3 Utvikling i 2018 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant
Totalt 385 personar fekk ved utgangen av 2018 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
3.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2018 var det 271 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på 12 personar. Per 31. desember 2018 var talet på alderspensjonistar derfor 274 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 15 839 kroner per månad. Kvinner fekk 16 285 kroner, medan menn fekk 15 435 kroner.
I 2018 tok 12 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var fire kvinner og åtte menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 67 år for kvinner og 64,4 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 65,5 år.
Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.
Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 75,5 år for kvinner og 75,3 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 75,4 år.
3.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2018 var det tre uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon avgang eller tilgang på uførepensjonistar i løpet av året. Per 31. desember 2018 var derfor talet på uførepensjonistar tre personar.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2018.
Gjennomsnittleg utbetaling av uførepensjon var 13 926 kroner per månad, og gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 60,3 år.
3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)
Ved inngangen til 2018 var det 115 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 10 personar og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2018 var talet på ektefellepensjonistar derfor 107 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 355 kroner per månad. Kvinner fekk 8 192 kroner, medan menn fekk 10 962 kroner.
I 2018 blei to personar innvilga ektefellepensjon. Gjennomsnittleg uttaksalder var 69,5 år.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,2 år for kvinner og 83,9 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,3 år.
Ved inngangen til 2018 tok éin person imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2018 var det derfor éin mottakar av barnepensjon i ordninga.
3.4 Rekneskap for 2018
Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 66 669 840 kroner til pensjonar. Dette er en nedgang frå 2017. Årsaka til det er at fleire representantar får utbetaling frå nytt regelverk. Administrasjonskostnadene var i sum 1 603 716 kroner. Dette er om lag som i 2017.