Høyring om endringar i våpenforskrifta - våpenløyve for Statens naturoppsyn (SNO)
Høyring | Dato: 14.06.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til endringar i våpenforskrifta. Føremålet med framlegget er å tydeleggjere at Statens naturoppsyn (SNO) kan erverve og ha skytevåpen og våpendelar for avliving og immobilisering av vilt, og opne for at tilsette hjå SNO kan gjevast løyve til å låne desse våpena.
Ved høyring av forslag til endringar i forskrift skal høyringsfristen normalt vere tre månader, og ikkje mindre enn seks veker, jf. utgreiingsinstruksen 3-3. Høyring kan unnlatast dersom den kan gjere gjennomføringa av tiltaket vanskeleg, jf. 3-3 andre ledd andre strekpunkt.
Departementet har kome til at det er naudsynt å gjennomføre ei rask høyring i denne saka. Gjeldande løyve gjev SNO utfordringar, mellom anna fordi SNO ikkje har løyve til bruk av revolver, og fordi det er avgrensa kven som kan låne SNO sine våpen. Dette vanskeleggjer leiinga av og gjennomføring av uttak av vilt i tråd med gjeldande politiske føringar. Fristen for høyringa er derfor ikkje lenger enn to veker.
Frist for å svare på høyringa er mandag 1.juli 2024.
Departementet ber instansane vurdere om notatet bør leggjast fram for underliggande organ eller andre som ikkje er oppført på lista over instansar.
Høyringa er open og alle kan sende innspel til departementet. Merk at innspel er offentlege etter offentleglova og blir publisert i lag med dei andre innspela.
Vi ber om at innspel sendast inn digitalt ved bruk av skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no.
Med helsing
Birgitte Istad
avdelingsdirektør
Erik Rustad Markussen
seniorrådgjevar
Departementene
Datatilsynet
Digitaliseringsdirektoratet
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Finnmarkseiendommen
Generaladvokaten
Kripos
Landbruksdirektoratet
Mattilsynet
Miljødirektoratet
Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM)
Politidirektoratet
Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
Politihøgskolen (PHS)
Regelrådet
Riksadvokaten
Sametinget
Sivilombudet
Sysselmesteren på Svalbard
ØKOKRIM
Det frivillige skyttervesen
Dynamisk Sportsskyting Norge
Norges Benkskytterforbund
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges Metallsilhuett Forbund
Norges Skiskytterforbund
Norges Skytterforbund
Norsk Svartkruttunion
Norsk Reservistforbund
Scandinavian Western Shooters
Norsk organisasjon for jegere og skyttere
Norsk Våpeneierforbund
Norsk Våpenhistorisk Selskap
Våpenrådet
Den Norske Advokatforening
Den norske dommerforening
Kommunesektorens organisasjon (KS)
Norges Idrettsforbund
Norsk Journalistlag
Norsk presseforbund
Norges Røde Kors
Norges Skogeierforbund
Norges Politilederlag
Politiets Fellesforbund
Artsdatabanken
Forum for natur og friluftsliv
Forum for utvikling og miljø
Framtiden i våre hender
Greenpeace
Miljøstiftelsen Bellona
Natur og ungdom
Naturvernforbundet
NOAH for dyrs rettigheter
Norges bondelag
Norges Fjellstyresamband
Norges jeger- og fiskerforbund
Norges miljøvernforbund
Norges skogeierforbund
Norsk almenningsforbund
Norsk bonde- og småbrukarlag
Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio)
Norsk institutt for naturforskning
Norsk ornitologisk forening
Norsk sau og geit
Norsk zoologisk forening
Norske reindriftsamers landsforbund
SABIMA - Samarbeidsrådet for biologisk mangfold
Utmarkskommunenes sammenslutning
Vellenes fellesorganisasjon
WWF-Norge
Rovviltets røst
Norsk fuglehundklubb