Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Noregs tale på FNs tusenårsmåltoppmøte, FNs generalforsamling, New York, 20. september 2010

Jens Stoltenberg, statsminister

President,

For ti år sidan underteikna eg tusenårserklæringa her i New York saman med andre verdsleiarar. Vi lovde å forbetre levekåra for millionar av menneske verda over. For første gong forplikta verdsleiarar seg konkret til å redusere fattigdom og gje tilgang til utdanning, helse og andre grunnleggjande tenester. Vi har fem år på oss til å innfri desse lovnadene.

Vi har gjort framsteg. Hundretals millionar er løfta ut av desperat fattigdom. Fleire barn enn nokon gong går på skulen. Millionar av liv har vorte redda gjennom vaksinering og betre helsetenester, reint vatn og betre sanitære forhold.

Vi ligg likevel etter skjema for å nå måla. Oppgåva har vorte endå vanskelegare på grunn av den globale finanskrisa, dei dramatiske konsekvensane av klimaendringane og den internasjonale matkrisa.

Mange land har ikkje oppfylt lovnadene sine. Meir enn ein prosent av Noregs bruttonasjonalinntekt vert sett av til utviklingsbistand. Og vi har forplikta oss til å halde oss på dette nivået. Eg oppmuntrar andre land til å følgje eksempelet vårt. Mange har kapasitet til å gjere det, òg i vanskelege økonomiske tider.

Eg oppmodar utviklingsland om å mobilisere ein større del av dei innanlandske ressursane sine. Ved å utvide skattegrunnlaget. Ved å kjempe mot korrupsjon. Ved å styrkje openheit og ansvarleggjering. Ein reknar med at ulovlege kapitalstraumar frå utviklingsland er verd seks gonger så mykje som den totale årlege utviklingsbistanden. Denne tappinga av vitale utviklingsressursar må stansast.

President,

Noreg er ein sterk tilhengar av alle tusenårsmåla. Vi har teke eit særleg ansvar for måla om å redusere dødstala blant barn og forbetre mødrehelsa. Dette er måla vi er lengst unna å nå. Men dei er innanfor rekkjevidde dersom verda gjer ein ekstra innsats.

Det står i vår makt å redde desse millionane av kvinner og barn innan 2015. Redde dei frå å døy av årsaker som lett kan førebyggjast. Berre ved å gje dei tilgang til grunnleggjande helsetenester, reint vatn og vaksiner. Tenester som alle barn i industriland får som rein rutine. Dette er årsaka til at Noreg har tredobla bistanden til global helse sidan vi møttest her for ti år sidan.

President,

Vi har arbeidd med eit nettverk av internasjonale leiarar for å utvikle effektive tiltak for mødre- og barnehelse. Tiltak som påskjøner resultat. Gjevarar og skattebetalarar må sjå resultat av investeringane sine.

Samarbeidslanda må gjere sin del. For å få tilgang til nye og ekstra ressursar må dei utvikle helsevesenet sitt og yte grunnleggjande tenester til eigne borgarar. Helsa til befolkninga er avgjerande for den økonomiske helsa til nasjonen. Helse er ein sentral drivkraft i utviklinga.

Eg vil få heidre generalsekretæren for leiarskapen han har synt for å få den samla innsatsen vår opp på eit nytt nivå. Den globale strategien for kvinne- og barnehelse fortener å få vår heile og fulle støtte. Eg oppmodar alle land og leiarar som er samla her denne veka, om å støtte strategien med konkrete politiske og økonomiske forpliktingar.

President,

Tusenårsmåla kan ikkje sjåast isolert frå klimaendringar, væpna konflikt og styrking av kvinners stilling.

Alle land vil verte ramma av klimaendringane. Men dei mest sårbare, dei fattigaste landa og folka, dei som har bidrege minst til årsakene til klimaendringane, er dei som vil lide mest.

Det er i regionar som er ramma av væpna konflikt og vald at vi har gjort minst framsteg.

Og vi veit at den viktigaste enkeltfaktoren for å skape endringar er å styrkje kvinnene si stilling.

Vi må halde dei høgtidelege løfta vi gav for ti år sidan her i New York, og vi må byggje vidare på visjonane i FN-pakta, som er fylt av så mykje håp.

Takk.

Til forsida