Meld. St. 10 (2023–2024)

Noregs fiskeriavtalar for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023

Til innhaldsliste

3 Fiskeriavtalane for 2024

3.1 Oversikt over avtalane

Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltinga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane der Noreg deltek.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for den norske medverknaden i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltingsforum:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet.

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet.

3.2 Rammeavtalar og overeinskomstar med andre statar

Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2024 med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane og Grønland. Noreg har òg samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen. Figur 3.2 gjev ei oversikt over dei tosidige og tresidige avtalane Noreg inngår.

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige og tresidige avtalane Noreg har med andre land.

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige og tresidige avtalane Noreg har med andre land.

Fleirparts kyststatsavtalar

Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvalting og fordeling. Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild og kolmule for 2024. Fisket etter lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen vil for sesongen 2023–2024 skje i samsvar med rammeavtalen frå 2018. Sidan partane i fisket etter snabeluer i Irmingerhavet, med unntak av Russland, er samde om at det ikkje skal fiskast på denne bestanden, har det ikkje vore kyststatsmøte på fleire år (sjå nærmare omtale i kapittel 3.4.1).

Figur 3.3 gjev ei oversikt over kyststatsavtalane.

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek.

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek.

Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne havet, å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvalting og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar – dei såkalla RFMO-ane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i, finst i figur 3.4.

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar som Noreg deltek i.

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar som Noreg deltek i.

Delegasjonane

Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei ulike fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem, skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet. I tillegg deltek representantar frå dei ulike næringsorganisasjonane. Dei seinare åra har òg Troms og Finnmark statsadvokatembete, Kystvakta og Sametinget vore medlemmer av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det blir vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.

3.2.1 Noreg – Russland

Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen av 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen av 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltinga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.

Med bakgrunn i avtalane har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde.

Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtaler òg gjensidig rett til å delta i fisket i sonene til kvarandre og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk, og det blir utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram. Noreg og Russland har forvaltingsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltingsreglane for torsk og hyse vart i 2021 førte vidare for fem nye år. Partane vart i 2023 samde om å halde fram arbeidet med forvaltingsreglar for reke, blåkveite og snabeluer og å revidere forvaltingsreglane for lodde. Partane er samde om å forvalte kongekrabbebestanden og snøkrabbebestanden kvar for seg i sine respektive område, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats på dei årlege sesjonane.

Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk og nordaustarktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. Snabeluerkvoten er fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.

Det er lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er baserte på vitskaplege analysar. Det er òg utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.

2024-avtalen

Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands fullskala militærangrep på Ukraina og har innført historisk strenge sanksjonar. Det bilaterale samarbeidet vårt med Russland er nedskalert til eit minimum. Samstundes har Noreg eit ansvar for å forvalte fiskeriressursane i Barentshavet på ein måte som sikrar framtidig hausting av ressursane. Samarbeidet innan forsking, regulering og kontroll er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting av dei bestandane Noreg og Russland forvaltar. Dette er av stor betyding, også for andre land som får kvotar til fartøya sine basert på avtalar med Noreg. Noreg har difor valt å føre vidare fiskerisamarbeidet med Russland.

Kvoteavtalen for 2024 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Oslo og Moskva 21. oktober 2023, på den 53. sesjonen til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Kommisjonsmøtet vart halde som videokonferanse. Russiske forskarar er mellombels suspenderte frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Kvoteråda for 2024 for dei fellesbestandane vi forvaltar saman med Russland, vart difor utarbeidde i ei bilateral arbeidsgruppe mellom Havforskingsinstituttet og det russiske forskingsinstituttet VNIRO. Arbeidsgruppa har følgt metodikken og rammeverket til ICES for bestandsvurdering og rådgjeving.

Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er førte opp i tabell 3.1. Tabell 3.2 og 3.3 viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.

Tabell 3.1 Fastsette kvotarfor fellesbestandane i Barentshavet i 2024 (tonn).

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til Russland

Kvotar til tredjeland

Nordaustarktisk torsk1,2

453 427

191 124

200 124

62 179

Nordaustarktisk hyse1

141 000

70 605

61 605

8 790

Blåkveite

21 250

10 823

9 638

789

Lodde

196 000

117 550

78 450

Snabeluer

70 164

48 518

14 630

7 016

1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.

2 Eksklusive norsk kysttorsk.

Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2024 (tonn).

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

47 000

Blåkveite

10 073

Lodde

117 300

Snabeluer

48 518

Reker

4 650

Grønlandssel

7 000 dyr

Steinbit

2 500

Flyndre

200

Andre artar

500

Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2024 (tonn).

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

47 000

Blåkveite

8 888

Lodde

78 200

Sei

12 100

Steinbit

5 000

Uer og snabeluer

16 830

Kolmule

26 628

Norsk vårgytande sild

49 999

Andre artar

2 500

Partane vart samde om ein totalkvote for nordaustarktisk torsk på 453 427 tonn i 2024. Dette inneber ei vidareføring av forsvarleg og berekraftig forvalting av bestanden. Totalkvoten er delt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Dette er ein nedgang på 113 357 tonn frå kvoten for i fjor. Den norske kvoten for 2024 er 212 124 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk og inntil 7 000 tonn som kan avsetjast til forsking. For nordaustarktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 141 000 tonn. Dette er ein nedgang på 29 067 tonn frå 2023. Noreg og Russland vedtok òg kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvotane til neste år eller fiske inntil 10 prosent av kvoten for neste år på forskot.

Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest, og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Avtalen for 2024 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.

Loddekvoten for 2024 vart fastsett til 196 000 tonn. Den norske kvoten utgjer 117 550 tonn. Dette er tredje året på rad det blir opna for eit loddefiske.

Det vart òg fastsett ein totalkvote for blåkveite på 21 250 tonn i 2024, ein nedgang på 3 750 tonn frå 2023.

For snabeluer er kvoten sett til 70 164 tonn for 2024. Det er ein auke på 3 385 tonn frå 2023.

Noreg og Russland vart òg samde om å halde fram med arbeidet med ein forvaltingsplan for reker, blåkveite og snabeluer og med revidering av forvaltingsplanen for lodde.

Marin forureining blir sett på som ei stadig større global utfordring, og det er òg eit veksande problem i Barentshavet. Partane er samde om å kjempe mot marin forureining som kjem frå fiskeriaktivitet, gjennom erfaringsutveksling.

Kontrollsamarbeid

Noreg og Russland har sidan starten av 1990-åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utvalet for forvaltings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa og utvekslar informasjon om kvotar, fangstdata og landingsdata.

Noreg og Russland er samde om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i reguleringsområdet til NEAFC og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å vere på den andre parten sine fartøy for å observere under inspeksjonane.

Noreg og Russland er òg samde om å føre vidare arbeidet i Analysegruppa, som er samansett av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for dei nordlege havområda og Russlands sikkerheitsstyresmakt si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa gjer ei felles vurdering av fangstuttaket og samkøyrer informasjon på fartøynivå om fiskeriaktiviteten for både norske, russiske og tredjelands fartøy og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til 2007. Det er i åra 2009–2022 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Ulike grupper i Fiskerikommisjonen har arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet eller Norskehavet.

3.2.2 Noreg – EU – Storbritannia

Fleire av bestandane i Nordsjøen vandrar mellom fiskerisoner i Noreg, EU og Storbritannia. Bestandar som tidlegare vart forvalta i fellesskap mellom EU og Noreg, blir no forvalta mellom Noreg, EU og Storbritannia. Dette samarbeidet bør formaliserast i ein overordna rammeavtale mellom partane. Partane har likevel, med grunnlag i den folkerettslege plikta om å samarbeide om forvalting av bestandar som vandrar mellom fleire fiskerisoner, møttest for å semjast om totalkvotar for nordsjøbestandane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild. I tillegg har nye forvaltingsmetodar for sild og torsk, samarbeid om vitskapleg forsking, kontroll og andre forvaltingsspørsmål stått på agendaen.

Etter tre forhandlingsrundar underteikna partane ein trepartsavtale 8. desember 2023 om kvotar for 2024.

Noreg og EU har tidlegare hatt forvaltingsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ta seg av omsynet til ei forsvarleg forvalting og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er eit viktig verktøy for forvaltarane. Når forvaltinga no er mellom tre partar, er forvaltingsplanar endå viktigare. I avtalen for 2024 har partane difor avtalt å vidareføre og prioritere arbeidet med forvaltingsplanar det kommande året.

Partane er òg samde om å arbeide for å betre fiskemønsteret i Nordsjøen. Særleg er dette viktig for torsk, kor bestandsberekninga har gjennomgått ein ny metoderevisjon. Revisjonen har ført til at det vi tidlegare behandla som éin bestand i Nordsjøen, no er delt inn i tre underbestandar. I tillegg er utbreiingsområdet gjort større. Det ser ut til at den nye inndelinga av torskebestanden viser at tilstanden er ulik avhengig av kvar i Nordsjøen underbestandane er. Den nye inndelinga i tre underbestandar tyder på at torsk lengst sør i Nordsjøen, som er underbestanden forskarane har kalla «Southern», er i svært dårleg forfatning. Underbestanden «Viking», som vi finn lenger nordaust og i Skagerrak, er i relativt god stand. Den nordvestlege underbestanden, «Northwestern», som vi mellom anna finn i nordvestlege delar av Nordsjøen ved Storbritannia, er tilsynelatande i god stand (sjå nærmare omtale i kapittel 4.3).

Partane treng tid til å vurdere den nye rådgjevinga og bli samde om korleis dei tre underbestandane best bør forvaltast. Dette arbeidet vart starta i 2023 og vil halde fram i 2024.

Det er framleis viktig å minske utkast gjennom bruk av tekniske reguleringar som stengde felt og stengde periodar for å verne småtorsk, og å betre selektiviteten i fiskereiskapane. Noreg, EU og Storbritannia skal òg styrkje samarbeidet om kontroll, og fører vidare arbeidsgruppa om kontroll for nordsjøbestandane i 2024.

Tilstanden på bestandane i Nordsjøen har jamt over hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Kvotane har for fleire av bestandane gått opp frå i fjor. Seikvoten er auka med 25 prosent og er på 73 815 tonn. Kvoten på nordsjøsild vart på 510 323 tonn, noko som er ein auke på 28,7 prosent.

Det står òg betre til med torskebestanden i Nordsjøen og Skagerrak enn det har gjort dei tre siste åra, og dette førte til semje om å auke kvoten frå 21 652 tonn i 2023 til 24 900 tonn i 2024. Torskebestanden er likevel ikkje heilt friskmeld, og det er framleis behov for tiltak av dei slaga som er nemnde ovanfor.

Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2024 (tonn).

Fiskeslag

Totalkvote

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Kvotar til Stobritannia

Torsk

24 900

4 233

9 054

11 613

Hyse

101 421

23 327

12 769

65 325

Sei

66 876

34 776

23 995

8 105

Kviting

76 697

7 670

19 420

49 607

Raudspette

136 413

9 549

90 755

36 109

Nordsjøsild

510 323

147 994

258 784

103 545

3.2.3 Noreg – EU

Avtalen om byte og tilgang i Nordsjøen og andre område

Noreg og EU har sidan 1978 inngått årlege kvoteavtalar om fisket til Noreg og EU i Nordsjøen, norsk fiske vest om Dei britiske øyane og EU-fisket i den økonomiske sona til Noreg i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Dei årlege kvoteavtalane har grunnlag i ein bilateral rammeavtale som tok til å gjelde i 1980. Avtalen inneheld føresegner om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten. Partane har såleis i mange år hatt eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, men dette ansvaret ligg no, som tidlegare nemnt, på alle tre partar, inklusive Storbritannia.

Tabell 3.5 Byte av kvote mellom Noreg og EU i Nordsjøen og andre område i 2024 (tonn).

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Sei

1 125

Lange

500

Brosme

50

Brisling

10 000

Reker

50

Lysing

1 870

Andre artar

500

1 650

Tunge

5

Breiflabb

900

Sjøkreps

250

Kolmule

48 000

Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62º N i 2024 (tonn).

Fiskeslag

Kvotar

Norsk-arktisk torsk

9 983

Norsk-arktisk hyse

500

Sei

550

Blåkveite (bifangst)

175

Anna (bifangst)

175

Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2024 (tonn).

Fiskeslag

Kvotar til Noreg

Reker

1 700

Blåkveite

975

Skolest og isgalt

95

Uer

750

Lodde1

10 000

1 Loddekvoten kan fiskast på Island.

Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2024 (tonn).

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

3 559

115

3 444

Hyse

6 233

262

5 971

Kviting

676

12

664

Raudspette

18 250

365

17 885

Reker

4 253

1 982

2 271

Sild

29 735

3 964

25 771

Brisling

26 278

1 971

24 307

Eit viktig element i kvoteavtalen har vore byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest for Irland. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået på og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Etter Brexit har dette endra seg, ettersom mykje av dei kvotane Noreg tidlegare bytte til seg frå EU, vart fiska i britisk farvatn. Når britane no ikkje lenger er ein del av EU, er byteforholdet annleis.

Kontroll

Arbeidet med kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Samarbeidet mellom Noreg og EU omfattar til dømes utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeriaktivitet frå tredjeland og annan relevant informasjon. Posisjonsrapportering og elektronisk fangst- og aktivitetsrapportering er viktige reiskapar i kontrollverksemda, begge regulerte i eigne avtaler mellom Noreg og EU.

2024-avtalen

Som nemnt blir totalkvotane avtalte i trepartsavtalen mellom Noreg, EU og Storbritannia. Det som står igjen for Noreg og EU å avtale, er byte av kvotar og sonetilgang, i tillegg til vidare framdrift i samarbeidet om kontroll. Noreg og EU vart samde om ein avtale 8. desember 2023. Partane gjennomførte tre forhandlingsrundar, og i år som tidlegare år var særleg spørsmål om sonetilgang blant dei vanskelegaste i forhandlingane.

Avtalen om fiske i Skagerrak/Kattegat

EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegner av Danmark og Sverige. Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har landa territorialfarvatn ut til 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.

I den årlege avtalen fastsettast totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

For fisket i Skagerrak og Kattegat i 2024 vart Noreg og EU samde om ein avtale 8. desember 2023.

Opphøyr av ordninga med grensekryssande fiske i Skagerrak

Noreg har i lengre tid vore oppteken av å styrkje kontrollen og handhevinga av fiskeria i norsk økonomisk sone i Skagerrak. I Skagerrak har norske, danske og svenske fartøy kunna praktisere eit såkalla grensekryssande fiske. Det inneber at fartøya har kunna fiske kvar som helst i området (utanfor 4 nautiske mil), utan å måtte heve reiskapen når dei har kryssa grensa mellom dei ulike økonomiske sonene i Skagerrak, slik som elles i Nordsjøen. Denne praksisen har ført til dårleg oversikt over uttaket og svekt kontroll og handheving.

Dette temaet har lenge versert mellom Noreg og EU, og ein har forsøkt å finne tekniske løysingar som sikrar ein tilstrekkeleg god kontroll, samstundes med at fiskarar skal kunne drive det grensekryssanse fisket. Stortinget tok òg opp spørsmålet i handsaminga av Meld. St. 8 (2021–2022). Ein har ikkje lykkast med å finne passande tekniske løysingar, og Noreg avgjorde difor i november 2022 at grensekryssande fiske skulle stanse frå 1. januar 2024. Frå 1. januar i år vart det dermed forbode for norske, svenske og danske fartøy å krysse grensa til og frå norsk økonomisk sone utan først å heve reiskapen. Utanlandske fartøy må òg sende meldingar om grensepassering før dei entrar eller forlèt norsk økonomisk sone. Dette vil sikre at Noreg kan få kontroll på fisket i si eiga økonomiske sone. Forbodet mot grensekryssande fiske er ei oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak i Innst. 293 S (2021–2022).

Sverige-avtalen

Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk betyding for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein nabolandsavtale om fiskeri som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med eit avgrensa fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.

Sverige-avtalen for 2024 vart underteikna 8. desember 2023.

Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i Nordsjøen i 2024 (tonn).

Norsk økonomisk sone sør for 62º N

Kvotar

Torsk

382

Hyse

707

Sei

880

Lyr og kviting

190

Reker

123

Sild

1 128

Makrell

322

Industrifisk (augepål, kolmule, tobis)

800

Fiske i dei nordlege farvatna

Heilt sidan første gongen torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard vart kvoteregulert, i 1986, har det blitt gjeve ein torskekvote til fartøy frå EU-land. Denne kvoten har vore ein fast del av totalkvoten for torsk avtalt mellom Noreg og Russland, og er ein del av dei såkalla tredjelandskvotane i kvotefordelinga som blir avtalt med Russland. Prosentsatsen vart i si tid rekna ut på grunnlag av tredjelands fiske i det området som vart fiskevernsona, som del av det samla torskefisket i alle område, i tiåret før sona vart oppretta i 1977.

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU og den felles fiskeripolitikken frå 2021, vart den delen av fisket i referanseperioden som britiske fartøy hadde stått for, trekt ut. Dette var parallelt til, men med motsett forteikn frå, den metoden som vart brukt for den tidlegare austtyske og polske delen, då desse vart inkluderte i andelen til EU-fartøy.

Denne reguleringa vekte reaksjonar både frå EU og frå Storbritannia, og det vart ført samtalar med begge partar utover i 2021. Med Storbritannia kom vi til ei forståing i desember 2021. Dette er omtalt i stortingsmeldinga om fiskeriavtalane for 2022, kapittel 3.2.4 Noreg – Storbritannia.

EU reagerte særleg på at prosentsatsen som vart nytta for deira fartøy i 2021, var betrakteleg lågare enn den dei sjølve hadde brukt i avtalen som var gjort mellom EU og Storbritannia om deling av kvotar i samband med at Storbritannia gjekk ut av EU. Frå norsk side vart dette avvist. Til dette vart det påpeikt frå norsk side at det er opp til Noreg å fastsetje kvotar i dei norske sonene, og at EU og Storbritannia ikkje har rett til å avtale noko om desse kvotane.

28. april 2022 kom vi til ei forståing med EU om fiske i dei nordlege farvatna, på same måte som med Storbritannia i desember 2021. Forståinga er basert på at det er Noreg, og Noreg aleine, som kan fastsetje reguleringar av fisket i fiskevernsona. Ho inneheld òg ei anerkjenning av at det etablerte fiskerisamarbeidet mellom kyststatane i nord har gjeve berekraftige resultat gjennom mange tiår.

Forståinga gjekk vidare ut på at Noreg fastsette ein høgare torskekvote for 2022 enn for 2021, for fartøy frå medlemsstatar i EU. EU skulle på si side gjennomføre visse tekniske reguleringar for å fremje berekraftig fiske i området. Desse gjeld (1) å forby bruk av den såkalla oppsamlingsposen, som samlar opp bifangst av botnfisk som blir sortert ut av sorteringsrista i trålen ved rekefiske i Smottholet, (2) å anerkjenne og fastsetje ein kvote som er stadfesta av kyststatane, for uer til fiske i internasjonalt farvatn i Norskehavet og (3) å avrekne bifangst av torsk i rekefisket i Smottholet mot torskekvoten som Noreg gjev for fiskevernsona.

Frå norsk side stadfesta vi at torskekvoten for fartøy frå EU-land vil bli fastsett etter ein høgare prosentsats enn den som vart nytta i 2021, og gjennomførte dette allereie i 2022. Frå EU si side stadfesta dei at dei ville fastsetje nokre reguleringar for sitt fiske i internasjonalt farvatn i Barentshavet og Norskehavet slik Noreg har ønskt.

Dette var eit viktig resultat, som har til formål å sikre eit samla berekraftig fiske, og som byggjer opp under den etablerte modellen for forvaltinga av ressursane i området. Dette burde difor ha blitt sluttstreken for ein årelang diskusjon mellom Noreg og EU om reguleringa av desse fiskeria.

EU har likevel framleis ikkje implementert dei to førstnemnde tiltaka. Desse tiltaka er i den seinare tida blitt internasjonal folkerett gjennom vedtak i NEAFC, men EU har reservert seg mot dei. Gjennom heile 2023 har det vore ei omfattande møteverksemd på alle nivå, i tillegg til brevveksling på politisk nivå, i forsøk på å bringe saka vidare. For å gje EU tid til å gjennomføre interne prosessar for implementering av forståinga vedtok Noreg i desember 2022 ein midlertidig kvote i tråd med forståinga for første kvartal i 2023. Denne kvoten vart seinare forlengd til 30. april 2023.

Trass i fleire forsøk kom ein likevel ikkje vidare i saka. Dette førte til at Noreg for heile 2023 fastsette ein kvote basert på 2021-nivået, men med eit tillegg som tilgodesåg at EU sa seg villig til å avrekne bifangst av torsk i rekefisket i Smottholet frå sin kvote. Dette er i samsvar med forståinga, som slår uttrykkjeleg fast at Noreg vil halde fram med å tildele kvote etter den høgare satsen så lenge EU oppfyller sin del av forståinga. EU har på si side fastsett ein høgare kvote på nivå med den politiske forståinga, men for eit større geografisk område, som òg omfattar Smottholet.

Torskekvoten til EU for 2024 er sett med utgangspunkt i den same prosentsatsen som i fjor, noko som motsvarer 9 869 tonn. Også i år har EU på si side fastsett ein høgare kvote, på nivå med forståinga (12 424 tonn), og også i år gjeld kvoten for eit større areal.

Før, under og etter at vi kom fram til forståinga, hadde Noreg gjort det heilt klart kva som var forventa av EU-kommisjonen når det gjaldt implementering av tiltak, for at torskekvoten skulle fastsetjast i tråd med nivået i den politiske forståinga. Frå norsk side ønskjer vi framleis å ha dialog med EU, i håp om å oppnå stabilitet i forvaltinga av dei nordlege bestandane.

3.2.4 Noreg – Storbritannia

Noreg og Storbritannia inngjekk i 2020 ein overordna rammeavtale om fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan inngå avtalar om sonetilgang og kvotebyte, og vidare inneheld rammeavtalen føresegner om berekraftig ressursutnytting, samarbeid om forsking, kontroll og lisensiering.

Forholdet mellom Noreg og Storbritannia på fiskeriområdet er godt. Vi har tidlegare samarbeidd om kontroll av norske og britiske fartøy som fiskar i statane sine respektive jurisdiksjonsområde. Langt på veg deler Noreg og Storbritannia synet på overordna prinsipp for fiskeriforvalting, som no kjem til uttrykk i rammeavtalen frå 2020.

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU og frå 1. januar 2021 ikkje lenger var omfatta av den felles fiskeripolitikken til EU (EU Common Fisheries Policy, CFP), har landet blitt ein viktig kyststat for bestandar som er delte mellom Noreg, Storbritannia og andre kyststatar i Nordaust-Atlanteren. Tradisjonelt har tilgang til å fiske i farvatn som no er britiske jurisdiksjonsområde, vore viktig for Noreg.

Noreg og Storbritannia inngjekk for første gong ein bilateral avtale om tilgang og kvotebyte for 2022. Avtalen vart vidareført i 2023 og for i år. For botnfisk er partane samde om ein samlekvote som inneber at vi har avtalt gjensidig tilgang til ein samlekvote på 30 000 tonn botnfisk i norske og britiske farvatn i Nordsjøen (inkl. områda rundt Shetland). I dei norske reguleringane har vi delt denne samlekvoten på ulike fiskeartar som sei, lange, brosme, torsk, hyse og lysing. Målet med ordninga er å føre vidare fisket slik det var tidlegare.

Lenger vest i britisk farvatn har Noreg bytt til seg 600 tonn sei, 900 tonn lange og 450 tonn brosme pluss nokre kvotar til å dekkje bifangst. Storbritannia har bytt til seg 700 tonn breiflabb og 20 tonn blålange. I norsk økonomisk sone i Barentshavet har britane bytt til seg 700 tonn torsk.

Når det gjeld det pelagiske fisket, fekk Noreg ein avtale om tilgang til å fiske 20 000 tonn nordsjøsild i britisk farvatn, medan Storbritannia fekk tilgang til å fiske 20 000 tonn norsk vårgytande sild i norsk farvatn.

Fiske i dei nordlege farvatna

Hausten 2021 var det ført samtalar med Storbritannia om ei forståing om fiske i dei nordlege farvatna.

Storbritannia har i denne forståinga stadfesta at dei ikkje vil drive fiske i dei nordlege farvatna (dei såkalla ICES-områda 1 og 2) ut over kvotar tildelte av kyststatane (Noreg og Russland) eller etter samarbeid og konsultasjonar med desse kyststatane, med unntak for fiske i internasjonalt farvatn i Norskehavet (Smotthavet) på bestandar som Storbritannia sjølv er kyststat til. Storbritannia har òg stadfesta at dei anerkjenner Noreg sine suverene rettar og jurisdiksjon i fiskevernsona ved Svalbard. Dette er uavhengig av den ulike forståinga som Noreg og Storbritannia har av det geografiske verkeområdet for regelen om lik handsaming ved fiske i Svalbardtraktaten.

Noreg har stadfesta at vi til gjengjeld vil tildele ein viss kvote på torsk til britiske fartøy i fiskevernsona ved Svalbard, innanfor den avsetjinga som blir gjord for slikt fiske frå tredjelandsfartøy i denne sona i kvotefordelinga avtalt mellom Noreg og Russland, så lenge Storbritannia held seg til denne forståinga.

Dette vil byggje opp under den eksisterande forvaltingsmodellen i desse områda, gjennom samarbeidet mellom Noreg og Russland, og bidra til å sikre at totalkvotane for dei ulike bestandane ikkje blir overfiska. Storbritannia har i forståinga anerkjent at dette norsk-russiske samarbeidet har sikra berekraftige fiskeri.

Begge partar har lojalt følgt opp forståinga, òg når det gjeld forslag til relevante vedtak på årsmøta i NEAFC i november 2022 og 2023.

Storbritannia stemte for det norske forslaget i 2022 om å forby bruken av det vi kallar ein oppsamlingspose i rekefisket i internasjonalt farvatn. Dette forbodet, som vart vedteke mot stemmene frå EU og Island, som begge seinare reserverte seg mot vedtaket, har som formål å redusere bifangsten av særleg torsk og blåkveite i rekefiske. Storbritannia stemte vidare for det norske forslaget, både i 2022 og 2023, om storleiken på kvota av uer i internasjonalt farvatn i Norskehvavet. I 2023 vart dette forslaget vedteke mot stemma kun frå EU, som seinare reserverte seg også mot dette vedtaket.

3.2.5 Noreg – Færøyane

Noreg og Færøyane vart 12. desember 2023 samde om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2024. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i bytet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får lange/blålange, brosme og makrell av Færøyane. I tillegg får Noreg fiske delar av sin kolmulekvote i færøysk fiskerisone mot at Færøyane får fiske noko torsk og hyse som dei har bytt til seg frå Russland i norske farvatn.

Norske fiskarar får ein kvote for 2024 på 2 600 tonn lange/blålange, 1 300 tonn brosme og 600 tonn andre artar som bifangst. Noreg får òg 6 600 tonn makrell. Makrellkvoten kan fiskast i den økonomiske sona til Noreg eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 53 600 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 345 tonn torsk, 980 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opptil 5 800 tonn torsk, 550 tonn hyse og 350 tonn andre artar som bifangst i norske farvatn.

I avtalen forpliktar Færøyene seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor jurisdiksjonsområda til Noreg og Russland.

3.2.6 Noreg – Grønland

Noreg og Grønland vart 28. november 2023 samde om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar for 2024. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt og omfattar òg kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg tradisjonelt mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar får i 2024 ein kvote på 4 000 tonn nordaustarktisk torsk, 750 tonn nordaustarktisk hyse, 650 tonn nordaustarktisk sei og inntil 425 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite) i havområda under norsk jurisdiksjon.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor jurisdiksjonsområda til Noreg og Russland.

I 2024 kan Noreg fiske følgjande kvantum i sona til Grønland:

  • ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite

  • ved Aust-Grønland: 375 tonn blåkveite, 500 tonn uer fiska med botntrål/line, 540 tonn brosme, 150 tonn skolest, 30 tonn kveite og 325 tonn bifangst av andre artar

  • ved Aust- og Vest-Grønland: 1 350 tonn torsk

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2024. Forskingssamarbeidet blir vidareført i tråd med rammeavtalen frå 1992.

3.2.7 Noreg – Island (Smottholavtalen)

Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet. Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen får Island tildelt eit kvantum nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62º N.

Island kan etter dette fiske 4 074 tonn nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62º N i 2024. I tillegg kjem ein bifangstkvote på andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaustarktisk torsk. For 2023–2024-sesongen er den norske loddekvoten relatert til Smottholavtalen på 19 578 tonn. Den samla norske loddekvoten på denne bestanden er større, ettersom Noreg òg har ein del som kyststat gjennom fiskerisona ved Jan Mayen. Lodde kan òg inngå i kvotebytet med EU, ved at EU har fått lodde frå Grønland gjennom avtalen dei har med Grønland.

Per 28. februar 2024 er det enno ikkje funne lodde nok til å fastsetje ei kvote og opne for eit loddefiske denne sesongen.

Det er avtalt i Smottholavtalen at dersom det ikkje blir loddefiske, skal «partene innlede forhandlinger om alternativ kompensasjon». Dei siste gongene dette har vore aktuelt, har kompensasjonen vore at den islandske torskekvoten deretter har blitt redusert og dette kvantumet har blitt overført til den norske torskekvoten.

Figur 3.5 Sildefiske ein tidleg dag i november.

Figur 3.5 Sildefiske ein tidleg dag i november.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet.

3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

3.3.1 Forvaltinga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild er som regel mellom dei største fiskebestandane i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda.

18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltinga av NVG-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av NVG-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltingsplanen partane vart samde om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg samde om tosidige avtalar om sonetilgang.

Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane vart opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje greidd å bli samde om ein ny fempartsavtale.

I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017, 2018 og 2019 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av at Færøyane auka sin eigen part på kolmule, vedtok Noreg å auke sin part for NVG-sild frå 61 prosent til 67 prosent i 2017, til 70 prosent i 2018 og via 73 prosent til 76 prosent i 2023, basert på sonetilhøyrsla NVG-silda har til norske farvatn.

For 2024 har partane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 390 010 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane blir fastsette unilateralt. Kyststatane er samde om å halde fram forhandlingane om ein ny fordelingsavtale i 2024.

Noreg har sett ein unilateral andel på 65,6 prosent NVG-sild i 2024 for å bidra til å ta ned overfisket på bestanden.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda blir oppdatert.

I rapporten går forskarane òg gjennom metodikk for å berekne sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten vart oppdatert til kyststatsmøtet hausten 2022 og vil òg bli oppdatert i åra framover.

Storbritannia deltok for første gong på kyststatsmøtet hausten 2020 og skreiv under avtalen på lik line med dei andre partane. Kyststatane vart i eit møte våren 2021 samde om at EU ikkje lenger er kyststat for NVG-sild, men at Storbritannia no har fått denne statusen.

3.3.2 Forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Trepartsavtalen om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gong underteikna 12. juni 1989. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen er fastsetjinga av kvoten, andelsfordelinga mellom partane og tekniske reguleringar for gjennomføringa av sjølve fisket. Det er lodde i Jan Mayen-sona som gjer at Noreg blir rekna som kyststat til denne loddebestanden. Avtalen frå 2018 innebar ei endring i fordelinga mellom landa, basert på biologiske forhold og vandringsmønsteret til lodda dei seinare åra. Noreg sin eigardel er 5 prosent. I tillegg til kyststatsandelen får Noreg overført lodde frå Island gjennom den såkalla Smottholavtalen. Noreg byter òg til seg lodde frå EU via kyststatsandelen til Grønland. Denne kvoten kan òg fiskast i islandsk farvatn.

Når det gjeld sesongen 2023–2024, er det per 28. februar 2024 enno ikkje funne lodde nok til å fastsetje ei kvote og opne for eit loddefiske denne sesongen. I vilkåra for fiske i islandsk farvatn, er Noregs siste fiskedato 22. februar. Dersom resultata frå tokta og rådgjevinga tilseier eit loddefiske, vil vilkåra for fiske i islandsk farvatn vere dei same i 2024 som i tidlegare år. Det betyr at Island kan fiske Noregs uutnytta kvote mot full kompensasjon i form av kvote til Noreg i den følgjande sesongen. Det har blitt bedt om forlenging av sesongen for norske fartøy, slik avtalen gjev grunnlag for når kvote vert fastsett seint, men Island har per 28. februar 2024 ikkje teke stilling til dette.

Etter kyststatsforhandlingar mellom partane hausten 2022 valde Island å seie opp rammeverket for lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen den 12. oktober 2022. Fisket går likevel som normalt i sesongane 2022–2023 og 2023–2024, i samsvar med oppseiingsklausulen i dette rammeverket frå 2018.

Forhandlingane om ein ny avtale er i gang, og starta med at Grønland og Island kravde at den norske andelen skulle reduserast til 1 prosent. Etter grundige avvegingar har vi komme til å måtte godta dette. Forhandlingane vil no halde fram om andre forhold i avtalen og om vilkåra for fiske i den islandske økonomiske sona. Det at fisket berre går føre seg der, er årsaka til at Island har ein sterk forhandlingsposisjon i denne avtalen.

Figur 3.6 Sildefiske på Kvænangen.

Figur 3.6 Sildefiske på Kvænangen.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet.

3.3.3 Forvaltinga av kolmule

Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltinga av kolmule 16. desember 2005. Denne har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først avsette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland), og så delte kyststatane det resterande kvantumet.

Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten har EU kravd ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev òg ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lykkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å bli samde både om storleiken på totalkvoten og om ein ny forvaltingsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastset sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og er rekna for å vere innanfor føre-var-rammer. Planen blir følgd for 2024 òg.

I forhandlingane for 2024 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 1 529 754 tonn. TAC er basert på rådgjeving frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES. På same måten som for norsk vårgytande sild deltok Storbritannia for første gong i forhandlingane om kolmule hausten 2020.

3.3.4 Forvaltinga av makrell

Sjølv om makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei seinare åra, er bestanden på veg nedover. Hausten 2023 vart kyststatane samde om ein totalkvote (TAC) på 739 386 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES for 2024 og inneber ein reduksjon frå rådet for 2023 på om lag 5,5 prosent.

Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell, som i 2018 vart forlengd ut 2020. Noreg hadde primært ønskt å føre vidare denne avtalen med fire partar etter at Storbritannia vart ein sjølvstendig kyststat i 2021. Storbritannia var ikkje villig til å føre vidare elementet om gjensidig løyve til å fiske i sonene til kvarandre, som var eitt av to hovudelement i det gamle avtaleverket og svært viktig for den norske flåten. Det var difor ikkje grunnlag for å inngå nokon ny avtale. Med bakgrunn i dette sette Noreg, til liks med dei andre partane, ein eigen einsidig kvote i 2021 og 2022. Noreg sin einsidige kvote svarer til 35 prosent av den totale kvoten. Storleiken på den norske kvoten er basert på sonetilhøyrslerapportar som viser at makrellen har sonetilhøyrsle i norske farvatn. Så å seie heile kvoten (høvesvis 97,6 og 99,7 prosent) vart fiska i norsk økonomisk sone i 2021 og 2022.

Trass i ei rekkje forhandlingsrundar vart kyststatane til makrell ikkje einige om fordeling av makrellbestanden i 2023. I fråvær av ei fullstendig avtale, inngjekk Noreg og Storbritannia, som er dei to største «makrellnasjonane», ei tosidig avtale om forvaltning av makrellen for 2023. Avtalen sikra mellom anna den norske flåten høve til å fiske om lag 60 prosent av Noregs makrellkvote i britiske farvatn og bidrog også til at det samla fiskepresset på makrellen vart noko redusert. Avtalen var meint å være ein første byggestein i ei meir omfattande avtale med fleire kyststatar.

Kyststatane har starta opp nye forhandlingar vinteren 2024 med formål om å oppnå ein ny kyststatsavtale. Frå norsk side blir det lagt vekt på at det må vere ein klar samanheng mellom sonetilhøyrsla til makrellen, det vil seie kor mykje og kor lenge makrellen oppheld seg i kvar økonomiske sone, og eigardelane partane til slutt endar opp med. I vente på ein eventuell kyststatsavtale om makrell har Noreg sett seg ein førebels kvote på 100 000 tonn.

3.3.5 Forvaltinga av uer

Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne havet i Norskehavet. Bestanden det blir fiska på, er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten.

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten etter utgreiinga konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er òg kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne havet i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjelands bifangst i fiskevernsona ved Svalbard.

Andelen til internasjonalt farvatn har blitt diskutert gjennom fleire år, og det er særleg EU som ikkje har akseptert denne. Under årsmøtet i NEAFC i november 2023 fekk Noreg for første gong aksept i NEAFC for ei regulering med ein kvote basert på 5,9 prosent, noko som vil seie 4 139 tonn for 2024, for fiske på det opne havet i Norskehavet, i tråd med den avsetjinga Noreg og Russland er samde om. Forslaget fekk støtte frå Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), Island og Storbritannia, medan EU røysta imot og har reservert seg mot vedtaket. Russland hadde ikkje betalt medlemskontingenten sin i tide til årsmøtet og fekk difor ikkje røyste (sjå nærmare omtale av årsmøtet i kapittel 3.4.1).

Snabeluer i Irmingerhavet

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og observatørane EU, Noreg, Storbritannia og Russland.

Under årsmøtet i NEAFC i 2021 fremja Island og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland) eit forslag om å ikkje hauste snabeluer i Irmingerhavet i 2022, 2023 og 2024. EU, Noreg og Storbritannia røysta for forslaget, medan Russland røysta imot og har reservert seg mot vedtaket. Forslaget vart dermed vedteke. Under årsmøtet i 2023 vart det vedteke eit revidert forslag som saman med nullkvote inneber innstrammingar med forbod mot å tilby omlastings-, forsynings- og støttetenester til fartøy i internasjonalt farvatn med fangstar av bestanden om bord. EU, Noreg, Island, Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland) og Storbritannia røysta for forslaget, medan Russland har reservert seg mot vedtaket for 2024 òg. Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var vesentleg høgare enn tilrådinga frå ICES i 2023 òg, fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og tilrådinga frå ICES, har gjeve seg sjølv ein svært høg kvote.

3.4 Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar

3.4.1 Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

NEAFC skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg, Russland og Storbritannia. Sekretariatet ligg i London.

Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med og utvikle ei meir økosystembasert forvalting av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor dei økonomiske sonene til partane. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor dei økonomiske sonene til partane, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkommande part ønskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).

Figur 3.7 Konvensjonsområdet til NEAFC ligg innanfor dei stipla linene, myndigheitsområde er merkte i oransje.

Figur 3.7 Konvensjonsområdet til NEAFC ligg innanfor dei stipla linene, myndigheitsområde er merkte i oransje.

Fiskerireguleringar for 2024

NEAFC har i første rekkje ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partar og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Desse er omtalte i kapitla ovanfor.

Gjennom kyststatsavtalen for kolmule blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. Dette blir regulert av NEAFC. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sin del av totalkvoten på dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.

Kyststatsforhandlingane for kolmule for 2024 vart ikkje fullførte før årsmøtet. Avgrensinga på 121 767 tonn for fiske i internasjonalt farvatn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland, vart difor vedteken ved postavrøysting i etterkant av årsmøtet. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 390 010 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. I tråd med kyststatsavtalen for makrell for 2024 vedtok årsmøtet òg ein totalkvote på 739 386 tonn. Partane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.

Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld òg ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå forskarane og kvoten som er sett av i avtalen, la Noreg fram eit forslag om ei NEAFC-regulering for 2024. Forslaget til regulering med ein kvote på 4 139 tonn for fiske på det opne havet i Norskehavet fekk fleirtal med støtte frå Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), Island og Storbritannia, medan EU røysta imot og har reservert seg mot vedtaket. Russland hadde ikkje betalt medlemskontingent i tide til årsmøtet og fekk difor ikkje røyste.1

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg, Russland og no også Storbritannia. Island har, i tråd med ICES-rådgjevinga, ønskt eit forbod mot direktefiske i fleire år, noko Noreg har støtta. Forslaget har tidlegare ikkje fått tilstrekkeleg fleirtal, men dette endra seg på årsmøtet i 2020 og vart igjen vedteke under årsmøtet i 2021 og gjeld ut 2024. Under årsmøtet i 2023 vart det vedteke eit revidert forslag som saman med nullkvote inneber innstrammingar med forbod mot å tilby omlastings-, forsynings og støttetenester til fartøy i internasjonalt farvatn med fangstar av bestand om bord. NEAFC-forbodet mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet er i tråd med tilrådinga frå forskarane. Russland har i etterkant av årsmøtet reservert seg mot vedtaket, og forbodet gjeld difor ikkje for fartøya deira.

På årsmøtet i 2020 vart NEAFC-forboda mot direktefiske etter blålange med botnreiskap i gyteperioden og eit forbod mot direktefiske etter raud keisarfisk vedtekne. Det første forbodet gjaldt ut 2023 og vart på årsmøtet i 2023 vedteke for fire nye år, det andre gjeld ut 2024. Kontraktspartane vart òg samde om å føre vidare reguleringa av fisket etter hyse ved Rockall og dessutan om å føre vidare ei rekkje forbod mot direktefiske etter fleire haiartar og skater.

Områdeforvalting

NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stengje enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I åra etter har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor reguleringsområde til NEAFC som er stengde for botnfiske.

Alle tiltaka som er vedtekne om stengde område og botnfiske, er element i oppfølginga NEAFC har gjort av fire relevante resolusjonar i perioden mellom 2006 og 2016 og FAO-retningslinene om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske og vern av sårbare marine økosystem.

Regelverket inneber at reguleringsområdet til NEAFC er delt inn i tre kategoriar: stengde område, eksisterande botnfiskeområde og avgrensa botnfiskeområde. Dei stengde områda er område der sårbare marine økosystem er påviste og ICES har tilrådd stenging. I tillegg til å liste opp dei stengde områda definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde og dermed opne for fiske. Område som verken er stengde for botnfiske eller omfatta av eksisterande fiskeområde, utgjer dei avgrensa botnfiskeområda. Desse er ikkje opne for ordinært botnfiske, men NEAFC kan gje løyve til forsøksfiske i områda. Regelverket stiller strenge krav til slikt prøvefiske. Mellom anna skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske, og sjølve forsøksfisket er underlagt eigne rapporteringsreglar. Fartøya må òg ha observatørar om bord. I etterkant av eit forsøksfiske skal det gjennomførast ei evaluering for å vurdere om eit botnfiske vil kunne ha betydeleg negativ påverknad på dei sårbare marine økosystema i området, og om det dermed bør stengjast, eller om området kan bli opna som eit eksisterande botnfiskeområde. Dersom fartøy i ordinært fiske eller i forsøksfiske støyter borti sårbare marine økosystem (korallar og svamp), pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte seg minst to nautiske mil bort frå staden med sårbare økosystem.

I tråd med krava i NEAFC-regelverket gjennomførte NEAFC i 2019 ei evaluering av om reguleringa har vore effektiv når det gjeld vern av sårbare marine økosystem. Evalueringa konkluderte med at reguleringa fungerer etter formålet, men foreslo likevel enkelte forbetringspunkt. Desse har blitt diskuterte i dei permanente arbeidsgruppene i NEAFC dei siste åra, og oppfølgingsarbeidet held fram i 2024.

Årsmøtet vedtok òg å melde inn dei stengde områda i reguleringsområdet til NEAFC som andre effektive arealbaserte bevaringstiltak (OECM-tiltak) til konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Innmeldinga av dei stengde områda vil synleggjere korleis fiskeriforvalting bidreg til at ein når handlingsmåla for berekraftig bruk fram mot 2030 (sjå nærmare omtale av CBD i kapittel 2.3).

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til posisjonsrapportering rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting.

På årsmøtet i 2018 vedtok partane omfattande endringar i kontroll- og handhevingsregelverket. Formålet var å leggje til rette for implementering av eit nytt og heilelektronisk rapporteringssystem. Det har dei siste åra blitt følgt opp med utvikling av fleire tekniske løysingar for implementering av det nye systemet. Dei nye rapporteringskrava tok til å gjeld 15. januar 2024. Noreg må ha implementert dei nye løysingane innan to år.

3.4.2 Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Det overordna målet til NAFO er å bidra til langsiktig bevaring og berekraftig bruk av fiskeriressursane i konvensjonsområdet og til samstundes å bevare dei marine økosystema der desse ressursane finst.

NAFO har 13 medlemsland: Canada, Cuba, Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Frankrike (på vegner av Saint Pierre og Miquelon), Island, Japan, Noreg, Russland, Storbritannia, Sør-Korea, Ukraina og USA. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet. Det gjeld USA, Canada, Frankrike (på vegner av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Halifax i Canada.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og har innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvalting, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg ratifiserte den reviderte konvensjonen i 2009, og konvensjonen vart gjeldande 18. mai 2017.

Figur 3.8 Konvensjonsområdet til NAFO.

Figur 3.8 Konvensjonsområdet til NAFO.

Fastsette kvotar for 2024

Den viktigaste bestanden for Noreg i NAFO er torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.8), der vi har ein kvoteandel på 9,25 prosent. Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i 3M opna igjen i 2010. Partane vedtok ein totalkvote for fisket i 2024 på 11 708 tonn, noko som er ein auke på 49 prosent frå fjorårskvoten på 6 100 tonn. Bestanden har over tid hatt ei svak rekruttering, men det kan sjå ut til at måtehald i kvotefastsetjinga dei seinaste åra har hatt effekt og bidrege til å betre tilstanden for bestanden. Sjølv om vi ser lyspunkt og små teikn til betring, er det likevel grunn til å overvake bestanden nøye og ha ei forsiktig tilnærming dei neste åra.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med tilrådinga frå havforskarane, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Bestandssituasjonen for reker i 3M såg ut til å ha blitt noko betre, og i tråd med tilrådinga frå forskarane vart fisket opna med verknad frå 1. januar 2020. Fisket vart igjen lukka i 2021 i tråd med vitskapleg rådgjeving, og fisket har vore stengt sidan då.

Rekefisket i 3M er regulert med fiskedøgn, noko som er eit lite tilfredsstillande reguleringsregime. Hausten 2023 møttest partane for å drøfte moglegheitene for å gjere om fiskedøgnsreguleringa til eit kvoteregime. Diskusjonen var eit framhald av forhandlingane frå året før. Noreg og EU hadde i forhandlingane i 2022 lagt fram eit felles forslag om konvertering til eit kvoteregime og fordeling av kvotar mellom relevante kontraktspartar. Dette forslaget vart godt motteke i 2022 og vart diskutert på nytt under rekemøtet i 2023. Også Canada, USA, Frankrike (på vegner av St. Pierre og Miquelon) og Russland la fram forslag til eller presenterte tankar om ein modell for konvertering frå fiskedøgn til kvotefordeling mellom partane. Partane lykkast heller ikkje denne gongen med å bli samde om eit nytt forvaltingsregime eller om noka kvotefordeling.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane var i åra etter samde om behovet for ein reduksjon, men vart ikkje samde om å redusere den totalt tillatne fangsten like mykje som forskarane tilrådde. Noreg og fleire land røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane sa. Då bestanden vart ytterlegare redusert, vart partane på årsmøtet i 2014 samde om å innføre fiskeforbod for denne bestanden òg. Fisket har sidan vore stengt.

Rådgjevinga for 2024 stadfesta at situasjonen for rekebestanden i reguleringsområde 3L er svak, og årsmøtet vedtok å vidareføre moratoriet for 2024. Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Som følgje av den svake bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten, og forbodet vart vidareført for 2024.

I 2017 vart det vedteke ein ny forvaltingsplan for blåkveite. Forvaltingsplanen har gått ut, men etter sensitivitetsvurderingar har ein funne at han framleis eignar seg godt til å regulere fisket. For 2024 vart det i tråd med denne forvaltingsplanen fastsett ein totalt tillaten fangst på 11 228 tonn. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp i 30 000 tonn eller meir, har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som blir sett av til land utan fast kvotedel.

Regulering av fiske med botnreiskapar

I tråd med fire relevante resolusjonar i perioden mellom 2006 og 2016 har NAFO lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAOs retningsliner for djuphavsfiske på det opne havet.

Ulike område i konvensjonsområdet er delte inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ønskjer å nytte nye reiskapstypar, eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.

Ei evaluering av NAFO-regelverket for vern av sårbare marine økosystem, som den gongen omfatta 19 stengde område, vart avslutta i 2021. På bakgrunn av evalueringa har nye område gradvis blitt omfatta av reguleringa. Per i dag er i alt 27 område stengde fram til utløpet av 2026. Dette omfattar 15 område med konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem, og 12 undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte seg minst to nautiske mil bort frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna pliktar fartøya å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske (UUU-fiske) har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til posisjonsrapportering, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som innebar implementering av FAOs hamnestatsavtale mot UUU-fiske.

3.4.3 Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 88 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvalting og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot forbodet og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC å få på plass eit revidert forvaltingsregime for å opne for kommersiell kvalfangst utan å lykkast. Japan la i 2018 fram eit forslag til reform av organisasjonen utan å lykkast. Forslaget tok sikte på mellom anna å opne for alminneleg berekraftig kvalfangst. Som ei følgje av nederlaget og lang tid med frustrasjon over IWCs dysfunksjon melde Japan seg ut av IWC 26. desember 2018. Japans utmelding vart gjeldande 30. juni 2019.

Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i vitskapskomiteen til IWC. 2024-kvoten er sett til 1 157 vågekval. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det òg kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

Figur 3.9 Underområde i forvaltinga av vågekval.

Figur 3.9 Underområde i forvaltinga av vågekval.

I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførte dei siste seks åra. Samstundes skal oppdelinga av havområdet i underområda vurderast på nytt. Tilpassingar av simuleringsmodellane til fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltingsstrategiar har teke mykje tid og vart fullførte ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltingsprosedyren vil ein ha ei gjennomgåande trygg forvalting av vågekvalen. Dette vart handsama og godkjent på årsmøtet til vitskapskomiteen i 2022 og gjeld for ein ny seksårperiode.

3.4.4 Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der IWC ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), og sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.

Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvalting av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar dei store kvalartane òg. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene. På grunn av situasjonen i Ukraina opptrer Russland ikkje som aktiv observatør til NAMMCO.

NAMMCO har lykkast godt i arbeidet med å forbetre fangstmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, og frå Japan, USA og Canada, deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre fangstmetodane og setje standardar for fangst på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek dessutan i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.

3.4.5 Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis forvaltar konvensjonen med same namn. CCAMLR-kommisjonen vart etablert i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CCAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen. Det er Utanriksdepartementet som leier den norske delegasjonen til CCAMLR, der mellom anna Nærings- og fiskeridepartementet deltek.

Mandatet til CCAMLR om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i formålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ønskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.

CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvalting og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske etter tannfisk.

Figur 3.10 Konvensjonsområdet til CCAMLR og dei ulike underområda.

Figur 3.10 Konvensjonsområdet til CCAMLR og dei ulike underområda.

Fiskeri

Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av kril og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan òg på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. Det er såleis opent for eit «olympisk fiske», der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.

Det er store krilressursar i Sørishavet. Anslag for opphavleg biomasse er 60 millionar tonn i det havområdet der det blir fiska i dag, som i hovudsak er dei vestlege delane av Atlantisk sektor og langs Antarktishalvøya. I dette området har CCAMLR vedteke ein totalkvote på 5,61 millionar tonn. Likevel er fangsten etter råd frå vitskapskomiteen avgrensa til maksimalt 620 000 tonn. Og for å hindre for stort fiskepress i enkeltområde der kril er viktig mat for fugl og pattedyr, er denne totalfangsten fordelt på fire av underområda viste i figur 3.10. Dei siste åra har totalfangsten av kril vore mellom 100 000 og 420 000 tonn. Den norske flåten fiskar årleg om lag 50–67 prosent av den samla fangsten av kril i havområda rundt Antarktis. Dei norske krilfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør som tek prøvar av fangstane og rapporterer til CCAMLR om gjennomføringa av fisket, bifangst av fisk, eventuelle tilfelle av skadar på fugl og pattedyr.

Den samla fangsten i det kvoteregulerte fisket etter tannfisk i Antarktis har dei siste åra lege kring 15 000 tonn årleg av dei to artane som blir fiska. Dette er eit svært lågt fangstnivå sett i forhold til det svære geografiske området fiskeriet skjer i. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har ikkje notifisert fartøy for dette fisket i 2024.

Miljø og forsking

Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i havområda rundt Antarktis, òg når det gjeld forskinga på kril. Noreg gjev viktige bidrag til dette arbeidet. Mellom anna starta Havforskingsinstituttet i 2011 eit program for overvaking av kril ved Sør-Orknøyane som enno held fram. Ved hjelp av fartøy frå krilindustrien gjennomfører instituttet eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansetjinga av krilbestanden i dette fiskeriområdet.

CCAMLR si samla vurdering av krilbestanden byggjer på data frå ei stor basisundersøking så langt tilbake som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomførte årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa delar av utbreiingsområdet til krilen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av kril er berekraftig i forhold til storleiken på bestanden, ettersom fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krilfisket i dag er omsynet til sjøfugl og sjøpattedyr fordi dei beitar på kril i nokre av dei same områda som krilfisket går føre seg. Dersom uttaket av krilressursen i Antarktis skal aukast, må vedtak om dette byggje på vitskaplege undersøkingar og råd som viser at auka fangst er forsvarleg ut frå produksjons- og bestandsforholda for kril og næringsforholda for fugl og pattedyr.

I 2017 fremja Noreg forslag om å gjennomføre omfattande undersøkingar av kril i 2019 og annonserte planar om ekspedisjon med det nye polare forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» vinteren 2018–2019. Det norske initiativet vart helst velkommen av CCAMLR, og vitskapskomiteen og kommisjonen slutta seg til og bidrog til planane.

Undersøkinga med seks–sju fartøy koordinert av norske forskarar vart gjennomført i januar–februar 2019. Det norske forskingsfartøyet opererte saman med fartøy og landstasjonar frå andre CCAMLR-medlemmer. I tillegg bidrog krilindustrisamskipnaden ARK med eit eige leigefartøy og omfattande innsats under norsk forskarleiing. Til saman sikra forskings- og leigefartøy god dekning i alle viktige fiskeriområde og heile det same området som vart undersøkt i år 2000. I tillegg til det store kriltoktet vart det gjennomført undersøkingar i underområde for å granske forholda for pingvinar og sel som et kril. Frå landstasjonar vart satellittmerkte pingvinar og sel overvakte under beitevandringar i krilområda. Under kriltoktet vart det samla svære datamengder om fysisk-kjemiske forhold og plante- og dyreplankton. Langsmed kurslinene vart det registrert observasjonar av fugl og kval. Utbytet av toktet strekkjer seg dermed langt utanom den auka kunnskapen om krilressursane. Dette har relevans for mellom anna klimaforsking og generell økosystemforståing.

Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltingstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etableringa av eit sett med representative marine beskytta område i Antarktis.

Etter fleire års arbeid vart det under årsmøtet i 2016 gjort vedtak om å etablere eit marint beskytta område i Rosshavet. Området dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagde strenge restriksjonar, som vil seie at berre eit visst forskingsfiske er lov.

Området beskyttar sårbare naturområde og dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengige av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare botnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir òg tekne vare på.

Området er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp.

Forslag til marine beskytta område er òg under arbeid for områda i Aust-Antarktis, i Weddelhavet og langs Antarktishalvøya.

3.4.6 Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

ICCAT vart etablert i 1966. Noreg har vore medlem sidan 2004. Organisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. Kommisjonen har 52 avtalepartar, inkludert EU på vegner av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvantum langs norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden, og førekomstane i farvatna våre var nærmast ikkje-eksisterande i fleire tiår. Dei seinare åra har bestanden teke seg opp igjen, og no er det makrellstørje i norske farvatn igjen.

På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007–2013. Den negative trenden er no snudd, og tilstanden til bestanden er mykje betre.

ICCAT vedtok på årsmøtet i 2017 ein ny forvaltingsplan for makrellstørje, og gjekk offisielt over frå ein gjenoppbygningsplan til ein forvaltingsplan. Noreg var aktivt med i forhandlingane av planen og fekk mellom anna forhandla fram betre reglar for bifangst og reglar som varetek land med ilandføringsplikt. I tillegg fekk Noreg, som kyststat, forhandla fram ein gradvis auke av den norske eigarparten av makrellstørjebestanden i løpet av perioden forvaltingsplanen gjeld for. I 2018 fekk Noreg fiske 104 tonn, i 2019 fekk vi fiske 239 tonn, og frå 2020 til 2022 var den norske kvoten på 300 tonn.

På årsmøtet i 2022 vart det vedteke ein ny prosedyre for forvalting av makrellstørje i Atlanterhavet. Som følgje av ein ny forvaltingsprosedyre vart det òg vedteke ein ny totalkvote for austleg makrellstørje på 40 570 tonn. Dette er ein auke i totalkvoten på makrellstørje i heile konvensjonsområdet på 4 570 tonn frå 2022 til 2023. Noreg forhandla seg fram til ein årleg kvote på 368 tonn for forvaltingsperioden 2023–2025, noko som er ein auke på 68 tonn frå Noregs totalkvote i 2022.

I 2023 var det seks notfartøy som deltok i direktefisket etter makrellstørje. I gruppa for småskala kystfartøy var det totalt ni fartøy som leverte fangst. Fisket i gruppa for småskala kyst er regulert som eit «olympisk fiske», der fartøya ikkje får tildelt individuelle kvotar, men fisket blir stoppa når ein reknar ut at gruppekvoten på 18 tonn er fiska opp. I 2023 deltok i tillegg 58 fiskelag i rekreasjonsfisket etter makrellstørje, og 31 av desse deltok òg i merk-og-sleppfiske. Totalt vart 15 størjer merkte med spagettimerke i 2023. Det vart òg gjennomført eit pilotprosjekt om levandelagring i 2023, eit prosjekt som vart vellykka. Noreg har levert ein rapport frå prosjektet til ICCAT. Målet er å bruke tre år på forsøk som kan vise at vi kan få til levandelagring av makrellstørje i Noreg. Totalt vart 113 tonn av den norske kvoten på 383 tonn landa i 2023.

ICCAT har tidlegare vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har påbod om ilandføring som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga, og for partar som ikkje har desse haiartane i sine farvatn.

Fotnotar

1.

Russland har i etterkant av årsmøtet betalt medlemskontingenten sin for 2022 og kan dermed reservere seg mot vedtak som er gjorde av kommisjonen, innanfor gjeldande fristar.

Til forsida