4 Administrasjon og ressursar
Datatilsynets budsjett og rammevilkår
Datatilsynet hadde i 2008 eit budsjett i overkant av kr. 26 millionar. Vesentlege delar av dette går til å dekkje lønnskostnader. To millionar var øyremerkte kommunikasjonsprosjekt. På bakgrunn av det sterke presset personvern er sett under, er ein aktiv kommunikasjon med publikum viktig. Dette krev monalege ressursar. Departementet har derfor dei siste åra valt å tilføre Datatilsynet midlar for å setje tilsynet i stand til å styrkje sitt informasjonsarbeid om rettar og plikter etter personopplysningsloven. Datatilsynet har fått mykje positiv merksemd om informasjonsarbeidet sitt, særleg arbeidet retta mot barn og unge. For å leggje til rette for at Datatilsynet skal kunne halde fram med det gode arbeidet, har Regjeringa auka tilsynets budsjett ytterlegare i inneverande år. Datatilsynet er tildelt midlar til tre nye prosjekt som no skal setjast i gang. Dette er dei nemnde prosjekta om oppretting av hjelpelinje for internettkrenkingar, personvern i skolen og informasjonstryggleik og internkontroll, irekna bruk av personvernombod, i norske verksemder.
Personvern er ikkje berre ei nasjonal sak. Særleg problemstillingar knytte til Internett, gir personvernarbeidet internasjonal dimensjon. Samarbeid med tilsynsmyndigheiter i andre land er derfor viktig. Datatilsynet deltek blant anna i EUs Art. 29-gruppe, som er EUs rådgivande organ i personvernspørsmål. Det er oppretta fleire undergrupper under Art. 29- gruppa, og Datatilsynet er aktiv i fleire av dei. Ein del av tilsynets budsjett er derfor bunden opp i reiseutgifter. Departementet deler Datatilsynets vurdering av at internasjonalt samarbeid er viktig, og støttar tilsynets prioritering i denne samanheng.
Personvernnemndas budsjett og rammevilkår
Personvernnemndas sekretariat består av ei deltidsstilling, og har i meldingsåret vore samlokalisert med Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Nemnda er fornøgd med sekretariatsordninga, og regjeringa meiner ordninga fungerer godt. Nemndas budsjett er i inneverande år på kr. 1,6 millionar.
Det er gjennomført 9 nemndmøte og eit tilsvarande tal saker er avgjorde. Saksmengda i Personvernnemnda har dei siste åra vore forholdsvis stabil, men sakene ser jamt over ut til å ha blitt meir komplekse og av meir prinsipiell art. Arbeidsmengda har derfor auka noko, trass i at talet på saker har vore stabilt. Det er viktig at Personvernnemnda også framover har ein beredskap for auke i tal på saker og/eller arbeidsmengd, slik at ein unngår lang saksbehandlingstid.
Ved utgangen av 2008 hadde leiar og nestleiar pluss to medlemmer av Personvernnemnda fungert i to periodar av fire år, og kunne dermed ikkje oppnemnast på ny. Det er viktig at Personvernnemnda gjennom sine arbeidsmetodar sikrar ein viss kontinuitet ved skiftet av leiing. Stortinget utnemnde hausten 2008 ny leiar og nestleiar av Personvernnemnda, og dei andre fem medlemmene av nemnda blei utpeikte av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. I arbeidet med å finne nye nemndmedlemmer la Fornyings- og administrasjonsdepartementet vekt på at nemnda i arbeidet sitt skal vege personvernomsyn og andre samfunnsomsyn mot kvarandre. Nemnda må ha så vel juridisk som teknologisk kompetanse i tillegg til god kompetanse på andre viktige samfunnsområde. I tillegg til faglege kvalifikasjonar, blir det òg lagt vekt på ei viss geografisk spreiing når Personvernnemnda blir sett saman.