3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er ført vidare under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 3 215,7 mrd. kroner ved utgangen av 2010, ein auke på 456,7 mrd. kroner frå utgangen av 2009. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
| 2009 | 2010 | Endring |
---|---|---|---|
SPU | 2 641 995 | 3 080 851 | 438 856 |
SPN | 117 070 | 134 882 | 17 812 |
Statens pensjonsfond | 2 759 065 | 3 215 733 | 456 668 |
3.1 Statens pensjonsfond utland
Inntektene og utgiftene til SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2010 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanspostar (medrekna kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU på 4 prosent.
SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank, og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske verdipapir tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter prinsippet om marknadsverdi. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med bankens drift, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet nemner opp ekstern revisor for Noregs Bank, inkludert forvaltninga av SPU.
Tabell 3.2 nedanfor syner ei resultatoppstilling for SPU, jf. lov om Statens pensjonsfond si oppramsing av resultatelement som inngår i fondet. Tabell 3.3 syner balansen til fondet.
Resultatoppstillinga i tabell 3.2 syner ein netto auke i verdiane i fondet på 438,9 mrd. kroner i 2010. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 276,0 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2010 vart det overført 109,4 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2010 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Stortinget vedtok 17. desember 2010 å avvikla Statens petroleumsforsikringsfond (SPFF) per 31. desember 2010 og å overføra midlane til SPU.2 Overføringa kom på i alt 19,8 mrd. kroner. Inntekt frå avkastning i fondet var 252,4 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem samla 86,1 mrd. kroner3 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 35,2 mrd. kroner kjem frå realiserte vinstar på verdipapir, og 139,6 mrd. kroner kjem frå urealiserte vinstar på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein nedgang i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 8,5 mrd. kroner som følgje av noko styrkt kronekurs i 2010. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit resultat før valutakursregulering og forvaltningskostnader på 263,9 mrd. kroner (jf. spesifikasjon i tabell 3.2, note 5.)
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. For 2010 utgjer dette 166,6 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før.
For 2010 vart det samla overført 165,4 mrd. kroner5. Overføringane fordelte seg slik (tal i mill. kroner).6
Månad | Overføring |
---|---|
Januar | 6 128 |
Februar | 6 113 |
Mars | 10 324 |
April | 10 736 |
Mai | 10 739 |
Juni | 14 006 |
Juli | 13 880 |
August | 13 983 |
September | 20 870 |
Oktober | 21 152 |
November | 37 461 |
Sum | 165 392 |
I 2009 vart det overført 5 180 mill. kroner mindre frå statskassa til fondet enn netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2009. Overføringane for 2010 utgjer 160 212 mill. kroner når ein tek omsyn til at det vart overført for lite i 2009. Dei kontante overføringane i 2010 er etter dette 6 390 mill. kroner mindre enn netto avsetjing til SPU etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2010 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa (tabell 3.3). I tråd med tidlegare praksis vert dette avrekna i overføringane til fondet i det etterfølgjande året.
Samla verdi av fondet ved utgangen av 2010 er bokført til 3 080,9 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 3 074,5 mrd. kroner med tillegg for mellomrekninga på 6,4 mrd. kroner. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.3, der òg bruttotal for balansen til fondet kjem fram.
Kapitalen i SPU er plassert i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Departementet fastsette nytt mandat 8. november 2010, med verknad frå 1. januar 2011. Mandatet kom i staden for forskrifta, tidlegare utdjupande retningsliner frå departementet og forvaltningsavtale med Noregs Bank. Meir om dette står i Meld. St. 15 (2010–2011).
Den 18. mars 2011 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.
Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2010. Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 3 074,5 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet vart 9,6 prosent for heile 2010 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 13,3 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 4,1 prosent.
Verdien av den norske krona styrkte seg 0,1 prosent mot valutakorga til SPU i 2010. Dermed vart verdien av fondet målt i norske kroner tilsvarande lågare. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.
Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2010 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,11 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 1,0 mrd. kroner i 2010, mot 1,4 mrd. i 2009. Samla utgjorde forvaltningsgodtgjersla til Noregs Bank 2 959 mill. kroner i 2010. Dette er nærare spesifisert i note 2 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2010.
Noregs Banks årsmelding er utrykt vedlegg til Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2010.
Tabell 3.2 Resultatoppstilling for SPU1) (tal i mill. kroner)
Tekst | Notar | 2009 | 2010 |
---|---|---|---|
Statens pensjonsfond utland |
|
| |
Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50) | 1 | 279 794 | 275 957 |
Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96) | 2 | - 2 162 | 0 |
Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50) | 3 | - 107 221 | - 109 356 |
Netto avsetjing til SPU over statsbudsjettet | 170 412 | 166 602 | |
Overførte midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond | 4 | – | 19 838 |
Avkastning av plasseringane til fondet | 5 | 191 950 | 252 416 |
Samla endring SPU | 362 362 | 438 856 |
1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.
Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum
Dette talet utgjer netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane på statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2009 | 2010 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 61 501 | 58 830 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 103 733 | 96 779 | |
74 | Arealavgift m.m. | 1 470 | 1 373 | |
Sum kap 5507 | 166 704 | 156 982 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 2 215 | 2 166 |
5509 | 70 | Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 47 | 20 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
24 | Driftsresultat | 98 285 | 100 258 | |
30 | Avskrivingar | 15 268 | 15 720 | |
50 | Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond | 35 | 738 | |
80 | Renter av statens kapital | 6 456 | 6 528 | |
85 | Renter på mellomvære | 13 | - 1 | |
89 | Oppgjer etter garantierklæring | 0 | 875 | |
Sum kap 5440 | 120 058 | 124 117 | ||
5685 | 85 | Utbyte Statoil ASA | 15 489 | 12 818 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 304 512 | 296 104 | ||
UTGIFTER | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
30 | Investeringar | 23 597 | 18 470 | |
50 | Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond | 1 122 | 1 594 | |
2442 | Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen | |||
21 | Særskilde driftsutgifter | 0 | 82 | |
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 24 719 | 20 146 | ||
Sum netto kontantstraum | 279 794 | 275 957 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring til fondet | 279 794 | 275 957 |
Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar
Dette talet utgjer netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 96 i statsbudsjettet. Netto finanstransaksjonar utgjer desse postane på statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2009 | 2010 |
---|---|---|---|---|
1811 | 96 | Aksjekjøp i Statoil ASA | 2 162 | 0 |
Sum finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda | 2 162 | 0 | ||
2800 | 96 | Finanspostar overført til fondet | - 2 162 | 0 |
Rekneskapsført beløp i 2009 er knytt til overføring frå SPU for å finansiera finanstransaksjonar under Olje- og energidepartementet, jf. Kap. 1811 Statoil ASA, post 96 aksjekjøp.
Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet
Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | Tekst | 2009 | 2010 |
---|---|---|---|---|
5800 | 50 | Overføring frå fondet | 107 221 | 109 356 |
Note 4 Inntekt ved overføring av midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond
Stortinget vedtok 17. desember 2010 å avvikla Statens petroleumsforsikringsfond (SPFF) per 31. desember 2010 og å overføra midlane til SPU, jf. Innst. 144 L (2010–2011) og Prop. 47 LS (2010–2011). Overføringa utgjer 19,8 mrd. kroner og er presentert på ei særskild line i resultatoppstillinga ovanfor. Den tidlegare lova om SPFF vart oppheva same dag som fondet vart avvikla.
Note 5 Inntekter frå avkastning i fondet
Noregs Banks resultatrekneskap for SPU:
(tal i mill. kroner): | 2009 | 2010 |
---|---|---|
Renteinntekter av innskot i utanlandske bankar | 462 | 377 |
Renteinntekter av utlån knytte til gjensalsavtalar | 696 | 350 |
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||
– Aksjar og andelar | 488 082 | 207 070 |
– Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 118 971 | 60 316 |
– Finansielle derivat | 7 398 | – 3 552 |
Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar | - 2 571 | - 574 |
Andre rentekostnader | - 60 | - 105 |
Andre kostnader | - 193 | - 9 |
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar1) | 612 785 | 263 873 |
Valutakursreguleringar | - 417 607 | - 8 498 |
Sum resultat | 195 178 | 255 375 |
Forvaltningskostnad | - 3 228 | - 2 959 |
Årsresultat | 191 950 | 252 416 |
1) I note 1 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2010 spesifisert slik (tal i mill. kroner):
| Renter | Utbyte | Inntekt/ kostnad | Real. vinst/tap | Ureal. vinst/tap | Sum |
---|---|---|---|---|---|---|
Renteinntekter på innskot i utanlandske bankar | 377 | 377 | ||||
Renteinntekter på utlån knytte til gjensalsavtalar | 350 | 350 | ||||
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||||||
– Aksjar og andelar | 42 775 | 1 446 | 30 494 | 132 355 | 207 070 | |
– Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 47 077 | 274 | 5 273 | 7 692 | 60 316 | |
– Finansielle derivat | - 2 519 | -538 | - 495 | - 3 552 | ||
Rentekostnad innlån | - 574 | - 574 | ||||
Andre rentekostnader | - 105 | - 105 | ||||
Andre kostnader |
|
| - 9 |
|
| - 9 |
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar | 44 606 | 42 775 | 1 711 | 35 229 | 139 552 | 263 873 |
Summen av renteinntekter (44,6 mrd. kroner), aksjeutbyte (42,8 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (1,7 mrd. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (3,0 mrd. kroner), utgjer 86,1 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1.
Tabell 3.3 Balanse for SPU per 31.12.2010 (tal i mill. kroner)
2009 | 2010 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Konto i Noregs Bank2) | 2 636 815 | 3 074 461 |
Mellomrekning med statskassa1) | 5 180 | 6 390 |
Sum eigedelar | 2 641 995 | 3 080 851 |
Eigenkapital | 2 641 995 | 3 080 851 |
1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2010 vart 6 390 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2010 ei forplikting for statskassa mot fondet, og vert innløyst ved ein auke i overføringa til fondet i 2011. Tilsvarande tal per 31.12.2009 var 5 180 mill. kroner.
2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av SPU fastsett 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):
Eigedelar | 2009 | 2010 |
---|---|---|
Innskot utanlandske bankar | 4 644 | 6 303 |
Utlån knytte til gjensalsavtalar | 191 473 | 255 501 |
Avgjeven kontantsikring | 140 | 0 |
Aksjar og andelar | 1 496 759 | 1 733 378 |
Utlånte aksjar | 150 847 | 162 483 |
Obligasjonar og andre renteberande papir | 918 500 | 1 038 793 |
Utlånte obligasjonar*) | 161 990 | 215 090 |
Finansielle derivat**) | 2 263 | 3 068 |
Uoppgjorde handlar | 17 572 | 4 864 |
Andre krav | 251 | 1 358 |
Sum finansielle eigedelar | 2 944 439 | 3 420 838 |
Gjeld og eigenkapital |
|
|
Kortsiktige innlån | 6 238 | 2 939 |
Innlån knytte til gjenkjøpsavtalar | 109 536 | 132 992 |
Motteken kontantsikring | 154 676 | 172 309 |
Obligasjonar og andre renteberande papir*) | 10 278 | 809 |
Finansielle derivat**) | 8 118 | 9 372 |
Uoppgjorde handlar | 11 925 | 20 358 |
Anna gjeld | 3 625 | 4 639 |
Skuldig forvaltningskostnad | 3 228 | 2 959 |
Sum finansiell gjeld | 307 624 | 346 377 |
Eigenkapital | 2 636 815 | 3 074 461 |
Sum gjeld og eigenkapital | 2 944 439 | 3 420 838 |
*) Frå og med rekneskapen for 2010 er såkalla short-selde obligasjonar ikkje lenger motrekna mot obligasjonar og andre renteberande papir. Short-selde obligasjonar er presenterte på ei særskild line under gjeld i balansen, som obligasjonar og andre renteberande papir. Tala for 2009 er tilsvarande omarbeidde. Sjå note 5 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2010.
**) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare skildra i note 6 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2010. Delar av noten 6 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):
Finansielle derivat per 31.12.2010 | Eksponering | Verkeleg verdi | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kjøpte | Selde | Eigedel | Gjeld | Nettoverdi | ||
Valutahandlar | 29 849 | 0 | 402 | 316 | 86 | |
Børsnoterte futurekontraktar | 16 791 | 17 056 | 43 | 22 | 21 | |
Rentebyteavtalar | 25 002 | 74 689 | 1 847 | 7 300 | - 5 453 | |
Kredittbyteavtalar | 37 092 | 2 246 | 41 | 749 | - 708 | |
Aksjebyteavtalar | 39 | 128 | 21 | 77 | - 56 | |
Sum byteavtalar | 62 133 | 77 063 | 1 909 | 8 126 | - 6 217 | |
Opsjonar | 33 845 | 15 217 | 714 | 908 | - 194 | |
Sum finansielle derivat | 142 618 | 109 336 | 3 068 | 9 372 | - 6 304 |
3.2 Statens pensjonsfond Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.
Folketrygdfondet offentleggjorde 17. mars 2011 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2010. Eigenkapitalen i SPN var 134,9 mrd. kroner ved utgangen av 2010, jf. tabell 3.5 nedanfor. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 87,9 mrd. kroner. Fondet hadde ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 10,3 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 51,1 mrd. kroner per 31. desember 2010. Det er i balansen elles ført opp krav med 0,5 mrd. kroner og gjeld på i alt 4,6 mrd. kroner, der 4,0 mrd. kroner er knytt til kontantsikring og 0,6 mrd. kroner er anna gjeld (først og fremst repohandlar).
I 2010 var inntektene i SPN (medrekna endring i urealiserte vinstar) på 17,9 mrd. kroner, jf. tabell 3.4 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,4 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 2,4 mrd. kroner. Dei realiserte verdipapirvinstane var på til saman 3,4 mrd. kroner, medan urealiserte verdipapirvinstar var på 10,0 mrd. kroner. Netto andre inntekter var negative med 0,4 mrd. kroner. Samla administrasjons- og forvaltningskostnader var 90,9 mill. kroner.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2010. Avkastninga i fondet i 2010 var på 15,3 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i norske renteinstrument var på 7,5 prosent, medan avkastninga på norske aksjar var på 19,1 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 3,7 og 28,2 prosent.
Folketrygdfondets forvaltning av SPN vart i 2010 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.
Tabell 3.4 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)
2009 | 2010 | |
---|---|---|
Renteinntekter | 2 731 | 2 434 |
Aksjeutbyte | 2 004 | 2 443 |
Netto realisert verdipapirvinst/tap frå: | ||
– Renteplasseringar m.m. | 690 | 1 256 |
– Aksjeplasseringar | 290 | 2 119 |
Netto endring urealisert verdipapirvinst/tap frå: | ||
– Renteplasseringar m.m. | - 727 | - 253 |
– Aksjeplasseringar | 24 319 | 10 277 |
Netto andre inntekter | 103 | - 373 |
Sum resultat før kostnader | 29 410 | 17 903 |
Administrasjons- og forvaltningskostnader | 91 | 91 |
Resultat1) | 29 319 | 17 812 |
1) Summen av renteinntekter (2 434 mill. kroner), aksjeutbyte (2 443 mill. kroner) og netto andre inntekter (-373 mill. kroner), med frådrag for administrasjons- og forvaltningskostnader (91 mill. kroner), utgjer 4 413 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1.
Tabell 3.5 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12.2010 (tal i mill. kroner)
| 2009 | 2010 |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Aksjar | 73 292 | 87 915 |
Obligasjonar og sertifikat | 42 792 | 44 894 |
Valutasikringsinstrument og renteswapar | 482 | 590 |
Krav | 606 | 472 |
Bankinnskot | 2 107 | 5 607 |
Sum eigedelar | 119 279 | 139 478 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Eigenkapital SPN | 117 070 | 134 882 |
Gjeld knytt til motteken kontantsikring | 448 | 4 024 |
Anna gjeld | 1 761 | 572 |
Sum gjeld og eigenkapital | 119 279 | 139 478 |