5 Økonomisk kompensasjon til Statkraft SF - prinsippa for kompensasjon
Statkraft vart i føretaksmøte 08.09.2000 instruert om å stogga utbygginga av Beiarn. Det vart vist til brev av 05.09.2000 frå stortingsrepresentantane frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre. I brevet ber representantane om at statsråden syter for at det blir gjort supplerande konsekvensutgreiingar med særleg vekt på anadrom laksefisk, kulturminne og sameproblematikk før utbygging av Beiarn vassdraget vart sett i gang. Føretaksmøtet føresette difor at Statkraft stansar all verksemd i samband med Beiarn-utbygginga inntil Olje- og energiministeren hadde fått avklart desse spørsmåla i forhold til Stortinget. Vidare vart Statkraft i føretaksmøte 29.01.2001 instruert om å avvikla plikter og avtalar i samanheng med dei tre prosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Det vart vist til føretaksmøte av 08.09.2000 nemnt ovanfor, og til at Olje- og energiministeren i inneverande melding vil tilrå at utbyggingane av Bjøllåga, Melfjord og Beiarn blir skrinlagt. I påvente av Stortinget sitt vedtak føresette føretaksmøtet at Statkraft SF straks stansar alt arbeid med prosjekta i Bjøllåga, Melfjord og Beiarn, og med dette avviklar plikter og avtalar i samband med utbyggingane. Dette fører til at tapa som instruksane medfører for Statkraft, blir så små som mogleg.
Endeleg instruksjon til Statkraft med omsyn til utbyggingsprosjekta i Bjøllåga, Melfjord og Beiarn vil liggja føre etter at Stortinget har fatta eit endeleg vedtak i saka.
Regjeringa går inn for at staten gir kompensasjon til Statkraft for dei økonomiske tapa som følgjer av instruksjonane. Storleiken på kompensasjonen vil bli fastsett på grunnlag av den forventa noverdien knytta til å realisere prosjekta, kostnader knytta til den mellombelse stansen i Beiarnprosjeket, og kostnader knytta til skrinlegginga av prosjekta. For prosjekt som eventuelt kan gjennomførast seinare, vil det økonomiske tapet vera knytta til kostnader som oppstår fordi prosjektgjennomføringa ikkje vert optimal på grunn av utsetjinga.
Statkraft er eit statsføretak som skal drivast etter forretningsvise prinsipp. Klårgjering av roller var eit av dei viktigaste føremåla med å skilja Statkraft frå staten. Statsføretaket er eit eige rettssubjekt, som både rettsleg og økonomisk er skilt frå staten. Styret har det forretningsvise ansvaret for verksemda, og må kunna målast på dei økonomiske resultata. I St.meld. nr. 40 (1997-98) "Eierskap i næringslivet" vart prinsippa for statleg eigarskap drøfta. Der heiter det mellom anna følgjande:
"...Det er et alminnelig utgangspunkt for de fleste statlige selskaper at de har en forretningsmessig målsetting, med lønnsom drift som et hovedkriterium. De statlige bedriftene skal kunne drive sin virksomhet etter de samme linjer som de private bedriftene de konkurrerer med. ...De statlige selskapene som er pålagt samfunnsmessige oppgaver som kan være ulønnsomme å utføre, kan kompenseres for dette slik at pålagte oppgaver ikke medfører svekket konkurranseevne."
Å gi kompensasjon for det økonomiske tapet er i tråd med prinsippa for styring av statlege selskap og tidlegare praksis i høve til føretaket. I 1992 vart føretaket instruert til å byggja ferdig det siste byggetrinnet i Svartisen, noko det nyoppretta statsføretaket ikkje meinte var bedriftsøkonomisk lønsamt. Statkraft fekk då ein økonomisk kompensasjon slik at utbygginga skulle verta lønsam for føretaket.
Departementet har etter ei konkret vurdering av ei rekkje forhold funne det rimeleg å yta kompensasjon i dette tilfellet. Å gi kompensasjon i den aktuelle saka vil mellom anna:
Underbyggja fordelinga av ansvar mellom eigar og styre/foretak. Dette gjeld både i høve til sjølve utbetalinga av kompensasjonen, og fordi det legg til rette for oppfølging av dei økonomiske resultata og måling av avkastinga i ettertid. Utan kompensasjonen vert det vanskelegare å plassera ansvaret dersom avkastinga skulle visa seg å ikkje vera så god som ho burde.
Unngå at sektorpolitiske pålegg svekkjer Statkraft si stilling i høve til konkurrentane.
Underbyggja skiljet mellom staten si rolle som eigar og sektorforvaltinga. Når ein skal ta stilling til om det er rimeleg å gi kompensasjon, bør Statkraft verta behandla likt med selskap eigd av private.
Synleggjera kostnadene ved å stansa prosjekta.
Departementet vil leggja fram forslag til økonomisk kompensasjon over statsbudsjettet seinare.