3 Fiskeriavtalane for 2019
3.1 Oversikt over avtalane
Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltinga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltinga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane der Noreg deltek.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltingsfora:
Å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming;
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.
3.2 Tosidige avtalar
Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2019 med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er òg ført forhandlingar og inngått avtalar med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU, på vegne av Sverige, om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Noreg har også samarbeidd med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen. Figur 3.2 gjev ein oversikt over dei tosidige avtalane Noreg inngår.
Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvalting og fordeling. Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild og kolmule for 2019. For makrell er rammeavtalen frå 2014 mellom Noreg, EU og Færøyane forlenga og vil vare ut 2020, med høve til å forlenge i ytterlegare eitt år. For norsk vårgytande sild og kolmule er partane samde om totalkvoter (TAC) for 2019. Noreg har også forhandla om og inngått ein ny avtale med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltinga av snabeluer i Irmingerhavet, Barentshavet og Norskehavet med ulike partar.
Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar
FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne hav å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvalting og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar – dei såkalla RFMOane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i finst i figur 3.4.
Delegasjonane
Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei ulike fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Noregs Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sjømat Noreg og Noregs Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund, Troms og Finnmark statsadvokatembeter, Kystvakta og Sametinget vore medlemar av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det vert vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.
3.2.1 Noreg – Russland
Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen av 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen av 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltinga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.
Med bakgrunn i avtalane, har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde.
Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtalar også gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk og det vert utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram.
Noreg og Russland har forvaltingsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 vart reglane reviderte. Det vart vedteke ny forvaltingsregel på torsk, medan dei gjeldande reglane for hyse og lodde vart vidareført. Alle forvaltingsreglane skal liggje fast i 5 år.
Partane er einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats om krabben på dei årlege sesjonane. Partane er einige om at snøkrabben er ein sedentær art underlagt høvesvis norsk og russisk sokkeljurisdiksjon, og at eit uttrykkelig samtykke frå kyststaten er nødvendig for å kunne drive fiske på arten.
Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland blir kvotane for nordaustarktisk torsk og nordaustarktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også einige om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.
Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er basert på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.
2019-avtalen
Kvoteavtalen for 2019 mellom Noreg og Russland vart underskrive i Ålesund 18. oktober 2018, på den 48. sesjon til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er ført opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 på neste side viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.
Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2019 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til Russland | Kvotar til tredjeland |
---|---|---|---|---|
Nordaustarktisk torsk2 | 725 000 | 307 697 | 316 697 | 100 606 |
Nordaustarktisk hyse | 172 000 | 85 080 | 76 080 | 10 840 |
Blåkveite | 27 000 | 13 755 | 12 225 | 1 020 |
Snabeluer | 53 757 | 36 7053 | 11 676 | 5 376 |
1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.
2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.
Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2019 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 13 005 |
Snabeluer | 36 705 |
Reker | 6 000 |
Grønlandssel | 7 000 |
Steinbit | 1 000 |
Flyndre | 200 |
Andre artar | 500 |
Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2019 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Torsk | 200 000 |
Hyse | 47 000 |
Blåkveite | 11 475 |
Sei | 12 000 |
Steinbit | 5 000 |
Uer og snabeluer | 13 676 |
Kolmule | 19 906 |
Norsk vårgytande sild | 75 454 |
Andre artar | 2 500 |
Partane vart einige om ei totalkvote for nordaustarktisk torsk på 725 000 tonn i 2019. Dette inneber ei fortsett forsvarleg og berekraftig forvalting av bestanden. Totalkvoten er fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Dette er ein nedgang på 50.000 tonn frå fjorårets kvote. Den norske kvoten for 2019 er 328 697 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk og 7 000 tonn avsett til forsking.
For nordaustarktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ei totalkvote på 172 000 tonn. Dette er ein nedgang på 30 305 tonn frå 2018. Den norske hysekvoten er med dette 85 080 tonn, inkludert kvoten avsett til forsking.
Noreg og Russland vedtok også å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av neste års kvote på forskot.
Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen, er Noreg og Russland òg for 2019 einige om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Avtalen for 2019 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.
Totalkvoten for blåkveite er 27 000 tonn i 2019.
Med bakgrunn i bestandssituasjonen og lodda si viktige rolle i økosystemet, blei det bestemt i samsvar med forvaltingsregelen at det ikkje blir åpna for loddefiske i 2019.
Det er fastsett ein totalkvote for snabeluer på 53 757 tonn for 2019. Det er ein auke på 21 099 tonn frå 2018.
Partane vart einige om at norske og russiske havforskarar skal lage eit meir robust system for for gjennomføring av fiskeriforskingstokt i Barentshavet, noko som vil gje betre kartlegging av fiskebestandane i åra framover.
Marin forureining blir sett på som ei stadig større global utfordring, og det er óg eit veksande problem i Barentshavet. Partane er einige om å kjempe mot marin forureining som kjem frå fiskeriaktivitet gjennom kartleggjing, forsking og erfaringsutveksling.
Kontrollsamarbeid
Noreg og Russland har sidan starten av 1990-talet gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa tett og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer fast utveksling av informasjon om omlasting til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som høyrer til fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.
Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å vere på den andre parten sine fartøy for å observere under inspeksjonane.
Noreg og Russland er òg einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa, som er samansett av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og Russlands sikkerheitsstyresmakt si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå både for norske og russiske fartøy, og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til midten av 2000-talet. Det er i åra 2009–2018 ikkje avdekka ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.
Ulike grupper i Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet, samt med spørsmål knytt til utkast av fisk.
Partane vart også einige om at arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal gå føre seg, foreløpig vert stansa, då skilnader i partane sine nasjonale lovverk gjer at ein ikkje har klart å gjennomføre denne oppgåva.
Boks 3.1 Thorvald Stoltenbergs heiderspris 2019
Thorvald Stoltenbergs pris vart stifta av Barentssekreteriatet i 2018. Prisen vert tildelt ein person eller organisasjon som har arbeidd for å fremje dialog mellom land og menneske i Barentsregionen. Mottaker må ha vore inkluderande og arbeidd for å få personar til å møtast på tvers av grenser og arbeidd for vekst, utvikling og mangfald i Barentsregionen. Arbeidet bør også ha fått god omtale og gjort barentssamarbeidet meir synleg.
Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon vart tildelt prisen for 2019, som var første gang prisen vart delt ut. I grunngjevinga til juryen står det mellom anna:
«Det har vært viktig for juryen av prisen går til en mottaker som bidrar til trygghet og stabilitet, og som både gjenspeiler storheten i nord, og samtidig gjenspeiler felleskap og møter mellom mennesker. Mange spørsmål har vært viktige i regionen, men blant de aller viktigste har det vært å forvalte og ta vare på livet i havet på en slik måte at det har tjent oss godt. Mottaker av Thorvald Stoltenbergs pris 2019 er et bredt samarbeid som er basert på kompromisser. Mottakeren har møysommelig og over årtier jobbet jevnt og trutt, i tillit og med mål om å finne løsninger. Det har gitt oss det fineste samarbeidet vi har hatt i nord - bygd på kunnskap fra havforskerne både på russisk og norsk side, samarbeid mellom organisasjonene i fiskeriene, inkludering av samfunnsinstitusjoner som Sametinget, og med kyndig ledelse fra embetsverkene.
Med et faglig sterkt grunnlag for samarbeidet oppstår en naturlig tillit. Denne verdien har prisvinneren tatt godt vare på til beste for de to kyststater og alle andre land som nyter godt av verdiene i Barentshavet. Selv om forholdene har variert over tid har dette samarbeidet stått som en bauta.»
Det første steget mot eit norsk-russisk samarbeid vart tatt allereie på byrjinga av 1900-tallet, av dei to forskarane Fridtjof Nansen og Nikolaj Knipovitsj. Då det russiske forskingsfartøyet «Sevastopol» la til kai i Bergen, 16. februar 1958, tok dei åtte forskarane om bord opp at havforskingssamarbeidet Noreg og Russland hadde hatt før revolusjonen i 1917. Eit halvt år seinare vitja norske havforskarar Murmansk igjen. I 1975 vart Noreg og Sovjetunionen einige om ein avtale om fiskerisamarbeid, og i januar 1976 fann det første kommisjonsmøtet stad i Moskva.
Med forsking som første steg, har Noreg og Russland utvikla eit samarbeid i forvaltinga av delte bestandar. I 2018 kunne havforskarane feire heile 60 år med samarbeid.
3.2.2 Noreg – EU
Fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland
Strukturen i avtalane
På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vestom Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen.
Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vestom Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har vore høg, og EU har ikkje kunne kompensert heile tilbodet med kvotar til Noreg. Dette gjer at Noreg i 2019 har halde tilbake 7920 tonn torsk.
Fellesforvaltinga
Noreg er i ein kontinuerleg prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltinga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Sjølv om vi ikkje gjer alt likt, har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltingsområdet.
Noreg og EU har forvaltingsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ta seg av omsynet til ei forsvarleg forvalting og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er eit viktig verktøy for forvaltarane. På grunn av interne avgjersleprosessar i EU har det vore utfordrande å revidere desse planane. Etter planen skal Noreg og EU møtast i 2019 for å konsultere om nye planar, men arbeidet med nye planar må også ta omsyn til brexit.
I arbeidet med å forbetre skattleggingsmønsteret i Nordsjøen, har utkast av fisk vore ei utfordring. EU har mange år praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg.
Gjennom forvaltingssamarbeidet med EU har vi etter kvart vorte einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU har også kvar sine system for stenging og opning av fiskefelt for å verne yngel og småfisk.
EU har vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket inneheld fleire unntak er det eit viktig steg i rett retning. Forbodet har vorte implementert stegvis og fullførtno i 2019.
Kontroll
Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes ved å utveksle fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeriaktivitet frå tredjeland, ved å utveksle observatørar som kontrollerer og overvaker, og ved satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll. Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Det blir lagt særleg stor vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Noreg og EU har styrke samarbeidet om kontroll, og for 2019 er partane er einige om å vidareføre arbeidsgruppa for kontroll av nordsjøbestandane. Vidare er dei einige om mandat for kva gruppe skal arbeide med fram til 2022.
2019-avtalen
Noreg og EU underteikna 12. desember 2018 ein kvoteavtale for 2019. Kvotane er endra samanlikna med 2018. Fleire kvotar er reduserte. Torskekvota er sett ned med 33 prosent, og sildekvota gjekk ned med 35,9 prosent. Byteavtalen vart balansert. For Noreg er det kvotane på sei, sild og torsk som er viktigast. Sjå tabell 3.4 for ei oversikt over kvotane for dei felles forvalta bestandane i Nordsjøen i 2018. Tabellane 3.5–3.7 viser byte av kvotar mellom Noreg og EU, kvotar til EU på norske bestandar nord for 62ºN og kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone.
Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2019 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 29 437 | 5 004 | 24 433 |
Hyse | 28 950 | 6 359 | 22 591 |
Sei | 122 342 | 63 818 | 58 524 |
Kviting | 17 191 | 1 219 | 15 972 |
Raudspette | 125 435 | 8 780 | 116 655 |
Norsdsjøsild | 385 008 | 111 652 | 273 356 |
Tala inkluderer overføring av 300 tonn hyse og 500 tonn kviting frå Noreg til EU og 200 tonn sei frå EU til Noreg.
Tabell 3.5 Byte av kvote mellom Noreg og EU i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane (tonn)
Fiskeslag | Kvotar til Noreg i EU-sona | Kvotar til EU i norsk sone |
---|---|---|
Augepål | 14 500 | |
Sei | 940 | |
Blålange | 250 | |
Lange | 8000 | 1 350 |
Brosme | 2 923 | 170 |
Brisling | 10 000 | |
Blåkveite | 1 250 | |
Kombinert kvote | 280 | |
Reker | 200 | |
Hestmakrell | 2 550 | |
Andre artar | 6750 | 11 000 |
Tunge | 10 | |
Breiflabb | 1 700 | |
Sjøkreps | 600 | |
Kolmule | 99 900 |
Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2019 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Norsk-arktisk torsk | 21 518 |
Norsk-arktisk hyse | 1100 |
Sei | 2 550 |
Blåkveite (bifangst) | 50 |
Anna (bifangst) | 350 |
Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2019 (tonn)
Fiskeslag | Kvotar |
---|---|
Reker | 1 200 |
Blåkveite | 1 150 |
Uer | 561 |
Skolest og isgalt | 65 |
Lodde1 | 10 000 |
1 Loddkvoten kan fiskast på Island
Fisket i Skagerrak/Kattegat
EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegne av Danmark og Sverige.
Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.
Noreg og EU vart 12. desember 2018 einige om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2019. Tabell 3.8 viser fordelinga av kvotane.
Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2019 (tonn)
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 4 205 | 136 | 4 069 |
Hyse | 1 780 | 75 | 1 706 |
Kviting | 1 660 | 30 | 1 630 |
Raudspette | 16 782 | 336 | 16 446 |
Reker | 3 226 | 1 503 | 1 723 |
Sild | 29 326 | 3 911 | 25 415 |
Brisling | 26 624 | 1 997 | 24 627 |
Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6 659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2019. Norske fiskarar kan i 2019 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.
Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har landa territorialfarvatn på 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket, slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.
Sverige
Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk også noko å seie for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med eit begrensa fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.
Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2019 vart underskriven av Noreg og EU 12. desember 2018. Sjå tabell 3.9 for ei oversikt over kvotane. Kvotane er med nokre få små endringar ei vidareføring av nivået frå 2018.
Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i 2019 (tonn)
Norsk økonomisk sone sør for 62ºN | Kvotar |
---|---|
Torsk | 382 |
Hyse | 707 |
Sei | 880 |
Lyr og kviting | 190 |
Reker | 123 |
Sild | 886 |
Makrell | 253 |
Industrifisk (øyepål, kolmule, tobis) | 800 |
Andre fiskeslag skal vere på eit tradisjonelt nivå.
3.2.3 Noreg – Færøyane
Noreg og Færøyane vart 13. desember 2018 einige om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2019. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i bytet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får botnfisk og makrell av Færøyane. I tillegg får Noreg fiske delar av sin kolmulekvote i færøysk fiskerisone mot at Færøyane får fiske noko torsk og hyse som dei har bytt til seg frå Russland i norske farvatn.
Norske fiskarar får ein kvote for 2019 på 2 300 tonn lange/blålange, 1 921 tonn brosme, 100 tonn sei, 800 tonn andre artar som bifangst, samt 5 979 tonn makrell. Makrellkvoten kan også fiskast i Noreg si økonomiske sone eller på det opne hav. I tillegg kan norske fartøy fiske 30 000 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 610 tonn torsk, 1 075 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 3 450 tonn torsk og 300 tonn hyse i norske farvatn.
3.2.4 Noreg – Grønland
Noreg og Grønland vart 6. desember 2018 einige om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar for 2019. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt, og omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.
Kvotane for 2019 blir vidareførd på same nivå som for 2018. Det betyr at grønlandske fiskarar kan fiske følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2019: 4 000 tonn nordaustarktisk torsk, 900 tonn nordaustarktisk hyse, 500 tonn norsk-arktisk sei og inntil 300 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning.
I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde.
I 2019 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:
Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør for 64º30'N.
Ved Aust-Grønland: 400 tonn blåkveite, 1 000 tonn uer fiska med botntrål/line, 340 tonn brosme, 100 tonn skolest, 10 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.
Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 200 tonn torsk.
Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2019. Partane er òg einige om å vidareføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om å oppnå gjensidig rapportering i kvarandre sine soner så snart som mogleg.
Forskingssamarbeidet vert vidareført for blåkveite, torsk, uer og makrell. Partane er også einige om å halde fram samarbeidet om klimaendringane sin effekt på fiskebestandane i Vest-Norden.
3.2.5 Noreg – Island (Smottholavtalen)
Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet.
Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen kan Island i sesongen 2019 fiske 6 592 tonn nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent.
Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaustarktisk torsk. For 2018/2019 er loddekvoten førebels sett til 0 tonn.
Smottholavtalen er gyldig i fire år, og det vart i 2018 bestemt at Noreg ikkje skal be om revisjon av avtalen. Neste tidspunkt det kan vere aktuelt å reforhandle den er i 2022.
3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar
3.3.1 Forvaltinga av norsk vårgytande sild
Norsk vårgytande sild har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare nivå enn tidlegare.
18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltinga av nvg-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltingsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.
Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane vart opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.
I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017 og 2018 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av Færøyane sin auke av eigen eigarpart på kolmule, vedtok Noreg å auke sin eigarpart for nvg-sild frå 61 prosent til 67 prosent i 2017 og deretter til 70 prosent i 2018, basert på nvg-silda si sonetilhøyrsle til norske farvatn.
Kyststatane signerte 6. november 2018 ein ny forvaltingsplan for forvaltinga av norsk vårgytande sild. Kyststatane signerte same dag ein fempartsavtale om ein totalkvote på 588.652 tonn. Dette er i tråd med tilrådd kvote frå ICES der det er tatt utgangspunkt i den nye forvaltingsplanen. I mangel av semje om fordeling, vert partane sine kvotar fastsett unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2019 som inneber ein eigarpart på 73 prosent.
I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 11. desember 2018 ein bilateral soneadgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2019. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske delar av sine tradisjonelle kvotedelar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.
I ein situasjon utan avtalar om deling av andelar for 2019 er det positivt at Noreg og EU har ein avtale som gjev noko stabilitet for fiskarane i 2019. I tillegg gjev Noreg Russland tilgang til å fiske den russiske kvoten i norsk sone for å unngå fiske på småfisk i russisk sone.
3.3.2 Forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underteikna 12. juni 1989. Etter dette har rammeavtalen om reguleringane i loddefisket vore forhandla på nytt tre gonger. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.
Island valde å seie opp trepartsavtalen i 2002, med verknad frå mai 2003. På grunn av oppseiinga vart det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Avtalen gjeld no berre for eitt år om gongen, i motsetnad til den gamle avtalen som var gjeldande for tre år om gongen.
Etter forhandlingane mellom Island, Grønland og Noreg i 2015, vart Island og Noreg mellom anna einige om betre vilkår for det norske vinterfisket i den islandske økonomiske sona (IØS) for sesongen 2015/2016. No kan 100 prosent av den norske kyststatsdelen av lodda fiskast i IØS. Noreg kan også fiske overføringar av lodde frå Grønland/EU i islandsk sone. Fiskeperioden er utvida med ei veke.
Grønland meiner at sonetilhøyrslerapportar viser at dei har krav på ein større del av den totale kvoten enn det dei har per i dag. Partane har difor møttest til forhandlingar ei rekkje gongar dei seinare åra, seinast i juni 2018, der partane inngjekk ein ny avtale om fordeling og forvalting av lodde. Avtalen inneber ei endring i fordelinga mellom landa, basert på biologiske forhold og at lodda sitt vandringsmønter har vorte endra dei seinare år. Noreg sin eigardel er no redusert frå 8 prosent til 5 prosent
Basert på resultat etter fleire tokt er det sett ein førebels kvote på 0 tonn for sesongen 2018/2019.
3.3.3 Forvaltinga av kolmule
Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltinga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først avsette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland) og så delte kyststatane det resterande kvantumet.
Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lukkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å verte samde både om storleiken på totalkvoten og ein ny forvaltingsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastsett sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og reknast for å vere innanfor føre-var-rammer.
Både for 2018 og 2019 vart partane samde om ein totalkvote. For 2019 er totalkvoten på 1.143.629 tonn, basert på ICES si rådgjeving og forvaltingsplanen som vart evaluert av ICES i 2018. Partane er framleis ikkje einige om delinga av totalkvoten, og fastset kvotane unilateralt. Noreg fastset ein kvote for 2019 på 26,25 prosent av TAC etter avsetnad til NEAFC for fiske i internasjonalt farvatn. Den norske kvoten er basert på tradisjonell andel.
Som for 2018, inngjekk Noreg og EU 11. desember 2018 ein bilateral soneadgangsavtale om nvg-sild og kolmule for 2019. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske delar av sine kyststatskvotar i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.
I ein situasjon utan avtalar om deling av andelar for 2019 er det positivt at Noreg og EU har ein avtale som gjev noko stabilitet for 2019.
3.3.4 Forvaltinga av makrell
Noreg, Færøyane og EU inngjekk i perioden 1999–2009 årlege trepartsavtalar om forvalting av makrell i Nordaust-Atlanteren. Partane vart ikkje samde om ein ny avtale for 2010. Bakgrunnen var at Færøyane ynskte ein større del av totalkvoten. I tillegg la Island fram krav som kyststat. Noreg og EU inngjekk difor 26. januar 2010 ein tiårig prinsippavtale om forvaltinga av makrell. Avtalen er seinare forlengd til og med 31. desember 2020 og omfattar mellom anna fordeling mellom Noreg og EU og gjensidig soneadgang.
I perioden 2010–2014 gjennomførte Noreg, EU, Færøyane og Island 20 rundar med drøftingar utan at partane vart samde om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvalting av makrell. Russland deltok som observatør. I mangel på fullverdige kyststatsavtalar, inngjekk Noreg og EU årlege tosidige avtalar om forvalting av makrell for åra 2010–2013.
Då det i mars 2014 vart klart at ein heller ikkje for 2014 vart samde om ein kyststatsavtale, inngjekk Noreg, EU og Færøyane i staden ein trepartsavtale. Ein ny rammeavtale mellom dei tre partane om fordeling og forvalting av makrell vart difor underteikna 12. mars 2014. Avtalen gjaldt for fem år og er sidan forlengd ut 2020. I tilknyting til trepartsavtalen vart Noreg og Færøyane samde om gjensidig soneadgang. Den gjensidige soneadgangen som Noreg har hatt med EU gjennom den tosidige avtalen er også ført vidare.
Ein har seinare gjort fleire forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen, men ikkje lukkast med dette. Grønland har òg delteke i dei årlege forhandlingane, då det har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn, men utan at partane har blitt samde om ein felles avtale.
Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege avtalar om forvaltinga av makrell i tråd med rammeavtalen frå 12. mars 2014. Hausten 2015 vart dei tre partane dessutan samde om ein forvaltingsplan for makrell. Ein ny forvaltingsplan vart fastsett hausten 2017 på bakgrunn av ein metoderevisjon frå ICES. For 2019 fastsette dei tre partane ein totalkvote på 653 438 tonn, ein nedgang på 20 prosent frå totalkvoten for 2018. Innanfor dette kvantumet er det sett av eit kvantum på 15,6 prosent til andre kyststatar og fiskeripartar – i praksis Grønland, Island og Russland. Norsk kvote for 2019 er på 147 085 tonn, som svarar til 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen.
3.3.5 Forvaltinga av uer
Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.
Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet
I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne hav i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten. ICES har for 2019 tilrådd ein kvote på 53 757 tonn.
NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 einige om ein fordeling av bestanden: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne hav i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona rundt Svalbard.
Det har vore halde fleire møter i NEAFC med sikte på å verte einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, men EU og Danmark på vegne av Færøyane og Grønland stod framleis langt frå kyststatane sin posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgeleg vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne hav under årsmøtet i NEAFC (sjå nærare omtale av årsmøtet i kapittel 3.4.1). Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsetjinga Noreg og Russland er einige om til fiske på det opne hav, og såleis ei betre forvalting av ueren, vil halde fram. Noreg har sett ein kvote på 34 705 tonn til fiske i eiga sone.
Snabeluer i Irmingerhavet
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart i november 2018 einige om å ikkje hauste meir enn 6 000 tonn i 2019. Russland var ueinig i forslaget. Island avstod frå å røyste fordi dei primært meiner at fisket bør stansast fullt ut. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.
Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var òg i 2018 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gjeve seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje for 2019 er Russland part i avtalen.
3.4 Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar
3.4.1 NEAFC
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvenleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.
Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med å utvikle ei meir økosystembasert forvalting av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor partane sine økonomiske soner. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor partane sine økonomiske soner, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkomande part ynskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).
Fiskerireguleringar for 2019
NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Dei er omtala i kapitla ovanfor.
Gjennom kyststatsavtalane for kolmule, norsk vårgytande sild og makrell, blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotane av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane, vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.
I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2019, vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 91 020 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 588 562 tonn. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2019 som omfattar alle partar. Årsmøtet vedtok difor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av statar som ikkje er kontraktspart til NEAFC.
Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg og Russland fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2019. Forslaget fekk ikkje fleirtal fordi dei andre NEAFC-partane ikkje er einige i kvoten som Noreg og Russland har avsett til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2019.
Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane, og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland og Island vart under årsmøtet i 2018 einige om å ikkje hauste meir enn 6 000 tonn i 2019. Island avstod frå å stemme, då dei primært meiner at fisket bør stansast fullt ut. Russland er ikkje einig i spørsmålet om fordeling eller ICES si rådgjeving, og støtta difor ikkje forslaget.
På årsmøtet i 2018 vart NEAFC sitt forbod mot å fiske pigghå, som har vore på plass sidan 2009, vidareført for 2019 og 2020. Kontraktspartane vart også, mot éi stemme, einige om reguleringar for skolestfiskeria i NEAFC sitt reguleringsområde i 2019. Partane vart ikkje einige om å forby fisket etter raud keisarfisk (Hoplostethus atlanticus, engelsk: orange roughy).
Områdeforvalting
NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stenge enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor NEAFC sitt reguleringsområde som er stengt for botnfiske, sjå figur 2.5.
Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiske er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske. I tillegg til å liste opp dei stengte områda, definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde, og dermed opne for fiske. For å kunne fiske i områda som ligg utanfor eksisterande fiskeområde, men som ikkje er stengde for å verne sårbare marine økosystem, stiller regelverket strenge krav. Det er krav som seier at det skal gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske. Dersom fartøy støyter bort i sårbare marine økosystem (korallar og svamp) pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satelittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på linje med den internasjonale hamnestatsavtalen forhandla fram under FAO.
Partane tok på årsmøtet 2018 eit ytterlegare steg for å betre kontrollsamarbeidet i NEAFC ved å vedta omfattande endringar i kontroll- og handhevingsregelverket. Med det nye regelverket på plass, er NEAFC no klare til å implementere eit nytt og heilelektronisk rapporteringssystem. Det nye systemet vil gjere det mogleg for inspektørar å få sanntidsinformasjon om fiskeriaktiviteten i reguleringsområdet, noko som vil vere ein styrke i kontrollarbeidet. Systemet skal implementerast gradvis i ein overgangsfase på to år.
3.4.2 NAFO
Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen er å bidra til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvalting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har 12 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU på vegne av dei 28 medlemslanda. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegne av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.
NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og har innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvalting, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg ratifisert den reviderte konvensjonen i 2009, og konvensjonen tredde i kraft 18. mai 2017.
Prestasjonsevaluering
Sidan årsmøtet 2017 har eit panel beståande av både interne og eksterne ekspertar gjennomført ei evaulering av NAFO sitt arbeid. Dette var andre gong NAFO gjennomførte ein såkalla performance review og panelet leverte sin rapport til årsmøtet 2018. Fyrste gong var i 2011.
Evalueringsrapporten gav ein gjennomgang av NAFO si måloppnåing samanlikna med NAFO sitt mandat og formålet med organisasjonen i perioden 2011–2017, med særleg fokus på korleis NAFO har fulgt opp tilrådingane frå NAFO si fyrste evaluering. Panelet påpeikar blant anna at NAFO har gjort stor framgang med tanke på modernisering av organisasjonen, herunder vore meir gjennomsiktig og synleg i sitt arbeid, styrka arbeidet med å inkludere føre-var-betraktningar og økosystembasert forvalting i sine avgjerdsprosessar, betra innsamling av data samt styrka samarbeidet mellom forskarar og forvaltarar.
Panelet kom samtidig med ei rekkje forslag til forbetringar innanfor ulike område. Som oppfølging av panelet sine tilrådingar nedsette årsmøtet i 2018 ei arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med dette i 2019.
Fastsette kvotar for 2019
Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.13) opna igjen i 2010. Partane vedtok i utgangspunktet ein totalkvote for fisket i 2019 under årsmøtet i 2017, men på grunn av ny rådgjeving som viste ein betre bestandssituasjon på det noverande tidspunkt, vart spørsmålet tatt opp på nytt under årsmøtet i 2018. Endeleg totalkvote for 2019 vart sett til 17 500 tonn og Noreg sin del er på 9,25 prosent. Trass i at bestandssituasjonen tillét eit høgare uttak i 2019 enn det ein tidlegare har gått ut i frå, har bestanden svak rekruttering og ein må rekne med redusert totalkvote i dei komande åra.
Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Forskarane har sidan stadfesta den sviktande bestandssituasjonen i rådgjevinga, og tilrådd ei vidareføring av moratoriet. Under årsmøtet i 2018 blei det vedtatt å følgje denne tilrådinga i 2019.
I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane var i åra etter einige om behovet for ein reduksjon, men vart ikkje einige om å redusere den totalt tillate fangsten like mykje som forskarane tilrådde. Noreg og fleire land røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane sa. Då bestanden vart ytterlegare redusert, vart partane på årsmøtet i 2014 einige om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2019 stadfesta den sviktande bestandssituasjonen og årsmøtet vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2019.
Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.
Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore usikker. Ei arbeidsgruppe har difor vurdert alternative forvaltingsstrategiar og haustingsreglar og ein ny forvaltingsplan for blåkveite vart vedtatt under årsmøtet 2017. For 2019 vart det i tråd med den nye forvaltingsplanen fastsett ein totalt tillaten fangst på 16 521 tonn. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir, har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som blir sett av til land utan fast kvotedel.
Regulering av fiske med botnreiskapar
I tråd med fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105), har NAFO lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på det opne hav.
Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ynskjer å nytte nye reiskapstypar eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.
NAFO sitt område 14 vart i 2016 stengt for fiske med botnreiskapar for å beskytte sjøfjær, med ein solnedgangsklausul til 31. desember 2018. Partane vart på årsmøtet i 2018 ikkje einige om ei ny stenging av området, som dermed vart opna for fiske med botnreiskapar 1. januar 2019. NAFO har etter dette 20 områder som er stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell.
NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske (UUU-fiske) har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.
NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som innebar implementering av FAOs hamnestatsavtale mot UUU-fiske.
3.4.3 IWC
Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 88 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvalting og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot forbodet og er difor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC å få på plass eit revidert forvaltingsregime for å opne for kommersiell kvalfangst utan å lukkast. Japan la i 2018 fram eit forslag til reform av organisasjonen utan å lukkes. Forslaget tok sikte på blant anna å opne for alminneleg bærekraftig kvalfangst. Som en følgje av nederlaget og lang tids frustrasjon over IWCs dysfunksjonalitet, melde Japan seg ut av IWC 26. desember 2018. Japans utmelding vil tre i kraft 30. juni 2019.
Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. 2018-kvota var på 1 278 vågekval, ein auke på 279 kval i forhold til 2017. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.
I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførte dei siste seks åra. Samstundes skal oppdelinga av havområdet i underområde vurderast på nytt. Vitskapskomiteen starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget i 2014. Oppdelinga i småområder vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ynskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Endelege bestandstal med usikkerheit for teljeperioden 2008–2013 vart godkjende av Vitskapskomiteen ved årsmøtet i 2015. Tilpassingar av simuleringsmodellane til fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltingsstrategiar har teke mykje tid og vart fullført ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltingsprosedyren vil ein ha ei gjennomgåande trygg forvalting av vågekvalen. Den neste vurderinga med omsyn til vågekval i våre område vil starte i 2022.
3.4.4 NAMMCO
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der IWC ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), samt sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.
Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvalting av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar òg dei store kvalartane. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene.
NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre fangstmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, samt Japan, USA og Canada, deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre fangstmetodane og setje standardar for fangst på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek også i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.
3.4.5 CCAMLR
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis forvaltar konvensjonen med same namn. CAMLR-konvensjonen vart vedteken i 1980 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen.
CCAMLR sitt mandat om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i føremålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ynskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.
CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvalting, og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske etter tannfisk.
Fiskeri
Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av krill og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.
Det er store krillressursar i Sørishavet. Anslag for opphavleg biomasse er 60 millionar tonn i det havområdet der det blir fiska i dag som i hovudsak er dei vestlige delane av Atlantisk sektor og langs Antarktishalvøya. I dette området har CCAMLR vedteke ei totalkvote på 5,61 millionar tonn. Likevel er fangsten etter råd frå vitskapskomitéen avgrensa til maksimalt 620 000 tonn. Og for å hindre for stort fiskepress i enkeltområde der krill er viktig mat for fugl og pattedyr, er denne totalfangsten fordelt på fire av underområda vist i Fig. 3.15. Dei siste åra har totalfangsten av krill vore mellom 100 000 og 270 000 tonn, eller om lag 0,3 prosent av anslag for opphavleg biomasse.
Den norske flåten fiskar årleg om lag 60 prosent av den samla fangsten av krill i havområda rundt Antarktis. Dei norske krillfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør som tek prøvar av fangstane, samt rapporterer til CCAMLR om gjennomføringa av fisket, bifangst av fisk, eventuelle tilfelle av skader på fugl og pattedyr.
Den samla fangsten i det kvoteregulerte fisket etter tannfisk i Antarktis har dei siste åra lege kring 15 000 tonn årleg av dei to artane som vert fiska. Dette er eit svært lågt fangstnivå sett i forhold til det svære geografiske området fiskeriet nytter. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har ikkje notifisert fartøy for dette fisket i 2019.
Miljø og forsking
Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i havområda rundt Antarktis, og dette gjeld også forskinga på krill. Noreg gjev viktige bidrag til dette arbeidet. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av krill ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krillindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansettinga av krillbestanden i dette fiskeriområdet.
CCAMLR si samla vurdering av krillbestanden byggjer på data frå ei stor basisundersøking så langt attende som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomført årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa delar av utbreiingsområdet til krillen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av krill er berekraftig i høve til storleiken på bestanden, då fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krillfisket i dag er omsynet til sjøfugl og pattedyr, fordi dei beitar på krill i nokre av dei same områda som krillfisket foregår. Dersom uttaket av krillressursen i Antarktis skal aukast, må vedtak om dette byggje på vitskaplege undersøkingar og råd som viser at auka fangst er forsvarleg i høve til produksjons- og bestandstilhøva for krill samt næringstilhøva for fugl og pattedyr.
I 2017 fremma Noreg forslag om å gjennomføre omfattande undersøkingar av krill i 2019, og annonserte planar om ekspedisjon med det nye polare forskingsfartøyet Kronprins Haakon vinteren 2018–2019. Det norske initiativet vart helst velkommen av CCAMLR, og vitskapskomitéen og kommisjonen har slutta seg til og bidrege til planane.
Undersøkinga med 6 – 7 fartøy koordinert av norske forskarar vart gjennomført i januar-februar 2019. Det norske forskingsfartøyet opererte saman med fartøy og landstasjonar frå andre CAMLR-medlemer. I tillegg bidrog krillindustrisamskipnaden ARK med eit eige leigefartøy og omfattande innsats under norsk forskarleiing. Til saman sikra forskings- og leigefartøy god dekning i alle viktige fiskeriområde og heile det same område som ble undersøkt i år 2000. I tillegg til det store krilltoktet, vart det gjennomført undersøkingar i underområde for å granske tilhøva for pingvinar og sel som et krill. Frå landstasjonar vart satellittmerka pingvinar og sel overvåka under beitevandringar i krillområda. Under krilltoktet vart det samla svære datamengder om fysisk-kjemiske tilhøve og plante- og dyreplankton. Langsmed kurslinene vart det registrert observasjoner av fugl og kval. Utbytet av toktet strekk seg dermed langt utanom den auka kunnskapen om krillressursane. Dette har relevans for blant anna klimaforsking og generell økosystemforståing.
Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltingstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etableringa av eit sett med representative marine verneområde i Antarktis.
Etter fleire års arbeid, vart det under årsmøtet i 2016 fatta vedtak om å etablere eit marint verneområde i Rosshavet. Det marine verneområdet dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagt strengt vern, som betyr at berre eit visst forskingsfiske er lov.
Verneområdet beskyttar sårbare naturområde og dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengige av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare botnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir også ivaretatt.
Verneområdet er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp. Området gjev eit godt grunnlag for balanse mellom vern og berekraftig hausting av marine ressursar i Rosshavet.
Forslag til verneområde er òg under arbeid for områda i Aust-Antarktis, i Weddellhavet og langs Antarktishalvøya. Etter at krilltoktet er sluttført, skal ekspedisjonen til forskingsfartøyet Kronprins Haakon vidareførast med eit tokt til dei lite kjende områda og økosystema utanfor Dronning Maud Land. Desse områda er under vurdering for utvikling av verneområde i samband med forslaget som føreligg for Weddellhavet lengre vest. Dette toktet har brei internasjonal og fagleg deltaking og skal granske fysisk-kjemiske tilhøve, istilhøve, plankton, fisk, botndyr, fugl og sel.
3.4.6 ICCAT
Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk vart etablert i 1966. Noreg har vore medlem sidan 2004. Denne regionale organisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 52 avtalepartar, inkludert EU på vegne av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs Norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. Dei seinare åra har bestanden likevel tatt seg opp att, og det er igjen makrellstørje i norske farvatn.
På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007–2013. Det er no klåre indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er mykje betre. Det viser mellom anna den auka mengda av størje i våre farvatn.
ICCAT vedtok ein ny forvaltingsplan for makrellstørje på årsmøtet i 2018. Noreg var aktivt med i forhandlingane av planen og fekk blant anna forhandla fram betre reglar for bifangst og reglar som ivaretek land med ilandføringsplikt. I tillegg har Noreg både på årsmøtet i ICCAT i 2017 og i intersesjonalt møte i 2018 lagt fram krav om ein høgare eigarpart av makrellstørjebestanden. Noreg er kyststat til bestanden som etter fleire tiår med fråvær no er tilbake i norsk økonomisk sone. Det norske kravet har resultert i ein gradvis auke av den norske eigarparten frå 2018 til 2020. I 2018 fekk Noreg fiske 104 tonn, i 2019 får Noreg fiske 239 tonn og 300 tonn i 2020. Totalkvotane for 2019 og 2020 er på høvesvis 32 240 tonn og 36 000 tonn.
I 2018 var den norske kvoten på 104 tonn, og to ringnotfartøy vart gjeve løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje. Fartøya fekk tildelt ein kvote på 45 tonn, og resten av kvoten vart sett av til bifangst. Den norske kvoten på 104 tonn vart ikkje fiska opp i 2018.
ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har påbod om ilandføring som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. For å styrkje forvaltinga i ICCAT er det sett i gong ein prosess for å fornye konvensjonsteksten for at konvensjonen skal harmonisere betre med moderne havrett. Dette arbeidet skulle etter planen vore ferdig i 2016, men det har teke tid for partane å bli samde om alle endringane. På årsmøtet i 2018 vart partane samde om ny konvensjonstekst, og denne skal etter planen bli vedteke på årsmøtet i ICCAT i 2019.
3.4.7 SEAFO
Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen vart etablert i 2001 og har hovudsete i Namibia. Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak i konvensjonsområdet for å nå dette målet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.
SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire søraustatlantiske kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, i tillegg til EU, Island, Noreg og USA. Den tok til å gjelde 13. april 2003. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er òg ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika, Sør-Korea og EU-kommisjonen.
For tida er det ikkje norske kommersielle interesser i SEAFO-området. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeressursar, og deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. SEAFO var òg den første regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonen som vart etablert etter FN-avtalen om fiske på det opne hav, og vart då eit viktig forum for å setje i verk prinsippa i FN-avtalen. Noreg arbeider òg for å harmonisere tiltak som dei ulike fiskeriforvaltingsorganisasjonane set i verk.