3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Frå same dato er Statens pensjonsfond etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond – Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg. Verksemda i dei to fonda er ført vidare innanfor den nye overbygninga. Tabell 3.1 viser at samla verdi av dei to fonda var 1 889 769 mill. kroner ved utgangen av 2006. Dei to fonda fører eigne rekneskap, og kapitalen i fonda blir tatt med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar. Tala blir gjort greie for til orientering.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
Statens pensjonsfond – Utland | 1 782 829 |
Statens pensjonsfond – Noreg | 106 940 |
Statens pensjonsfond samla | 1 889 769 |
3.1 Statens pensjonsfond – Utland
Inntektene og utgiftene til Statens pensjonsfond – Utland i 2006 er definerte i lov 20. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, var det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskottet på statsbudsjettet. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskottet over tid svare til forventa realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland, berekna til 4 prosent. Tabellane 3.2 og 3.3 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland. Tabell 3.4 spesifiserer endringane i fondets balanse.
Rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland blir ført etter dei same retningslinjene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 er rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi. Denne føringsmåten er ført vidare i 2006 for Statens pensjonsfond – Utland.
I 2006 hadde Statens pensjonsfond – Utland inntekter utan omvurderingar på til saman 411 086 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 355 377 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbytte frå selskapa i porteføljen med vidare utgjorde til saman 55 709 mill. kroner i 2006 etter fråtrekk for forvaltningskostnader. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2006 blei det overført 57 372 mill. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet i 2006. Overskottet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar blei dermed 353 714 mill. kroner.
Omvurderingane i rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland i 2006 utgjorde i alt 38 996 mill. kroner. Av dette var 47 482 mill. kroner realiserte verdipapirgevinstar, og 13 592 mill. kroner var urealiserte gevinstar. Resultatet frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebytteavtalar utgjorde 2 154 mill. kroner. Valutakursreguleringar førte til ein reduksjon i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 24 232 mill. kroner, som følgje av ei styrking av kronekursen i 2006.
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda, 355,4 mrd. kroner, med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, 57,4 mrd. kroner, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 298,0 mrd. kroner i rekneskapen for 2006. Dei kontante overføringane frå statskassa til fondet gjennom året, blir bestemte ut frå ein prognose for netto avsetjing, der ein og tek omsyn til om det året før blei overført for mykje eller for lite.
For 2006 fordelte overføringar på i alt 289,5 mrd. kroner seg slik:
31,1 mrd. kroner 31. januar,
31,1 mrd. kroner 28. februar,
21,4 mrd. kroner 31. mars,
21,4 mrd. kroner 30. april,
24,2 mrd. kroner 31. mai,
23,9 mrd. kroner 30. juni,
24,1 mrd. kroner 31. juli,
24,0 mrd. kroner 31. august,
31,4 mrd. kroner 30. september,
30,3 mrd. kroner 31. oktober og
26,6 mrd. kroner 30. november.
I 2005 blei det overført 7,8 mrd. kroner for mykje frå statskassa til fondet samanlikna med netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2005. Overføringane for 2006 utgjorde 297,3 mrd. kroner medrekna 7,8 mrd. kroner som blei for mykje overført i 2006. Det er 690 mill. kroner mindre enn netto avsetjing til Statens pensjonsfond – Utland etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2006 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det blir korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2007.
Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, viser rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2006 var på 1 782,8 mrd. kroner. Dette svarte også til marknadsverdien, jf. at fondet blei ført til marknadsverdi i rekneskapen.
Midlane i Pensjonsfondet – Utland blei plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Pensjonsfondet – Utland etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utfyllande retningslinjer definert nærare retningslinjer for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinjene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastninga av den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997 – 98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosent sidan målet blei innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument.
Den 27. februar 2007 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for si forvalting av mellom anna Statens pensjonsfond – Utland 2.
Årsrapporten til Noregs Bank skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i Statens pensjonsfond – Utland, som svarer til verdien av innskottet i Noregs Bank, blei forvalta i 2006. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 1 782,1 mrd. kroner ved utgangen av 2006 etter fråtrekk av forvaltningskostnader. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet blei på 7,9 prosent for heile 2006 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, viser tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 17,0 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 1,9 prosent. Den vekta summen av avkastninga i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til den samla avkastninga. Årsaka er at avkastningstala for året er bygde opp ved å kjede månadlege avkastningstal for aktivaklassane og for totalen kvar for seg.
Verdien av den norske krona styrka seg mot valutakorga til Pensjonsfondet – Utland i 2006. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner blei tilsvarande lågare. For heile året var den samla avkastninga 5,9 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastninga målt i utanlandsk valuta er utrekna til 5,7 prosent 3.
Tala for avkastning er bruttotal på den måten at forvaltingskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.3 er forvaltingskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltinga blir dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2006 utgjorde dei samla kostnadene for Pensjonsfondet – Utland 0,07 prosent av kapitalen. Dette omfattar ikkje avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde forvaltingsgodtgjeringa til Noregs Bank 1 531 mill. kroner i 2006. Det er gitt ei nærare omtale i årsmeldinga for fondet. Meldinga er utrykt vedlegg til St.meld. nr. 24 (2006 – 2007) Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2006.
Noregs Bank si forvalting av Pensjonsfondet – Utland blir revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører også eigne kontrollhandlingar. Noregs Banks revisjon er underlagt Representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om fondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Pensjonsfondet – Utland er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer revisjonen sin på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.
Tabell 3.2 Balanse for Statens pensjonsfond – Utland ved utgangen av 2006 (tal i mill. kroner)
Aktiva | Passiva | ||
---|---|---|---|
Konto i Noregs Bank1) 2) | 1 782 139 | Eigenkapital | 1 782 829 |
Mellomrekning med statskassa3) | 690 | ||
Sum | 1 782 829 | Sum | 1 782 829 |
1) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens pensjonsfond – Utland av 22. desember 2006 blir fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskott i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.06 (tal i mill. kroner):
Kortsiktige fordringar inkl. innskott i utanlandske bankar 6 918
Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir 619 746
Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir -728 414
Utanlandske renteberande verdipapir 1 166 941
Utanlandske aksjar 720 256
Regulering av terminkontraktar og derivater -1 777
Samla portefølje før forvaltingsgodtgjering 1 783 670
Påkommen forvaltingsgodtgjering -1 526
Rådgjevingstenester -5
Samla portefølje, rekneskapsført verdi 1 782 139
2) Per 31.12.06 hadde fondet kjøpt futures med ein samla marknadsverdi på 121 183 mill. kroner og selt futures for 119 085 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 123 937 mill. kroner og selt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 23 090 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på aksjar for 1 040 mill. kroner og seld opsjonar på aksjar for 1 065 mill. kroner. Ved utgangen av 2006 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 49 313 mill. kroner. Det var kjøpt rentebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 1 040 041 mill. kroner og selt rentebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 1 041 312 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på bytteavtaler på 6 226 mill. kroner. Det var kjøpt aksjebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 30 709 mill. kroner og selt aksjebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 18 847 mill. kroner. Renterisikoen for fondet sine plasseringar målt ved den modifiserte durasjonen var 6,02 prosent per 31. desember 2006.
3) Statsrekneskapen viser at netto avsetjing til Pensjonsfondet – Utland i 2006 blei 690 mill. kroner høgare enn det som faktisk blei overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.06 ei fordring for fondet på statskassa som blir innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein auke i overføringa til fondet i 2007.
Tabell 3.3 Resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland (tal i 1 000 kroner)
Kap | Post | Tekst | 2005 | 2006 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER: | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum: | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 61 588 538 | 78 014 941 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 103 293 386 | 133 491 866 | |
73 | Produksjonsavgift | 360 319 | 41 605 | |
74 | Arealavgift m.v. | 223 769 | 2 307 987 | |
Sum kap 5507 | 165 466 011 | 213 856 399 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen | 3 350 636 | 3 404 635 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda: | |||
01 | Pro- et kontra-oppgjeret | 233 073 | 0 | |
24 | Driftsresultat1) | 99 329 731 | 124 861 093 | |
30 | Avskrivingar | 12 914 084 | 14 537 729 | |
50 | Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond | 887 569 | 462 183 | |
80 | Renter | 6 646 122 | 6 820 177 | |
85 | Renter på mellomrekneskapen | 24 167 | 24 276 | |
Sum kap 5440 | 120 034 746 | 146 705 458 | ||
5685 | 80 | Utbytte STATOIL | 8 139 277 | 12 592 843 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 296 990 670 | 376 559 335 | ||
UTGIFTER: | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda: | |||
25 | Pro- et kontra-oppgjeret | 686 | 15 878 | |
30 | Investeringar | 20 701 299 | 19 967 276 | |
50 | Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond | 731 000 | 1 199 000 | |
Sum kap 2440 | 21 432 985 | 21 182 154 | ||
2442 | Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel: | |||
70 | Tilskott | 14 177 | 0 | |
Sum kap 2442 | 14 177 | 0 | ||
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 21 447 162 | 21 182 154 | ||
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, overført til SPU frå statsbudsjettet (inntekt – utgift) | 275 543 508 | 355 377 181 | ||
Renteinntekter og utbytte m.v. 2) | 36 866 049 | 55 708 857 | ||
Sum inntekter Statens pensjonsfond – Utland | 312 409 557 | 411 086 038 | ||
Overført frå SPU til statsbudsjettet | 70 593 000 | 57 372 000 | ||
Overskott i Statens pensjonsfond – Utland | 241 816 557 | 353 714 038 |
1) Netto overskottsavtaler blir førte under kapitlet for driftsinntekter og –utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap 5440, post 24). Netto overskottsavtaler utgjorde føljande (tal i 1 000 kroner):
2005 2006
Inntekter 1 364 290 1 409 214
- Utgifter 1 010 1 938
= Netto 1 363 280 1 407 276
2) Dette talet utgjorde summen av desse postane (tal i 1 000 kroner):
Renteinntekter 27 815 267 43 014 016
Utbytte 10 308 703 14 231 678
Kurtasje -19 240 -6 172
Forvaltingsgodtgjering 1 238 681 -1 530 665
Sum 36 866 049 55 708 857
Tabell 3.4 Spesifisering av endring i balansen for Statens pensjonsfond – Utland (tal i 1 000 kroner)
2005 | 2006 | |
---|---|---|
Inngåande saldo 1.1. | 1 011 539 812 | 1 390 118 108 |
Overskott | 241 816 557 | 353 714 038 |
Sal av Statoilaksjar m.v. | 12 478 314 | |
Valutakursgevinst/tap | 33 609 611 | -24 231 602 |
Urealiserte verdipapirgevinstar/tap | 36 521 370 | 13 591 517 |
Realiserte verdipapirgevinstar | 49 907 577 | 47 482 370 |
Resultat futures-kontraktar | 1 249 806 | -3 328 644 |
Resultat opsjonar | 443 | 126 364 |
Resultat aksjebytteavtalar | 1 238 595 | 2 173 901 |
Resultat rentebytteavtalar | 1 756 023 | 3 182 533 |
Omvurderingar samla | 124 283 425 | 38 996 439 |
Utgåande saldo 31.12. | 1 390 118 108 | 1 782 828 585 |
3.2 Statens pensjonsfond – Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond – Noreg på oppdrag frå Finansdepartementet. Ei ny forskrift for forvaltinga av Statens pensjonsfond – Noreg trådde i kraft 1. januar 2007 og erstatta eit reglement gitt av Stortinget. Det følgjer av forskrift 15. desember 2006 nr. 1419 at midlane i Statens pensjonsfond – Noreg kan plasserast i aksjar, grunnfondsbevis, obligasjonar, sertifikat og som innskott i forretnings- og sparebankar. Innanfor ein ramme på 50 prosent av fondets kapital rekna til kostpris kan midlane bli plasserte i mellom anna aksjar og grunnfondsbevis. I samband med at den nye forskrifta skulle tre i kraft, blei ordninga med at midlane i Statens pensjonsfond – Noreg blei investerte i kontolån til statskassa avvikla, jf. omtala i St.prp. nr. 31 (2006 – 2007) Ny saldering av statsbudsjettet 2006.
Den 23. mars 2007 offentleggjorde Folketrygdfondet årsmeldinga for fondet si forvalting av Statens pensjonsfond – Noreg. Kapitalen i Statens pensjonsfond – Noreg var 106,9 mrd. kroner ved utgangen av 2006. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 63,4 mrd. kroner. Fondet hadde ein urealisert kursgevinst på slike verdipapir på 30,2 mrd. kroner. Rekna til kostpris var såleis verdien av eigenkapitalplasseringane 33,2 mrd. kroner, som ved utgangen av 2006 svara til 42,3 prosent av dei samla plasseringane i fondet (målt til kostpris). Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane, etter netting av eigendelar og gjeld knytt til utlån av obligasjonar, var 43,5 mrd. kroner pr. 31. desember 2006, jf. tabell 3.5.
I 2006 var inntektene i Statens pensjonsfond – Noreg (medrekna endring i urealiserte gevinstar) på 17 426 mill. kroner. Urealiserte gevinstar utgjorde -216 mill. kroner, og andre inntekter svara til 16 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene utgjorde 6 891 mill. kroner, medan utbytte frå selskapa i porteføljen utgjorde 1 564 mill. kroner. Dei realiserte verdipapirgevinstane var på til saman 9 171 mill. kroner. Samla administrasjons- og forvaltingskostnadar var 41 mill. kroner.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet viser korleis porteføljen av verdipapir i Statens pensjonsfond – Noreg blei forvalta i 2006. Avkastninga i fondet i 2006 var 11,1 prosent. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var 1,3 prosent, medan avkastninga på norske aksjar og grunnfondsbevis var 32,1 prosent. Avkastning av aksjeplasseringar i Danmark, Finland og Sverige var 24,2 prosent. Meldinga er utrykt vedlegg til St.meld. nr. 24 (2006 – 2007) Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2006.
Folketrygdfondets forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg er revidert av Riksrevisjonen.
Tabell 3.5 Hovudtal i balansen for Statens pensjonsfond – Noreg ved utgangen av 2006 (tal i mill. kroner)1)
Statlege obligasjonar og sertifikat | 15 240 |
Private og kommunale obligasjonar og sertifikat | 27 180 |
Bankinnskott | 3 220 |
Aksjeplasseringar (medrekna opptent utbytte) | 63 470 |
Utlån obligasjonar | -2 171 |
Netto andre fordrings- og gjeldspostar | 1 |
Kapitalen i Statens pensjonsfond | 106 940 |
1) Marknadsverdien av Statens pensjonsfond – Noreg var ved utgangen av 2005 191,3 mrd. kroner, jf. Statsrekneskapen for 2005. I samband med avviklinga av ordninga med kontolån til statskassen, blei fondskapitalen redusert med 101,8 mrd. kroner 29. desember 2006, jf. St.prp. nr. 31 (2006 – 2007).
Fotnotar
Overføringa frå fondet til statskassa blir fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.
Rapporten er om forvaltinga av Statens pensjonsfond – Utland, Noregs Banks valutareservar (investeringsporteføljen) og Petroleumsforsikringsfondet.
I utrekninga av realavkastninga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2006.