4 Berekraftige kvalitetar i det bygde miljøet – frå arkitektur til byggavfall
Dette kapittelet handlar om kvalitetar i bygg og gjer greie for korleis vi kan skape berekraftige bygg heilt frå eit bygg er i planleggingsfasen, medan det er i bruk, og fram til det eventuelt blir rive. Kapittelet tek for seg områda arkitektur, universell utforming og tilgjengelegheit, inneklima, klimatilpassing, materialbruk og byggavfall, og korleis regjeringa vil at desse områda skal utvikle seg. Regjeringa meiner at bygg spelar ei sentral rolle i ei berekraftig utvikling.
4.1 Mål
God arkitektur og byggjeskikk skal prege all bygging.
Sikre bygg på trygge stader skal møte klimaendringane.
Prosentdelen av tilgjengelege universelt utforma bygg skal aukast innan 2025.
Byggjemateriale som inneheld stoff på prioritetslista, skal sorterast ut, og ikkje-farleg avfall skal i større grad gjenvinnast innan 2020.
Ein skal unngå bruk av helse- og miljøfarlege stoff i bygg innan 2020.
Bygg skal ha eit tilfredsstillande inneklima.
4.2 Innleiing
Kvaliteten på bygningar dreiar seg ikkje berre om eigenskapar ved bygget sjølv, men må sjåast i samanheng med dei måla samfunnet har. Bygga legg premissane for korleis vi lever og arbeider, for trivsel og livskvalitet. Bygg har stor miljøpåverknad, og byggsektoren er ein stor forbrukar av ressursar og skapar mykje avfall. Derfor vil det kome skjerpa krav og forventningar til at byggjenæringa oppfyller kvalitetar som medverkar til eit godt samfunn.
Regjeringa vil at norske bygg skal halde høg kvalitet. Samtidig gjev høg kvalitet ofte ein meirkostnad. Når styresmaktene til dømes set kvalitetskrav til bygg, er dette ein av mange faktorar som påverkar prisutviklinga for bustader (jf. kapittel 1.4). Regjeringa er derfor oppteken av at dei kvalitetskrava som blir sette, er riktige sett i lys av ei langsiktig utvikling av bygningsmassen, og at det blir gjort avvegingar mellom kvalitetskrav og dei økonomiske kostnadene ved å innføre krava.
4.3 Arkitektur og byggjeskikk
4.3.1 Arkitektur, byggjeskikk og samfunn
Arkitektur og byggjeskikk er tydelege uttrykk for kulturen og verdiane i samfunnet vårt. Arkitektur verkar på alle menneske og på alle stader. Arkitektur og byggjeskikk handlar ikkje berre om å forme omgjevnadene og bygga våre med god visuell utforming. Det handlar òg om fysiske løysingar på viktige utfordringar på ei rekkje samfunnsområde. Arkitektonisk kvalitet verkar inn på helsa og livskvaliteten til menneska, på miljø og ressursbruk, på sosial og kulturell samhandling, på næringsutvikling og på samfunnsøkonomi.
Regjeringa vil medverke til å skape kvalitativt gode og trygge oppvekst- og nærmiljø, etablere gode møteplassar både sentralt og lokalt, utvikle attraktive bygg for arbeid, rekreasjon, læring og kultur, og medverke til å styrkje stadtilhøyrselen og identiteten til folk.
Det er fleire viktige argument for å stimulere til høg kvalitet i dei bygde omgjevnadene. Dei bygde omgjevnadene påverkar og legg føringar for samfunnet vårt. Dei bygde omgjevnadene kan på ulike måtar opne opp for eller leggje avgrensingar på folks kvardagsliv. Dei kan gje rom for eller redusere kjensla av tryggleik, utvide eller innskrenke rørslefridommen vår, hindre eller leggje til rette for at ulike menneske kan møtast. Skilje mellom menneske, anten ut frå funksjonsnedsetjingar, alder, sosiale, kulturelle eller økonomiske forskjellar, kan bli forsterka eller reduserte gjennom dei strukturane som blir bygde. Vi kan derfor sjå på dei bygde omgjevnadene som strategiske verkemiddel, der bygnings- og arkitekturpolitikken støttar opp under overordna målsetjingar om eit meir demokratisk, likeverdig og berekraftig samfunn.
Definisjonar av arkitektur og byggjeskikk
Regjeringas arkitekturpolitikk, slik han blei definert i Arkitektur.nå, legg til grunn ei brei forståing av arkitekturomgrepet: Arkitektur dreiar seg om både bygningar og anlegg, uterom og landskap. Det handlar om einskildbygg og bygningar i samspel, om heilskapen i byar, tettstader og landskap.
God byggjeskikk er definert som «en kvalitet ved de bygde omgivelser der hensyn til fysisk og sosialt livsmiljø, ressursbruk/energi, universell utforming og estetikk inngår i en stedlig helhet».1 Byggjeskikk er med andre ord ikkje avgrensa til den måten vi tradisjonelt har bygd på. For å skape ein byggjeskikk som svarar til dagens behov og utfordringar, må vi stadig fornye byggjeskikken og knyte sambandslinjer mellom nye bygg og eldre bygningsmasse.
Bygningspolitikken skal medverke til god arkitektur og byggjeskikk
Det offentlege påverkar kvaliteten i dei bygde omgjevnadene ved å utvikle lovverk, normer og standardar, informere, gje rettleiing, premiere gode løysingar og ved at det offentlege er bestillar og eigar av ein stor eigedomsmasse. Krav til god arkitektonisk kvalitet er nedfelt i plan- og bygningslova. Det offentlege har ei viktig rolle i å fremje bygg av høg kvalitet og lage førebileteprosjekt som kan auke medvitet om kor viktig god arkitektur og byggjeskikk er.
4.3.2 Arkitektur.nå – Norsk arkitekturpolitikk
I august 2009 la regjeringa fram Arkitektur.nå – Norsk arkitekturpolitikk som viser den samla statlege satsinga på arkitekturfeltet. Arkitektur.nå skal medverke til at det offentlege er eit godt føredøme, og dokumentet viser breidda i statlege initiativ og tiltak på tvers av forvaltningsgrenser og -nivå.
Seks innsatsområde for arkitekturpolitikken
Arkitektur.nå gjer greie for seks innsatsområde for statleg arkitekturpolitikk:
Miljø- og energivennlege løysingar skal prege arkitekturen.
Byar og tettstader skal utviklast med arkitektur av god kvalitet.
Staten skal ta vare på kulturmiljø og bygningsarv.
Kunnskap, kompetanse og formidling skal lyfte arkitekturen.
Staten skal vere eit førebilete.
Norsk arkitektur skal vere synleg internasjonalt.
Arkitekturpolitikk og bygningspolitikk er overlappande politikkområde. Det meste som blir sagt om bygningspolitikk, har relevans for arkitekturpolitikken – og vice versa. Stortingsmeldinga om bygningspolitikk følgjer konkret opp fire av dei seks innsatsområda for arkitekturpolitikken (det gjeld innsatsområda 1, 2, 4 og 5, medan innsatsområda 3 og 6 blir lite omtala).
4.3.3 Husbankens arbeid med byggjeskikk
Arkitektur, byggjeskikk, klima, miljø, tilgjengelegheit og universell utforming er sentrale område for Husbankens arbeid når banken skal vidareutvikle rolla si som eit nasjonalt senter for byggjeskikk og godt bumiljø. Husbanken har ei sentral rolle som kunnskapssenter, og banken rettar seg særleg mot kommunane.
Husbankens arbeid med byggjeskikk spenner frå kunnskapsutvikling og samarbeid om utdanningstilbod med universitet og høgskular til verktøy- og metodeutvikling. Husbanken formidlar førebileteprosjekt i samarbeid med NAL| Ecobox for å vise heile spekteret av kvalitetar som arkitekturen representerer – frå innovative prosess- og arbeidsformer til det bygde resultatet. Husbankens fornya Kunnskapsportal skal gjere verktøy, rettleiarar og oversikter tilgjengelege. Gjennom kompetansetilskotet blir det sett i gang pilotprosjekt med ulike kvalitetar, men prosjekta har til felles at dei har innovative løysingar med stor overføringsverdi. Husbanken har også under arbeid ein elektronisk «Byggjeskikknøkkel». Den skal vere med på å styrkje arbeidet med byggjeskikk i kommunane, frå overordna planstrategi til byggjesak.
Boks 4.1 Statens byggjeskikkpris
Statens byggjeskikkpris er ein årleg heiderspris for bygningar som gjennom utføring, materialbruk og samspel med stad og miljø, medverkar til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggjeskikken. Byggjeskikkprisen har som mål å bringe fram førebileteprosjekt som kan inspirere aktørar i byggjenæringa. Kandidatar til prisen skal ha god arkitektonisk utforming og oppfylle sentrale krav innanfor miljø og universell utforming. Prisen blir delt ut av Kommunal- og regionaldepartementet etter innstilling frå ein uavhengig jury. Husbanken er sekretariat for prisen. Statens byggjeskikkpris blei første gong delt ut i 1983. I 2012 gjekk prisen til Vennesla bibliotek og kulturhus i Vest-Agder.
Boks 4.2 Norsk Form
Norsk Form er ein stiftelse etablert på initiativ frå Kulturdepartementet i 1992. Norsk Form arbeider aktivt for å betre livskvaliteten og kvardagen til menneske gjennom design og arkitektur. Stiftelsen har ikkje forvaltningsansvar for statlege verksemder, men har ei viktig rolle i utøvinga av arkitekturpolitikken. Innan design, arkitektur og by- og stadutvikling arbeider Norsk Form for at ulike stemmer skal bli høyrde og kunne seie si meining om utviklinga av omgjevnadene rundt dei. Stiftelsen arbeider også for at designløysingane i det offentlege rommet skal vere utforma slik at ingen blir ekskludert.
4.3.4 Stadutvikling
Stadutvikling handlar om prosessar og fysiske tiltak for å auke opplevinga av at ein stad er attraktiv. Det er mange aktørar som arbeider med stadutvikling. Kommunane er den viktigaste, med kompetansestøtte og økonomisk bistand frå fylkeskommunane. Fleire departement og statlege etatar er også engasjerte i dette arbeidet, mellom anna gjennom Forum for stadutvikling og portalen stedsutvikling.no.
Boks 4.3 Framtidas bygder
Framtidas bygder skal gi auka kunnskap om korleis berekraftig- og klimavennleg stadutvikling kan gjere bygdene til gode førebilete. Målet er å vise i praksis korleis ein kan planleggje og byggje i bygde-Noreg på måtar som vil føre mot eit klimanøytralt samfunn. Ved å gjennomføre gode stadutviklingsprosessar, bruke kortreiste materialar og lokal energi kan bygdene bli gode førebilete for framtidig planlegging. Framtidas bygder vil framheve og byggje vidare på det engasjementet og dei initiativa som finst lokalt, men skal også fremje ny kunnskap om korleis bygdene kan bli enda tydlegare leverandørar av miljøvennlege ressursar til dei større byane. Prosjektet er eit samarbeid mellom TreFokus, NAL | Ecobox og miljøorganisasjonen Zero.
Attraktive stader
Mange norske byar og stader treng ei opprusting som sikrar og vidareutviklar eigenarten til staden i nyskapande og berekraftig retning. Regjeringa ynskjer å stimulere til dette. I 2011 etablerte kommunal- og regionalministeren ein pris for attraktive stader. Prisen skal løne aktørar som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og vitje. Tiltaka som får prisen, skal gjere staden meir attraktiv og auke folks oppleving av trivsel, tilhøyrsel og stoltheit knytt til staden.
Regjeringa satsar altså mykje på stadutvikling. I denne satsinga ligg det eit medvit om kor viktig kvaliteten i dei bygde omgjevnadene er for om stader blir opplevde som attraktive eller ikkje.
Boks 4.4 Staten sikrar kulturhistoriske verdiar
Staten er Noregs største eigar av verneverdige eigedommar. Gjennom prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar har staten sidan 2002 teke stilling til verneverdien av meir enn 13 000 eigedommar med ca. 6 millionar kvadratmeter bygningsmasse. Prosjektet er det største fredingsprosjektet i norsk historie. Målet har heile tida vore tosidig: behov for ei betre statleg forvaltning av kulturhistoriske eigedommar og varig vern av bygningar som kjelder til statens historie. Det er utarbeidd landsverneplanar for alle sektorane i staten. Slik sikrar staten nasjonens historiske og økonomiske verdiar.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil halde fram med satsinga på stadutvikling. Regjeringa vil utvikle kompetanseprogram for å heve kvaliteten i dei bygde omgjevnadene.
4.3.5 Kompetanseprogram
Etterutdanningstilbod for å heve kompetansen i kommunane
Det er mange kommunar i Noreg med relativt liten byggjeaktivitet og låg kompetanse om arkitektur og byggjeskikk. Eit heilskapleg etterutdanningstilbod vil kunne medverke til å heve denne kompetansen i kommunane. Det ligg også eit stort potensial i auka kunnskap og meir systematikk i forsøksarbeid og utprøving. Her vil Husbankens arbeid for byggjeskikk og godt bumiljø spele ei viktig rolle. Husbanken har inngått ei samarbeidsavtale med Universitetet for miljø- og biovitskap og Drammen kommune om å utvikle eit erfaringsbasert mastergradsstudium. Dette vil bli eit nytt utdanningstilbod der siktemålet er å heve kompetansen til planleggjarar og byutviklarar i offentleg og privat sektor. Husbanken støttar også utviklinga av eit etterutdanningskurs i byggjeskikk ved Høgskolen i Gjøvik.
Arkitektur må på dagsordenen i kommunane
Regjeringa meiner at arkitektur må lyftast høgare opp på den lokale dagsordenen. Mange kommunar vil ha behov for hjelpemiddel på både politisk og administrativt nivå, slik at dei betre kan definere kva for kvalitetar dei ynskjer på det som blir bygd, og på by- og stadutviklinga, og korleis dei vil møte miljø- og klimautfordringane.
Kommunane må sjå på korleis dei kan utvikle eigen praksis, slik at dei kan koordinere innsatsen frå alle saksbehandlingsområda på ein best mogleg måte. Dei må sjå på korleis dei sjølv kan byggje og forvalte bygg med høg og berekraftig kvalitet på kostnadseffektive måtar. Dei må også samordne rollene sine i samspel med privat eigedomsutvikling for å sikre ei heilskapleg kommunal utvikling.
Byggjeskikknøkkelen
Byggjeskikknøkkelen er meint å vere eit verktøy i kommunane for å systematisere arbeidet med byggjeskikk på alle nivå i kommunen. Målet med byggjeskikknøkkelen er å gje kommunane og andre aktørar som medverkar i utviklinga av gode stader, ei samla oversikt over dei utfordringane dei står overfor når dei vil fremje byggjeskikk og estetikk.
Byggjeskikknøkkelen skal vere eit oppslagsverk for kommunane og andre aktørar i samband med planlegging og utbygging, og ein av dei viktigaste funksjonane vil vere å medverke til felles forståing av kvalitetar, mål og utfordringar. Byggjeskikknøkkelen vil tydeleggjere korleis kommunane samverkar med styresmaktene på regionalt og nasjonalt nivå i utviklinga av det bygde miljøet, korleis dei sikrar krava til lokal iverksetjing av lover og forskrifter, og kva for mål og strategiar dei vil leggje for estetisk utvikling.
Kompetanseprogram for arkitektur og byggjeskikk
Regjeringa oppfordrar kommunane til å lage planar og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk som del av det overordna planarbeidet i kommunen. Regjeringa vil derfor utvikle og tilby kommunane eit kompetanseprogram for arkitektur- og byggjeskikk. Programmet skal medverke til å skape medvett om kor viktige dei fysiske omgjevnadene er for lokal utvikling.
Fleire kommunar, fylkeskommunar og fylkesmannsembete har medverka til å utarbeide lokale byggjeskikk- og formingsrettleiarar. Rettleiarane gjev gode døme på korleis byggjeskikkarbeidet blir handtert lokalt og regionalt. Husbankens nettstad har lenkjer til fleire av desse rettleiarane.
Betre skule- og barnehagebygg
Regjeringa satsar mykje på å utvikle kvaliteten i skule og barnehagar. Ein viktig del av denne satsinga går på å utvikle gode skule- og barnehagebygg. I 2002 etablerte regjeringa ei rentekompensasjonsordning for kommunane sine investeringar i skulebygg. Denne ordninga er sterkt etterspurd, og det er sidan 2002 blitt gjeve rentekompensasjon for kommunale investeringar på 24 milliardar kroner under denne ordninga. I forlenginga av dette etablerte regjeringa gjennom Utdanningsdirektoratet også ei nasjonal rådgjevingsteneste for skuleanlegg, som først og fremst er retta mot avgjerdstakarar i kommunane. Siktemålet har vore å auke bestillarkompetansen i kommunane. Frå 2012 blir også barnehagar innlemma i denne rådgjevingsordninga.
På oppdrag frå norske kommunar blir mange gode skule- og barnehageanlegg bygde og rehabiliterte, men det er også mange døme på det motsette. Det finst ein omfattande dokumentasjon på samanhengen mellom utforming av skule- og barnehagebygg og kvaliteten på den opplæringa som blir gjeven. Det er likevel ikkje grunnlag for å slå fast at ein type utforming generelt er betre enn andre. For barnehagar er det utarbeidd arealnormer for talet på barn. For skular eksisterer det ikkje slike nasjonale normer. Det er heller ikkje noko felles system for godkjenning av skule- og barnehagebygg. I ein utbyggings- eller rehabiliteringsprosess er det viktig at skuleeigaren og brukarar har tilgang til spesialisert fagleg kompetanse når det gjeld skuleanlegg, og at dei kan få erfaringar, idear og råd frå andre som sjølv har vore gjennom liknande prosessar.
Regjeringa ynskjer funksjonelle, fleksible og kostnadseffektive skule- og barnehagebygg som har høg arkitektonisk kvalitet, og som toler å bli bruka mykje. Regjeringa vil derfor vidareutvikle rådgjevingstenesta for betre skule- og barnehagebygg. Ein slik rådgjeving bør mellom anna omfatte funksjonaliteten i bygga, fleksibilitet, høve til fleirbruk og kostnadseffektivitet. Forsking omkring fysiske rammer for læring, og evaluering av konkrete skule- og barnehagebygg, bør liggje som grunnlag for rådgjevinga.
Førebilete og nettverk
Regjeringa driv samarbeidsprogrammet Framtidens byer og Framtidens Bygg som omfattar førebileteprogrammet Framtidens bygg og FutureBuilt. Regjeringa støttar òg ei rekkje program som handlar om kvalitet innanfor arkitektur og bygg, som Bylab, Lågenergiprogrammet, i tillegg til Husbankens og Enovas kompetanse- og førebiletesatsingar. Fram til no har erfaringane frå førebileteprosjekta vore presenterte på ulike nettstader og i ulik form. Dette har gjort det vanskeleg å orientere seg og å samanlikne kvalitetar i ulike prosjekt. Det er behov for å samle informasjon om førebileteprosjekt på éin stad og utvikle ein felles mal for kva for informasjon som skal skaffast, og korleis han skal presenterast. Norske arkitekters landsforbund (NAL| Ecobox) har i dag den største samlinga av førebileteprosjekt.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil oppfordre kommunane til å lage planar og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk.
Regjeringa vil utvikle Byggjeskikknøkkelen som eit verktøy for å medverke til betre kvalitet i kommunane.
Regjeringa vil vidareutvikle rådgjevingstenesta for betre skulebygg og barnehagar.
Regjeringa vil styrkje eksisterande førebileteprogram og -nettverk.
4.3.6 Norsk trearkitektur
Vi har ein lang tradisjon for å bruke tre når vi byggjer i Noreg. Tre har vore det dominerande byggjematerialet i norsk byggjeskikk og er framleis det dominerande materialet i småhusbygging. Tre er ikkje berre eit tradisjonsrikt materiale, det er også eit anvendeleg og moderne bygningsmateriale som no blir brukt på stadig nye måtar.
Boks 4.5 Bygg og Bevar
Nettstaden byggogbevar.no gjev råd, rettleiing og hjelp i spørsmål om restaurering og rehabilitering av eldre bygg. Nettstaden inneheld informasjon som passar både private huseigarar, profesjonelle bestillarar og bedrifter i næringa. Bygg og Bevar skal medverke til ein sunn og stor marknad for restaurering og rehabilitering og gjev også god informasjon om energirehabilitering av eldre bygningar. Byggenæringens Landsforening og Miljøverndepartementet står bak nettstaden.
Nye måtar å bruke tre på
Tre og trebaserte produkt har fått nye bruksområde innan byggsektoren. Før innføringa av funksjonskrav i dei bygningstekniske forskriftene i 1997 var det avgrensingar for bruken av tre i stort omfang i større bygg. Både endringar i regelverk og endringar i teknologisk utvikling har ført til at det er blitt meir aktuelt å bruke tre i prosjekt der det tidlegare ikkje var vanleg, mellom anna i større byggjeprosjekt som fleirfamiliebustader, skular og næringsbygg. Det er venta at denne utviklinga vil halde fram, og at marknadsdelen for tre i slike bygg vil auke.
Den aukande interessa for trebaserte løysingar i byggjenæringa har medverka til at nye konsept og løysingar er blitt utvikla. Det skjer også ei kontinuerleg utvikling av tre som materiale og av trearkitekturen. Nye moglegheiter for bruk av tre er mellom anna knytte til nye byggjeskikkar, endra arkitektoniske løysingar, bruk av massivtre, byggsystem i form av stokkar og element med isolasjon, isolert standarverk m.m. Det er venta framleis stor aktivitet i utviklinga av nye konsept og løysingar.
Boks 4.6 Trebasert Innovasjonsprogram og KlimaTre
Trebasert Innovasjonsprogram er ei pågåande satsing for auka bruk av tre og auka lønsemd i verdikjeda. Programmet har vore i gang sidan 2006. Målet er å auke bruken av tre mellom anna gjennom å utvikle trebyggjeri i byar og tettstader og å auke bruken av tre i landbruksbygg.
Ei anna pågåande satsing er KlimaTre, som starta opp i 2010. Her er målet å utvikle miljøvennlege løysingar for trebyggjeri gjennom auka kunnskap om trekonstruksjonars miljøpåverknad i eit livsløpsperspektiv. Programmet går over fire år.
Meir bruk av tre i store bygg og i byane
Regjeringas satsing på tre som byggjemateriale, og verkemiddel for auka bruk av tre, er omtala nærmare i ei melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken. Regjeringa meiner det er eit stort potensial for auka bruk av tre i store bygg og i byane. Nye løysingar krev vidareutvikling av kompetanse og at fleire vel å bruke tre på nye måtar. Regjeringa ynskjer å vurdere nærmare aktuelle verkemiddel for å utvikle bruken av tre i store bygg og auka bruk av tre i byane.
Boks 4.7 Høghus i tre
Både i Bergen og i Kirkenes har dei ambisjonar om å byggje verdas høgaste trehus. I Bergen planlegg dei eit bygg som skal utførast med ein konstruksjon i limtre og leilegheiter i modular. Trekonstruksjonen til bygget er tenkt lagt på utsida som ei ramme, og modulane skal stablast inni. Modulane skal stablast fire i høgda, og i kvar femte etasje vil det bli lagt inn eit berande dekke, slik at lasta frå fire etasjar blir teken ut til søylene og ned til bakken. Trehuset vil ha 13 etasjar og 53 leilegheiter.
Barentssenteret tok i 2009 initiativet til å få oppført eit 20-etasjes signalbygg i tre i Kirkenes.
Bygget, som er på planstadiet, er på 10 000 kvadratmeter golvflate og med limtrebjelkar som berande konstruksjon.
Bruk av tre i det offentlege
Staten, fylkeskommunen og kommunen som utbyggjarar kan bidra til meir klimavenlege bygg mellom anna ved val av material og energiløysingar. Vurderinger av kva som er dei mest klimavennlege alternativer avheng av ei rekkje faktorar. Landbruks- og matdepartementet har foreslått at Statsbygg skal utgreie bruken av tre i statlege bygg. Ei slik utgreiing skal gje eit kunnskapsgrunnlag for å vurdere om, og i tilfelle korleis, staten kan bidra til auka bruk av tre i eigne byggjeprosjekt der det er kostnadseffektivt.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere aktuelle verkemiddel for ny og auka bruk av tre i store bygg og i byane, mellom anna gjennom Trebasert Innovasjonsprogram.
4.3.7 Arkitektur som forskingsfelt
«Arkitekturfaget er utviklingsorientert, eksperimenterende og kan legge grunnlag for innovasjon og verdiskaping i hele verdikjeden i BAE-næringen, fra idé-utvikling til ferdig verk», heiter det i ein rapport frå Noregs forskingsråd.2 Arkitektur synleggjer kva verdiar samfunnet og næringslivet ynskjer å bli assosiert med.
Auka kunnskap om dei komplekse endringsprosessane som skjer i norske byar, regionar og tettstader, krev forsking som kan gje forståing av drivkreftene bak endringsprosessane. Slik kunnskap er viktig fordi endringar i omgjevnadene i stor grad er underlagde politisk styring. Desse endringane kan ein då påverke om ein kjenner konsekvensane av alternative utviklingsstrategiar. Ei forståing av korleis omgjevnadene blir til, og moglege politiske styringsverkemiddel, krev ei tverrfagleg tilnærming.
På sitt beste kan arkitekturfaget medverke til dette gjennom si erfaring med å konkretisere framtidsbilete av ei ynskt samfunnsutvikling. Arkitekturen påverkar samfunnsborgarar på dei fleste område i livet og er derfor ein viktig del av statens bygningspolitikk. Regjeringa ynskjer derfor å styrkje arkitektur og samfunn som FoU-område, og å gjere dette gjennom ei tverrfagleg satsing.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil styrkje FoU-innsatsen retta mot arkitektur og samfunnsutvikling (som del av Bygg21).
4.4 Tryggleik og klimatilpassing
Tryggleik har tradisjonelt vore sentralt i det bygningstekniske regelverket. Byggjereglane stiller krav til konstruksjons- og branntryggleik, sikring mot naturpåkjenningar og tryggleik knytt til bruken av byggverk. Eit tydeleg, oppdatert og verksamt regelverk er eit av dei viktigaste verkemidla sentrale styresmakter har for å leggje føringar på utviklinga innanfor tryggleiksområdet.
Nye tryggleiksutfordringar
Vi har eit godt regelverk for å ta hand om tryggleiken i bygg, men endringar både i samfunnet og i klimaet fører til nye behov. Prognosar for befolkningsutviklinga viser at talet på eldre i samfunnet vil auke sterkt i åra framover. Det inneber nye utfordringar mellom anna når det gjeld førebygging av heimeulukker, og i samband med varsling og evakuering ved brann og ulukker. Byggjereglane medverkar her til å syte for at bygg er sikre for alle. Det er særleg viktig at det er eit godt og tett samarbeid mellom dei ulike styresmaktene, slik at vi har eit samordna regelverk på dette området.
Klimatilpassing av det bygde miljøet
Klimaet i Noreg er variert og har alltid stilt strenge krav til planlegging, utforming, plassering og vedlikehald av bygningar. Dette har gjeve oss gode bygg som klarer vêrpåkjenningar relativt godt. Dei fleste bygg står gjennom dagens ekstremvêr utan å bli påført vesentleg skade. Men sjølv om relativt få bygg får store skadar som følgje av vêrpåkjenningar, har vi samtidig store tryggleiksutfordringar knytte til klimarelaterte naturpåkjenningar. Storm, stormflod, flaum og skred har ført til skadar på bygningar for meir enn 13 milliardar kroner i perioden 1980–2011. I tillegg kjem skadar som følgje av overvatn. Global oppvarming vil gjere det bygde miljøet meir sårbart. Klimaendringane vil føre til meir ekstremvêr, og i delar av landet må det bygde miljøet tole større påkjenningar enn i dag. Ekstremvêr kan føre til fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Eit endra klima vil òg påverke kvar vi kan busetje oss, og det vil ha innverknad på byggjeskikken i Noreg. Det vil påverke både korleis og kvar vi byggjer nytt i framtida. Klimaendringane vil òg påverke det som allereie er bygd.3
Om lag 80 prosent av den bygningsmassen som finst i dag, vil framleis stå i 2050.4 Vi må derfor sikre ei tilpassing til klimaendringane som er med på å halde oppe eller auke levetida til eksisterande bygg.
Klimaendringar har også innverknad på tryggleiken
Klimaendringane vil også få innverknad på tryggleiken i det bygde miljøet.5 Dette gjeld både plasseringa av bygningar og naudsynte bygningsmessige tiltak på grunn av auka ras- og flaumfare, meir overvatn i område med busetjing og stigande havnivå, og det gjeld konstruksjonstryggleiken ved auka påkjenningar som følgje av meir og vekslande nedbør. Klimaendringane må overvakast kontinuerleg, og behovet for endringar i byggjereglane må vurderast jamleg. Bygg står lenge, og i tillegg vil oppføringa av eit bygg setje premissar for utviklinga av infrastrukturen og korleis framtidige bygg blir plasserte. Det vil derfor vere naudsynt å ta omsyn til effekten av framtidige klimaendringar når dagens bygg blir oppførte.
Nye bustader i dagens ekstremvêr
Boligprodusentenes Forening gjennomførte ei undersøking6 blant medlemmene sine i etterkant av stormane i romjula 2011. 99 bustadprodusentar svarte på undersøkinga som viser at ingen nyare bustader (oppført etter 1997) fekk store skadar som følgje av ekstremvêr i 2011. Det er berre snakk om mindre skadar, som til dømes lause takstein, skadar på pipehattar og beslag. For bustader under oppføring er det også mindre skadar, ulike former for vassinntrenging synest å dominere. Undersøkinga rapporterer ikkje om totalkollaps av bygg. Sjølv om dette ikkje er ein komplett kartlegging av skadeomfang gir undersøkinga ei klar indikasjon på at nye bustadar klarer dagens ekstremvêr.
Boks 4.8 NOU om klimatilpassing
Klimatilpassingsutvalet gjev eit samla bilete av kva konsekvensar klimaendringar kan få for samfunn og næringsliv, i NOU 2010: 10 Tilpassing til eit klima i endring. Utgreiinga konkluderer mellom anna med at regelverk og standardar eksisterer og er gode rammeverk, men mangelen på etterleving og kompetanse i byggjenæringa svekkjer tilpassingskapasiteten.
Auka vassmengder er ei utfordring
Både nye og eksisterande bygg må i framtida tole andre nedbørsforhold enn i dag. Forskarar reknar med at 2,4 millionar av dagens bygg vil liggje i risikosona for høg ròteskade i 2100, mot knapt 0,8 millionar i dag.7 Det er derfor viktig med auka merksemd rundt konsekvensar av klimaendringar innan byggjenæringa, slik at det blir planlagt og bygd meir klimarobuste bygningar. Fuktproblem på grunn av hyppigare og kraftigare nedbør vil vere ein stor trussel. Skiftande vêr med store nedbørsmengder, overgong frå frost og tele til hurtig smelting, sett store krav til særleg takkonstruksjonar. Nybygg må ta høgd for auka vassmengd som følgje av nedbør og stigande havnivå. Vass- og avløpssystemet må ta unna meir vatn, og faren for ròteskadar på bygningar vil auke. Viktige tiltak for å fordrøye og handtere overvatn er bruk av grøne tak, medveten utforming av uteareal og grøntområde med absorberande flater, regnbed m.m. I tillegg er det viktig at kommunane planlegg flaumvegar (altså trygg avleiing av vatnet på overflata) for dei kraftigaste nedbørsepisodane.
Boks 4.9 Klima- og sårbarheitsanalyse for bygningar i Noreg
På oppdrag frå Direktoratet for byggkvalitet har SINTEF Byggforsk vidareført klima- og sårbarheitsanalysen for bygningar i Noreg som var grunnlag for NOU 2010:10 Tilpassing til eit klima i endring.1 Hovudtrenden for klimaendringar fram mot 2100 er eit varmare, våtare og villare klima. Analysen gjer fylkesvise oversikter for havnivåstigning, årsmiddeltemperatur, årsnedbør, sesongnedbør, våt vinternedbør og risiko for ròteskadar. Analysen viser at nedbør og fukt er utfordringar som bør få stor merksemd i framtida.
1 Kvande, T., Almås, A-J., McInnes, H., Hygen, H.O (2011): Klima- og sårbarhetsanalyse for bygninger i Norge. Videreføring av rapport 3B0325, oppdragsrapport for Direktoratet for byggkvalitet, SINTEF Byggforsk.
Kulturhistoriske bygningar er spesielt sårbare fordi det er særlege krav som gjeld når desse bygga skal setjast i stand og haldast ved like, og fordi bygningane ikkje kan erstattast. I tettbygde strok kan eksisterande vegetasjon og nyplanting i tilknyting til bygga vere med på å fordrøye regnvatn. På den måten reduserer ein belastninga på leidningsnettet ved store nedbørsmengder, og ein medverkar i tillegg til auka biologisk mangfald.
Kommunane må ha kunnskap for å kunne tilpasse seg klimaendringane
Det er stort behov for å kartleggje og klargjere kva område som er utsette for flaum, skred og andre naturfarar i dagens og framtidas klima. På det grunnlaget kan det setjast inn systematisk førebyggjande innsats. Ny kunnskap om potensielle fareområde og effektar av klimaendringar kan føre til at område som tidlegare har vore rekna som tilstrekkeleg sikre å byggje på, ikkje lenger innfrir krava til tryggleik. For å kunne ta omsyn til og førebygge naturfare er det naudsynt å ha god informasjon. Dette krev ein kartlegging av farane som er tilpassa formålet. Presise, oppdaterte digitale kartverktøy, med godt kartgrunnlag, er vesentleg for ein effektiv sakshandsaming på arealplanane, både i kommunane og for regionale og statlege styresmakter. Dette gjev nye utfordringar for kommunane i planlegginga. God arealplanlegging og byggjesakshandsaming i kommunane er viktige tiltak for tilpassing til klimaendringane.
Ikkje alle kommunar har i dag tilstrekkeleg kompetanse eller faktagrunnlag for å lage planar som tek omsyn til flom- og rasfarar. Fortetting av byområde, der ein stor del av overflatene er harde, kan endre avrenningsmønstret dramatisk. Kommunane må ha kompetanse innan klimatilpassing og korleis bygningar er sårbare for klimaendringar, for å kunne utarbeide reguleringsplanar, utforme lokale føresegner, føre tilsyn og gje råd om klimatilpassing og fuktsikker byggjeprosess.
Klimaindeksar som hjelpemiddel
Viktige hjelpemiddel for byggjenæringa og kommunar kan vere utvikling av lokale klimaindeksar og systematisk inndeling i klimasoner til klimatilpassingsbruk. Slike klimadata og -indeksar har i lita grad vore tilgjengelege for geografisk differensierte vurderingar av kor eigna ei gjeven teknisk løysing er. Klimaindeksar som gjer det mogleg å analysere kor funksjonsdyktig eller varig klimaskjermen er, kan vere viktige for å utvikle tilpassingstiltak.
Det bygde miljøet kan bli langt meir klimarobust
Regjeringa meiner at det bygde miljøet i Noreg kan bli langt meir klimarobust enn i dag gjennom betre kartlegging og bruk av eksisterande kunnskap i planleggings- og prosjekteringsprosessar. Om vi skal ha nytte av denne kunnskapen, krev det meir effektive informasjonssystem, slik at aktørane i næringa og forvaltninga får den informasjonen og den opplæringa dei har bruk for.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere behovet for regelendringar på bakgrunn av ny kunnskap om verknader av klimaendringar.
Regjeringa vil medverke til å styrkje kompetansen og faktagrunnlaget til kommunane om klimatilpassing og klimafarar for bygningar.
Regjeringa vil vurdere behovet for å utvikle lokale klimaindeksar og klimasoner for å gjere det tydeleg kva krav som bør stillast til bygningsmassen og i den kommunale arealplanlegginga.
4.5 Universell utforming og tilgjengelege bygg
Universell utforming inneber at flest mogleg kan nytte bygningar og anlegg uavhengig av funksjonsevne. Det meste av dagens bygningsmasse er ikkje tilgjengeleg eller tilstrekkeleg brukande for menneske som har nedsett funksjonsevne. Regjeringa har derfor sett i verk tiltak for å gjere bygga meir tilgjengelege. Norge universelt utformet 2025 er regjeringas sektorovergripande handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit for perioden 2009–2013. Planen omfattar ei rekkje tiltak for nye og eksisterande bygg og anlegg som er retta mot allmenta. Med plan- og bygningslova av 2010 blei reglane om tilgjengelegheit skjerpa. Universell utforming er eit førande prinsipp i føremålet til lova.
Boks 4.10 Universell utforming og tilgjengelege bygg
Tilgjengelegheit inneber at flest mogleg skal kunne bruke eit bygg. Med universell utforming kjem i tillegg kravet om at flest mogleg skal kunne bruke bygget på ein likestilt måte. Plan- og bygningslova stiller krav til universell utforming av publikums- og arbeidsbygningar og uteareal som er retta mot allmenta. For nye bustader blir det stilt krav om tilgjengelegheit.
Fleire eldre aukar behovet for tilgjengelege bygg
Tilgjengelege bustader er god sosialpolitikk. Befolkningsgruppa over 80 år blir tredobla fram mot 2060. Dette vil auke behovet for tilgjengelegheit i det bygde miljøet. Å kunne bu i eigen bustad, også som gammal, vil vere viktig for dei fleste. Parallelt med veksten i prosentdelen av eldre er det venta ein nedgang i delen yrkesaktive. Færre hender skal ta hand om fleire eldre. Her vil velferdsteknologien komme til å spele ei viktigare rolle.
Velferdsteknologi
Med velferdsteknologi er først og fremst meint teknologisk assistanse som fører til auka tryggleik, sikkerheit, sosial medverknad, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrkjer evna til den enkelte til å klare seg sjølv i kvardagen til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne.8 Velferdsteknologi og fysisk tilrettelegging av bustaden er tiltak som må sjåast i samanheng sjølv om velferdsteknologi omfattar mange felt og dreier seg om mykje meir enn tilrettelegging av bustader. Den bustad- og bygningsrelevante delen av velferdsteknologien famnar vidt og kan omfatte både individuelt tilpassa hjelpemiddel og generelle løysingar som kan inngå som ein integrert del i alle bustader. Ei rekkje sektorar er involverte, og det er behov for å avklare ansvarsdelinga mellom sektorane.
Smarthusteknologien er ein del av velferdsteknologien. Det er ein teknologi som kan medverke til å gjere bustader og bygningar enklare i bruk og samtidig sikre ein trygg kvardag og ein sjølvstendig livsførsel. Smarthusteknologien er prøvd ut på omsorgsbustader og sjukeheimar, men det finst førebels avgrensa erfaringar med bruk i bustader. Smarthusteknologien vil ha relevans for utviklinga av bustad- og bygningskvaliteten i framtida.
Kommunal planlegging og krav i byggteknisk forskrift
Der det er sett krav om universell utforming og tilgjengelegheit i bygg, må det vere godt samband mellom bygga og uteområda. Dette er eit omsyn kommunane kan ta om ikkje utbyggjaren sjølv tek det. Etter paragraf 12-7, nr. 4 og 5 i plan- og bygningslova kan kommunane i reguleringsplanen både setje strengare krav om universell utforming av uteareala enn krava i byggteknisk forskrift og gi nærare krav om tilgjengelegheit og utforming av bustader «der det er hensiktsmessig for spesielle behov». Regjeringa ynskjer i første omgang å utarbeide ein rettleiar om krav til universell utforming av uteareal og kva moglegheiter kommunane har til å fråvike minstekrav i byggteknisk forskrift.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil etter 2014 evaluere bygningspolitiske tiltak i Norge universelt utformet 2025.
Regjeringa vil greie ut korleis velferdsteknologien eventuelt kan integrerast i framtidige byggtekniske forskriftskrav.
Regjeringa vil sjå nærare (mellom anna i ein rettleiar) på sambandet mellom krav til universell utforming og tilgjengelegheit som kan setjast i den kommunale planlegginga og dei krav som følgjer av byggteknisk teknisk forskrift.
4.5.1 Tilgjengelegheit og universell utforming i nye bygg
Plan- og bygningslova av 2010 sikrar ein minstestandard for universell utforming og tilgjengelegheit i nye bygg og bustader. Nye publikumsbygg og arbeidsbygg skal vere universelt utforma, og det er skjerpa krav til kor brukande og tilgjengelege nye bustadbygg skal vere. Lova vil medverke til å heve kvaliteten i nybygginga framover.
Informasjonsprogram skal styrkje kunnskapen om universell utforming
Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken samarbeider om to program for å styrkje kunnskapen om universell utforming. Informasjonsprogrammet som er retta mot byggsektoren, skal sikre at bransjen får grunnleggjande kompetanse om krav til universell utforming i byggreglane. På same måte får lokale byggjestyresmakter styrkt sin kompetanse om universell utforming gjennom kompetanseprogrammet for kommunar og fylkeskommunar.
Evaluering av lov- og forskriftskrava
Det er behov for å evaluere dei skjerpa lov- og forskriftskrava. Evalueringa vil fortelje oss om krava verkar på ein føremålstenleg måte, i kva grad dei blir følgde, og om dei har gjeve utilsikta verknader.
Husbankens krav og tilskotsordningar
Husbanken har sidan 2005 stilt krav om tilgjengelegheit som ligg høgare enn dei gjeldande krava i byggtekniske forskrifter. Krava er utforma i samarbeid med sentrale aktørar i byggsektoren. Husbanken stiller desse krava i samband med at banken gjev tilsegn om grunnlån til nybygging. Ei evaluering av grunnlånet viser ein gradvis auke i prosentdelen av universelt utforma bustadprosjekt i perioden 2006–2009. Også gjennom Husbankens tilskotsordningar blir det stilt krav om universell utforming.
Det er behov for eit betre statistikkgrunnlag som kan vise utviklinga av tilgjengelegheit i bygningar og anlegg. Direktoratet for byggkvalitet, Husbanken og Statsbygg samarbeider med Statens kartverk om å utarbeide indikatorar knytt til bygningsdelen i matrikkelen for å måle utviklinga av tilgjengelegheit og universell utforming.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil styrkje kompetansen om universell utforming gjennom informasjonsprogram for universell utforming for byggsektoren og kompetanseprogram for universell utforming for politikarar og tilsette i kommunane.
Regjeringa vil evaluere tekniske løysingar for universell utforming og tilgjengelegheit i byggteknisk forskrift med tanke på vidare utvikling.
Regjeringa vil utvikle eit indikatorsystem for å måle tilgjengelegheit og universell utforming i bygningar, anlegg og uteområde. Ein vil særskild sjå på korleis det kan vere ein del av eller vere knytt til matrikkelen.
4.5.2 Universell utforming av eksisterande bygg for allmenta
I plan- og bygningslova av 2010 er det gjeve heimel for å innføre forskrifter om å oppgradere visse kategoriar av bygg som er retta mot allmenta, til universell utforming. Det er lagt opp til ei stegvis og prioritert tilnærming.
Oppgradering gjev fleire bygg med universell utforming
Det skjer ei kontinuerleg oppgradering av bygningsmassen gjennom riving, rehabilitering og nybygging. Det er venta at opptil 24 prosent av bygg som er retta mot allmenta, vil bli rehabiliterte eller skifta ut fram til 2025.9 Det inneber fleire bygg med universell utforming.
Byggeigarane sine eigne rutinar opnar opp for universell utforming
Somme offentlege byggeigarar har etablert rutinar for å kartleggje tilgjengelegheit og universell utforming i eigne bygg. Då kan dei setje av midlar på driftsbudsjettet til tilgjengelegheitsoppgradering over tid. Kommunar og fylkeskommunar bør få tilbod om kunnskap og metodar for å oppnå universell utforming gjennom god byggforvaltning og godt vedlikehald.
Boks 4.11 Oppgradering til universell utforming gjennom langsiktig forvaltning
Statsbygg har ein eigen handlingsplan for universell utforming og set årleg av minimum 6 prosent av vedlikehaldsmidlane til tiltak som gjeld universell utforming. Statsbygg har utvikla verktøyet «Bygg for alle» for å kartleggje mangel på tilgjengelegheit. Verktøyet er til fri bruk. Fylkeskommunane i Hordaland og Vest-Agder har teke i bruk Bygg for alle. Gjennom mindre aukingar i driftsbudsjettet legg desse fylkeskommunane opp til å betre tilgjengelegheita i eigen bygningsmasse over tid.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere om det over tid skal fastsetjast forskrifter om å oppgradere eksisterande bygningar, anlegg og uteområde som er retta mot allmenta, til universell utforming.
Regjeringa vil tilby kommunar og fylkeskommunar kunnskap og metodar, slik at dei kan oppnå universell utforming gjennom planlegging, bygging, forvaltning og vedlikehald.
4.5.3 Auka tilgjengelegheit i eksisterande bustader
Det er naudsynt å oppgradere tilgjengelegheita i den eksisterande bustadmassen. Berre om lag 10 prosent av landets bustader er tilgjengelege for rullestolbrukarar.10 Folke- og bustadteljinga frå november 2001 viser at 64 prosent av bustadene i bygningar med fem etasjar eller meir har heis. I lågblokker med tre og fire etasjar har berre vel 10 prosent av bustadene heis. Vel 240 000 bustader i blokker har dermed ingen tilgang til heis. Her bur det over 400 000 menneske. Den låge prosentdelen tilgjengelege bustader gjev personar med nedsett funksjonsevne dårlegare vilkår på bustadmarknaden.
Bustadmassen i Noreg er i all hovudsak på private hender. Fleirleilegheitsbygg er som oftast organisert som burettslag eller bustadsameige. Bustadtype og kven som eig bygningen, legg føringar på korleis vi kan stimulere til betre tilgjengelegheit. Husbanken samarbeider med Norske Boligbyggelag (NBBL) for å få inn fleire heisar i dei eksisterande bustadblokkene. I 2011 blei det gjennomført ein landsomfattande seminarserie retta mot burettslagsstyra, der rehabilitering og oppgradering av eksisterande bustadbygg var tema.
Samordning av Husbanken og NAV sine tilskotsordningar
Husbanken og tidlegare Rikstrygdeverket etablerte i 2004 Prosjekt Bustadtilpassing. Siktemålet har vore å sjå om meir fleksible og samordna statlege verkemiddel kan føre til meir varige og føremålstenlege bustadløysingar for kvar einskild brukar. Regjeringa ser behovet for å styrkje samordninga mellom ordningane i Husbanken og folketrygda. Regjeringa vil derfor vurdere å gjere samarbeidet mellom NAV og Husbanken om bustadtilpassing permanent. Regjeringa vil setje i gang eit forsøksprosjekt retta mot fleirbustadhus. I dette prosjektet skal tilskot frå NAV brukast til å setje inn heis framfor å installere mellombels hjelpemiddel som trappeheis.
Husbankens tilskot er blitt styrkt
Husbankens tilskot for tilpassing av bustad er styrkt i 2012. Det er eit viktig bidrag til å skaffe tilgjengelege bustader til husstandar som har varig låg inntekt, og som ikkje vil greie kostnadene ved lån. For å auke tilgangen på tilgjengelege bustader vil regjeringa vurdere å utvide tilskotet.
Regjeringa vil styrkje informasjonen til bustadeigarar
I 2010 bruka hushalda vel 54 milliardar kroner på renovering, ombygging og tilbygging (ROT) av bustader.11 Det er ukjent i kor stor grad investeringane i eigen bustad også medverkar til betre tilgjengelegheit. Regjeringa ser behov for å styrkje informasjonen til bustadeigarar om korleis dei kan betre tilgjengelegheita når dei pussar opp og rehabiliterer bustader.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere å styrkje tilskota for tilpassing av bustader.
Regjeringa vil medverke til å få bygd fleire heisar i eksisterande bustadblokker.
Regjeringa vil betre samordninga mellom tilskotsordningane til Husbanken og NAV.
Regjeringa vil styrkje informasjonen til bustadeigarar om korleis tilgjengelegheita i eksisterande bustader kan betrast.
4.6 Materialbruk og miljøpåverknad
Bygga våre er sette saman av ulike materiale som til saman gjer at vi får gode og sikre bygg som vi trivst i. Alle byggjevarer er laga av materiale med miljøpåverknad. Dei kan vere laga av både fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Ressursar som blir bruka til byggjevarer, kan påverke det biologiske mangfaldet. Produksjonen kan vere energikrevjande, og det kan bli sleppt ut klimagassar og anna forureining under produksjonen. Byggjevarer kan påverke inneklimaet anten ved at helse- og miljøfarlege stoff i byggjevarene blir frigjorde i bygget, eller ved at byggjevarene ikkje toler fuktbelastningar dei blir utsette for, slik at det blir utvikla sopp- og ròteskadar. Til slutt endar byggjevarene som avfall. Nokre byggjevarer kan gjenvinnast, andre endar på deponi, og visse byggjevarer som inneheld helse- og miljøfarlege stoff, er farleg avfall som må spesialhandsamast.
Materialbruken i bygg påverkar miljøet
Bygg- og eigedomssektoren er den største forbrukaren av materialressursar i Noreg. Byggjenæringa brukar fleire tusen forskjellige byggjevarer, og ny materialbruk i bygg aukar med byggje- og rehabiliteringstakta. Det finst også store mengder materiale og byggjevarer i eksisterande bygg. Miljøpåverknaden frå materialbruk i bygg kan forbetrast ved å nytte byggjevarer og byggjemetodar som reduserer ressursbruken, energibruken, bruken av helse- og miljøfarlege stoff og avfallstype og -mengd. I tillegg vil miljøpåverknaden frå materiale vere avhengig av korleis materiala påverkar drifta av bygget, kor ofte materiale blir skifta ut, vedlikehaldsbehovet og levetida til bygget. Ein levetidsanalyse av bygget vil gje god informasjon om kva miljøpåverknad materiala i eit bygg totalt har.
Boks 4.12 Helse- og miljøfarlege stoff
Vi har eit nasjonalt mål om at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø, kontinuerleg skal reduserast med sikte på å stanse utsleppa innan 2020. Stoffa på prioritetslista til regjeringa er omfatta av dette målet. Vidare har det europeiske kjemikalieregelverket (REACH) ei godkjenningsliste der det krevst særleg autorisasjon for å kunne bruke stoffet, og ei kandidatliste som inneheld stoff som mellom anna blir vurderte etter krav om godkjenning. Byggjenæringa brukar mange produkt som inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Fleire av stoffa finst på prioritetslista, godkjenningslista og/eller kandidatlista. Ifølgje Klima- og forureiningsdirektoratet blir det no nytta mindre helse- og miljøfarlege stoff i byggjevarer enn tidlegare. Frå 2005 til 2009 blei bruken av løysemiddel redusert frå ca. 6 000 tonn til ca. 2 000 tonn årleg.
Bruk av tre som byggjemateriale
Tre er og har vore mykje bruka som byggjemateriale i Noreg. Tre frå berekraftig skogbruk er eit miljøvenleg materiale med mange bruksområde. Det blir ofte nytta i standerverk, kledning og innvendig i bustader. Dei aller fleste småhusa i Noreg er laga i tre. Det er dei siste åra ført opp einskilde større næringsbygg i tre. Det finst eit stort uutnytta potensiale for auka bruk av tre på dette området, og det er eit stort behov for utvikling av nye løysingar.
Framstilling av treprodukt er, samanlikna med mange andre produkt, lite energikrevjande og gjev lite prosessutslepp. Kor miljøvenlege treprodukt er, er avhengig av tretype, opphavsstad, produksjonsmetode og korleis treet blir handsama. Mesteparten av treuttaket og treproduksjonen til bruk i bygg i Noreg er gran og furu. I all hovudsak er denne produksjonen svært miljøvennleg og lite energikrevjande. Tre, som er eit naturleg materiale, blir ofte handsama med måling, lakk eller treimpregnering som kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff. Ei slik overflatehandsaming kan endre miljøeigenskapane til treproduktet. Det blir stadig utvikla nye miljøvennlege måtar å forhandsame treprodukt på for å auke levetida.
Visse treprodukt treng ikkje overflatehandsaming og er derfor svært miljøvennlege å bruke. Kjerneved og malmfuru er gode døme. Kjerneved er den inste delen av trestammen. Kjerneved kan brukast utvendig til dømes som trekledning på tak eller terrasse. Dersom det får tørke ut med jamne mellomrom, treng det ikkje overflatehandsaming. Anna tremateriale kan også brukast utan å handsamast, men då må ein vurdere kor mykje fukt treproduktet vil bli utsett for. Standerverk er normalt ikkje utsett for fukt, og til dette føremålet blir det vanlegvis brukt ubehandla norsk gran eller furu. Når ubehandla tre blir skifta ut, kan det brennast utan å sleppe ut helse- og miljøfarlege stoff.
Regjeringa vil medverke til at miljøinformasjon blir meir etterspurd
Miljøpåverknaden til byggjevarer skal dokumenterast, ifølgje byggteknisk forskrift. Det skal vere mogleg å få informasjon om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff i produktet og anna forureining, klimagassutslepp og eventuell påverknad ved bruk og riving. Denne produktinformasjonen skal vere tilgjengeleg før produktet blir omsett og bruka i bygg. For kjemiske produkt står innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff i eigne tryggleiksdatablad. Andre miljøpåverknader blir ikkje dokumenterte i tryggleiksdatablada.
For faste produkt er det vanskeleg å skaffe god informasjon om innhald av helse- og miljøfarlege stoff. Sidan det er vanskeleg å få god miljøinformasjon, vil regjeringa medverke til at slik informasjon skal bli meir etterspurd. På lengre sikt vil det føre til at framstillinga av produkt blir meir miljøvenleg, at brukarane enklare kan vurdere miljøbelastninga til produkt, og at fleire miljøvenlege produkt vil bli nytta.
Miljødeklarasjonar
Byggjenæringa har teke initiativ til at materiale og produkt skal ha miljødeklarasjonar (EPD – Environmental Product Declaration) som dokumentasjon på miljøbelastninga. EPD-Noreg forvaltar ordninga, som er eit internasjonalt system. Miljødeklarasjonar dokumenterer ressursbruk, energibruk, klimabelastning, forureining og for nokre produktgrupper også innhald av helse- og miljøfarlege stoff.
I dag finst det få byggjevarer med miljødeklarasjon i Noreg, og det er derfor lite etterspørsel etter dei. Statsbygg har i sin miljøstrategi som mål å stille krav til dokumentasjon i form av miljødeklarasjonar eller tilsvarande til dei fem–ti mest bruka materiala i nybygg- og rehabiliteringsprosjekt. Det nasjonale programmet Framtidens byer med førebileteprogramma Framtidens bygg og FutureBuilt medverkar til å auke etterspørselen etter miljødeklarasjonar gjennom å krevje miljødeklarasjonar i sine pilot- og førebileteprosjekt. Grønn Byggallianse, som er eit miljønettverk samansett av dei største utbyggjarane og byggforvaltarane i Noreg, krev også at medlemmene skal etterspørje miljødeklarasjonar for dei mest bruka bygningsprodukta ved nybygg og rehabilitering. Dette vil føre til fleire miljødeklarasjonar. Regjeringa vil medverke til at arbeidet med miljødeklarasjonar blir intensivert og vil ved neste revisjon av byggteknisk forskrift vurdere å stille klarare krav til miljødokumentasjon.
Offisielle miljømerke
Svana og EU Ecolabel (tidlegare Blomsten) er dei offisielle miljømerka i Noreg, og Stiftelsen Miljømerking forvaltar ordningane. Svana er eit nordisk merke, medan EU Ecolabel er den europeiske miljømerkeordninga. For å få eit offisielt miljømerke må produktet oppfylle fastsette miljøkrav. Det er stadig fleire byggjevarer med dei offisielle miljømerka, men omfanget er framleis lite. For å stimulere til at fleire byggjevarer får offisielle miljømerke, vil regjeringa medverke til at dei ansvarlege for miljødeklarasjonar og dei offisielle miljømerka samarbeider om felles dokumentasjonskrav på utvalde område. Då vil det bli enklare for produsentar, utførande og kundar å utarbeide og forstå produktdataa.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere om det i den neste revisjonen av byggteknisk forskrift skal stillast krav om at miljøpåverknaden av byggjevarer skal dokumenterast med miljødeklarasjonar (EPD), dei offisielle miljømerka eller tilsvarande.
Regjeringa vil medverke til at arbeidet med miljødeklarasjonar intensiverast og at EPD-Noreg og Stiftelsen Miljømerking samarbeider om felles dokumentasjonskrav.
4.7 Inneklima
Inneklima omfattar alle fysiske og kjemiske forhold som påverkar oss inne. Godt inneklima er viktig for helse, trivsel og læringsevne. Dårleg inneklima kan gi nedsett funksjon og livskvalitet. Vi oppheld oss ca. 90 prosent av tida innandørs. Godt inneklima er derfor viktig. Det er dokumentert at dårleg inneklima kan forverre plager for personar med astma, allergi eller anna overkjensligheit. Førekomsten av desse sjukdomane aukar. Forsking viser at årsakene til auken har samband med miljøfaktorar utandørs og innandørs. Også menneskje utan kjende allergiar eller overkjensligheit kan oppleve plagar ved å opphalde seg i rom med dårleg inneklima. Regjeringa er oppteken av å førebyggje sjukdom og hindre at dei som allereie er sjuke, får auka helseplagar på grunn av dårleg inneklima. Inneklima er difor eit eiget delmål i Nasjonal strategi for forebygging og behandling av astma- og allergisykdommer (2008-2012).
Byggjevarer, inventar og utstyr, mugg og mikroorganismar frå fuktskadar i bygget kan forureine innelufta. Bygg i område med høg radonførekomst kan ha høg radonkonsentrasjon i innelufta. God ventilasjon tynnar ut forureiningar, reduserer fuktbelastninga og medverkar til betre inneklima. På den andre sida kan stor luftutskifting gje trekkplager og unaudsynt høg energibruk. Det trengst meir kunnskap om korleis ventilasjonssystem skal utformast, verke saman med utforminga av bygget og driftast for å oppnå tilfredsstillande inneklima for alle, samtidig som ein sikrar låg energibruk.
Radon
Radon er ein radioaktiv gass som finst naturleg i somme bergartar, og radonførekomsten kan vere svært lokal. Derfor kan radonkonsentrasjonen vere høg i éin bustad, men låg i nabobustaden. I byggteknisk forskrift er det sett krav til radonkonsentrasjon i innelufta. Nybygg skal ha radonsperre, og radonkonsentrasjonen i innelufta skal vere lågare enn 200 Bq/m3. Generelt tilrår Statens strålevern å gjennomføre radonførebyggjande tiltak når konsentrasjonar i innelufta overstig 100 Bq/m3. Aktuelle bygningstekniske tiltak kan vere radonmembran, ventilering av byggjegrunnen og auka ventilasjon. Alle desse tiltaka har relativt låge kostnader.
Boks 4.13 Kva har inneklimaet å seie?
Ein stadig større del av befolkninga har astma eller allergi eller er overfølsame. Overslag tyer på at 20 prosent av alle luftvegsinfeksjonar og astmatilfelle kunne vore førebygde ved å unngå fuktskadar.1 Samfunnskostnadene ved arbeidsrelatert astma blei i 2005 vurderte til om lag 1,9 milliardar kroner per år,2 og ein stadig større del av desse tilfella opptrer på ikkje-industrielle arbeidsplassar. Ein reknar med at ca. 300 årlege tilfelle av lungekreft kjem av radon i inneluft i bustader.3 I tillegg kjem samfunnskostnader ved redusert læringsutbytte i skular og redusert produktivitet på arbeidsplassar, og individuelle ulemper ved sjukdom, plager og påkjenningar på grunn av dårleg inneklima.
1 Jan Vilhelm Bakke (2010): Vet vi nå hva et dårlig inneklima koster samfunnet, Helsedirektoratets strategikonferanse 2010.
2 Arbeidstilsynet (2008): Samfunnsøkonomiske kostnader av arbeidsrelatert astma
3 Kjelde: Statens strålevern.
Vi treng meir kunnskap om ventilasjon
Energikrava i byggteknisk forskrift har ført til balansert ventilasjon i dei aller fleste nybygg. For å få godt inneklima i bygget må ventilasjonsanlegget haldast ved like med jamne mellomrom, mellom anna ved å skifte luftfilter. Det er avgrensa kunnskap om korleis vedlikehald av balanserte ventilasjonssystem fungerer i bustader, og det er også avgrensa kunnskap om korleis vi kan oppnå tilfredsstillande inneklima for flest mogleg brukarar. I tillegg har vi lite erfaring med korleis og om naturleg ventilasjon kan nyttast i nybygg på grunn av energikrava, jf. boks 4.14.
Regjeringa meiner at det trengst meir kunnskap på desse områda, og vil opprette eit utviklingsprogram om inneklima. Dette programmet skal evaluere kva som er avgjerande for eit godt inneklima, korleis balansert ventilasjon fungerer i praksis i nybygg og eksisterande bygg, og korleis det er mogleg å nytte naturleg og hybrid ventilasjon i nybygg. Programmet vil vere ein del av Bygg21.
Boks 4.14 Luftlekkasjar, ventilasjon og energibruk
I bygg kan det vere sprekker og lekkasjar som gjer at lufta siv ukontrollert inn. Dette fører til trekk og ubehag og medverkar til auka luftlekkasje. Denne luftlekkasjen kan ikkje kontrollerast og inneber at varm luft blir erstatta med kald uteluft som må varmast opp. Det fører til høgt energiforbruk. I nye bygg er det krav om at bygg ikkje skal ha sprekker og lekkasjar, slik at det er lite sannsynleg med utilsikta luftlekkasjar. Dette skal visast ved hjelp av tettleiksmålingar. Det er meir krevjande å byggje tette bygg, både fordi alle lekkasjar skal lukkast, og fordi fukt ikkje må byggjast inn.
I dei fleste nye bygg vil luft bli tilført gjennom mekaniske ventilasjonsanlegg. I gode ventilasjonsanlegg vil det vere mogleg å variere luftmengd og -temperatur. Varmen i lufta som blir send ut, blir overført til den nye lufta som blir dregen inn i ventilasjonsanlegget. Balansert ventilasjon reinsar lufta for pollen og forureiningar. Ein kan godt opne vindauge sjølv om ein har balansert ventilasjonsanlegg i bygget – også i passivbygg. Dersom det er kaldt ute, vil ein då bruke noko meir energi til oppvarming.
Det er viktig å unngå å byggje inn fukt
Skjerpa energikrav har ført til at det er spesielt viktig ikkje å byggje inn fukt. Dersom fukt blir bygd inn, kan det oppstå mugg-, sopp- og ròtedanning som igjen kan påverke inneklimaet negativt. På grunn av tettare bygg og auka isolasjonstjukkleik tek det no lengre tid å tørke ut bygget enn før. Derfor er det blitt endå viktigare å byggje slik at ein unngår fuktskadar både under bygging og når bygget er i bruk. I tillegg er det viktig at det blir minimalt med luftlekkasjar i bygget. Det krevst andre byggjemetodar enn tidlegare både for å oppnå god tetting av luftlekkasjar i bygg og for å unngå å byggje fukt inn i konstruksjonen.
Regjeringa er merksam på utfordringane som energikrava fører til. Når det skal utarbeidast nye energikrav, kan det vere aktuelt å vurdere om det er behov for tiltak for å fremje kunnskap om korleis vi kan byggje tørt og tett. Det kan til dømes vere behov for utarbeiding av tilvisingar om korleis vi kan unngå innbygging av fukt i bygg.
Boks 4.15 Hus og helse
Temarettleiaren Hus og helse er eitt av fleire verkemiddel regjeringa har teke i bruk for å fremje betre bygningar. Temarettleiaren blei første gong utarbeidd i 1993. Han var då eit opplæringsprogram der nærare 35 000 personar som var engasjerte i bygging og drift av bygningar, deltok i organisert opplæring om korleis ein kan oppnå og ta vare på eit godt inneklima. I 2009 ble ei ny utgåve av Hus og helse utarbeidd. Denne utgåva framheva først og fremst viktige samanhengar mellom dårleg inneklima og konsekvensane for folks helse og komfort. Hus og helse har vore eit samarbeid mellom Direktoratet for byggkvalitet (tidlegare Statens bygningstekniske etat), Husbanken og SINTEF Byggforsk.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere behovet for eit utviklingsprogram for inneklima i samarbeid med byggjenæringa og forskingsinstitusjonar (del av Bygg21).
Regjeringa vil vurdere behov for utarbeiding av tilvisingar om korleis vi kan unngå innbygging av fukt i bygg, og korleis vi kan byggje tett.
4.8 Byggavfall og miljøsanering
Nybygging, rehabilitering og riving av bygg gjev store avfallsmengder. I 2010 genererte bygg- og anleggsnæringa 1,5 millionar tonn, etter SSBs overslag. Det tilsvarar nesten 16 prosent av den totale avfallsmengda i Noreg. Ca. 34 prosent av byggavfallet kom frå nybygging, ca. 31 prosent frå riving og ca. 35 prosent frå rehabilitering. Om lag ein prosent av den totale avfallsmengda frå bygg- og anleggsnæringa blei levert som farleg avfall som kravde særskilt handsaming. Dei største mengdene kjem frå asbest, impregnert trevirke, PCB-haldige isolerglasruter og blåsesand. Det er venta at byggavfallsmengda vil auke i dei næraste åra på grunn av auka byggje- og riveaktivitet.
Stortingsmelding om avfallspolitikk
Regjeringa vil i denne stortingsperioden leggje fram ei stortingsmelding om avfallspolitikk. Tema her vil mellom anna vere avfallsførebygging og ressurseffektivitet, utsiktene til auka gjenvinning og betre handtering av ulike typar avfall, innsamling og handsaming av farleg avfall og opprydjing i forsøpling. Stortingsmeldinga om avfallspolitikk kjem også til å handle om gjennomføringa av EUs rammedirektiv for avfall i Noreg, inkludert krav om å ha nasjonale avfallsplanar og program for avfallsførebygging.
Gjenvinning av bruka materiale
For nybygg/rehabilitering over ein viss storleik er det i dag forskriftskrav om å utarbeide avfallsplan, kartleggje farleg avfall, utarbeide ei miljøsaneringsbeskriving og sortere minst 60 prosent av avfallet. Ein stor del av byggavfallet blir gjenbrukt eller gjenvunne. Mesteparten av dette er betong, metall og asfalt. EUs rammedirektiv om avfall stiller krav om gjenbruk eller materialgjenvinning av 70 prosent av alt byggavfall innan 2020. Klima- og forureiningsdirektoratet er gjeve i oppdrag å skildre status og sannsynleg utvikling på området og eventuelt foreslå nye verkemiddel for å nå målet.
Boks 4.16 Nasjonal handlingsplan for bygg- og anleggsavfall (NHP)
Byggjenæringa har i mange år arbeidd aktivt med å gjenvinne bygg- og anleggsavfall og sortere ut farleg avfall. Dette arbeidet er i stor grad blitt gjort gjennom nettverket til NHP. Resultatet frå denne satsinga er at avfall frå byggjenæringa til deponi er redusert frå 84 prosent (estimat) i 1998 til ca. 38 prosent i 2004. Det blir også samla inn langt meir farleg avfall frå byggsektoren i dag. Direktoratet for byggkvalitet støtter arbeidet i NHP.
Kartlegging av helse- og miljøfarlege stoff i eksisterande bygg
Eksisterande og nye byggjevarer kan innehalde store mengder helse- og miljøfarlege stoff. Vi oppdagar stadig helse- og miljøfarlege stoff i eksisterande bygg som vi ikkje har vore klar over er blitt nytta. I 2009 kartla Klima- og forureiningsdirektoratet eit utval bygningsmateriale for å sjå om dei inneheldt miljøgifter. Dei fann fleire bygningsmateriale med innhald av helse- og miljøfarlege stoff. Det er behov for å gå vidare med dette kartleggingsarbeidet. Regjeringa vil i samarbeid med byggjenæringa også halde fram arbeidet med å kartleggje helse- og miljøfarlege stoff i eksisterande bygg.
Boks 4.17 Farleg avfall
Døme på byggavfall som kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff, er
impregnert trevirke (krom, arsen, kopar og kreosot)
plastbasert isolasjon (bromerte flammehemmarar)
isolerglasvindauge (PCB og klorparafinar)
måling (PCB, bly)
fugemasse og tettemateriale (PCB, klorparafinar, ftalatar)
PVC-basert golvbelegg (ftalatar)
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere å skjerpe krav til utsorteringsgrad, avfallsplan, kartlegging av farleg avfall og miljøsaneringsbeskriving.
Regjeringa vil kartleggje helse- og miljøfarlege stoff i eksisterande bygg for å sikre betre handtering av avfall ved riving/rehabilitering.
4.9 Den totale miljøbelastninga til bygg
Mange faktorar påverkar kor miljøvenleg eit bygg er. Både utforminga av bygg, plasseringa, bruksmønstera, klimapåverknaden, byggjemateriala, overflatehandsaminga, arealeffektiviteten, energibruken, klimagasspåverknaden, vedlikehaldsbehovet og levetida påverkar den totale miljøbelastninga. Derfor er eit bygg som er samansett av miljøvenlege materiale, ikkje naudsynleg eit miljøvenleg bygg gjennom heile levetida.
Heile levetida til bygget må vurderast
For å vurdere den totale miljøbelastninga til eit bygg må vi vurdere av bygget gjennom heile levetida. Det er teke fleire initiativ til dette, mellom anna Økoprofil, Byggenæringens miljøfond og tiltaksmodellen, klimagassregnskap.no, Konsensus og BREEAM NOR. Desse systema har hatt noko ulik framgangsmåte for å vurdere den totale miljøbelastninga. Først når vi har eit system for å vurdere den totale miljøbelastninga til eit bygg, vil vi kunne forstå korleis vi bør byggje for at miljøbelastninga skal bli så lita som mogleg. Regjeringa ser at det er behov for meir kunnskap om den totale miljøbelastninga til bygg, og vil medverke til dette arbeidet. Mellom anna kan erfaringar frå pågåande førebileteprogram og vidare satsing på klimagassregnskapet til Statsbygg gje meir kunnskap om byggs miljøbelastning.
Boks 4.18 BREEAM NOR
BREEAM (Building Research Establishment Environmental Assessment Method) er eit miljøsertifiseringsverktøy for bygg. Dessa miljøaspekta blir vurderte: materiale, vatn, energi, helse og komfort, arealplan, transport, forureining, avfall, leiing og innovasjon.
Ein «assessor» vurderer bygget, og ut frå ei poengutrekning for kvart tema får ein eit sertifikat. Sertifikatet finst i fem nivå avhengig av kor mange poeng ein oppnår. I 2011 blei BREEAM NOR lansert. Det var byggjenæringa i Noreg som tok initiativ til å utvikle BREEAM NOR, der verktøyet er tilpassa norske forhold og lovkrav.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil medverke til å utvikle meir kunnskap om dei samla miljøbelastningane av bygg gjennom heile levetida.
4.10 Økonomiske og administrative konsekvensar
Arkitektur og byggjeskikk: Å halde fram med satsinga på stadutvikling, førebileteprogram- og nettverk, pågåande tresatsingsprogram, vidareutvikling av kompetanseprogram for å heve kvaliteten i dei bygde omgjevnadene, og Byggjeskikknøkkelen, er alle tiltak som omfattar vidareføring og utvikling av pågåande satsingar og kan gjennomførast innanfor rammene av desse. Å lage planar og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk vil medføre arbeid for kommunane, men dette vil i mange tilfelle integrerast i ordinære prosessar. Kostnader ved å styrkje FoU-innsatsen på arkitekturfeltet vil bli avklara som del av Bygg21.
Tryggleik og klimatilpassing: Vurderingar kring behov for regelendringar, styrkt kompetanse og lokale klimaindeksar medførar små kostnader og kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Universell utforming: Evaluering og utgreiing av løysingar for universell utforming og tilgjengelegheit, og informasjonstiltak, kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer. Framlegg om å styrkje kompetansen om universell utforming er vidareføring av pågåande tiltak. For å betre samordninga mellom tilskotsordningane til Husbanken og NAV kan det vere naudsynt med administrative og organisatoriske ordningar. Det pågåande tiltaket med å utvikle eit indikatorsystem for å måle tilgjengelegheit og universell utforming vil finansierast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Inneklima: Vurderingar kring eit utviklingsprogram for betre inneklima kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Byggavfall og miljøsanering: Vurdering av krava til utsorteringsgrad, avfallsplan, kartlegging av farleg avfall og miljøsaneringsbeskriving kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer. Kostnadene ved å innføre eventuelle skjerpte krav vil avhenge av kva nivå som blir vald. Å kartleggje helse- og miljøfarlege stoff i eksisterande bygg, for å sikre betre handtering av avfall ved riving/rehabilitering, kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Fotnotar
Sjå Husbanken.no/byggeskikk.
Forskingsrådet (2009): Arkitektur og kvalitet i omgivelser. Kunnskapsstatus og forskningsbehov. Rapport.
Lisø og Kvande (2007): Klimatilpasning av bygninger, sluttrapport frå Klima 2000, SINTEF Byggforsk.
NOU 2010: 10 Tilpassing til eit klima i endring
Jf. Meld. St. 15 (2011-2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred
http://www.boligprodusentene.no/article645.html
Øyen, C.F., Almås, A-J., Hygen, H.O. og Sartori, I. (2010): Klima- og sårbarhetsanalyse for bygninger i Norge: Utredning som grunnlag for NOU om klimatilpasning, oppdragsrapport for Klimatilpassingsutvalet og Statens bygningstekniske etat, SINTEF Byggforsk.
NOU 2011:11 Innovasjon i omsorg
Vista utredning (2011): Universell utforming av forretningsbygg og helsebygg, rapport utarbeidd på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking 2007.
Prognosesenteret (mars 2011): Aktiviteten i ROT-boligmarkedet. Tala fangar ikkje opp ROT som skjer i regi av burettslag og andre bustadselskap.