4 Utvikling i 2017 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem
Ved utgangen av 2017 fekk totalt 103 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
4.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2017 var det 75 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på fem personar og ein tilgang på tre personar. Per 31. desember 2017 var talet på alderspensjonistar derfor 73 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 11 224 kroner per månad. Kvinner fekk 10 693 kroner, medan menn fekk 11 539 kroner.
I 2017 tok tre personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 67 år.
Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt. Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 74,5 år for kvinner og 79,4 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 77,6 år.
4.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2017 var det to uførepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore vedtatt ein uførepensjon med tilbakeverkande kraft til 2015. Det har òg vore éin avgang i 2017. Per 31. desember 2017 var talet på uførepensjonistar derfor to personar.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2017.
Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 25 856 kroner per månad, og gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 57,0 år.
4.3 Etterlatnepensjon
Ved inngangen til 2017 var det 23 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på éin person og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2017 var talet på ektefellepensjonistar derfor 26 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 7 432 kroner per månad.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 81,2 år for kvinner og 64,0 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 78,6 år.
Ved utgangen av 2016 var det fire personar som tok imot barnepensjon. To av barnepensjonane opphørte 31. desember 2016. Ved inngangen til 2017 var det derfor to personar som tok imot barnepensjon. Det har verken vore tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i løpet av året. Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon var 5 477 kroner per månad.
4.4 Rekneskap for 2017
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 14 537 627 kroner til pensjonar og 372 947 kroner til administrasjonskostnader. Dette er litt meir enn i 2016.