3 Nordens naboar
3.1 Nærområdesamarbeidet
Nærområdesamarbeidet til Nordisk ministerråd omfattar samarbeidet med Russland, Estland, Latvia og Litauen, i tillegg til naboar i vest. Dessutan samarbeider ministerrådet med Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Russlandssamarbeidet er tett knytt til EU-politikken og støttar opp om Den nordlege dimensjonen, der ministerrådet er partnar. Nærområdesamarbeidet omfattar òg innsatsen overfor Kviterussland. Føremålet er å styrkje dialogen mellom dei nordiske landa og nabolanda og å konsentrere det til område der det nordiske samarbeidet kan gje meirverdi og samordning i forhold til nasjonale aktivitetar.
NMRs arktiske samarbeidsprogram
Samarbeidsprogrammet «Berekraftig utvikling i Arktis» (2012-2014) fokuserer på og støttar opp om dei områda der Norden har felles interesser og utfordringar i Arktis. Aktivitetane i programmet har utgangspunkt i strategiane dei nordiske landa har for regionen.
Samarbeidet med naboar i aust
Nordvest-Russland
Ministerrådet legg stor vekt på samarbeidet med Russland. Samarbeidet fokuserer først og fremst på fylka i Nordvest-Russland, og målsetjinga er å bidra til å styrkje kontaktane over grensa og å skape betre føresetnader for økonomisk samarbeid og demokratisk utvikling. Andre prioriterte område er utdanning, forsking, innovasjon og miljø, klima og energi. Arbeidet er forankra i retningslinjene frå Nordisk ministerråd for Nordvest-Russland (2009-2013), som vart vedtekne av samarbeidsministrane i 2008. Nordisk ministerråd har kontor i St. Petersburg, Kaliningrad, Murmansk, Petrozavodsk og Arkhangelsk, som speler ei sentral rolle i gjennomføringa av retningslinjene. Nordisk ministerråd administrerer eit program for kunnskaps- og nettverksutvikling som gjennom støtte til praktisk prosjektsamarbeid skal støtte opp om dei overordna prioriteringane i retningslinjene. Nordisk ministerråd forvaltar òg ei tilskotsordning som skal bidra til samarbeid mellom NGO-ar med nabolanda i aust, mellom dei Russland (sjå eiga omtale).
I mars 2012 vart det halde eit oppstartsmøte for samarbeidet mellom NMR og Russland om utdanning og forsking i kjølvatnet av avtalen som vart inngått hausten 2011. Programmet startar opp hausten 2012.
Samarbeidet med Estland, Latvia og Litauen
Nordisk ministerråd har kontor i Estland, Latvia og Litauen. Verksemda i kontora er styrd av retningslinjer som er felles for dei tre landa. Kontora støttar landa, fagministerråda, dei nordiske institusjonane og sekretariatet i København i utviklinga av felles nordisk samarbeid med dei baltiske landa. Det vert lagt vekt på at samarbeidet skal vere tosidig, der nasjonale og lokale styresmakter, dei frivillige organisasjonane og andre deltakarar i samarbeidet tek del i finansieringa av prosjekt og program og kjem med råd om val av prioriterte område.
Nordisk-baltiske mobilitetsprogram for kultur og næring
Dei nordiske mobilitetsprogramma for kultur, administrasjon og næringsverksemd vart i 2009 opna for at dei baltiske landa kunne delta. Det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet for kultur vart forlenga for perioden 2012–2014 på det nordisk-baltiske kulturministermøtet i Åbo i 2011. Prioriterte område for 2012 er å styrkje mobilitet og nettverksbygging for kulturaktørar, i tillegg til støtte til kunstnarresidensar for profesjonelle kunst- og kulturaktørar.
Kviterussland
Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Nordisk ministerråd samarbeider med EU om støtte gjennom eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Det er etablert eit internasjonalt fond for EHU for å sikre koordinering av støtta og trekkje til seg fleire gjevarar. Fondet vert administrert i nært samarbeid mellom ministerrådet, EU og EHU. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar og samarbeider med EU om gjennomføring av eit prosjekt til støtte for det sivile samfunnet.
Nordisk ministerråds NGO-program
Nordisk ministerråd har ein eiga tilskotsordning for prosjektsamarbeid mellom frivillige organisasjonar i dei baltiske landa, Russland, Kviterussland, Polen og dei skandinaviske landa – det såkalla «NGO-programmet». Midlane vert brukte til å støtte opp under prioriteringane i retningslinjene for Russland, Kviterussland og dei baltiske landa.
Det vidare samarbeidet med naboane i aust
Under den norske formannskapen i Nordisk ministerråd er det sett ned ei arbeidsgruppe som skal føreslå nye retningslinjer for samarbeidet med Russland, Estland, Latvia og Litauen etter 2013. Arbeidsgruppa skal sjå på prioriteringane som skal leggjast til grunn, og på instrumenta som skal brukast for å nå dei oppsette måla. Arbeidsgruppa skal òg ta stilling til om det skal utarbeidast eit samla sett retningslinjer for samarbeidet med Russland og dei baltiske landa. Noreg leier denne arbeidsgruppa.
Naboar i vest
Budsjettposten for samarbeidet med naboar i vest (særleg Canada) prioriterer det marine området, næring, miljø, klima og energi, utdanning og kultur. Budsjettet til samarbeidet med naboar i vest vert primært brukt som såkornsmidlar.
NORA (Nordisk Atlantsamarbeid) er ein nordisk institusjon som arbeider med utviklingstiltak i Nord-Noreg, Vest-Noreg, Island, Færøyane og Grønland. NORA starta i 2011 arbeidet med eit treårig strategiprogram som skal følgjast opp av årlege arbeidsplanar. Dette skjer med utgangspunkt i OECD-analysen og retningslinjene for samarbeidet mellom Nordisk ministerråd og Nordens naboar i vest. Strategien skal styrkje område der regionen allereie har kunnskap, som fiskeri og marine ressursar. Prioritert er òg innovasjon, infrastruktur, styrkt kontakt med våre vestlege naboar i Canada og Skottland og informasjonstiltak for å spreie informasjon om regionen og utveksling av eksempel på «best practices».
3.2 Nordleg dimensjon
Den nye nordlege dimensjonen vart oppretta under den finske EU-formannskapen i november 2006 i Helsingfors. EU, Russland, Island og Noreg er likeverdige partnarar, medan dei fire regionale samarbeidsorganisasjonane og internasjonale finansieringsinstitusjonar (IFI) er deltakarar.
Den nordlege dimensjonen (ND) ligg i kjerneområdet av nordområdepolitikken til Regjeringa sidan han famnar om alle samarbeidsstrukturane og gjennomfører prosjekt på sentrale politikkområde som miljø, transport og logistikk, kultur og helse. Austersjørådet, Nordisk ministerråd, Arktisk råd og sist, men ikkje minst Barentsrådet dekkjer òg desse fagfelta, med unntak av helse for Austersjørådet sin del. Koordinering mellom råda er difor viktig. Noreg arrangerte i januar 2012 eit møte på statssekretærnivå i Oslo. Leiarane for råda drøfta her samarbeidet seg imellom og samarbeidet med ND. Noreg arbeider no for å følgje opp konklusjonane etter møtet. Norsk formannskap i både Nordisk ministerråd og Barentsrådet gjev oss ein god sjanse til å styrkje samarbeidet mellom samarbeidsorgana i nord.
ND er ein dynamisk arena for konkrete samarbeidsprosjekt i nord med samfinansiering og stønad frå IFI. Desse prosjekta vert sette i verk på fire samarbeidsområde, såkalla partnarskap for høvesvis miljø, helse, kultur og transport/logistikk. Partnarskapa er forskjellige i forma, men dei er alle etablerte for å kombinere politikk med ekspertarbeid og praktisk prosjektverksemd. I tillegg vert Northern Dimension Institute (NDI) og Northern Dimension Business Council (NDBC) rekna som ein del av ND-arkitekturen.
Strukturfondet i miljøpartnarskapen NDEP har samla statlege bidrag som utgjer 334 millionar euro. I samarbeid med internasjonale finansieringsinstitusjonar (IFI) har desse bidraga i sin tur utløyst lån og investeringar i eit omfang som svarar til ei tidobling. Dermed har prosjekta no ein totalverdi på over 3,3 milliardar euro. NDEP har vore i drift i elleve år. Noreg har gjeve tilsegn til nye løyvingar på 2,5 millionar euro til prosjekt som gjeld atomtryggleik i NDEP, og 1,2 millionar euro til andre miljøprosjekt.
Noreg deltek aktivt i ND-partnarskapen for helse (NDPHS), som koordinerer åtte prosjekt. Sekretariatet for NDPHS i Stockholm er formelt oppretta med folkerettsleg status, og Noreg har ratifisert avtalen.
Noreg deltekt aktivt i arbeidet med å utvikle ND-kulturpartnarskapen, som vart etablert i 2010. Nordisk ministerråd er sekretariat for kulturpartnarskapen i perioden 2011–2013. Kulturpartnarskapen har som hovudføremål å skape ein plattform for kulturelt samarbeid gjennom å koordinere nettverk, prosjekt og andre kulturaktivitetar innanfor ND-området. Det er eit ønske om å arbeide meir med små og mellomstore bedrifter innanfor felta turisme, kultur og «kreative næringar».
NDs partnarskap for transport og logistikk (NDPTL) vart operasjonell i 2011. Det vert no arbeidd med å etablere eit støttefond som skal gje midlar til studiar og analyser som får prosjekt under partnarskapen nærare gjennomføring. Noreg legg vekt på ei god rollefordeling og eit godt samarbeid mellom arbeidsgruppa for transport under Barentsrådet (Barents Euro-Arctic Transport Area) og NDPTL. På norsk hald er ein oppteken av å utvikle NDPTL på ein måte som passar godt til vår generelle satsing på næringsutvikling, transport og logistikk i nordområda. Det vert mellom anna arbeidd med å definere eit nettverk med transportsamband mellom landa i Den nordlege dimensjonen og å få på plass ei ordning for finansiering av prosjekt.
Næringsrådet (ND Business Council) hadde møte i St. Petersburg i mars 2012. Initiativtakarar er russiske Severstal og finske Fortum OY. Her er deltakarane sterke næringsaktørar i ni arbeidsgrupper. Statoil og Lukoil leier energiarbeidsgruppa. NDI har i år oppretta ei Internett-side med informasjon om ND: http://www.northerndimension.info/
Interreg – det territoriale samarbeidet i EU
Interreg er EU-programmet som skal fremje sosial og økonomisk integrasjon over landegrensene gjennom regionalt samarbeid. Noreg har delteke i samarbeidet sidan 1996. Inneverande programperiode strekkjer seg frå 2007 til 2013.
Det nordiske samarbeidet har hatt mykje å seie for den norske deltakinga i Interreg. Dei europeiske grenseregionale programma byggjer for ein stor del på dei nordiske samarbeidsregionane. Nordiske midlar har i mange tilfelle vorte brukte til å medfinansiere Interreg-prosjekt.
Norske aktørar deltek i prosjekt som speglar viktige samfunnsutfordringar i kvar region, som utkant- og avstandsproblem, tilgang til tenestetilbod i småsamfunn, eit meir effektivt transportsystem, tilgang til informasjonssamfunnet for innbyggjarane og utfordringar for små og mellomstore bedrifter. Dei fleste prosjekta er knytte til attraktivitet og næringsutvikling og til innovasjon, kompetanseutvikling og klima/miljø.
Arbeidet med å førebu programperioden 2014–2020 har starta. Det er sett ned ei nordisk regionalpolitisk arbeidsgruppe som skal følgje opp arbeidet for å sikre at Norden dreg nytte av framtidige program, og for å gje fortløpande innspel til EU-kommisjonen, i tillegg til å førebu utviklinga av nye program for neste periode. For Noreg vil dialogen med dei andre nordiske landa vere avgjerande for dei strategiske prioriteringane som vert lagde til grunn for programma.
3.3 Austersjørådet
Tyskland hadde formannskapen i Austersjørådet frå juli 2011, med Russland i rolla frå juli 2012. Det har vore viktig for Noreg å få dei to landa til å følgje opp dei norske prioriteringane frå vår eigen formannskapsperiode i 2010/11: maritim politikk og kamp mot menneskehandel.
Noreg har arbeidd for at Austersjørådet skal ha nær kontakt og søkje aktivt samarbeid med Nordisk ministerråd. Austersjørådet tilsette i 2012 ein prosjektkoordinator på Nordisk ministerråds kontor i Kaliningrad, som skal førebu konkrete prosjekt i Kaliningrad og tilstøytande regionar i Litauen og Polen, og som kan trekkje på erfaringane ministerrådet har frå regionen. Dei to råda møtest fast ein gong i året med Barentsrådet og Arktisk råd for samordning av aktivitetar.
Noreg arrangerte tidleg i 2012 eit møte på statssekretærnivå for formannskapa i dei fire regionale råda i Nord-Europa og dei fire partnarane i Den nordlege dimensjonen: EU, Russland, Island og Noreg. Ein av konklusjonane frå møtet var at overlapping mellom råda ikkje utgjer noka utfordring sjølv om samarbeidsoppsettet i Nord-Europa kan verke komplisert. Noreg har talt for å vere kontinuerleg innstilt på endringar og tilpassingar både av oppsett, mandat og fordeling av oppgåver. Dette er særleg relevant etter kvart som fleire nye partnarskap kjem på plass under Den nordlege dimensjonen.
Under den tyske formannskapen har energi vore ei hovudprioritering. Tyskland har for eigen del, på grunn av at det tyske atomkraftprogrammet skal avviklast innan 2022, stor interesse av tilgang på alternativ energi og vidareutvikling av det integrerte energisamarbeidet i regionen og i resten av Europa, og landet får sterk støtte frå Estland, Latvia, Litauen og Polen. Dei nordiske landa bidreg til energitryggleiken mellom anna ved å knyte dei baltiske landa til den nordiske marknaden for elektrisk kraft. Medlemslanda i Austersjøregionen har eit nært samarbeid på fagministernivå gjennom Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC).
På regjeringssjefmøtet i Austersjørådet i mai stod dei demografiske utfordringane som alle landa rundt Austersjøen står overfor, sentralt. Mobiliteten som er innebygd i slike demografiske endringar, og presset på velferdsstaten som følgjer av dette, vil òg auke behovet for nærare samordning. Eit regionalt råd som Austersjørådet kan vere godt eigna for slike oppgåver i framtida.
Noreg har både under sin eigen formannskap i Austersjørådet 2010/11 og under dei påfølgjande tyske og russiske formannskapa arbeidd for at Austersjørådet skal engasjere seg i gjennomføringa av EU-strategien for Austersjøregionen. Nordisk ministerråd er allereie inne i fleire av arbeidsprogramma og flaggskipsprosjekta under strategien. Russland er no meir innstilt på å bruke Austersjørådet i gjennomføringa på område som er prioriterte av Austersjørådet sjølv, og som er av gjensidig interesse.
Det nordiske politisamarbeidet er i aukande grad prega av at dei baltiske landa og andre land som grensar til Austersjøen, vert trekte med i det tette operative samarbeidet i Norden. Til dømes involverer det nordiske politi- og tollsamarbeidet (PTN) i aukande grad også andre austersjøland i konkrete politi- og tollsaker, og gjennom Austersjørådets Task Force on Organised Crime (BSTF) vil det operative samarbeidet i aukande grad involvere Russland. Austersjørådet fornya på toppmøtet i juni i år mandatet til BSTF til og med 2016. Noreg skal leie arbeidet frå 2013, og Justisdepartementet har starta arbeidet med å førebu seg til denne oppgåva.
3.4 Barentsrådet
Barentssamarbeidet har sidan starten i 1993 vore den sentrale drivkrafta i det regionale samarbeidet i nord. Det tette samarbeidet mellom regionane og statane gjer Barentssamarbeidet unikt. Den sterke og sjølvstendige rolla regionane speler, sikrar lokal eigarskap og ein jamn straum av idear og samarbeidsprosjekt. Enkelte av desse vert heilt eller delvis vidareførte av andre regionale organisasjonar, til dømes Nordisk ministerråd. Store naturressursar og gode vekstvilkår for nye næringar skapar no ny optimisme og auka internasjonal interesse for Barentsregionen.
Barentssamarbeidet er eit breitt samarbeid som går føre seg på mange nivå og på dei fleste samfunnsområda. Dei sentrale organa i det formelle samarbeidet er Barentsrådet og Regionrådet. Medlemene i Barentsrådet er Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og EU-kommisjonen. Regionrådet omfattar 13 regioner, mellom andre dei tre nordlegaste fylka i Noreg. Noreg er formann i Barentsrådet fram til oktober 2013, og Norrbotten leier i same tidsrommet Regionrådet.
Hovudinnsatsområda for den norske formannskapsperioden er næringsutvikling, miljø og folk-til-folk-samarbeid. Noreg fremjar Barentsregionen som ein ressursregion i Europa. Olje, gass, fisk, tømmer, mineral, metall og ikkje minst høgt utdanna arbeidskraft er viktige fortrinn. Barentsregionen forsyner verda med store mengder råvarer. Gjennom ulike arrangement i formannskapsperioden ønskjer vi å bidra til ei berekraftig og miljøvennleg industri- og teknologiutvikling i regionen. Utviklinga av nye kanalar for transport og logistikk er viktig for folk i nord og for mineralindustrien, som er prega av stor aktivitet. Det vert gradvis opna opp for nye moglegheiter med den nordlege sjøruta, og hamner og sjøtransport er i aukande grad viktig for Barentssamarbeidet. Transport og logistikk er difor høgt prioritert på lokalt, regionalt, nasjonalt og europeisk plan. Den norske formannskapen for transportsamarbeidet har lagt fram eit forslag om å lage ein felles plan for utvikling av transportinfrastrukturen i Barentsområdet. I samband med dette skal det mellom anna haldast ein konferanse og eit ministermøte våren 2013.
Urfolk har ein framståande plass i Barentssamarbeidet. Skal ny næringsutvikling lukkast, må han ta omsyn til deira tradisjonelle levesett, kunnskapar og erfaringar. Under formannskapen arrangerer Noreg eit seminar om urfolksinteresser og mineralnæringa. Her vil urfolk og mineralindustrien kunne drøfte korleis utviklinga òg kan vareta lokale behov og interesser. Noreg støtter arbeidsgruppa for urfolksspørsmål både politisk og økonomisk og arbeider for å styrkje samarbeidet mellom urfolka i regionen.
Det vert lagt til grunn høge miljøkrav for næringsutvikling i regionen. Under den norske formannskapen har arbeidet med dei mest kritiske miljøutfordringane, såkalla «Hot Spots», hatt framgang. Noreg er òg ein sentral pådrivar i arbeidet med å ferdigstille ein klimahandlingsplan for Barentsregionen.
Dei to Barentssekretariata i Kirkenes er viktige for samarbeidet, og Utanriksdepartementet har i 2012 inngått ein treårig avtale med det norske Barentssekretariatet. Avtalen gjev sekretariatet større rom til å planlegge bruken av prosjektstøtta som skal forvaltast.
Det internasjonale Barentssekretariatet (IBS) er ein viktig ressurs og sikrar god kontakt med alle medlemsstatane. Saman med det norske Sametinget finansierer Utanriksdepartementet ein urfolksmedarbeidar til det internasjonale Barentssekretariatet.
I regi av Barentsrådet er det etablert ein komité som tek seg av samarbeid og vidareutvikling av grenseoverskridande redningsfaglege problemstillingar i Barentsregionen. Ein multilateral redningsavtale for Barentsregionen tredde i kraft 17. mai 2012. Noreg, Russland, Sverige og Finland er partar i avtalen. Føremålet med avtalen er gjensidig bistand over landegrensene i krisesituasjonar og ved redningsoperasjonar.
Øvingsserien Barents Rescue vert gjennomførd annakvart år. Øvinga forenklar og forbetrar kommunikasjon, koordinering og samarbeid mellom sivile og militære einingar som er involverte i krisehandtering i Barentsregionen. Noreg ved Justisdepartementet koordinerer neste øving, som finn stad i september 2013.
Det parlamentariske samarbeidet i Barentsregionen er viktig. Stortinget er vertskap for den sjette parlamentarikarkonferansen for Barentsregionen. Denne konferansen skal haldast i Harstad 22.24. april 2013.
Statsministeren har invitert kollegaene sine frå Barentslanda og EU til å markere 20-årsjubileet for Barentssamarbeidet i Kirkenes 3. og 4. juni 2013. Markeringa vil målbere framtidsvisjonar for regionen og skal involvere unge menneske. Ei ny Kirkenes-erklæring om vidare samarbeid og perspektiv i Barentsregionen skal etter planen underteiknast under statsministermøtet.
3.5 Arktisk råd
Sverige overtok formannskapen i Arktisk råd etter Danmark i mai 2011. Canada skal overta etter Sverige. Med den svenske formannskapen er vi inne i ein samanhengande periode på seks år med nordiske formannskapar som tek slutt i 2013.
Auka politisk merksemd og effektivisering av arbeidet i rådet har vore nokre av prioriteringane for den norske, danske og svenske formannskapen. På ministermøtet i Nuuk i 2011 vart det mellom anna vedteke kriterium for opptak av nye faste observatørar. Arktisk råd har no ti søknader om observatørstatus til behandling. Det er opp til ministermøtet i Kiruna i 2013 å avgjere om søknadene oppfyller dei vedtekne kriteria.
Den svenske formannskapen har ansvar for å følgje opp avgjerda om å leggje det permanente sekretariatet for Arktisk råd til Tromsø. Statssekretærmøtet i Stockholm i mai 2012 godkjende alle dei praktiske forordningane som var nødvendige for at sekretariatet skal vere i drift ved byrjinga av den kanadiske formannskapen. Sekretariatet vil styrkje arbeidet i Arktisk råd og bidra til å markere Tromsø som eit kraftsentrum i norsk og internasjonal polar samanheng.
Klimaendring er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk råd. Dei siste åra har dei ulike arbeidsgruppene i rådet lagt fram ei rekkje rapportar om hovudelementa i arktisk klimaendring. Etter norsk initiativ godkjende statssekretærmøtet i Stockholm eit viktig prosjekt som skal identifisere strategiar for tilpassing til klimaendringane, Adaptation Actions for a Changing Arctic.
Eit anna hovudfokus for arbeidet i rådet er konsekvensane det får for miljø og urfolk at havisen trekkjer seg tilbake, men òg dei perspektiva for auka menneskeleg aktivitet som opnar seg med dette. Den største utfordringa i Arktis for rådsmedlemmene er å finne balansen mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen har trekt seg tilbake. Arktisk råd samarbeider om m.a. status-/konsekvensanalysar av olje-/gassverksemd og skipsfart i Arktis, retningslinjer for petroleumsverksemd offshore, miljøvern og retningslinjer for heilskapleg ressursforvaltning.
Auka ressursutnytting og trafikk i arktiske farvatn gjer det nødvendig å vurdere oljevernberedskapen i desse farvatna. Ministermøtet i Nuuk gav mandat til at det vert oppretta ei arbeidsgruppe for å forhandle fram eit oljeverninstrument i Arktis. Føremålet med instrumentet er å styrkje samarbeidet landa imellom om aksjonar og respons ved oljeutslipp til det arktiske marine miljøet. USA, Noreg og Russland leier arbeidsgruppa, som truleg vil ha eit ferdig forhandla utkast til avtale klart i løpet av våren 2013. Når avtalen er godkjend av ministermøtet, vil det bli den andre juridisk bindande avtalen som er forhandla fram i regi av Arktisk råd.