Meld. St. 20 (2022–2023)

Regulering av pensjonar i 2023 og inntektstilhøve for pensjonistar

Til innhaldsliste

2 Regulering av pensjonar m.m. i 2023

2.1 Regler for regulering

Frå og med 2022 vert alderspensjon under utbetaling regulert i tråd med nye reglar for regulering av alderspensjon vedtekne av Stortinget våren 2022, jf. Prop. 41 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (endret regulering av alderspensjon under utbetaling). Alderspensjon under utbetaling skal frå og med 2022 regulerast med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Grunnbeløpet regulerast i samsvar med lønnsveksten. Alderspensjon under opptening, uføretrygd og andre ytingar som vert regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, vert dermed også regulerte i samsvar med lønnsveksten. Minste pensjonsnivå og garantipensjon og andre lovfesta pensjonsytingar som har same reguleringsføresegner som folketrygda, eller som viser direkte til reguleringsføresegner i folketrygda vert regulert med gjennomsnitt av lønns- og prisveksten.

Til grunn for den årlege reguleringa ligg den pårekna lønnsveksten i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom pårekna og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Den pårekna lønnsveksten i reguleringsåret set ein lik anslaget for gjennomsnittleg årslønnsvekst i revidert nasjonalbudsjett (RNB). Faktisk lønnsvekst dei siste to åra set ein til årslønnsveksten for lønnstakarar under eitt, som går fram av nasjonalrekneskapen som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer. Veksten i konsumprisane frå revidert nasjonalbudsjett vert lagd til grunn for årets prisvekst, og ein korrigerer for eventuelt avvik i pårekna prisvekst og faktisk prisvekst i det føregåande året. Faktisk prisvekst for året før reguleringsåret vert fastsett av SSB. Departementet viser til forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden. Forskrifta følgjer som vedlegg 1.

AFP i privat sektor vert regulert i tråd med dei gamle reglane, altså med lønnsveksten og deretter fratrukket en fast faktor på 0,75 prosent.

2.2 Regulering frå 1. mai 2023

Ved den årlege reguleringa skal ein som nemnt leggje til grunn forventa lønnsvekst i reguleringsåret og justere for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Veksten i konsumprisane frå revidert nasjonalbudsjett vert lagd til grunn for årets prisvekst.

Lønnsveksten i 2023 vart i revidert nasjonalbudsjett anslått til 5,25 prosent. Ved reguleringa i 2022 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2022 på 3,7 prosent. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen vart årslønnsveksten 4,3 prosent i 2022. Det ligg dermed føre eit avvik eitt år tilbake i tid på 0,6 prosent som det skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2021 er fastsatt til 3,5 prosent, og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2023 (vekst i gjennomsnittleg grunnbeløp) på 5,88 prosent. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 6,41 prosent.

På bakgrunn av desse anslaga vert det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 109 784 kroner i 2022 til 116 239 kroner i 2023. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2023 er 118 620 kroner.

Veksten i konsumprisane i 2023 er anslått til 5,4 prosent i revidert nasjonalbudsjett. Faktisk prisvekst i 2022 er fastsett til 5,8 prosent av Statistisk sentralbyrå. Det er eit avvik i prisveksten for 2022 på 2,4 som skal takast omsyn til i årets regulering.

Samla prosentvis prisvekst i 2023 er 7,93 prosent. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 6,91 prosent. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 8,54 prosent frå 1. mai.

Sjå boks 2.1 og boks 2.2.

Boks 2.1 Utrekning av vekst i alderspensjon frå 1. mai 2023

2022

2023

Lønnsvekst:

Pårekna lønnsvekst for inneverande år

3,70 %

5,25 %

Pårekna lønnsvekst for i fjor

3,50 %

4,30 %

Pårekna lønnsvekst for to år sidan

3,10 %

3,50 %

Samla (1)

4,84 %

5,88 %

Prisvekst:

Anslag for inneverande år

3,40 %

5,40 %

Prisvekst for i fjor

-

5,80 %

Samla (2)

3,40 %

7,93 %

Gjennomsnitt av lønns- og prisvekst

4,12 %

6,91 %

Prosentvis auke i alderspensjon frå 1. mai

3,53 %

8,54 %

Samla prosentvis årslønnsvekst i 2023:

Den samla prosentvise årslønnsveksten (sl) som skal brukast ved reguleringa, skal reknast ut etter følgjande formel:

sl = ((1 + a1/100) · (1 + a2/100) · (1 + f/100) – 1) · 100

Faktorane a1 og a2 er avviket i prosentpoeng mellom forventa og faktisk lønnsauke eitt og to år tilbake i tid, noko som i 2023 vil seie 0,6 prosentpoeng for 2022 og 0,0 prosentpoeng for 2021. Faktoren f er forventa lønnsvekst i 2023, anslått til 5,25 prosent.

((1 + 0,6/100) · (1 + 0,0/100) · (1 + 5,25/100) – 1) · 100 = 5,88 prosent

Samla årleg lønnsvekst i 2023 (vekst i gjennomsnittleg G) vart på denne bakgrunnen utrekna til 5,88 prosent.

Vekst i grunnbeløp frå 1. mai 2023:

Nytt grunnbeløp frå 1. mai vert fastsett slik at den prosentvise veksten i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2022 til 2023 vert lik den samla årslønnsveksten.

(111 477 · 4 + 118 620 · 8) : 12 = 116 239

Grunnbeløpet aukar frå 111 477 kroner til 118 620 kroner.

Vekst i grunnbeløpet frå 1. mai er 6,41 prosent

Vekst i alderspensjon under utbetaling frå 1. mai 2023:

Alderspensjon under utbetaling vert regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Samla årleg lønnsvekst i 2023 på 5,88 prosent og samla prisvekst på 7,93 prosent gjev eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst på 6,91 prosent. Ein årsvekst på 6,91 prosent gjev ein prosentvis auke i alderspensjon frå 1. mai på 8,54 prosent, sjå boks 2.2.

Reguleringsfaktoren etter folketrygdloven § 19-14 andre ledd og § 20-18 andre ledd frå 1. mai 2023 er dermed 8,54 prosent.

Vekst i minste pensjonsnivå og garantipensjon frå 1. mai 2023

Minste pensjonsnivå og garantipensjonen vert regulert på same måte som alderspensjon under utbetaling over minstenivået.

Boks 2.2 Frå årsvekst til vekst frå 1. mai

Årsvekst

Årsveksten for alderspensjon under utbetaling finn ein med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst, som forklart i boks 2.1. Samla prosentvis årslønnsvekst i 2023 på 5,88 prosent og ein samla prosentvis prisvekst i 2023 på 7,93 prosent gjev eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst på 6,91 prosent.

(5,88 + 7,93) : 2 = 6,91 prosent.

Årsveksten i alderspensjon under utbetaling skal altså vere 6,91 prosent.

Vekst frå 1. mai:

Når ein veit kva årsveksten skal vere, kan ein rekne seg bakover for å finne veksten som må gjelde frå 1. mai. Under følgjer departementet sin formel for avleiing av vekst frå 1. mai når ein veit årleg vekst.

  • Z1 = nivå på årleg alderspensjon frå 1. januar 2022

  • Z2 = nivå på årleg alderspensjon frå 1. mai 2022

  • Z3 = nivå på årleg alderspensjon frå 1. mai 2023

  • P1 = prosentvis vekst i alderspensjon frå 1. mai 2022

  • P2 = prosentvis vekst i alderspensjon frå 1. mai 2023

  • Y2 = prosentvis årleg vekst i alderspensjon frå 2022 til 2023

Nivå på årleg alderspensjon i 2022:

4 · Z1 + 8 · Z2 = 4 · Z1 + 8 · (1 + P1) · Z1

Nivå på årleg alderspensjon i 2023:

4 · Z2 + 8 · Z3 = 4 · (1 + P1) · Z1 + 8 · (1 + P1) · (1 + P2) · Z1

Prosentvis årlig vekst er altså:

Figur  

Og dette må vere lik 1 + Y2, altså:

Figur  

Kan skrivast:

Figur  

Kan skrivast:

Figur  

Deretter kan ein løyse for P2, prosentvis vekst i alderspensjon frå 1. mai 2023, som er det ein er ute etter:

Figur  

Til slutt kan ein setje inn tala for Y2 og P1, som ein allereie kjenner, noko som gjev P2:

  • Y2 = prosentvis årleg vekst i alderspensjon frå 2022 til 2023 = 6,91 prosent

  • P1 = prosentvis vekst i alderspensjon frå 1. mai 2022 = 3,53 prosent

Figur  

Figur  

Prosentvis vekst i alderspensjon under utbetaling frå 1. mai er 8,54 prosent.

Forskrift 26. mai 2023 nr. 738 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå og satser for garantipensjon i folketrygden frå 1. mai 2023 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til ytelser etter folketrygdloven kapitlene 4, 8, 9 og 14 vart fastsett ved kongeleg resolusjon 26. mai 2023. Denne forskrifta følgjer som vedlegg 2.

Boks 2.3 viser utrekning av vekst i minste pensjonsnivå frå 1. mai 2023.

Boks 2.3 Utrekning av vekst i minste pensjonsnivå og garantipensjon frå 1. mai 2023

Vekst i minste pensjonsnivå frå 1. mai 2023:

Satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon vert regulerte med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst, på same måte som alderspensjon under utbetaling over minstenivået.

Døme på minste pensjonsnivå etter ordinær sats:

200 257 · (1 + 8,54/100) = 217 359

Minste pensjonsnivå etter ordinær sats aukar frå 200 257 kroner til 217 359 kroner.

Vekst i minstesatsane frå 1. mai er 8,54 prosent

Minste pensjonsnivå, kroner

1. mai 2019

1. sep. 2019

1. mai 2020

1. mai 2021

1. mai 20211

1. juli 2021

1. mai 2022

1. mai 2023

Låg sats (ektefelle har pensjon)

157 171

158 171

158 621

166 242

167 125

167 125

(166 242)

173 025

187 801

Ordinær sats (ektefellen har uføretrygd eller årleg inntekt over 2 G)

181 908

181 908

183 587

192 408

193 429

193 429

(192 408)

200 257

217 359

Høg sats (pensjonist med ektefelle som har inntekt under 2 G, og som ikkje har pensjon eller trygd)

191 422

191 422

193 188

202 470

203 545

203 545

(202 470)

210 730

228 726

Særskild sats (einsleg pensjonist)

198 818

202 818

208 690

218 717

219 878

224 8782

(223 717)

232 816

257 0403

Særskild sats (forsørgjer ektefelle over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg)

297 955

297 955

300 704

315 152

316 825

316 825

(315 152)

328 009

356 021

1 Særskild omregulering for 2021 med verknad frå 1. mai 2021.

2 Frå 1. juli 2021 auka særskild sats til einslege med 5 000 kroner. Den særskilde omreguleringa for 2021 med verknad frå 1. mai 2021 gav eit nytt nivå som auken skulle ha teke utgangspunkt i. Tala i parentes viser nivået før omreguleringa for 2021.

3 Frå 1. januar 2023 auka særskild sats til einslege med 4 000 kroner.

Garantipensjon, kroner

1. mai 2019

1. mai 2020

1. mai 2021

1. mai 20211

1. mai 2022

1. mai 2023

Ordinær sats (ektefellen har uføretrygd, alderspensjon, AFP eller årleg inntekt over 2 G)

176 099

177 724

186 263

187 252

193 862

210 418

Høg sats (einsleg pensjonist og pensjonist med ektefelle som har inntekt under 2 G, og som ikkje har pensjon eller trygd)

190 368

192 125

201 356

202 425

209 571

227 468

1 Særskild omregulering for 2021 med verknad frå 1. mai 2021.

2.3 Drøftingar med organisasjonane om talgrunnlaget

Talgrunnlaget for utrekning av lønnsveksten som vert brukt ved regulering av grunnbeløpet og pensjonar, skal gåast gjennom og drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før den samla lønnsveksten vert fastsett. Dette følgjer av forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden § 4.

Drøftingsordninga er formalisert i avtale av 20. juni 2022 mellom regjeringen og pensjonistenes, de funksjonshemmedes og arbeidstakernes organisasjoner om regulering av folketrygdens grunnbeløp og pensjoner. Avtalen regulerer formålet med drøftingane, kva organisasjonar som skal vere representerte på møta, talet på møtedeltakarar frå kvar organisasjon og gjennomføringa av møta. Sjå vedlegg 3.

Det følgjer av avtalen at formålet med drøftingane er å sikre, så langt det er mogleg, ei felles forståing mellom partane om føresetnadene som skal leggjast til grunn for reguleringa. Partane skal også vurdere om det ligg føre særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskildgrupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsveksten.

Etter at talgrunnlaget er drøfta med organisasjonane, fastset Kongen, med heimel i folketrygdloven § 1-4, 4-4, 19-14 og 20-18, reguleringsfaktorar og satsar for minste pensjonsnivå.

Pensjonistforbundet (SAKO-samarbeidet1), Seniorsaken, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Unio, Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS) og Akademikerne deltek i drøftingsmøta. Finansdepartementet er også representert. Arbeids- og inkluderingsministeren leier møta.

I forkant av sjølve drøftingsmøta vart det 31. mars 2023 halde eit møte mellom organisasjonane og Arbeids- og inkluderingsdepartementet der rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2023» frå det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera vart gjennomgått. Protokollen frå møtet følgjer som vedlegg 4.

Drøftingsmøta vart gjennomførte 15. og 23. mai 2023. Det vart slått fast at anslaget for lønnsveksten i 2023 i revidert nasjonalbudsjett er 5,25 prosent. Det vart også slått fast at faktisk lønnsvekst for 2022 er utrekna til 4,3 prosent. Det ligg dermed føre eit positivt avvik på 0,6 prosent eit år tilbake i tid som det skal takast omsyn til. Lønnsvekst i 2021 vert fastslått til 3,5 prosent. Det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Det låg ikkje føre «særlege tilhøve» som skulle takast omsyn til ved berekninga av lønnsveksten. Veksten i konsumprisane er anslått til 5,4 prosent i revidert nasjonalbudsjett. Faktisk prisvekst i 2022 er fastslått til 5,8 prosent. Prisveksten vert i 2022 anslått til 3,4 prosent og det ligg føre et avvik på 2,4 prosent for 2022 det skal korrigerast for.

Det var semje om talgrunnlaget.

Organisasjonene uttalte at de er nøgde med resultatet for 2023, og at tallgrunnlaget er i samsvar med reguleringsreglane.

Pensjonistforbundet (SAKO) og SAFO meiner pensjonistane berre får kompensert halvparten av avviket frå 2021, noe som gir ei innsparing på 2,2 milliardar kroner. Organisasjonane krev desse pengane etterbetalt i år, og foreslår at dei blir øyremerkte eit løft av dei lågaste pensjonane. Alle som har ein pensjon under fattigdomsgrensa (EU60) må givast eit løft. Organisasjonane er skuffa over at regjeringa strammar inn reglane for regulering slik at minstepensjonistane ikkje lenger har ei noko gunstigare regulering enn andre alderspensjonistar. Organisasjonane krev at også kulla fødd i 1954 og seinare, blir skjerma mot levealdersjusteringa ved overgangen frå uføretrygd til alderspensjon. Organisasjonane hadde ein protokolltilførsel.

Unio, FFO, LO, Akademikerne, YS, Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og LOP legg til grunn at resultatet er i samsvar med reguleringsreglene, og krev at det i trygdedrøftingane for 2023 skal takast omsyn til eit negativt avvik i lønnsveksten på 0,6 pst og eit negativt avvik i prisveksten på 2,4 pst.

Protokollen frå møta følgjer som vedlegg 5.

Fotnotar

1.

SAKO-samarbeidet er ein samarbeidskomité med representantar frå pensjonistutvalet i LO Stat, Telepensjonistenes Landsforbund, Fagforbundet sitt sentrale pensjonistutval, Postens Pensjonistforbund, Politiets Pensjonistforbund, Jernbanepensjonistenes Forbund og Statens vegvesens pensjonistforbund.