort overførbar. Programmet er ikkje vidareført i Regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir tilføydd stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betalar òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2014 er basert på realiserte innlån og avdrag så langt i år og prognosar på innlån og avdrag for resten av året.
Innlåna har blitt auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2014. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,75 mrd. kroner, frå 41,75 til 45,5 mrd. kroner.
Kap. 2426 Siva SF
Post 90 Lån, overslagsløyving
Siva SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betalar òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5326. Siva SF har ei innlånsramme på 700 mill. kroner. Ved saldering av budsjettet for 2014 la ein til grunn at Siva SF ville refinansiere lån på til saman 100 mill. kroner. Siva SF har tatt opp mindre lån enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 100 til 70 mill. kroner.
Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS
Post 70 Tilskot
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 105 mill. kroner i tilskot til Eksportkreditt Noreg AS. Tilskotet skal dekkje alle utgifter til investeringar og administrasjon av selskapet og utlånsordninga som selskapet forvaltar. Ein ny gjennomgang av økonomien i selskapet syner at tilskotet for 2014 kan reduserast med 4,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner, frå 105 til 100,5 mill. kroner.
Post 71 Vidarefakturerte utgifter
I Saldert budsjett 2014 blei det løyvd 0,2 mill. kroner til å dekkje eventuelle mindre tap i tilknyting til vidarefakturering av utgifter under eksportkredittordninga. Det er ikkje naudsynt å nytte posten i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 0,2 mill. kroner til 0.
Post 90 Utlån
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 19,5 mrd. kroner til utbetaling av utlån under ordninga. Stortinget gav òg ei fullmakt til å overskride løyvinga.
Ein ny gjennomgang av faktiske og forventa låneutbetalingar frå Eksportkreditt Noreg AS, viser at samla utbetalingar kan bli om lag 26,9 mrd. kroner i 2014. Hovudårsaka er at fleire av prosjekta har blitt ferdigstilte tidlegare enn forventa, særleg enkelte nybygg av skip.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,4 mrd. kroner, frå 19,5 til 26,9 mrd. kroner.
Kap. 3902 Justervesenet
Post 01 Gebyrinntekter
Flytting av kapasitet frå gebyrpliktige tilsyn til tenester som Teknisk kontrollorgan (TKO), prioritering av uanmeldte tilsyn i fiskerisektoren og drosjenæringa og noko mindre kapasitet generelt til tilsyn, gjev ei redusert gebyrinntekt i høve til gjeldande løyving.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,9 mill. kroner, frå 70,8 til 62,9 mill. kroner.
Post 03 Inntekter frå sal av tenester
Prioritering av kapasitet til TKO-oppdrag for å ferdigstille bestillingar i marknaden har ført til auka inntekter på 2,5 mill. kroner ut over gitt løyving.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 11,2 til 13,7 mill. kroner.
Kap. 3904 Brønnøysundregistra
Post 01 Gebyrinntekter
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2014. Dette gjeld særleg Lausøyreregisteret og Føretaksregisteret.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 25 mill. kroner, frå 525 til 550 mill. kroner.
Post 03 Refusjonar og inntekter knytt til forvalting av Altinn-løysinga
Løyvinga foreslås auka med 15 mill. kroner, frå 57 til 72 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22, jf. omtale under kap. 904, post 22.
Kap. 3911 Konkurransetilsynet
Post 02 (ny) Lovbrotsgebyr
Konkurransetilsynet kan gje pålegg om gebyr og tvangsmulkt mellom anna ved brot på konkurranselova sitt forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid, forbod mot å nytte dominerande stilling og påbod om ordinær melding av foretakssammenslutninger. Ved ein inkurie vart det ikkje oppretta ein post for gebyr for lovbrot i statsbudsjettet for 2014. Hittil i 2014 er lovbrotsgebyr førebels postert på kap. 3911, post 01 Klagegebyr og vil bli ompostert til ny post 02. For 2014 er det berekna at Konkurransetilsynet vil motta 26 mill. kroner i lovbrotsgebyr.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 02 på 26 mill. kroner.
Post 03 (ny) Ymse inntekter
Frå 1. juli 2012 er myndigheit til å gje pålegg om lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar lagt til domstolane, men dette gjeld berre saker der ein har inngått kontrakt etter 1. juli 2012. I saker der ein har inngått kontrakt før 1. juli 2012, har Klagenemnda for offentlege anskaffingar enno myndigheit til å gjere det. Ved ein inkurie vart det ikkje oppretta ein post for lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar i statsbudsjettet for 2014. Hittil i 2014 er lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar førebels postert på kap. 3911, post 01 og vil bli ompostert til ny post 03. For 2014 er det berekna at summen for gebyr ved ulovlege direkte anskaffingar blir om lag 21 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 03 på 21 mill. kroner.
Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 96 Sal av aksjar
I Saldert budsjett 2014 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.
Tilbakekjøpsavtalar
Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med det føremålet å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.
Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget som staten skal ta i mot. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2013 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.
Telenor ASA
Generalforsamlinga i Telenor ASA gav i mai 2013 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 46 mill. eigne aksjar, tilsvarande om lag 3 pst. av selskapet sin aksjekapital. Fram til våren 2014 kjøpte selskapet 6 981 748 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 8 184 493 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2014. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 1 047,6 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.
Yara International ASA
Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2013 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapets aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til november 2013 kjøpte selskapet 1 450 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 823 135 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2014. Etter at kapitalnedsettinga var sett i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 211,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.
Sal av aksjar i Cermaq ASA
Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget 13.12.13, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 8 S (2013–2014), aksepterte staten v/Nærings- og fiskeridepartementet 20. oktober 2014 eit frivilleg tilbod frå eit dotterselskap av japanske Mitsubishi Corporation om kjøp av samtlige aksjar i Cermaq ASA. Staten solgte 54 731 604 aksjar for 5 254,2 mill. kroner. Staten sin eigardel i Cermaq ASA ble dermed redusert frå 59,17 pst. til null.
Sal av aksjar i Entra ASA
Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget 13.12.13, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 8 S (2013–2014), solgte Nærings- og fiskeridepartementet 38,9 mill. aksjar i Entra ASA i oktober 2014 i samband med børsnotering og delprivatisering av selskapet. Salsummen utgjorde 2 530,4 mill. kroner.
I samband med salet lånte staten ut om lag 12 mill. aksjar som ledd i ein stabiliseringsmekanisme for kursen. Av desse vart vel 11,6 mill. aksjar selde for til saman 753,7 mill. kroner. Staten sin eigardel i Entra ASA ble dermed redusert frå 100 pst. til 49,9 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 772,3 mill. kroner, frå 25 til 9 797,3 mill. kroner.
Kap. 5325 Innovasjon Noreg
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2014, er det behov for å auke løyvinga.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 42,2 til 45,0 mrd. kroner.
Kap. 5326 Siva SF
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på lån til Siva SF frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2426, post 90 ovanfor. Siva SF har innbetalt eit lån på 70 mill. kroner i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 100 til 70 mill. kroner.
Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS
Post 70 Gebyr m.m.
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 40 mill. kroner til gebyrinntekter under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS handsamar. Nytt overslag på gebyrinntekter under ordninga er 55 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 40 til 55 mill. kroner.
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 6,35 mrd. kroner i avdragsinnbetalingar under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nytt overslag tyder på at avdragsinnbetalingane under ordninga aukar til 14,25 mrd. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,9 mrd. kroner, frå 6,35 til 14,25 mrd. kroner.
Kap. 5613 Renter frå Siva SF
Post 80 Renter
Siva SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna til Siva SF i 2014, er det grunnlag for å auke løyvinga med om lag 1,2 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner, frå 21,9 til 23,1 mill. kroner.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Innovasjon Noreg kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 265 til 235 mill. kroner.
Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvalting
Post 85 Utbyte
I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 12 067,253 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2014, er innbetalt utbyte frå selskapa 180 mill. kroner høgare. Dette skuldast at det var lagt til grunn eit utbyte på 169,7 mill. kroner frå Flytoget AS. Faktisk utdelt utbyte frå selskapet utgjorde 399,7 mill. kroner. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS 50 mill. kroner lågare enn opphaveleg lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 180 mill. kroner, frå 12 067,253 til 12 247,253 mill. kroner.