2 Endringar i statsbudsjettet 2014
Kap. 1810 Oljedirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Utgiftene i samband med behandling av søknader om tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) har blitt høgare enn føresett, blant anna som følgje av rekordmange søknader i 2014.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 261,5 mill. kroner. Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 01 Gebyrinntekter.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Oljedirektoratet har samarbeidsprosjekt innanfor dataforvaltning og utvinningsteknologi (DISKOS og FORCE) og fleire oppgåver knytte til styresmaktene sitt internasjonale bistandsarbeid og rådgiving, og tek del i utviklingsprogrammet Olje for Utvikling (OfU). I samband med kapasitetsbygging i myndigheitsorgan bistår direktoratet ved utvikling av rammeverk, ressursforvaltning i alle fasar av verksemda, dataforvaltning, styrking av lokalt innhald og opplæring. Dei viktigaste samarbeidslanda er Ghana, Uganda, Tanzania og Sør-Sudan. I tillegg er Oljedirektoratet deltakar i fleire andre prosjekt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, til 210,1 mill. kroner. Auken har samanheng med høgare aktivitet i samarbeidsprosjekta innanfor dataforvaltning og utvinningsteknologi, bistandsprosjekt og utviklingsprogrammet Olje for utvikling enn føresett tidlegare. Det er blant anna inngått nye avtaler med Cuba og Angola. Vidare knyter auken seg til aktivitet i 2013 som først er rekneskapsført og innbetalt i 2014.
Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.
Kap. 1815 Petoro AS
Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast
Den norske stat deltek gjennom Petoro Iceland AS med 25 prosent i tre utvinningsløyve på islandsk kontinentalsokkel. Aktivitetane i kvart av utvinningsløyva på islandsk sokkel følgjar eit arbeidsprogram som er delt inn i tre fasar. Regjeringa tek stilling til vidare norsk statleg deltaking ved utløpet av kvar fase. Første fase av arbeidsprogrammet for utvinningsløyve IS2013/01 går ut i januar 2015. Det vil i løpet av 2014 bli teke stilling til eventuell vidare statleg deltaking i andre fase av arbeidsprogrammet.
Fullmakt til å forplikte
Verksemda i interessentskapa er underlagt reglar fastsette i konsesjonsverket ved konsesjonstildelingane. I interessentskapa deltek staten med Petoro Iceland AS som rettshavar underlagt reglane i islandsk lovgiving og konsesjonsverket. Det er fastsett stemmereglar for verksemdstyringa i samarbeidsavtalene. Innanfor reglane i samarbeidsavtalene etablerer interessentskapa arbeidsprogram og budsjett som omfattar blant anna innkjøp av varer og tenester som forpliktar rettshavarane utover innevarande års løyving. Operatørane står føre verksemda, under dette inngåing av avtaler på vegner av interessentskapa i medhald av fullmakter som følgjar av samarbeidsavtalene. Operatørane legg fram for styringskomiteane arbeidsprogram og budsjett for kommande år og langtidsbudsjett for dei neste tre åra i oktober. Rettshavarane i interessentskapa behandlar og godkjenner arbeidsprogram og budsjett for kommande år i desember. Slik det går fram av avtalene som er ein del av konsesjonsverket, skal deltakarane kunne innrette seg slik at interessentskapet kan forplikte seg for anskaffingar som varer ut over budsjettåret.
Det er derfor foreslått ei fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover gitt løyving på inntil 30 mill. kroner knytte til fortløpande forretningsverksemd innanfor gjeldande deltakingsvedtak, jf. forslag til romartalsvedtak II. Tilsvarande fullmakt er foreslått for 2015, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 01 Driftsutgifter
På vegner av offentlege verksemder har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) inngått avtale om leveranse av elektronisk ID (eID) frå private leverandørar. Kvar gong det blir brukt ein eID utferda av desse til ei offentleg teneste, blir det utløyst eit betalingskrav til det offentlege. Basert på overslag om framtidig bruk vart det rammeoverført 25 000 kroner frå NVE til Difi. For NVE sin del vil heile rammeoverføringa bli tilbakeført, då det ikkje har vore nok innloggingar på NVEs teneste til å komme over terskelverdien som utløyste rammeoverføring frå NVE til Difi. Løyvinga blir på denne bakgrunnen foreslått auka med 25 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 540, post 22.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 25 000 kroner, til 493,625 mill. kroner.
Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60 og 72
Flaumen som råka fleire kommunar på Vestlandet i slutten av oktober har ført til omfattande skadar og det har vore naudsynt å setje i verk tiltak straks for å rydde opp og avverje fare for ytterlegare skadar. NVE anslår eit behov på 24 mill. kroner i 2014 knytt til opprydding, krisetiltak og reparasjon i områda som er råka. Dei største skadane er knytte til Aurland kommune (Flåmselva), Odda kommune (Opo) og Lærdal kommune. Det er i tillegg avdekt behov for tiltak i fleire andre kommunar på Vestlandet. Regjeringa vil komme attende til budsjettbehovet for 2015 og etterfølgjande år når NVE har fått betre oversikt og gjennomført ei nærare kartlegging av skadeomfang, naudsynte tiltak og framdrift.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 24 mill. kroner, til 265,3 mill. kroner.
Kap. 1840 CO2-handtering
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 74
I samband med oppfølginga av Regjeringas strategi for det vidare arbeidet med CO2-handtering vil statsaksjeselskapet Gassco få i oppdrag å sjå på høve til transport av CO2 frå potensielle fangstprosjekt i Noreg, jf. kap. 1840, ny post 74 Transport av CO2.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande løyving under kap. 1840, ny post 74. Som følgje av usikkert kostnadsoverslag for ovannemnde arbeid blir det foreslått å tilføre posten stikkordet «kan nyttast under post 74».
Post 70 Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under post 73 og 74
Det er i 2014 sett av midlar til å avslutte planlegginga av fullskala CO2-handtering på Mongstad. Arbeidet er utført og det er gjort ei oppsummering og evaluering av planlegginga. Utgiftene til arbeidet har blitt lågare enn opphavleg berekna. Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Behovet og utgiftene til Gassnovas oppfølging av statens interesser i teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) har blitt lågare enn tidlegare berekna. Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 7,5 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner, til 144,8 mill. kroner. Gassnova disponerer hovuddelen av midlane til kartlegging av høve til fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. Det blir foreslått å tilføre posten stikkordet «kan nyttes under post 74» etter same forklaring som under post 21.
Post 71 Forskingstenester, TCM DA, kan overførast
Løyvinga til kjøp av forskingstenester dekkjer driftsutgifter ved teknologisenteret på Mongstad og nedbetaling av selskapets lån og kapitalkostnader.
Statens del av driftsutgiftene er venta å bli om lag 11 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett 2014. Reduksjonen skuldast i hovudsak stans av anlegga på grunn av vedlikehald og at det ikkje ligg føre planar om testaktivitet i 2014 for anlegget med kjølt ammoniakk etter august.
Avdrag og renter på lånet blir samla reduserte med 21 mill. kroner (inkludert meirverdiavgift) som følgje av forskyving av lånebehov og nedjustering av rentesats i 2014, jf. kap. 4840, post 80 og 86.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 32 mill. kroner, til 1 732 mill. kroner.
Post 73 Fullskala CO2-handtering på Mongstad, kan overførast, kan nyttast under post 70
Utgifter til å avslutte planlegginga av fullskala CO2-handtering på Mongstad har blitt langt lågare enn tidlegare budsjettert. På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 27,5 mill. kroner, til 0,5 mill. kroner.
Post 74 (Ny) Transport av CO2, kan overførast
I tråd med Prop. 1 S (2014–2015) blir det lagt opp til å føre vidare arbeidet med å kartleggje høve til fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. Dette omfattar studiar av moglege fangstprosjekt i Noreg og studiar av høve til transport og lagring av CO2 frå potensielle fangstprosjekt, jf. pkt. 4.5.2 i Prop. 1 S (2014–2015).
Føremålet med studiane er å klargjere om det er grunnlag for å setje i gang eit industrielt løp for prosjektmogning for eit CO2-handteringsprosjekt i Noreg. Nytteverdi og kostnadsoverslag for ulike alternativ, omfang, risiko og vidare tidsplan vil vere element som vil bli vurderte i arbeidet. Arbeidet skal gjennomførast ved at det først blir utført idéstudiar og deretter moglegheitsstudiar dersom det er grunnlag for å gjennomføre meir detaljerte analysar. Arbeidet vil bli koordinert av Gassnova, men utgreiingar av transportdelen vil bli gjennomførte i regi av Gassco og vil starte i løpet av 2014.
Utgiftene for studiane er førebels usikre, men første fasen av Gasscos arbeid med idéstudiar blir anslått til 10 mill. kroner. Regjeringa vil komme nærare tilbake til status og vidare planar i revidert budsjett 2015.
På denne bakgrunnen blir det foreslått ei løyving på 10 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 21 Spesielle driftsutgifter. Arbeidet vil starte opp i 2014, og vil gå føre seg inn i 2015. Det blir derfor foreslått at posten blir tilføydd stikkordet «kan overførast».
Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
Tabell 2.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2014 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)
Kap./post Underpost | Nemning | Gjeldande løyving1 | Forslag til ny løyving | Endring | |
---|---|---|---|---|---|
2440 | 30 | Investeringar | 38 000 | 37 000 | -1 000 |
Sum kap. 2440 | 38 000 | 37 000 | -1 000 | ||
5440 | 24.1 | Driftsinntekter | 190 800 | 180 800 | -10 000 |
24.2 | Driftsutgifter | -34 400 | -31 600 | 2 800 | |
24.3 | Leite- og feltutviklingsutgifter | -1 500 | -2 300 | -800 | |
24.4 | Avskrivingar | -23 100 | -23 100 | ||
24.5 | Renter av statens kapital | -5 700 | -4 900 | 800 | |
24 | Driftsresultat | 126 100 | 118 900 | -7 200 | |
30 | Avskrivingar | 23 100 | 23 100 | ||
80 | Renter av statens kapital | 5 700 | 4 900 | -800 | |
Sum kap. 5440 | 154 900 | 146 900 | -8 000 | ||
Kontantstraum frå SDØE: | |||||
Innbetalingar2 | 190 800 | 180 800 | -10 000 | ||
Utbetalingar3 | 73 900 | 70 900 | -3 000 | ||
Nettokontantstraum frå SDØE | 116 900 | 109 900 | -7 000 |
1 Gjeldande løyving for 2014 er baserte på Stortingets løyvingsvedtak av 12. desember 2013 og seinare endringar i 2014 (revidert budsjett), jf. Prop. 93 S og Innst. 260 S (2013–2014).
2 Innbetalingar = driftsinntekter
3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader
Løyvinga under kap. 2440, post 30 Investeringar blir foreslått redusert med 1 000 mill. kroner, til 37 000 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg forskyving av prosjekt og investeringar på fleire felt. Dei største feltvise endringane heng saman med utsetjingar av riggprosjekt og produksjonsboring på Oseberg og utsetjingar av utbyggingsprosjekt på Gullfaks.
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 10 000 mill. kroner, til 180 800 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg lågare prisføresetnader. Overslaget baserer seg på ein oljepris for 2014 på 636 kroner per fat samanlikna med 650 kroner per fat i gjeldande budsjett 2014.
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 2 800 mill. kroner, til 31 600 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg lågare kostnader for kjøp av gass for vidaresal. Dette heng samen med ein kombinasjon av lågare pris og volum enn tidlegare føresett.
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 800 mill. kroner, til 2 300 mill. kroner, som følgje av forskyving av leiteaktivitet frå 2013 til 2014.
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 800 mill. kroner, til 4 900 mill. kroner, som følgje av korrigert berekning og noko lågare investeringar i 2014.
Ovannemnde endringar i underpostar medfører at SDØEs berekna driftsresultat er redusert med 7 200 mill. kroner, til 118 900 mill. kroner.
Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er redusert frå 116 900 mill. kroner til 109 900 mill. kroner, ein reduksjon på 7 000 mill. kroner frå gjeldande budsjett for 2014.
Kap. 2490 NVE Anlegg
Post 24 Driftsresultat
Tabell 2.2 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2014 under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)
Kap./post/ underpost | Nemning | Gjeldande overslag | Nytt overslag | Endring | |
---|---|---|---|---|---|
2490 | 24.1 | Driftsinntekter | -63 000 | -85 000 | -22 000 |
24.2 | Driftsutgifter | 57 400 | 80 700 | 23 300 | |
24.3 | Avskrivingar | 4 800 | 4 000 | -800 | |
24.4 | Renter av statens kapital | 800 | 300 | -500 | |
24.5 | Investeringsformål | 1 000 | 1 000 | ||
24.6 | Reguleringsfond | - 1 000 | - 1 000 | ||
24 | Driftsresultat | 0 | 0 | 0 |
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 22 mill. kroner, til 85 mill. kroner. Auken skuldast høgare omsetjing etter flaumen på Austlandet i 2013.
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 23,3 mill. kroner, til 80,7 mill. kroner. Auken har samanheng med høgare aktivitet etter flaumen på Austlandet i 2013.
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.3 Avskrivingar er redusert med 0,8 mill. kroner, til 4 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med ekstraordinære avskrivingar i 2013 som ikkje er tekne omsyn til i gjeldande budsjett for 2014.
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.4 Renter av statens kapital er redusert med 0,5 mill. kroner, til 0,3 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med lågare rentegrunnlag enn tidlegare berekna.
Ovannemnde endringar i underpostar fører ikkje til endring i NVE Anlegg sitt berekna driftsresultat.
Kap. 4800 Olje- og energidepartementet
Post 70 Garantiprovisjon, Gassco
Staten som eigar av Gassco AS garanterer for skadar og tap på mottaksterminalane på kontinentet som oppstår som følgje av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006–2007).
Garantipremien er sett til 70 prosent av forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring. Med dagens premie på om lag 2 mill. kroner svarer dette til om lag 1,4 mill. kroner i 2014.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, til 1,4 mill. kroner.
Kap. 4810 Oljedirektoratet
Post 01 Gebyrinntekter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 19,2 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 01.
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, til 131,4 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 21.
Post 04 Sal av undersøkingsmateriale
Seismiske data frå Barentshavet søraust og dei norske havområda ved Jan Mayen blei lagt ut for sal som datapakker i 2013. Det er så langt selt datapakker for 73 mill. kroner i 2014.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 37 mill. kroner, til 73 mill. kroner. Meirverdiavgift blir inntektsført under kap. 5521.
Kap. 4840 CO2-handtering
Post 80 Renter, TCM DA
Renteinntekter frå TCM DA er berekna til 84 mill. kroner, ein reduksjon på 5 mill. kroner frå gjeldande budsjett 2014. Reduksjonen skuldast nedjustering av rentesatsen frå 2,9 prosent til 2,7 prosent og forskyving av lånebehov. Ein viser til omtale og motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 84 mill. kroner.
Post 86 Avdrag, TCM DA
Avdragsinntekter frå TCM DA er berekna til 1 099 mill. kroner, ein reduksjon på 12 mill. kroner frå gjeldande budsjett 2014. Reduksjonen skuldast forskyving av låneopptak og endra periodisering av avdraga. Ein viser til omtale og motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, til 1 099 mill. kroner.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet
Post 70 Bidrag til kulturminnevern
I 2008 vart det innført ei sektoravgift der inntektene er øyremerkte finansiering av statlege utgifter knytte til kulturminnetiltak i vassdrag, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008). Bakgrunnen for avgifta er eit ønske om å skaffe fram ny kunnskap om arkeologiske kulturminne i regulerte vassdrag. Tiltakshavarane som blir pålagt å undersøke kulturminne i samband med konsesjonspliktige inngrep i vassdrag betaler ei avgift, etter størrelsen på inngrepet. Den innbetalte sektoravgifta blir stilt til disposisjon for Riksantikvaren som vil følgje opp dei arkeologiske undersøkingane. Det er fatta vedtak i ei ny fornyingssak, Osensjøen, som NVE kan krevje inn avgift frå i 2014.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner, til 5,6 mill. kroner.
Kap. 5685 Aksjar i Statoil ASA
Post 85 Utbytte
For rekneskapsåret 2013 har generalforsamlinga i Statoil ASA godkjent eit kontantutbytte på 7,00 kroner per aksje. Frå første kvartal 2014 gjekk Statoil ASA over til kvartalsvise utbyttebetalingar. Statoils styre fastset kvartalsvise utbyttebetalingar ved framlegginga av det enkelte kvartalsresultat, mens utbetalinga av kvartalsutbytte skjer om lag fire månader etter framlegginga. Statoil har utbetalt eit kvartalsutbytte på 1,80 kroner per aksje for første kvartal og kunngjort ei tilsvarande utbetaling for andre kvartal 2014.
Dette betyr at Statoil ASA i 2014 vil utbetale utbytte for heile 2013 og for to kvartal i 2014. Den norske stat eig i dag 2 136 393 559 aksjar i selskapet.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 7 691 mill. kroner, til 22 646 mill. kroner.