Prop. 30 S (2014-2015)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til løyvingar

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

I saldert budsjett 2014 er det løyvd 1 195,7 mill. kroner til pliktige kontingentar i internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i. Etter at 2014-budsjettet vart vedteke er det kome enkelte endringar i kontingenten for 2014, m.a. grunna endra valutakursar.

Meirbehovet er i hovudsak relatert til endra kontingentar til Nordisk ministerråd (+17,3 mill. kroner), NATO (+14,3 mill. kroner), Europarådet (+6 mill. kroner), EFTA og ESA (+4,1 mill. kroner) og OECD (+3,4 mill. kroner).

Det blir gjort framlegg om auka løyvingar på netto 44,3 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Samla blir det foreslått ein reduksjon i løyvingane under kap.117 EØS-finansieringsordningane på 294 mill. kroner på følgjande postar:

Post 75 EØS-finansieringsordninga 2009-2014, kan overførast

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 52 mill. kroner

Post 76 Den norske finansieringsordninga 2009-2014, kan overførast

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 242 mill. kroner.

Løyvinga på kap. 117, post 75 EØS-finansieringsordninga 2009-2014 er på 1 790 mill. kroner og post 76 Den norske finansieringsordninga 2009-2014 er på 1 520 mill. kroner i 2014. Inkludert ubrukt løyving overførd frå 2013 og tilleggsløyving i RNB 2014 utgjer disponible midlar på post 75 i alt 2 021 mill. kroner og post 76 i alt 1 677 mill. kroner.

Noreg, Island og Liechtenstein sitt sekretariat for EØS-finansieringsordningane i Brussel, Financial Mechanism Office (FMO), har utarbeidd nye prognosar for 2014. Dei nye prognosane tilseier at løyvingane i år kan reduserast med om lag 52 mill. kroner under post 75 og om lag 242 mill. kroner under post 76; i alt ein reduksjon på 294 mill. kroner.

Per oktober 2014 er alle 150 programma godkjende av gjevarane og ordningane for perioden 2009-2014 er no inne i gjennomføringsfasen. Dette gjer prognosane for utbetalingane noko sikrare enn tidlegare rekna med. Det er likevel forhold som gjer at utbetalingane til land eller program kan stoppe opp. Eit eksempel på dette er suspensjonen av ordningane i Ungarn. Suspensjonen gjer at det truleg ikkje blir utbetalingar til Ungarn i 2014 utanom dei to programma der FMO er programoperatør. Sidan det ikkje blir utbetaling under den norske ordninga for Ungarn under kap. 117, post 76 i år, kan løyvinga på posten reduserast. I tillegg er gjennomføringa av programma forseinka i fire av landa: Bulgaria, Polen, Romania og Latvia.

Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp

Det blir i denne proposisjonen foreslått 249 mill. kroner i auka løyvingar til humanitære tiltak i m.a. Irak, Syria og Sør-Sudan og 27 mill. kroner til kampen mot ebola. I tillegg blir det gjort framlegg om 52,4 mill. kroner i auka løyving til ODA-godkjente flyktningtiltak i Noreg, jf. omtale under kap. 167.

Til finansiering av dei føreslåtte tilleggsløyvingane er det identifisert ledige midlar som ikkje blir utbetalte i inneverande år som følge av forseinkingar m.m. i enkelte prosjekt og program, midlar som såleis kan omdisponerast til akutte humanitær tiltak i år.

Forslag til auka løyvingar

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 71 Humanitær hjelp, kan overførast

Det er stort behov for akutt humanitær innsats til naudlidande i m.a. Irak, Syria og Sør-Sudan.

Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 249,3 mill. kroner.

Auken i den humanitære løyvinga blir foreslått dekka inn ved reduksjonar på andre postar, jf. omtale under forslag til reduksjonar.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 72 Samfinansiering via finansinstitusjonar, kan overførast

Det er stort behov for hjelp til kampen mot ebola. Det blir difor gjort framlegg om at løyvinga på posten blir auka med 27 mill. kroner. Midlane blir foreslått overført til tiltak i regi av Verdsbanken.

Tilleggsløyvinga blir foreslått finansiert ved tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 172, post 70 Gjeldslette, betalingsbalansestøtte og kapasitetsbygging.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Etter OECD/DAC sitt regelverk kan opphaldsutgifter m.m. det første året for flyktningar og asylsøkjarar klassifiserast som offisiell utviklingshjelp.

Som følgje av auka tilstrøyming av asylsøkjarar og flyktningar til Noreg er det behov for auka løyvingar. Det blir i denne samanhengen vist til omtale i proposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har ansvaret for dette feltet.

Det blir i denne proposisjonen gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 52,4 mill. kroner.

Forslag til reduksjonar

Kap. 151 Utviklingshjelp til Asia

Post 73 Regionale tiltak og strategiske partnarskap Asia, kan overførast

Pga. forseinkingar i prosjektsamarbeid med ASEAN1 kan 25,7 mill. kroner av løyvinga på posten omdisponerast til andre tiltak.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 25,7 mill. kroner.

Post 78 Regionløyving for Asia, kan overførast

Det kan omdisponerast 6 mill. kroner av løyvinga på posten på grunn av svak framdrift i «Multi-Donor Trust Fund for the South Asia Water Initiative (SAWI)» som medfører at enkelte utbetalingar først skjer i 2015.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 6 mill. kroner.

Kap. 161 Næringsutvikling

Post 70 Næringsutvikling, kan overførast

Enkelte tiltak, i regi av Norfund og Norad, med planlagt utbetaling i år er utsette til 2015.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 6,5 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

Det er noko ledige midlar på post 70 Naturkatastrofar som kan omdisponerast til andre bistandstiltak ovanfor.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 30 mill. kroner.

Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering

Post 71 Fagleg samarbeid, kan overførast

Det blir foreslått at ledige midlar på posten blir omdisponerte til akutte humanitære hjelpetiltak, jf. omtale under kap. 163, post 71 ovanfor.

Dei ledige midlane har m.a. samanheng med at enkelte planlagde tiltak i Ghana er utsett, og regionale møter er avlyst grunna ebolautbrotet. Det er vidare svak framdrift på fleire avtalar i India og forseinkingar innanfor fiskerisamarbeid og petroleumssektoren i Angola.

I tillegg vart eit forholdsvis stort beløp (67 mill. kroner) overført frå 2013 til 2014. Mindreforbruket i 2013 skuldast m.a. kapasitetsproblem hjå norske samarbeidspartnarar og forseinking i oppstart av programaktivitetar.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 72 mill. kroner.

Kap. 166 Miljø og berekraftig utvikling

Post 70 Ymse tilskot, kan overførast

Løyvinga på denne posten skal brukast til nye utviklingstiltak det ikkje er budsjettert med i budsjettet.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 5 mill. kroner.

Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar, kan overførast

Det er noko udisponerte budsjettmidlar på posten i år som kan omdisponerast til andre tiltak.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 10,5 mill. kroner.

Post 74 Fornybar energi, kan overførast

Det er noko udisponerte budsjettmidlar på posten i år som kan omdisponerast til andre tiltak.

Reduksjonsforslaget er knytta til desse tiltaka:

  • Ein reduksjon på 70 mill. kroner skuldast svak framdrift på energiprosjektet Fula Rapids i Sør-Sudan pga. borgarkrigen sist vinter.

  • Ein reduksjon på 50 mill. kroner er knytta til utsett overføring til Climate Investment Funds (CIF) Dedicated Private Sektor Program (DPSP), ein investeringsfasilitet administrert av Verdsbanken med vekt på rein energi.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 120 mill. kroner.

Kap. 168 Kvinner og likestilling

Post 70 Kvinner og likestilling, kan overførast

Det er noko ledige midlar i år grunna forseinkingar i enkelte prosjekt. Regelverket tilseier at tilskotsmidlane skal betalast ut etter behov.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 26 mill. kroner.

Kap. 172 Gjeldslette og gjeldsrelaterte tiltak

Post 70 Gjeldslette, betalingsbalansestøtte og kapasitetsbygging, kan overførast

Det blir gjort framlegg om 27 mill. kroner i auka løyvingar til tiltak mot ebola, jf. forslag omtalt under kap. 171, post 72 ovanfor.

Tilleggsløyvinga blir foreslått finansiert ved tilsvarande reduksjon i udisponerte midlar i år på kap. 172, post 70 Gjeldslette, betalingsbalansestøtte og kapasitetsbygging.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 27 mill. kroner.

Andre saker – budsjettstøtte Ukraina

I samband med handsaminga av Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 vart løyvinga til Ukraina under kap. 164, post 73 Andre ODA-godkjente OSSE-land auka med 110 mill. kroner. Formålet med støtta er å hjelpe til i den svært vanskelege politiske og økonomiske situasjonen som Ukraina er i. Regjeringa har, sidan den politiske turbulensen braut ut, gitt breid politisk støtte til Ukraina og intensivert den politiske kontakten. Regjeringa har vidare uttrykt vilje til å yte omfattande og målretta hjelp til reformprosessen i Ukraina. Dette arbeidet er godt i gang. Norsk bilateral prosjektstøtte er konsentrert innanfor sektorane tryggingssektor- og rettsstatsreform, energi og atomtryggleik, og handelstilpassing og europeisk integrasjon. Dette er prioriteringar i tråd med dei ukrainske styresmaktene sine ynskje. Ukrainske styresmakter har også behov for makroøkonomisk støtte for å dekkje landet sine finansieringsbehov. For å komme dette behovet i møte er det difor foreslått å gi budsjettstøtte på 100 mill. kroner i 2014.

Det er høg risiko knytta til budsjettstøtte, men det blir lagt til grunn at Noreg kan akseptere same risiko som IMF og Verdsbanken. Styresmaktene i Ukraina er avhengige av økonomiske hjelp og tillit frå utlandet, og vil ha eit sterkt insentiv til å gjennomføre reformprogramma.

Utanriksdepartementet har etter grundig vurdering konkludert med at vilkåra for å gi budsjettstøtte er til stades. Budsjettstøtte gis i samarbeid med Verdsbanken. Dette inneber ein norsk bilateral avtale med Ukraina, der budsjettstøtta er forankra i Verdsbanken sitt policy-program og -prosessar. Den norske staten ber risikoen knytta til utbetalingar, ettersom støtta ikkje blir kanalisert gjennom IMF eller Verdsbanken. Risikoen blir redusert ved at avtalen set som vilkår at IMF og Verdsbanken skal ha godkjent framdrifta i IMFs og Verdsbankens reformprogram for Ukraina, før norsk budsjettstøtte blir utbetalt. Vilkåret tilseier at budsjettstøtte først blir utbetalt når IMF sitt styre har godkjent andre og tredje gjennomgang av framdrifta.

Budsjettstøtteavtalen er eittårig, med mogelegheit for ny støtte i 2015 og 2016, forutsett Stortingets godkjenning. Vedtak om forlenging vil vere basert på ei løpande risikovurdering og avhengig av framdrifta i Verdsbanken sitt program.

Fotnotar

1.

Association of South-East Asian Nations