4 Utvikling i 2022 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem
Ved utgangen av 2022 fekk totalt 111 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
4.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2022 var det 69 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på seks personar. Per 31. desember 2022 var talet på alderspensjonistar derfor 74 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 12 737 kroner per månad. Kvinner fekk 13 896 kroner, medan menn fekk 11 747 kroner.
I 2022 tok seks personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 67,6 år.
Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.
Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 77,1 år for kvinner og 80,1 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 78,7 år.
4.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2022 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2022 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2022.
4.3 Etterlatnepensjon
Ved inngangen til 2022 var det 35 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2022 var talet på ektefellepensjonistar derfor 36 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 9 625 kroner per månad. Kvinner fekk 10 000 kroner, medan menn fekk 7 689 kroner.
I 2022 tok to personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 88 år.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 82,6 år for kvinner og 72,6 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 80,9 år.
Ved inngangen til 2022 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har vore ein avgang på barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2022 var det derfor ein person som tok imot barnepensjon i ordninga.
4.4 Rekneskap for 2022
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 16 004 428 kroner til pensjonar. Der er ein liten auke frå 2021. Administrasjonskostnadene utgjorde 347 485 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2021.