4 Utvikling i 2019 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem
Ved utgangen av 2019 fekk totalt 107 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
4.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2019 var det 74 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på tre personar og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2019 var talet på alderspensjonistar derfor 75 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 10 984 kroner per månad. Kvinner fekk 11 161 kroner, medan menn fekk 10 846 kroner.
I 2019 tok fire personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Alle fire var kvinner. Gjennomsnittleg uttaksalder var 68,2 år.
Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.
Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 75,6 år for kvinner og 79,8 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 77,9 år.
4.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2019 var det éin uførepensjonist i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på éin person. Per 31. desember 2019 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2019.
4.3 Etterlatnepensjon
Ved inngangen til 2019 var det 29 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på to personar og ein tilgang på tre personar. Per 31. desember 2019 var talet på ektefellepensjonistar derfor 30 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 649 kroner per månad. Kvinner fekk 9 019 kroner, medan menn fekk 6 062 kroner.
I 2019 tok tre personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 83,8 år.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 81,8 år for kvinner og 66,4 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 79,8 år.
Ved inngangen til 2019 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.
For ordens skuld nevnes det at i årsrapporten for 2018 blei det talfesta at det var tre mottakarar av barnepensjon ved utgangen av 2018. Det var tre mottakarar av barnepensjon i løpet av 2018, men éin opphøyrde før utgangen av 2018. Per 31. desember 2018 var det derfor, som omtalt ovenfor, berre to mottakarar av barnepensjon i ordninga.
Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon var 5 805 kroner per månad.
4.4 Rekneskap for 2019
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 933 452 kroner til pensjonar og 377 595 kroner til administrasjonskostnader. Dette er mindre enn i 2018.